Page 1

INFORMASJON | NR. 2:2017

Solvik YOGA

Eit liv i balanse

Pynteklare

Portrettet

Med hytte

juletre

Cathrine V. Selvaag

i byen


Finn din eigen stim.

I eit hav av bedrifter er det viktig å bli lagt merke til. Me er eit kreativt lag som jobbar fram gode løysingar for marknadsføring av di bedrift. Du finn oss i Ølensvåg, Sand, Sauda og på filterdk.no.

Tekst & foto Magasin & trykksaker Design & logo Nettsider & sosiale medium Reklame & profileringsmateriell IT & drift


3

MITT RYFYLKE

INNHALD

6

12

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar

Prosjektleiing Astrid Eidhammer Hjelmeland

Design Terje Hodne

Design Marianne Ågotnes

Design Erich Monteiro

Redaksjon Maria Djuve Vågen

Annonsesal Christine Rødne Brattaas

Fotograf Mikkel Meister

24 Fotograf Hilde Hauge

Kommentaren: Lim og lære.........................................................

5

Juletreskogen.....................................................................................

6

Samlar fruktbøndene........................................................................

12

Freistande søtsaker...........................................................................

19

Portrettet: Cathrine Vierli Selvaag...............................................

24

Draumen om eige yogastudio.......................................................

29

Sentrumsnært hytteliv......................................................................

34

Magasinet Mitt Ryfylke er produsert av Filter design & kommunikasjon. Besøk oss på: filterdk.no Framsidefoto: Hilde Hauge Opplag: 13 300 Distribuert: Ryfylkekommunane, Nord Jæren og indre Haugalandet. Trykk: Haugesund bok & offset

Yoga gjennom kameraet — Eg høyrer så mange seie «yoga er ikkje noko for meg. Eg er for stiv.» Nei, yoga er kanskje ikkje for alle, men å vente på at kroppen skal bli mjuk seier seg vel sjølv ikkje er eit argument. Yogatime hjå Anne Siv på Solvik bør opplevast. Det er uformelt og lite skummelt. Ho fortel om eigne erfaringar og får ein til å slappe av etter få minutt på matta. At det er godt for kroppen, er det ingen tvil om. Å jobbe med Anne Siv framfor kamera er ein draum. Me leika oss gjennom shooten til skumringa tok overhand. [Hilde Hauge, fotograf]

Tips oss: judith@filterdk.no Les Mitt Ryfylke på nett: mittryfylke.no Følg oss på FB: facebook.com/mittryfylke

M


Hjemmefra, men ikke alene! ...og det er enda mer spennende på innsiden både for små og de litt større

ÅPNINGSTIDER: 01. september - 31. mai: mandag - lørdag 10.00-16.00 søndag 10.00-18.00 01. juni - 31. august: hver dag 10.00-19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00

norskolje.museum.no

Lundeneset VGS er en kristen internatskole i Ølensvåg. Vi tilbyr - Medieproduksjon - Service og samferdsel - Studiespesialisering - Påbygging til generell studiekompetanse I tillegg til en god skolegang gir vi deg et trygt miljø, varierte fritidstilbud og venner for livet!

HYTTER PÅ HEBNES Hytter på festetomt på Hebnes. Båtplass, sandstrand og kjøkkenhage tilgjengeleg. Frå 1.290.000,- pluss omk.

Les mer om oss på www.lvs.no

RYFYLKE FJORDHAGE      tlf: 95 96 98 09     fjordhage no


5

MITT RYFYLKE

Kommentaren:

«

Eg vonar saka på Talgje kan bli eit vendepunkt. Når alle har frest frå seg, lest sine bibelvers eller spytta hånlege ord mot bedehusfolket, då er det rom for gode samtaler igjen.

Lim og lære Alle små samfunn treng noko som foreinar og held det saman. Eg har lært meg, etter lange samtalar på Fogn, at limet i våre små samfunn i Finnøy er skule og butikk. Mister folk dette, er det knapt nokon vits i å bu på staden lenger. Om ein då ikkje finn eit nytt lim. Talgje til dømes, har mista både butikk og skule. Når ein og har dobla folketalet, trengte dei eit nytt lim i livet deira. Dette førte til at eit styre kom på at det at det nye limet i Talgje-samfunnet skulle vere at ein ikkje ville bli talt til av ein prest som seier ja til å vigsle homofile. Saka fekk stor medieomtale og førte til eit særs godt besøkt årsmøte i Talgje bedehus. Det synte seg at ikkje alle meinte at det var ein god grunn til å sende kyrkjefolket på dør, og dermed trakk det gamle styret seg. Dei hadde ikkje lenger samvit til å sitje lenger. Heldigvis for Talgje bedehus var det andre i forsamlinga tydelegvis med litt meir avslipt samvit og moral som kunne ta på seg styreverva.

Me i Finnøy er ikkje unike, verken i Ryfylke eller Rogaland. Diskusjonane mellom kyrkja og bedehuset går over heile landet, dei lærde kranglar om kva som er rett og galt. Det er berre Gud som skal dømme levande og døde, men tydelegvis har fotfolket stor glede og nytte av å komme med kvalifiserte gjettingar. Somme vert vranglærarar andre vert vrongknokar, eg veit ikkje kva som er verst. Då eg vaks opp var det eit ganske skarpt skilje mellom kristenfolket og «heidningane». I generasjonen før meg, var det enda hardare frontar. Ein gjekk på dans eller i kyrkja. Utskot som meg, som likte begge deler, hadde det ikkje enkelt. Eg hugsar enno då eg prøvde å gå på ein pubkveld som ung vaksen og fekk høyre frå nabobordet «kva gjer du her, Stikk-Innom-f**n-idiot». Eg skulle halde meg til Stikk Innom og Lauvsnes bedehus, ikkje vere på pubkveld. Då eg flytta tilbake til Finnøy etter mange år vekke, hadde skiljet så og sei forsvunne. Ein kunne gå på alle arrangement utan å få stygge blikk - ei strålande utvikling. Men no tettar det seg til igjen. Det vert st adig vanskelegare å puste i

mitt øyrike. «Heidningane» ser med rart blikk på dei kristne, og dei kristne skular på kvarandre. Det er i ferd med å verte eit landskap av rettruande, heidningar og vranglærarar. Eg vonar saka på Talgje kan bli eit vendepunkt. Når alle har frest frå seg, lest sine bibelvers eller spytta hånlege ord mot bedehusfolket, då er det rom for gode samtaler igjen. Eg har framleis tru på et godt og raust samfunn i Ryfylke, men då må me møtas. Me treng å bryta meiningar, få nye perspektiv og innspel. Det hjelp ikkje med butikk og skule dersom me på fritida tilbring tida i vårt eige ekkokammer. Det er møtet mellom folk som skaper bulyst, livsglede og gode buforhold for kropp og sinn. Det er me som bur her som er limet i Ryfylke.

Foto: privat

>

Når slike saker vert omtalt er reaksjonane ganske forutsigbare. Trongsynte bedehusfolk og ein utdatert kristendom. Korleis kan tenkjande menneske leva på Talgje? Andre meinte at «dette burde ikkje Aftenbladet skrive om». Avisa grapsa til eit idyllisk lokalsamfunn, typisk media. Det er ein ganske naturleg reaksjon som eg har sett før mange gonger. Det er ubehageleg å få fokuset retta mot seg

på denne måten, men er det feil berre fordi det er ubehageleg?

Oddvar Vignes dagleg leiar, Vignes grav og spreng


6

MITT RYFYLKE

Glitrande juletre TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: MEISTER FOTOGRAFI


7

MITT RYFYLKE

PÅ MYHRE JULETREGARD TENKJER DEI PÅ JUL HEILE ÅRET. KANSKJE FÅR DU EIT JULETRE FRÅ LENA NERGÅRD OG JAN MAGNE MYHRE I STOVA DI?

P

> Juletrea på Myhre Juletregard blir passa på heile året, slik at dei utviklar seg på den beste måten.

å Myhre Juletregard på Hebnes er 60 mål med dyrka jord fulle av juletre i alle fasongar. Ekteparet har drive med juletreproduksjon i snart 20 år og veit at det tar tid og mykje pleie før trea er klare for å pynte opp julefeiringar i inn – og utland. Sola er i ferd med å gå ned og lange rekkjer med snart hogstklare juletre solar seg i glansen. Jan Magne kikkar utover juletreskogen, han kjenner nesten kvart eit tre. – Me går her heile året for å passe på at trea utviklar seg og veks slik dei skal, dei skal ikkje ha for mykje regn, og dei må få god tilgang på næringa i jorda. Blir det for mykje ugras rundt dei så taper dei ofte den kampen, seier Jan Magne og viser at det bør vere god avstand mellom trea, og at ein må klippe og stelle dei gjennom heile året. – Det beste er når me hugsar å ta med oss saks på turen rundt, då får me gjort det etter kvart. Dei slutta med sauer og byrja med juletre på slutten av 1990-talet. Det passa dei betre, og sjølv om det er mykje arbeid i juletreskogen så kan ekteparet no ta seg fri og reise vekk utan at dei må tenkje på avløysar. Både Jan Magne og Lena har jobb i tillegg

til gardsdrifta. I dag er han nett komen heim frå eit arbeidsoppdrag i Sauda, medan Lena er reist til austlegare breiddegrader på haustferie. Han viser oss rekkjer med juletre, nokre har fått ei raud sløyfe i toppen som det står stjerne på, det er dei aller finaste, mange andre har fått eit blått band det står tradisjonell på. Dei er hakket under i kvalitet. Sjølv

— Me må kjenne kulturen og tradisjonen i landet me sel til, alle ynskjer dei ulike tre. [Jan Magne Myhre]

om ekteparet har nokre faste kundar som dukkar opp på garden for å hente juletreet heim i tide, er det via Norsk Juletreservice dei sel det aller meste. Norsk Juletreservice AS er eit produsenteigd selskap som sel juletre til grossistar, kjedar og torghandlarar. Dei har kontor på Bratthetland i Hjelmeland, men produsentane held til mellom Bergen og Kristiansand. Dei sel juletre over heile landet, og eksporterer til Danmark, Tyskland, Nederland og England. I tillegg sel Lena og Jan Magne sjølve.


MITT RYFYLKE

Jan Magne Myhre er stolt juletreprodusent. 60 mål med juletre har han og kona Lena Nergård på garden.

– Me skulle gjerne selt meir direkte frå garden, det er absolutt lov å kome innom her for å hogge sitt eige tre, slår Jan Magne fast. Han viser og til at dei i tillegg til juletre har kristJULETRETIPS torn og pyntegrønt Finn eit juletre som passar inn der som passar til det skal stå – tenk på høgd og breidd både dørkransar La det stå og av-klimatisere seg før og gravpynt. Ein du tar det inn i stovevarmen god del av dette Skjær litt av stammen – om lag som lagar dei kransar om du kuttar ein bukett roser av som dei sel på Hugs at treet skal ha vatn heile tida! torget på Sand og i Sauda.

>

>

8

Dei aller fleste juletrekundane vil ha edelgran, på Hebnes produserer dei som så mange andre på vestlandet Normannsedelgran.

Eit juletre som har ein fin og djup grønfarge, og som klarar seg lenge innandørs før nålene dett av. Greinene veks òg svakt oppover, slik at det fint blir plass til juletrepynten som skal på plass. For å få eit fint juletre må ein vere nøye med gjødsel og tilsyn på trea, slik at verken sjukdom eller dyr øydelegg produksjonen. Det tar om lag 8–10 år frå ein plantar til ein kan selje trea. – Det er viktig å vite mykje om det landet du skal selje juletre til, meiner Jan Magne. Medan nordmenn no skal ha slanke tre som òg passar inn i små husvære, så vil dei i mange andre land ha tettare og romslegare tre. – Me sel jo absolutt mesteparten til Noreg, men det som ikkje passar inn her, det eksporterer me til utlandet, fortel Jan Magne. Og då må me kjenne kulturen og tradisjonen i landet me sel til, alle ynskjer dei ulike tre. – Ta Tyskland til dømes, dei vil gjerne ha mørke-


MITT RYFYLKE

Mange juletre på Myhre Juletregard får ny eigar denne jula, andre må vente lenger.

>

>

Trea er merkte etter kva kvalitet dei har, raude stjernetre er dei beste.

grøne tre som nesten har eit blå-aktig skjær, medan andre land vil ha lyse grønfargar. Sjølv om mange land er glade i norske juletre, er det utan tvil Danmark som er størst på juletre internasjonalt. – Her i landet er det fleire trendar som byrjar å bli synlege. Det er alt frå dei som ikkje vil ha juletre, til dei som pyntar det veldig tidleg og til dei som har bestemt seg for å kjøpe plasttre. Det blir fleire og fleire, seier Jan Magne. Sjølv kan han ikkje forstå at folk ikkje vil ha lukta av gran i huset, det blir ikkje jul utan, meiner han. Rundt 15. november blir juletrea på Hebnes hogde, Jan Magne og Lena har ein hogstmaskin som er tilpassa juletre, og når den er i bruk tar dei nesten alle trea på ein god arbeidsdag. – Me har eit mål om å produsere 3.500 til 4.000 tre i året. Det er ikkje ofte me klarer det, i alle fall ikkje i

år, med dei harde vintrane og dårlege somrane det har vore dei siste åra. Juletrea står då i tre dagar for å av-klimatisere seg

— Me skulle gjerne selt meir direkte frå garden, det er absolutt lov å kome innom her for å hogge sitt eige tre. [Jan Magne Myhre]

før dei blir pakka i nett. Juletrea skal ikkje ha stress, og i følgje Jan Magne blir kvaliteten forringa med det same dersom ein pakkar juletrea for fort. Når du har kjøpt deg juletreet du ynskjer deg bør du la det stå i ein garasje eller ein gang ei stund før det kjem inn i stovevarmen. Du bør også skjære av litt av stammen, nesten som om du kuttar ein bukett roser, då held dei seg fine lenger. – Og sjølvsagt, gløym ikkje at juletreet treng vatn heile tida, slår Jan Magne fast.

9


FILTER Foto: Per Inge Fjellheim

Tett på dei gode opplevingane I Sauda er det vilje til vekst og utvikling, noko som viser godt igjen i lokalsamfunnet. I dag har me omlag 100 km med oppkøyrde og/eller merka turløyper i sju dalføre. Med hjelp av flinke dugnadsfolk i alle dalføra er det gjennom fleire år blitt utvikla eit flott løypenett i kommunen. Dette veit me blir sett stor pris på av fastbuande, hytteeigarar og andre besøkande. Velkommen til Sauda – heile året – heile tida.

Foto: Arnhild Marie Aarhus

Foto: Rune Håheimsnes / Sauda BCC

ANDRE STUDIETILBOD • Studiespesialisering • Elektrofag • Bygg- og anleggsteknikk • Tilpassa opplæring • Helse- og oppvekstfag • Teknikk og industriell produksjon • Industriteknologi • Byggteknikk

• Ambulansefag • Kjemiprosess • Helsearbeidarfag • Kjemiprosess • Barn og ungdomsarbeidarfag • Transport og logistikk

• ToppVolley Norge • Elenergi • Nettbasert 23 t påbygg

Toppidrett og friluftsliv med studiekompetanse i Sauda For unge ambisiøse park- og frikjørarar som ønskjer å utvikla seg mot eit nasjonalt toppnivå.

For deg som vil kombinera vidaregåande opplæring med variert friluftsliv og turleiarkompetanse.

CAMPUS SAUDA! HYBELBYGG MED 30 BUEININGAR OPNA HAUSTEN 2015.

Meir info: www.sauda.vgs.no, Facebook, tlf: 51 92 28 00, mail: sauda-vgs@skole.rogfk.no


Ved å velge naturbruk på videregående vil du få både teoretisk og praktisk undervisning, dette øker motivasjonen for mange.

Norsk Stein AS avd. Jelsa har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshorekonstruksjonar. Me er lokalisert i Suldal kommune, er 183 tilsette og 12 lærlingar og har ein årsproduksjon på over 10 mill. tonn. Sjå: www.mibau-stema.com

-Anleggsgartner -Heste- og hovslagerfaget -Landbruk -Studiekompetanse

Utdanning basert på DINE interesser

www.tveit.vgs.no


12

MITT RYFYLKE

DYRKAR FRUKTNÆRINGA Trenden har snudd, no vil fleire drive fruktgard i Ryfylke. Det nye fruktpakkeriet i Årdal blir ein viktig samlingsplass for fruktbøndene. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: MEISTER FOTOGRAFI

S > Svein Hia er nytilsett dagleg leiar i Ryfylkefrukt AS. Han trur det nye fruktpakkeriet i Årdal vil vere ein viktig samlingsplass for næringa.

vein Hia møter oss i døra på det nye fruktpakkeriet i Årdal, framfor oss togar det inn ei lang rekkje med barnehagebarn i gule refleksvestar. Dei skal inn og sjå korleis alle epla blir vaska, sorterte og pakka i store kassar, klare for å bli køyrt ut til butikkane. Svein, som er nytilsett dagleg leiar, peikar og forklarer, han viser veg forbi samlebandet der det i dag arbeidet sju stykk og inn på lageret der palle etter palle med Ryfylkefrukt står samla. Det nye fruktpakkeriet i Årdal, som opna i august, har som mål å gi næringa eit løft. Det er investert om lag 16 millionar i det nye bygget, som har ein storleik på 2000 kvadratmeter. Innovasjon Norge er med på finansieringa med ein million i støtte og fem millionar som lån. I tillegg er både Sparebanken Vest og Ryfylkefondet med på investeringa og Ryfylke IKS har stilt med prosjektleiing i byrjinga og Hjelmeland kommune med ei rimeleg og god tomt. — No blir det enklare å produsere frukt i Ryfylke, her får ein meir effektiv pakking, i tillegg til at ein får ein fagleg og sosial møteplass, meiner dagleg leiar Svein Hia. Det var bøndene sjølve som lanserte ideen om eit lokalt fruktpakkeri tilbake i 2014. Trenden var at stadig færre unge ville drive med frukt, og volumet gjekk ned.


MITT RYFYLKE

13


14

MITT RYFYLKE

>

— Me hadde ei samling på Hjelmeland der både fylkesmannen, Innovasjon Norge og landbruksavdelinga var med oss. Me måtte gjere noko skulle næring overleve, seier styreleiar og fruktbonde Øystein T. Kleppa. RYFYLKEFRUKT AS På den Det nye fruktpakkeriet i Årdal som opna tida leverte i august har som mål å gi næringa eit løft. næringa i Det er investert om lag 16 millionar i det nye Ryfylke frukt bygget som har ein storleik på 2000 kvadratmeter. til pakkeriet Innovasjon Norge er med på finansieringa med ein million i støtte og fem millionar som lån. I på Rentillegg er både Sparebanken Vest og Ryfylkenesøy. Etter fondet med på investeringa og Ryfylke kvart blei det IKS har stilt med prosjektleiing i byrjinga klart at dersom og Hjelmeland kommune med ei fruktnæringa i rimeleg og god tomt. regionen skulle vekse, måtte det store investeringar til på Rennesøy for å klare å ta i mot mengdene med frukt. Dermed kom ideen om eit lokalt pakkeri i Årdal. Det nye pakkeriet opna tidlegare i haust, pakkeriet på Rennesøy er no blitt eit reint tomatpakkeri. — Eit av dei viktigaste romma i bygget er truleg møterommet, der kan me samle oss og ta opp viktige tema som produsentane er interesserte i. Det blir enklare å vere fruktbonde når me kan dele kompetanse og erfaringar, seier styreleiaren som sjølv driv med eple, plommer og pærer på Nessa.

>

Svein Hia forklarer spente barnehagebarn korleis epla blir vaska, sorterte og pakka.

— Etter me starta dette arbeidet har fleire unge bønder no satsa, både med nyplanting og omplanting med frukttre. Det er kjekt å sjå. 20 bønder har samla seg om pakkeriet, på sikt ser ein at det kan vekse til rundt 30. Svein Hia har sjølv nyleg flytta til Årdal for å ta over heimegarden, der han no har ein liten saueflokk. — Det hadde sjølvsagt vore kjekt med frukt der og, men me får sjå det litt an, seier han og ler. Inne i produksjonshallen slår den kalde lufta i mot oss, her kjem epla trillande inn på eit band. Maskinen som er kjøpt brukt frå Nederland tar seg av vasking og sortering av eple, som deretter blir pakka i plastposar og kassar. Her står kassar med frukt der produsentnamnet er godt synleg, det er viktig å vite kor frukta kjem frå, og det er viktig å kunne levere kortreist frukt inn i marknaden. Ryfylkefrukt har no sikra seg avtale med både Bama og Coop, på det meste blir det pakka eit tonn i timen. I tillegg har dei avtale med Grønvik Gard der dei leverer skada eple til eplemostproduksjon. Det er eit mål å få til ein total produksjon på 1000 tonn frukt i året. Pakkeriet pakkar både eple, pærer og plommer. — Resultatet i år blir spanande. Det har vore eit vanskeleg år for dei fleste produsentane, det var ingen god start for pakkeriet, men me skal klare oss fint. Dette er kome for å bli, slår Svein Hia fast. Produsentane melder inn frukta til pakking når den er klar, pakkeriet leiger sjåfør som då køyrer rundt for å hente inn. Øystein T. Kleppa som sjølv er produsent kjenner godt til den dårlege sesongen som har vore i år. — Det har vore ein kjempevanskeleg sommar, men på ein måte er det betre at dette uåret kjem no enn neste år, då satsar me på at volumet som blir produsert på pakkeriet er endå større, meiner han. — I år har mykje av epleproduksjonen gått til saft eller juice, seier T. Kleppa og viser til at mange fekk frukt øydelagt av ein heftig haglstorm i sommar.


15

— Etter me starta dette arbeidet har fleire unge bønder no satsa, både med nyplanting og omplanting med frukttrær. Det er kjekt å sjå. [Øystein T. Kleppa]

— Eg må jo lære alt her, dette kan jo produsentane så mykje om, eg blir stadig betre på det. No smakar eg på alt som kjem inn her. — Og så blir det viktig å få mest mogleg ut av drifta her, at huset kanskje kan bli leigd ut på vinteren, og at ein får inn produsentar som forlenger sesongen både på våren og på hausten. Me har kapasitet til å lagre meir frukt slik at ein får pakking tettare opp mot jul.

Han fortel at produsentane til Ryfylkefrukt slett ikkje treng å bu i regionen, så lenge det er mogleg praktisk er det heilt greitt med produsentar lengre vekke. — Me må og ut av Rogaland for å selje frukt, det må vere eit mål framover, meiner Hia. Telefonen hans ringer stadig. Svein Hia kom til fruktpakkeriet frå stillinga som avdelingsleiar for administrasjonen på Stiftelsen Hiimsmoenkollektivet på Sand. Overgangen har vore stor, sjølv om det også her handlar om å sjå moglegheiter for å betre kvalitet og resultat. — Det er mange som har spurt meg om eg veit kva eg gjorde då eg tok denne jobben, seier han og ler godt. Barnehagebarna er ferdige med rundturen, på veg ut dørene får dei ei obligatorisk gåve med seg; eit raudt og freistande ryfylkeeple i handa.

Elin Helgøy Nordpoll (t.v) og Ingvild Apeland (t.h) pakkar frukt i rekordfart. På det meste pakkar dei eit tonn i timen på fruktpakkeriet. Svein Hia har hatt ein bratt læringskurve når det gjeld frukt. No veit han mykje om både eple, pærer og plommer.

>

Både han og Svein Hia er optimistiske for framtida. Ryfylke har alltid vore ein fruktregion, og no ser ein tydeleg at fleire unge tar over fruktgardar og satsar på nyplanting. — Me er jo sjølvsagt ikkje kjempestore på frukt, me når ikkje opp til Hardanger til dømes, samstundes har me veldig god frukt, me har gode forhold sjølv om det mange stadar kan vere litt lite sol og litt mykje vind. Sjølv har Hia lært mykje om frukt og ulike sorter eple, plommer og pærer.

>

MITT RYFYLKE


GJENNOMSLAG I RYFAST Torsdag 26.oktober gjekk den avgjerande salva i Ryfast av. Endeleg er Ryfylke bunden saman med Stavanger – av verdas lengste undersjøiske tunell. Kva betyr dette for Ryfylke?

RYFYLKE.NO #ryfylke Fotograf Kristofer Ryde, Negative


Fotograf Kristofer Ryde, Negative

Ryfast opnar i 2019, då vil den undersjøiske tunellen som går mellom Solbakk i Ryfylke og Stavanger opne nye dører for Ryfylke og gjere regionen meir attraktiv, både som bu – og arbeidsregion. Me har utfordra nokre av dei som meiner mykje om Ryfast på spørsmåla:

Kva betyr Ryfastprosjektet for Ryfylke?

Kva vil endre seg for regionen etter opninga i 2019?

Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland:

Ryfast gir nye moglegheiter for fleire til å bu i Ryfylke. Ryfast medfører også at fleire bedrifter kan slå seg til der.

Då vil ein for alvor merke etterspørselen etter tomter. Det presset me i dag ser på Nord-Jæren, vil avta.

Fotograf Kristofer Ryde, Negative

Irene Heng Lauvsnes, ordførar i Strand kommune:

Fotograf Kristofer Ryde, Negative

Eg trur Ryfast vil bety meir enn me er klar over. Ein heildøgnsopen veg vil bety mykje for Ryfylke, både for Strand, Forsand og for kommunane nord på rv 13. Eg trur også at fleire næringsaktørar vil finne det meir interessant å etablere seg i Ryfylke sidan me kjem tettare på Stavanger og flyplassen på Sola når Ryfast er ferdig. Eg trur at fleire vil busetje seg i Ryfylke og kjøpe fritidsbustad i Ryfylke fordi det blir enklare å reise.

Eg trur fleire vil bruke Ryfast og rv 13/E134 som alternativ veg til Bergen og Oslo, og at trafikken vil bli større enn prognosene som er lagt til grunn. Ryfylke er i areal 50 prosent av Rogaland. Eg trur Ryfylke vil bli ein viktigare region i åra som kjem. Klarer me å samarbeide om å betre vegen vidare på rv 13 med tanke på vegbreidd og ras-sikring så trur eg effekten av Ryfast blir endå betre.


Bjørn Laugaland, ordførar i Hjelmeland kommune:

Nye moglegheiter for auka busetnad og næringsutvikling. Me slepp sitja i ferjekø, kan reisa når det passar oss utan å vera opptekne av kva tid kolonna går. Større effektivitet for næringslivet vårt med tanke på transport. Me er nærare resten av verda. Lettare for næringslivet vårt til å oppnå lønsemd.

Trafikken vil auka, me får meir gjennomgangstrafikk frå Nord Jæren/Stavanger til Austlandet med dei moglegheiter det medfører. Eg trur me kjem til å få større etterspørsel på bustadtomter og næringstomter. Fritidssysler i naturen vår vil for mange opplevast meir tilgjengeleg, derfor må me vera bevisst på det i planlegginga og tilrettelegginga vår for å utnytta dette til ei positiv utvikling.

Fotograf Kristofer Ryde, Negative

Asbjørn Birkeland, ordførar i Sauda kommune:

Sauda og Ryfylke vil bli meir tilgjengeleg for folk frå Nord-Jæren. Me skal legge til rette for hyttebygging og friluftsliv, slik at Ryfylke blir rekreasjonsplass for byfolket. Kortare avstand til dei befolkningsstore områda gjer at det er store moglegheiter for næringslivet i vår region.

Det vil bli meir aktivitet i Ryfylke, det er heilt klart. Ytre deler må førebu seg på auka busetjing, og me innerst vil nok merka det mest på fritidsdelen. Men me ser fram til å tilby hyttetomter og preparerte skiløyper. Skianlegg og fjellområde hjå oss har god kapasitet, og me gler oss til at fleire ønskjer å ta desse i bruk!

Foto: Fotograf Nordtveit

Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal kommune:

Det å få Ryfast betyr at Ryfylke får ein veg som er open heile døgnet, det vert slutt på å venta på ferja. Dette er til det gode for innbyggjarane våre og for næringslivet. Ryfast vil vera ein døropnar for turistnæringa langs heile rv 13.

Etter opninga vert regionen tettare knytt til Stavangerområdet. Det vil verta meir trafikk på rv 13 sidan dette vil verta den kortaste vegen når ein skal austover frå Stavangerområdet. Det vil setja større krav til standarden og rassikring av vegen.

Foto: Judith Sørhus Litlehamar

Bjarte Sveinsvoll Dagestad, ordførar i Forsand kommune:

Ryfastprosjektet vil ha stor betydning for Ryfylke. Når så store område blir «landfast» med NordJæren så vil det bli endringar på sikt for dei fleste kommunane i Ryfylke. Eg tippar ytre Ryfylke vil oppleve auka bustadbygging/etbalering, auka jobbpendling. Området blir meir attraktivt for industri og arealkrevjande verksemder. Indre Ryfylke vil bli meir «tilgjengeleg» for fritidsbustadar og dagsturar. Indre Ryfylke vil ligge på ein meir samanhengande akse indrevegen.

Forsand kommune har hatt sine saker vedrørande fjordkryssing og plassering samt tilhøyrande tunnel i prosjektet Espedal-Frafjord, som blei tatt ut i siste sving. Forsand kommune ligg likevel slik til at det blir eit attraktivt område for både innflytting og næringsetablering. Fortset samstundes eit privat ferjesamband Oanes- Lauvvik etter ryfastopninga og Espedal-Frafjord blir realisert, så får innbyggarane, næringslivet og turistane eit komplett og veldig godt tilbod i regionen vår.

Foto: Meister Fotografi

Me vil løfta Ryfylke opp og fram

Forsand kommune

Strand

Hjelmeland

Suldal

Sauda

RYFYLKE.NO kommune kommune #ryfylke kommune kommune

Ryfylke, nord-aust i Rogaland, byr på fjell- og fjordperler, by- og bygdaliv. Regionen er ein viktig leverandør av mat frå hav- og landbruk. Næringslivet er kjenneteikna som nyskapande med solid drift, både for store og små bedrifter. Ryfylkingen bidreg til lokal utvikling og er stolt leverandør av kvalitetsprodukt- og tenester.


19

MITT RYFYLKE

>

Odelsguten Julian framfor sjokoladeproduksjonen i Eiane. June Dahlskaas saman med Olaug Irene Gjerde og Victoria DeCulette som jobbar i bedrifta.

SJOKOLADE dronn

ga

Lysefjorden Sjokolade kan by på mange freistande godsaker. No har også June Dahlskaas opna dørene til den årlege julebutikken på Jørpeland. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: PRIVAT

I

deen om Lysefjorden Sjokolade starta på Eiane i Forsand, no har bedrifta utvikla seg til å bli eit kjent sjokolademerke langt utover Ryfylke sine grenser. Mange har fått auga opp for dei kvite, delikate øskjene som er proppfulle av ekte smakar og søte godsaker frå Lysefjorden. Sjokola-

degründeren June Dahlskaas driv bedrifta, og har i dag utsal både på Kvadrat, i iskrembaren på Jørpeland kvar sommar, og no altså i julebutikken som kvart år opnar på Jørpeland dei to siste månadane før jul. Bedrifta starta opp i 2013, og sjølv om sjokoladehistoria har vakse gjennom åra så er

framleis produksjon – og kurslokala på Eiane i Forsand. June bur i dag på Jørpeland saman med Fredrik Gaare Jansen som jobbar som pilot på Sola, frå før har June barna Maja og Julian. Sistemann er odelsgut til sjokoladegarden på Eiane og går no på landbrukslinja på KVS Lyngdal. Sidan


oppstarten har det vore ei fantastisk søt reise med utvikling av sjokoladebedrifta. — Me har utvikla oss raskt, men likevel sakte og sikkert for å få større produktsortiment å velje mellom. Me har også starta fast med denne popup-butikken på Jørpeland før jul. I tillegg har me fått isbar på torget på Jørpeland på sommaren og eigen sjokoladebutikk på Kvadrat. — Gjennom å jobbe med sjokolade får eg vere kreativ, bruke kompetansen og uttrykke mange ulike smakar, kome tilbake til røtene i Lysefjorden, dele historier og ikkje minst møte andre sjokoladeelskarar, skriv ho på bedrifta sine nettsider. Lysefjorden speler ei viktig rolle i alle produkta deira, enten med lokale

MITT RYFYLKE

forteljingar og namn som kjem frå Lysefjorden, og at alle produkta er lokalproduserte. June brenn for at lokalsamfunnet skal vise igjen, også

— Når du får ein sjokoladebit frå Lysefjorden Sjokolade får du også med ei historie. [June Dahlskaas]

i godsakene ho utviklar. Samstundes har dei også utvikla historiene, blant anna med sjokoladen Kongen, for å treffe også dei som ikkje har noko kjennskap til Lysefjorden. June blir gira av å utvikle nye produkt, kreativiteten boblar og kjem godt til uttrykk i arbeidsdagen hennar. I epostane frå June avsluttar ho alltid

med ei sjokoladehelsing, det meste er gjennomført, og detaljane betyr mykje. Her får ho både lage nye sjokoladeprodukt, og ikkje minst utvikle ei merkevare frå Ryfylke. Ho ynskjer å utvikle lokale og kortreiste produkt, og ho er glad i sjokolade, både i lage den og ete den. — Drivkrafta mi må vere at eg har lyst til å sjå kor langt eg kan nå med Lysefjorden Sjokolade. Eg lærer og utviklar meg heile tida, veit no meir om kva eg verkeleg er god på, og kva eg trudde eg blei trigga av, men som ikkje gir meg like mykje energi på lang sikt. Ei anna drivkraft er alle dei positive tilbakemeldingane som kjem frå kundar. No fram mot jul blir det produsert ekstra mykje godt på sjokoladefabrikken.

>

20

LYSEFJORDEN SJOKOLADE June Dahlskaas driv Lysefjorden Sjokolade, og har i dag utsal både på Kvadrat, i iskrembaren på Jørpeland kvar sommar, og no altså i julebutikken som kvart år opnar på Jørpeland dei to siste månadane før jul. Bedrifta starta opp i 2013, etter at June fekk ein idé om at mjølka som vart produsert på garden måtte kunne brukast til lokale og kortreiste produkt. I dag brukar dei ikkje eiga mjølk i produksjonen, men alle produkt blir likevel lokalprodusert i Lysefjorden.


MITT RYFYLKE

I tillegg til standardsortane som til dømes salte fjelltoppar, steinhoggaren og Pilt-Ola, alle med historier og namn frå Lysefjorden. Til jul blir det også laga spesielle produkt som marsipanbrød med kokos og malibu, med cognac og pepperkake, og naturell. Dei lagar også marsipangriser toppa med kirsebær og bringebær, der og nokre er toppa med bacon frå ein lokal slaktar på Jæren. Før jul kan ein og handle engleperler, nisseperler, gelestenger med smak av blåbær, bringebær og kirsebær, samt deira eigen kaffi og appelsinjuice for å nemne noko. I julebutikken som opna 1. november kan ein i tillegg til alle godsakene også handle litt interiør. — Dette er ein god stad å handle julegåver, meiner June, her er det gåver til dei fleste.

flar, marsipanbrød med malibu og kokos, og nokre himmelske konfektkuler med cognac som er dyppa i sjokolade og rulla i peparkaker. — Så er det Preikestolkonfekten Steinhoggeren då, den blir eg aldri lei av, fortel June. — Alle sjokoladesortane våre har også ei eiga historie. Det gjer at når du får ein sjokoladebit frå Lysefjorden Sjokolade får du også med ei historie som enten fortel noko om korleis livet var i bygda, kor du kan ta ein fin tur i Lysefjorden, kven som har budd her i bygda før eller noko anna frå fjorden, skriv ho på bedrifta sine eigne nettsider.

Sjølv er ho også glad i sjokolade, ho varier sjokolademenyen etter når på dagen ho skal ete den. — No for tida er eg hekta på lakristrø-

> >

Sjølv om June har satsa sterkt på å utvikle butikkar dei siste åra er likevel sjølve hjarta, produksjonen og i dag der den starta. Lokala på Eiane blir brukt til produksjon og kurslokale. I tillegg tar dei imot grupper for sjokoladesmaking, historieforteljing og kaffibesøk, og dei kan få handle i butikken på garden. June har utvikla eit samarbeid med Haga Buss, slik at gjestene her får ei totaloppleving. No ser ho framover og drøymer om stadig nye mål. — Målet er å få Isbaren fast på torget på Jørpeland. Det har vore eit eventyr utan like. Der me lagar vår eigen topping til softis og kuleis. I tillegg har me selt milkshake, smoothie og iskaffi. — Eit anna mål er å få fleire bussgrupper til å kome på besøk til oss, samt fleire forhandlarar rundt om i Noreg, seier June.

June Dahlskaas ynskjer stadig å nå nye mål i sjokoladebedrifta Lysefjorden Sjokolade. Freistande sjokoladetrøflar er noko av det du kan få hjå Lysefjorden Sjokolade

21


PÅ TIDE Å GLEDE SEG! Unn deg en konsert eller forestilling før jul – eller gi en i gave!

BILLETTER/GAVEKORT: 51 53 70 00 WWW.STAVANGER-KONSERTHUS.NO

FRE. 17. NOVEMBER KL. 19.00 Zetlitz, bill.: 445,- stud.: 375,gr.: 430,- Arr.: Stand Up Norge AS

INGEBJØRG BRATLAND ONS. 22. NOVEMBER KL. 20.00 Zetlitz, bill.: 445,- Arr.: Stavanger konserthus og Atomic Soul

JULETURNE 2017

HILDE SELVIKVÅG

JULESTJERNER

TORS. 7. DES. KL. 16.30 FÅ BILL. & KL. 19.00 Kuppelhallen bill.: 375,- Arr.: Aico Musikk

FRE. 15. DESEMBER KL. 19.30 Zetlitz, bill.: 405,Arr.: Stageway Talent

SØN. 17. DES. KL. 17.00/20.00 Fartein Valen, bill.: 455,Arr.: Stav. kon. & Kulturkompaniet

JULEKONSERT

ANGELINA JORDAN FRE. 8. DESEMBER KL. 19.00 Fartein Valen, bill.: 445,Arr.: Bragernes Konsert

PUTTI PLUTTI POTT

NORDIC TENORS

24., 25. & 26. NOVEMBER 8 FORESTILLINGER Zetlitz, bill.: 280–345,- Arr.: Troll Prod. AS

LØR. 9. DESEMBER KL. 18.00 & KL. 20.30 Fartein Valen bill.: 480,- Arr.: Nordic Moments

CHRISTMAS WITH

TORE RENBERG:

GRÆLA DEILIGE ER JORDEN

FRE. 1. DES. KL. 18.00 FÅ BILL. KL. 20.30 EKSTRA! Fartein Valen, bill.: 575–625,- Arr.: Stageway Talent

SSO JULEKONSERT MED STAVANGER SYMFONIKOR

LØR. 9. DESEMBER KL. 19.00 Kuppelhallen, bill.: 375,Arr.: Stageway Talent

FRE. 15. DESEMBER KL. 20.00 Fartein Valen, bill.: 300,barn/stud.: 165,- Arr.: SSO

EN JULEKONSERT MED KAROLINE KRÜGER & SIGVART DAGSLAND LØR. 16. DESEMBER KL. 18.00 Fartein Valen, bill.: 460,Arr.: HiHat Management

MAN. 18. DESEMBER KL. 19.30 Fartein Valen, bill.: 440,barn: 295,- Arr.: Atempo AS

AURORA

VIDAR JOHNSEN: HIM TE JUL

LØR. 16. DESEMBER KL. 21.00 Zetlitz, bill.: 415,- stud.: 365,Arr.: Stav. kon., Vipe Prod. & Utopia Festival

SPISERIET & STAVANGER KONSERTHUS PRESENTERER:

BRITT-SYNNØVE JOHANSEN ARNE HOVDA ERIK RØE BRYNE STORBAND

Gavekort i konserthuset passer for alle!

Lørdag 9. desember kl. 19.00 i Zetlitz, pakkepris: 1295,-

HOVEDSAMARBEIDSPARTNERE:

SØN. 17. DESEMBER KL. 19.00 Kuppelhallen, bill.: 625–785,Arr.: Aller Media

ONS. 20. DESEMBER KL. 19.00 Fartein Valen, bill.: 375–480,Arr.: Bragernes Konsert

En fin julepresang til venner, familie eller ansatte i din bedrift. Kan kjøpes på www. stavanger-konserthus.no/ gavekort. Vi har også konserthusbutikken med unike gaveartikler og designprodukter – velkommen innom!


Ledige næringstomter – ta kontakt. Tau Næringspark as Nordmarka, 4120 Tau Tlf. 909 75 915 E-mail: hogne@turnoveras.no

Ta kontakt for tilbud!

Ta kontakt for tilbud!

Stort utvalg i Rogalandsbunader og tilbehør

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no

Vi tilbyr blant annet • Ferdigbetong • Grus og jord til alt av grunnarbeid • Betongarbeider til murer, og fundament • Graving og sprengning til Vitrapper tilbyr blant annet • Ferdigbetong • Grus og jord veger og tomter • Gratis rådgivning og tips! til alt av grunnarbeid • Betongarbeider til murer,

trapper og fundament • Graving og sprengning til veger og tomter • Gratis rådgivning og tips!


24

MITT RYFYLKE

Cathrine Vierli Selvaag (33) vart hotellsjef som 23-åring, som singel 24-åring bygde ho sitt første hus. Den nytilsette sjefen i Rymat kjem sjeldan til dekka bord, ho likar best å gjere jobben sjølv. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: MEISTER FOTOGRAFI

Matlos

C

athrine Vierli Selvaag landar i stolen framfor oss. Dagen er framleis ung, men ho har allereie fått sønene i barnehagen og sett to lærevillige ungdommar frå prosjektet Læring i Næring i sving. Dei skal lage mat som Ryfylkekokken kan spare på, konservering av frukt og bær frå Ryfylke, som kjem godt med når neste oppdrag står for tur. — Det er klart det er travle dagar. Eg pleier tulle med borna på morgonen og seie at me skal opne barnehagen, det er somme gonger motiverande for å få opp farten litt. Men for all del, me har ein fleksibel kvardag. Eg må av og til vere tidleg oppe på morgonen, men så kan eg og hente klokka 14 ein dag det passar slik. No set Cathrine seg ned, legg hendene på bordet og fyk opp igjen mest med det same. — De må jo få kaffi, seier ho og serverer i rause krus. Ho er meir van med å servere enn å vere hovudgjest. Meir van med å legge til rette enn å kome til dekka bord. Cathrine er gift med Ryfylkekokken Frode Selvaag, no arbeider ho i familiebedrifta, i tillegg til at ho nyleg entra sjefsjobben i nettverket Rymat. Her skal ho leie arbeidet med å fremje lokale produkt frå Ryfylke. Målet er at fleire produsentar lukkast, og at

næringa sit igjen med meir pengar på botnlinja. — Det er ei utfordring for oss å fremje dei små lokale produsentane like godt som me støttar opp om dei store, som gjerne også eksporterer mengder med produkt ut av landet, meiner Cathrine og dreg fram Mikals Laks på Jøsneset og Fatland Ølen som to store aktørar.

Cathrine Vierli Selvaag (33) Sivil status: Gift, to barn Aktuell: Nytilsett dagleg leiar i Rymat Bur: Storehamn på Finnøy Drøymer om: Sommarhus langs Nidelva i Arendal Førebilete: Torill Renaa Les: Det har vore lite lesing i det siste, men eg har bøkene til Agnes L. Matre liggjande på vent – håpar å få lese dei i løpet av hausten. Høyrer på: Stavangerkameratane

—Det skal vere forskjell på produsentane våre, alle skal ikkje vere like store. Lysefjorden Sjokolade til dømes, hennar produkt er eksklusive, og difor vel ho andre salskanalar. Cathrine snakkar seg varm om felles marknadsføring og ein felles salskanal

som gjer det enkelt for kundane, og om å ha ein paraply som kan fungere som støttespelar for produsentane. Her skal dei nyte godt av reklameeffekten av å vere saman, men og finne kompetanse og kunne dele erfaringar med likesinna. Det aller viktigaste er at produkta når ut til kjøparane. Rymat satsar på samarbeid med reiselivsnæringa og hadde i sommar utsal både på turistkontoret Fossheim på Sand og turistkontoret på Jørpeland. Det må bli meir av slikt, meiner Cathrine, ingen vits i å vere lokalprodusent viss ingen kjøper varene. — Me skal vere synlege på viktige arenaer, som Gladmat til dømes. Men vel så viktig trur eg det er med kart som viser kor produsentane held til, slik at dei som vil kan svinge innom på besøk, og for å handle. Gjestene våre kan ha ei eksotisk matreise i Ryfylke. — Det er fantastiske forhold for å lage gode råvarer i Ryfylke, sjå på frukta vår til dømes. Dei gode naturforhalda skaper den gode eplesmaken. Ho trekk fram produsentar i fleng. Røsslyngen Beitelag, Fjellmat frå Suldal, Ryfylke Mat, Grønvik Eplemost, Ryfylke Vaktel, Ryfylke Lefsebakeri, Ryfylke bakeri og konditori på Jørpeland, Handeland Gard i Sauda, Ryfylke Smak på Finnøy, Hanasand Gard og Kjøkken på Rennesøy, Fatland


MITT RYFYLKE

Portrettet

Cathrine Vierli Selvaag

— Gjestene våre kan ha ei eksotisk matreise i Ryfylke.

25


26

MITT RYFYLKE

>

Cathrine entra nyleg sjefsjobben i nettverket Rymat. Her skal ho leie arbeidet med å fremje lokale produkt frå Ryfylke, målet er at fleire produsentar lukkast. Ryfylke byr på mange godbitar.

Ølen, Tau Mølle eller ramsløkpesto frå Fjellmon i Forsand. Det er noko for ein kvar smak i Ryfylke, meiner Cathrine, ein må berre vise det fram for verda. — Berre sjå korleis produkta våre viser igjen i Det Norske Måltid. Det er ganske tøft og det gjer meg stolt. Det er godt mogleg at kokkekunsten og kremmarteften er noko ho har arva frå ivrige besteforeldre. I oppveksten på Nedenes utanfor Arendal var ho mykje på garden til besteforeldra, som dreiv med mjølkekyr, egg og grønsaker. — Eg lærte å stelle dyr, og forstod kor råvarene kom frå. Eg var ikkje gamal første gongen eg sto på torget for å selje grønsaker med dei. Då me kom heim vrengde bestefar lommane, då

var det tid for lønn, i ekte gullpengar. I dag ser ho at det liknar mykje på det hennar eigne gutar no får oppleve i Sandeid hjå farmor og farfar. Mathistorie og matkultur ligg i genane også der. Sjølv var ho lenge sikker på at ho skulle bli konditor, etter ekstrajobb ved sidan av skulen hjå Baker Jørgensen i Arendal. Cathrine bestemte seg for å gå bakar og konditor-linje på vidaregåande. Etter 2 år blei ho motivert til å ta eit år til på kokk for å få sjansen til å ta endå eit fagbrev. Arbeidslivet og læretida starta på den tøffe måten. Då ho var utplassert som kokkeelev på Theatercaféen ringde ho heim til mor og grein. — Det var heilt grusomt, det var rett

før jul og frykteleg travelt. Eg sto og skrelte varme ferdigkokte poteter heile dagen, eg skrelte til eg hadde blemmer i hendene. Dette klarer eg ikkje, tenkte eg og ringde heim.Men beskjeden til mor var: bit tennene saman, det kjem til å bli betre. Ho overlevde tida på Theatercaféen, og etterpå gjekk vegen vidare til Fossheim Hotel i Lom og Arne Brimi på Vianvang. Noko som skulle vise seg å bli ei heilt anna oppleving. — Då utplasseringstida var ferdig vart eg kalla inn på kjøkkensjefen sitt kontor. Eg var ganske halvskvetten då, trudde jo det var noko gale, men han kunne fortelje meg at dei gjerne ville ha meg med vidare som lærling. Det var stort det.


27

MITT RYFYLKE

— Eg er blitt oppteken av tida, og at me skal bruke den rett [Cathrine Vierli Selvaag]

betyr, og kva det kostar. Arne Brimi er og i dag ein viktig samarbeidspartnar, som medeigar i Ryfylkekokken. Læretida vart starten på eit langt vennskap med Arne Brimi. Etter kvart fekk likevel sørlendingen Cathrine heimlengsel, etter sjø og hav. Som 23-åring vart ho hotellsjef ved Strand Hotel Fevik i Grimstad, då hadde ho allereie jobba ved hotellet som Souschef eit par år. Ho hoppa inn i ein jobb med mykje ansvar, både for personalet og for bookinga ved hotellet. Ho jobba dag og natt, etter kvart vart det booka inn bryllaupsfestar både laurdagar og fredagar, somme gonger også på torsdagar. På det meste var ho oppe i 65 bryllaup i året. — Eg fekk litt nok av dei store bryllaupsfestane der mor, svigermor og heile familien skal seie meininga si, det var jo meg dei ringde til. Eg var ganske trygg på at eg og Frode skulle ha eit annleis bryllaup då me gifta oss. Me måtte gjere det enkelt, eg orka ikkje noko anna, seier Cathrine og ler. Cathrine er ikkje mørkredd, det handlar som regel om å gripe dei sjansane som byr seg. Som singel 24-åring bygde ho sitt eige hus. — Kvifor ikkje, undrar ho og ser litt overraska ut — Eg hadde behov for ein plass å bu, og tenkte det var kjekt å bygge sitt eige hus. Det gjekk veldig bra. Eg har alltid hatt god økonomisk kontroll, gjer ingenting før eg veit det er trygt. Som restaurantsjef og seinare hotellsjef ved Spa Hotell Velvære møtte ho Frode Selvaag. Det vart ein romantisk

toneart over grytene på Hjelmeland. I dag er dei gifte og har fått sønene Tolleif (4) og Theodor (2). Og på nytt har dei bygd hus, Cathrine sitt andre, og ho er framleis berre 33 år. — Me flytta inn i huset då eg var høggravid, dagen etterpå vart me tre i familien. Det var jo ganske effektivt, då me kom heim igjen frå sjukehuset hadde familiane våre ordna opp. Alt var på plass i det nye huset. Cathrine ler. Det var somme som meinte termin og flyttedato kom litt vel tett på kvarandre. Då som nå brydde den høggravide seg lite om det. Her i Storehamn på Finnøy nyt dei livet, utsikta mot sjøen og kvarandre. Det er ikkje rom for TV i stova, det stel for mykje verdifull tid. — Eg er blitt oppteken av tida, og at me skal bruke den rett. No arbeider me saman og styrer oss sjølve, det kan vere travelt, men det er også mykje fridom i det. — Kokkeyrket har eigentleg eit ufortent dårleg rykte, det er jo mange som må jobbe mykje helg og kveld. Me har jo då gjerne fri både søndag og måndag, det er ikkje alle som kan gjere det. Det gjer ingenting om laurdagskosen med barna kjem på ein søndag. — Me kosar oss her, ingen av oss har noko tilknyting til Finnøy, eg pleier seie at me bur her heilt frivillig. Finnøy har teke veldig godt imot oss frå fyrste dag, slår ho fast.

Cathrine brenn for kortreiste råvarer som har ei ekte historie. Det handlar berre om å finne dei rette salskanalane, meiner ho.

>

— Det var nokre fantastiske år. Alt det eg lærte om råvarer, om å bruke sesongane og nytte råvarene på den beste måten. Cathrine ser utover bordet, stryk litt med hendene. Ho veit kva kvalitet

Rymat Bedrifter som er med i nettverket Fjellmat frå Suldal

Ryfylke Lefsebakeri

Fjellmon

Ryfylke Mat

Gønvik Gard

Ryfylke Smak

Hanasand Gard og Kjøkken

Ryfylke Vaktel

Handeland Gard

Røsslyngen Beitelag

Lysefjorden Sjokolade

Tau Mølle

Mikals Laks

Fatland Ølen

Ryfylke Bakeri og Konditori


adsign.no

S N E I L I M A F E L ! HEI K K I T U B T T I R O FAV firmapost@partnerregnskap.no Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor partnerregnskap.no

STORT UTVAL I NY BUTIKK! • • • • • •

Årsrekneskap for alle selskapsformer Bokføring - fakturering - løn Rådgiving Val av selskapsform - stifting - avvikling Hjelp ved skatte- og avgiftssaker Eigarskifte og driftsplanar m.m

Velkomen til FK Etne

www.suldalokonomi.no

LANDBRUK, HUS, HAGE, KJÆLEDYR, JAKT, LEIKER OG MYKJE MEIR... Suldalsosen Tlf. 52 79 93 10 • joker.suldalsosen@joker.no • www.joker.no

OPNINGSTIDER: Kvardagar 9 - 18 • Fredag 9 - 20 • Laurdag 9 - 18

FK BUTIKKEN ETNE · Tlf: 53 77 11 30 · OPE: 8-18 (9-15)


MITT RYFYLKE

balanserer LIV & LÆRE

Då Anne Siv Aasen (42) prøvde yoga for fyrste gong i 2003, visste ho lite om at det seinare kom til å bli både livsstil, arbeidsplass og vegen ut av tøffe tider. TEKST: MARIA DJUVE VÅGEN | FOTO: HILDE HAUGE

29


30

MITT RYFYLKE

Y

med å gå på sterke smertestillande resten av livet. Meldinga kom etter ein operasjon der det til slutt stod om livet, grunna komplikasjonar som følge av ein prolaps i ryggen og isjias. — Dette var ein tung periode i livet, og eg var berre ein skugge av meg sjølv. Eg hadde då levd i ein pressa situasjon over tid og blitt sjuk av angst og redsle, fortel ho. Dette er noko som mest sannsynleg hadde stor påverknad på at eg enda med prolaps i korsryggen.

Ho er adoptert frå Sør-Korea og kom til Noreg då ho var 8 månadar gamal. Der vaks ho opp som odelsjente på gard på Jørpeland, og i 2014 starta ho yogastudioet Solvik YOGA ved barndomsheimen. I dag tilbyr ho ulike typar kurs, gruppetimar, helgesamlingar, og yogafestivalar for både unge og vaksne i idylliske naturomgjevnadar på Jørpeland. Ho blir òg leigd inn til å halde yogakurs PATANJALI-YOGA og foredrag Patanjali-yoga er lenka til ein yogapå andre retning som heiter Iyengar Yoga, som yogastudio fokuserer på teknikk og linjering i kroppen. Ein og hjå andre har fokus på å auke balanse, styrke og fleksiaktørar. bilitet mellom høgre og venstre side av kroppen Anne Siv har ved å «kople» på musklar og ledd via øvingar og pust. Ein tar i bruk yogautstyr for å tilpasse òg undervist øvingar til kvar deltakar med sitt utanlands, utgangspunkt. blant anna i Laos og på Bali. Men reisa til å bli yoga-lærar og opne sitt eige studio har ikkje vore enkel. Anne Siv fortel at ho for nokre år tilbake hadde fått beskjed om at ho kom til å vere fysisk funksjonshemma og måtte leve

Det var medan ho låg på sofaen ho bestemte seg for at ho skulle brette opp ermane og gjere eit forsøk på å skape ein betre kvardag. Ho starta med å gjere yoga-øvingane ho tidlegare hadde blitt introdusert for på det lokale treningssenteret, og det gav raskt resultat. — Eg fekk gode resultat på kort tid, og kunne bevege meg meir og meir. Naboane mine må ha lurt på kva eg heldt på med, for eg byrja etter kvart å ta øvingar der eg sto på hovudet med beina i veret, ler ho. Med den helsemessige framgongen kom og inspirasjonen til å prøve noko nytt, ho starta dermed på yogalærar-utdanning innan Patanjali-yoga ved Satya Yoga i Sandnes i samarbeid med Patanjali Yoga Switzerland Institute for Yogic Science. — Eg vakna ein dag og kjende på heile meg at eg skulle opne eit yogastudio. Og det skulle vere på Jørpeland! Seier ho entusiastisk og det var slik ho byrja med den 2-årige yogalærer utdanninga.

>

oga betyr å sameine kropp og sinn. Å auke balanse mellom kropp og hovud. Nokre kjem til yogamatta på grunn av skadar og plager, andre med psykiske og emosjonelle utfordringar som dei ynskjer å gjere noko med. Andre kjem med ønske om å få auka balanse, styrke og fleksibilitet, eller stressmeistring. Yoga er òg eit fantastisk verktøy å ta med seg ut av yogamatta og inn i kvardagen for å møte verda på ein litt annleis, meir fleksibel måte, seier Anne Siv.

Gjennom studiet var Anne Siv fleire gonger i Bern for å praktisere yoga saman med hovudlærarane i yogalærarutdanninga. Anne Siv var i det fyrste kullet som blei sertifiserte yogalærarar i Patanjali Yoga frå denne skulen. Ho har reist til både New York og Bali for å utvikle sin eigen yogapraksis med utvalde


31

MITT RYFYLKE

plass. Våren 2014 hadde ho prøvetimar i studioet, og i august opna ho Solvik YOGA. — Eg hadde tenkt å gjennomføre ei marknadsundersøking før eg gjekk i gong med alt. Eg hadde starta på spørsmåla til og med, men så kjende eg at når eg følte så sterkt på å gjere dette, måtte eg berre setje i gong, ler Anne Siv. Og det var heller ingen grunn til å bekymre seg for korleis marknaden tok i mot opninga av eit yogastudio på Jørpeland. — Eg fekk ein pangstart og hadde fulle ventelister og gruppetimar frå opninga. Eg har fått ein enorm respons frå lokalmiljøet og er veldig takknemlig for det.

Solvik YOGA har og fått i oppdrag i å halde yogakurs i Forsand kommune, der yoga har blitt sett på planen som ein del av folkehelsesatsinga. Her har Anne Siv og kollegane hennar yoga for barnehagen, skulen, personalet på kommunehuset og gruppetimar som er opne for alle. Dette går føre seg i kommunestyresalen på Forsand. Anne Siv fortel at ho gjerne skulle hatt yoga inn i barnehagen og skulen, og som ein del av eit behandlingstilbod for valdsutsette barn og vaksne. — Yoga gjer godt for alle og er eit fantastisk verktøy. Det er heilt fantastisk å sjå effekten hjå elevar eg underviser som kjem til yogamatta av ulike årsakar. Det tar tid før ein forstår korleis ein jobbar på yogamatta – å la kropp og hovud ta det til seg, men når ein

Frå ho bestemte seg for å opne studioet gjekk det meste på skinner. Etter tre månadar hadde ho eit klart «ja» frå kommunen og alle søknadar var på

— Me må sjå moglegheiter, ikkje avgrensingar og me må tørre å gå vår eigen veg.

Anne Siv Aasen synast yoga er eit godt verktøy for å takle kvardagen betre. Ho brenn for å få yoga inn i både barnehagar, skular og som behandlingstilbod for valdsutsette barn og vaksne.

>

[Anne Siv Aasen]

Sjølv om ho var bevisst på kva ho ville og kvar ho ville gjere det, var det ikkje ein fastsett plan for korleis ho skulle utvikle studioet vidare etter at det først vart opna. — Eg får stadig nye idear og dei må tas etterkvart. Det viktigaste for meg er at eg får kvalitetssikra arbeidet mitt, fortel Anne Siv. Og nemner det nyleg oppretta tilbodet om Pulpit Rock Yoga Retreat for å invitere utlandet heim til Solvik og Jørpeland. I 2018 skal ho tilby yogareiser utanlands, blant anna på Bali i samarbeid med reisebyrået Jomfrureiser.

yogalærarar, og i tillegg hatt fleire besøk til hovudskulen i Sveits i etterkant av utdanninga.


MITT RYFYLKE

først gjer det kjennest det magisk – det er akkurat som elevane blømer på matta. Det gjer meg så glad, det gir meg enno meir driv til å halde fram.

>

Solvik YOGA tilbyr både gruppetimar, kurs, helgesamlingar, og yogafestivalar i yogastudioet på Jørpeland.

Anne Siv held ofte foredrag om reisa hennar gjennom dei tøffe tidene som inspirasjonshistorie. Ho bruker også Instagram-kontoen, annesivaasen, som ei form for «yogadagbok» for seg sjølv om kva yoga gjer for henne. Mange finn inspirasjon i tekstar og bilete, og tek kontakt då dei ønsker å starte med yoga sjølv. Ho har også ein Instagram-konto for studioet, solvikyoga, som viser kva dei har å tilby og dei ulike prosjekta dei jobbar med. Ho fortel at ho har fått fleire jobbtilbod inn via Instagram frå fleire spennande stader i verda. Sjølv med freistande jobbtilbod andre stader er det på Solvik YOGA ho vil fortsette yogareisa si. — Målet mitt er ikkje å bli stor eller kjend - det som driv meg er først og fremst å skape et godt tilbod lokalt, og eit liv som kan fungere med logistikkplanen og dei utfordringane og gledene eg og barna har i kvardagen. Samtidig vil eg halde fram med mi eiga yogareise eller «journaling» som eg kallar det og dele yogagleda med andre.

le, og Ivy Garsjø som lagar og sel sunne bananchips og bruker ein del av vinsten til å støtte kokebananplantasjar drive av kvinner i Gana. I tillegg har ho saman med Hanna Vik Voster som leiar vegleiingsbedrifta, Take Care, laga ei nettverksgruppe med

— Det tar tid før ein forstår korleis ein jobbar på yogamatta – å la kropp og hovud ta det til seg, men når ein først gjer det kjennest det magisk – det er akkurat som elevane blømer på matta. [Anne Siv Aasen]

ulike arrangement kor dei vil skape eit møtepunkt for gründerar og aktørar i Strand kommune. — Eg har vakse opp med janteloven slik som andre her i Noreg, men har alltid kjent meg annleis. Når eg fekk denne kjensla av å starte yogastudio måtte eg berre prøve. Me treng ikkje vere redde for konkurranse, og må heller finne dei områda der me kan samarbeide og skape noko i lag. Me må sjå moglegheiter, ikkje avgrensingar og me må tørre å gå vår eigen veg.

Solvik YOGA har tett samarbeid med fleire lokale aktørar som blant anna Bjørk Studio som sel miljøvennlege klede, Monica Jørgensen, kiropraktor i Stavanger, som har utvikla yogautstyr i korkmateria-

>

32

Anne Siv Aasen (42) grunder og dagleg leiar for Solvik YOGA Mor til tvillinggutar, 7 år Odelsjente og oppvaksen på Solvik gard på Jørpeland. Adoptert frå SørKorea og kom til Noreg då ho var 8 månadar gammal Utdanning: bachelor i førskulelærar, spesialpedagogikk og PAPS ved Uni versitetet i Stavanger og Telemark. Har jobba som lærar, pedagog og leiar i SFO. Jobba som modell i Noreg og utlandet sidan ho var 17 år, jobba ved sida av studiar. Interesser: fjellturar, natur, foto, reise , mat, eteriske oljer, blogging annesivaasen.com. Yoga som livsstil


BOLIGER DER DU VIL BO. TIL PRISER DU HAR RÅD TIL.

REKKEHUS, TAUMARKA Ca. 113 m2 | 3 soverom Pris 2 740 000

JADARHUS BYGGER HJEM DET KJENNES GODT Å BO I. FOR TIDEN HAR VI BOLIGER TIL SALGS EN REKKE FINFINE STEDER HER PÅ STRANDALANDET. BÅDE ENEBOLIGER, TOMANNSBOLIGER OG LEILIGHETER ER PRISGUNSTIGE OG HAR GOD BELIGGENHET. DE FLESTE HAR OGSÅ GÅAVSTAND TIL ALT DET ER KJEKT Å HA GÅAVSTAND TIL, SOM SKOLE, BARNEHAGE, BUTIKK OG IDRETTSANLEGG.

ENEBOLIGER, FURURINGEN, TAU 128 m2 | 3 soverom, 2 oppholdsrom Pris 3 690 000

Henning Andre Haugen | 905 31 814 | henningh@jadarhus.no Helene Byberg | 90 62 32 72 | helene@aktiv.no www.jadarhus.no

REKKEHUS, SKARBEKKEN, JØRPELAND FULLSHAMMARVEGEN 43 – KOM OG SE VISNINGSHUS! 111 m2/117 m2 | Pris 3 290 000


34

MITT RYFYLKE

URBANT HYTTELIV I Sauda kan ein kombinere det urbane bylivet med lange dagar i skibakken. Det passar heilt perfekt for Judith Synnøve og John Eirik Svendsen. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: MEISTER FOTOGRAFI

I

eit nostalgisk, gult hus med raude glaskarmar har familien frå Hjelmeland funne sin hyttedraum. I huset på Engja i Sauda har dei alt dei treng, her har dei terrasse til å nyte lange kveldar med god mat og trivelege samtalar rundt trebordet. Hagen er ikkje av dei største, men meir enn stor nok, på baksida av huset har dei laga ein ekstra platting. Her står også den populære trampolinen som dei er så heldige å få låne av naboen. Nabolaget er triveleg og det er kort veg over gjerdet, enten for å låne noko eller ta ein kaffikopp i godt lag. – Me ville ha ei hytte i sentrum, me er ikkje nokre utprega fjellmenneske. Og her trivest me så godt, saudabuen kan det der med å ta imot hyttefolket på ein god måte. Judith Synnøve Svendsen rettar litt på dei mørke solbrillene før ho kikkar bort på resten av familien som nikkar. Dei kjøpte huset for sju år sidan, og framleis likar dei seg godt her, midt i Sauda sentrum, her er det kort veg til skibussen, til kino, basseng og butikkar. – Om det er noko me saknar? Nei, kva skulle det vore? – Fleire klesbutikkar, seier Iselin (12) kjapt.

– Tja, treng me verkeleg det, seier mor før far skyt inn: – Det er klart me hadde brukt tilbodet viss det dukka opp endå fleire aktivitetar me kunne nytte som familie. Men det er slett ikkje dårleg det tilbodet som allereie er her, seier han og viser til det nye ute-bassenget og oppgraderinga av kulturhuset Folkets Hus som skal stå klar i ny drakt i september neste år. – Me er bevisste på at me kjøper det me treng her inne, me pakkar ikkje bilen full med varer heime før me reiser, fortel Judith Synnøve. I dag er barna Niklas (15) og Iselin Svendsen (12) med på hyttetur. I tillegg er søskenbarnet Natthawut Sinthuwat på besøk. Familien har totalt fire barn, men Alexander (18) og Serine (17) er ikkje med til Sauda no i haustferien. Hytta i industribyen er blitt eit samlingspunkt, søster til John Eirik har også hytte her, dermed kan familien treffe kvarandre jamleg. På sommaren brukar familien hytta store deler av ferien, elles i året blir det gjerne i alle fall ein månadleg tur. Huset er frå 1927 og familien er samde om at dei ynskjer å ta vare på den gamle stilen, både på utsida og innsida av huset. Inne har dei pussa opp fleire av romma, no står

> Den aktive familien frå Hjelmeland trivest godt med hytte i sentrum av Sauda. Huset er frå 1927 og planane om å renovere huset tilbake til gamal drakt er klare.


MITT RYFYLKE

35


36

MITT RYFYLKE


37

MITT RYFYLKE

>

> Hyttelivet i Sauda kombinerer urbant byliv med flotte naturopplevingar. Her blir det leik på naboen sin trampoline, middag laga ute på bål og koselege spelekveldar.

HYTTER I SAUDA taket for tur, og ikkje minst draumen om å setje inn gamaldagse og smårutete vindauga igjen. Dagane i Sauda gir rom for ein litt anna kvardag enn elles. – Her er me ikkje så opptekne av å sjå på ein skjerm alle. Me speler spel og snakkar meir saman her enn me

— Saudabuen kan det der med å ta imot hyttefolket på ein god måte [Judith Synnøve Svendsen]

gjer heime på Hjelmeland, seier Judith Synnøve. – Eg er sjølvsagt kongen av monopol, slår Niklas fast medan resten av gjengen ler godt. Til slutt kjem det fram at konkurranseinstinktet er ganske så velutvikla i resten av familien og. Til dagleg arbeider Judith Synnøve med promotering og sal av jærstolar i Aksel L. Hansson AS medan John Eirik arbeider i Marine Harvest. Kvardagen er travel, difor set dei og pris på turane til Sauda der dei kan gire litt ned. Her går dei turar, dei kosar seg i sentrum, og på vinteren er det slalåm og brettkøyring i Sauda Skisenter i Svandalen som tel aller mest.

I Sauda er det om lag 1350 fritidsbu-

– Det var Sauda Vekst, stadar, der om lag 800 har ekstern adresse. nok mykje av Sauda Ferie & Hyttefolket legg truleg igjen om lag grunnen til Fritid og Sau35–40 millionar kroner i lokalsamfunnet og handelsstanden årleg. I tillegg kjem at me valde da Sentrumslangsiktige investeringar i hyttene som Sauda. Her er utvikling, fortel er gjort over fleire år. det stabilt med Ragnar. snø og eit flott I tillegg sender trekk me kan rendei ut informasjon ne i, seier John Eirik. via hytteforeininga og har eiga nettside for I Sauda er det om lag 1350 å vise fram kva som rører seg fritidsbustadar, der om lag 800 har ekav tilbod og aktivitetar i Sauda. Ragnar stern adresse. Ragnar Fosstveit i Sauda nemner også arbeidet med meir faste Ferie & Fritid slår fast at hyttefolket er tilbod som kjem både fastbuande og viktige for næringslivet i kommunen, gjester til gode, som til dømes turløyhan anslår at hyttefolket truleg legg per og skiløyper. att om lag 35–40 millionar kroner i lokalsamfunnet og handelsstanden. I Familien på Engja har fyrt opp i tillegg kjem langsiktige investeringar bålpanna, det står pølser på menyen i hyttene som er gjort over fleire år, og middagen skal nytast ute i det fine noko Fosstveit meiner blir om lag ein haustvêret. Iselin viser oss imponemilliard. Han viser også til at komrande kunster på trampolinen, medan munen tar ein del grep for å styrke hunden Dennis svinsar rundt oss. satsinga på hytter og fritidsbustadar. – Samfunnet vårt endrar seg. No er – Siste helga i haustferien har me jo hytta snart som ein bustad nummer hyttefrukost for hytteeigarar med ekto å rekne. Det er noko godt med det, stern adresse, i tillegg til arrangemenat me kan jobbe frå hytta og ha den tet Bønder i Byn. Her kan hyttefolket fleksible kvardagen, meiner Judith kome med innspel til kva som er bra, Synnøve før ho kikkar på klokka. og kva Sauda bør gjere meir av. Me Haustferie betyr nemleg fleire gjester prøver også å samle hytteforeininga som skal hentast på båtkaien. Familien ein gong i året for å ta opp felles saker er glade i folk og liv rundt seg. som går på infrastruktur og andre – Me er litt slik heile gjengen. Me problemstillingar som rører seg. Då likar det best når det skjer noko heile stiller som regel Sauda Kommune, tida.


Nettside?

INFORMASJON

TUSEN TAKK

| NR. 2:2017

til alle våre annonsørar. Solvik Yoga

nse

Eit liv i bala

Pynteklare

juletre

De bidreg til at me får produsert og gitt ut magasinet Mitt Ryfylke.

Portrettet

Cathrine V.

Selvaag

Med hytte

i byen

Les magasinet digitalt på mittryfylke.no Følg oss på FB

Me utviklar nettsider og har gunstige pakkar for drift, support, epost og Office 365.

tlf. 971 94 788 hei@filterdk.no

filterdk.no

Vi utvider maskinparken for å gi deg trykksaker i alle størrelser og format. Vi er klare for å trykke dine ideer.

hbo.no

orjan.risanger@hbo.no - tlf. 922 04 159

espen.sund@hbo.no – tlf. 404 50 490


S책 tett p책 fjorden at du nesten bur i den. Senk skuldrene i vakre Erfjord. Se v책re boliger p책 finn.no. Leilegheiter: FINN-kode 90785009. Tomter: FINN-kode 90787512


e r d e b g Ny o p p a t t e bill kning? e d g i l r å D nett n e t u t t e l Vis bil

ash? Tom for c Vipps Betal med

Sent ute? ten når du vil illet Aktiver b

en d d e n t s La nå n e p p a t nye billet

Profile for Filter design & kommunikasjon

MR 2 2017  

Det skal handle om oss, om Ryfylke: Folk, næring, kultur, meiningar, opplevingar, det gode livet i Ryfylke.

MR 2 2017  

Det skal handle om oss, om Ryfylke: Folk, næring, kultur, meiningar, opplevingar, det gode livet i Ryfylke.

Advertisement