Page 1

Har du sett? Foto: David Zadig

www.skulesekken.no


Kunst og kultur for alle! Tidlegare i år kom «Kulturutredningen 2014». Utgreiinga omtalar Den kulturelle skulesekken (DKS) som det viktigaste kulturpolitiske vedtaket dei siste tiåra. Ordninga har styrka kunst- og kulturformidlinga til born og unge vesentleg, og konklusjonen er ei klar tilråding om å satse enno sterkare på, og utvikle Den kulturelle skulesekken vidare. Menyen for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane skuleåret 2013/2014 er no klar, og vi er nok ein gong stolt over å kunne presentere eit spennande og variert tilbod. Alle foreldere/føresette har fått tilsendt ein faldar med oversikt over framsyningane. Det er duka for gode kunst- og kulturopplevingar, og vi håpar at både lærarar og elevar tek opplevingane med seg vidare inn i skulekvardagen og kanskje heilt heim til diskusjonen rundt middagsbordet! God haust og lukke til med skuleåret! Øyvind Høstaker | koordinator DKS Trygve Apalset | rådgjevar Eva Kristin Svidal | rådgjevar Solfrid Bygstad | turnèkonsulent DKS Øyvind Lyslo | produsent skulekonsertar

2 Den kulturelle skulesekken


Innhald • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side

4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 20 21 22

Om Den kulturelle skulesekken Kontaktinfo Framsyningar 2013-2014 Oldefars ulveskinnspels Superglad Å samle, sortere og sette i system Ismusikk – Terje Isungset Cirkus Agora Ekornes i 100 Blues for borna Vi improviserer Drøymefjell Fart! To menn og ei tavle Buldreblues og blåsus Fortellingen om et mulig drap Her er jeg og skolen min Hvem er samene?

• • • • • • • • • • • • • • • • •

Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side Side

23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 37 38 39 40

Askeladden på nye eventyr Møtepunkt himmel og jord Trio på tur KORK Fotball: galskap eller lidenskap? Kvinnestemmer i Sogn og Fjordane #TUSJ Mensen Ernst – løpekongen frå Sogn Double Focus Nils-Olav Johansen Blås i belgen Teikneseriekurs Rachel Hair Trio Bawke Filmhjelp.no Traverse Amerikareisa

3


Om Den kulturelle skulesekken (DKS) Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til alle elevar og bygger på at «Kunst og kultur gjev opplevingar som kan vere avgjerande for det enkelte mennesket sin personlegdom og livskvalitet» St.meld. nr. 8 2007 – 2008 Den kulturelle skulesekken (DKS) vart i 2001 vedteken som Stortinget si nasjonale satsing på kunst og kultur til barn og unge. Frå regjeringshald heiter det at ein «har som mål at Noreg skal verte ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet.» Eit hovudmål skal vere «å medverke til gode vilkår for å formidle kunst og kultur», og vidare at «Kunst, kultur og kulturarv er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem frå». Det er fylkeskommunen som administrerer ordninga for Sogn og Fjordane, der kvar elev i grunnskulen får fire profesjonelle kunst- og kulturtilbod kvart skuleår. I tillegg er det tilbod til vg2, vg3 og første års lærlingar i vidaregåande opplæring. Nasjonale og lokale aktørar. Framføringane er fordelte på kunst- og kulturutrykka musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, film og kulturarv. Kvart av kunst og kulturutrykka er knytt til nasjonale aktørar som har ansvar for sine fagområder, t.d. Rikskonsertane. Fylkeskommunen samarbeider med mange institusjonar, utøvarar og grupper. I skuleåret 2013 – 2014 er dette mellom andre Sogn og Fjordane teater, Aldateateret, Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane, Fylkes-biblioteket og lokale utøvarar. Økonomi. DKS gir tilbod til grunnskulen og den vidaregåande skulen, og vert finansiert av overskotet til Norsk tipping. Kommunane disponerer 1/3 av midlane for grunnskulane og 2/3 av dei vert brukt til turnèar i regi av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har ansvar for å dekke kostnadane knytt til administreringa av ordninga, og Rikskonsertane finansierer musikkproduksjonane og stillinga som musikkprodusent.

4

Les meir om Den kulturelle skulesekken her


Kontakt oss Nettside Den Kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har nettsida www.skulesekken.no med informasjon om skulesekken og dei ulike produksjonane. Facebook På facebook kan du følgje sida vår, gje tilbakemeldingar og få nyhende og aktuelt saker. E-post postmottak.kultur@sfj.no Telefon 415 30 610 Postadresse Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga, Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde

5 Den kulturelle skulesekken


d Zadig Foto: Davi

6

Framsyningar DKS 2013-2014


Oldefars ulveskinnspels Oldefars ulveskinnspels er ei solo figurteaterframsyning basert på biletboka med same namn, der vi følgjer forfattar Adele Lærum Duus inn i det store gamle huset på leiting etter historia om oldefar som var doktor i gamle dagar. Då eg var liten elska eg å høyre farfar fortelje historier frå gamle dagar, og spesielt dei om oldefar som var doktor på Voss. Vi kikka på gamle, gulna bilete i familiealbuma, der alvorlege fjes stirra på oss, og verka skumle og langt borte. Men når farfar fortalde vart menneska levande for meg, og eg vart aldri lei av å høyre om kven dei var og korleis dei levde. Historiene var dramatiske, dei var spennande, dei var lattervekkande og av og til triste. Boka Oldefars Ulveskinnspels kom ut i 2012, og samtidig hadde teaterframsyninga premiere. Her blir borna kjende med oldefar og den myndige kona hans Olly gjennom skyggespel, figurteater, luker som vert opna, film, musikk og forteljing.

1.–4. TRINN

Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 1.- 4.trinn Kommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn. Les meir om tilbodet her

Foto: David Zadig

7


Superglad Møt ei jente som har alt, men som likevel berre er passeleg fornøgd. Ho vassar rundt i leikar og halvopna gåver, men finn ingenting å leike med. Brått snublar ho over ein kjempestor pakke ho har gløymt å opne. I pakken ligg dukka Superglad, som er utruleg søt og rett og slett ganske uuthaldeleg glad. Etterkvart viser det seg likevel at ho også har ei anna side, som kjem til syne då ho har teke på seg følgjande oppdrag; å glede alle born. Koste kva det koste vil! Dramaet blir først og fremst utspelt mellom jenta og dukka, men etterkvart også gjennom forteljaren (Edith 5 år) som ikkje greier å halde seg objektiv. Ho blandar seg inn i det som skjer på scena på ein stadig meir manipulerande måte. Framsyninga er støtta av spenn.no, FFUK og Norsk kulturråd.

8

Uttrykk: Dans Målgruppe: 1.- 4.trinn Kommunar: Førde, Balestrand, Leikanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland. Les meir om tilbodet her

1.–4. TRINN


Å samle, sortere og sette i system Åshild Kanstad Johnsen les frå boka «Kubbe lager museum» til bilde viste på skjerm. Ho snakkar om å samle på ting og å setje dei i system, og at menneske samlar og set i system på ulike måtar. Etterpå blir det workshop: Klassen lagar si eiga klassesamling som blir fotografert og dokumentert.

1.–4. TRINN

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Litteratur 1.- 4.trinn Flora

Les meir om tilbodet her

9


Ismusikk - Terje Isungset Ei konsertoppleving av dei sjeldne! På denne konserten skal publikum få oppleve ein type instrument dei kanskje aldri har sett eller høyrt før. Alle instrumenta er nemleg laga av heilt naturleg is! Terje Isungset lagar alle instrumenta sjølv, og han må bruke både sag og kniv for å forme dei til blåseog slaginstrument. For å få god lyd på is-instrumenta må isen vere både klar, gjennomsiktig og utan luftbobler. Det er ikkje så lett å finne god is! Om noko må limast saman, nyttar han det beste is-limet i verda - vatn!

10

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.- 7.trinn Kommunar: Gloppen, Jølster, Eid (nokre skular), Stryn (nokre skular). Les meir om tilbodet her

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN


Cirkus Agora Det heile starta med ein ambisiøs gut som hadde spent opp ei line mellom epletreet og utedoen heime på garden i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Guten heitte Jan Ketil Smørdal og vart etter kvart ein av Europa sine mest ettertrakta artister, og sirkusdirektør i eige sirkus i ein alder av 24 år. Etter 30 år på vegen har Jan Ketil opplevd bortimot alt ein kan oppleve som profesjonell artist, det som enno er uprøvd er å turnere Cirkus Agora i Den kulturelle skulesekken! Malte Knapp er ein sirkusartist som gjorde sin første profesjonelle opptreden på einhjulssykkel allereie som 14 åring og Cirkus Agora vart Malte sin første arbeidsgivar som 17 åring. Etter den tid har han hatt oppdrag på nokon av dei største sirkusa i verda. Desse to er no saman igjen og har tilpassa Cirkus Agora til skuleformat. Gymsalar og aulaer rundt i fylket får besøk der ein ekte sirkusdirektør presenterer ein sjonglør og sykkelfantom i verdsklasse.

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN

Uttrykk: Scenekunst Målgruppe: 1.- 7.trinn Kommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid og Stryn. Les meir om tilbodet her

11


Ekornes i 100 1 musikar + 100 trommer = Ekornes i 100 100 trommer frå 100 land på instrument som er opptil 100 år gamle! Møt ein av landets aller beste musikarar i ei oppleving av rom, klang, rytmar og natur. Når Kenneth Ekornes spelar, ser han heile tida føre seg ulike landskap som han omformar til labyrintar av lyd. Kenneth Ekornes har både med seg eit trommesett som er 100 år gammalt og elektroniske slagverksinstrument som er laga dei siste 10 åra. Ved hjelp av trommene fortel han at tida og utviklinga går fortare og fortare i den moderne verda.

12

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.- 7.trinn Kommunar: Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Stryn, Gloppen, Hornindal, Naustdal, Askvoll, Fjaler, Flora. Les meir om tilbodet her

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN


Blues for borna - Dette er ein song om sånne dagar då du aldri skulle ha stått opp. Då alt går på tverke og dei andre berre gliser rått…. Slik startar Lillebjørn Nilsen sin song «Blues når du var 15». Bluessongar er ofte små historier om heilt kvardagslege ting. Blue betyr blå, og når ein er blue på engelsk, tyder det at ein er trist. Om du har ein dårleg dag og vil at den skal bli betre, kan du spele ein blues, er det nokre som seier. Men ein blues er ikkje berre trist, songane kan faktisk vere både glade, sinte, tullete, eller noko midt i mellom. På konserten skal elevane få vere med å synge Lillebjørn Nilsen sin kjende bluesmelodi «Haba Haba!» Musikarane Eirik Bergene (munnspel, bass, vokal), Henrik Maarud (trommer, vokal og Erik Harstad (gitar, vokal) treng også hjelp til å lage ein skikkeleg bra blues-låt.

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.- 7.trinn Kommunar: Gulen, Solund, Høyanger, Hyllestad, Gaular, Fjaler. Nokre av skulane får denne konserten som grendakonsert. Les meir om tilbodet her

13


Vi improviserer «Å finne på ting» kan stå som nøkkelord for denne konserten. Musikarane Olav Dale på saksofon (biletet), Arild Seim, gitar og Rolf Prestø, kontrabass, ynskjer å skape forståing for og oppleving av improvisert musikk, både gjennom det dei sjølve gjer som musikarar, og det som dei får elevane med på i løpet av konserten. Ein del av elevaktiviteten vert spontan, men det er også lagt ved ein song med spelestemmer, som elevane skal øve inn. For å letta innøvinga, legg vi ved lydfiler der øvingsstoffet er innspelt.

14

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.- 7.trinn Kommunar: Solund, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Naustdal, Flora, Gaular. Les meir om tilbodet her

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN


Drøymefjell Drøymefjell er ikkje ein plass ein reiser til – det er ein plass musikken tek ein med til. Når de skal på konsert med Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken på skulen dykkar, spelar dei spenstige slåtter, syng gamle forteljingar med rare ord og vakre vårdagar. Med kveding, flatfele, hardingfele og gitar tek dei oss med til sitt eige Drøymefjell. Anten ein er lukkeleg, trist, sur eller hoppande glad er Drøymefjell den beste og tryggaste staden i verda. Der kan ein gjere akkurat som ein vil.

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Musikk 1.- 7.trinn Aurland, Førde, Sogndal, Balestrand, Leikanger, Vik, Lærdal, Årdal, Luster.

Les meir om tilbodet her

15


Foto: David Zadig

Fart! Fart påverkar oss heile tida. Til dømes roterer jordkloden med ein fart på godt over 200 meter pr. sekund, men denne farten merkar vi ikkje. Lyden går endå fortare, omlag 300 meter pr. sekund. Sidan musikk er lydbølgjer i rørsle har altså tonane frå eit instrument ein fart på 300 meter pr. sekund når den treff øyra våre. Men kva fart har ein keisam skuletime? Eller ein skikkelig gøy skuletime? Kan du oppleve noko som kjennast fort for deg, medan det kjennast sakte for andre? Har kjensler fart? Kan ein vere langsomt sint? Dette vil vi undersøke! På konserten vil musikarane vise at musikk kan ha svært ulik fart, og at opplevinga av lyd i forhold til tid kan variere alt etter kvar ein er og ikkje minst kven ein er. Dessutan kan det hende at det vert spelt skikkeleg, skikkeleg fort!

16

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.- 7.trinn Kommunar: Aurland, Førde, Sogndal, Balestrand, Leikanger, Vik, Lærdal, Årdal, Luster. Les meir om tilbodet her

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN


To menn og ei tavle To menn og ei tavle er ei vill og morosam teikneframsyning der tvillingbrørne Svein og Egil Nyhus teiknar og fortel i lag med elevane. Skulane som har hatt framsyninga melder om sprudlande energi og god formidling:

«Dette var ei kanonflott framsyning der utøvarane formidla forteljarglede og teiknekunnskapar på ein framifrå måte.» «Spennande, kjekt og lærerikt. Elevane hadde ei kjempegod oppleving. Dette var heilt supert!!!» «Det trefte alle, oss lærarar inkludert, svært godt. Egil og Svein er topp!»

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Crossover 1.- 7.trinn Balestrand, Leikanger, Luster, Årdal, Aurland, Lærdal.

Les meir om tilbodet her

17


Buldreblues og blåsus På konserten Buldreblues og Blåsus vil elevane få høyre fengande blueslåtar, både i original versjon med engelsk tekst og med nylaga nynorske tekstar. Elevane skal få synge med på enkle refreng og gjenta melodilinjer som eit svar til musikarane. I bluesverda kallar ein denne kommunikasjonen mellom utøvarar og publikum for «call and response». Til dette programmet har musikarane også fått laga ei stor, blå kasse med nokre litt uvanlege eigenskapar. Dei som medverkar er Arle Hjelmeland (song), Stein Urheim (gitar) og Morten Skage (kontrabass).

18

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.- 7.trinn Kommunar: Bremanger, Selje, Vågsøy, Hornindal, Eid (nokre skular), Stryn (nokre skular). Nokre av skulane får denne konserten som grendakonsert. Les meir om tilbodet her

1.–4. TRINN

5.–7. TRINN


d Zadig

Foto: Davi

19


Fortellingen om et mulig drap Dette er eit rollespel om Håkon Sverreson, som vart konge berre 20 år gamal. Etter knappe to år på kongstrona døydde han. Vart han drepen? Boka som rollespelet er inspirert av, er skriven av Jon Ewo og illustrert av Bjørn Ousland. Ho fekk Brageprisen i 2007 i klassen Sakprosa for born. Forteljinga er eit spanande glimt frå Noregshistoria og nokre av elevane får roller og vert med i spelet.

20

Uttrykk: Litteratur/Scenekunst Målgruppe: 5.- 7.trinn Kommunar: Jølster, Stryn, Gloppen, Hornindal, Eid, Vågsøy, Selje, Bremanger, Flora. Les meir om tilbodet her

5.–7. TRINN


Her er jeg og skolen min Dokumentarfilm for barn om jenteliv og skulekvardag. Korleis opplever born skulekvardagen sin? «Her er jeg og skolen min» handlar om to jenter, framtidshåp og skulekvardagen i Marokko og Noreg. Doha drøymer om å bli pilot. På skulen arbeider ho flittig, målretta og førebur seg godt til alle testane, men kanskje opplever ho at samfunnet sine forventningar rykkjer nærare. Ingvild vil bli kjendis, ein draum ho deler med halvparten av klassekameratane. På skulen lærer ho naturvett, spikke kniv, lage pinnebrød og brenne bål, men kva skal ho bruke det til? Med kamera innstilt i barnehøgde ønskjer Semaforfilm å nærme seg jentene sine eigne perspektiv på skulekvardagen. Filmskaparane Linda Hellevik og Gunnbjørg Hage syner og samtalar om denne dokumentarfilmen.

5.–7. TRINN

Uttrykk: Film Målgruppe: 5.- 7.trinn Kommunar: Gulen, Høyanger, Solund, Hyllestad, Fjaler. Les meir om tilbodet her

21


Hvem er samene? «Hvem er samene?» byggjer på boka «Samer, ei faktabok for born.» Opplegget er tredelt og blir gjennomført i løpet av ein dobbeltime. Første del har form som eit miniforedrag basert på boka «Samer». Elevane får ein kjapp gjennomgang av samisk historie frå det gamle siidasamfunnet, via grensedraging og fornorsking, fram til i dag. I tillegg får dei ei innføring i dagens samiske samfunnsliv. Foredraget blir illustrert med bilde og forfattaren les frå boka. Andre del er eit minikurs i nordsamisk. Elevane får ei innføring i det nordsamiske alfabetet, slik at dei kan uttale orda korrekt. Dei vil dei lære nokre enkle samiske fraser som er nødvendige for å kunne helse og føre ein liten samtale. Tredje del er ein språkleik der elevane får bruke kunnskapen frå språkkurset. Leiken er en tavleleik der elevane lærer å spørje og svare på samisk, slik at heile leiken blir gjennomført på enkelt vis på samisk.

22

Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 5.- 7.trinn Kommunar: Førde, Balestrand, Leikanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Flora, Naustdal, Askvoll, Gaular Les meir om tilbodet her

5.–7. TRINN


Askeladden på nye eventyr Vinnar av Gullsekken 2013! (årets DKS-framsyning) Gjennom spektakulære akrobatiske krumspring og smittande energi formidla Absence norske folkeeventyr på ein ny og spennande måte. Framsyninga har dansen i sentrum og er bygd rundt kjende folkeeventyr. Elevane får møte Espen Askeladd og brørne hans som skal prøve å vinne prinsessa og halve kongeriket. Vi veit alle korleis det endar, men kva som skjer med Askeladden på veg til kongsgarden er ei anna historie. «Absence har samlet de mest kjente og kjære folkeeventyrene til en forestilling med musikk, humor, skuespill, halsbrekkende akrobatikk og ikke minst mye fantastisk dansing. De er ute etter å imponere publikum, få dem til å humre og le. Slik har du garantert aldri sett Bukkene Bruse, prinsessen og Espen Askeladd før!» – dns.no

5.–7. TRINN

Uttrykk: Scenekunst/dans Målgruppe: 5.- 10.trinn Kommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Solund, Høyanger, Gulen, Naustdal. Les meir om tilbodet her

23


Møtepunkt himmel og jord «Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk» - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka. «Møtepunkt himmel og jord» består av ei innhaldsrik ressurskasse med utval av sentrale, autentiske gjenstandar knytt til kristendom, islam, hinduisme og buddhisme. Utanom å vere reine studieobjekt, kan det lagast flotte utstillingar på skulane knytt til kvar religion! Ressurskassa vert sendt kostnadsfritt til dei skulane som melder interesse. Sentrale emne i «Møtepunkt himmel og jord» er religiøst mangfald og integreringsproblematikk, og er godt tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet både for KRL- og andre fag som t.d. norsk (med utvida tekstomgrep) eller i tverrfaglege settingar.

24

Uttrykk: Kulturarv Målgruppe: 5.- 10.trinn Kommunar: På bestilling Les meir om tilbodet her

5.–7. TRINN

8.–10. TRINN


Trio på tur Å reise på turné er sjølve draumen for ein utøvande musikar. Då får ein møte eit nytt publikum kvar dag, og får spelt den musikken ein likar aller best for forhåpentlegvis begeistra tilhøyrarar. Men turnélivet er ikkje berre ein dans på roser. Sjølv for ein musikar med store ambisjonar kan konsertkvardagen by på utfordringar som må taklast. I dette programmet vil Distriktsmusikarane i Sogn gje eit musikalsk bilete av turnelivet på godt og vondt. Elevane vil få oppleve klassisk virtuos musikk, musikal og viser.

8.–10. TRINN

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Musikk 8.- 10.trinn Bremanger, Selje, Vågsøy, Jølster.

Les meir om tilbodet her

25


KORK Kringkastingsorkesteret kjem til Sogn og Fjordane! Eit av dei fremste symfoniorkestra i landet kjem til Operahuset på Eid og ikkje berre spelar dei eige repertoar, dei skal også spele saman med mange av fylket sine største artistar. I tillegg vert det også urframføring av eit heilt nytt symfonisk verk, spesialskrive av komponisten Eirik Husabø frå Florø i samband med 250-års jubileet for Sogn og Fjordane fylke. NRK Sogn og Fjordane samarbeider med Operahuset, Rikskonsertane og Sogn og Fjordane fylkeskommune om denne produksjonen som også omfattar offentlege konsertar i Operahuset Nordfjord.

26

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Gloppen, Jølster, Eid, Stryn, Hornindal. Les meir om tilbodet her

8.–10. TRINN


Fotball: galskap eller lidenskap? «Liverpoolhjerter» og «Liverpoolhelter» er to bøker som viser kva fotball gjer med fansen og med enkeltspelarane i engelsk toppfotball. Foredraget er ei engasjerande og lidenskapeleg reise – i heile spekteret frå fotballgalskap til fotballavsky. Her får vi høyre korleis relasjonar blir bygde gjennom fotballen – for alle frå internasjonale toppolitikarar og rikshumoristar til narkomane og mobbeoffer. Forfattaren Ragnhild Lund Ansnes tek utgangspunkt i si eiga reise inn i supporterkulturen og viser korleis det å skrive bok har endra livet hennar. Ho krydrar foredraget ved å flette inn bilde, lydklipp og høgtlesing.

8.–10. TRINN

Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Jølster, Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Selje, Vågsøy, Bremanger. Les meir om tilbodet her

27


Kvinnestemmer i Sogn og Fjordane I år kan vi feira at det er 100 år sidan norske kvinner fekk sin fulle og heile stemmerett. Kampen var lang og seig. Nye tankar om kvinna som fullverdig samfunnsborgar skulle tenkjast. Ære vera dei kvinner og menn som førte kampen og ikkje gav opp. Utstillinga er Sogn og Fjordane fylkeskommune si markering av Stemmerettsjubileet. Utstillinga byr på ei spanande historisk og geografisk vandring i fylket, frå mellomalderen til i dag, frå kvinner som vart brende på bål til dagens kvinner som erobrar samfunnsposisjonar og bryt grenser våre formødrer ikkje kunne sjå føre seg. Musea i Sogn og Fjordane har produsert og formidlar utstillinga.

28

Uttrykk: Kulturarv Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Alle kommunar via sine museum. Les meir om tilbodet her

8.–10. TRINN


#TUSJ Musikalsk improvisasjon med vokal og bass. Musikk er leik; gjer som du vil - ikkje tenk på kva alle andre meiner, ver deg sjølv, våg å leike og utforske stemma di, instrumentet ditt, uttrykket ditt! Og sjå kva som skjer! Duoen #TUSJ består av Thea Hjelmeland og Ellen Andrea Wang, to talentfulle, unge artistar som har hausta store lovord frå mange hald, både nasjonalt og internasjonalt. I dette programmet tek dei utgangspunkt i sine eigne musikalske lydunivers med ulike stemningar, rytmar og klangar. Med musikalsk improvisasjon, publikumsdeltaking og eksperimentell tilnærming til vokal og bass er det to energiske musikarar med kvar sin eigenart elevane får møte på denne konserten.

8.–10. TRINN

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Solund, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Naustdal, Flora, Gaular. Les meir om tilbodet her

29


Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn Dette er den fantastiske historia om Mensen Ernst (1795-1843). Han var ein norsk sjømann og vandrar frå Fresvik i Sogn og Norges første profesjonelle idrettsutøvar. I 1819 sprang han sitt første lange løp, frå London til Portsmouth. Distansen var 116 km og han heldt ein gjennomsnittsfart på 13 km/t. Dette var opptakta til ei rekkje oppsiktsvekkande prestasjonar. Ein av dei mest kjende er Paris – Moskva, ein distanse han la bak seg på 14 dagar. Kva er det som får nokon til å gi seg ut på noko slikt? «Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn» er Sogn og Fjordane teater sitt bidrag til 250 års jubileet til Sogn og Fjordane fylke.

30

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Førde, Flora. Les meir om tilbodet her

8.–10. TRINN


Double focus R.ythm A.nd P.oetry Rytmisk poesi har lange tradisjonar i afrikansk kultur. I løpet av dei siste 50 åra har sjangeren utvikla seg i fleire retningar og finst over heile verda. Dub poetry, jazz poetry, slam poetry, toasting, hiphop og rap er ulike navn på den same sjangeren. I Noreg har Odd Børretzen, Jan Erik Vold og Lars Saabye Christensen vore foregangsfigurar i denne måten å presentere lyrikk på. Lars Vaular, Ravi, Karpe Diem og Side Brok er også rytmepoetar. «Double Focus» går tilbake til røtene og spelar R.A.P med afrikanske rytmar og instrument som djembe, rainstick, balafon og ngoni.

8.–10. TRINN

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Flora, Naustdal, Gaular, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund, Gulen, Høyanger. Les meir om tilbodet her

31


Nils-Olav Johansen Med sterk inspirasjon frå verdsmusikk, vestleg improvisasjonsmusikk og industrielle rytmar skapar Nils-Olav sitt eige lydunivers. Fascinasjonen for elektronikk, virtuositet og original stemmebruk dannar eit viktig fundament for Nils-Olav Johansen si musikalske plattform. I denne konserten nyttar han mellom anna iPad og laptop som instrument, og diverse appar han har funne på nettet er eit kreativt utgangspunkt for improvisasjon. Nils-Olav prøver å utfordre både seg sjølv og dagens teknologi, slik at kvar einaste konsert vert heilt unik. Aleine på scena, med gitaren og stemma i møtet med talrike elektroniske duppedingser. Alt er klart for ei leiken konsertoppleving med ein av Noreg sine mest markante gitaristar.

32

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Bremanger, Selje, Vågsøy, Jølster. Les meir om tilbodet her

8.–10. TRINN


Blås i belgen Kor mange rader har eit trekkspel? Kor mange meter rør er det i ei trombone? I dette programmet vil Oddbjørn Ramstad og Leif Aslaksrud gje elevane ein musikalsk smakebit på både belg- og blåsemusikk i eit stilmessig utval frå russiske høner til frisk og fyrig gamaldans. Elevane vil få møte den vesle einradaren, som er ein musikalsk ulv i fårekle, og mange andre typar trekkspel. I tillegg vil dei også få sjå og høyre eit utval tromboner i ulike storleikar. Det vil også verte lagt opp til at elevane får vere med på eit stykke eller to, som vil verte førebudd i ei øvingsøkt før konserten.

8.–10. TRINN

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal. Les meir om tilbodet her

33


Teikneseriekurs Teikneserien er ei unik uttrykksform i kryssingspunktet mellom film, litteratur, animasjon, illustrasjon, grafisk design og kalligrafi. Målet med teikneseriekurset er at elevane skal få eit meir reflektert forhold til visuelle uttrykksformer. Dei konsumerer store mengder film, TV-seriar, spel og teikneseriar – å få eit innblikk i prosessen bak, kan vere ein «døropnar». Ein treng ikkje teikne fint for å lage ei teikneseriehistorie. Alle får prøvd seg med blyant og papir og får innføring i enkle teikneteknikkar.

34

Uttrykk: Crossover Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Flora, Naustdal, Askvoll, Gaular, Fjaler, Hyllestad, Solund, Gulen, Høyanger, Førde, Balestrand, Leikanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland. Les meir om tilbodet her

8.–10. TRINN


Rachel Hair Trio Rachel Hair er ein kritikarrost musikar frå Glasgow og ein meister på keltisk harpe. Rachel Hair har turnert i Europa og USA, og kjem no til Noreg med trioen sin. Musikken kan best beskrivast som melodiøs og fengande, samstundes som dei keltiske røtene set sitt preg på både melodiar og rytmar. Rachel har med seg Jenn Butterworth på gitar og vokal og Euan Burton på bass. På denne turneen vi elevane få høyre både tradisjonelle skotske og spenstige reels og jigs, saman med eit knippe låtar frå dei to siste platene deira, «The Lucky Smile» og «No More Wings». Dette blir eit friskt møte med skotsk musikk i både ny og tradisjonell innpakning!

8.–10. TRINN

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Aurland, Vik, Lærdal, Årdal, Luster, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Førde. Les meir om tilbodet her

35


d Zadig

Foto: Davi

36


Bawke Bawke (kurdisk for 'pappa') fortel historia om ein far og ein son på ei umuleg flukt gjennom Europa. Faren får ikkje lovleg opphald i endestasjonen Noreg, og drøymer om ei anna framtid for den vesle guten. Filmen har fått ei rekkje prisar og er m.a. tildelt Amandapris, og menneskerettspris av Kultur- og kyrkjedepartementet. Filmregissør Hisham Zaman står bak filmen, og vil vere med rundt på visningane i Nordfjord.

8.–10. TRINN

Uttrykk: Film Målgruppe: 8.- 10.trinn Kommunar: Jølster, Stryn, Gloppen, Hornindal, Eid, Selje, Vågsøy, Bremanger Les meir om tilbodet her

37


Filmhjelp.no «filmhjelp.no» vil vise korleis vi kan utnytte kvardagsteknologien til å lage film i ulike sjangrar. Gjennom demonstrasjonar og praktiske øvingar vil elevane både få opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og til bli tryggare både framfor og bak kamera. Skulane vil også få tilgang til ein nettstad med materiale som vil gje høve til å fordjupe seg i dei ulike sidene ved å lage film. «filmhjelp.no» er ledd i arbeidet for å gjere elevane meir medvitne dei mulegheitene filmen gir – og inspirere til sjølvstendig utforsking av filmmediet.

38

Uttrykk: Film Målgruppe: vg2 Kommunar: Kva skular som får tilbodet vert avklart seinare. Les meir om tilbodet her

VG2


Traverse Ei hemmeleg fantasiverd blir den einaste vegen ut av den einsame, litt gale mannen sin rutineprega kvardag. Ein irriterande draum om det monotone og spenningslause livet forstyrrar flukta hans frå dagleglivet. Han forstår ikkje at dei mekaniske rutinane som vert gjentekne og gjentekne meir og meir viskar ut grensa mellom røyndom og fantasi. Dans, musikk og mime I framsyninga møter vi to perkusjonistar og to dansarar der musikken og koreografien smeltar saman og skapar rytmiske bilete inspirert av situasjonar i kvardagslivet. Musikarane og dansarane kryssar kunstnarlege uttrykksgrenser, og resultatet av dette er både morosame, men kanskje også litt pinlege situasjonar.

VG2

VG3

Uttrykk: Scenekunst Målgruppe: vg2 og vg3 Kommunar: heile fylket. Les meir om tilbodet her

39


Amerikareisa Musikalen «Amerikareisa» er ein del av Sogn og Fjordane sitt 250 årsjubileum og handlar om viktige tema i Sogn og Fjordane fylke si historie: utvandring og innvandring. I tillegg til profesjonelle skodespelarar og musikarar er fem ungdomar frå Sogn og Fjordane med på scenen. Framsyninga har ei blanding av sterkt og rørande alvor, humor og god musikk, og historia blir fortalt i ei kjapp assosierande form. Musikalen fortel om dei tøffe levekåra i Norge som gjorde at så mange reiste ut. Så blir perspektivet snudd til situasjonen idag; då folk frå andre land kjem som innvandrarar til Sogn og Fjordane mellom anna fordi det her er fred og gode levekår.

Uttrykk: Scenekunst Målgruppe: vg2 og vg3 Kommunar: heile fylket. Les meir om tilbodet her

VG2

VG3

findriv.no

40

Den kulturelle skulesekken 2013 - 2014  
Advertisement