__MAIN_TEXT__

Page 1

Etnemarknaden 11.–14. august 2016

TREND MØTER TRADISJON 2016


MARKNADEN

Ein marknad og nye trend

TALKSHOW

4

Med blogg på tapeten

Landbruket tilbake og talkshow med norske topp-bloggerar gjer kontrastane store under årets Etnemarknad. Midt mellom dette finn me eit fullspikka program med dyreutstillingar, show, konkurransar, vikingleir og mykje meir. Me vonar de vil ha fire innhaldsrike dagar på Etnemarknaden i år - vel møtt!

10 PORTRETTET Geir Davidsen

18

KJEM PÅ MARKNADEN

Årets artistar

26 BONDENS MARKNAD Stolte bønder

29 BONDENS KASSE Råvarer rett heim

32 ETNIR DUGGURD

Det var med skrekkblanda fryd eg tok over jobben som dagleg leiar for Etnemarknaden i januar i år. Ein 35 år gamal tradisjon og Etne sin stoltheit skulle førast vidare av ein som ikkje har erfaring med slike prosjekt. Kva er det nå eg har tatt på meg tenkte eg dei fyrste dagane i den nye jobben. Som byggjeleiar og prosjektleiar i olje & gass bransjen har

Gourmetmat

38 AGILITY

Øving gjer meister

44 HOVUDUTSTILLARAR Kristian Finborud og Annelise Grindheim

46 DET SKJER PÅ MARKNADEN

Noko for ein kvar smak

50 PROGRAM

oversikt over det som skjer under marknaden

51 UTSTILLARAR kven og kvar

PRISAR

OPNINGSTIDER

Dagpass: Vaksne frå 16 år: Born 6-15 år: Born under 6 år:

120kr 60kr Gratis

2 dagars pass: Vaksne frå 16 år: Born 6-15 år: Born under 6 år:

200kr 90kr Gratis

Torsdag: 12.00–21:00 (salsboder stengjer 19:30) Fredag: 10.00–20:00 (salsboder stengjer 19:30) Laurdag: 10.00–19:00 (salsboder stengjer 18:00) Søndag: 11.00–18.00

Marknadspass: Vaksne frå 16 år: Born 6-15 år: Born under 6 år :

300kr 120kr Gratis

Parkering:

Alle inngangsbillettar inkluderer underhaldning, konsertar samt ei rekkje aktivitetar i regi av Etnemarknaden. UNNGÅ KØ OG KJØP BILLETT PÅ FØREHAND. Last ned mCASH appen og skann QR-koden for å kjøpa billett til marknaden. ENKELT OG SIKKERT!

etnemarknadsmagasinet

Prosjektleiar: Kurt Helgesen Utgjevar: Etnemarknaden Trykk: Haugesund bok & offset Framsidefoto: Meister Fotografi Opplag: 44.000

Redaktør/design: Astrid E. Hjelmeland astrid@filterdk.no

Tekst: Judith S. Litlehamar judith@filterdk.no

Annonseansvarleg: Maria Djuve Vågen mariav@filterdk.no

Fotograf: Mikkel Meister mikkel@meisterfotografi.com

Design: Marianne Ågotnes marianne@filterdk.no

Design: Erich Monteiro erich@filterdk.no

Design: Terje Hodne terje@filterdk.no

Design: Per Kristian Grindheim per.kristian@filterdk.no

Filter design & kommunikasjon står for konsept, utvikling og produksjon av magasinet, i samarbeid med Etnemarknaden.

2

ETNEMARKNADEN 2016

40kr


med tradisjonar dar eg vore ute ein vinternatt før, og den erfaringa har vore god å ha som ballast som leiar for eit stort arrangement som dette. Eg er audmjuk og har respekt for alt det gode marknadsarbeidet som er gjort opp gjennom åra, difor bestemte eg meg for å fortsette i same sporet som min forgjengar - styrke det tradisjonelle samstundes som eg tykte det var behov for fornying og forbetring på nokre områder. Kvar marknad lever sitt eige liv og i år har me lukkast med mykje fornying. Ny stor landbruksutstilling, meir dyr, fleire nye og store utstillerar med kvalitetsprodukt. Me har endra ein del inne i messehallen og ute på sjølve marknadsområdet. Utstillarar og publikum vil merka ein skilnad i år, forhåpentlegvis til det betre. Bondestova har lange tradisjonar og i år finn ein den på det nye landbruksområdet der den høyrer heime. Her kan ein nyta norsk tradisjonsmat og bakst i roleg omgjevnad, kanskje til brekinga frå eit lam. Marknad og mat er viktig. I matsmak-området kan ein nyte ulik mat. Gå ikkje glipp av årets «Etnir Duggurd» - Etne Lunsj, som er eit matshow og gourmet-lunsj-konsept laurdag 13.august. Her samlast kjendiskokkar, som lagar mykje fantastisk mat laga av lokale råvarer til ein billig penge. Og alt blir vist på storskjerm. Me har eit stort og variert program der det aller meste er gratis inklusiv daglege konsertar. Nytt av året er gratis kino og ponniriding for dei minste. For dei litt eldre kan me freista med «Escape Room» og ny marknadskonkurranse der ein må utforske marknaden og finne bokstavar som ein set saman til «dagens løysingsord». Me har mange premiar og heile 3000 kroner i første premie, med ny konkurranse kvar dag! Eg vonar og de likar det nye formatet på marknadsmagasinet vårt. Nett passe størrelse til å ta med seg på hytta eller ferieturen. Les og ta vare på det. Ha ein riktig god ferie så sjåast me på Etnemarknaden 11.-14.august og hugs å lasta ned mCASH-appen og betal inngangsbillett på førehand så unngår du kø når du skal inn på marknaden. Beste helsing Kurt Helgesen Dagleg leiar Etnemarknaden

Betal med mCASH og unngå kø! No kan du betale med mobilen din på førehand og unngå lange køar på Etnemarknaden. I år blir det eigne inngangar for dei som har betalt på førehand. Dermed håpar me flest mogleg gjer dette, slik at alle kjem seg raskare inn på marknaden. mCASH er Sparebank 1 SR-Bank si mobilbetalingsløysing og den er svært enkel å bruke. Som hovudsamarbeidspartnar med Etnemarknaden satsar dei stort på at flest mogeleg tek i bruk denne mobil-appen og brukar den som betalingsmiddel før og under marknaden.

Du kan kjøpe inngangsbillett og parkeringsbillett på førehand. Inne på området kan du kjøpe mat på Bondestova, Kafeen på Skakke, Grillteltet i tillegg til at fleire utstillerar og tilbyr betaling med mCASH. –Me oppfordrar deg til å laste ned mCASH-appen på førehand. Du legg enkelt til bankkortet ditt – og betalingsløysinga er klar til bruk. Etnemarknaden er uansett ei flott oppleving – og med mCASH blir den endå betre, seier Magne Christiansen, bank-sjef for SpareBank 1 SR-Bank i indre Haugalandet i ei annonse om betaling på marknaden.

Korleis fungerar det? 1 Last ned mCASh appen på din mobil 2 Registrer deg og legg inn ditt bankort 3 Vel «Kjøp» og scan inn QR koden 4 Vel type billett og trykk «Bestill» 5 Vis kvitteringa på din mobil når du kjem i billettluka 6 Enkelt og ein sparer tid! PS! Er ein under 18 år og ikkje har bankkort kan ein og registrere seg og motta CASH frå mor/far eller ein ven.

ETNEMARKNADEN 2016

3


MARKNADEN

Lene Tønnesen er vertinne for talkshowet opningsdagen på Etnemarknaden. Ho er den bloggaren på Haugalandet med flest følgjarar. Foto: Privat

Interiør- og motebloggar Silje Kringlebotten Husebø nyttar bloggar i dag på fritid.  Foto: Privat

MED

BLOGG

PÅ TAPETEN

Sophie Elise Isachsen sit i panelet når Etnemarknaden innviterer til talkshow om bloggen si framtid. – Alle kjenner dei mest kjende bloggarane i landet, men få veit korleis blogging fungerer, seier redaktør og bloggar Gunnar Stavrum som også skal delta. tekst: Judith Sørhus Litlehamar

4

ETNEMARKNADEN 2016

I talkshowet bidreg sjefsredaktør i Nettavisen og bloggar Gunnar Stavrum, Lene Tønnessen som er den største bloggaren på Haugalandet er vertinne for showet, i tillegg deltek Sophie Elise Isachsen som er ein av landets største bloggarar, Kristine Ilstad som er ein av Noregs største matbloggarar og interiør – og motebloggar Silje Kringlebotten Husebø frå Etne. Husebø blogga i mange år på fulltid, ei tid skreiv ho også bloggen for Haugesund sentrum. I 2013 var ho også finalist i Vixen blogawards. I dag har ho byrja å jobbe som avdelingsleiar innan helse i Karmøy kommune, og er attende der ho starta med bloggen, no driv ho bloggen siljehusebo.com på fritida, og når ho har lyst. Framleis er det interiør og mote det handlar om. – Eg starta bloggen som ei slags kvardags-

dagbok med både barn og hus. Etter kvart gjekk eg over til å blogge om interiør og livsstil. Det var eit bevisst val for å skjerme borna for eksponering, og fordi eg hadde flytta i nytt hus og hadde mange interiørprosjekt på gang som eg ville dele, fortel Husebø. – Eg er veldig glad i fotografering og i å dele shoppingtips, og då blei det naturleg med interiørblogg. Ein periode blogga eg kvar dag, men det siste halve året har det blitt ein og annan gongen. Eg har gått attende til å blogge på hobbybasis, og når eg har tid og lyst. Motivasjonen er ikkje lenger å pushe reklame og tene penger. Ho ser også at blogg som kanal og sosialt medium er i endring. – Då eg starta å blogge var det verkeleg eit sosialt medium der eg fekk bloggvenner og var på bloggtreff med andre interiørbloggarar. Etter kvart som annonsørar og andre


MARKNADEN

Sophie Elise Isachsen er ein av landets største bloggarar, og kjem til Etnemarknaden for å delta i talkshow opningsdagen, torsdag 11. august. Foto: sophieelise.blogg.no

fekk auga opp for den enorme påverknadskrafta bloggarar har så auka reklamen på bloggane. Det bleir meir og meir fokus på sponsa innhald, og etter kvart vart det mykje av dei same produkta som vart presentert på fleire bloggar. Noko som og vart ei utfordring for å halde lesartalet oppe, det er ikkje bra når det blir for mykje reklame, og for likt, slår ho fast. – Ein må skilje seg litt ut, og det blir ofte for mykje fokus på rosabloggarar, det er så mange andre og dyktige bloggarar der ute.

Ei som ikkje har trappa ned blogginga er matbloggaren Kristine Ilstad som driv bloggen detsoteliv.no. Ho byrja i det små med ein matblogg for å dele oppskrifter med vener og kjende, etter kvart balla det på seg og i dag har ho gjennomsnittleg om lag 20 000 daglege klikk på bakebloggen sin og til sitt eige 10-årsjubileum som bloggar gav ho ut boka Det søte liv med Kristine sine eigne favorittar. – Eg merkar stadig aukande interesse for bloggen, og det er kjekt å kunne inspirere til matglede og bakeglede, fortel Kristine og legg vekt på at

Bloggen gir ein sjans til å vere meir personleg og subjektiv, og den innbyr til dialog med lesarane  Gunnar Stavrum, sjefredaktør i Nettavisen Gunnar Stavrum er sjefredaktør i Nettavisen. Foto: Paul Weaver

ETNEMARKNADEN 2016

5


MARKNADEN

Eg merkar stadig aukande interesse for bloggen, og det er kjekt å kunne inspirere til matglede og bakeglede 

Kristine Ilstad, matbloggar

Matbloggaren Kristine Ilstad som driv bloggen detsoteliv.no satsar på bloggen og ynskjer å utvikle seg innan nye medium. Foto: Christina Børing

ho registrerer at lesarane stadig ynskjer meir av ein blogg. No vil dei gjerne ha meir av små videosnuttar, lyd og levande bilete enn dei ville før. Det krev meir av oss som bloggar også, eg veit at eg må lære meg meir om dette for å halde blogg-tempoet oppe, slår ho fast. Lene Tønnesen har bloggen som levebrød og er vertinne for talkshowet. – Eg hadde ikkje hatt moglegheit til daglege oppdateringar om eg hadde hatt ei fulltidsstilling utenom. Å drive ein stor blogg krev veldig mykje tid. Det er eit føretak på lik linje med andre bransjar. Møteverksemd, sponsoravtalar, føredrag, photoshooter, intervju, rekneskap og lista er lang. Tønnesen er glad for at bloggen hennar kan vere lett underholdning i kvardagen for mange. Her kan lesarane finne inspirasjon og tips, men dei kan også lese om personlege tankar, meiningar og ytringar frå ein "heilt vanleg person". Dette engasjerer folket. Det viser de høge

6

ETNEMARKNADEN 2016

lesartala bloggen har, meiner ho. –Eg kan og styre min eigen kvardag, og eg får oppleve ting eg ikkje hadde hatt moglegheit til om det ikkje var for bloggen. Dei mange lesarane gjer at eg har ei stemme, eg blir høyrt. Det gjer at folk kan kjenne seg igjen i det som står i innlegga og det engasjerer. Ho trur publikum på talkshowet kan forvente seg eit ope og ærleg innblikk i korleis det er å vere bloggar på godt og vondt. Mediebiletet er i stadig endring. Innhaldsproduksjon i eigne kanalar og sosiale medium som blogg og Facebook tek meir og meir av marknaden tradisjonelle medium som TV og avis hadde før, meiner Stavrum. – Tidlegare kunne ikkje folk få nok informasjon om kva som skjedde, no får dei meir enn nok. Der ein før kunne nøye seg med lokalavisa, blir me no bombadert av små og store nyhende frå sosiale medium. Og det skjer døgnet rundt – me vaknar med alarmen på mobiltelefonen,

og telefonen er det siste me sjekkar før me sovnar. Dei mediuma som vinn er dei som er tilgjengeleg overalt, heile tida, og som gir deg akkurat det du vil ha, meiner Stavrum som sjølv er ein ivrig bloggar i tillegg til redaktørjobben. – Bloggen gir ein sjans til å vere meir personleg og subjektiv, og den innbyr til dialog med lesarane. Målet mitt er å gi lesarane innhald som gjer dei litt klokare og betre informert. Til gjengjeld får eg innspel frå lesarane kvar einaste dag, dermed er bloggen ei dagleg glede, meiner Stavrum og viser til at innhaldsmarknadsføring i dag blir gjort på ein spanande måte som fenger lesaren. Viss det er gjort skikkeleg kan innhaldsmarknadsføring skape enorm lesarinteresse. Tenk berre på Redbull og Felix Baugartner, mannen som kasta seg ut med fallskjerm frå verdsrommet. Og no er det ikkje lenger berre rosabloggarar her i landet, stadig fleire menn skriv blogg, og stadig fleire skriv om politikk og økonomi.


KANONPRISER! -30%

PARTIKJØP!

10.731,-

6.999,-

SPAR 4.599,-

150x200cm

Signatur understell med BalanceAdapt som gir en lett gyngefunksjon.

TM

OCTAVE SENG

STRESSLESS VIEW STOL (M)

Signatur understell. Paloma hud. Finnes i forskjellige farger. kr. 15.330,- Nå 10.731,- Krakk kr. 4.130,- Nå kr. 2891,- Spar kr. 1.239,-

150x200cm kr. 6.999,- 180x200cm kr. 9.999,Premium Hyperflex overmadrass, Farge shadow, Sokkel 13 cm sort.

HALV PRIS!

EIN MENGDE TEPPER TIL HALV PRIS

ÅPNINGSTIDER

KONTAKT OSS

MAN-TOR: 10:00-18:00 FRE: 10:00-19:00 LØR: 10:00-15:00

TELEFON 53 77 09 99 post.etne@mobelringen.no

FASTE KJØRERUTER

WWW.MOBELRINGEN.NO

ETNEMARKNADEN 2016

7


VESTSKOG SA er eit selskap i skogsamvirket med langsiktig perspektiv på sin aktivitet. Vestskog er den leiande aktøren innafor vestnorsk tømmeromsetning og vår oppgåve er å sikra meirverdi for våre eigarar.

har du SKOG? VESTSKOG tilbyr tenester innafor hogst, tømmerkjøp, planting og ungskogpleie.

Skogbruk er ein langsiktig aktivitet og val av tidspunkt for avvirking har stor innverknad på totaløkonomien. Vi tilbyr derfor også, for våre eigarar, gratis rådgiving i skogøkonomi. For å sikra god oppfølging og aktivitet tilpassa lokale tilhøve har vi skogbruksleiarar og entreprenørar som bur i og kjenner sitt distrikt. Vi legg vekt på at skogeigar skal få ei god totalløysing gjennom rådgiving, driftsplanlegging, avvirking, oppgjer, oppussing av kjørespor og tilplanting.

For ein god skogprat ta kontakt med våre skogbruksleiarar ved kontoret i Ølen, Njål Søndenå (416 47976) eller Andreas Furnes Fjærli (482 75632).

ETNEMARKNADEN 2016

TORSDAG 11 TIL SØNDAG 14 AUGUST DJ`S 2 ETASJER LOKAL A LA CARTE & BURGERMENY STOR UTETERRASSE

www.vestskog.no

WWW.FUGLFONIX.NO TEL 53771440 FACEBOOK/FUGLFONIX

Skogeigarlaget for Vestlandet

Tlf 52762000

Velkommen til oss på den koselige kafeen og den fine butikken i Isvik. Me har ope kvar dag! #frøkenfrydkafeoginteriør

Vi har spa i alle prisklasser! Besøk oss på vår nye stand - vi har alltid gode messetilbud!

alle kan unne seg!

Vannterapi Reduserer stress Gir bedre søvn Lindrer leddsmerter Økt blodsirkulasjon Restituerende Følelse av velvære Økt livskvalitet

8

ETNEMARKNADEN 2016

luksus

VikingBad Corfu Grått/ Stearling Silver

Haugesund - Tlf: 901 67 587 - rune@bading.no


MØT OSS PÅ ETNEMARKNADEN DU FINNER OSS UTENFOR SKAKKESENTERET

OPPTIL ÷38 %

MASSASJEBAD FRA KR. 49.900,GASS FIREPIT KUN

5.900,Spar 3.000,-

KNALLTILBUD PÅ UTSTILLINGSGRILLER

Holmestrand - Avkjøring nr. 31 på E18 Tlf: 33 06 30 00 www.sundance.no ETNEMARKNADEN 2016

9


Geir Davidsen har jarn i elden. Blant barn og unge i Etne er han best kjent som vaktmester pĂĽ Skakke og for engajsementet rundt Buddhas Smile School i India.

10

ETNEMARKNADEN 2016


portrett

MED

HJARTA

PÅ RETTE STADEN Geir Davidsen (62) er klar for pensjonisttilværet etter mange år som kjent figur som vaktmeister på Skakkesenteret. Her har han trivst godt, både i rolla som serviceperson, men og som teknisk ansvarleg. tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland / foto: Meister Fotografi

– Eg har kjent meg verdsett i denne jobben, seier han audmjukt. Det er så utruleg mange kjekke folk. På huset har eg blitt ein halvoffentleg person, og eg møter mange unge som kjenner meg att og helsar. Det set han pris på. Etter atten år i jobben står pensjonisttilværet for døra, men før han gir seg heilt, blir han å sjå i sving under årets Etnemarknad. – Etnemarknaden er viktig. Den har vore grunnsteinen til etableringa av Etne Samfunnhus, Etne Kulturhus og dagens Skakkesenter, understrekar Geir. Alle har anten ei mor, ein far, ei bestemor eller bestefar som bidreg eller har bidrege med dugnadstimar på huset for eit eller anna lag, som òg skapar ei tilhøyrsle og eit eigarforhold, som gjer at alle ønskjer å fara fint med huset. Dette har nok spela inn på at det er særs lite hærverk på huset,

held han fram. Geir meiner Skakkesenteret spelar ei viktig rolle for trivsel og busetnad i Etne, ei storstove som kommunen òg kan sola seg i glansen av. For dei som jobbar på Skakkesenteret er Geir Davidsen mest som ein institusjon i institusjonen å rekna. Han riggar til selskap eller store arrangement på huset og styrer lys på framsyningar eller konferansar og ser det som må gjerast til ei kvar tid. Alltid med eit lunt smil om munnen. – Han har så mykje kunnskap om korleis huset fungerer, seier kollega og prosjektleiar for Etnemarknaden, Kurt Helgesen. Det blir eit tomrom å fylla når han er ute. Men Geir har nytta tida til å få lært opp kollegaer til å kunne ta over det som kan vidareformidlast. Og om arbeidsdagen til Geir har vore allsidig som vaktmeister på Skakke, er

Geir Davidsen (62) Sivilstatus: Gift med Åse Kaldestad Davidsen. Far til: Gunhild, Bård og Åslaug Bestefar til: Sebastian, Henriette, Jonas, Mikal og Synne Aktuell: Går av med pensjon etter 18 år som vaktmeister på Skakkesenteret. Jobb: Nylig blitt pensjonist - men skal jobba under Etnemarknaden før eg går heilt av. Les: Akkurat nå: Karsten Alnes – «Historien om Norge» Høyrer på: NRK P1+, Blues, folkrock, Mark Knofler, norsk som Henning Kvitnes og Jonas Fjeld. Det beste med Etnemarknaden: Fellestiltaket - samhørigheten med felles innsats for Kulturhuset og dugnadspersonenes enkelte lag. Dugnaden.

livet hans ikkje mindre spennande. Geir Davidsen har mange interesser og ei av desse er lysten til å reisa og oppleva. Denne interessa har han særleg fått dekka saman med reisekameraten Ole. Dei har hatt fleire langturar rundt om i verda. Her har dei opplevd mykje, men ein tur sit framleis friskt i minnet. I 2007 gjekk turen til India, som hadde vore eit ønskt reisemål for Geir i mange år. Her besøkte dei Buddha´s Smile School (BSS), ein skule for kastelause barn og gatebarn. Besøket kom i stand etter eit tilfeldig møte i ein togkupé mellom Kolkata og Varanasi. – Den turen forandra mykje for meg, og har nok sett mest spor av dei reisene eg har hatt oppigjennom åra, fortel Geir. Det var mannen til skuleeigar Rajan dei traff på toget, som inviterte dei med til gratisskulen, som har plass til 220 barn og er avhengig av frivillige donorar. Etter ETNEMARKNADEN 2016

11


Eg har ikkje planar om å slenge beina på bordet.

Geir Davidsen trivst godt i hagen på Osnes, her brukar han og kona Åse Kaldestad Davidsen mykje tid.

besøket har dei halde kontakt og Geir fekk oppretta ein konto for donorar og ei facebookgruppe, der ein kan bli betre kjend med skulen. Geir fortel at Rajan oppretta skulen i 2003 og at borna på skulen får både kjærleik, utdanning og omsorg. For Rajan er primærutdanninga første steg for barna til å koma seg ut av det kastelause systemet, samstundes som det gir elevane håp for framtida og ei von om å kunne sleppe å gå i foreldra sine fotspor. Etter Geir kom tilbake til Noreg oppretta han Buddha´s Smile School´s venner, der privatpersonar, bedrifter og elevar donerer pengegåver for å dekke kostnadane til eit varmt måltid per dag til barna

12

ETNEMARKNADEN 2016

på skulen. Engasjementet har spreidd seg, og sidan 2007 har elevar ved Enge skule, adventinnsamling og Etne vidaregåande skule, som brukar Operasjon Dagsverk til inntekt for BSS kvar samla inn godt over kr 20.000 årleg. – I dei siste fem åra har eg i snitt ført over 124.000,- til skulen, fortel Geir. Fyrste året var summen 75.000,-, som skulen nytta til å kjøpa heilt ny skulebuss. I tillegg er det barn som engasjerer seg utanom skulen og samlar inn flasker, som dei pantar og gir vidare til BSS. Heime i hagen på Osnes kjennest kontrasten stor til livet han opplevde tett på i India. Her bugnar det av vår og som-

marstauder og i åkeren er allereie lauk og poteter komne langt. I grønsakshagen er det god gong. Men det er tørt etter lang varmetid som pregar hagen. – Nei og nei, jordbæra er tørre, sukkar Geir. Eg må nok vatne litt i kveld. Mandelpoteter og julepoteter er på gong. Det er ikkje så mykje ugras å skimte i grønsaksradene. Men i det blomebedet er det kona, Åse Kaldestad Davidsen, som regjerer, fortel Geir. Skal Geir finne roen heilt, likar han å jobba med ved, og her har han god orden i sakene. På tunet står siste vedalaget for sesongen 2019/2020 flott stabla klart for tørk. Inne har han allereie på plass ferdig tørka ved for 2016/2017 og 2017/2018 fint


portrett

stabla i høgda, klare for kalde vinterdagar. Saman med Åse har han bygt opp heimen og hagen, og dei har dei har saman tre vaksne barn Gunhild, Bård og Åslaug, og har fått gleda av å bli besteforeldre til Sebastian, Henriette, Jonas, Mikal og Synne. – Det er mest så det er kjekkast å bli bestefar, smiler Geir. Tida då me var småbarnsforeldre var så hektisk. Eg har fleire gonger bedt barna om orsaking for at eg ikkje var meir til stades i aktiviteter. Men barna har meldt tilbake at dei har hatt det godt. Det er jo godt at dei har verdsett kvalitet framfor kvantitet, smiler han. Det luktar middag. Ein dag i veka er det middag for dottera Gunhild med familie hjå mor og far. Dei er glade for å ha fått familien med barnebarn tettare på etter eldstedottera flytta tilbake med mann og barn. Både Geir og Åse er tilflyttarar til Etne. Dei gifta seg i 1977, før dei flytta til Etne. Ho er opprinneleg frå Kaldestad i Kvinnherad og han kjem frå Nord-Odal i Hedmark. – Me kom begge rekande på ei fjøl frå Stord, ler Åse. Men dei blei tidleg fortalt at

om du skulle definera deg som etnesbu, så måtte tre generasjonar før deg ha vakse opp her. Men det har ikkje stansa ekteparet og familien, som sidan hausten 1980 har vore busette i Etne. Ho som førskulelærar i Enge barnehage sidan 1980, sidan 1988 har ho jobba som lærar i Vindafjord kommune. Nettverket deira vart knytt allereie før dei flytta til bygda. Det var via dansemiljøet i Noregs Ungdomslag dei hadde møtt og kjende til både Ragni Fett og Berit Rafdal, og i Etne vart dei begge aktive i det lokale Ungdomslaget Fram. Sidan dess er har både vennskapet vakse og Geir har jobba tett med Berit Rafdal, som gjekk av som kinosjef i desember 2015, sidan han starta i jobben som vaktmeister. Jobben på Skakkesenteret, den gong Etne Samfunnshus, starta han i som vaktmeister i deltidsstilling i 1998, før den tid var det meir dugnadsbasert innsats via Ungdomslaget Fram. I laget var det leikarring for vaksne og barn som engasjerte og Geir har og fartstid både som leiar i UL Fram og i teaternemda og han var ansvarleg for diskoteket Grisen og Raga i kjellaren på

kulturhuset for ungdom på -90-talet. –Her har eg blitt kjend med mykje kjekk ungdom, smiler han. Parallelt med vaktmeisterjobben var Geir ei stund sjølvstendig næringsdrivande, og kjøpte og restaurerte hytter for utleige på Hardeland i Litledalen. Før det hadde han jobba på fiskeoppdrett i Skånevik. Geir har alltid hatt ein liten grûnder i magen, og han går alt med nye idear for å få dagane til å gå som pensjonist. Han har allereie etablert eit nytt enkelmannsføretak i Brønnøysund. Kan hende formidling av kaffimaskinar blir neste prosjekt. Han har mange idear. – Eg har ikkje planar om å slenge beina på bordet, smiler han lurt. Det kan eg gjera innimellom. Han funderer på kva tida vil bringe, og må medgje det har vore litt pussig å rydde kontoret etter alle desse åra, men meiner sjølv han har fått førebudd seg på å gå av. Helsa er god og med unntak av at han fekk hjarteflimmer etter eit flåttbitt og måtte ha nokre dagar til å restituere kroppen, har han gått gjennom arbeidslivet utan ein einaste sjukedag. Det er han stolt av.

Geir Davidsen har ein allsidig bakgrunn, som har kome godt med i tida som vaktmeister på Skakkesenteret i Etne. Her har han og hatt ansvar for lyssetting til mang ein produksjon.

ETNEMARKNADEN 2016

13


Lyst å flytte til Etne? Lyst å flytte tiltil alt! Etne? - Kort veg - Kort veg til alt!

Tomteselskapet Etne AS -AS eit samarbeid mellom næringslivet Tomteselskapet Etne - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne Kommune for utvikling og salg av tomter i Etne.

og Etne Kommune for utvikling og salg av tomter i Etne.

Salgsklare tomter Ta kontakt for kjøp av tomt, oversikt over ledige tomter og pågåande prosjekt. Epost: post@tomteselskapet-etne.no Telefon: 97 77 17 55

Epost: post@tomteselskapet-etne.no • Telefon:PRESTALIO 97 77 17 55 KAMBE LUNDMARK

Etne kommune me gjere de’ i Etne!

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV NÆRINGSLIV I VEKST

QUIZ PÅ STANDEN! Møt ordførar Siri Klokkerstuen og andre politikarar på vår stand i idrettshallen.

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

14

ETNEMARKNADEN 2016

trygg • raus • engasjert

FOTO: GRETHE NYGAARD

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no


NYE NYEREXTON REXTON

TIL INTROPRIS

Opplev nye SsangYong Rexton med ekte 4x4 og low range, ny drivstoffgjerrig dieselmotor på 155hk/360Nm og beste førerplass i sin klasse. Rexton kan også leveres som 7-seter.

Opplev nye SsangYong Rexton med ekte 4x4 og low range, ny drivstoffgjerrig dieselmotor på 155hk/360Nm og beste førerplass i sin klasse. Rexton kan også leveres som 7-seter.

CO2 utslipp fra 199 g/km, forbruk 0,75 l/mil. *Leasing: kr 55.000,- ex mva i startleie, rente 4,95% 45.000 km/3 år

CO2 utslipp fra 196 g/km, forbruk 0,74 l/mil. *Leasing: kr 50.000,- ex mva i startleie, rente 4,95% 45.000 km/3 år

PREMIUM VAREBIL

Fra kr 291.328,–

Fra kr 348.791,–

eks mva

Leasing fra kr 2.495/mnd*

CLASSIC VAREBIL

Fra kr 279.508,–

eks mva

Leasing fra kr 2.395/mnd*

Leasing fra kr 3.095/mnd*

PREMIUM VAREBIL

Fra kr 336.625,–

Forhandler: Kongsbil AS

VAREROM 185 x 106 x 118 cm varerom med plant gulv

eks mva

Leasing fra kr 2.995/mnd*

!Finansiering og innbytte kan vi hjelpe deg med. Forhandler: Kongsbil AS

VAREROM 185 x 106 x 118 cm varerom med plant gulv

eks mva

Adresse: Industriveien 23,2212 Kongsvinger

Adresse: Industriveien 23,2212 Kongsvinger

Telefon: 62 81 58 50

Nett: www.kongsbil.no

Telefon: 62 81 58 50

www.etneauto.no

Nett: www.kongsbil.no

www.sveio-auto.no

INTERIØR Beste førerplass i sin klasse med oppvarmet ratt

LED-KJØRELYS Nye Rexton leveres med Xenon-lys og LED-kjørelys

INTERIØR MOTOR Beste førerplass i sin Ny RX200e-XDi-motor med www.ssangyong.no klasse med oppvarmet ratt 155hk/360Nm 0,78 l/mil.

www.ssangyong.no Telefon Etne: 53 75 69 69 Telefon Sveio: 53 74 77 77

Dei ser lyst på det Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:

· · · · ·· · · ·

– folk i Vindafjord

Kariann Eide har hatt fast jobb som feiar i Vindafjord kommune sidan 2014, men kosar seg nå i barselpermisjon. Ho er frå Yrkje i Tysvær, men har tatt med seg mann og kjøpt seg hus i Skjold.

Imponerande antal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag

Vinnarskalle.no

CLASSIC VAREBIL

Å gå på Etnemarknaden er stor stas. Vindafjordingar har gått mann av huse, lagt igjen mange penger, gjort gode kjøp, kost seg og bidratt til at Etne har noko å vera stolte av og sjå fram til. Slike arrangement lyser opp kvardagen. Vindafjordingar har også mykje å vera stolte av, og som gjer at ein kan sjå lyst på framtida. Takk til alle som engasjerer seg. Du er velkommen til Vindafjord på handel, turar, arbeid – og som innbyggar.

arbeider for å yta på sitt høgste nivå Levande bygder – der den enkelte er særs viktig

vindafjord.kommune.no

VITAL OG SENTRAL

ETNEMARKNADEN 2016

15


BrMaelandByggefirma

ALT INNAN BYGG & BETONG BETONG Ole Eirik Mæland 41 78 04 50

BYGG Anders Mæland 90 96 67 11

EPOST post@br-meland.no

SPØR OSS OM ET GODT TILBUD

McCormick traktorer:

Vi er klare til å tilby traktorer til alle behov

* Fornyet modellinje * Topp komfort * God fordeling vekt/effekt Spør om tilbud på en traktor tilpasset dine behov

Garcia Vakuum og kombijetvogner * Str fra 4.700 liter * Stdr galvanisert * Markedets beste standard utrustning * Mange lagerførte vogner Pris fra kr 106.500,-

Chief rundballeklemme

* Kraftig klemme med 4 profiler på hver arm * Fjærer for konstant trykk *Åpner hele 195 cm Pris fra kr 11.500,-

Barbi 180 beitepusser

* Vår bestselger, mye maskin for pengene *Kjent Maschio kvalitet * Standard med sideforskyning Kampanje kr 29.500,-

Maschio Brava 250

* Kraftig beitepusser til fornuftig pris * Kraftoverføringsaksling og sideregulering er standard Kun kr 48.000,-

Chief rundballeløftere * Enkle og doble utgaver * Velg mellom 3pkt, triangel, Trima/HMV Pris fra kr 8.150,-

Garcia gjødselmikser

* 3 str 450, 550 og 650 cm * Hydraulisk knekk * 65 cm propell, effektiv opprøring Pris fra kr 20.200,- eks kr. aksling

Alle priser er eks.mva. 5563 Førresfjorden Telefon: 52 75 50 80 / 480 18 765 www.aase-landbruk.as Følg oss på www.facebook.com/pages/Aase-Landbruk

16

ETNEMARKNADEN 2016


VM i skiskyting 2017. Hochfilzen, Østerrike.

VM i skiskyting 2017 Torsdag 16. - søndag 19. februar. Påmelding innan 10. desember.

kr. 13.200,- pr. person i dbl.rom. Enkeltromstillegg kr. 1.200,- Inkluderer: Buss i Norge og Østerrike, fly, hotell inkl. frukost, 3x middag, billett til arena tre dagar (fredag, laurdag og søndag) og skandinavisk guide.

Pressefoto

Hochfilzen, Østerrike

Pressefoto.

Torsdag 16. - søndag 19. februar • Eige fly frå Karmøy torsdag morgon direkte til Salzburg, flytid 2 t 10 min. (plass til 187 stk) Pressefoto.

• frå flyplassen Hotel Fred. Fred. 9.9.-Buss -sønd. sønd.11. 11. september: september: Dansetur til Storefjell. Fredag:tilAnne

Gut Brandlhof Dyrsku’n 150 år. Handels- og landJustin Bieber. Laurdag 24. september: Laurdag 24. september. i Saalfelden som Stefanz. ligg 20 min frå VM arena Nørdsti. Laurdag: Lasse bruksmesse i Seljord. Seljord, 9. - 11. september: Fred. 9. - sønd. 9. - 11. september. (by11. påseptember. ca 16.000 innbyggjarar).

Laurdag 24. september: Dansetur Dansetur Justin Bieber til til Storefjell Storefjell Du blir henta i eigne bussar frå:

Justin Bieber Dyrsku’n 150 år

kr. 3.990,- Enkeltromstillegg kr. 800,Fredag: Fredag: InkludeAnne AnneNørdsti Nørdsti Laurdag: Laurdag:Lasse Lasse Stefanz Stefanz rer: busstur i moderne turbuss, dansegalla, full pensjon på kveldsbuffé PRIS: fredag og brunsj søndag. AVREISE AVREISE FREDAG FREDAG FØREMIDDAG: FØREMIDDAG: PRIS: KrKr 3990,3990,-

Suldal/Sauda, Odda, Bergen, Stord, Sandnes/Stavanger.

Nesvik.......... Nesvik.......... kl.kl. 09.30 09.30 Sauda.......... Sauda.......... kl.kl. 09.30 09.30 Sand............ Sand............ kl.kl. 10.15 10.15 Suldalsosen... Suldalsosen... kl.kl. 10.30 10.30

somsom inkluderer: inkluderer:

• Busstur • Busstur i moderne i moderne turbuss turbuss • Dansegalla • Dansegalla fredag-laurdag fredag-laurdag • Full • Full pensjon pensjon fråfrå kveldsbuffé kveldsbuffé fredag fredag til til brunsj brunsj søndag søndag • Kjekk • Kjekk helg helg med med godt godt humør humør

Enkeltromstillegg Enkeltromstillegg kr 800,-. kr 800,-.

kr. 1.950,- Inkluderer: gode billettar og transport. Dagstur frå Haugesund/Ryfylke med avreise laurdag føremiddag. Retur etter konsert.

Dagstur til Telenor Arena frå Haugesund/Ryfylke. Avreise laurdag føremiddag. Retur etter konsert.

Handels- og landbruksmesse i Seljord Kr 1950,inkl. gode billettar og transport

CZ

Påmelding til Suldal Billag: Bli med Suldal Billag på tur til Seljord og Dyrsku’n! Ring 52 79 04 00 eller post@suldal-billag.no www.suldal-billag.no Me bur på Rauland Høgfjellshotell frå Dfredag til søndag.

Meir Meir info info ogog påmelding påmelding innan innan 1.1. september september tiltil Suldal Suldal Billag: Billag: post@suldal-billag.no, post@suldal-billag.no, facebook facebook eller eller tlf.tlf. 5252 7979 0404 0000 www.suldal-billag.no www.suldal-billag.no

PRIS: Kr 13Arena 200,Dagstur til Telenor frå Avreise fredag ettermiddag etter jobb.Ved ankomst Rauland får me servert god middag! Munich Layout: Suldalsposten Layout: Suldalsposten

F

pr. personHaugesund/Ryfylke. i dbl.rom. Enkeltromstillegg: 1200,inkluderer: AvreisePrisen laurdag føremiddag.

180 km

Vienna

SK

395 km

Salzburg 75 km

Layout: Suldalsposten

Haugesund... Haugesund... kl.kl. 10.00 10.00 Ølen............ Ølen............ kl.kl. 10.45 10.45 Odda........... Odda........... kl.kl. 12.00 12.00

kr. 3.150,- Enkeltromstillegg kr. 300,Inkluderer: inngangsbillettar, frukost og middag med to overnattinger på Rauland Høgfjellshotell.

TURPRIS: kr 3 150,- Innsbruck

Buss i Norge Retur og etterØsterrike, konsert. fly, hotell Hochfilzen inkl. frukost, 3x middag, billett til arena 9. - 11. september 2016 brakar det laus att. Vi ynsker heile Noregs befolkning hjarteleg velkommen, som garva gjest, som førstereis besøkande eller som utstillar. Dyrsku-opplevinga ventar treLaurdag dagar (fredag, laurdag og søndag) Oslo-helg ABBA-nostalgi: Kr 1950,- 9. på deg! Ei Egersund, oppleving som8.ikkje kanoktober: beskrivast med ord. Du må vere tilOslo-helg stades, føle på stemninHimmelstigen til Trolltunga. Oktoberfest. medmed ABBA-nostalgi: 24. september: ga og ta del i folkefesten. og skandinavisk guide. Laurdag 24. september. Egersund, 8. 9. oktober. inkl. gode billettar og transport Thank you for the music. 110 km Zurich Inkludert inngangsbillettar, frukost og middag med 4002 kmovernattinger på Rauland Høgfjellshotell.

Foto: Wikipedia

Min. påmelding 25 stk. Enkeltromstillegg kr 300.

H

CH

Himmelstigen til Trolltunga Oktoberfest

Thank you for the music

http://www.dyrskun.no/150aarsjubileum I

SLO

HR

4.- 6. november eller 11.- 13. november.

Frå Haugesund og Suldal/Sand og området 12 Inkluderer: busstur i moderne kr. 3.500,- Enkeltromstillegg kr. 600,Ring 52 79 04 00 ellerturpost@suldal-billag.no rundt:Verkr. 1.570,alt utstyr og buss. med og opplevinkludert Norges råaste utsiktspunkt. Me startar medkr. ein 2.900,sykkeltur Bli med på eventyrleg oktoberfest i Egersund! til Ringedalsvatnet før me tar på1.870,oss klatreutstyr og tar oss opp buss, Himmelstigen 1 overnatting m/frukost på Grand Hotell Inkluderer: busstur, 2 netter på flott hotell i Oslo Blåtur, venners venners-tur, firmatur www.suldal-billag.no Frå Stavanger/Sandnes: kr. inkludert til Trolltunga. Også høve til å Påmelding prøve zip-line. Turen passer for dei som er i til Suldal Billag innan 10. desember: Egersund, lunsj, billettar til Oktoberfest. sentrum, Abba-show, lunsj fredag og søndag. alt utstyr, normalt buss og godferjebillettar. form og over 15 år. Profesjonell guide frå området! (begrensa antal)

• Lunsj • Billettar til Oktoberfest.

Meir info og påmelding innan 1. september til Suldal Billag: post@suldal-billag.no, facebook eller tlf. 52 79 04 00 www.suldal-billag.no

Justin Bieber

Sauda................. kl. 11.45 Sand................... kl. 12.40 Suldalsosen.......... kl. 13.00

Forsand............... kl. Jørpeland............ kl. Tau..................... kl. Hjelmeland.......... kl.

10.00 10.30 11.00 11.45

Meir info og påmelding til Suldal Billag: post@suldal-billag.no, facebook eller tlf. 52 79 04 00 www.suldal-billag.no

Dagstur til Telenor Arena frå Hgsd./Ryfylke. Reiser føremiddag. Retur etter konsert. Kr 1950,- inkl. gode billettar og transport

Layout: Suldalsposten

Oslo Maraton

Busstur. Hotell (2 netter) på Royal Christiania. 2 middagar; fredag & laurdag. Kr 3 500,- i dobl.rom.

24.september

Enkeltromtillegg kr 600,-

Layout: Suldalsposten Layout: Suldalsposten

16.-18. september

AVREISE: Haugesund.......... kl. 12.00 Ølen................... kl. 12.45 Røldal................. kl. 14.00 Layout: Suldalsposten

Begrensa med plassar: Ring 52 79 04 00 eller post@suldal-billag.no

Pris: For kr 3500,- får du: Busstur, 2 netter på flott hotell i Oslo sentrum, Abba-show,

FILTER

Påmelding til Suldal Billag:

www.suldal-billag.no - tlf. 52 79 04 00 - post@suldal-billag.no

Layout: Suldalsposten

Foto: Trolltunga Active

52 79 04til00 eller Billag: post@suldal-billag.no lunsj fredag og søndag. Meir infoRing og påmelding Suldal post@suldal-billag.no, www.suldal-billag.no facebook eller tlf. 52 79 04 00 - www.suldal-billag.no

Frå Stavanger/Sandnes: Kr 1870,- inkludert alt utstyr, buss og ferjebillettar.

Avreise laurdag morgon frå Ryfylke eller Haugalandet.

Layout: Suldalsposten

Påmelding Billag: • Alt. 1: 4.-6. november • Alt. 2: 11.-13. november www.suldal-billag.no - tlf. 52 til 79Suldal 04 00 - post@suldal-billag.no

Frå Haugesund og Suldal/Sand og området rundt: Kr 1570,- inkludert alt utstyr og buss.

PRIS: Kr 2 900,- som inkluderer: • Busstur i moderne turbuss • 1 overnatting m/frukost på Grand Hotell Egersund

ETNEMARKNADEN 2016

17


11/8

20:00

SCENEN

Konsert med

Sandra Lyng Sandra Lyng held konsert under Etnemarknaden. På torsdagkvelden kan du oppleve konsert med musikar og låtskrivar Sandra Lyng som har etablert seg som ein av Noregs mest profilerte kvinnelege artistar med fleire hundretals konsertar og fleire hitar i bagasjen. Etter at ho deltok i «Idol» gav ho ut singlane «Sommerflørt» og «I morgon» som fekk gode plasseringar på VGlista. Like etter gav ho ut debutalbumet «Døgnvill» som fekk gode kritkkar. Etter nokre år i USA gjorde ho i 2014 comeback som artist, i 2015 var ho aktuell i TVprogrammet Mitt Dansecrew på TV 2 og med singelen «Heels Off». I 2015 gav ho også ut låtane «Play My Drum» og «Night After Night», den siste er i dag streama over fem millionar gonger. No kjem den populære artisten til Etnemarknaden for å gi publikum ei god konsertoppleving

POPDUO MED DEBUTLÅT 11/8

SCENEN

Den internasjonale popduoen J&B frå Stavanger kjem til Etnemarknaden. Duoen er no klare for å erobre verda og eit internasjonalt publikum med debutlåta «Everything about you» No produserer også Ray Kay musikkvideo for den internasjonale duoen frå Stavanger, nordmannen har tidlegare produsert video for Lady Gaga, Beyonce, Justin Bieber og Britney Spears. Tilfeldigheitene ville det slik at Jeremiah (31) frå Dubai og Børge (32) sine spor blei kryssa i Stavanger. Det var musikken som førte dei saman og som dei no satsar på. Jeremiah kom til Norge i august 2014, han ville gjerne sjå og oppleve eit nytt land,

18

ETNEMARKNADEN 2016

og skape ei ny framtid. Meir eller mindre tilfeldig såg han bilete frå Preikestolen og Stavangerregionen, og dermed vart det vestlandsbyen som vart den nye heimstaden hans. Heile sitt vaksne liv hadde han vore musikar, no fekk han sjansen til å utdanne seg til ein profesjonell karriere i faget. Også for Børge frå Stord har musikken spelt ei viktig rolle i livet, han kallar det ein lidenskap og meiner han allereie som åtteåring bestemte seg for at det var dette han ville bruke livet på. Begge ville dei satse på musikken, og no er dei altså klare med debutlåta som dei håpar vil gjere suksess. No kjem dei til Etnemarknaden, duoen blir oppvarmingsband for Sandra Lyng på torsdagskvelden.


KONSERT PÅ MARKNADEN

MUSIKALSK HYLLEST 12/8

18:30

SCENEN

Patrick Jørgensen (24) imponerte heile landet då han deltok i Norske Talenter på TV 2 med ein personleg rap som ein hyllest til sin avdøde mor. No kjem han til Etnemarknaden.

Musikken har alltid stått sterkt hjå Jørgensen, heilt frå han sto på ein scene for første gong som 4.klassing på barneskulen. Mest kjent er han altså frå deltakinga i Norske Talenter, noko som blei ein stor suksess. Låta Million Questions vart ein av verdas mest delte songar og sett av nesten 70 millionar menneske på nettet. -Korleis er det å framføre ein så personleg song? -Det var befriande, det er ein bit av meg eg har hatt lyst til å fortelje alle venner og kjende om, mange var ikkje informerte om situasjonen min frå før. Det var en fin måte å hylle mor og få fortalt historia mi på, seier Patrick Jørgensen som mista mora Betsy i kreft for eit par år sidan.

-Kor viktig er musikken i livet ditt? -Musikk er utruleg givande, personleg har eg brukt det mykje som terapi og klarer ikkje å sjå for meg å slutte med det, seier han og viser til at det er gledeleg dersom musikken hans også kan bety noko for andre. No drøymer den unge musikaren om å sleppe sitt første album og opptre utanlands. Først gler han seg til å opptre på Etnemarknaden. -Eg gler meg veldig, eg trur dei som har sett meg spele før kjem til å bli overraska over alt som skal skje på scena.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar ETNEMARKNADEN 2016

19


Barnestjerne

i ny drakt 19 år gamle Raylee Charlotte Kristiansen var allereie som åtte-åring i gang med ein karriere som barneartist under namnet Lotta. Ho er frå Tromøy i Arendal og hadde stor suksess med albuma «Min Egen Stil» (2009) på Sony Music og «Bevis At Du Tør» (2011) på MTG Music. Med singelen «Hvem Eier» fekk ho sin største hit og over to millionar visningar på Youtube. Ho hadde også hovudrolla i oppsetninga av Annie i Oslo hausten 2008. Hausten 2014 deltok ho i den tredje sesongen av tv-programmet Stjernekamp som gjekk på NRK1. Her var ho yngste deltakar og imponerte sjåarane gjennom fleire program. Våren etterpå deltok ho også i tv-programmet Melodi Grand Prix med songen «Louder». I 2014 gav ho også ut singelen «Back To Now», ein låt som raskt blei lista på NRK mp3 og P3. Denne songen bergtok også publikum då Raylee i 2014 var med på P4’s Vinterlyd turné, der ho saman med Madcon og Isac Elliott besøkte rundt 10 norske byar i regi av Kreftforeningen. No er Raylee klar å satse internasjonalt.

Barnestjerna Raylee Charlotte Kristiansen er blitt vaksen og har tatt eit nytt karrieresteg. No kjem artisten til Etnemarknaden.

13/8

18:30

SCENEN

20 ETNEMARKNADEN 2016


KONSERT PÅ MARKNADEN

14/8

17:00

SCENEN

Rappgruppe med flow Kløver og Skarre R kjem til Etne. Kløver og Skarre R er ei rappgruppe frå utkanten av Bergen. I dei fire første åra som gruppe hadde dei nesten 300 konsertar på store scenar som Oslo Spektrum, Norway Cup, Grieghallen, Stavanger Konserthus, Olavshallen og Tønsberg Messen. I samarbeid med MTG Music, og Kickstart Management har dei klare ambisjoner om tida framover. Kløver og Skarre R har eit variert uttrykk, og er fan av å trekke ulike element inn i musikken. Rett flow, tekst og varierte beats står sterkt i fokus. Sidan gutane er halvvegs frå bygda, og halvvegs frå byen resulterte dette i deira første singel og musikkvideo «BondeGangster». Sommaren 2014 lagde Kløver og Skarre R Bergens største musikkvideo til låta Null Null Stress. Produksjonen inkluderte over 200 menneske, og hadde premiere med konsert på Bergen Kino. Kløver og Skarre R blei stifta i 2010. Medlemmene er Kris Andre Drageset og Daniel Wiig Andersen. No kjem dei til Etnemarknaden for å skipe til ein konsert med skikkeleg folkeliv.

ETNEMARKNADEN 2016

21


st cm ist 0 cm

0

,-,-

BÅLPANNE m/rist 60 cm

1490 ÷20% ÷20% ,-

÷20%

STEIKEHELLE PÅ ALLE BÅLPANNESTEIKEHELLE

PRODUKT

BÅLPANNEBÅLPANNETREKK TREKK

GNISTFANGER GNISTFANGER

POPCORN-GRYTE

POPCORN-GRYTE

Besøk NAF-standen Velkommen til en nyttig og hyggelig NAF prat hvor vi blant annet har følgende aktiviteter: • • • •

Prøve promillebriller Prøve Velte-Jakob Medlemsverving med fine premier Utdeling av div. reklameeffekter Velkommen!

NAF avd. Haugesund og Omegn naf.no/haugesund Kampanjeperiode 18. – 30. mars 2013

Etne 8-18 8-18 (8-19) (8-19) 10-15 • Tlf. 468468 43 000 Etne 10-15 • Tlf. 43 000 monter.no monter.no

BESØK VÅRT

FABRIKKUTSALG Stort utvalg i skinn av sau, rein, geit, samt lær og andre produkter.

Me held opent i heile sommar! opningstider Man-tors kl. 10-16 Fre. 10-17 Lør 11-14 her finn du oss..

I krysset ved Statoil i Ølensvåg tek du mot Utbjoa, følg vegen i 2 km og du har oss på høgre side, før Ølen Betong.

Det tek ikkje meir enn 19 minutt å køyre frå Etne til oss i Ølensvåg...

Stikk innom for å sjå vårt gode utvalg av produkter, - kjøp eit skinn eller slå av ein prat.

Gode marknadstilbod i fabrikkutsalget!

LIK OSS PÅ FACEBOOK www.granberggarveri.no Bjoavegen 187, 5582 Ølensvåg - tlf. 52 76 50 00

22 ETNEMARKNADEN 2016


+47 22 51 89 00 • www.norskog.no • firmapost@norskog.no

Spør noen som kan skog! Vi tilbyr spesialtilpassede løsninger for din eiendom: • • • • • • •

Generasjonsskifte Forvaltning av skogeiendom Skatteplanlegging Verdiberegning av skog Eiendomsutvikling Bistand ved kjøp og salg Konkurransedyktige tømmerpriser gjennom NORTØMMER AS

NORSKOG arbeider for dine rammebetingelser som skogeier.

+47 22 51 89 35 • www.nortommer.no • post@nortommer.no

A

NORTØMMER AS kjøper alle typer tømmer langs hele Vestlandskysten. Vi har egne kontorer i Randaberg, Voss og på Møre. Vi har liten og effektiv administrasjon, og søker fleksible løsninger for våre kunder. Vårt mål er at mest mulig av tømmerverdien går til skogeier. NORTØMMER AS har dyktige entreprenører og transportører i samtlige vestlandsfylker, som håndterer avvirkning og transport for oss. Ønsker du pristilbud på hogst, planting eller ungskogpleie? Kontakt NORTØMMER AS i din region!

Rogaland/Etne/ Stord/Sveio:

Tømmersalg/skogsdrift Markus M. Junge (+47) 916 23 779 markus.junge@ nortommer.no Skogplanting/ungskogpleie Gunvor K. Harestad (+47) 976 75 001 gunvor.krogh.harestad@ nortommer.no

Hordaland, Sogn:

Møre og Romsdal:

Tømmersalg/skogsdrift Jens Manger (+47) 480 52 228 jens.manger@nortommer.no

Tømmersalg/skogsdrift Ivar Egil Gjøra (+47) 473 44 619 ivar.egil.gjora@ nortommer.no

Skogplanting/ungskogpleie Marte Storebø (+47) 415 70 853 marte.storebo@ nortommer.no

ETNEMARKNADEN 2016

23


Vi søker

SJÅFØRAR KL CE På grunn av auke i arbeidsmengd treng vi fleire dyktige sjåfører. Søkarane må ha truckførerbevis, Ysk og må kunne bruke norsk skriftlig og muntlig. Tilsetjing snarast. Spørsmål om stillinga: • Olav Magne Nesheim tlf 975 68 252 eller • Stig Arne Nesheim tlf 977 21 953.

Tveit Regnskap Etne

– ditt lokale regnskapskontor i Etne. En del av Tveit Regnskap AS www.tveit.no

Vi har god kompetanse på mange områder: • Regnskap og lønn • Rådgivning • AS • Enkeltmannsforetak • Landbruksregnskap • Takst • Eierskifte

Send søknad med referansar til post@sak-nesheim.no Sakarias Nesheim AS er eit gammalt og tradisjonsrikt transportselskap som blei etablert 1930. Bedrifta held til i Nedre Vats. Drifta i dag består hovudsakleg av transport av gods/næringsmidler og noko entrepenørverksemd. Bedriften har i underkant 30 tilsette.

For et uforpliktende tilbud, kontakt oss på: E-post: elin@tveit.no / mob: 911 77 560

Alt innen trykksaker

F ornøy de k under er vå r b este refera ns e 5574 SKJOLD • TLF 52 76 55 90 • WWW.HAAKULL-ERSLAND.NO

Arbeid i høyden? www.leiestillas.no

481 01 565

Telefon: 52 70 19 00 Trygt, enkelt, og billig

ETNEMARKNADEN 2016

25


MARKNADEN

Stolte bønder Dei er unge, dei er optimistiske og dei brenn for landbruket. På årets Etnemarknad er det sett av rundt 4000 kvadratmeter der Etne Bondelag stiller sterkt for å syne fram kva dei står for saman med andre viktige landbruksaktørar. tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland / foto: Meister Fotografi

På den utvida landbruksstanden vil ein hjå Etne Bondelag kunne helsa på mange ulike husdyr. – Her blir det både sau, geiter, griser og høner, fortel leiar i Etne Bondelag Torbjørn Grønstad (29) som og går med planar om å få på plass ein stor stut. Det er framleis nokre brikkar som må på plass fram mot marknadsdagen. Det krevs litt ressursar for å få til ein stand med så mykje dyr, dei skal ha rikeleg med både væske og mat, og minst to personar må vera til stades med dyra. Men Torbjørn syns berre det positivt at ein nå i enda større grad opnar opp for å få landbruket tilbake som ein godt synleg og samlande aktør på den godt etablerte marknaden i Etne. – Det er kjempeviktig å synleggjera landbruket på Etnemarknaden, understrekar han. Mange unge i dag er ikkje vane med dyr, og for mange kan det vera fyrste gong ein er i nærkontakt

26 ETNEMARKNADEN 2016

med slike dyr. Det er viktig å få synt flest mogleg norsk matproduksjon og få blesta landbruket på ein positiv måte, slik at publikum får ei forståing av kva dagens bønder driv med.

– Kan gå nokre timar før han blir lei i den, smiler Torbjørn. På spørsmål om traktoren er hans, svarar Teodor bestemt ja. Frå setet sitt peikar og fortel han ivrig at dei plar ha hengar og.

– Sjå han bæsjar, ler Iben Sofie. I grisebingen er den eine grisungen ivrig etter å grava seg godt ned i halmen, gryntar og prøver å koma seg vekk frå ivrige barnehender. Men Olve klarar å få tak i han att og smiler breidt. – Eg tokte han. – Du må vera snill med han, irettesett pappa Vidar mildt. Teodor (2,5) er med pappa Torbjørn på besøk til Olve (3) og Iben Sofie (5) Sørheim, som nett er henta i barnehagen av pappa Vidar Sørheim (36). Medan Olve og Iben Sofie har funne seg til rette i halmen med kvar sin grisunge, er Teodor mest lysten på å sitja i traktoren,

Både Torbjørn og Vidar er vakse opp på gard, og er glade for den erfaringa. Begge har og tatt utdanningar, som kjem godt med i rollene som gardbrukarar. Torbjørn gjekk for fire år sidan frå fast jobb som prosjektleiar ved Westcon Power & Automation, for å ta over som fulltidsbonde. Tida i Westcon starta som elektrolærling og tilsaman hadde han ti år der, før bestemte seg for å ta over gard og satsa for fullt. På familiegarden på Grønstad driv han med mjølkeproduksjon og planen er å satsa gradvis. Han har allereie investert og utvida for å kunne handtera ein mjølkekvote på 400 tonn. Vidar er og tidlegare leiar i Etne


Vidar Sørheim t.v og leiar i Etne Bondelag, Torbjørn Grønstad er optimistiske med tanke på framtida til unge bønder.

ETNEMARKNADEN 2016

27


Det er kjempeviktig å synleggjera landbruket på Etnemarknaden  Torbjørn Grønstad, Leiar Etne Bondelag

T.v: Torbjørn Grønstad bak t.v og Vidar Sørheim har begge vakse opp på gard. Dei er glade for å kunne gi borna det same grunnlaget. Iben Sofie (5) og Olve Sørheim (3) er på smågrisjakt i halmen. Øvst: Det er alltid noko Iben Sofie og Olve Sørheim kan leika med på tunet, berre fantasien set grenser. Nedst: Teodor Grønstad (2,5) trivst best når han får sitja på med pappa Torbjørn Grønstad i den fine raude traktoren.

Bondelag, og tok over familiegarden på Sørheim for over åtte år sidan. I dag bur han på garden saman med kona Cecilie Jeanett Torgersen og borna og dei har sauer, smågrisproduksjon og tre hestar på garden. Vidar er utdanna maskiningeniør på landbrukshøgskolen i Ås og har deltidsjobb på Skånevik Mekaniske Verkstad i tillegg til garden. For bondelaget i Etne er det viktig å syne seg fram og opna opp for publikum for å informera. Årleg har dei open gard på Steinhagen Samdrift, årlege besøksdagar

28 ETNEMARKNADEN 2016

i samarbeid med Enge Skule, der femteklassingane kjem på open gard. Og når rundt 2000 barn samlast på Etne Cup, tilbyr Etne Bondelag i samarbeid med Nortura og Tine gardsbesøk i Steinshagen Samdrift, der borna får innsyn i korleis ein mjølkar med mjølkerobot og blir kjent med eit moderne fjøs. – Me merkar jo ein dreiing i positiv lei, seier Vidar. Me har fleire gonger blitt positivt overraska over den støtta me har fått med tanke på jorbruksoppgjer. Det er tydeleg at folk vil ha korteist mat, og vite kvar maten kjem frå, avsluttar Torbjørn.


MARKNADEN

Bondens Kasse: Lokal gardsmat levert på døra. Starta av Nicholas Hoddevik i november 2015 for abonnentar på Haugalandet. Produsentar frå: Haugalandet, Ryfylke, Åkrafjorden, Jæren og i Hardanger.

Nicholas Hoddevik har fått ein pangstart på bedrifta si Bondens Kasse. Foto: Haakon Nordvik

GARDSMAT RETT HEIM Ideen hadde modna ei stund og planen var ein testkasse til 20-30 testpersonar i november 2015 for å måle responsen. Han vart godt mottatt og ei posting på facebook frå ein nøgd kunde, gjorde at bestillingane raste inn.

Det vart oppstarten for Nicholas Hoddevik sitt nye konsept Bondens Kasse. Måløy-guten, som er busett i Haugesund har hatt travle dagar etter oppstarten av råvareleveransar. Sidan nyttår har han fått inn stadig nye småskalaprodusentar, som ønskjer at han skal selja produkta dei produserer på tråden. – Målet mitt er å opprette gode kanalar for direktesal for småprodusentar, fortel Nicholas, som stilte seg spørsmålet; korleis kan bønder få selja maten sin utan at det går ut over den daglege produksjonen? Problemet for mange av aktørane Nicholas er i dialog med, er at dei for små for dei store kjedane. – Mange vil selja alt dei har produsert til oss. Får dei selt via Bondens Kasse, kan dei heller fokusera på produksjon. Råvarene i Bondens Kasse skal vera gode og unike og ikkje minst skal dei vera ferske. For å få dette til må dei halde seg til produsentar og leverandørar som held til ein i ein radius på tre timar frå Haugesund, der dei held til. I dag har dei leverandørar både på Haugalandet, i Ryfylke, i Åkrafjorden, på Jæren og i Hardanger. – Saft og syltetøy er fast og sesonguavhengig, og målet er å alltid ha kjøt, fisk i tillegg til spisskammers-varer, fotel Hoddevik, som og innimellom kan freista med spesialitetar som økologisk kylling frå Hardanger. Nicholas samarbeider med matskribent, bloggar og kurshaldar, Margit Vea, som kvalitetssjekkar leverandørane og lagar tips til oppskrifter av råvarene.

Målet er på sikt å bli ein aktør som leverer i heile landet, med basar og møtepunkt rundt om på strategiske stader. Allereie i mai blei Bondens Kasse og lansert på austlandet, med testkassar i Asker og Bærum. Hoddevik ser for seg å få ei eiga avdeling austpå og etterkvart utvida til fleire stader i landet. I vår lanserte Nicholas og konseptet bondens marknad, Matverket, i Smedasundet i Haugesund. Fyrste marknadsdag var 21. mai, som vart særs godt mottatt av både besøkande og produsentar som hadde stand. Dei ønskjer å få til ein marknadsdag i månaden for å samla lokale matvareprodusentar. Her vil du finna alt frå lefsebakarar, kjøt-, grønsaks-, syltetøy- og osteprodusentar under same tak. – Produktet appellerer til deling i sosiale medium, som og har generert medieoppslag, fortel Hoddevik. Eg set pris på å ikkje berre vere ein digital leverandør, men at kundane våre og får høve til å møte produsentar på bondens marknad. På Etnemarknaden står han på stand på vegne av leverandørar saman med andre landbruksrelaterte bedrifter. I dag tilbyr Bondens Kasse abonnentar matkassar ein gong i månaden, med ein miks av råvarer, avhengig av kva sesong det er, og Hoddevik er ikkje framand for å kunne utvida området for levering om han finn ein aktuell base på indre Haugalandet. – Målet er å bli ein lokal matleverandør i Noreg, avsluttar Hoddevik. ETNEMARKNADEN 2016

29


Interflora jorunn og joanas

Blomsterverksted

Interflora jorunn og joanas

Blomsterverksted

bare lave priser

A

SENTERKAFEEN

30

ÅPNINGSTIDER: Etne senter: Måndag - Torsdag 10 - 18 ETNEMARKNADEN Fredag 10 - 19 Laurdag2016 10 - 15

Rema: Måndag - Fredag 9 - 22 Laurdag 9 - 20

Telefon: 53 75 62 20 Epost: kontor@etnesenter.no

Web: www.etnesenter.no Postadresse: Etnesjøen, 5590 Etne

Grannar

Velkommen!


aden n k r a m e n der Et n u d o b l i T

TERRASSEVARMAR

L A V T U T R O T S ! N E K K I T U B I FK TAKHENGT

1499,-

GRAS- & RYDDESAG STIHL FS 130, 4 MIX

GRASKLYPPAR

LEVERAST MED:

VIKING MB 448 T

AutoCut C 25-2 Sirkelsagblad 200/25 Krattkniv 250 mm/25

SPAR 700,-

4290,(4990,-)

2990,-

MOTORSAG

MS 181 C-BE 35 CM

4490,- 1S0P0A0R,-

(3890,-)

AGRYSAN

I LOTIONUTGÅVE

GRASTRIMMAR STIHL FS 38

1690,(1990,-)

SPAR 300,-

BALLTRENINGSNETT

Perfekt til ferdighetstrening for fotball og handball. Vinkelen på nettet kan justerast. Pulverlakkert stålramme, fjærande nett og innfestingspluggar. 1,1x1,1 m.

NYHEIT!

999,-

79,-

BESTSELGAR!

A

20%

(5490,-)

MUCKBOOT STØVEL EXCURSION LACE MID

899,-

på Härkila jaktklede under marknaden

FK Butikken Etne Tlf. 53 77 11 30 OPNINGSTIDER: Mandag – Fredag: 08–18 Laurdag: 9-15 Tilboda gjeld 11.–13. august eller så langt behaldninga rekk. Atterhald om trykkfeil og utseld.

7366 FK Etne helsides annonse utf. Etnemarknaden 2016.indd 1

24.06.2016 14.32

ETNEMARKNADEN 2016

31


MARKNADEN

Gourmetmåltid

PÅ ETNIR DUGGURD

Etnir Duggurd gir deg eit fantastisk gourmet-måltid under Etnemarknaden. Her får du nyte kortreiste råvarer som kjende kokkar har forvandla til dei beste delikatesser. tekst: Judith Sørhus Litlehamar / foto: Svein Egil Økland

Prosjektleiar Line Njåstad frå Etne er sjølv kokk og konditor og veit kva som må til for å trylle fram fargerike og smaksfulle gourmetrettar av gode og kortreiste råvarer. På Etnir Duggurd er det likevel andre som skal lage mat, denne gongen er Njåstad prosjektleiar og skal trekke i trådane for å skape eit fantastisk måltid for dei besøkjande på Etnemarknaden. – Dette gler me oss til. Det er viktig for oss å vise fram kva regionen kan by på av råvarer pg matvarer. Kokkane veit på forhand kva dei kan lage mat av, og kan dermed planlegge rettane som skal på bordet, fortel ho. Målet er ikkje berre å skape gode matrettar som mettar

32 ETNEMARKNADEN 2016

der og då, men like mykje at ein får vist fram kokkekunst og gitt mange gode tips om korleis folk kan bli betre til å lage mat heime på kjøkkenet. Og dei som skal imponere på Etnemarknaden og lage mat er matattache hjå Fylkesmannen i Hordaland, Gunnar Nagell Dahl som også i år kjem til å vere sentral på kjøkkenet. Årets kjøkkensjef i Noreg frå 2014, Arnt Johannessen kjem også. Han er tvillingbror til Ørjan Johannessen som vart kåra til verdsmeister i 2015. – Målet må vere at me får vist fram dei gode råvarene me har her på Vestlandet. Me vil gjerne vise kva me har å by på her, og ikkje minst formidle at ein ikkje treng å


MARKNADEN

Line Njåstad er prosjektleiar for Etnir Duggurd i år. Ho har bakgrunn som kokk og konditor.

ETNEMARKNADEN 2016

33


MARKNADEN

Gunnar Nagell Dahl er matattaché hjå Fylkesmannen i Hordaland, og kjem tilbake på årets Etnir Duggurd på Etnemarknaden der han blir sentral på kjøkkenet.

Målet må vere at me får vist fram dei gode råvarene me har her på Vestlandet.  Arnt Johannessen, 

kjøkkensjef på Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll.

34 ETNEMARKNADEN 2016

reise så altfor langt for å ete god mat. Eg ynskjer å delta for å vise fram alt det gode me har frå Vestlandet, fortel Arnt Johannessen engasjert. Også bakebloggar Kristine Ilstad, som driv bakebloggen detsoteliv.no gler seg til å lage mat på Etnir Duggurd. Ho skal trylle fram kaker og dessertar og meiner måltidet er ein god arena for å vise publikum at det går godt an å lage gode kaker i ein hektisk kvardag, sjølv utan å ty til Toro-posar. – Eg trur mange vegrar seg til å kaste seg ut i det og prøve seg på kjøkkenet. Eg vil gjerne vere med på å formidle bakeglede slik at fleire prøver seg. Ei enkel langpannekake kan alle få til, dei må berre prøve. Ho merkar stadig større interesse for både bloggen som allereie har gjennomsnittleg om lag 20 000 klikk per dag, og for baking og oppskrifter generelt.


MARKNADEN

På Etnir Duggurd i 2015 fekk publikum smaksprøvar av gourmetmat med utgangspunkt i tradisjonskost.

Det blir mange gode smakar her og mykje godt, det er meint som unike smakar på gode rettar, me vil gjerne spreie ekte matglede  Line Njåstad, Prosjekleiar Etnir Duggurd

Etnir Duggurd: Gourmet - lunsj og matshow med kjendiskokkar

– Det er mange som har lyst til å bake kakene heime på kjøkkenet, det er veldig kjekt dersom eg kan vere med på å inspirere til det, slår bakebloggaren fast. Sjølve måltidet går av stabelen laurdagen under Etnemarknaden i Matsmak-teltet der publikum kan få ta del i korleis kokkane tryllar fram rettane som skal på bordet. Når du kjøper billett får du fire matbongar som du kan byte inn i små rettar, som ein kaffikopp, ein liten dessert, eller ein smaksprøve på ein ekte gourmet-middag. – Det blir mange gode smakar her og mykje godt, det er meint som unike smakar på gode rettar, me vil gjerne spreie ekte matglede, fortel prosjektleiar Line Njåstad og legg vekt på at det sjølvsagt er lov å kjøpe så mange bongar ein ynskjer.

Laurdag 13. august kl 13.00-16.00 i Matsmak-teltet

På Etnir Duggurd kan du få sjå korleis spanande råvarer blir fovandla til gourmetmåltid.

ETNEMARKNADEN 2016

35


NYE PEUGEOT 2008 SUV SUV MED GARANTERT GODFØLELSE

ACTIVE CITY BRAKE / MIRROR SCREEN / GRIP CONTROL / ÅRETS MOTOR 2008 GT LINE 110 HK PURETECH AUTOMAT

Lanseringstilbud: GT Line pakke, klasseledende automat og panorama glasstak inkludert

Spar kr 22.100,Kampanjepris kun kr

264.700,-

Pris er inkl. frakt og leveringsomkostninger levert Drammen. CO2 utslipp fra 103 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring 0,48 l/mil. Forbehold om trykkfeil. Bildet er illustrasjonsfoto og utstyr kan avvike.

Bauge Auto A/S, Industrigata 24, 5537 Haugesund, Telefon: 52700650, www.baugeauto.no

Messetilbud *

4x4

nd.

2.990,- pr.m fra 379.900,-

Foto: Meling Media

SUBARU XV - STILFULL CROSSOVER

* Inkl. vinterhjul, met. lakk og serviceavtale 3år/45.000 km

Privatleie: 36 mnd/45.000 km. Innskudd 49.000,-

Leiebeløp pr. mnd. inkl. mva: 2.990,-

52 70 06 50 Industrigata 24, 5537 Haugesund

baugeauto.no facebook.com/baugeauto

1.95% FINANSIERING


Messetilbud

Mercedes-Benz C350e hybrid Kjøreglede med akselerasjon og ansvar for miljøet

Mercedes-Benz GLC350e hybrid Miljøvennlig komfort og kjøreglede

Nye Mercedes-Benz E-Klasse Verdens kanskje mest avanserte bil

Mercedes-Benz Vito De beste velger ofte det beste ...

Heiane 31, 5412 Stord 53 40 40 40 - fylkesnesbil.no facebook.com/fylkesnesbil


Hunden må høyra på eigar, og blir belønna med ball, godbit og mykje ros.  Elisabeth Vae Haaland

ØVING GJER

MEISTER

– Dagleg trening, terping og belønning av positiv åtferd og mykje kos er stikkord for å lukkast med hund, seier hundeeigar og trenar i agility, Elisabeth Vae Haaland (41). tekst: Astrid eidhammer Hjelmeland / foto: Meister Fotografi

Nyleg tok ho heim bronsemedalje i NM i Agility saman med Ellinor Bårdsen Grønfur (40) og Synnøve Matre (46) i Etne- Ølen og Vindafjord hundeklubb. I konkurranse med over 100 hundar og 16 store lag, var det hundane, Messi (4 år), blanding av Border collie og Australian Sheperd, og Keira (3 år) Briard, og hunden Dream (8 år), Golden Retriver, som trona bronseplassen på pallen i Drammen i juni. – Den er me stolte av, seier Ellinor, særleg sidan me er eit heilt ferskt lag. Ho har vore aktiv i laget og samarbeidd og trena med Elisabeth sidan ho flytta tilbake til Etne for to år sidan. Men sjølv om laget er ferskt, har dei alle lang fartstid kvar for seg i både hundehald, agility og andre hundesportar. – Målet er alltid pallplass, ler Ellinor. Ho er ein målgjeger, som òg har lang fartstid på fotballbanen, både på klubbog landslagsnivå. Det er ikkje tilfeldig at namnet på bloggen ho til dagleg driftar

38 ETNEMARKNADEN 2016

har fått namnet kennelgoalgetter.com. Medan hunden Lilly (6 år) har gjort det særs godt og vunne uttallege prisar i USA, er det nå dottera Keira som har tatt over i konkurranse. – I ein hund får du alt, smiler Ellinor. Familiehund, actionfylt utetid, trening og ikkje minst får ein tilfredstilt konkurranseinstiktet. Ho har hatt briard sidan ho kjøpte seg hund i 1996. Den gong var ho ikkje i tvil om kva sort ho ville ha. Eg hadde bladd mange år i hundeboka til veninna mi Grethe i Skånevik, og alltid funne fram til det same biletet av den same hunden, så valet var lett. Ute på Østrem-bakkane er det rigga til trening. Elisabeth er veldig nøgd med å få nytta bakkane til naboen til trening. Her er agilityhinder som tunnell, møne, slalomløype, og mange av hindera som dei møter i konkurranse. Men løypene varierer for kvar konkurranse. Før kvart sprang, får førar av hunden åtte minutt

til å memorere løypa og førebu hunden. Deretter er det om å gjera å få hunden gjennom løypa på kortast mogleg tid. Her krevs det både ro, fokus, kondisjon, tydelege ordrar og signal til hunden for å få gode resultat. – Gjennom. I det matmor, Elisabeth gir Messi signal, spring han som eit lyn gjennom tunnellen og over brua. –Du må vera kjapp når du skal ta bilete av den, smiler Elisabeth. Men hunden er rask og ikkje lett å få festa til linsa. Messi og hundar flest er mest glad i tunnellen, så for å få dei over mønet krevs det mykje terping, fortel ho. Det har blitt nokre rundar med «over», før den sat heilt. Det ligg mange timar med trening både for hund og eigar for å kunne toppa pallen i Agility. Det blir trening kvar dag, korte økter på 5-10 minutt. Men før ein kan venta å få hunden til gå over ulike hinder i tillegg til å lystra ordrar, må ein ha solid grunntrening på plass.


Elisabeth Vae Haaland har god kustus og samarbeider godt med Messi, som er ein Australian Sheperd, som ho nyleg kom på pallplass i NM i Agility med, saman med klubbveninnene i Etne- Ølen og Vindafjord hundeklubb Ellinor Bårdsen Grønfur og Synnøve Matre.

Lyst å prøva agility? Ølen- Etne og Vindafjord hundeklubb er på Etnemarknaden laurdag 13. august kl 13.00-15.00 for å møta publikum med tips og råd i høve hundehald i distriktet. Du kan ta med eigen hund eller låna ein hund av klubben for å prøva deg i agility. Klubben satsar på barn og ungdom i samspel med hundar. Kjem du innom marknaden kan du få informasjon om dette pluss andre hundeaktivitetar ein kan delta i her i distriktet.

Etne- Ølen og Vindafjord hundeklubb satsar på barn og ungdom i samspel med hundar. Her er Elisabeth Haaland og Ellinor Bårdsen Grønfur samla med sine barn til trening på Østrem. Bak f.v: Stina Grønfur Håheim (11), Sienna Grønfur Håheim (7), Selma Grønfur Håheim (4), Aleksander Vae Haaland (16). Framme f.v: Lilly, Ellinor Bårdsen Grønfur, Keira, Elisabeth Vae Haaland, Messi, Kristoffer Vae Haaland (12) og Border collien, Japp (1).

ETNEMARKNADEN 2016

39


MARKNADEN

Øvst t.v: Ellinor Bårdsen Grønfur testar tunnellkunnskapen på briarden Lilly. Det skal nokre timar til for å få dette hinderet til å sitte. Øvst t.h: For å oppnå gode resultat treng hundar mykje kos og forsterking av positiv åtferd. Boarder Collien Messi slappar heilt av i fanget til Elisabeth Vae Haaland, medan Aleksander Vae Haaland får border collien, Japp, rundt ein tur i hinderløypa nedst t.h. Nedst t.v: Eldstejenta til Ellinor, Stina, har god kontroll, her saman med briarden Lilly.

– Hunden må høyra på eigar, og blir belønna med ball, godbit og mykje ros. For hunden er hinderløp belønning i seg sjølv, understrekar Elisabeth. Så skal Ellinor og Keira teste løypa, denne gong med fotografen som nytt hinder. Keira treng berre tre rundar med matmor før ho skjønar teikninga og hoppar galant over mannen på bakken. Ellinor fortel at dei på Etnemarknaden i år skal ha litt oppvising. Men det blir og høve for dei som vil å ta med eigen hund, for å få tips og råd, eller testa ut eigne ferdigheter med lånt hund. Jentene til Ellinor, Selma (3), Sienna (x) og Stina (12) får og ta runden med Lilly. Dei får gode råd av mamma Ellinor, for å få Lilly til

40 ETNEMARKNADEN 2016

å koma seg gjennom hindera på deira kommando. Messi har funne roen og ligg på rygg og let matmor klø seg godt på magen. Namnet var det mellomste sonen til Elisabeth, som bestemte. Han er den mest fotballinteresserte av barna. Messi let seg ikkje affisere av verken barna eller dei andre hundane rundt når han får kos. – Kos er viktig, understrekar Elisabeth. Ein trygg familiehund, med litt galskap og eksplosivitet, i tillegg til god grunntrening, er oppskrift for å få hunden i stand å gjennomføra konkurransar med godt resultat, meiner ho. Agility blir kalla sprangridning med hund og ein seier at ein går Agility, men me spring for det

meste, fortel ho. Messi er rask, kan koma opp mot 5,5 m per sekund, og gjer det godt, men han kan ikkje bli champion så lenge han ikkje er av rein rase. Elisabeth fortel at Messi er resultat av ein border collie hannhund på besøk, som nytta sjansen til ei hyggestund med Na Nook, som er Australian Sheperd, då Elisabeth måtte ut eit kjapt ærend. Messi er klar for neste hinder. Han parerer slalomløypa i høg fart. Det ser enkelt ut, men det er små ting som avgjer om ein lukkast. Berre det at hunden må koma inn i løypa frå høgre. Elles må ein starte på ny. – Det ser enkelt ut. Men dei har trent, smiler Ellinor.


ME ER DEN EINASTE PRODUSENTEN AV OVALARMERING I NOREG

ARMERING OG SVEISING FOR ALT OG ALLE ME KAN ARMERING, OG VEIT KVA SOM KREVS I BYGGEBRANSJEN

Utbjoa Armering & Sveis A/S

adresse

telefon

53 76 97 61

Utbjoa Industriområdet

epost

terjkr2@start.no

5584 Bjoa

nettside armeringogsveis.no

Terje Kristiansen daglig leder


TOMTER TIL SALS

Kvardagsidyll med panoramautsikt

Vikaneset ligg i Skjold med flott utsikt over Skjoldafjorden, om lag ein 15 minuttars køyretur frå Ølensvåg og 25 minuttar frå Haugesund. Tomtene ligg solvendt med kort veg til det meste - skule, barnehage, båthamn og tur- og friluftsområde.

Vikaneset – heilt lokalt. Utforsk meir på vikanesetpanorama.no

gjør det enkelt å komme seg ut

Sammenleggbar!

WeeCar er en helt ny serie elektriske kjøretøy spesialutviklet for alle med bevegelsesutfordringer. Uansett om du skal til butikken, bare besøke venner eller gjøre en lenger utflukt – WeeCar har en modell for nettopp dine behov.

9.995,-

17.250,-

24.995,-

24.995,-

38.995,-

64.995,-

Våre kjøretøy er både åpne og lukkede, har toppfart opp til 10 km/t og tilbyr en kjøredistanse fra 20 til 60 km per batterilading. Ingen av modellene krever sertifikat eller registrering. Hovedkontor, Haugesund — Glenn Larsen; Forhandler, Mjøndalen — Karsten Ekeberg; Forhandler, Sandane — Dagfinn Kleppnes;

982 18 123 930 23 755 57 86 56 25

Vi har gratis utkjøring i Rogaland, Sør-Hordaland, Buskerud og Vestfold.

Les om produktene og tilbehør på www.weecar.no

42 ETNEMARKNADEN 2016


Møt oss på marknaden!

TIL VÅRE KUNDER I BY OG BYGD! BESØK VÅR STAND PÅ ETNEMARKNADEN TORSDAG - SØNDAG

artn uli!

Gode traktor-ud og redskapstilb

10 ÅR PÅ ETNEMARKNADEN! MARKNADSTILBUD Høye påbygningslemmer INKLUDERT I PRISEN!

Thor Birger Tollefsen Tlf. 906 65 365 Steinar Eikeskog Tlf. 911 40 473

Haugaland Tlf. 52 75 50 40

Representanter fra disse leverandørene blir med oss på standen:

www.a-k.no

BESØK VÅR STAND OG SE VÅRE GODE MARKNADSTILBUD! - ROGALANDS STØRSTE FORHANDLER 2011, 2012, 2013 og 2014!

Frå idé til magasin Kvalitetsmagasin bygger omdømme og skapar gode leseopplevingar Me vil gjerne høyra dine idear. Ring eller send oss ein epost. Me snakkast!

- Når du har andre ting å gjøre! Skal du kjøpe robotklipper? - SPØR MEG!

PRIS FRA

9.990,Storesund

Oasen Karmsund bro

Filterdk.no WEB

DESIGN

KOMMUNIKASJON

Nordbøkrysset

INNHALD

Bønesvegen 70 4260 Torvastad Tlf. 52 84 67 88

Åpningstider Man-fre 07-17 Tors 07-18 • Lør 09-14

BØNESET v/Vest Metallretur

ETNEMARKNADEN 2016

43


MARKNADEN

Annelise Grindheim frå Etne er opphavleg skodespelar, no satsar ho og på kunsten. (Foto: Privat)

KUNSTSPEGEL Dei vil begge fortelje historier og dei ynskjer å skape. Annelise Grindheim og Kristian Finborud er hovudutstillarar på Etnemarknaden. tekst: judith sørhus litlehamar / foto: Privat

Dei aller fleste kjenner til Annelise Grindheim som skodespelar, i dag har den kreative kvinna frå Etne og utvikla seg til å bli ein suksessrik kunstnar. – Eg jobba med teater i 12 år utan at eg stoppa opp for å tenkje etter om det verkeleg var det eg ville, etter kvart kom eg til eit punkt der eg trengte noko meir, fortel Annelise. Etter kvart vart det kunst og oljemåling som vart svaret på tomrommet ho kjende. – Det er eit medium eg alltid har hatt behov for å utforske. Med fleire familiemedlemmer som har svinga målekosten var det nok berre den murrande jantelova i mitt eige hovud som fram til då hadde stoppa meg. Ho meiner vegen frå skodespel til

44 ETNEMARKNADEN 2016

kunst ikkje er så lang som ein kanskje skulle tru. Ho viser til at alle kunstformer heng saman, og har like trekk i både språk og utføring, dermed vart overgangen ganske naturleg. – Forskjellen for meg låg nok mest i at eg ikkje lenger var avgrensa til ein karakter, ein tekst eller eit rom. Med noko så handfast som pensel og måling opna det seg dører som lot meg uttrykke meg med den fridomen eg hadde leita etter. Hausten 2014 starta Annelise på kunststudiar ved The Aegean Center for the Fine Arts på Paros. Der underviser ho sjølv for tida i teater, noko som gjer at ho dreg parallellar mellom dei to kunstartane. – Aldri før har eg møtt så engasjerte,

dedikerte og kompetente folk. Her er lærarar som gir av seg sjølve og som lever og åndar for sine respektive fagfelt. Det er inspirerande på alle plan, fortel den unge kunstnaren. Haustsemesteret startar med ein månad i Italia. Der ein reiser rundt og ser alt som er av kunst. Deretter kjem to månadar på vakre Paros. All den kunsten, kulturen, historia og ikkje minst gode maten. La Dolce Vita! Ho har alltid kjent på eit behov for å skape. For å fortelje historier. Alt fall på plass då ho oppdaga kunsten. Ho er oppteken av å kjenne historia for å finne fram til det moderne. – Eg valde ein skule som baserar seg på handtverk og klassiske teknikkar, med eit mål om å hjelpe folk til å finne eit


MARKNADEN

Nå skal mamma bade, av Kristian Finborud

Dykkerfamilie, av Kristian Finborud

Eg ynskjer at publikum skal sitje att med eit glimt av attkjenning av sitt eige liv når dei ser mine bilete.  Kristian Finborud

moderne uttrykk. Fortida er ei skattekiste av informasjon. Kunnskap ein etter mi meining ikkje bør ignorere. Uttrykket til kunstnaren vil alltid vere unikt, det er summen av kven ein er, bakgrunnen, arven og synet ein har på verda. Sjølv er ho busett på ei øy i Egeerhavet, der lyset er sterkt og glødande. Her kan ho måle og arbeide i ein natur med mjuke former og disige horisontar som ho kallar det. – Det er rake motsetninga til landskapet eg vaks opp i, seier ho og viser til at kunsten hennar gjenspeglar tilhøvet ho har til stad og menneske, til Noreg, naturen og til heimbygda Etne. – Det å få være ein av hovudutstillarane på marknaden er sjølvsagt stor stas for meg som Etnesbu. Eg syns det er tøft gjort av dei å satse på ein lokal kunstnar. Det betyr mykje for meg og vitnar om at grunnverdiane til markanden blir ivaretatt. Eg kjem til å vere tilstades under heile marknaden og selje det eg stiller ut. Eg gler meg til å møte marknadsgjestene. Gjestene på marknaden kan forvente seg å sjå oljemåleri på lerret med gestiske penselstrøk fortel kunstnaren. For det meste lagar ho biletbaserte måleri utarbeidde frå minner. I tillegg stiller Annelise ut ein del monotrykk Oppveksten i Etne påverkar og kunsten hennar i dag. Naturen og atmosfæren frå heimbygda viser tydeleg igjen i måleria. – Å observere dei skiftande fargane i lyset, fjella, teksturen i landskapet og lukta av mose er noko ein fort tar for gitt når ein bur ein plass. Eg jobbar med motiv

og minner som er tett knytt opp til eigen identitet. Så eg gler meg til å stille ut nokre av bileta mine på heimebane. Kristian Finborud driv eige galleri på Voss. Han leverer grafiske trykk til ulike galleri i heile landet og har hatt ei mengde utstillingar. I sommar har han blant anna opna utstillinga Det norske skieventyr i Morgedal. – Eg byrja å arbeide med biletkunst då eg var 17 år og gjekk på Voss Folkehøgskule, fortel Kristian. Etter året på folkehøgskulen vart det både teikneskule i Skien og kunsthandverksskule i Bergen. Bileta til Kristian vekslar mellom humor, romantikk, frå dei som har ei tydeleg historieforteljing til dei som er meir abstrakte. Han arbeider berre med etsning som blir trykt for hand, og då berre i 55 eksemplar. I tillegg har han laga fleire bøker via forlaget Skald. Til hausten gir han ut boka Begrav meg i snø, saman med forfattar Gudmund Skjeldal. – Eg ynskjer å formidle deler av røynda slik eg opplever den. Kunst kan vere ein spegel for andre menneske. Eg ynskjer at publikum skal sitje att med eit glimt av attkjenning av sitt eige liv når dei ser mine bilete og kanskje undre litt på korleis eg klarte å fortelje det, seier han. Sjølv har han aldri vore på Etnemarknaden. – Men sønnene mine har hytte på Bjoa, så eg har vore mykje i området. Dessutan er eg blodfan av min ti år yngre kollega; Jan Terje Rafdal.

Kristian Finborud (52) driv eige galleri på Voss. Han leverer grafiske trykk til ulike galleri i heile landet og har hatt ei mengde utstillingar. I sommar har han blant ann opna utstillinga «Det norske skieventyr» i Morgedal.

Annelise Grindheim (30) frå Etne er opphavleg skodespelar, men satsar no og på kunsten. Hausten 2014 starta Annelise på kunststudiar ved The Aegean Center for the Fine Arts på Paros. Der underviser ho sjølv for tida i teater, noko som gjer at ho dreg parallellar mellom dei to kunstartane.

ETNEMARKNADEN 2016

45


2016 PROGRAM

Etne Duathlon for tredje gong Laurdagen på årets Etnemarknad er det igjen duka for duathlon, og denne gongen er det for tredje året på rad. Mini-duathlon for borna hadde premiere i fjor, og går av stabelen i

For dei vaksne deltakarane er løypetrasèen på sykkel frå Etne til Skånevik, med løp tilbake over postvegen. –Me har fått fleire tilbakemeldingar på at terrenget på løypa er unikt! Her syklar ein langs fjorden heile vegen til Skånevik, og ein får med seg både fjord og fjell. Me vonar at det blir eit bra løp i år og, seier Øren. Arrangementet går av stabelen laurdag 13. august. Sjå meir informasjon og bilete frå arrangementet i fjor på facebook-sida til Etne Duathlon.

:S

v

ein

Eg

il Ø

kland)

år og.

På løypa for mini-duathlonet får borna moglegheit til å springe og sykle. Dei skal starte og gå i mål i same området som dei vaksne, som gjer det ekstra stas å vere med. –Det var mange påmeldte til miniduathlonet i fjor, så det vil me ha med på arrangementet i år og, seier Peter Øren som er med og arrangerer duathlonet i Etne. Løypa for dei minste er ein kilometer lang, og alle deltakerane blir premierte med medalje når dei kjem i mål. Miniduathlonet er for born opp til 12 år, og det er eit kriterium at dei kan sykle på tohjulsykkel og har med eigen sykkel og hjelm.

ot

o

(F

ot

o:

e Sv

in E

gil Ø

kland )

(F

Skipar til ungdomskor Etnemarknaden har skipa til sitt heilt eige ungdomskor, som både skal opptre åleine på scena, men også kore for fleire av dei andre artistane som opptrer under marknaden. Audny Aasheim fortel at ein no har samla ti flotte ungdommar i koret der både gutar og jenter deltek. Koret skal opptre på fredagen først med nokre songar åleine, før dei skal kore med Patrick Jørgensen. Søndag skal dei kore med Kløver og Skarre R. Ungdommane er allereie i gong med øvingane, og Aasheim skryt av flinke ungdommar som gler seg til å opptre.

Vikingleir og Battle Blind

to

:A

s

t rid

Eid

ham

mer Hjel meland

Tidsreiser er fast innslag på Etnemarknaden, i år kjem dei med mange spanande aktiviteter for barn og unge. Dei skal mellom anna arrangere vikingleir med sverdkamparena, bogeskyting, øksekast og vinkingslag. Dei skal også ha Battle Blind som dei også hadde i fjor, som er ein konkurranse der deltakarane må samarbeide for å kome seg gjennom ei løype der den eine har bind for auga. Tidsreiser skal delta frå torsdag til søndag.

Fo

46 ETNEMARKNADEN 2016

–Me kjem attende fordi me trivst veldig godt på Etnemarknaden, og det har blitt ein slags årleg tradisjon for oss å delta der, seier Anders Riple, dagleg leiar i aktivitetsbedrifta Tidsreiser som held til i Bergen.


Paintball på marknaden (Foto :J us

tin

C

Etne Paintballklubb tilbyr paintball-turnering under Etnemarknaden. Under marknaden i fjor blei det arrangert turnering på tennisbanen, no håpar paintballklubben at det skal bli like mykje engasjement dette året. Under årets utgåve av marknaden er turneringa flytta til Håfoss, i all hovudsak på grunn av tryggleik og praktiske omsyn. Men klubben blir også i år til stades på marknaden med blinkskyting i ballbingen og Reball i gymsalen for dei som er litt yngre. Etne Paintballklubb blei starta opp sommaren 2012, etterkvart vart det kjøpt inn ein del utstyr og det blei bygd ein enkel bane på Håfoss i Etne. No tilbyr klubben paintball til utdrikkingslag, selskap, teambuilding eller andre arrangement. Etter kvart er det også blitt investert i nyare utstyr og eit nytt klubbhus er på plass. ap

o lo

ngo

)

Leik med volleyball

Klatrar til topps (Fo to: Sve i n E g il Ø kl a

nd

)

Under Etnemarknaden kan du få prøve deg i klatrevegg. Buldreveggen, som er den minste av klatreveggane, er open heile tida, men ikkje bemanna. Den store klatreveggen er open laurdag og søndag, frå 12 - 15, og det kostar 10 kroner per tur.

«Bli ny» med Team Lene Tønnessen Har du gløymt ut deg sjølv i ein hektisk kvardag? I samarbeid med lokale leverandørar spanderer marknaden ein drøymedag på ei heldig dame på Haugalandet. Ho får ein heil dag saman med Lene Tønnessen og hennar team noko som innebere hudpleie, ny hårfrisyre, nye klede og sko. Den «heilt nye» dama blir presentert som ein del av opningsshowet under marknaden torsdag 11.august. Det blir lyst ut ein konkurranse på Facebook der kandidatar kan melde seg på, men tips gjerne om ei dame som hadde fortent ein dag som dette.

Foto: Lars K. Aalgaard

Landslagsspelar i sandvolleyball, Ingrid Lunde (24) som er frå Ølensvåg, vil arrangere ball-leik for barn under Etnemarknaden. Ingrid starta karierren i KFUM Ølen og satsar no på sandvolleyballen, og eit av dei største måla er å spele i OL i 2020. Under marknaden vil ho inspirere barn til å prøve å spele volleyball, og ikkje minst til å kose seg med ball-leik og samspel. –Tanken er at dette skal vere eit lågterskeltilbod, og at barn og unge skal få ha det kjekt, seier Lunde. –Dei kjem til å lære grunnleggjande volleyball-teknikk, samt drive med ulike ballaktivitetar. Barna treng ingen forkunnskapar, slår ho fast og legg til at dei kan møte opp når det passar. Mellom 10 – 14 blir det arrangert ulike ball-leikar for barn og unge mellom 1 og 10 klasse. Ingrid Lunde er no ferdig utdanna fagleærar i kroppsøving og idrettsfag ved Norges Idrettshøgskule og bur for tida i Oslo. Ved sida av å spele sandvolleyball speler ho innandørs volleyball for Oslo volley i eliteserien, og jobbar som lærarvikar og miljøarbeidar. I sandvolleyball har ho mellom anna ein fjerdeplass frå Student – VM og ein fjerdeplass frå Norgesmeisterskap og to tredjeplassar i Nordiske meisterskap. Ho speler saman med makker Oda Ulveseth.

ETNEMARKNADEN 2016

47


2016 PROGRAM

Vil du prøve «Escape Room»? Tenk deg at du blir låst inne på eit rom og har berre 30 minutt på deg til å kome deg ut? Du har eit lag på 3 – 5 personar med deg og du får hint undervegs slik at de skal klare å finne nøkkelen eller koden for å kome dykk ut. Hadde du klart det? På Etnemarknaden kan du prøve det, og finne ut om det bur ein Sherlock Holmes i deg. Det er haugesundsfirmaet IQ Room som står bak «Escape Room». –Reint praktisk brukar me eit gammalt møterom i kjellaren som har eigen inngang og som me kjem til å setje på kartet og skilte godt til. IQ Rom er arrangør og kjem til å møblere dette rommet med det som skal til. Dei informerer også laga om korleis dette vil føregå før dei blir låst inne og konkurransen er i gong, seier prosjektleiar for Etnemarknaden Kurt Helgesen. IQ Room opplyser og på sine nettsider at laga må leite etter spor og ledetrådar medan dei er innelåst, dersom dei står fast vil dei få tips via eit videokamera som overvakar rommet. Ingenting skummelt skjer undervegs, og ein kan heile tida trykke på ein naudknapp slik at rommet blir opna. Det er ope for alle, men det er ein fordel dersom det er minst ein vaksen per lag. –Her er det få plassar så folk må melde seg på raskt dersom dei har lyst til å vere med, fortel prosjektleiaren. Det er berre 28 lag som får vere med, og det er eit marknadstilbod med 100 kroner per person, så her trur Helgesen at bilettane vil ryke raskt.

Stemning med trekkspelmusikk På marknaden kan du få fart på dansefoten når Haugaland Trekkspillklubb speler opp med god musikk ute blant folk både laurdag og søndag mellom klokka 12 og 16. Trekkspillklubben blei stifta i 1981 og har etter den tid skapt god stemning og speler framleis opp til dans gjennom heile året. Dei bidreg og til gode formål og speler til dømes inne på sjukeheimar, dei vil gjerne bidra til å auke den kulturelle aktiviteten i regionen.

Lunds Tivoli lanserer Dragon nest Lunds Tivoli er eit av dei leiande underhaldningsselskapa i Skandinavia, eigd og drive av same norske familie sidan oppstarten. I år kjem Lunds Tivoli tilbake på Etnemarknaden med eit variert og spanande tivoliprogram som passar eventyrlystne i alle aldrar. Lund Gruppen eig også Kongeparken i Sandnes og har med sin kompetanse innan park, tivoli og arrangement blitt eit leiande underhaldningskonsern i Noreg. Nytt av året er karusellen Dragons nest, ein heilt ny karusell som den einaste av sitt slag i heile verda. Den store dragedronninga Sorrith er komen til Lunds Tivoli fordi ho ynskjer di hjelp. Egga hennar blir snart klekt ut, og det betyr at dei fykande, eldsprutande rakkarungane hennar treng dragepilotar. Dermed er jakta i gong, etter nokon som vil hive seg med på tur heile 40 meter over bakken. (Foto: Svein Egil Økland)

Om å knyta nye røter

Forteljefestivalen i Etne er klar for å presentere nye forteljeopplevingar, denne gong i samband med markering av at Ingvar Moe ville fylt 80 år.

(F

o: ot

Fot

o gra f

N o r d ve i t )

Dette blir markert med nyutgjeving av samlinga «Dikt i samling» på Biblioteket laurdag på marknaden. Festivalen har i år eit gjennomgåande tema som handlar om å knyta røter. Leiar i Forteljefestivalen, Marta Onstein, er glad for å kunne presentere eit program som både røskar i publikum, samstundes som ein kan oppleva gode forteljeprestasjonar.

Steinar Aalvik og Marta Onstein ser fram til engasjerande forteljeframsyningar under Forteljefestivalen på marknaden.

48 ETNEMARKNADEN 2016

– Me må utfordra oss til å kunne høyra forteljingar som rører oss, seier ho engasjert. Forteljeframsyninga «Krisgsfortellinger» der Torgrim Mellum Stene saman med iranske Amir Mirzai, fortel frå opplevingane til Amir som kom

som flyktning til Noreg i 1987. Forteljinga handlar om det å vera både soldat og flyktning i krig. Det blir ei forteljestund kvar kveld under Etnemarknaden. Johanne Øvstebø Tvedten besøkjer i år festivalen med framsyninga «Heim», der ho fortel livshistoria til Sønneva Føyen (88), om oppvekst, tap av mor i ung alder og arbeid og slit i heimen for ny stemor, og ung kjærleik. I år har Steinar Aalvik fått med seg Bjørn Seljestad til løesoger på Sæbøtunet. Tittelen i år har fått tittelen «Når du kjeme him om sommaren», lånt frå Ingvar Moe. Ingvar Moe får ein og bli betre kjend med når Ingvor Gundegjerde saman med Martin Dyrseth tek publikum med på forteljevandringa «Rundt sjøen». For detaljert forteljeprogram sjå forteljefestivalen.no


i ENDRINGAR PÅ MESSEOMRÅDE Nytt av året er eit 4000 kvadratmeter stort landbruksområde på austsida av Skakkehallen. Inngangen til marknaden på nedsida av Skakke er også flytta til aust-sida av hallen. – For å få folk til å utforska messehallen betre såg me eit behov for omorganisere denne. Her vil publikum finne mykje spennande i år. Sjølve uteområdet ved skulen er nokså likt organisert som før, med nokre små endringar rundt matsmakteltet, seier dagleg leiar i Etnemarknaden, Kurt Helgesen.

KONKURRANSE

VINN BACKSTAGE-MØTE MED KJENDIS Vil du vinne eit møte med ein kjendis på Etnemarknaden? Etnemarknaden vil køyre konkurransar på Facebook fram til marknaden går av stabelen, her kan born og ungdommar vinne eit møte backstage med artistar og kjendisar under marknadshelga. –Backstageområdet (D-2) blir eit inngjerda område like ved scena i hovudteltet (D-1). Artistane kjem i bil rett inn på backstageområdet der dei blir innlosjert i ei stor campingvogn.Dei kan gå rett frå backstage og rett inn på scena, området blir passa på av vaktar. Her vil utvalde born og ungdomar få kome inn og prate litt med artistar og ta bilete, me kjem til å avgrense det slik at det blir ekslusivt for dei utvalde, fortel prosjektleiar på Etnemarknaden Kurt Helgesen. –Det blir også ein del filming i år og det skal både live-filmast til storskjerm samt at me skal laga ein «aftermovie» av marknaden, det blir sikkert populært å kome på film, trur Helgesen. Media vil og kunne kome inn her og intervjue kjendisane.

ot

H o:

a ra

ld S

æ t re

Kanskje du vil treffe nokre av desse kjendisane?

(F

Tur med «Stord I» Stiftelsen D/S Stord I har restaurert og driftar no D/S Stord I. «Stord I» er eit museumsskip og det er eit mål for stiftelsen å vise korleis folk reiste i gamle dagar. Under Etnemarknaden vil folk få sjansen til å kome om bord når båten ligg ved Etnesjøen og sjå salongar, maskina, brua og få eit inntrykk av korleis det kunne vere å reise med ein gamal HSD-båt for 100 år sidan. Dei vil også setje opp nokre turar mellom Etnesjøen og Skånevik. I det opplegget håpar dei å få med seg ein gamal HSD veteranbuss som tek passasjerar motsett veg i høve til båten. Det kan og vera aktuelt å setja veteranbussen inn som tilbringarbuss mellom Marknadsområdet og D/S Stord I ved kaien i Etnesjøen. Følg med på fjordabaaten. no for meir detaljar og rutetider.

TORSDAG • Sophie Elise Isachsen, A-kjendis og kåra til medias mektigste kvinne i 2015, også kåra til årets bloggar og folkets favoritt • J&B, ny popduo som satsar stort og har fått sjølvaste RayK til å lage musikkvideoen deira • Sandra Lyng – popartist i Norge • Kristine Ilstad – Norges nest største matbloggar, 240.000 følgjarar på Facebook. • Gunnar Stavrum, sjefredaktør i Nettavisen • Lene Tønnessen, Haugalandets største bloggar FREDAG • Patrick Jørgensen, nummer 2 i norske talenter 2015 og komande stjerne på den norske RAP himmelen • Kristine Ilstad – Norges nest største matbloggar, 240.000 følgjarar på Facebook. LAURDAG • Raylee, deltakar i MGP og stjernekamp, komande norsk popstjerne. • Kristine Ilstad – Norges nest største matbloggar, 240.000 følgjarar på Facebook. • Arnt Johannessen, årets kjøkkensjef i Norge i 2014 og meisterkokk under Etnir Duggurd arrangementet • Gunnar Nagell Dahl, meisterkokk og matattaché hjå Fylkesmannen i Hordaland SUNDAG • Kløver og Skarre R, Bergens RAP-duo med ungdommelig tekke

ETNEMARKNADEN 2016

49


program

Etnemarknaden 2016

For detaljert programomtale sjå program på websida vår: www.etnemarknaden.no

TORSDAG 11. AUGUST 12:00 – 15:00 12:00 – 19:00 12:00 – 19:30

Etne Bibliotek ope. Skakke Vikingleir. Tidsreiser, vikingleiren Salsboder opne. Alle områder Lunds Tivoli. Tivoliområdet Dyreutstilling. Landbruksområdet Matssalg. Matsmak området Open kafé. Storsalen- Skakke Bondestova. Landbruksområdet Radio 102- Sommarshow. Uteområdene 12:00 – 19:30 Gjesteutstillar Annelise Grindheim. Skakke galleri 12:00 – 19:30 Gjesteutstillar Kristian Finborud. Skakke 13:00 Eventyrforteljing 1 med Tidsreiser. Vikingleiren 14:00 – 18:00 Open båt – opplev Dampskipet Stord 1. Båthamna 15:30 Eventyrforteljing 2 med Tidsreiser. Vikingleiren 16:00 Gratis KINO, Solan og Ludvig Herfra til Flåklypa. Kinosalen 18:00 Offisiell opning av marknaden. Scenen 18:10 Etne Live. Scenen 18:30 Trekning dagens konkurranse. Scenen 18:35 Etne Live. Scenen 18:45 – 19:00 «Bli ny» med Lene Tønnessen. Scenen 19:00 – 19:40 Talkshow blogging med Sophie Elise. Scenen 19:00 – 22:00 Fantastisk båttur med Dampskipet Stord 1. Båthamna 19:40 – 20:00 J & B, minikonsert. Scenen 20:00 – 20:40 Åpningskonsert Sandra Lyng. Scenen 20:00 – 21:00 Forteljarfestivalen, Krigsfortellingar, Litlesalen 21:00 KINO, Jason Bourne 21:15 KINO, Bad Moms

FREDAG 12. AUGUST 10:00 – 13:00 Open båt – opplev Dampskipet Stord 1. Båthamna 10:00 – 19:30 Salsboder opne. Alle områder Lunds Tivoli. Tivoliområdet Dyreutstilling. Landbruksområdet Matssalg. Matsmak området Open kafé. Storsalen- Skakke Bondestova. Landbruksområdet 11:00 – 18:00 Escape room. Kjeller på Skakke 11:00 – 19:00 Vikingleir. Tidsreiser, vikingleiren 12:00 Eventyrforteljing 1 med Tidsreiser. Vikingleiren 12:00 Paintball, Etne paintballklubb. Vad, Håfoss 12:00 – 16:00 Battle Blind med Tidsreiser. Vikingleiren Re-ball aktivitet, frå 8 år - Etne Paintballklubb. Gymsal, Enge skule 12:00 – 19:30 Gjesteutstillar Annelise Grindheim. Skakke galleri 12:00 – 19:30 Gjesteutstillar Kristian Finborud. Skakke 13:00 – 13:45 Foredrag med Gunnar Stavrum. Kinosalen 13:00 – 17:00 Jaget, spanande konkurranse. Vikingleiren Paintball – blinkskyting. Ved ballbinger 14:00 – 15:00 Traktorkonkurranse for born. Nedsida av Skakke 15:00 Eventyrforteljing 2 med Tidsreiser. Vikingleiren 16:00 Gratis KINO, Kung Fu Panda 3. Kinosalen 16:30 KINO, Store vennlige kjempe. Multimediesalen 16:30 – 17:00 «Det Søte Liv» Foredrag frå Norges største kakebloggar. Bondestova 18:30 Trekning dagens konkurranse. Scenen 18:35 Etne Live. Scenen 19:15 – 20:00 Konsert Patrick Jørgensen. Scenen 19:00 – 20:00 Forteljarfestivalen, MIN HEIM, v/ Johanne Ø.Tvedten. Sæbøtunet 20:30 Tapas og pubkveld, Lukka arrangement for utstillerar. Skakke, foajeen 20:30 KINO, Norgespremiere Ben Hur. Kinosalen 21:00 KINO, Suicide Squad. Multimediasalen The Golden 90’s, m/ Stisema + hemmelig gjest. Fugl Fønix BACK2BASIC med DJ Vidar Lundski. Fugl Fønix

LAURDAG 13.AUGUST 10:00 – 18:00 Salsboder opne. Alle områder Lunds Tivoli. Tivoliområdet Vikingleir. Tidsreiser, vikingleiren Bumper Ball. Store ballbingen Dyreutstilling. Landbruksområdet Matssalg. Matsmak området Open kafé. Storsalen- Skakke Bondestova . Landbruksområdet 11:00 Pokaltevling – brukskøyring med hest og vogn. Utstillarplassen 11:00 – 12:00 Relansering «Dikt i samling» av Ingvar Moe. Biblioteket

50 ETNEMARKNADEN 2016

11:00 – 15:00 11:00 – 18:00 12:00 12:00 12:00 12:00 – 18:00 12:00 – 18:00 12:30 12:00 – 13:00

Ponniriding for born. Stadion Escape room. Kjeller på Skakke Eventyrforteljing 1 med Tidsreiser. Vikingleiren Paintball, Etne paintballklubb. Vad, Håfoss Etne Duathlon, Etne-Skånevik-Etne. Utanfor Skakke Gjesteutstillar Annelise Grindheim. Skakke galleri Gjesteutstillar Kristian Finborud. Skakke Etne Mini-Duathlon, for born. Utanfor Skakke «Rundt sjøen» Forteljevandring i Ingvar Moe sine fotefar. Nedsida av Skakke 12:00 – 15:00 Klatre- og buldrevegg med instruktørar. Klatreveggen, Skakke Ball-leker med Ingrid Lunde landslagsspelar volleyball. Litle ballbingen 12:00 – 16:00 Vandrande trekkspelmusikk Haugaland trekkspillklubb. Her og der 12:00 – 16:00 Battle Blind med Tidsreiser. Vikingleiren Re-ball aktivitet, frå 8 år med Etne Paintballklubb. Gymsal, Enge skule 13:00 Gratis KINO, Robinson Crusoe. Kinosalen 13:00 – 15:00 Hundeoppvisningar agility og lydighet. Stadion 13:00 – 16:00 Etnir Duggurd – Gourmet Lunch. Matsmak teltet Matshow med kjendiskokkar 13:00 – 17:00 Jaget, spanande konkurranse. Heile området Paintball – blinkskyting. Ved ballbinger 14:00 – 15:00 Traktorkonkurranse for born. Nedsida av Skakke 15:30 Eventyrforteljing 2 med Tidsreiser. Vikingleiren 16:00 Kino, Mannen frå Snåsa. Multimediesalen 16:30 Kino, Store vennlige kjempe. Kinosalen 18:00 Etne Live. Scenen 18:30 Trekning dagens konkurranse. Scenen 18:35 – 19:15 Konsert, Raylee med band og danserar. Scenen 19:30 Kino, Ben Hur. Kinosalen 20:00 Kino, Jason Bourne. Multimediesalen 20:00 Gladsang frå bedehusland. Gjerde Kyrkje Klubb, m/ Stisema, Hella & live sax Einaras Sax. Fugl Fønix BACK2BASIC med DJ Vidar Lundski Fugl Fønix

SUNDAG 14. AUGUST 11:00 Marknadsgudsteneste. Etne Kyrkje 11:00 – 18:00 Salsboder opne. Alle områder Lunds Tivoli. Tivoliområdet Vikingleir. Tidsreiser, vikingleiren Bumper Ball. Store ballbingen Dyreutstilling. Landbruksområdet Matssalg. Matsmak området Open kafé. Storsalen- Skakke Bondestova. Landbruksområdet 11:00 – 15:00 Ponniriding for born. Stadion 11:00 – 18:00 Escape room. Kjeller på Skakke 11:30 Eventyrforteljing 1 med Tidsreiser. Vikingleiren 12:00 Gratis KINO, Angry Birds. Kinosalen 12:00 Paintball-turnering Etne paintballklubb. Vad, Håfoss 12:00 – 15:00 Klatre- og buldrevegg med instruktørar. Klatreveggen, Skakke Ball-leikar med Ingrid Lunde, Landslagsspelar - volleyball. Litle ballbingen 12:00 – 16:00 Vandrande trekkspelmusikk Haugaland trekkspillklubb. Her og der 12:00 – 16:00 Battle Blind med Tidsreiser. Vikingleiren 12:00 – 18:00 Gjesteutstillar Annelise Grindheim. Skakke galleri 12:00 – 18:00 Gjesteutstillar Kristian Finborud. Skakke 13:00 – 17:00 Jaget, spanande konkurranse. Heile området 14:00 Eventyrforteljing 2 med Tidsreiser. Vikingleiren 14:00 – 16:00 Presisjonskøyring med traktor Traktorkøyring for born. Nedsida av Skakke 15:00 Kino, Store vennlige kjempe. Kinosalen 15:30 Kino, Istid 5. Multimediesalen 16:00 – 17:45 Etne Live – Finale. Scenen 16:00 «Løesoger» Bjørn Seljestad. Sæbøtunet 17:15 Trekning dagens konkurranse Scenen Avslutning av marknaden 17:30 – 18:00 Avslutningskonsert, Kløver og Skarre R med band. Scenen 18:00 Salsboder stengjer Marknaden slutt – VEL HEIM 20:00 Kino, Ben Hur Kinosalen 20:30 Kino, Suicide Squad Multimediesalen  *Det kan førekoma endringar i programoppsettet. Sjå etnemarknaden.no for oppdateringar.


MARKNADEN utstillaroversikt Aase Landbruk AK maskiner All verdas gåver og bruksting Anna Marie Storsheim Anna Taylor Nyrud Anne O.M. Helgesen Arbeidstilsynet Arvid Børretzen Astrid Turøy Aud Sigrid Flesland Backstage Bauge Auto Bekkereinan Bjørn Øystein Waage Bondens Kasse Bondens Marked Bondestova Bunadservice Bygde og gårdsmat Calvia AS Swaa - Canal Digital CharmZ, Ina Therese Vetås Cristian Romero Devlon Norge AS Digituning as Din perle DISMA Donutskongen Egil Halvorsen EIK senteret Elde Cosmetics Energetix Anne Svåsand Enge Skule Elevutstilling Eno Produkter Entrack

*Utstillaroversikt pr trykkedato, endringar vil forekomma.

Etne Bondelag Etne Kommune Etne Paintballklubb Etne Sogelag /Etne Bygdeboknemd Fashion & New Felleskjøpet Filtmaker Evelyn Refsahl Fjordline FLT avd 107 Sunnhordland Freddy Christian Romero Frelsesarmeen Stord FTL-service AB Fugl Fønix Fylkesnes Bil Galleri Jorunn - Jorunn A storm Galleri Yvonne Gerd J. Haugland Godterivognen Grannar GreteP Grillteltet - Skakke Gunn Marie Miljeteig Gunnar Lurane Gupta Engros Hagia Karmøy Handelskompagniet Haugaland Caravan Haugland Dekksenter AS Hedersplassen AS Helse-Invest Hilde og Liv Fredriksen Hilde Stokke HLF grannelag Etne og Vindafjord Hobbyklubben - Gerd Pejby

Hordaland Frp Hordaland og Rogaland Nei Til EU Ingrid Lunde - Balleker Industriverktøy idg tools as It-Works Vibeke Gerhard J.E Trading Jakobsen Energi Service as Jaswant Singh Johans Billigsko John Peter London Jon Petter Øie Judith Refsnes Kirsten Rabben Kjell Møller Eriksen Komfortshop AS Krokstad Gårdsmat Kveiteviken Gard Lanullva Kirsten Solem Lars Edvard Isdal Lars Haraldsen Leif Nes Lia Vevstove Lillian Skervik - Tupperware Lomelde Gard Lund Tivoli Lyla C Granberg Lyoness lojalitetskort MA - Haugaland avd. Madsen Design AS Mammo Marcelo Teran c/o Liv Turid Ånonsen Marita Kvigne Memira

Milan Falahi Minde Marine Miri Øvsthus Mix og Match Moi Skinnutsalg Morill NAF Avd.Haugesund og Omegn Nils Søhaug AS Norsk Fjell- og Bygdemat Haraldsen North Bikes Norwegian Rat Norwex, Karin Johnsen Wågen OJK AS Paad Tai by AON AS Paul Mage Storebø Potetbakeriet Prikkar Pølsegleder Matex Reidar Bjerga - Amway Reisemood Royal Import Runes Max Fritid Ruth Lønne Safari Body Art Studio Salar Sportsfiske Sidhu Gurmail Silkehud Sindre Mosand Sissel E.Årak - Oriflame Sjokoladehjørnet AS Skakke Is Skakke Kino Skakke Kiosk Foaje Skakke Kiosk messehall

Skakke Røykeri AS Skillingsbakeriet Skånevik Catering Sparebank 1 SR-Bank mCASH Spekematbilen Sport 1 Etne Stag Import Export Stig Howsmo Agentur Strickland Marketing Sundance Norge AS Sunde snekkeri Sunnhordland Solskjerming Thaimaten Khankittichock The Road Thord Paulsen Thorvaldsen og Gausvik Bygg Tine Sunde Hetland Tove Hagen - Oriflame Traktor og Maskin Unique Import Varmepumpe Vestland Vatland Bil AS Velde Maskin Vikedal Gardsmat Vikingleir - Tidsreiser Viktige Verktøy Vindafjord Aktivitetshus Vivitex Elisebeth Bjørlo Vossaskadle Wee Caravan / Wee car Årvoll Keramikk

Kvifor stiller du ut på Etnemarknaden? Me har møtt eit knippe utstillarar og spurt dei kva erfaringar dei har med å ha stand på Etnemarknaden.

Brit Karin Handeland Sport1 Etne

Frode Pedersen Salar Sportsfiske

Wenche Havrevoll All Verdas gåver og bruksting

– No byrjar det å bli mange år sidan me var med på Etnemarknaden, men utifrå tidlegare erfaringar så var dei veldig gode. Me ynskjer å kjenne litt på den gode kjensla me hugsa frå tidlegare på marknaden og det folkelivet som me hugsar det var.

– Dette er første året me deltar på Etnemarknaden, men har tidligare vore med på Villmarksmessa i Etne to gonger, då satsa me på kjende merkevarer til ein god pris, i tillegg til rådgjeving og tips til dei besøkjande, noko som vart ein suksess.

– Eg har så mange ulike varer, så for meg er det best å ha stand inne i hallen. Eg har dermed ikkje hatt utfordringar med ver og vind. Eg har fått stå på same plassen kvart år. Det er bra, for då veit eg sånn omtrent korleis eg skal setja opp standen, med ljos og det heile. Men særleg er det bra fordi kundar kjem tilbake år etter år, og då veit dei kor dei finn meg. Marknadsleiinga har vore hyggeleg og god.

– Me kjem med ein særs god kvalitetsstand denne gongen for å bidra med faghandel på marknaden. Kundene som stikk innom vil finne mange gode produkt desse dagane. Me ynskjer å vere med, både for å knyte kontakt med kundar som kanskje ikkje kjenner til butikken frå før, men også fordi me har ein fantastisk marknad i Etne, og det er viktig at me som butikkar støttar opp om den.

– Sidan det gjekk så bra på Vilmarksmessa så har me store forhåpningar til Etnemarknaden i år. Me skal sørge for å ha interessante kvalitetsprodukt til knallprisar og i år.

– Eg driv butikk på Nesflaten, ein liten stad der det eigentleg ikkje skal gå an å driva ein butikk med gåver, bruksting, klede med meir, slik eg gjer. Etnemarknaden er i mitt nærområde, så eg får visa fram noko av vareutvalet, men fyrst og fremst kjem eg tilbake fordi eg sel godt. Eg har varer som folk vil ha. Så er det alltid hyggeleg å vera der, gilde folk og god stemning. ETNEMARKNADEN 2016

51


Etnemarknaden 11.–14. august 2016

SANDRA LYNG HAUGEN SOPHIE ELISE MAT OG LANDBRUK

TREND MØTER TRADISJON

STORT OPNINGSSHOW GODE MARKNADSTILBOD RAYLEE ESCAPE ROOM UTSTILLINGAR TIVOLI TALKSHOW VIKINGLEIR KLØVER OG SKARRE R J&B KONKURRANSAR ETNIR DUGGURD KONSERTAR DYREUTSTILLING ETNE DUATHLON BARNELEIKAR OG MYKJE MYKJE MEIR... ETNEMARKNADEN.NO

Profile for Filter design & kommunikasjon

Marknadsmagasinet for Etnemarknaden 2016  

Filter design & kommunikasjon fekk igjen jobben med å lage magasinet for Etnemarknaden. I samarbeid med marknadsleiinga har me utarbeida inn...

Marknadsmagasinet for Etnemarknaden 2016  

Filter design & kommunikasjon fekk igjen jobben med å lage magasinet for Etnemarknaden. I samarbeid med marknadsleiinga har me utarbeida inn...

Advertisement