__MAIN_TEXT__

Page 1

#fjelltur #trolltunga #preikestolen #hardangervidda #fossfjordogfjell #røldalskisenter #langrenn

UNGE BØNDER

SOM SATSAR

LEVANDE KRAFTHISTORIE

HYDRO RØLDAL - SULDAL

PORTRETTET

SVEIN MYRHEIM

RØLDALSMARKNADEN

23. – 25. JUNI 2017

2017

Røldalsmagasinet


frå leiinga

Vyrde Godtfolk! Då er me straks klare for ny utgåve av Røldalsmarknaden, i år også med ny profil. Det er ikkje noko sjølvfølge at slike marknadsarrangement har livets rett, og me ser at det tynnes i rekkene rundt om i landet. Men, det er som med alt anna, klarer ein å halde koken og levere eit produkt som folk og utstillarar er nøgde med, så kan ein halde det gåande stort sett så lenge ein vil. Akkurat det har me klart i Røldal, mykje takka vere flinke folk i styret og bygdafolket som stiller opp på dugnad år etter år. Me er stolte over marknaden vår, og me ser at det skapar engasjement, tilhøyrsle og ikkje minst midlar til dei frivillige organisasjonane som er med å skipar til Røldalsmarknaden. Med rekordstor påmelding av utstillarar kan me i år tilby eit endå betre vareutval for publikum. Det håper me de merkar når de kjem på besøk. Nytt av året, og noko som garantert vil merkast, er det nye dekket på Idrettsplassen. Med ny kunstgrasbane, og asfalt rundt denne igjen, så vil forholda for både utstillarar og publikum bli mykje Versjon 1 år, og er glade for at denne utfordringa betre. Me har slitt med støv og sand i mange no er ein saga blott.

Redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland

Journalist: Judith Sørhus Litlehamar

Redaksjon: Maria Djuve Vågen

Designar: Terje Hodne

Designar: Marianne Ågotnes

Designar: Erich Monteiro

Filter design & kommunikasjon

Fotograf: Mikkel Meister

Me ønsker alltid å fornya oss, og ein anna ting som er nytt i år den grafiske profilen til marknaden. Monica Hansen i Mokka design har laga vår nye logo, som me synest vart Versjon 2 rett så kul. Røldalsmarknaden er ein tradisjonsmarknad og folkefest for heile familien. Tre dagar spekka med handel, kultur, aktivitetar, fest og moro. På kveldstid kan Røldalsgarasjen skilta med blant anna Noregs meste omtala mann for tida, Leif Einar Lothe, alias Lothepus. Med fullt band tipper me at laurdagskvelden på Garasjen vil lukta av dynamitt. På fredags kvelden har me tradisjonen tru humorshow/revy på Grendahuset. Og i år er det revyen «3 Visne menn og ei solstråle» som står på plakaten. Få elles med deg fullt program her i magasinet, eller på våre nettsider roldalsmarknaden.no og på FB.

Prosjektleiar: Vidar Lund Utgjevar: Røldalsmarknaden

Då håper me så mange som muleg vil ta turen til Røldal denne helga, og ynskjer dykk velkommen til flotte marknadsdagar.

Filter design & kommunikasjon står for konsept, utvikling og produksjon av magasinet, i samarbeid med Røldalsmarknaden.

For Røldalsmarknaden og styret

Jostein Skeie Styreleiar

Magasinet blir distribuert i kommunane Odda, Ullensvang Herad, Sauda, Suldal, Vinje og Jondal, Vindafjord, Etne.

Vidar Lund Koordinator

Opplag: 15.500 Trykk: Haugesund bok & offset Framsidefoto: Meister Fotografi

innhald

2 leiinga 10 Den viktige Røldalsmarknaden dugnadsgjengen i ny drakt

18 Portrett: Svein Myrheim

3 program Kva skjer under

13 Kommentar : 23 Drypp frå Oddvar Bratteteig programmet på

5

15 Lange kraftlinjer 26 Tar pulsen i Røldal på Røldal

2

marknaden?

Unge bønder som satsar

røldalsmagasinet 2017

marknaden

30 Stiller ut på marknaden 31

Utstillarliste


les meir om

Program

programmet s. 23-25

Fredag 23. juni

13.00 Topptur på ski (Obs! Vær- og føreforbehald) 200,- / Sjå nettside for info! 20.00 Revyen «3 visne menn og ei solstråle» Grendahuset hoopla.no el. døra (Rabatt på nett) 22.00 Dans med Markhus & Rullestad duo Grendahuset hoopla.no el. døra (Rabatt på nett) 20.00 Røldalsgarasjen opnar Røldalsgarasjen 22.00 Dans med bandet «Sølvsuper» Røldalsgarasjen 200,- (Bill.i døra) Lørdag 24. juni

10.00 Utstillingane opnar Marknadsplassen 100,-/50,-/0,10.00-17.00 Ravnafloke - Aktivitetar for born Marknadsplassen Inkl. i billett 10.00-17.00 Ansiktsmåling for born Marknadsplassen 100,- pr. ansikt 11.00-17.00 Helikopterturar med Airlift (Obs! Vêrforbehold) Frå Seimsbøen 8 min. 500,- pr pers 12.00-15.00 Omvising i kraftstasjonen Krafstasjonen (Oppm. v/ kraftstasjon) Gratis 12.00 Offisiell opning av marknaden ved Reidar Sandal Marknadsscena Inkl. i billett 12.10 Kåring av årets Facebook marknadsførar! Marknadsscena Inkl. i billett 13.00 Konsert med «Folkelokk» Marknadsscena Inkl. i billett 15.00 Minikonsert med «Røldalskameratane» Marknadsscena Inkl. i billett 15.15 Minikonsert med «Tuva Lutro» Marknadsscena Inkl. i billett 16.00 Auksjon på Skysstasjonen Skysstasjonen Gratis 17.00 Utstillingane stenger Marknadsplassen 20.00 Røldalsgarasjen opnar Røldalsgarasjen 22.00 Konsert med «Lothepus & Band» Røldalsgarasjen hoopla.no el.døra (Rabatt på nett) Søndag 25. juni

11.00 Gudsteneste i Røldal Stavkyrkje Røldal Stavkyrkje 11.00 Utstillingane opnar Marknadsplassen 100,-/50,-/0,11.00-17.00 Ravnafloke - Aktivitetar for born Marknadsplassen Inkl. i billett 11.00-17.00 Ansiktsmåling for born Marknadsplassen 100,- pr. ansikt 12.00-16.00 Helikopterturar med Airlift (Obs! Vêrforbehold) Frå Seimsbøen 8 min. 500,- pr pers 13.00 Konsert med «Ølen Munn & Spel» Marknadsscena Inkl. i billett 14.00 Bygdevandring med Oddbjørn Lynghammar Frå Marknadsscena Inkl. i billett 15.00 Avslutningskonsert med Åsmund & Ingvild L. Nordstoga Marknadsscena Inkl. i billett 16.00 Kåring av beste stand 2017 Marknadsscena Inkl. i billett 16.30 Trekning av Marknadslotteri Marknadsscena Inkl. i billett 17.00 Røldalsmarknaden 2017 stenger Marknadsplassen Praktisk informasjon Opningstider, Marknadsplassen: Laurdag: 10-17. Søndag: 11-17. Billettar, inngong: Vaksen nok 100,- / Born 6-15 nok 50,- / Barn under 6 år gratis. Parkering: Nok 30,Uttak kontantar: Minibank på Grendahuset Elles, all info på www.roldalsmarknaden.no

kontaktinformasjon Røldalsmarknaden Bygdavegen 19 5760 Røldal

post@roldalsmarknaden.no Vidar Lund, Marknadskoordinator vidar@roldalsmarknaden.no 934 58 889

Jostein Skeie, Styreleiar josssi95@gmail.com 976 07 280

www.roldalsmarknaden.no røldalsmagasinet 2017

3


HONDA GRESSKLIPPER

14.990,-

IZY HRG 466 SK

Hondas mest solgte bioklipper! Oppsamler følger med som standard, slik at du kan velge den klippemetoden som passer deg og din hage best - bioklipp eller oppsamling. Ordinærpris 6.495,-

+ installasjonssett. inkl. mva.

HUSQVARNA AUTOMOWER® 310

5.990,- * *kampanjepris inkl. mva.

Den både klipper og lader automatisk og passer for arealer opptil maks 600 m². Når batteriet trenger opplading returnerer klipperen til ladestasjonen, lader og fortsetter deretter klippingen.

HUSQVARNA RIDER 214 TC Kraftig Rider med tosylindret motor og 94 cm klippeaggregat med førsteklasses BioClip® og bakutkast. Egnet for hus- og hageeiere som krever høy effektivitet, brukervennlighet, god manøvreringsevne og komfortabel kjøring. Oridinærpris 40.700,-

HUSQVARNA AUTOMOWER® 315

34.990,-*

En helautomatisk plenklipper laget for mindre eller mer kompliserte gressflater. Kompakt, stilig og egnet for plener på opptil maks 1500 m².

*kampanjepris inkl. mva.

17.995,+ installasjonssett. inkl. mva.

ROGALANDS STØRSTE SNØSCOOTER OG ATV FORHANDLAR FOR KVALITET OG TRYGGHET

Kjøretøyet er påmontert ekstrautstyr.

Kjøretøyet er påmontert ekstrautstyr.

**

UTSTYRSKAMPANJE - KR. 6.000,TRAKTOR REGISTRERT

OUTLANDER T3

BLI KLAR FOR VÅREN! Skreddersy din nye CAN-AM med tilbehøret til en ny årstid. Kjøp deg ny Can-Am Traxter eller ATV** nå og få gavekort på originalt Can-Am utstyr!

Fra 75.600,- inkl. mva.*

* Leveringsomkostninger tilkommer. ** Kampanjen varer ut Røldalsmarknaden 2017 og gjelder utvalgte modeller.

TRAKTOR REGISTRERT

TRAXTER

Fra 155.900,- inkl. mva.*

VÅRE KONTAKTPERSONER PÅ RØLDALSMARKNADEN GEIR BAKKA

WERNER BAKKA

Mobil: 982 85 535

Mobil: 982 85 536

www.mogedal.no | Telefaks: 52 79 25 31


Satsar på gardslivet Det spirer og gror i Røldal. Ina Ekkje og Olav Juvet er unge bønder som har flytta heim for å satse.

Ina Ekkje og sonen Sverre Elias synest det er triveleg å ha dyr å stelle med.

røldalsmagasinet 2016

5


burde kanskje få nokre “ Me aktivitetar her som gjer at dei ikkje reiser med ein gong dei er ferdige i skitrekket.

Ina Ekkje

Ina Ekkje er odelsjente og ynskjer å satse på garden i Røldal.

Ina Ekkje og mannen Ola Juvet har flytta heim til Røldal saman med familien.

Sanna Elin (5) og Sverre Elias (7) spring så fort dei kan over tunet. Ute på trappa ligg kvar deira kjeledress og fjøsstøvlar og ventar, dei er på veg bort til fjøset, men før dei rekk fram er dei omringa av ein god gjeng med koppelam. Godt selskap gir mykje liv på tunet. – Det er fint for barna å vekse opp her, me hadde det fint i Stavanger og, men det er friare her, seier Ina medan ho mildt påpeikar at det går jo an å rydde etter seg på trappa, litt i alle fall. – Her kan ein sleppe barna meir fritt, alle held eit auge med alle her. Småbarnsfamilien bur midt i bygda Røldal, på Prestgarden, nesten vegg i vegg med den tradisjonelle stavkyrkja. Her har dei flytta inn i Ina sin barndomsheim, medan foreldra hennar har flytta nokre få meter over i eit folgehus på tunet. Det er framleis far til Ina som driv garden der dei har 65 vinterfôra sauer og 10 kasjmirgeiter. Han dreiv også som geite – og mjølkebonde i mange år. Planen er at Ina blir den nye bonden, det er ho som er odelsjente her, og det er ho som alltid har drøymt om å kome heim for å overta. At Olav også er frå bygda, og heller ikkje er framand for tanken har gjort det heile mykje enklare. – No er jo du blitt meir og meir engasjert i dette, seier Ina og

6

røldalsmagasinet 2017

kikkar bort på Olav. Det er om lag eit år sidan flyttelasset gjekk frå Stavanger til Røldal. Oljekrisa og nye usikre jobbmoglegheiter gjorde valet enkelt, og flyttinga vart noko tidlegare enn dei hadde planlagt. – Me har alltid sagt me skal heim før eldstemann byrjar på skulen, og plutseleg kom den dagen tettare på. Då var det ikkje så mykje å lure på, fortel Olav. – Eg saknar jo byen og tilboda der somme gonger, men det er godt å kome heim, meiner Ina. I dag studerer Ina pedagogikk i tillegg til at ho arbeider deltid som lærar på Nesflaten, Olav har fått jobb i Mesta. Framover er draumen at iallfall den eine kan vere heime og ta ut si inntekt på garden. – Eg hadde så store draumar då me flytta heim, eg skulle starte med gardsbutikk, selje lokale produkt, sy eigne klede av ulla frå kasjmirgeitene, det var ikkje måte på, fortel Ina engasjert. – Men etter kvart så har eg landa litt, dette må me bygge stein på stein, me må vere litt realistiske og. No har me tenkt at me byrjar litt smått med å ta ein del av bukkekjøtet tilbake frå slakteriet og foredlar pølser av det. Det blir spanande


Familien er glad i aktivitet - både inne og ute.

å sjå om folk vil ha det, så får me sjå kva me får til. – Me har no allereie fått inn nokre bestillingar, så det blir spanande. Ina brenn for lokal og kortreist mat. Ho skulle gjerne sett at det vart laga endå meir av det, både på Røldalsmarknaden og elles i bygda. – No har dei jo hjortetallerken på marknaden, kva med ein geitetallerken i tillegg? Dei hadde jo kjea–kjøt før, kanskje det hadde vore noko å prøvd igjen? Paret er ikkje i tvil om at Røldal i dag er meir ei reiselivsbygd enn det er ei landbruksbygd. Likevel må ein satse litt viss turistane skal bli i bygda nokre ekstra dagar. – Me burde kanskje få nokre aktivitetar her som gjer at dei ikkje reiser med ein gong dei er ferdige i skitrekket, slår Ina fast. – Kva med ein fleirbrukshall, klatrevegg eller symjebasseng? Og så håpar eg ein får sving på pilegrimssenteret, det hadde gitt oss både fleire turistar og truleg nokre arbeids-

plassar, meiner ho. Dei er klare på at skal barnefamiliane kome heim må det vere tomter eller tilgjengelege hus, og sjølvsagt jobb til begge to. – Mange pendlar ut av bygda, og det går sjølvsagt an, men det hadde vore kjekt å fått endå fleire arbeidsplassar her me bur, slår dei fast. Sanna Elin og Sverre Elias er på veg inn i bilen. Dei skal vise oss Ekkjevika som ligg idyllisk til ved Røldalsvatnet. Det er her kasjmirgeitene held hus og nokre av sauene som har dei eldste lamma. Eit nytt og moderne kraftverk er bygd på garden, då det skulle reistast måtte det gamle fjøset rivast. No er det sett opp eit nytt, også dette i same stilen som kraftverket. Inne står 10 kasjmirgeiter som har fått nokre nydelege kje som er lette på foten. Ina og familien driv denne garden saman med Prestgarden der dei bur. Geitene hevar hovudet når me kjem inn, dei veit så altfor godt at det brukar å vere mat å

få på denne tida. – Jo, dei er flotte. Men hadde me visst kva lynne det er på dei geitene trur eg ikkje me hadde kjøpt dei. Dei kan vere tøffe med kvarandre, seier Ina og ristar litt på hovudet. – Men no skal me no prøve, målet er at me skal få dei til å bli litt spake og mildare etter kvart, seier ho og smiler. – Veit de at alle geitene har namn?, undrar Sanna Elin og Sverre Elias. Til og med norrøne namn har geitene fått, fortel foreldra og ler. – Der er Loke, Vilje og Ve, seier dei to små avløysarane medan dei spring mellom gardane med sauer og geiter. Dette er noko heilt anna enn å springe på asfalt i byen.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Meister Fotografi

røldalsmagasinet 2017

7


Hydro er nest største produsent av vasskraft i Noreg, verdsleiande på aluminiumproduksjon, og har ambisjon om å verta karbonnøytralt i 2020 og vera leiande på teknologi. Ønskjer de å treffe oss, er me ved Røldal kraftsstasjon laurdag 24. juni kl. 12.00-15.00 – der vil det vera omvisning for dei som ønskjer.

Hydro Energi Røldal-Suldal

www.hydro.com

- når du vil realisere hus- eller hyttedraumen!

Tungesvik Bygg

Me har erfaring med prosjektering, produksjon og oppsetjing av hus og hytter sidan 1974. Dette gjer oss til det naturlege valet for deg som vil realisere draumen - anten det er på fjellet eller ved sjøen. Me bygger blant annet: • i Langedalen/Solfonn, Odda kommune • i Hordadalen/Røldal, Odda kommune • på Vågslid, Vinje kommune • på Molnes, Etne kommune

• på Ænes, Kvinnherad kommune • på Espenes, Sveio kommune • på Kaldestad, Kvinnherad (boligtomter)

Du er alltid velkommen til ein hus- eller hytteprat hos oss! Ta kontakt på tlf. 975 20 815 for meir informasjon.


al

vande bygd i vekst!

adsign.no

Din lokale rørlegger

S N E I L I M A F E L I ! HE K K I T U B T T I R O FAV

Hotell - Leiligh Ferie & Fritid - Gru Hordatun Hotel,

Tlf. 95 95 11 11

e-post: book

STORT UTVAL I NY BUTIKK! PÅ VEG TIL ELLER FRÅ RØLDALSMARKNADEN? Kom innom for ein god middag og dessert. Dersom du vil overnatte hos oss er du hjarteleg velkommen. Tlf. 91318271 - rullestad.org

Velkommen innom

Norges einaste garveri!

5760 RøLd

MURME LANDBRUK, HUS, HAGE, KJÆLEDYR, JAKT, LEIKER OG MYKJE MEIR...

EIGE FABRIKKUTSALG FOR SKINN OG LÆR VELKOMMEN TIL

OPEN DAG

10. JUNI 2017 KL. 10

Bjoavegen 187, 5582 Ølensvåg - granberggarveri.no

Sv

Velkomen til FK Etne REhAb

FK BUTIKKEN ETNE · Tlf: 53 77 11 30 · OPE: 8-18 (9-15)


Dugnadsgjengen – Utan eldsjelene forsvinn Røldalsmarknaden, meiner Kati Must Nybø og Marit Sandal. Det er ikkje få dugnadstimar som blir lagde ned for å arrangere den tradisjonelle marknaden.

– Det er mykje å halde styr på, men det er veldig kjekt, seier Kati Must Nybø (38) medan ho landar på ein benk inne på grendehuset. Med gard, ekstra jobb i tillegg, lemming og tre aktive barn i heimen skulle ho gjerne hatt nokre fleire timar i døgeret. Kati er opphavleg frå Estland, etter mange år på Nesflaten i Suldal flytta ho og familien til garden Lono i Bratlandsdalen i 2012. Eit val ho aldri har angra på.

10

røldalsmagasinet 2017

Kvardagen i mindre bygdesamfunn fører også ofte mange verv med seg. – Men eg likar jo dette, det er kjekt å få til noko saman med andre. Det er ein god plass for innflyttarar som meg å bli kjende med andre i Røldal. Å gå på dugnad er sosialt, slår Kati fast, no er ho inne i sitt tredje år i marknad–styret. Det er sju organisasjonar som er representert i marknad–


Marit Sandal og Kati Must Nybø er klare for årets utgåve av Røldalsmarknaden. Snart er vaktlister og køyreplanar under kontroll.

Marit Sandal (t.v) har lang erfaring frå dugnadsarbeid til Røldalsmarknaden, Kati Must Nybø er innflyttar og meiner dugnadsarbeidet er ein god sosial arena, der ein blir kjende med mange nye.

styret. Kati er valt inn for Røldal Sau og Geit, dei andre laga er pensjonistlaget, Røde Kors, ungdomslaget, idrettslaget, skyttarlaget og reiselivslaget. – Marknaden er viktig for laga våre, her legg me som medlemmer ned dugnadstimar, og så får laga betalt. Det er ei god ordning. I tillegg er og skulebarna med frå 5.klasse, dei tener og litt pengar, som kjem godt med til skuleturane dei skal på, fortel Kati. – Kjekt og nyttig at dei og ser at det ligg mykje arbeid bak slike arrangement som Røldalsmarknaden. Marit Sandal (79) er også komen til grendehuset for å fortelje om innsatsen som ligg bak marknaden. Med mange år bak seg på kjøkkenet der ho sto fast med grautgrytene har ho lang erfaring. Sidan 2012 har ho også vore med i marknad– styret. Ho representerer pensjonistlaget i styret, eit sprekt lag som ikkje minst stiller som vakter på arrangementet Tre visne menn og ei solstråle under årets marknad. Ho fortel at styret set opp vaktlister, ringer til dei som ein treng ekstra for å få vaktene til å gå opp og distribuerer informasjonen.

Det er mange detaljer som skal på plass før kabalen er lagt. – Kva kjenneteiknar desse eldsjelene som stiller opp år etter år? – Eg trur det må vere friske og sterke folk med godt humør, dei må like å gjere ein innsats. Og så er det mykje ein må tenkje på når ein skal lage vaktlister, til dømes er det viktig å alltid ha ein sterk mann på vakt, som kan røre i dei tunge grytene. Det er mykje me ikkje tenkjer over at me gjer, det meste går av seg sjølv, meiner Marit. – Det er mange postar å få folk til, her treng ein både kjøkkenvakter, parkeringsvakter og nattevakter. Kvar vakt er på 4,5 timar. Somme ringer faktisk for å klage viss dei ikkje står lista, og det er mange hyttefolk som også ynskjer å gjere ein innsats, fortel den spreke pensjonisten. – Likevel ser me jo at det på mange måtar er eit generasjonsskifte på gang, meiner Kati. Dei unge er kanskje ikkje så lette å få til å stille som den eldre garde. Marit meiner matkulturen, dei tradisjonelle og gode oppskriftene og måltida ein samlar seg rundt er noko av det

røldalsmagasinet 2017

11


er mykje “ Det me ikkje tenkjer over at me gjer, det meste går av seg sjølv.

Marit Sandal

Damene frå dugnadsgjengen gler seg over ny idrettsplass med asfaltdekket rundt.

aller viktigaste på marknaden. Her får ein tradisjonelle kludder, smørgraut, grillmat eller ein ekte hjortetallerk. Heile 225 kilo med sommar–kotelettar blir servert under dei hektiske marknadsdagane. – Det er heilt sant, meiner Kati og legg til at ho gjerne skulle sett endå meir av kortreist og lokal mat på marknaden. – Tenk, her kunne du kokt dravle, seier ho og kikkar bort på Marit som nikkar. Det hadde vore noko det. Kati og Marit viser oss den nye idrettsbanen, der marknaden har vore med å sponsa asfaltdekket rundt. Den nye marknadsplassen blir enklare å halde rein, og betre for

12

røldalsmagasinet 2017

utstillarane, trur damene. Dei er også samde om at Røldalsmarknaden er ein god måte å vise fram bygda på, det er mange som kjem heim igjen og som besøkjer Røldal denne helga. Målet må vere at marknaden kan rekruttere endå fleire, både av fastbuande og turistar. Dugnadsgjengen har aldri talt på arbeidstimar, det hadde blitt for mange. – Rigge–gjengen står på ei veke før marknaden, og nokre dagar etterpå. Me andre har det mest hektisk rett før og under marknaden. Men det er mange møter og mykje planlegging før marknadsveka kjem, fortel Kati. – Det blir i alle fall ikkje marknad utan

dugnadsgjengen, det er heilt sikkert. Heldigvis er dugnadsanda her framleis sterkare enn mange andre stadar, slår dei to damene fast.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Meister Fotografi


kommentar:

Reiseliv i vekst

Foto: Privat

Røldal - den beste plassen ein kan bu Kjent for store snømengder, flott natur, ski utvikla eit produkt som endrar behov og av Røldal og området framover. og turmoglegheiter i verdsklasse. Og ikkje etterspurnad heile tida. Då landar me og Røldal Skisenter er primusmotoren på minst, alle dei flotte sjelene som bur her! på planar som kan gjennomførast og ikkje vinterstid. Men ein motor, består av mange Røldal er ei fjellbygd som no lever mykje av berra hamna på teiknebrettet og aldri bli deler for å kunne fungere. Då tenkjer eg på reiseliv. Porten til Hardangervidda og no realiserte. alle som driv med overnatting, serveringsutgangspunkt for dagsturar til Preikestolen stadar, brøyting, løypekøyring, booking, og Trolltunga. Det er regelrett eit paradis for Som dagleg leiar sit ein ofte i «glashus». butikkar og taxi med meir. Det er heilskapen deg som elskar flott natur, jakt og fiske. Mange har meiningar om korleis ting burde av dette som gjer at Røldal blir bra! Eg har vore Røldal kan utviklast dagleg leiar i Røldal vidare på mange ubrukSkisenter sidan te måtar endå. Eg veit At me utviklar oss, og legg stein for stein når ein skal 1999. Før det, hang det finnes få til noko, er ein god eigenskap som kan vera lurt eg i hælane på far mange sjeler som har min, som har drive gode tankar og idear. Få å bruka, når ein skal utvikla eit produkt som endrar anlegget saman med dei i live, realiser dei, det behov og etterspurnad heile tida. mor mi sidan 1981. gjer seg ikkje sjølv, og Så ein kan godt seie me treng alle som ein. at eg har vakse opp Røldal har fleire i snøen og Røldal arrangement gjennom Skisenter. Det å få vera med å utvikle ei slik vera. Dette trur eg kan vera meir året. For å kunne gjennomføre desse, er bedrift, som gjer store ringverknadar er utfordrande enn det folk trur, i ei bygd der ein avhengig av dugnadsanda. Den er stor i veldig spanande. Me har investert over 100 alle kjenner alle. Røldal, og derfor kan slik som til dømes millionar kroner i Røldal Skisenter sidan år Men i ei bygd, så må ein berre lære å leve Røldalsmarknaden bli gjennomført år etter 2000. Dette er berre i skisenteret, og i tillegg med at; «det ein ikkje veit sjølv, veit alle år. kjem alle hytter, leilegheiter og hotell med andre». Då er det berre å ønska velkommen og meir som ligg i området. Så til saman utgjer Og det er sikkert det som er «sjarmen» lukka til med ny marknad igjen. nok dette fleire hundre millionar kroner dei med å bu i bygde-Noreg. seinare åra berre i fjellheimen Røldal-SeljeGod sommar til alle! stad. Røldal – Seljestad er eit område som utviklar seg heile tida. Og slik vil det nok At me utviklar oss, og legg stein for stein halde på i mange år framover. Det viktigaste når ein skal få til noko, er ein god eigenskap er at utviklinga ikkje stoppar opp, og at me Oddvar Bratteteig som kan vera lurt å bruka, når ein skal er gode nok til at folk vel å investera i bruk Dagleg leiar i Røldal Skisenter

røldalsmagasinet 2017

13


gen

en, hadde området, flyet vart ysnø, noko å sjå vrak-

Røldalsmarknaden - 2014 - 11

Overnatting & Camping URBAN RABBE ARKITEKTAR AS sunn arkitektur, planlegging og design Haukelivegen 90, 5760 Røldal - Strandkaien 6, 5013 Bergen tlf. 971 88 067 - tlf. 55 56 00 92 fax 55 56 00 93 e-post: arkitekter@urbanrabbe .no - www.urbanrabbe.no ARKITEKTAR AS

Røldal Hyttegrend & Camping 8 nye hytter – Straumuttak for campingvogner og bubilar – Moderne sanitæranlegg – Kiosk TV-stove – Leikeplass. Badedam og grillplass ved elva. 250 m forbi kyrkja.

Familien Medhus ynskjer velkomen! www.roldal-camping.no Mobil 900 54 464 E-post: adm@roldal-camping.no

Hagaminne Camping Middag, kaffiTlf. og 53 kaker. 64 72Alle 51 rettigheter. Auksjon kl. 16:00 på laurdag under Hytter – Sanitæranlegg marknaden. Velkomen. Like v/E-134

Skysstasjon Kro & Hytter

Trenger du lift eller har du behov for å leie en av våre maskiner?

Auksjon laurdag 21. juni kl. 15.00

Snakk med oss for hyggelige priser!

Kafè med alle rettigheter.

roldal@roldalstunet.no – www.skysstasjonen.no Spørsmål? Ring 909 93 551 Terje Haugen: 900 86 som 367 vanleg på bånn gass. Vi håpar Bjarne Sørum: 908 94 821 Og historiar vert det selvfølgeleg. post@oddalift.no oddalift.no

Velkomen til marknadsmoro på Skysstasjonen.

Røldal Hytteutleige Tlf. 53 64 71 53 mobil: 901 36 024

Familiehytter med dusj/WC, minikjøkken, stove og 2 soverom. www.facebook.com/pages/Berg-Gull-og-Sølv-Eftf-As

SENTRALT I RØLDAL

Røldal Overnatting • Moderne leiligheter med høg standard • Sentralt og lett tilgjengeleg • Flott utsikt over bygda!

Tlf. 900 65 051 www.roldalovernatting.no

RØLDAL

5760 Røldal Tlf.: 53 64 73 71 seim@seimcamp.no

meny – Soft Ice – Propan Real Fresh Hamburger * Stor kiosk – Shell Alltid nysteikte boller og brød

* Vaskehall * Kranbil * Bilutleige * 24-timers vakt bilberging.

Telefon døgnvakT: 53 64 73 60

Nye heilårshytter Enkle hytter Camping

Vintercamping Båtutleige Kulturminne

www.seimcamp.no


Kraftbygda Kraftstasjonen i Røldal er både ein arkitektonisk godbit og ei livskraftig hjørnesteinsbedrift.

Fakta:

Kraftlinjene i øvre Suldal er lange. Det var på 50-talet at Hydro byrja å vise interesse for vassrettane i dalføret med tanke på å få tak i kraft til eit nytt aluminiumsverk på Karmøy. I 1962 fekk dei konsesjon frå Stortinget og i 1965 kunne ein starte opp den første generatoren i kraftverket. I dag produserer kraftverka i Rødal – Suldal kvart år gjennomsnittleg 3 TWh, noko som tilsvarer straumforbruket til 190.000 norske husstandar, og som kan framstille 227.000 tonn aluminium. Arkitekten Geir Grung står bak mange av bygningane i kraftutbygginga, blant anna kraftstasjonen i Røldal. Hydro Energi inviterer til open dag i Røldal kraftstasjon laurdag 24. juni kl. 12-15.

røldalsmagasinet 2017

15


Kraftverksjef Erik Frantzen opnar dørene til kraftstasjonen som i likskap med så mange andre bygningar i Røldal–Suldal er teikna av arkitekt Geir Grung. Stilen til Grung er kjenneteikna av ein kraftfull, ekspressiv modernisme som var prega av brutalismen, noko ein ikkje berre finn i Røldal, men også på kraftstasjonen på Nesflaten med den gjenkjennelege ufoen. I tillegg ber blant anna Energihotellet og bustadhusa i Kilen på Nesflaten preg av Grung sin penn. Kraftlinjene i øvre Suldal er lange. Det var på 50–talet at Hydro byrja å vise interesse for vassrettane i dalføret med tanke på å få tak i kraft til eit nytt aluminiumsverk på Karmøy. I 1962 fekk dei konsesjon frå Stortinget og hausten 1965 kunne ein starte opp den første generatoren i Suldal I, og i Røldal eit knapt år seinare. Utbygginga har sett djupe spor etter seg i lokalsamfunnet. – Utan kraftutbygginga trur eg Røldal framleis hadde vore ei rein landbruksbygd, og truleg ikkje den livskraftige bygda som den er i dag. Utbygginga og anlegget her oppe har hatt store ringverknadar for lokalsamfunnet, meiner Frantzen og viser

16

røldalsmagasinet 2017

til underentreprenørar, hotell og matserveringsstadar som nyt godt av aktivitet og utbygging i bygda. Også Hydro opplever endring og har gjennom dei siste åra hatt fleire rundar med effektivisering og nedbemanning. I 1995 var det 75 tilsette ved Hydro Energi Røldal– Suldal, i år er dei nede i 35 tilsette. Kraftutbygginga kunne i 2015 feire 50 år, og er framleis ein viktig hjørnestein i lokalsamfunnet. – No brukar me mykje ressursar på å ruste opp anlegga, etter 50 år er det heilt naturleg at dei treng litt oppgradering. Dei to siste åra har me brukt om lag 150 millionar kvart år på opprusting. Me har starta på eit løft som vil gi kraftverka våre minst 20 nye år, slår kraftverksjefen fast. Kraftverka i Røldal – Suldal består av sju kraftstasjonar, som strekkjer seg langs Røldal og Suldalsvassdraget og ned til Suldalsvatnet. Vasskraftverka Suldal I, Røldal, Suldal II, Kvanndal og Novle blei bygd ut i rekkjefølge. Seinare kom kraftstasjonane Svandalsflona og Middyr til. Etterkvart kunne ein via ny teknologi frakte

kraft på eigne linjer, og dermed kunne kraftverka i Røldal og Suldal bli hovudleverandør til aluminiumsproduksjonen på Karmøy. I dag produserer kraftverka i Røldal – Suldal kvart år gjennomsnittleg 3 TWh, noko som tilsvarer straumforbruket til 190.000 norske husstandar, og som kan framstille 227.000 tonn aluminium. Dei har konsesjon fram til 2022, då trer heimfallsloven i kraft. Private kan då eige inntil ein tredjedel av vasskraftselskap, og etter endringa av industrikonsesjonslova i fjor kan private eigarar også hente ut utbytte i form av kraft, slik offentlege eigarar kan. Hydro har dermed eit mål om å finne gode løysingar som gjer at den fornybare krafta også i framtida kan nyttast til industriproduksjon, og Frantzen er optimist. Erik Frantzen viser veg inn til eit møterom og ei kantine med ei fantastisk utsikt utover kraftverksområdet. Her er betong og rustikke detaljar. Alt ein finn i Geir Grung sine hus er nyttige bruksgjenstandar, det er lite til overs eller som berre er til pynt i hans arkitektur. Kraftverksjefen snakkar gjerne


som jobbar her skal vere “ Dei stolte over Hydro. Erik Frantzen

Kolbein Ståle Moe (t.v) diskuterer framdrifta på prosjektet med Erik Frantzen.

Kraftverksjef Erik Frantzen vekependlar til Nesflaten, men er blitt glad i lokalsamfunna i Øvre Suldal. – Røldalsmarknaden trur eg betyr mykje for bygda her, den er med på å setje Røldal på kartet, meiner han.

Kolbein Ståle Moe (t.v) og Asle Fisketjøn frå Nesflaten Bygdeservice slår av ein prat med kraftverksjef Erik Frantzen. Dei er i ferd med å pusse opp golva etter eit større prosjekt tidlegare i vinter

om samfunnsrolla dei tar på seg, Hydro er godt synlege i lokalsamfunnet, både som ei viktig brikke i næringsutviklinga, men også som sponsor for frivillige organisasjonar. – Dei som jobbar her skal vere stolte over Hydro, dei skal kunne sjå at me legg igjen noko i lokalsamfunnet der dei bur, det betyr at me sponsar idrettslag, 4H eller andre kulturaktivitetar. – Og i tillegg ynskjer me å skape attraktive arbeidsplassar. Me har kompetansearbeidsplassar, det er det lite av elles, både i Røldal og Øvre Suldal. Hydro satsar også på lærlingar. No har dei tre lærlingar, og samarbeider med både Statkraft og Suldal Elverk slik at lærlingane får prøve seg på ulike utfordringar innan fagfeltet. – Det er viktig for oss å rekruttere framtidig arbeidskraft, og då gjerne lokale folk som me veit ofte blir buande her. Me er heldige, det er flinke folk som søkjer her, meiner Frantzen. – For berre nokre få år sidan var det mykje vanskelegare å rekruttere, no er det som regel mange kvalifiserte søkjarar. No nyleg

tilsette me tre nye ingeniørar, kor ein flyttar til Røldal med heile sin familie og bygger hus. Det er kjekt. Erik Frantzen tok over sjefsjobben på Nesflaten for eit år sidan, men har 20 år med fartstid frå Hydro. Han har tidlegare budd seks år på Nesflaten, no har han flytta til Rjukan og vekependlar til Nesflaten. Han legg vekt på at Hydro har som ambisjon å bidra til eit livskraftig samfunn der dei operer. Frantzen og resten av dei tilsette ved Hydro er også særs opptekne av tryggleik på jobb. Han viser veg ned den opplyste tunellen, og inn i det aller heilagaste, nemleg kraftstasjonen. Marmorsteinen på golvet er ein tydeleg kontrast til dei dominerande steinveggene. Kraftstasjonen er rustikk, vakker og full av nettopp; kraft. Her nede må ein ha hjelm, refleksvest og lommelykt med seg, slik kan ein finne vegen ut igjen dersom straumen går. – Me arbeider med tryggleik på jobb kvar dag, rutinar er kjempeviktig for å unngå ulukker, meiner han og viser til kor sentral vasskrafta er i eit miljøperspektiv.

– Vasskrafta er ei viktig brikke i det grøne skiftet. Til dømes har Tyskland som mål å fase ut kolkrafta innan 2050, og då aukar etterspurnaden etter fornybar kraft. Mange ser til Norge som eit døme der vasskrafta er sentral, og sol – og vind er gode supplement til å skape grøn fornybar kraft, også som basis for vidare industriproduksjon, meiner kraftverksjefen. Nede i kraftstasjonen er Kolbein Ståle Moe og Asle Fisketjøn i full gang, dei er innleigde frå Nesflaten Bygdeservice og arbeider no med bygningsmessig oppussing etter eit større prosjekt i stasjonen tidlegare i vinter. Kraftstasjonen har både historisk sus over seg og ein blømande optimisme for framtida. Under Røldalsmarknaden opnar også Hydro opp dørene til kraftstasjonen, der publikum kan få ei guida omvising, full av glødande krafthistorie.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Meister Fotografi

røldalsmagasinet 2017

17


HEIL VED Svein Myrheim er som tatt ut av ein episode av Fjorden Cowboys. Han er ekte vare, og heil ved. tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Meister Fotografi

Røyken er alltid med Svein Myrheim, både til kvardag og fest.

18

røldalsmarknaden 2016


Fakta:

Namn: Svein Myrheim (51) Sivil status: Gift Bur: Røldal Drøymer om: Må vel vere at kona Kristin hadde blitt frisk igjen. Og det vanlege, at ein ynskjer alt godt for barna Førebilete: Besten min Sjur Holen. Han var vel ein av de som gjorde at eg blei tømrar Les: Høgkulturlitteraturen Pondus Høyrer på: AC/DC, Nickelback, The Rolling Stones, Bruce Springsteen. Five Finger Death Punch. Det må vere rock and roll

– Til 40–årsdagen min farga eg håret knall–svart på sidene, og toppa det heile med raud hanekam. Me skulle på revy på grendehuset og eg gjekk inn dørene etter at alle hadde sett seg, og trona gjennom rommet medan eg høyrde på alt små–snakket rundt om kring. – Å då koste folk seg, seier Svein Myrheim og legg hovudet på skakke med eit lurt smil. 51-åringen forstår ikkje vitsen med å vere verken tungsinna eller pessimist. Han er eit ekte ja –menneske. Han møter oss med eit fast handtrykk, med eit ansikt som ber preg av å vere meir ute enn inne, og hender som vitnar om hardt arbeid. Røykpakken er aldri langt unna, det er heller ikkje den kvasse og gode replikken. For tida er tømraren, flisleggaren og poteta som han kallar seg sjølv på Nyastøl der han byggjer eit tilbygg på kameraten sitt hus. Han spenner i småstein og peikar opp mot huset. Dei lyse flisene tørkar på veggen, dermed har Svein tid til å vise oss veg opp i andre etasje før han set seg ytterst på ein stabel med materiell, i hendene har han eit sandpapir som han rullar rundt og rundt. – Du veit, eg er dårleg på å sitje i ro. Det må skje noko heile

tida. Men eg er jo ikkje vanskeleg, har lett for å seie ja. Nei, derimot, det er noko eg må øve meg på å seie. – Me får jo ikkje til noko viss ingen stiller opp, så enkelt er det, slår han fast. – Nokon må dra lasset, og ofte er jo det dei same som stiller opp, seier Svein som sjølv har lang fartstid i dugnadsgjengen til Røldalsmarknaden, han er leiar i grendehuset og i ungdomslaget, i tillegg til at han er i brannvesenet. Mange hugsar han nok også som lokalpolitikar for Ap i kommunestyret i Odda, eller for innsatsen i soknerådet. – Det er ikkje mange som veit det, at eg har vore i soknerådet, men kvifor ikkje? Ein må stille opp der ein kan. Han er ekte harding, som han kallar seg sjølv. Røldøl blir berre dei som er fødde her, meiner han. Sjølv er han fødd og oppvaksen i Odda, med ein far frå Finnmark og ei mor som er harding. – Eg er reine gatemiksen, det er både litt sogning, harding og finnmarking i meg. Far kom til Odda for å arbeide på smelteverket, slik møtte han mor. Det er rart å høyre korleis han slår om til rein finnmarks–dialekt når han er heime i Nord–Noreg.

røldalsmarknaden 2016

19


er reine “ Eg gatemiksen, det er både litt sogning, harding og finnmarking i meg.

Svein Myrheim

Svein Myrheim (51) brenn for eit levande lokalsamfunn i Røldal. Han har lett for å stille opp når noko må gjerast.

I Ungdomsåra i Odda vart det meste utprøvd og utforska. Etter eit veddemål som ikkje gjekk Svein sin veg fekk han bot for blotting. Ei historie han i dag ler godt av. – Eg hadde vel litt for mange venner i feil kretsar, men me hadde det moro og. Det vart mykje fest. Det er jo sunt det no når eg har fått barn sjølv. Me er så redde og bekymra for dei, men me må ikkje gløyme at me har vore kalv sjølv. Kjærleiken førte han til Røldal. – Det er vel ofte det, er det ikkje? Eg var her oppe og bygde på skulen då eg traff henne. Det har eg ikkje angra på, seier han. Kona Kristin er fagarbeidar med vidareutdanning i kreftomsorg og lindrande smerte, men slit i dag sjølv med sterkt invalidiserande nevropatisk nakkesmerte, noko som avgrensar kvardagen hennar. Er det noko Svein aller mest kunne ønskt seg så var det at ho kunne bli frisk. Det tar på å sjå på henne som har det vondt. – Det er så mange som ikkje ser kor vondt ho eigentleg har det. Ho rettar ryggen når ho går ut, når ho kjem heim ser eg kva det kostar henne å vere sosial. – Ho er med på å drive ein tema–kafé i Odda for kreft-

20

røldalsmagasinet 2017

pasientar og pårørande, her kjem det og mange frå kommunane rundt. Ho brenn for kreftpasientane, det arbeidet ser eg gir henne noko. Dei har to barn, Malin på 27 og Trond på 25. Sonen har nyleg fått sitt eige gardsbruk i Røldal og har kjøpt seg nokre griser. – Det er kjekt å sjå at dei veks til og klarer seg godt, seier Svein. Han håpar dei har fått med seg rette ballasten frå heimen, no kan han ikkje gjere så mykje anna enn å støtte dei i kvardagen. Han er på Facebook, men likar ikkje alle skrytebileta som blir lagt ut. Han meiner fjellturen er like fantastisk om det ikkje blir lagt ut solskinns–bilete i sosiale medium. Han kjenner også til bygdedyret, men skulle helst ynskt seg at det var ein utdøyande rase. – Eg hadde besøk av nokre som var litt vel nysgjerrige på ein byggeplass, dei skulle sjå på eit tilbygg eg laga hjå eit eldre ektepar. Då dei lurte på kva rommet skulle brukast til sa eg at det var familieauke på gang, og at dette var det nye barnerommet. Svein ler så heile materialstabelen ristar.


Svein Myrheim har lang fartstid i riggegjengen til Røldalsmarknaden. Han meiner marknaden er viktig for bygda.

– Dei har godt av det somme gonger, at nokon røskar litt opp. Og eg kan gjere det, eg bryr meg lite om kva andre seier om meg, seier han og legg eine kneet over det andre. Han kikkar ut i lufta. – Mange gonger så forstår eg meg ikkje på samfunnet slik det er i dag. Alle skal alltid handle noko nytt, og reise til Syden. Eg har det bra her heime eg, eg likar meg i Røldal. Når kona vil til syden så har eg lokka dottera til å vere med. ‘ Sjølv har han prøvd seg til syden to gonger, men aldri kome lenger enn til flyplassen på Flesland. – Eg prøvde på det eit par gonger som ung, men det stoppa alltid på Flesland. Då var det ikkje meir pengar igjen, seier han og ler. – Og eg forstår ikkje det kjøpepresset. Om naboen har kjøpt seg ny bil må ein jo berre vere glad til at det ikkje er du som må betale den. Me kunne tatt meir vare på det me allereie har. Skal han slappe av så arbeider han gjerne då og. Men skulle han nå legge arbeidet til side så likar han seg godt på hytta i Gryddalen. Der er eit gamalt stølshus som Svein og familien kan bruke mot at han held huset i stand. – Her er det ikkje straum, ikkje innlagt vatn og ikkje mobil-

dekning. Det likar eg, då er ein på hytta då. Eg kunne aldri hatt ei hytte med same standard som ein har heime. Kva er vitsen med det? Han har gitt seg som politikar. Det vart for mykje arbeid, og ikkje alltid det resultatet ein kunne ynskt seg. – Det gjekk med veldig mykje tid til politikken, og då er det alltid dei heime som lir mest. Og eg trur mest eg vart litt for engasjert for kommunestyret. Eg brenn verkeleg for Røldal, og det skein gjennom der og. Men eldsjel i lokalsamfunnet er ei rolle han aktar å halde fram med. Han har tru på at Røldalsmarknaden er med på å setje bygda på kartet og at det er ein god samlingsplass, både for fastbuande, hyttefolk og dei som kjem heim på besøk. – På dugnad møter ein mange spanande menneske, som ein elles ikkje treff. Eg likar det, eg likar å bli kjend med nye folk. Det er ikkje alltid andre er slik du trur dei er, slår Svein fast.

røldalsmagasinet 2017

21


Mange i tillegg til Odda Energi blir glad for at du er kunde hos oss; - Odda kommune – vår eier - Våre lokale leverandører - Lokale lag og foreninger som mottar sponsorstøtte

som kunde hos oss er det mye

å glede seg over

Vi lover deg konkurransedyktige priser og gode betingelser på strøm. Vi vet hvor viktig du er for oss, og for lokalsamfunnet. Og siden vi bor her selv, er vi like opptatt av kvalitet på leveransen som du er.

www.oddaenergi.no

w w w.d is cove r y ro u t e.co m

Ny nettside?

I samarbeid med Omega tilbyr me gunstige årsavtalar for drift og support av nettside, epost og office 365-pakkar.

filterdk.no

tlf. 971 94 788

hei@filterdk.no


LIVSVIKTIG ARBEID Røldal Røde Kors har eksistert i bygda i over 50 år. Framleis er dei ei viktig brikke når ulukka er ute.

Smak av programmet

Mykje har endra seg på desse åra, men sjølv om ein har fått mange tekniske hjelpemiddel, kjem ein ikkje utanom den medmenneskelege innsatsen til dei aktive hjelpekorpsarane. Kvar enkelt sin innsats er heilt uunverleg og dei gjer ein kjempeinnsats. Når noko uønskt skjer, tek politiet/HRS eller AMK kontakt med Røde Kors og skildrar situasjonen og behovet. Røde Kors har eigne varslingsplanar og dei frivillige medlemene rykker ut. Det meste av aktivitetane til Røldal Røde Kors hjelpekorps er i vinterhalvåret. Her har dei etter kvart fått stor kompetanse innan fagfelt som skred, søk i vinterfjellet og operativ leiing. Resten av året går med til drilling i ulike område innan førstehjelp, kart og kompass, og ikkje minst friluftsliv. Røldal Røde Kors Hjelpekorps har i 2017 inngått samarbeid med Coop Røldal om å ha ein hjartestartar tilgjengeleg for folk i Røldal. Røde Kors stiller med hjartestartaren, og Coop stiller med oppbevaringsskap med varme. Skåpet heng ute, på høgre sida av inngangspartiet ved Coop Røldal.

BYGDEVANDRING

Røldal Røde Kors tilbyr opplæring i bruk av hjartestartar og enkel fyrstehjelp til bedrifter og lag i bygda. Dei tilsette ved Coop Røldal var med på dette i samband med at hjartestartaren vart plassert. – Røldal Røde Kors har dei siste åra hatt ei positiv utvikling med rekruttering og ny giv, men ynskjer fleire aktive medlemmer velkomen. På denne måten kan me stille sterkare når behovet for hjelp oppstår, seier Vibeke Lynghammer.

Også i år blir det bygdevandring med Oddbjørn Lynghammar. Han vil ta publikum med seg på ei vandring i Røldal si historie, denne fjellbygda og menneska som har levd her oppe gjennom tidene har ikkje fått utkome opp i nevane, meiner Oddbjørn. - 400 meter over havet og heilt oppunder Hardangervidda er sommaren kort og vintrane lange, i tillegg var bygda isolert av høge fjell på alle sider. Om ein skulle herifrå før vegane kom, var det ski om vinteren og til fots om sommaren. - I år vil eg fortelja litt frå krigen, og om Helje Ura, som budde i dette huset de ser bilde av, og om Tulten, ein spesiell mann i bygdebildet. Elles småhistorier om fjellbøndene som levde her i eldre tider. Og me tek ein tur til Røldal Bygdemuseum, fortel Oddbjørn. Bygdevandringa startar ved scenen på marknadsplassen søndag klokka 14.



Foto: Roger Lynghamar


livemusikk med

MUSIKALSK MØTE

SONGSTJERNE TIL MARKNADEN

Ingvild Lilletvedt Nordstoga og Aasmund Nordstoga gir oss ei fantastisk musikkoppleving under Røldalsmarknaden. Musikalsk står Ingvild Lilletvedt Nordstoga og Aasmund Nordstoga kvar for seg støtt på eigne bein. Ingvild leverer hundre prosent heimelaga songar, med ein tydeleg signatur. Aasmund har ikkje talent for nyskriving, så han held seg til viser skrivne av andre. Gjerne gamle viser. Medan Ingvild set ord og tonar på livets kjenslepalett, er Aasmund ein formidlar av andre sine dikt og tonesetjing. Når Ingvild kan få folk til å kjenne seg att i sterke opplevingar, er Aasmund gjerne ein som minnar om livets litt skeive gang, med glimt i auget. Det musikalske limet desse imellom, står pianisten Helge Lilletvedt for. Med Helge si hjelp, blir ein konsert med Ingvild og Aasmund ei variert og fin framsyning. Røldalsmarknaden har lenge hatt desse to artistane på blokka, og endeleg får me oppleva dei på scenen under marknaden.

Odda si nye songstjerne Tuva Lutro (12 år) har det siste året fått særs mykje merksemd for sitt songtalent. Det heile starta med ein fantastisk opptreden under 17.mai-feiringa i Hovden i Odda i 2016. Her framførte Tuva songen «I will always Love You» av Whitney Houston. Knapt eit auge var tørt, og etter dette har det tatt heilt av. Tuva starta tidleg med å opptre, og var allereie som 1. klassing klar for å bli songar. Draumen hennar no er å bli lærar og popstjerne. Etter ei rekke opptredenar rundt om på Vestlandet, blant anna for kongen og dronninga under deira besøk på «Gamlehaugen» i Bergen, er turen no komen til Røldalsmarknaden. Laurdag 24. juni står ho på utescena her, og me gler oss stort til å høyre henne synge.

Smak av programmet

HELIKOPTERTUR Benytt sjansen til å sjå den vakre fjellbygda Røldal frå lufta. Helikopterselskapet Airlift frå Kinsarvik tilbyr turar på åtte minutt, både laurdag og søndag. Helikopteret har plass til fem passasjerar. Det kan og være mogleg å tinga lengre turar. Landingsplassen er på Seimsbøen like nedanfor marknadsplassen.

TRE VISNE MENN, OG EI SOLSTRÅLE

RØLDALSKAMERATANE

Med John Skien, Tor Øyvind Skeiseid, Torolf Nordbø og Rita Fotland Bøe. Han Innante og Halvard K. Gleppupp (John Skien) blir også med. Røldalskameratane er ei gruppe med lokale ungdommar, som har spelt i lag i omlag eit år. Dei opptrer med coverlåtar i sjangeren pop/rock. Bandet består av følgande medlemmer: Trym Bøgild Lynghamar (11) på vokal og gitar, Øystein Hagen (13) på trommer, Even T. Leren (14) på gitar og Bård Olav Medhus (15) på gitar.

24

røldalsmagasinet 2017

Bli med inn i ein absurd og jordnær kvardag til dei tre visne menn. Gjennom song, musikk, humor og TV-glimt kjem både generasjonskløft, formidlarglede, kreativitet og reinspikka vas godt fram. John, Torolf og Tor Øyvind er både motsetnader og fellesskap på ein gong, og med Rita som lim får førestillinga sin balanse og vonaleg lukkeleg ende. John Skien boltrar seg både med humor, forteljarglede frå livet sitt, lokalen, frå NRK: Sportsrevyen, Norge Rundt og Lokalen. Han imponerer storleg som vokalist med evergreens-låtar frå den tida han var vokalist i danseband. Rita Fotland og Torolf Nordbø framfører også songar frå repertoaret sitt. På bass stiller Halvard Josefsen.


LOTHEPUS – MED SMELL PÅ SCENEN Skytebas og rikskjendis Lothepus, er kjend frå TV-serien Fjorden Cowboys som er inne i sin fjerde sesong, og ikkje minst realityserien Farmen sin kjendisversjon, der han vann. I tillegg til kvardagen med dynamitt, store maskiner og eit upolert liv er Lothepus også artist. Han reiser land og strand rundt med sitt eminente band og trekkjer fulle hus overalt. To plateutgjevingar har det blitt, og Cowboyhjarta frå 2014 selde imponerande godt. No er Lothepus med band, klar for Røldalsgarasjen laurdag kveld på marknaden. Me forventar eksplosive tilstander.

Spreke aktiviteter Ravnafloke kjem til Røldalsmarknaden med mange ulike aktiviteter. Dei skal blant anna ha human bowling bane, trampoline, skytebane med pil og bue, luftgevær og øksekast. Haugesundsfirmaet Ravnafloke har nyleg overtatt drifta på Røldalsgarasjen og tilbyr aktiviteter i mange ulike former.

Bli med på topptur Røldalsmarknaden inviterer til nok ein guida topptur på fredagen. Løypa vert bestemt av føre- og snøforhold like før turen. Turen passar for skientusiastar med noko erfaring med til dels bratte fjellsider. Sjå nettsider for førehandspåmelding og billettar. Førehandspåmelding innan torsdag 22.juni. Me tek atterhald om at vêr og føre tillet tur.

Omvising på kraftstasjonen

LOKKAR MED TRADISJON

POPULÆRT LOTTERI Det tradisjonelle marknadslotteriet er sjølvsagt på plass i år igjen. Etter eit par labre år, fekk lotteriet i fjor ei ansiktsløfting, noko som gav suksess. Premiar frå øvste hylle vart henta inn, deriblant ein moped, grasklippar, motorsag, kjøkkenmaskin og andre særs så attraktive ting. Me håpar å toppa det heile i år, og oppmodar alle om å kjøpe lodd.

Jentene i Folkelokk tilbyr ei kulturoppleving i form av folkemusikk, og ynskjer å vidareføra og formidla denne kulturarven gjennom god underhaldning. Tradisjonen er kanskje gamal, men dei ynskjer å lokke dykk gjennom deira unge uttrykk. Let du deg lokka?

Hydro Energi inviterer til open dag i Røldal kraftstasjon laurdag 24.juni kl. 12-15. Her får du moglegheit til å sjå to av våre største vasskraftaggregat som ligg godt gøymd inni fjellet, i tillegg til Geir Grung sin arkitektur både utanfor og inni fjellet. Interesserte møter ved Røldal kraftstasjon og så blir det fortløpande omvising i grupper på 20 personar. Omvisinga tek om lag 15 min. Hydro serverer kaffi, kake og deler ut ein liten premie til dei som deltek i omvisinga.

Bli Årets Facebookmarknadsførar Me kårar årets beste facebook-marknadsførar, og heidrar ein av dei som er gode til å dele marknadsnyhende i sosiale medium. Del og lik, så er det kanskje du som får ei hyggeleg overrasking under marknadsdagane.

røldalsmagasinet 2017

25


Bygdepulsen Dei satsar og har tru på ei framtid i Røldal. Møt damene på Vetlelia Cafe, frisørsalongen Vakre Fjellhår og Coop-butikken.

Tove Iren Rui gler seg over at den nye kafeen på Liamyrane er godt besøkt.

– Det har gått over all forventning, seier Tove Iren Rui som i februar opna Vetlelia Cafe på Liamyrane. Den koselege kafeen har fått eit tradisjonelt hyttepreg, Tove Iren håpar endå fleire vil oppdage at det er ein serveringsstad når det kjem skilt opp ved vegen. Her kan ein få både lunsj og middag servert, dei fleste kundane til no er bygdefolk, turistar og trailersjåførar. – Eg må skrøyte av bygdefolket, dei har verkeleg vore flinke til å stille opp, slår Tove Iren fast. Sjølv jobba ho på bensinstasjonen på Liamyrane som no er lagd ned, etter kvart kom ideen om at det måtte vere marknad for ein kafé her oppe. – Etter kvart ynskjer eg å satse meir på lokal og kortreist mat, målet er jo at denne kafeen skal bli ein naturleg stoppestad for mange langs vegen. Det kan og bli ein god stad å få seg mat viss ein blir ståande

26

røldalsmagasinet 2017

i kolonne–kø, meiner ho. Kafeen har ope frå 11 til 23 kvar dag, og fram til no er ho den einaste på jobb. – Det er jo ein livsstil dette, men eg likar det, fortel ho før ho diskar opp flotte hamburgarar til ventande kundar. Katrine Rugland Sør–Reime opna nyleg ny frisørsalong vegg i vegg med Coop–butikken i bygda. Her har ho innreia ein lys og innbydande salong med pastellfargar, frisk tapet og bjørkestammar. Ho er opphavleg frå Varhaug, men sidan ektemannen er frå Røldal hamna dei her oppe. Han arbeider i Nordsjøen, og dermed kan Katrine ha lengre og meir fleksible arbeidsdagar i friperiodane hans, medan ho har kortare dagar når han er ute. – Det har vore stor pågang med kundar, det er jo ei god tid å starte opp på dette, med bryllaup, kon-


Katrine Rugland Sør-Reime har no opna frisørsalongen Vakre Fjellhår vegg i vegg med Coop-butikken.

firmasjonar og 17. mai. Eg trur det er marknad for begge dei to frisørane som no er i bygda. I frisørstolen sit Gerd Therese Bratteteig som bur i Røldal. Ho meiner det er heilt fantastisk med ein ny frisør i bygda. – Alltid kjekt med meir liv i sentrum, seier ho medan Katrine tar finpussen på håret. I same bygning som frisørsalongen ligg sjølve hjarta i bygda, nemleg Coop–butikken. Ingrid Johanne Skeie trur absolutt bygdefolket veit å setje pris på butikken. – Utan butikken trur eg det hadde vore verre å bu i Røldal, meiner ho og legg vekt på at bygdefolket i stor grad er veldig flinke til å bruke butikken. Her inne har dei det meste ein treng, og ute i gangen er det til og med laga til ein kaffikrok der mange verds-

Ingrid Johanne Skeie meiner Røldalsmarknaden er ei av fleire viktige helger for Coop-butikken. – Då kjem det mange tilreisande som er flinke til å bruke butikken, meiner ho.

problem blir løyste. – Butikken er ein viktig sosial arena, det må me ikkje gløyme. Det er her folk treffest og slår av ein prat, fortel Ingrid Johanne og peikar på turistane som er flinke til å kome innom, både i sommar – og vintersesongen. – Røldalsmarknaden er ei av fleire viktige helger for oss, då kjem det mange tilreisande som også er flinke til å bruke butikken. Marknaden skaper liv her, det treng me, avsluttar ho.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi

røldalsmagasinet 2017

27


SKARE SAGBRUK AS

Røldal Din lokale leverandør av byggevarer! Dette kan me tilby deg: • Byggesett hytter og hus • Alle typer byggevarer • Murvarer og betongvarer • Gratis tilkjøring • Tegnearbeid

Me leverer gratis til Røldal

Daglegvarer midt i bygda Telefon 53 64 71 26 Faks 53 64 14 86 - Mobil 938 39 378 e-post: roldal@marked.coop.no

Skare Sagbruk AS Sage 5763 Skare

Tlf. 53 64 51 21 post@skaresagbruk.no

www.skaresagbruk.no

øldalsmarknaden basert på dugnad. yre medlemmene ar omlag 300 timar, g totalt vert det ført 1 625 timar forelt på 281 personar.

H o r d a t u n - Røldal

LITLOS

Kjøkkenteneste: 27 pers. med 108 timar.

Billettørar: t.d. 39 pers. som totalt utfører 156 timar.

Rigging: 15 pers. med minst 16 timar kvar, 240-250 timar

Nattevakter: 8 pers., 32 timar

B a k k e l y - Røldal

Dans: 15 pers., med om lag 6 timar kvar, 90 timar

Servering/kafe/grill m.m.: 86 pers., totalt 344 – 350 timar.

S o l f o n n - Seljestad

HØRES UT SOM EN GRESK ØY. EKSOTISK ER DET I HVERT FALL.

Hotel - Leiligheter - Restaurant & Bar Selskap - Møter - Kurs - Konferanse Historisk lokaler på Bakkely, kun 4min. å gå fra Hordatun Hotel Solfonn på Seljestad, for selskap, grupper, kurs & konferanse. Hordatun Hotel, med restaurant, bar, møterom og fantastisk utsikt Kjøretid: ca 3,5 time fra Stavanger og Bergen / Haugesund 2t / Oslo 4,5

ÅPENT

.9. 30.6.-10 SOMMER

2017

Kontakt oss for mer info, priser og bestilling: Hordatun Hotel ▪ Tlf: 93 45 02 93 ▪ booking@hordatun.no

litlos.dnt.no


Høyer Odda as prosjekterer og utfører det meste innen bygge- og anleggsbransjen. Vi leverer ferdigbetong fra vårt betongblandeverk til heile distriktet.

Hytteplaner? Vi har byggeklare tomter!

MIDDAGSNUTEN HYTTEFELT Kontakt oss for nærmere informasjon, visning og tilbud. Vi utfører alt innen tømrer og betongarbeider. Høyer Odda er forhandler av SYSTEMHUS i distriktet.

EITRHEIM INDUSTRIOMRÅDE – 5750 ODDA Sentralbord 53 64 80 80 | Betongblandeverk 53 64 80 70 e-post: post@hoyer-odda.no | www.hoyer-odda.no

TLF: +47 41 66 49 48 WW W. D A B S ER V IC E.N O


stiller ut

! Kortreist mat Fjellgarden Hovden kjem til Røldalsmarknaden med spekemat, i tillegg tar dei kanskje med seg pølser og pålegg. Temperaturen styrer litt om dei vil ta med seg ferskvare. – Me brukar ingen tilsetjingsstoff i produkta våre, det betyr at alle kan ete den maten me lagar. Me er opptekne av godt handverk, og å bruke så lokale råvarer som mogleg. – Me synes jo det er hyggeleg viss produkta me lagar fell i smak hos kundane. Det er og kjekt viss kundane ser på det som ein verdi at dei kan handle lokalt, meiner Merethe Hjemdahl i Fjellgarden Hovden.

Jostein Skeie (21) Aktuell? Styreleiar i Røldalsmarknaden Arbeider med? Platearbeider ved Odda Mekaniske Verksted as Bur? Godbygda 5760 - Røldal Kva betyr Røldalsmarknaden? For Røldal betyr Røldalsmarknaden mykje, det er ein tradisjon som i nyare tid blir den 26 utgåva i år. Marknaden har dei siste åra dratt 3000-5000 personar til Røldal og legg mykje pengar igjen til bygda. Marknaden er med og halde oppe mange lag og organisasjonar i Røldal sidan overskotet går tilbake til laga. Det er sju lag med og driftar Røldalsmarknaden der det er rundt 1500-2000 dugnadstimar i veka marknaden er. Tre tips til kva ein bør få med seg på ein dag i Røldal? Røldal Stavkyrkja er omvising heile sommaren, den vanvittig flotte naturen med mange flotte turar i skog og fjell. Og til slutt Lunsjen i Røldal rådhus (kaffikroken hjå Coop Røldal) – du kan vere sikker på at du ikkje slepp til ordet. Korleis kan ein skape vekst i Røldal? Fyst og fremst må kommunen få regulert tomter for sal i Røldal. Det er og minimalt med hus ein kan kjøpe. Mange av dei flottaste tomtene og husa i Røldal går i arv og blir hytter. For unge og nye familiar er det vanskeleg og koma seg inn på bustadmarknaden. I tillegg må ein ha arbeidsplassar, det er ikkje alle som kan starte for seg sjølv. Hobby? Fotball, freeride, nystifta familie, elles ein del frivillig arbeid. Les? Hardanger Folkeblad Høyrer på? Mykje P3 i bilen elles litt ymse på spotify Drøymer om? 7 rette i vikinglotto Førebilete? Pappa

Ansiktsmåling

Aud Reidun Solberg frå Stord har stand under marknaden og tilbyr ansiktsmåling.

30

røldalsmagasinet 2017

Jostein Skeie er styreleiar for Røldalsmarknaden, han brenn for utvikling i Røldal (Foto: Privat)

Italiensk iskrem DolceVidda Iskremeri kjem til Røldalsmarknaden med sin ekte, naturlege og handlaga italienske gelato. Den er laga med italiensk lidenskap, og dei beste råvarene. Isen sel dei i butikk i Eidfjord, samt at dei har ei trillevogn som reiser rundt på marknadar og festivalar. No kjem dei altså til Røldalsmarknaden for første gong.


Utstillaroversikt

Røldalsmarknaden 2017

C-54 Åkre AS

Interiør- og gaveartikler

Aksel Johan Byrkjeland

Trevarer, rokkar, kister, kjevler, kjevlehyller mm

John Morgan Telemark AS

Fiske utstyr, bellyboat, turklær mm

Baldev Singh Royal Import

Klær for vaksne damer

Christian Romero Gualapuro

Ulljakker, ponchos, drømmefangere, smykker mm

Håndstrikka produkter, syltetøygele, kurver

Odda Mållag Solveig Grønlien

Div. produkter frå Odda Mållag, Ivar Aasen mm

Margretha’s Hobby Bod Hunskår

Sunde Snekkeri AS

ALFATAL, trekasse med treklosser med Alfabet mm

Nils Åge Sollid

Trearbeid, auser, koppar, samt rosemalte skap

Sigfrid Olsen

Tupperware produkter

Ragnvald Melaas

Keramikk og skifer

Matsalg Røldalsmarknaden

Div.matsal. grillmat, kaffi mm

Inger Lise Engen

Malte treting, pilkorger, kjøkkenredskaper mm

Kristin Paulsen

Håndlagde keramikkfat for hvitløk, ingefær mm

Hilde K Stokke

Casa pynte- og gaveartikler

Hardanger Honning

Honning

Nina´s Helse & Velvære

Energetix Magnetsmykker, Alpnaering KrydderXS

Mammo

Hjemmelaget barneklær, hårpynt, smykker mm

Lotteriet Røldalsmarknaden

Lotteri stand Røldalsmarknaden

Kari og Henry Lauvland

Spillebøker, hjemmelaga knivar, puter, puter mm

Spekematbilen Johannessen

Spekemat, Spekepølser, Spekeskinke, Fenalår

Bjørg Ågådt og Thorleif Djuvik

Håndarbeid i tre og tråd med “noko attåt”

Skånevik Catering

Pannekaker, sveler, softis, pølser, kaffi, brus

Euro Cheese AS

Europeisk ost, Greske oliven, spekemat mm

Hengekøymannen

Håndknytta hengekøyer, hattar

Retro Norge AS

Metalskilt, bokser, magneter, termometer mm

Samson Øvstebø

Kiper, sendingsdkorger, trearbeid

Jaka Norge AS

Saueskinn

Lueland Malin Hov

Håndlagte luer, pannebånd til store og små mm

Inger Lise Ekkjestøl

Produkter fra Astou i Gambia, klede og vesker

Else Marie Sokn

Div ting i glass, akvarellbilder i olje

Signe Margot Grøtt

Krotakaker, flatbrød, potetkaker, melkekaker

Moi Skinnutsalg

Skinnjakker, skinnvesker, skinnbelter, skinnluer

Ullform

Ull/Filt design, kjoler, sjal, jakker mm

Benny Petersen Trampoline

Oppskytingstrampoline for barn- og unge

Skillingsbakeriet

Skillingsboller, solboller, pizzaboller, kaffi.

Aud Reidun Solberg

Ansiktsmaling

Dolcevidda Iskremeri

Italiensk is av lokale råvarer

Mix & Match Azim Fiaz

Sukkertøy, leker, ballonger, t-skjorter mm

Heimalaga AS

Fiskeprodukter, fiskekaker, fiskeboller, fiskesuppe

All Verdas Gåver og Bruksting

Bruksting og handarbeid i frå Nepal, Afrika mm

Ravnafloke

Aktivitetar for born og unge

Sjatå Nøff Nils Åge Sandal

Ekte brun- og kvit geitost frå Haslemo, skinn mm

Bjørg Melve Melkeraaen

Oriflameprodukter

Møgedal Mek.Verkstad AS

Salg av hagesutstyr og atv, plenklipparar mm

Artige Skruar Ivar Mork

Artig brukskunst lagd av skruar og mutrar

Sufi Import

Dameklær, t-shirts mm

Lappelina Elin G.Haddal

Tekstilvarer i ull, lin og bomull med humor

Røldal Fjellstyre

Info om fjellstyre, jaktlotteri mm

Elin Torkelsen Forever Living

Aloe vera produkter i frå Forever Living

Spekemat og pølser

Fjellgarden Hovden

Kjøtprodukter, spekemat, pølser, steik mm.

Norsk Fjell- og Bygdemat Haraldsen

Bente Pettersen

Selvlaga Amigurumifigurer, smykker mm

Dalabrygg

Brygging av øl

Paw’s brente mandler

Brente mandler

Oddbjørg Lovra

Tankefelt-terapi, healing på benk

Røldal Geitostysteri

Geitost, samt andre osteprodukter

Swaa AS

Canal Digital abbonement og produkter

Huldrefellen Kjersti Børilden

Skinnfeller, livstidsposer, babyfeller mm

Kamilleprodukter

Kamillekrem, strikk, hjemmelagde figurer

Mjonøy AS

Steinovnsbakst

Komfortshop AS

Demonstration og salg av utstyr for kjøkken mm

Solvang Alpakka

Strikke klær i alpakka ull

Hedersplassen AS

Smultringar, potetkaker, lefser, skillingsboller mm

Røldal Bygdeboknemnd

Sal av Røldal Bygdebok

Ernst Henning Knutsen

Popcorn, slush og sukkerspinn

Ingvild.ull AS

Ullstrikk

Øystein Healer Ødeverp

Healing

Jaime Camuendo

Baggar, hengekøyer, ulljakker, drømmefangarar

Domotec Nordic AS

Massasjebad

Glassnaustet Grete Karin Rørvik

Glasskunst, glassfusing og tiffany teknikk

Linda Lid

Hånddreia keramikk, porselen og steingods mm

Henry Benarik

Egen prod.sølvsmykker med gull og stein

Dabservice AS

DAB+ radioer og DAB+ adaptere til bil

Hanor AS

Alarm og sikkerhet. kamera, antenner mm

Skattekammeret på Nes

Potekaka, flatbrød, røykt laks, varmrøykt aure

Åsne Haugan

Gull, knivar, klokker

Etne Auto as

Nye biler Ssangyong

Siv Preus

Hattar, skjerf, Smykker

Karsten Knutsen

Nytt og brukt. Leker, klær, småmøbler mm

Mona Lisa Grismrud

Treprodukter, Lefser, sveler, egg, og div ting

Myrdal Gard

Osteprodukter av geit og ku, samt iskrem

Alf Østebøvik

Brukte ting og antikvitetar

Bakebua

Bakst, Kludder mm

Øivind Bjorvand

Brukt og antikk, plater, blader, bøker mm

Gunnar Lurane

Sild, grønnsaker

Torild Finsrud Velure

Tova hattar og sjal for damer

Anne Karin Lothe

Maleri, strikka vottar, labbar, luer, tova tøfler mm

Calvia AS

Bilpolering, håndmalt villskifer fra Finnmark mm

Madsen Design AS

Yttertøy dame, sau/reinsdyrskinn, pels, luer mm

Vevstova Ranveig Lunestad

Vev proudkter åkle, ryer, løperer mm

*Utstillaroversikt pr trykkedato, endringar vil forekomma. røldalsmagasinet 2017

31


TRADISJONS-

MARKNAD

90 UTSTILLARAR

MAT

KUNST

HANDVERK

MARKNADEN 23.-25. JUNI 2017

TOPPTUR på ski

LOTHEPUS MED BAND

3 VISNE MENN OG EI SOLSTRÅLE HELIKOPTERTURAR

Åsmund og Ingvild Nordstoga OMVISNING I 

AUKSJON FOLKELOKK

KRAFTSTASJONEN Ølen Munn

& Spel

Markhus & Rullestad duo ANSIKTSMÅLING og aktivitetar for born Røldalskameratane Tuva Lutro Sjå fullt program på www.roldalsmarknaden.no

+ mykje meir...

MOKKA DESIGN

Sølvsuper

Bygdevandring

Profile for Filter design & kommunikasjon

Røldalsmagasinet  

Røldalsmagasinet 2017 gir deg eit unikt innblikk i bygda Røldal og ikkje minst Røldalsmarknaden som går av stabelen 23 - 25 juni.

Røldalsmagasinet  

Røldalsmagasinet 2017 gir deg eit unikt innblikk i bygda Røldal og ikkje minst Røldalsmarknaden som går av stabelen 23 - 25 juni.

Advertisement