Page 1

INFORMASJON

18

Portrett: Driven av skaparvilje Knudsen dørfabrikk:

Bedrift i vekst Vikedal mur & anlegg

Godt firkløver 

10 26 NR. 2 2015


Telefon 03240

haugesund-sparebank.no

Gode råd får du av mennesker som kjenner deg Det hjelper selvsagt at vi bor på omtrent samme sted, og at du kjenner oss også. I snart 90 år har vi bistått kunder i regionen med banktjenester. Vår lange erfaring gjør oss i stand til å bistå med stort og smått. Enten du pusser opp kjøkkenet eller kjøper helt nytt hus. Vi vet at det er viktig for deg at det er så enkelt som mulig å bruke banken din. Vi har selvsagt nettbank og mobilbank, slik at vi er tilgengelige for deg når du trenger det.

Men du kan også besøke oss ved et av våre 8 kontorer. Når det er viktig for deg å snakke med noen du stoler på, er det viktig for oss å være til stede der du er. Slik at når du har behov for det kan du komme innom og ta en hyggelig prat med en rådgiver som kjenner deg. Det er det vi mener med lokal, nær og personlig. Når du trenger oss, så er vi der. Like i nærheten.


6-8 10-11

18 22-23

14-16

30-31

26-27

32-33

INNHALD 5

Leiar

14–16

Ny giv i Åkrafjorden

30-31

Kafékultur

6–8

Livsstil: Kortreist kvardag

18-21

Portrett: Egil Jørgensen

32-33

10–11

Bedriftsprofil: Knudsen Dørfabrikk

22-23

Lærlingen og gamlingen: Bergsvåg & Mæland

Ungt landbruk

13

Kommentar: Ole Johan Vierdal Siri Klokkerstuen

26-27

Gründeren: Vikedal Mur & Anlegg 

1 • 2015

3


TERJE

SULDAL LAUREN

MARIANNE

JUDITH

ØLENSVÅG

DESIGN

PR ASTRID

MARIA

TEKST

WEB

ERICH

MARTIN

design & kommunikasjon

Ek

KONTAKT OSS for en virtuell papiropplevelse av denne ANNONSEN

Lille speil på veggen der, hvem er best på trykksaker her?

hbo.no - Ørjan, tlf. 922 04 159 eller Espen, tlf. 404 50 490 4

1 • 2015

PER KRISTIAN

st

rE

m

k ly ma tid ka s pl lEn a p r k at Em odu E k cd bal t År og las dm sbEr dvdc E /b ila tni g/ n in ns

sE Ekst rv i rE Ek cE o m fl st E g rE Eks ksib mE tr ilit mE Em E n n k v t, Es al kE itE r t

kr

Ev

bokngt. 1, 5537

922 04 159, 52 7

E T K N A L LT Ø F T T R Y K K E R I

www.hbo.no, fir


““

Fellesnemnarar er ansvar, deltaking og Kort sagt nærleik til ønskjer avgjersler.

me å invitera til å arbeida og bu her.

Ansvarleg utgivar: Fikse Næringsutvikling Ansvarleg utgivar:

Fikse Næringsutvikling Ansvarleg redaktør: Asbjørnredaktør: Moe Ansvarleg

Asbjørn Moe

foto: Foftootgor:aFf otograf N No o rd rdt tv ve ei i

t

Redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland,

Redaktør:

t

Asbjørn Moe Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling Fikse Næringsutvikling

Filter design&kommunikasjon Astrid Eidhammer Hjelmeland,

Filter design&kommunikasjon Redaksjon: Filter design & kommunikasjon: Redaksjon: Astrid Eidhammer Hjelmeland Astrid Eidhammer Hjelmeland Judith Sørhus Litlehamar, astrid@filterdk.no

Kari Medvind24 Aakra

kari@medvind24

Kari Aakra, Torleif Heggebø

KORT VEG TIL ALT DET NESTE STEGET IDet ei tid der åtrenden er sentralisering og større einingar opplever mange at er stas ta det neste steget for næringsmagasinet TEMPO, i det me nå gir ut andre avstandane i praksis vert større; i tid, i kilometer og i påverknad av eigen utgåva etter gode tilbakemeldingar på piloten i haust. Me ønskjer med dette å synlegkvardag. Stadig meir av vår tid blir mange stader brukt i køi til og frå jobb, gjera næringslivet og jobbmoglegheitene, bustadog fritidsvilkår Vindafjord og Etne. aktivitetar og skule barnehage. Folka tarsaman avgjersler som påverkar Kort sagt ønskjer me åog invitera til å arbeida ogsom bu her, med oss andre som har kvardagen som sertil, ein kanskje avisa eller frå funne området såinnbyggjar attraktivt at og ein arbeidstakar, har valt å bli, flytte eller tilbakei til. ein talarstol på eit julebord. I denne utgåva av næringsmagasinet TEMPO vil du stifte nærare kjennskap til persoTrass at det ernokre nokre kilometer bygdane våre, opplever dei nar ogibedrifter, som heile tidamellom har tatt små steg og kome langt over tid,fleste andre som burstore i ogsteg flyttar Etneogog einsom kortreist Ein kjem har tatt ut i til verda, såVindafjord, finnest det dei har tattkvardag. eit steg tilbake og til seg til jobb, ogkurs fritidsaktivitetar. Ein ser familiar engasjert sida,raskt og staka ut einskule heilt ny for seg og sin bedrift. Alleheile har gjort seg sine unike i ulike aktivitetar dei mange samlingsplassane i bygdane. erfaringar som deisamstundes deler med osspå her.

Næringslivet vårt består av ta eiteitmangfald små og store bedrifter i dei I vår vil Fikse Næringsutvikling steg til, ogav inviterer lokale bedrifter til næringsfleste bransjar. Fellesnemnarar ansvar, deltaking og nærleik til me avgjersler. seminar, for å møtast, bli betre og taer nye steg i lag. I friluftslivets år synest det er på Sjefen eratmed og synleg i bedriftene, og ein open-dør-politikk er sin plass det lokale næringslivet, som bidrar så uformell mykje til dette området, set kursen vanleg, nesten ein ventar skal vera. I slike bedrifter Olalia er vegen gjerne ut i naturen til eitslik viktig symbol fordet friluftslivet i Etne og Vindafjord; Fjellstove. også kort mellom lærling og læremeister. Takk til gode samarbeidspartnarar, annonsørar og til deg som les dette magasinet. Etne og Vindafjord erditt kommunar Me håpar du er klar for neste steg.som har høve til å vera tett på innbyggjara-

ne og bedriftene sine. Her kan ein lufte utfordringar og moglegheiter direkte med dei som skal forvalte lokalsamfunna sine interesser og saman finne gode løysingar. Det har nett vore val av nye kommunestyre i kommunane våre, med nokre kontinuitetsberarar og mange nye fjes. Me ventar desse held fram ein open dialog og kort veg for innbyggjarar og næringsliv.

Ellen Marie Hagevik

Formgjeving:

FilterFormgjeving: design & kommunikasjon Filter design & kommunikasjon

Foto: Fotograf Foto: Nordtveit Meister Fotografi Meister Fotografi Framsidefoto: Framsidefoto: Meister Fotografi Meister Fotografi Opplag: Opplag: 6 000 6 500 Trykkeri: Trykkeri: Haugesund Bok & Offset Kai Hansen Trykkeri Magasinet fulldistribuert Magasinet blir blir fulldistribuert i i kommunane Etne Vindafjord.Elles på kommunane Etne og og Vindafjord. i Haugesund, Stavanger, Ellesmesser på messer i Haugesund, Sta- Bergen, Trondheim Oslo og strategiske vanger, Bergen,ogTrondheim og Oslo stader i distriktet. og strategiske stader i distriktet.

God lesing! 



1 • 2015

5

1 • 2015

5


LIVSSTIL

Geir har mange timar som bonde i helger og på kveldstid, både han og Ingebjørg er klåre på at å drive gard er meir som ein livsstil enn ein jobb.

Kortreist kvardag Kalenderen er ofte fullteikna heime hjå Ingebjørg Rullestad Gjerde (42) og Geir Magne Gjerde (47). Det handlar om å finne pustehola i ein hektisk kvardag.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi

6

1 • 2015

Roen har senka seg over garden i Vikedalsdalen. Ute på trappa står rustikke kassar med lyng, hunden ensar nesten ikkje at me kjem. Det er fredag ettermiddag og helga har starta for dei fleste. Ingebjørg står på trappa og smiler. Me er komne for å prate om den travle kvardagen, om korleis ein best kan få kabalen til å gå opp når aktivitetane står i kø. Men i dag er fredag, det er helg og lite som står på programmet. Det gir tid til å heve blikket over kaffikoppen og snakke litt om kva som påverkar oss i kvardagen. Det er ingen tvil om at det er travle dagar. Mange gonger er me berre heime for å kaste i oss litt mat før det er ut igjen. Ofte har eg ei kjensle av at eg driv eit middels stort transportfirma, seier Ingebjørg og ler. Ho kikkar stadig på telefonen. Mannen Geir Magne Gjerde skulle då vore komen heim no, slår ho fast. Ho serverer kaffi i fargerike koppar før ho ringer til ektemannen. – Kor er du? I Sandeid! Då må du skunde deg – Me er ein del på telefonen i løpet av veka. Ofte er det jo born som skal køyrast fleire i lag, og då blir det litt organisering. Skulle eg ynskt meg noko måtte det vore fleire buss-ruter, tenkjer Ingebjørg høgt. Vikedalsdalen er i vekst, mange unge har flytta heim igjen og borna har mange venner i nabolaget.

Sjølv om dei er mange som kan springe til kvarandre slepp dei unna det kjøret ein ofte har i byggefelt, der borna spring meir mellom dørene, både på godt og vondt, meiner Ingebjørg. I dag er veninna Silja på besøk og leikar på rommet til minstejenta Vera (10), storesøster Hedda (13) føler ikkje for å kaste seg inn i leiken med barbiedokkene. Ho viser derimot fram sitt ryddige og velstrukturerte rom. – Dei er ofte flinke til å hjelpe til, og har sine faste oppgåver i heimen, seier Ingebjørg. Midt i veka tar me eit lite skippertak slik at heimen held seg nokolunde fram til helga, smiler ho. Ingebjørg er rektor ved Sandeid skule, Geir Magne er driftsleiar ved Ølen Betong i Ølensvåg. Begge har dei krevjande jobbar som ein ofte tar med seg heim på kveldstid eller som ein ikkje klarer å legge heilt frå seg. I tillegg driv dei gard med om lag 160 storfe. Det betyr at Geir Magne arbeider på garden både kveldar og i helger. Geir Magne som er komen inn dørene etter ein hektisk dag på arbeid nikkar. Dei er samde om at arbeidsfordelinga går seg til, men det er slett ikkje noko latmannsliv. – Det betyr jo at eg må ta meg av det som skjer inne, og ofte stille på aktivitetar som ungane vil vere med på laurdagane. Men slik slik er livet på gard, meiner Ingebjørg. – Men det er vel ikkje kvar dag me har middag heller, seier Geir Magne med glimt i auga og nik-


Me likar det aktive livet, heile familien.

Minstejenta leikar på rommet sitt, storesøster nøyer seg med å sjå på.

TIDSPLAN MÅNDAG: 05.30: Geir står opp og tek fjøset. 06.30: Geir kjører på jobb 06.30: Ingebjørg, Hedda og Vera står opp 07.00: frokost for dei som er komne seg opp. Eldstemann er alltid seinare enn oss jentene

kar mot kona som ristar på hovudet og ler hjarteleg. – Ikkje kvar dag, men som regel, rettar ho opp. Geir Magne beklagar seg, han må ta ein jobb-telefon, Ingebjørg på si side skal melde nokre lærarar på eit kurs. Det gjer ho frå heimekontoret på kjøkkenbenken. Dagane går slag i slag, det handlar om å utnytte minutta på den beste måte. Både for barn og vaksne. – Men me prøver jo å guide borna litt i kva aktiviteter dei vil ha med seg, me vil jo gjerne legge grunnlaget for sunne verdiar, meiner Geir Magne. Borna Vera (10), Hedda (13) og Bjørn (15) er aktive, dei er med på det meste som skjer, om det er fotball, volleyball, 4H eller ungdomsklubb på bedehuset. Denne helga skal og eldstemann få prøve seg på motocross-banen i Vikedal. – Det er alltid ein risiko for at borna blir slitne og , sjølv om alt er veldig kjekt. Eg trur jo me kunne gått på fotballcup kvar helg viss me ville. Og viss me ikkje reiser, så tenkjer eg alltid på om dei då får nok born til å stille lag, seier Ingebjørg. Foreldre har ofte mange roller, dei er fotballtrenarar og dei stiller på dugnad for idrettslaget. Mange er ja-menneske som alltid stiller opp. Ingebjørg og Geir Magne kjenner seg att i det. Dei har lett for å seie ja, og må av og til ta ein pust i bakken. Det er ikkje så ofte me må stoppe opp litt, men det hender. Me har lett for å gi på og då kan det toppe seg av og til.

07.30: Ingebjørg kjører på jobb 07.50: Bussen kjører til skulen 15.30-16.15: Går frå jobb. ca 16.30-17.00: Middag – prøver å ha det som fellesmåltidet i familien. Mellom 17.30-20.00: trening for ungane 17.30-18.30: mor trenar medan Vera er på trening. 18.30-20.00: Hedda trening (Mor kjører – far har gardsarbeid) 19.00 og utover: Gjennomgong av leksene etter me er heime frå trening og kveldsmat 21.00-22.00: Legging for dei yngste.   (Foto t.h.: privat mobilfoto)



1 • 2015

7


Ingebjørg likar den hektiske kvardagen, sjølv om ho somme tider skulle ynskt det var ryddigare på vaskerommet

– Me har stor fart i kvardagen, og det er ikkje utenkjeleg at borna ofte adopterer noko av mønsteret vårt, seier Ingebjørg som sjølv finn mykje overskot i trening. Ho er aktiv både på sykkel, med joggesko og som symjar. I år har det blitt nokre motbakkeløp som mosjonist, ho har prøvd seg på triatlon, og har sykla Haugesund – Sauda for første gong. – Me likar det aktive livet, heile familien, me er glade i å gå i heia. Det er mykje overskot å hente der. Roen finn dei og i den kortreiste hyttedraumen dei har realisert. Med hytte i Imslandssjøen kan dei reise på kveldstur om dei vil.

– Det er reine terapien, meiner Geir Magne som meir enn gjerne svippar heim ein tur på laurdagen for ta seg av gardsarbeidet før det blir hytteliv igjen på laurdagskvelden. – Og der ser me sjøen, seier Ingebjørg, det er og noko nytt for oss. Geir Magne trør litt på dørkanten, han vil gjerne vise fram dyra der ute. Fotografen vil gjerne at dei skal gå hand i hand på gardsvegen. Nok ei utfordring dei tar på strak arm. Snart er dei klare for hyttelivet. Ingebjørg skal reise ut først, for lage til mat. Geir Magne blir igjen for å stelle i fjøset og køyre Hedda på klubb. Så er det endeleg helg. I alle fall for ein kveld.

Mat for alle anledninger

Sjekk vår nettside for aktuelle tilbud. cateringpartner.no 8

1 • 2015

Tlf. 53 77 50 32


KOMMENTAR

Fot o: S

ve in

Eg

Fot o: P

il

riv

at

Øk la n d

OLE JOHAN VIERDAL Ordførar Vindafjord kommune

VINDAFJORD TRENG AKKURAT DEG! I Vindafjord har me godt med arbeidsplassar, men treng endå fleire innbyggjarar! Me kan by på byggemogne tomter i alle våre bygder. Derfor treng me akkurat deg, nett slik som du er! Du vil vera med på å gjera Vindafjord til ein endå betre plass å bu, i arbeid og fritid! Du må gjerne ta med deg barn og sambuar. For me har god dekning innan barnehage og skule. Kommunen vår består av ni bygder, der Ølen er kommunesenteret. Alle dei flotte bygdene våre har barnehage, SFO og skule. Ungdomsskular har me både i Skjold, Ølen og Vikedal, der det også er bygt opp idrettshallar og -banar. Vikedal er festival- og feriebygda vår, med musikkfestivalen Rootsen og Sommarfestivalen som går av stabelen kvart år i juli. Der er det også motorbane for bilcross, med eit fantastisk miljø for både unge og eldre. Me har mange turmål å by på. Olalia turisthytte er kanskje det mest besøkte, med preparerte skiløyper og gode gangvegar (med og utan barnevwogn), og parkeringsplasser både på Opheim (Ølen) og ved Fjellstøl (Sandeid). Det er god plass både på sjø og til fjells. Så det er mange stader å dra for den som er glad i natur og friluftsliv!

I Vindafjord har me godt med arbeidsplassar, men treng endå fleire innbyggjarar. 

Ole Johan Vierdal

SIRI KLOKKERSTUEN

Ordførar Etne kommune

VELKOMMEN TIL ETNE! Min påstand er at Etne har det meste. Kommunen er i spennande utvikling. Me ligg sentralt der Sunnhordland, Hardanger og Haugalandet møtest. Mange pendlar inn og mange pendlar ut på jobb i Etne. Snøggbåten Skånevik -Bergen kan ta deg til jobb og utdanning heilt til Bergen. Næringslivet er variert og me nyt godt av dei mange arbeidsplassane i Vindafjord. Landbruket er viktig. Mange bedrifter innan mekanikk, anlegg, handel og service er viktige aktørar i regionen. Marine Harvest sitt smoltanlegg i Fjæra er ei storsatsing me har store forventningar til. Kommunale arbeidsplassar og fylket sin vidaregåande skule er viktige kompetansearbeidsplasser som er attraktive for mange. Gode tenester krev god kompetanse. Kanskje du har noko me treng? Me er opptekne av at det skal bli noko å velja i for deg som vil flytta til oss. Både i Skånevik og i Etne blir det snart ferdigstilt flotte bustadområde. Dei siste åra har folketalet auka. Det blir fødd fleire og me får nye naboar frå andre land. Me har full barnehagedekning, og ynskjer gode tenestetilbod for alle. Uansett kor du er i livet, vil du vera velkommen til å bli Etnesbu, Skåneviksbu, Åkrafjording, Stordalsbu eller Sørstrending.

Gode tenester krev god kompetanse. Kanskje du har noko me treng? 

Siri Klokkerstuen


BEDRIFTSPROFIL

OPNA EI NY DØR Roar Knudsen har tru på at dørfabrikken i Skånevik har ei lovande framtid. Han har satsa for å utvikle familiebedrifta.

Karrieren til Roar Knudsen (30) har vore like bratt og svingete som vindeltrappa som går opp til kontoret hans. Det er som kjent i motbakkane det går oppover.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi

10

1 • 2015

Roar Knudsen har tatt opp arven etter farfar og far. Etter at far Eivind døydde brått sommaren i 2007 fekk Roar ansvaret for dørfabrikken 22 år gamal. Saman med ein bror som jobbar i produksjonen og ei mor som har arbeidsdagen sin med administrative oppgåver har han seinare styrt bedrifta i Skånevik med stø hand. – Det er diverre slik me har hatt generasjonsskifte i denne bedrifta. Far min tok over etter bestefar på same måten, dei døydde så altfor tidleg begge to. Det blir ein brå overgang når ein blir kasta inn i leiarstolen utan å ha den tidlegare sjefen som rådgjevar, seier Roar. Roar arbeidde i bedrifta då faren døydde, og det låg i korta at han skulle ta over, men det skulle ikkje skje så raskt. Plutseleg og uventa sat brått den unge automatikaren i sjefsstolen. Historia i bedrifta er lang og sit bokstaveleg talt i dørene. Det heile starta med bestefar Ragnar Knudsen som etter krigen var full av energi og gjerne ville skape sin eigen arbeidsplass. Ragnar som var møbelsnekker starta bedrifta i 1946 under namnet Ragnar Knudsen Trevarefabrikk, lenge produserte bedrifta både møblar, vindauga, dører og trapper, men på midten av 70-talet bestemte ein seg for å satse på produksjon av innedører. I dag har dei ingen fast avtale med nokon store kjedar, men leverer dører til kontorbygg, byggefirma og offentlege bygg. Dørfabrikken har 12 tilsette og ein omsetnad på om lag 17 millionar. – Det er klart me og merkar at det er litt stilt i

oljebransjen nett no, det er ingen som byggjer nye kontorbygg når det står ledige lokale på rekkje og rad på Forus. Men no leverer me ein god del til Oslo, der skjer det meir no. Det er snart slutt på 10-kaffien, snart er det fult liv igjen i fabrikken. Her står det stablar med dører og tremateriell frå heile verda. Her er bjørkeplank og finerplater frå Finland, bøk frå Tyskland og eik frå USA. Her finn me og MDF-plater frå Spania, glas frå Belgia, tersklar frå Litauen og kantlister frå Danmark, dørene som blir produserte er ganske så internasjonale. Roar går forbi ein stabel med dører og peikar. Desse skal til Oslo, eit kontorlandskap der skal få 1000 nye dører frå Skånevik. – Er det ikkje litt rart å importere bjørk frå Finland når me nesten gror igjen av skog i dette landet? – Jo, det kan ein jo seie, men har du sett ei bein bjørk i Noreg? Me må ha god kvalitet på råvarene våre. Roar har lært å vekse seg inn i rolla som dagleg leiar. Det var mykje som var nytt og ukjent for han då han sette seg i sjefsstolen som 22-åring. Vegen har blitt til etter kvart, i dag brenn han både for dørfabrikken og næringsutviklinga i Skånevik. – Akkurat det trur eg kanskje er lettare for gutar enn jenter. Å berre kaste seg inn i noko utan at ein har full kontroll. Jenter vil gjerne kunne alt før ein prøver seg, seier Roar som har tatt på seg t-skjorte med Skånevik på brystet. Han kan snakke seg varm om og kor viktig det


Me har aldri hatt permitteringar og mange har jobba her lenge. 

Roar Knudsen

FA K TA Namn: Roar Knudsen Alder: 30 Status: Gift med Frida. Totalt fire born Aktuell: Dagleg leiar i Knudsen Dørfabrikk, fekk sjefsjobben berre 22 år gamal, etter at far Eivind døydde brått i 2007. No styrer han familiebedrifta med stø hand. Motiverer: At ein kan føre familibedrifta vidare, samstundes som ein får til ei positiv utvikling, at tilsette meistrar nye oppgåver og at Skånevik som bygd bømer. Det motiverer også at familien har det godt, og at andre bedrifter og organisasjonar har suksess.

Rafal Gladkowski er ein av byggesteinane i Knudsen Dørfabrikk. — Dei tilsette er det viktigaste, meiner sjefen Roar.

er med lokalt eigarskap i bedriftene, om at verdiane som blir skapte lokalt også blir liggande igjen i lokalsamfunnet, på nærbutikken, i fotballmiljøet og på leikeplassen. Men skal ein utvikle noko i distrikta, og kanskje spesielt i Skånevik, så er det avgjerande med god kommunikasjon og stabile vegar. – Det seier seg sjølv at det er vanskeleg for oss å vere konkurransedyktige med dei svingete vegane i Noreg, det gir oss ein ekstra kostnad på transport. Det kostar mykje å få varer hit frå leverandørar ute i Europa. Det er få konkurrerande bedrifter her heime, men Sverige er store på produksjon av dører. Dørbabrikken i Skånevik sit i dag på om lag ein halv prosent av produksjonen i Noreg, men Roar meiner det er potensiale for å vekse, det betyr at han må bruke meir tid og ressursar på sal, ikkje minst for å hente inn nye marknadar. Han meiner det er viktig at det blir lagt til rette for at ein kan utvikle næringslivet i distrikta. Norske politikarar burde ta betre grep for å sikre næringsutviklinga lokalt, er det klåre rådet frå Roar. Dei må sørgje for at bedriftene skal sitje att med meir, og det må lønne seg å investere pengane sine i bedrifter framfor eigedom som mange spekulerer i. Dei siste åra har bedrifta tatt nokre viktige grep. Frå 2013 til 2014 auka produksjonen med 26 prosent utan å tilsetje fleire og utan å kjøpe maskiner. Det handlar rett og slett om å bruke mest mogleg av tida på verdiskapande arbeid, og minst mogleg på anna som til dømes leite etter verktøy og unødvendig intern transport. Ein får mykje att for å jobbe meir effektivt og systematisk. Dørfabrikken har og fått inn eksterne personar i styret, som har eit friskt blikk på korleis ein kan utvikle bedrifta vidare. – Ein blir ofte blind når ein jobbar her og sit midt oppe i alt, og alt kan ikkje kome ut av min hjerne. Eg tykkjer det er viktig å bruke styret på ein god måte.

Roar eig 70 prosent av bedrifta, medan bror Stig har 20 prosent og mor Sofie eig 10 prosent. Det er med andre ord framleis ei stabil familiebedrift. – Me har aldri hatt permitteringar og mange har jobba her lenge. For nokre år sidan fekk to av dei tilsette kongens fortenestemedalje for å ha jobba her i godt over 40 år. Det står det respekt av, meiner Roar. Han kan ikkje skryte nok av dei tilsette, av laget Knudsen Dørfabrikk AS. – Dei står på og er lojale mot arbeidsplassen sin. Det vert ikkje mål om ikkje trenaren har nok spelarar på banen. Apropos fotball. På veggen i produksjonslokalet heng eit lagbilete av Manchester United. Roar ler godt. – Det er i alle fall ikkje eg som har hengt opp det der, fotball interesserer meg lite. Men eg er fascinert over korleis idretten fungerer, at ein kan få inn ein ny trenar og plutseleg går det mykje betre med laget. Og korleis ein kan selje spelarar etter kva ein treng til einkvar tid. Det er mykje mindre aksept for å skifte ut folk i næringslivet. Livet som bedriftsleiar er ikkje noko A4-liv. Det er meir som ein livsstil med mange arbeidstimar kvar veke. – Det er jo galskap, det er det. Mange trur at bedriftseigarar har store inntekter og kan delegere arbeidet. Det er ikkje slik eigentleg. Det er mykje hardt arbeid og ein må ha familien med på laget skal det gå. Heime ventar kone og totalt fire barn, bonusdotter Eyna, sonen Eivind som er oppkalla etter farfar sin og tvillingane Inez og Wally som kom til i mai. Familien er truleg grunnen til at Roar faktisk kjem seg heim til middagstid. – Det er viktig å ha god hjelp. Me er heldige, me har mor mi som jobbar her og som hjelper mykje til i tillegg til svigerforeldre som bur i nabolaget og som stiller opp. Svigerfar er til og med å hjelper til her på fabrikken. 

1 • 2015

11


Vi t a

r in

nb ytt e!

Fullfinansiering

Me står til teneste for deg! 5550 Sveio – Telefon: 53 74 77 77

5590 Etne – Telefon: 53 75 62 00

KVALITETSKLEDE FRÅ HÄRKILA OG TUFTE! HÄRKILA KAMKO

Vendbar fleecejakke med pustende Windstopper membran. Fire romslige frontlommer. Farge: Svart/brun og brun/rød. Str. XS-5XL.

TRØYE TUFTE BAMBULL S-XXL HERRE/S-XL DAME

599, 599,-

MYKT OG DEILIG MOT HUDEN!

adsign.no

FLEECEJAKKE

TRØYE TUFTE BAMBULL

JENTE 2-13 ÅR / GUTT 2-13 ÅR

379, 379,-

POLO TUFTE BAMBULL S-XXL HERRE/S-XL DAME

649,-

1699-,1699 I mars 2016 opnar me

NY BUTIKK I ETNE! 12

1 • 2015

FK Butikken Etne Tlf. 53 77 11 30 OPNINGSTIDER: Mandag - fredag: 0830-1630 lørdag: 0900-1400


Lyst å flytte til Etne?

- Kort veg til alt!

Tomteselskapet Etne AS - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne Kommune for utvikling og salg av tomter i Etne. Ta kontakt for kjøp av tomt, oversikt over ledige tomter og pågåande prosjekt. Epost: post@tomteselskapet-etne.no • Telefon: 97 77 17 55



1 • 2015

13


Marknadsføringa frå internasjonale fossekåringar hjå blant anna CNN har gitt enorme verknadar  

Nina Kaltwasser, Kioskeigar og marknadsleiar i Åkrafjorden Oppleving,

Nærare 50 000 vel å stansa ved kiosken til Nina Kaltwasser årleg. Fossefall, fjord og kortreist mat har blitt ein suksesskombinasjon som dreg ein stadig større turistflaum til Åkrafjorden, Langfossen og Eljarvik gard.

NY FØLING I FJÆRA Når Marine Harvest investerer fleire hundre millionar kroner i settefiskanlegg på Fjæra, drypp det også på nabogrendene langs Åkrafjorden: Nye arbeidsplasser og auka turistsatsing. Ungdom på flyttefot heim att. Med god hjelp frå smolt, kortreiste kjøttvarer og CNN. Tekst: Kari Aakra Foto: Meister Fotografi

14

1 • 2015

Det står Jettegryte på middagsmenyen i dag. Det er ein favoritt blant arbeidsfolket. Dagleg leiar ved Halvfjordingen, Per Martin Kjellesvik, har lært litt om matvanane til arbeidsfolk i fjorden. I tillegg til Jettegryta, står også 2000 overnattingsdøgn og fullpensjon for nærare 40 byggjearbeidarar på menyen i åra som kjem. Kjellesvik førebur seg på rekordbelegg dei neste åra. – Utbygginga på Fjæra har vore avgjerande for å utvikla Halvfjordingen vidare. Alle som driv forretning i fjorden har vore heldige. Etableringa gir oss gode moglegheiter framover. Eg håpa allereie frå starten av at ringverknadane frå eit lokalt næringsliv kunne bidra til vekst hjå oss, men eg hadde aldri sett for meg noko av slikt omfang, fortel Kjellesvik. I løpet av 2016 vil gjestelista auka på etter kvart som nye entreprenørar sender inn mannskap til bygginga. – Ringverknadane frå anleggs- og byggjearbeid her inne har gitt oss olbogerom til å utvikla konseptet slik me ønska, ein kombinasjon av næringsliv og turisme. Nå kan me også satsa endå sterkare på turismebiten, samstundes som me møter næringslivet med det dei treng, fortel han. Utbyggjar Marine Harvest er ein god ambassadør for dei lokale næringsdrivande, meiner Kjellesvik. – Dei viser til oss med ein gong nokon ytrar behov for overnattingsplass, møterom eller måltid.

Me skal også setja opp brakkerriggar med om lag 20 hybelplassar. Målet er at aktiviteten blir såpass høg at me må tilsetja fleire folk, seier Kjellesvik, som i dag driv «butikken» med kokk og bakar. Medan jettegryta står på kok, kokar det også mellom betongelement og armering på Fjæra. Eit av landets største settefiskanlegg reiser seg over 7000 kvadratmeter. Grenda tel godt og vel 130 innbyggjarar. Dei fastbuande kan leggja til ei solid mellombels folkeauke dei neste åra, når entreprenørar som Total Betong, Johansen Rør, Vassbakk & Stol, MCE og Aquatech Solutions sender inn mannskap til byggjearbeidet. Anlegget skal etter planen stå klart i 2017. – Det vil være ein veldig høg aktivitet her inne dei neste åra. Første rognekorn kjem i november 2016, då set me i drift første del av anlegget, seier produksjonssjef for ferskvassanlegg i Marine Harvest Region Sør, Bjarte Sævareid. Etter at byggjefolket har pakka saman vil Fjæra vera 15 arbeidsplassar rikare. Rekrutteringa har allereie starta. – Me vil trenga folk innan eitt breitt spekter fag, folk med kompetanse innan biologi og fiskehelse, elektro, og drift av tekniske installasjonar som dette, seier Sævareid. .


Etter at byggjefolket har pakka saman vil Fjæra vera 15 arbeidsplassar rikare. 

Bjarte Sævareid, produksjonssjef



Marine Harvest Region Sør.

Dei vel 130 fastbuande på Fjæra kan plussa på ein mellombels kraftig folkeauke. Fram til setjefiskanlegget på Fjæra står ferdig i 2017 vil det vera nærare 40 arbeidsfolk dagleg i «fjorden». Etter at siste hand er lagt på verket vil Fjæra husa 15 arbeidsplassar tilknytt anlegget.

Eg håpa allereie frå starten av at ringverknadane frå eit lokalt næringsliv kunne bidra til vekst hjå oss, men eg hadde aldri sett for meg noko av slikt omfang.  

Per Martin Kjellesvik, Dagleg leiar, Halvfjordingen

Det er stille før stormen. Medan Jettegryta står på kok førebur Per Martin Kjellesvik og Marina Suminiene seg på middagsrushet frå arbeidsplassen på Fjæra. I løpet av åra som kjem vil Halvfjordingen ha rekordbelegg som følgje av utbygginga.



1 • 2015

15


Årleg blir 120 tonn kjøt blir frakta frå Lundal til serveringsstader og butikkar i distriktet. – Nå byggjer me for framtida. Me treng meir kapasitet, både kjøle og lager blir utvida, fortel Siri Lundal Hustveit, dagleg leiar i Johs Lundal.

Det er mykje positivt snakk i dei yngre generasjonane, nå ser dei moglegheiter for arbeid her heime.   

Siri Lundal Hustveit, dagleg leiar hjå Johs Lundal & Sønner.

Vidare vestover på Europavegen sakkar trafikken ned ved 50-skiltet like før dråpane frå Langsfoss treff ruta. Om lag 50 000 forbipasserande vel å svinga av E134 og ta innover seg fossefallet frå rasteplassen og kiosken. Både auka turisttrafikk og ringverknadar frå store og små næringslivsaktørar i fjordbygdene merkast godt ved vegstoppen, seier kioskeigar og marknadsleiar i Åkrafjorden Oppleving, Nina Kaltwasser. – Besøket har auka taktfast kvart einaste år. Nå får me også drahjelp frå turiststraumen til Trolltunga. Turistane vil ha med seg Åkrafjorden og Langfoss på vegen, seier Kaltwasser, der ho trippar mellom vaffeljarn, lokalprodusert geiteost, prospektkort og saueskinn. Utviding står på planen i 2016. Parkeringsplass og vegløysinga skal utvidast og trafikksikrast. Det er planar om nybygg for besøkssenter med utsikt over fjorden, sal av ferdaminne og mat frå lokal leverandørar. Gjennom kioskdøra har ho utsikt heim, til Eljarvik gard, eit mykje besøkt tun det siste året. Åkrafjorden Oppleving har selt inn omlag 2000 gjester som vil ha FjordCruise Langfoss med gardslunsj til cruiseturistar. Til neste år reknar Eljarvik gard med å ta i mot fleire turistar og førebur gardshuset for kapasitetsauke. – Turistsatsinga i fjorden har lausna. Marknadsføringa frå destinasjonsselskap og internasjonale fossekåringar hjå blant anna CNN har gitt enorme verknadar. Naturen her inne er eit turistmål i seg sjølv, men ultralokale måltid tydelegvis også blitt eit trekkplaster, fortel ho. Som blant anna pølser og spekemat frå Lundal. Det er måndag, den store pølseproduksjonsdagen hjå Johs. Lundal & Sønner sin fabrikk på Teigland. Åkerringar, Hardangerpølse, bacon og hamburger-

16

1 • 2015

rygg står på dagsorden. Denne måndagen er lokala noko meir hektiske enn vanleg. Den tradisjonsrike bedrifta på Teigland har investert åtte millionar i utbygging dette året, og nå er det innspurt i byggeprosessen. – Omsetninga har auka kvart år, og me byggjer for framtida. Me utvider både lager og kjølerom, og byggjer ut ei større rampe for utlasting, seier Siri Lundal Hustveit, dagleg leiar hjå Johs Lundal & Sønner. Kvar veke blir det lasta kjøt for over ein halv million kroner frå rampen på Teigland. Omlag 120 tonn kjøt blir sendt av garde kvart år. Ringverknadar frå både lokal og regional næringslivsboom merkast på kjøttproduksjonen på Teigland. Leveransar til Halvfjordingen, Åkrafjordtunet og kiosken ved Langfoss har auka på. Ein av dei mindre målbare ringverknadane av den høge aktiviteten i fjorden er mentaliteten, meiner Hustveit. – Det er mykje positivt snakk i dei yngre generasjonane, nå ser dei moglegheiter for arbeid her heime. Bedriftene veks, samstundes aukar behovet for fag som «desse unge» utdannar seg i. Me treng kompetanse frå marknadsføring og sal til dømes. Dette er moglegheiter som ein gjerne ikkje såg for seg her inne for nokre år sidan, seier Hustveit, som sjølv er 5. generasjon Lundal i leiinga. 6.generasjon står klar. Det er godt mogleg at marknadsførings- og leiarkompetanse frå Cardiff University snart blir ein del av drifta. Stina Lundal Berge er student i England, men er heimom på ferie og tar nokre arbeidsøkter i fabrikken hjå tante Siri. – Eg ser ikkje bort ifrå at eg flyttar heimatt. Bygdene vekst, og moglegheitene er her, smiler Berge.


Klappet & klart

Møbleringskonsept for deg som vil flytte rett inn i ny hytte

Kvalitetstid, overskudd, en god natts søvn, den gode stemningen, trivsel... Det er det vi leverer! Vi vet at møbleringen er av stor betydning, og kan tilby følgende:

Gardiner som gleder og justerer lyset og innsyn

Møbler levert og montert i alle rom eller deler av hytten

Belysning for alt og alle

Senger med dynene ferdig oppredd Tepper der det passer aller best

Alt til mat og bespisning

Du kan selv velge ut alt du vil ha, eller du kan få oss til å gjøre det. For dette kan vi! Vi har økt verdien på mange hytter og opphold,og gjør det gjerne også for Deg og Dine.

Pynt og dekorering

®

vinnarskalle.no

ETNE I samarbeid med Princess Etne - Du finner oss på Etne senter Telefon 53 77 09 99 - post.etne@mobelringen.no 

1 • 2015

17


PORTRETTET

Det må skje noko, ellers blir Egil Viker Jørgensen rastlaus. Det har mellom anna resultert i at han er involvert i ei rekkje serveringsstader som hobby, spelar i band og har starta motorklubb. Men ingen regel utan unntak. I varmare strøk klarer han å sitja i ro meir enn ein halvtime. Tekst: Ellen Marie Hagevik Foto: Meister Fotografi

BYGUTEN SOM BLEI BYGDEPATRIOT

18

1 • 2015

Husarbeid gjer han derimot ikkje. Det tek kona Linda Stølås Jørgensen seg av. – Ikkje fordi eg ikkje vil, men eg har så mykje anna å gjera på. Hagen er derimot mitt ansvar. Eg har ein skikkelig arbeidshage, ikkje mange blomar og store bed. Her er det mest frukttrær, bærbuskar, og ein plen på 800 kvadratmeter. Det tek halvannan til to timar berre å klippa plenen, så eg har kjøpt robotklippar, seier Jørgensen. Han vaks opp og budde i Drammen til han var 17 år. Å bli kokk var yrkesmålet, og byguten drog til Vestlia Hotell på Geilo som kokkelærling. Han hadde ikkje tenkt å flytta på landet etter læretida var over, men så traff han ei frå Etne som var lærling på samme hotellet. – Det tok vel eit år før eg oppdaga at eg såg på Linda som noko meir enn ein kollega. Dei vi jobba saman med ga oss maks eit år før vi kom til å skilja lag. Men eg hadde funne kvinna i mitt liv, og neste år har vi 25-års bryllaupsdag. Ho er fantastisk, og eg vonar vi får minst 25 år til saman, seier Egil. Dei flytta til Etne i 1991. Der vart Egil, berre 21 år gammal, tilsett som kjøkkensjef på Etne Hotell med ansvar for mykje anna enn kjøkkenet og. Ganske kjapt kom dottera Christine til verda, og fire år seinare Aase Marie. I mellomtida overtok Egil og Linda Sandeid kafé.

– Eg var 25 år første gong eg tok i ein gitar. Han lærte meg nokre grep, og eg brukte dei til å spela ved kjøkkenbordet heime. Svigerfar Knut, som har spela i danseband i mange år, lærte meg etter kvart meir. Han lurte meg med på ein spelejobb. Eg skulle vera selskap, bera utstyr og kora litt. Då var det gjort, ler Egil. Etter kvart overtok Egil spelejobbane, og det var mange helger på vegen i tillegg til full jobb. Med underhaldningsmusikk, som han kallar det. Musikk som folk kan dansa og synga til. Gjerne blues, rock´n roll og swing frå 60- og 70-talet. Framleis spelar han til dans innimellom, men langt sjeldnare enn før. Det var dette med å ha tid til alt. – Eg var med i trioen Uthuset, og vi hadde det kjekt både på øvingar om torsdagane på Joakari og ein del spelejobbar. Så kom velferdskoordinator i Westcon , Liv-Kari Bødtker og spurte om eg ikkje kunne få til noko for dei som jobbar der. Både fast tilsette og dei som var inne på prosjekt. Måndagskveldane blei sett av til øvingar, og det kom fem-seks personar kvar gong. Men øving både måndag og torsdag vart for mykje, og det enda med fusjonen No Direction. Der er vi sju mann frå 26 til snart 70 år som øver på Joakari kvar måndag og har det himla gøy. Innimellom spelar vi og til dans, sier Egil.

Det var i Sandeid at interessa for gitarspeling kom til overflata. Han vart fascinert av ein kjenning som trass i at han var hardt ramma av Bechtrevs klarte å spela gitar.

Egil har ein finger med i spelet i ei rekkje firma som driv med mat og servering i ulike former. Her er lista over roller i næringslivet:


Dagleg leiar i Catering Partner AS i Ølensvåg. Dagleg leiar og styreleiar i Spiseri Partner DA i Ølen. Dagleg leiar og styremedlem i Ølen Holding AS. Styreleiar i Catering Service AS i Odda. Styreleiar i Pizza Time Drift ASV i Ølen. Styremedlem i Joakari AS i Ølen. Styremedlem i Rodin AS i Etne. Styremedlem i Innkjøp Markedsføring og Salgskjede AS på Bønes Mat, musikk og tid til ein god prat, er noko som Egil har tatt med i konseptet for serveringsstadane han har involvert seg i Ølen, Etne og Odda i tillegg til Sandeid: «Mat prat bar». Med på laget har han Tom-Jøran Johnsen. Johnsen var tidligare sjefen til Egil i Catering Partner, no medeigar, kollega og god ven med felles motorinteresse. Det siste kjem vi tilbake til. – Eg er blitt ein skikkelig bygdepatriot. Å få til møtestadar der det skjer noko i bygdene har eg vore opptatt av lenge. No er vi komen så langt at Tom-Jøran har det som levebrød. Eg er framleis med på hobbybasis og har ikkje tatt ut ei krone for arbeidet eg legg ned. Pengar er ikkje drivkrafta, men skaparvilje og interesse. Lønna mi får eg frå Catering Partner, og innimellom går delar av den med til å dekka utgifter andre stadar. Det hender at eg går litt lei, men eg synest det er så viktig at det skjer noko i bygdene våre at eg ikkje får til å gje opp, seier Egil. Samstundes som han innrømmer at han både har vore skuffa og litt flau undervegs. Mellom anna når gode artistar som trekkjer fleire tusen andre stader, møter fem betalande i

Ølen. Då hjelper det å ha trua på at dette skal ein få til. Etter kvart har denne trua blitt omsett i at stadig fleire brukar Joakari, Rodin og Smelthuset i Odda. Heldigvis har eg den evna at eg ikkje blir stressa. Verken på jobb eller i høve til det Tom-Jøran og eg driv med. Eller andre ting for den saks skuld. Det hender at eg kan vera litt på etterskot, men det tar eg inn i løpet av veka, smiler Egil. Men nokre gonger finn ein at det er ting som er viktigare å ta seg tid til enn andre. Familien var i ein periode avlastningsheim for ein gut. Han var seks år første gong dei møttest. – Å ta hand om barn som har det vanskeleg er krevande og givande på same tid. Du må ha eit trygt liv og ting i orden sjølv. Er det på plass, kan i utgangspunktet dei fleste bidra, og det er alltid born som treng hjelp og ein heim i kortare eller lengre periodar. For oss var det heilt rett då, og lønna er å vita at ein har hjelpt eit ungt menneske vidare i livet, sier Egil. Han har langt dårlegare samvit for å ha vore mykje vekke under deler av oppveksten til døtrene. – Eg har snakka med dei om det, og spurt korleis det påverka dei. Svaret var at dei aldri har tenkt over at eg var mykje vekke. Eg vonar at det betyr at dei opplevde at eg var til stades for dei når eg var heime, sier han ettertenksamt. Det er svært sjeldan at Egil seier nei. Og om ikkje nokon spør, tek han gjerne fatt i ting andre ikkje har funne løysin

1 • 2015

19


Egil Jørgensen byrja ikkje å spela gitar før han var 25 år. Etter det har det blitt mange gitarar, og no har han ei samling på nesten 100 gitarar og andre instrument. Dei finn du mellom anna på veggene på JoaKari i Ølen.

FA K TA Navn: Egil Viker Jørgensen (Viker har han slutta å bruka) Alder: 45 år Familie: Kona Linda Stølås Jørgensen, dei vaksne døtre Christine og Aase Marie. Bur: På Enge i Etne Aktuell: Daglig leiar i Catering Partner, men har mykje anna på tapet med kafear, utestader, underhaldning, band og motorsport. Er ein samlar, og har over 100 gitarar og andre instrument, samt ei stor cognacsamling. Leiar i Etne & Vindafjord Motorklubb.

20

1 • 2015

gar på. Som Etne & Vindafjord Motorklubb. – Eg vaks opp med turar og veteranbilløp i bestefar sin Chevrolet 1933-modell. Det var stor stas, og seinare arva eg bilen. For meg som vaksen vart bilen for gammaldags. Den var nesten som å kjøra hest og slede på styringa. Dermed vart bilen ståande på lager i 15 år før eg fann ut «alt til si tid» og selde den til ein som verkeleg brann og gløda for bilen, sier Egil. Etter ein lang tenkepause, enda han opp med å kjøpa ein -72 Lincoln. Eit svært oljeflak, men med langt betre kjørekomfort. Berre for å ha sagt det: eg kan ikkje skru og er heilt avhengig av hjelp til alt. I motsetnad til ein del andre, innrømmer eg at eg må kjøpa mekketenester. – Eg trur ikkje at alle kan så mykje om mekking som dei gir inntrykk av, seier han og ler godt. Då oljeflaket var på plass i garasjen, fann han ut det hadde vore kjekt å dela interessa med likesinna. Det var tidligare gjort forsøk på å stifta ein motorklubb, men ein vart ikkje einige om kriteriene for å vera med. Dette kan ikkje være så vanskelig å få stell på, tenkte Egil, og samla tre andre motorinteresserte kjenningar: Tom-Jøran Johnsen (kjører Harley), Torstein «Mr. Cadillac» Børve og Terje Jacobsen. Me ville at det skulle væra ein motorklubb for meir enn berre amcar-interesserte. Så me stifta Etne & Vindafjord Motorklubb og laga enkle kriterium.

Det viktigaste er at du kan bli medlem om du har eit kjøretøy utanom det vanlige. Det kan væra på både to og fire hjul. Frå 1933 eller ein helt ny bil, og alle som har lyst kan være støttemedlemmer, fortel Egil. I løpet av knappe to år er det blitt vel 50 betalande medlemmer, og Facebook-gruppa har rundt 250 medlemmer. Fatland sitt gamle grisehus på Vaka er med stor dugnadsinnsats i ferd med å bli eit flott klubbhus med mekkehall og lagerhall. Og klubben har allereie årlig arrangert to store motortreff. – Eg er like dårlig handverkar som eg er til å mekka, så mitt dugnadsbidrag har vore å organisera, bruka mitt store kontaktnett og skaffa sponsorer, fortel Egil. Han likar at ting er organisert. På nokre område litt meir enn normalt, seier dei som kjenner han godt. – Eg har nok litt tvangsprega tendensar. Interiøret i huset er kona sitt ansvar, og eg legg meg ikkje mykje borti det. Men ein del ting må ligga eller stå på bestemte måtar. Til dømes dei seks stolane til spisebordet. Er dei flytta på, flyttar eg dei tilbake. Og plenen lukar eg med fingrane slik at det ikkje skal bli synlege hakk. Det kunne nok ha utvikla seg til galskap, men heldigvis klarar eg å skru av om eg bestemmer meg for det. Og korleis det ser ut i andre sine hus bryr eg meg ikkje om, forsikrar Egil med


Pengar er ikkje drivkrafta, men skaparvilje og interesse. 

FIRMAGÅVER Lokale gåver til lokale bedrifter

Egil Jørgensen

eit smil. Ein annan ting han har organisert, er den store cognac- og brennevinsamlinga si. Det blei gjort etter at døtrene flytta heimanfrå og det vart plass til å laga bar. – Samlinga er godt sikra. Kroppen min toler ikkje mykje alkohol, og eg har ikkje tid til å gå rundt å vera fyllesjuk med alt det eg skal gjera i løpet av dagen. Så samlinga er ganske intakt. Det einaste unntaket for inntak er når eg er i varmare strok. Då tåler eg av ein eller annen grunn meir, fortel Egil. Han og Linda likar å reisa og prøver å komma seg til Syden to-tre gonger i året. Då slår også unntak to inn. – Eg er eigentleg ikkje glad i regnvêr og vinter og må lada opp med sol og varme innimellom. Når eg reiser vekk, får eg stort sett fred for jobbtelefonar og andre telefonar. Då slappar eg heilt av og kan flata ut på ei solseng og gjera ingenting i timesvis. Vi har snakka om å kjøpa oss hus på den spanske solkysten når vi vert pensjonistar. No har eg berre eit krav, og det er at hotellet ligg ved stranda. Blir det hus, må det vera med hage slik at eg har litt å gjera på. I høve sølvbryllaupet tjuvstartar dei feiringa og tar med den næraste familien på cruise i Karibien i februar neste år. – Når er sjølve bryllupsdagen? – 20. oktober. Trur eg. Håper i alle fall det er riktig, seier Egil og ler hjarteleg.

Litt av kvart

Full pakke

Gourmet pakke

Pølsepakke

Kjerringpakke

Spekepakke

Fenalår

Hardangercide

Firmagåver.no tilbyr fleire kjekke gåvepakningar i ulike prisklassar, med smakfullt innhald. I våre pakkar har me valgt ut populære og premierte produkt frå lokale produsentar. Me skreddarsyr gjerne gåver til dine ansatte og forretningsforbindelsar.

For meir informasjon og bestilling: www.firmagåver.no Våre gåveesker er flotte i seg sjølv, men ønskjer ein å legge på ei personleg helsing og eigen logo, så lar dette seg gjera mot eit lite tillegg.



1 • 2015

21


UNGT UNGT LANDBRUK LANDBRUK

SATSAR FOR FRAMTIDA

I Blikrabygda har unge bønder tru på ei framtid som mjølkebønder. No byggjer dei ny driftsbygning saman. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi

Jostein Sørhus (tv) og Jakob Eskeland i tomta der dei no skal byggje ny driftsbygning for mjølkeproduksjon. Dei har allereie god erfaring med å drive samdrift, no gler dei seg til nybygget står klart.

FA K TA Jakob J Eskeland (35) og Jostein Sørhus (38) har drive i samdrift sidan 2011, No skal gamle driftsbygningar bytast ut med eit nytt og større fjøs. Dei byggjer for mjølkeproduksjon og har no ein samla kvote på 350 tonn. Dei har investert i mjølkerobot, ikkje minst for å få meir fritid. Dei unge bøndene byggjer for framtida, og set nettverket og det sosiale i landbruksnæringa høgt.

22

1 • 2015

Skodda ligg tungt over Blikrabygda denne dagen, men det stoppar ikkje maskinkøyraren Odd Ingar Bårdsvik frå Bjarne Nesheim AS i å arbeide jamt og trutt. Jakob J Eskeland (35) og Jostein Sørhus (38) har drive i samdrift sidan 2011, no skal gamle driftsbygningar bytast ut med eit nytt og større fjøs. Denne dagen er det snart tid for støyping i tomta, både Jakob og Jostein køyrer skytteltrafikk med traktor og hengar, det handlar om å få køyrt vekk stein medan maskinkøyraren arbeider. – Me er godt nøgde med dei lokale entreprenørane No gler me oss til å få bygget ferdig, det skal bli ein ny kvardag, meiner Jakob. Driftsbygningen kjem på 1000 kvadrat, og har plass til 55 kyr. Begge dei to bøndene hadde kvote på om lag 80 000 liter mjølk frå tidlegare, no har dei kjøpt kvote slik at dei kan ta ut ein større del av potensialet. Det er rom for å ha ein mjølkekvote på 440 tonn, til no har dei sikra seg 350 tonn.

Dei driv ikkje samdrift for å tene mest mogleg, men for å nyte gode som fritid, ein meir strukturert arbeidsdag og ikkje minst det å ha ein kollega ein kan drive saman med. Arbeidet i fjøsen deler dei opp i turnus, ei veke på, og to veker av. I nybygget blir det også mjølkerobot som vil forenkle arbeidet veldig. – Det var litt av vitsen det, at me får oss mjølkerobot. Då er du mykje friare i forhold til å ha faste mjølketider, meiner bøndene som begge har familie og tar på seg arbeid utanom garden. Dermed er fritida ein kan få verdifull. – Me satsar no, men me byggjer ikkje større enn at me søv godt på nettene. Noko måtte me gjort uansett, alternativa er å ruste opp det ein har eller leggje ned. Så enkelt er det. – Men me likar å vere mjølkebønder, og me har tru på at det finst ei framtid i næringa, seier Jakob som i tillegg har nokre sauer og driv med poteter. Tomta bygget skal stå på er skilt ut frå garden og det er danna eit eige eigedomsselskap som skal stå


Jakob Eskeland satsar på nybygg for mjølkeproduksjon og meiner nettverket og det sosiale i næringa er viktig får å tru på framtida som bonde.

Me likar å vere mjølkebønder, og me har tru på at det finst ei framtid i næringa. 

Jakob Eskeland

Jakob Eskeland (35) og kona Borghild Velde Eskeland (34), her med minstemann Johannes på seks månadar, er optimistiske med tanke på ei framtid som mjølkebønder.

for drifta. Dei satsar på å vere ferdige og klare til innflytting over nyttår. Driftsbygningen skal setjast opp i betongelement, og dersom pengane strekk til vil bøndene byggje plansilo. Bygget er estimert til å koste om lag sju millionar kroner. Det betyr at de må mjølke i mange år? Ja, det er klart. Me kan ikkje gi oss i morgon. Samstundes er me ikkje blitt gamle når lånet er nedbetalt. Eg håpar berre me byggjer stort nok, det er eg slett ikkje sikker på, seier Jostein. Begge er dei ganske så nøgde med rammevilkåra som ligg for landbruket. Sjølv om vilkåra alltid kan bli betre vil dei ikkje klage. Me er glade for å ha to solide slakteri i nærleiken som er serviceinnstilte og som også har interesse av at det er eit aktivt landbruk på Haugalandet. Me er også glade for at eit fleirtal av befolkninga ynskjer eit norsk landbruk med trygg mat. Men me er uroa for kva som kan hende viss FrP får sitje for lenge med makta, då dei er tydelege på at me må springe raskare og produsera meir for at me skal fortene inntekta vår, sår Jakob fast. Jakob og kona Borghild Velde Eskeland (34) kjøpte garden i Blikrabygda av Arild og Marta Urdal i 2011. Garden er totalt på 470 mål, av desse er 65 mål dyrka jord og 89 mål beite. Her har dei slått seg ned saman med tre

born på 4 år, 2 år og 6 månadar og ynskjer å byggje ei framtid. Jostein og kona Hege Sørhus har gard nokre steinkast lenger nede i grenda. Også dei har tre born og ei sterk framtidstru. Eg tykkjer det er flott at me fekk kjøpe gard her. Mange gardar blir diverre liggande utan at nokon vil selje. Det kan vere mange grunnar til det, men det er og mange som gjerne skulle kjøpt seg gard, trur eg, seier Jakob og tar minstemann Johannes (6 månadar) på fanget. Kona Borghild er lærar i Vindafjord kommune, også ho kjem frå gard og veit at arbeidet der er meir ein livsstil enn ein jobb. Begge er klåre på at det sosiale og nettverket i næringa er viktig skal ein halde fram som bonde og sjå ei framtid i yrket. Me er heldige her ute, seier Jakob. Her er det framleis mange som driv og miljøet er sterkt. Eg vil tru det er tyngre å satse dersom nettverket rundt deg forsvinn, seier Jakob som går i kjeledress med Vindafjordbonden på ryggen, ein organisasjon som vart starta i 2013 med mål om å byggje ein slagkraftig landbruksorganisasjon for å løfte bonden og produkta i regionen. Verdiskaping er viktig. Det er kjekt å skape noko. Me byggjer for framtida, det er dette me vil halda på med, slår dei unge bøndene fast, før dei kastar seg ut i arbeidet igjen. Det går med mange timar med eigeninnsats før bygget er ferdig. 

1 • 2015

23


HAR DU EIN GRÜNDER I MAGEN? ME STILLER MED FØDSELSHJELPA. Medvind Næringshage tilbyr:

Medvind Næringshage legg til rette for nyskaping og vekst både for nye bedrifter og eksisterande næringsliv

• Starthjelp og rettleiing ved etablering av bedrift

Besøk oss på medvind-neringshage.no eller stikk innom!

• Bedriftsutvikling for små og mellomstore bedrifter

Du finn oss i andre etasje på Medvind-bygget i Ølensvåg.

kontakt Rita Fridfeldt mobil 95 93 22 38 epost rita@medvind-neringshage.no

• Kontorfellesskap blant meir enn 20 andre bedrifter og tilgang til møterom og kantine


#WHYISIT De som endrer verden, oppsøker ikke rampelyset. De er for opptatt med å finne innovative løsninger, De er de virkelige heltene !

Ein unge familie frå byen stor, vil flytta gjengen heim te na mor. De fant Berge sag, dei konne sitt fag. Nå har de bestilt et flott hus i Vindafjord. Beklager limericket - reklameavdelingen vår gikk litt lei av de samme frasene vi pleier å bruke;) For er det ikke dette det handler om? Når en stifter familie, kanskje med flere små så endrer tilværelsen seg. En vil bo nærmere familie og venner. Da er det godt å vite at du kan bruke oss som har vært der i mange generasjoner. Trygt og godt.

Arkitekt Camilla L. Thorsen Tlf: 98 22 93 38 camilla.thorsen@bergesag.no

Når du er ferdig med å pakke kofferten, så står vi klare med ett nytt hus til dere. Velkommen hjem! Husselger Nils Skålnes Tlf: 98 22 93 09 nilss@bergesag.no

www.bergesag.no 

1 • 2015

25


GRUNDEREN

FIRKLØVER LYKKAST Den eine har eit par gravemaskinar, den andre har kjøpt seg lastebil. Ein tredje driv med muring av piper og annan betongmuring. Fjerdemann har teknisk fagskule og papira som skal til for å kunna få sentralgodkjenning. Eit godt firkløver, skulle det vise seg. Tekst: Torleif Heggebø Foto: Meister Fotografi

Gründerane frå Sandeid og Vikedal kan sjå tilbake på over 18 gode år for entreprenørverksemda si. Her er tre av dei framfor den sist innkjøpte lastebilen - dagleg leiar Geir Bakkedal (t.h.), Rune Reimers og Jan Egil Søndenå. Hovudbilete: Mange av Vikedal Mur & Anlegg sine maskinar har den siste tida vore å sjå hos Fatland Ølen der dei er i full gong med utvidingar av slakteriet.

26

1 • 2015

Kalenderen viser året 1997. Denne sommaren bestemmer kameratgjengen frå Vikedal og Sandeid seg for å starta eige entreprenørselskap. Firkløver gir flaks og lykke, heiter det, og flaks handlar om å sjå og gripa dei moglegheitene ein får. Firkløveret bak Vikedal Mur & Anlegg (VMA), Geir Bakkedal, Rune Reimers, Kjetil Skogen og Jan Egil Søndenå, greip sjansen. Dei fire frå gamle Vindafjord er blitt til tolv. Over halvparten av dei tilsette har vore med så å seie frå starten. – Sidan starten i 1997 har me hatt jamt og trutt med arbeid i distriktet – i Vindafjord og Etne, innover mot Sauda og Suldal og utover mot Nedstrand, fortel to av gründerane, dagleg leiar Bakkedal og maskinførar, natursteinsmurar og mannen med papira, Søndenå. – Me har vore heldige med mykje og godt arbeid lokalt, noko som gjer at folka våre slepp stor reiseaktivitet slik mange av dei tilsette hos store entreprenørar opplever heile tida. Me kjem oss stort sett heim kvar kveld. Høg aktivitet hos lokale firma som Berge Sag og Fatland medfører ofte oppdrag for entreprenøren frå Vikedal. Offentlege og private byggefelt har fått si utfor-


Me har vore heldige med mykje og godt arbeid lokalt. 

Dagleg leiar, Geir Bakkedal

ulike jobbar i bedrifta. Bakkedal rosar engasjementet til dei tilsette. – Me må vera der når kundane treng oss, og me må kunne snu opp ned på planane når det trengst. Eit vassleidningsbrot til dømes, kan det ikkje planleggast for. Skjer det, så må me vera der på kort varsel. Med ein fleksibel arbeidsstokk har me greidd det til no, seier Bakkedal.

ming ved hjelp av mannskap og maskinar frå VMA. Det same gjeld mange skogsvegar i distriktet. – Dei største jobbane har me hatt i samband med bygginga av Ølmedal Kraft og Haugaland Kraft sine småkraftverk i Ølmedal og Nedstrand. Begge jobbane var i 20–millionarsklassen, og viste godt att i regnskapstala dei åra me heldt på. – På det jamne har me ei årsomsetning på 20 millionar kroner, noko me er godt nøgde med. Eg trur ikkje nokon av oss hadde tankar om anna enn å halda oss sjølve i arbeid den gongen me starta, men det er jo tilfredsstillande å kunna konstatera at me har etablert oss med ei stabil bedrift i ein tøff marknad, seier Søndenå. Konkurransen i marknaden var der på 90–talet òg, den gong som no. Spesielt i nedgangstider med færre jobbar tiltar konkurransen med tilreisande og større entreprenørar, men karane i VMA ser ikkje mørkt på konkurransen. Aktiviteten på det indre Haugalandet har vore stabil og god. Elles handlar det om å vera fleksibel – å vera tilgjengelege når arbeidsmengda er stor, og kreativ med tidsbruken i rolegare stunder. Fleire av dei tilsette kan nyttast til

VMA er ein allsidig entreprenør, som tar på seg små og store oppdrag i heile distriktet. Dei brøyter og strøyer med traktor og lastebil, feiar gatene med traktor og tilbyr leige av stillas og containarar. Dei tek på seg alt innan graving – det vera seg utgraving av tomter, opparbeiding av skogsvegar, grøfting og drenering og bygging av kraftanlegg. Eller dei kan tilby hand– og maskinmuring av natursteinsmurar. Transport og spreiing av naturgjødsel med eigne tankbilar driv dei òg med. – Her på Haugalandet er me ganske åleine med tankbilar for gjødselspreiing, og merkar at fleire bønder får augo opp for dette tilbodet. Årleg transporterer og spreier me rundt 50 000 kubikkmeter naturgjødsel i nærområdet og innover til Hardanger, fortel Bakkedal. Den eine av tankbilane til VMA kan på ein liten halvtime gjerast om til krane–, container– eller tippbil. Som tankbilar går begge for det meste i gjødseltransport, men kan og nyttast i andre samanhengar. – Tankane kan fyllast med vatn på fem-seks minuttar, og spreielengda gjer at me kan gjere nytte for oss både ved gras- og skogbrannar og brannar i hus og bygningar. Eg berre nemner det, om brannvesenet treng oss, seier Bakkedal. VMA kan tilby læreplassar innan anleggsmaskinførarfaget. Førebels har to lokale ungdomar gått læretida si i VMA – Morten Skeie frå Vikedal, og no sist Lars Erik Stangeland frå Ølen, som fekk fagbrevet sitt i sommar. – Det å ha læreplass og kunna jobbe i eit mindre selskap som VMA byr på mange fordelar. Me får varierte oppgåver, jobbar med fleire ulike maskinar og køyrety og lærer stort sett noko nytt kvar dag. Eg har det godt i VMA og satsar på å bli her lenge, fortel Stangeland. Det likar Bakkedal og Søndenå å høyra. Dei har ikkje fått nye spørsmål om å ta inn lærlingar, men etter å ha røynd to lokale ungdomar gjennom læretid – og no i fast arbeid – er dei klare til å ta imot nye, framtidige maskinførarlærlingar. – Tilgang på lokal arbeidskraft er viktig for VMA si framtid, understrekar dei to og røper at dei ser for seg mange nye år i bransjen. 

1 • 2015

27


BU I VINDAFJORD

Kor kjem du ifrå?

Eg er Vindafjording!

Til og med under overflata er alt såre vel i Vindafjord:)

· · · · · · · · · 28

Imponerande antal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag arbeider for å yta på sitt høgste nivå Levande bygder – der den enkelte er særs viktig 1 • 2015

vindafjord.kommune.no

Det er forskjell på folk blir det sagt Ikkje minst når dei skal svara på kor dei kjem ifrå. Nokon kan nesten ikkje venta med å seia det, medan andre fomlar etter dei rette orda og ser på skotuppane. Eg er frå Telemark, men bur i Vikebygd… Dei som er stolte av kor dei kjem ifrå svarar både høgt og tydeleg, og i presise ordelag. Dei ser i tillegg rett og slett irriterande fornøgde ut. Rake i ryggen er dei også.

Ein Vindafjording Ein kommune med 8.700 rakrygga? Tja. Kanskje ikkje alle, men me trur mange har gode grunnar til å vera stolte. Me forventar vel kanskje ikkje at så mange får tårer i augene når dei seier at dei er Vindafjordingar, men det er nokre gode grunnar til å få nettopp det.

Me ynskjer alle Vindafjordingar fortsatt gode dagar, og ynskjer nye velkomne.

VITAL OG SENTRAL

Vinnar skalle.no

Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:


Etne kommune Etne kommune Etne kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme kommune gjere gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere

MEKTIGE MEKTIGE OG OG MINNERIKE MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR NATUROPPLEVINGAR TRYGG TRYGG OG OG GOD GOD OPPVEKST OPPVEKST •• RIKT RIKT KULTURLIV KULTURLIV NÆRINGSLIV NÆRINGSLIV II VEKST VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur Etne kommune er omringa flott og variert naturtil og ligg sør i Hordaland fylke.avKommunen grensar og ligg sør i Odda, Hordaland fylke. Kommunen grensar Kvinnherad, Suldal, Vindafjord og Sauda, dertildei Kvinnherad, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste liggOdda, i Rogaland. tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne Dei fleste innbyggjarane Etnefor og Skånevik. Kommunen bur er eitrundt godttettstadene utgangspunkt og Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nåSkånevik. stader som Haugesund, Bergen, øyriket i å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i

Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Sunnhordland, og Ryfylkefjordane. I Etne kommuneHardangerfjorden kan du busetje deg i landlege Iomgjevnader Etne kommune kan du busetje deg i landlege med det du treng av butikkar og andre omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiservicetilbod i nærleiken. gode og velorganiserte kommunale tenesterDet forerinnbyggjarane. serte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalEtne kommune har eit stortformangfald samfunnet, der livskvalitet alle står ii lokalsentrum. samfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me Me ynskjer ynskjer deg deg velkommen velkommen til til kommunen kommunen vår! vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne ETNE • Postboks 5591 Etne Tlf. 53 KOMMUNE 75 80 00 • Faks: 53 75 54, 80 01 Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

trygg • raus • engasjert trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no  1 • 2015 29 www.etne.kommune.no


Hjemmefra, men ikke alene! Saltnesen: Onsdagslunsjen og ein god kopp kaffi på Saltnesen. Det er fjorten dagar sidan sist Bente Enge tok turen innom bakeriet. – Me skulle nok benytta oss av tilboda me har her i Etne endå oftare, meiner ho.

Campingen: - Det er campingen som blir oftast besøkt av oss. Det er god mat og alltid folk her, seier Rune og Synnøve Grindheim. Vebjørn (2) har ingen kommentar, men utfrå den konsentrerte tygginga å døma, godkjenner også han menyen.

Vil du være med og utruste morgendagens samfunnsbyggere? På Lundeneset jobber det mennesker fra mange yrkesgrupper. I tillegg til lærere, jobber det personer på drift, kjøkken, renhold og administrasjon. Vi kan tilby et inkluderende kollegafellesskap, der vi jobber sammen for elevenes beste For oppdatert informasjon om ledige stillinger til enhver tid: lvs.no/om/stilling-ledig

30

1 • 2015

11 restaurantar og kaféar på 4100 innbyggjarar. Knappe 380 etnebuar per serveringstad. Caffe Latte-kulturen har gode vilkår på landsbygda på Indre Haugalandet. Tekst og foto: Kari Aakra

Komle eller kebab, vegetarburger eller åkerring, club sandwich eller påsmurt heitevegg. Det skal ikkje stå på breidda. Variasjonen er gjerne noko av det kjekkaste med alle spiseplassane i Etne og Skånevik, nemner Sylvia Thør, for anledninga med ein kopp baristakaffi mellom hendene. Fugl Fønix Cafe, ein onsdagkveld. Saman med fem veninner har Thør tatt turen ut for middag med damene i kveld. Eller, gjerne meir anna, dei har tatt turen ut for drøs - og dessert. – Favoritten? Den endra seg nyleg frå milkshake til issandwich, konkluderer Anita Sørheim. Resten av gjengen har valt annleis; kaffi, brownies, eller ei flaske av Fønix sitt heimebrygg. Kaffien kan det i grunnen væra det same med, men ølutvalet er jo imponerande, meiner Anne Marte Paulsen, tilflytta Mosjøværing. – Som «utlending» har eg testa det meste av serveringstader her i bygda. Eg må sei eg blei overraska over tilbodet då eg flytta hit, seier Paulsen. – Men me er gjerne ikkje flinke nok til å bruka det. Det hadde vore eit sakn om det ikkje var her, legg Sørheim til.


Det hadde vore eit sakn om det ikkje var her. 

Anita Sørheim

Fønix: Maten er sjølvsagt eit trekkplaster. – Men me kjem litt for atmosføren også. Den er jo litt eineståande her på Fønix, seier Elisabeth Lunde (t.v) og Anne Marte Paulsen.

KAFÉKULTUR PÅ BYGDA Då Arnt Grindheim opna dørene til Rodin kafé i Etne i 1964, var det ikkje fritt for skeptikarar blant dei lokale gjestene. – Då dei kom innom for middag var det ofte ei unnskylding: at straumen var gått eller at kjøkken var under oppussing, fortel han. Det var ingen ut- og-et-kultur. I tillegg var det jo ein del framande rettar på menyen. «Kjips» for eksempel. – Eg trur faktisk me var dei einaste som selde pommes frites mellom Boknafjorden og Hardangerfjorden. Men «kjipsen» blei varande i Etne. I fleire former. «Pommes Fønix’en» er blitt ein kjendis på hotellmenyen. «Kaffi kl. 12?» Meldinga frå Bente Enge tikka inn til Wenche Ørnes på føremiddagen. Det er 14 dagar sidan dei to møttest over kaffi og påsmurt på «Saltnesen» sist. Terskelen for å gå ut å eta i Etne er blitt lågare, det var gjerne ikkje så vanleg tidlegare, meiner dei to. – Det går det litt i rykk og napp. Mellom Saltnesen, Fønix og Campingen. Det er viktig å bruka dette tilbodet når me har det, meiner Enge.

Dei møtest for drøsen sin del, det sosiale, kaffikoppen, og sjølvsagt matbeten. – Me har jo så mange gode alternativ om me vil ut å eta i Etne. Me går på saltnesen når me vil ha noko godt til kaffien. Middagen tar me på Campingen, seier Ørnes. Det er komletorsdag og ekstra bemanning på plass for nokre av dei travlaste timane i veka på kaféen på Etne Camping. Det sig jamt på med svoltne gjester utover ettermiddagen. Besteforeldre Rune og Synnøve Grindheim er halvveis i ein betre komlemiddag idet vertskapet førebur seg på det store torsdagsrushet. – Somme tider kan det vera greitt å «ha det svinte». Av og til stikk me innom for middag, og det pleier vera godt me folk her, fortel Synnøve. Utover campingmiddagane blir det ikkje så mange restaurantbesøk, då er det helst ved litt spesielle anledningar. – Men tilbodet me har i Etne er kjempebra. Me tenkjer nok ikkje over kor bra me har det på den måten, seier Synnøve medan, medan yngstemann i følgjet sørger for at nok ei komle (med masse ketshup) går unna på campingen.

U T O G E TA I ETNE? Halvfjordingen Åkrfjordtunet «Kroa» på Kyrping Etne Camping Senterkafeen, Etne Senter Go’ baksten Saltnes Fulg Fønix Restaurant La Mino Skånevik Fjordhotell/Englatrollets hjerterom Larsen Bakeri



1 • 2015

31


eit tv

Anette Lauareid Hovde Dagleg leiar Småfolk Barnehage

Foto: Fotograf

No rd

I dag er det eit vidaregåande tilbod både i Etne og Ølen, og mange bedrifter tilbyr læreplassar til ungdom. Tempo har spurt lokale næringsaktørar i distriktet følgjande spørsmål: 1. Kvifor er det viktig med ein lokal vidaregåande skule? 2. Kvifor er det viktig at lokale bedrifter tilbyr læreplassar?

1. Det å ha yrkesretta fag og studiespesialisering som gir moglegheit for høgare utdanning, i lokalmiljøet, er noko me som bedrifter vinne på i framtida. Elevar til utplassering gir oss eit godt høve til å presentere vårt fag og yrke, samt at elevane får presentere seg på ein god måte, med tanke på framtidig rekruttering. Det er viktig å kunne utdanne og behalde gode arbeidstakarar i lokalmiljøet. Det handlar om framtida til kommunen og bedriftene der.

Åse Vinjerui Berge Avdelingsleiar Fagbygg, Berge Sag

Foto: Kari Aak ra, M e

2. Eg ser på det som eit to år langt intervju, der me verkeleg får sjå arbeidstakar i praksis. Lærlingen får nytte høve til å legge inn ein god søknad til evt. framtidige ledige stillingar, og me som bedrift får høve til å forme og hente ut det potensialet som er viktig for den idealismen og visjonen vår bedrift står for. dv

ind

24

1. Det er viktig med gode lokale vidaregåande skular for at me skal få rekruttera lærlingar frå lokalmiljøet. Arbeidskrafta er sikrare når ho er lokal, difor er det også veldig viktig å behalda skulane her lokalt.

nd ela

Lars Hovda Dagleg leiar SMV

Foto: Astrid E.

Hje l

m

2.Når ungdommar veit dei har sjans på ein lærlingplass i lokalmiljøet vil det igjen føra til søknadar på lokale skular, som der igjen bidrar til å oppretthalda dei mange skuletilboda me har her. Varierte lokale læreplasser bidrar til eit breitt skuletilbod, med noko «for alle». Det er ein vinn-vinn-situasjon for skular og næringsliv.

1. Som forelder så er det viktig å ikkje sleppa taket på dei håpefulle når dei tar steget ut frå grunnskulen. Sett i lys av kor mange som ikkje fullfører vidaregåande utdanning er stikkord som trygghet, etablert sosialt nettverk og anledning til å bu heime viktig for å bidra til å gjere eleven meir robust for vidare utdanning. Som leiar ved SMV så meiner eg det er ein stor fordel for bedriftene å ha gode vidaregåande skular lokalt, vi ynskjer å rekruttera flinke folk frå nærmiljøet, det er då større moglegheit for å investere i og bygge opp kompetanse når medarbeidaren har nettverk og kjennskap til området.   2. For oss er dette svært viktig og ein del av framtida vår,  målsettinga er å ha 2-3 lærlingar kontinuerlig under opplæring innan forskjellige fag. SMV har lang erfaring som lærebedrift og det har vist seg at dei aller fleste lærlingane som kjem frå vårt nærområdet har utvikla seg til dyktige fagarbeidarar, tilført fornying blitt stabil arbeidskraft og etterkvart etablert seg med familie og heim, noko som er svært positivt for kommunane Etne og Vindafjord. 32

1 • 2015

BYGGJ Lars Inge Stødle (18) trivst som lærling hjå Brødrene Mæland Bygg og Betong i Etne. Arbeidsdagen er prega av godt humør og kort veg mellom lærling og læremeister. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi




LÆRLINGEN OG GAMLINGEN

Denne trikløveren har alle gode erfaringar med lærlingar i tømrarfaget. Ole Eirik Mæland (t.h) meiner han lærte mykje i læretida si hjå Lars Olav Bergsvåg (t.v) No er det han som er læremeisteren til Lars Inge Stødle.

ER GODE FAGFOLK – Noko av det viktigaste eg har lært er at det gode samarbeidet er viktig, at det lønner seg å gjere eit fint utført arbeid og ikkje minst ha eit godt miljø på arbeidsplassen, seier Lars Inge. Me møter lærlingen og læremeisteren Ole Eirik Mæland i eit byggefelt i Etne. Her er dei i ferd med å fullføre ein bustad dei har bygt for å selje vidare. Den nye eigaren er og komen på plass for å vere med på innspurten. Stemninga på arbeidsplassen er god, det er lunsjtid og latteren sit ikkje mindre laust då Ole Eirik sin eigen læremeister, Lars Olav Bergsvåg dukkar opp. Lars Olav er og tømrar og driv som mange andre som sjølvstendig næringsdrivande, Ole Eirik var den første lærlingen Lars Olav hadde. Etterpå har det blitt mange, blant anna bror til Ole Eirik, Anders Mæland. No har brørne tatt tradisjonen vidare og fått sin eigen lærling. – Kva trur du har endra seg mest sidan du byrja med lærlingar, Lars Olav? – Det viktigaste er vel at lærlingtilskotet har auka, og at ein no får eit eige stempel som lærlingbedrift som er nyttig å ta med seg i kampen om mange offentlege jobbar, meiner Lars

Olav og viser til at støtteapparatet rundt også er blitt større og tydelegare. Ole Eirik kan ikkje skryte nok av læremeisteren Lars Olav, han meiner læretida hjå den eldre tømraren var viktig for å lære seg faget, og ikkje minst mykje om både arbeidsmoral og korleis ein kunne handtere kundane på ein god måte. Som tømrar kjem ein ofte inn i privatlivet til folk, og det er ein kunst mange gonger å trø rett når ein kjem så tett på folk. – Og så fekk eg jobbe heile tida, eg slapp å berre gå rundt for å rydde, det var viktig, meiner Ole Eirik. Ole Eirik vart verande hjå Lars Olav eit par år før han og broren, Anders starta opp for seg sjølv. At dei skulle ta inn Lars Inge som lærling var litt tilfeldig, men noko Ole Eirik er veldig godt nøgd med at dei gjorde. – Han var interessert i å byrje hjå oss, eg trur det ofte er slik, at dei som står på får gode læreplassar. Det er kanskje og lettare å ta inn ein lærling ein kjenner. Noko Lars Inge kan bekrefte. 

1 • 2015

33


Fo to g

Foto: Meister

fi ra

Kjersti Granmo Nerheim Daglig leder, Fiskå Mølle

1. Det er viktig med et bredt lokalt tilbud i videregående skole slik at ungdommene våre kan gjennomføre den utdannelsen de ønsker i sitt lokale miljø uten å måtte pendle eller flytte heimefra. Et godt tilbud lokalt gir lavere terskel for å komme i gang med utdanning og større sannsynlighet for å fullføre.

Eg valde Mælandbrørne fordi eg kjende dei frå før, og eg likar at dei er unge. 

Lars Inge Stødle

Roar Knudsen Dagleg leiar Knudsen Dørfabrikk

fi ra

Foto: Meister

Fo to g

2. Lokale bedrifter trenger medarbeidere med kompetanse og fagbrev. Rekruttering gjennom å tilby læreplasser er positivt både for bedriften og lærlingene. Lærlingene blir svært godt opplærte og kjente i bedriften og bedriften godt kjent med en framtidig arbeidstaker. Tilgang på læreplasser er også viktig for å opprettholde søkermassen til videregående skole lokalt.  

 Asbjørn Aarekol  Dagleg leiar MCE

fi ra

Foto: Meister

Fo to g

1. Barna og ungdommane er framtida for bygdene våre. Om dei forsvinn, så går det galne vegen. Utdanning er viktig, og det er svært bra at ein har eit tilbod lokalt. Om me klarar å skapa gode miljø for dei unge lokalt, så håpar eg at fleire av dei blir verande. Samfunna me bur i må vera mest mogleg ”komplette” for å vera attraktive for folk i alle aldrar, og VGS er ein viktig del av dette. Dei vidaregåande skulane er også viktige arbeidsplassar for godt utdanna folk, og difor viktige for sysselsetjinga i kommunane våre. Læreplassar er ekstremt viktig. Bedriftene som har lærlingar er med å tek ansvar for framtida til kommunane våre. Det verkar som om det omsider har gått opp eit lys for fleirtalet av politikarane no – dei byrjar omsider å innsjå at lange utdanningar ikkje er løysinga for alle. Mange er skrudd saman slik at dei trivs best med praktisk arbeid – då tenkjer eg at samfunnet må bli flinkare til å setja pris på alle praktikarane. Det er ikkje slik at ein ”berre har eit fagbrev.” Det finns haugevis av høgt utdanna folk som ikkje klarar å slå i ein spiker, så ver stolt av fagbrevet ditt!

1.  Viktig at ungdommene får et lokalt tilbud, som gjør at de kan bli boende på hjemstedet sitt.  Det er ikke alle i aktuell alder som er modne nok til å flytte på hybel.  Viser seg ved en del anledninger at å bo under samme tak som foreldre noen ekstra år, gjør godt.  En god lokal skole, viser at en ikke trenger å tro at det alltid er de andre som får det til.  Vi får det til vi også. Det gir aktivitet i nærmiljøet, og arbeidsplasser. 2. En tror på at dersom en lokalt kan lære opp ungdommer, så lærer en opp fremtidige kandidater til våre stillinger.  Det er ikke så enkelt å få utenforstående til å slå seg ned i bygdene våre.  Klarer vi å utdanne de lokale, så kan de slå rot, og kan bli stabil arbeidskraft i mange år fremover. Det er også her viktig å vise at vi også lokalt får til noe, og at kandidater kan finne ut at trygge arbeidsplasser også befinne seg i  små lokalsamfunn. 34

1 • 2015

– Eg valde Mæland-brørne fordi eg kjende dei frå før, og eg likar at dei er unge, eg tykkjer det er lettare å ha dialog med folk som ikkje er så mykje eldre enn meg sjølv. Og det er kjekt å kunne ha ein lokal læreplass, for å skape noko her i Etne, meiner Lars Inge. No er dei totalt fire tilsette i byggefirmaet Brødrene Mæland. Medan Ole Eirik og Arve Ribesen i stor grad arbeider med betongarbeid og forskaling, tar Anders og Lars Inge seg av tømrararbeidet. I tillegg har dei ein fast innleidd tømrar. Lars Inge har fått godt innsyn i både tømrar – og betongarbeid gjennom læretida. I stor grad tar dei på seg bygging av hus, hytter, påbygg og restaurering. Framleis er dei for små til å ta på seg større bygg. Etneguten Lars Inge har alltid hatt interesse for tømrar-faget, han har halvanna år att av ei læretid på fire år. No gler han seg til å få fagbrev. – Eg kan godt tenkje meg å fortsetje i bedrifta etterpå viss det er mogleg. Det er ein god arbeidsplass med eit godt samarbeid, det er flinke folk, og dei bur jo berre nokre hundre meter frå meg, eg likar det, smiler Lars Inge. Både Lars Olav og Ole Eirik meiner det er god rekruttering å ta inn lærlingar. Ein får vere med å forme gode handverkarar som er verdifulle for bedrifta. Begge to har lyst til å utvikle næringa i Etne, medan den eine har lang erfaring med å ta inn lærlingar er den andre så vidt byrja, men kan godt tenkje seg å ta inn fleire. Eit hjartesukk for å styrke tømrarfaget har dei uansett. – Det er ikkje allverda med ledige tomter i Etne, det kunne me godt hatt fleire av, slår dei fast.

NAMN: Lars Inge Stødle Alder: 18 år OPPVEKST: Etne SKULE: Ølen vgs Lærling sidan: 2013


HELGELAND

Rustar oss for framtida Trass tøffe tider i marknaden, er me i Westcon optimistar. Me veit at det vil koma nye oppdrag å kjempa om. Desse jobbane skal me vinna. Oppskrifta er enkel: Me skal ha dei klokaste hovuda, dei beste anlegga og dei leiande systema. Me satsar derfor stort på kontinuerleg forbetring av verksemda vår, også i tider med motvind.

ÅLESUND

FLORØ

STORD ØLEN HAUGESUND KARMSUND STAVANGER

Westcon investerer no i verftsanlegga våre i Florø og Ølensvåg. Mellom anna tek me i år i bruk verdas største maskin for bøying av røyr, ein kraftplugg som både styrkjer konkurransekrafta vår og gjev verksemda eit ekstra bein å stå på.

westcon.no

iversenskogen.no

TAKST FRA TVEIT på bolig, hytte, tomt, landbruks- og næringseiendom

En verdivurdering er helt avgjørende ved salg, arveoppgjør, finansiering eller for å få riktige lånebetingelser i banken. Våre lokalkjente takstmenn er utdannet og sertifisert gjennom NTF (Norges Takseringsforbund) og NITO Takst. Se www.tveit.no eller ring oss på 52 76 71 00 for å bli satt i kontakt med en takstmann som kjenner ditt område.

Alt har sin sjarm og verdi



1 • 2015

35


FIKSE

E T N E O G V I N D A FJ O R D NÆRINGSUTVIKLING

— av og for næringslivet A1 Grafisk Idé Etnemarknaden Promineo ABC Studio Fatland Ølen Rafdal Våpen Advokatfirmaet Responsa Felleskjøpet Etne Rema 1000 AF Offshore Decom Fikse Renhold RK Eiendom Alfee Filter Design & elit. Kommunikasjon Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing Suspendisse adipiscing dui Rodin id lacus tristique Arcus-Vita Fiskå Mølle Etne Sandvik Gard Eigedom imperdiet. Curabitur consequat felis. Duis vulputate in semper Arne Markhus nec Transport Fjoshall mi et nulla egestas congue. SkakkeEtiam Foredling Arriva Shipping Frette-garden Skånevik Fjordhotell metus. Nullam id justo in erat sodales interdum. Ut id eros sed lacus rhoncus tempor. Arrow Norway Frisk Treningssenter Skånevik Naturoppleving Baardsen Eurosko Frønsdal Aktivitetsgard Skåneviknett Berge Sag & Trelast Frøymag Consulting Skånevikstrand Maskinstasjon Brødrene Flatebø Fugl Fønix Ateliér SMV Byggfirma Kjetil Nedreskår Fugl Fønix Etne Småfolk Barnehage Catering Service Halvfjordingen Stretch Leadership Cateringpartner Hansen Transport Strømø Møbel & Interiør Hato Holding Tungesvik Bygg Lorem ipsum Connect dolor sitVest amet, consectetur adipiscing elit. Lorem ipsum dolor sit Coop Prix Etne Hatteland Computer Tungesvik Prosjekt Suspendisse adipiscing dui id lacus tristique imperdiet. amet, Deloitte Advokatfirma Hatteland Display Tveitconsectetur Regnskap Eliara Haugen Consulting Haugaland Kjøleservice Vakt & Curabitur nec consequat felis. Duis vulputate mi et nulla adipiscingAlarm elit. Eljaravik Gard Helgevold Elektro VBS Consult egestas congue. Etiam in semper metus. Nullam id justo in Erik Grindheim House of Blues Vee Bygg & Anlegg Ernstinterdum. S Grindheim Entr. Hundhammer Transport Vinnarskalle erat sodales Suspendisse adipiscing dui Etne 8 Eiendom Joakari Mat Prat Bar Vitalsenteret id lacus • Ut id eros sedEtne lacus rhoncus tempor. Auto Johansen Rør Vitustristique Apotek imperdiet. Johs Lundal & Sønner Westcon Power & Automation • Ut sagittis a Etne erat Betong et malesuada. Etne Bondelag Knudsen Dørfabrikk Westconnec Yardsconsequat Curabitur • Etiam gravida a risus venenatis, Krambua vitae hendrerit Etneaugue Camping Bensin & Storkiosk Willi & Vera felis.Ølen Betong Containerservice Kyrping Camping augue Etne adipiscing. Etne El-lag LA Løvereide Ølen Holding • Vestibulum eget dignissim dui. Etne Elektrosenter Lars Olav Bergsvåg Øyane Asvo Duis vulputate mi et nulla Etne Forbruksforening LJTR Eigedom Åkrafjorden Oppleving • Quisque lacus tortor, dictum ut egestas vel, euismod ut Etne Frisør Marine Harvest Norway Åkrafjordtunet egestas congue. Etiam in quam. Sed lobortis nulla massa, quis dapibus leo Etne Hagesenter MCE Åsbø Sanddrift semper metus. Nullam id Etne Medvind Næringshage vestibulum eu.Kulturhus Etne Moteklær Byoung Montér Etne justo in erat sodales Etne Sand & Pukk Nortura interdum. Partnarar: Etne Senter Flatebø Maskin Sed quis massa justo. Integer luctus, nequeOddvar vitae vulputate Etne Sparebank Etne Sentrumsforening Oland Haugesund Sparebank scelerisque,Etne semServicesenter dolor faucibus turpis, sit amet pellentesque Old River Saloon SR-Bank Omega nisl mauris nonAlliance neque.+

TITTEL ANNONSE

/ F i /kEtneVindafjord s e E t n e V i n d a fj o r d

Tempo 2 2015 Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vinda...

Advertisement