Ordriket 4B Lesebok NYN (9788211038258)

Page 1

1

Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland

Lesebok 4B

Nynorsk

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 4B I denne boka følger vi Sam og Ina på ei spennande reise i tid og rom. Undervegs støyter dei på historiske menneske og havnar i situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring.

NYNORSK

Kvart kapittel opnar med ein introduksjon av temaet og ein lese­ strategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing. Med kvart tema følger eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad henta frå den nyaste barnelitteraturen og frå kjende klassikarar.

Ordriket Lesebok 4B

1–7

Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 4B. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03825-8

73)

Ordriket 4B Lesebok bm og nn.indd 2

25.08.2021 12:54



Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland Nynorsk

Lesebok 4B


VELKOMMEN TIL ORDRIKET! Visste du at det er skapt forteljingar til alle tider og alle stader i verda? Tenk så fantastisk å få reise i tid og ta del i allverdas historier! Vi som har laga denne boka, ønsker at du skal bli glad i å lese, skrive og å bruke språket. Derfor vil vi gjerne at du skal møte Ina, Sam og onkel Ola og bli med dei på tidsreise. Helsing forfattarane


Innhald 6 Kjærleik 7

Ord og omgrep 8 Lesestrategi: Studer ei ordsky 9 Kjærleik på fleire språk 10 Kva er kjærleik? 11 Brev frå barn om kjærleik 12 Kalde føter, varme hjarte 14 Alle har behov for kjærleik 18 Kyss meg på tysdag 20 Housnein og Fatima 24 Om eg berre ikkje hadde tatt feil hund 26 Kjærleiksdikt 31 Hannemone og Hulda 33 Ordfabrikken 36 Den store tidsreisa 39 Italiensk romantikk 40

7 Musikk 45 Ord og omgrep 46 Lesestrategi: Les og sei noko 47 Tøffe instrument 48 Jahn Teigen 52 Joik 56 Musikk i vatn 58 Sara vil bli stjerne 60 Hiphop 63 Intervju med Odd Nordstoga 66 Tenke på en venn 68 Songen om ein broten nase 70 Den store tidsreisa 73 Eit lite stykke nattmusikk 74


8 Liv og død 79 Ord og omgrep 80 Lesestrategi: Skriv leselogg 81 Nyfødd 82 Eg er døden 83 Ting som blir borte 86 Ulf er uvel 88 Litt av kvart om døden 92 Alle døde små dyr 94 Skalle-Per døyr 98 Snø 101 Ballade om døden 104 Den store tidsreisa 109 Den tristaste dagen 110

9 Mot 115 Ord og omgrep 116 Lesestrategi: Still spørsmål til teksten 117 Lykke og ulykka 118 Gabba gabba hey! 122 Brune 125 Pølsetjuven 128 Garmanns gate 137 Rosa og bussen 140 Den store tidsreisa 143 Utbrytarkongen 144 Arrestert i New York 148


10 Ut på tur 151 Ord og omgrep 152 Lesestrategi: Fortel att teksten 153 Friluftsliv 155 Kart 158 Marianne på Galdhøpiggen 160 Dinosaurgjengen: Reisa 164 Papelina 167 Ei verdsomsegling under havet 170 Den store tidsreisa 173 Løysingsordet 174 Til eventyrland 178


6


6 Kjærleik

• Kva er kjærleik? • Kva er skilnaden mellom kjærleik og forelsking? • Kven er du glad i?

7


Vennskap og uvennskap Kjærleik Det er viktig for alle å ha nokon å vere glad i. I dette kapittelet skal du lese tekstar som handlar om kjærleik. Fleire av tekstane skildrar det å vere forelska. Då er ulike kjensler i sving, og det blir spennande å finne ut om nokon blir kjærastar eller ikkje. Du skal også få lese om kva barn skriv om kjærleik og forelsking.

ORD OG OMGREP Kjærleik

Forelsking

å vere gripen og ha sterke kjensler for ein annan

Kjærastar

at to personar er forelska i kvarandre og vil vere eit par

Vennskap

nokon som likar å vere saman

Kjensler

8

opplevinga av å vere glad i nokon og føle nærleik og tilhøyrsel

noko du kjenner inni deg. Du kan vere glad, sint eller lei deg


LESESTRATEGI Studer ei ordsky Til tekstane i dette kapittelet skal du først studere ordskya som høyrer til teksten. Ordskya er laga slik at dei viktigaste orda er dei største i skya. Ved å studere ei ordsky kan du finne ut kva for ord du ofte vil møte i teksten, og dermed også kva teksten vil handle om. Ordskya studerer du før du les sjølve teksten. Ordskya nedanfor høyrer til teksten «Italiensk romantikk», som du finn bakarst i kapittelet.

Nokre av orda som er utheva i ordskya, er Ina, Sam, onkel Ola, Romeo, Julie, Verona, romantisk, kjærleiken og raudnar. Kanskje reiser Ina, Sam og onkel Ola til Verona, der den kjende kjærleikshistoria om Romeo og Julie finn stad? 9


Kjærleik på fleire språk

kjærleik love amour rakkaus ráhkisvuohta miłość kärlek amore liebe amor

10

Eg elskar deg I love you Je t’aime Minä rakastan sinua Mun ráhkistan du Kocham Cię Jag älskar dig Ti amo Ich liebe dich Te quiero


Kva er kjærleik? Kjærleik kan vere mykje. Kjærleik er å vere glad i nokon eller noko. Dei fleste tenker på kjærleik som noko ein føler for andre menneske. Kanskje kan du føle kjærleik overfor dyr og ting også. Det kan for eksempel vere for ein hund eller for eit smykke du har arva frå ei bestemor du var glad i. Viss du er veldig forelska, kan du få kjensla av å ha funne den store kjærleiken. Nokre forelskar seg lett og ofte, andre sjeldan og nokre nesten aldri. Uansett kor ofte eller kraftig ein ØV forelskar seg, har nesten alle Kjærleik kan vere mykje. menneske evna til å elske andre Kjærleik er å vere glad i nokon eller noko. menneske. Kjærleik til andre kan Kjærleik til andre kan gi ei kjensle av gi ei kjensle av å høyre til ein stad. å høyre til ein stad. Og det å bety noko for nokon er viktig for alle.

11


Brev frå barn om kjærleik

Eg er sint på kjærleiken. Han brenn så vondt i hjartet. Matti, 12 år

Raudt som blod k Raudt som kjærlei Det er så herleg at du er der for meg Malin, 10 år

Eg veit ikkje korleis kjærleik følest, for eg har aldri vore forelska. Eg trur ikkje på kjærleik. Eg har sagt til søstera mi at viss eg får kjærast når eg blir stor, skal ho få 5000 kroner av meg. Jenny, 11 år

❤ ❤❤ 12

Eg elskar mor mi mest. Ho e r kjempesnill m ot meg og gje r alt som eg vil. Ho er den snillast e mora i heile V ERDA. Eg vil v ere saman med he nne til eg døy r! Ahmed, 10 år


Eg har ei handikappa veslesøster på 7 år. Eg får ein veldig spesiell følelse når eg ser henne, og eg blir glad når eg er saman med henne. Ho er snill, full av spe loppar, glad og morosam. Ho pleier å tulle med meg, og då er eg lattermild i lang tid etterpå. Av og til kosar vi oss ber re. Viss eg skal klemme eller kysse henne, må eg spø rje om lov. Eg likar henne for den ho er. Av og til er det bra å ha eit handik appa søsken, for ho er alltid snill. Eg vill e aldri i livet ha bytt henne ut. For eg elskar henne over alt anna på jorda. Erika, 11 år

Eg har ei hytt e der eg er o m sommaren Eg elskar den . staden. Eg le n g ta r alltid dit når eg ikkje e r der, og av o g ti l lengtar eg s mykje at eg g å ræt. Eg elska r h a v e t, hamnene, sjøbuene, fis kane, øyane, s v a b erga og seglbåtane. E g elskar å gå i hamna og h på måsen og øyre kjenne fiskelu k ta . Til og med manetene sa knar eg. Siri, 12 år

lelsar:

Ti kjærleiksfø glad lykkeleg trist varm mjuk nusseleg kitlande nervøs stolt sjenert

❤ ❤ ❤ Gabriel, 11 år

Mattias Danielsson og Caroline Ginner

13


STUDER ORDSKYA

Kva trur du teksten handlar om?

Kalde føter, varme hjarte Magnus skal på tur saman med klassen og skal sove vekke resten av veka. Han gruar seg til å vere så lenge heimanfrå. Han likar best å sove i si eiga seng. Men ei god trøyst er at Thea er med på turen. Magnus har vore forelska i Thea lenge. Men er ho forelska i han? Utan Thea ville han aldri blitt med på turen. Han kunne sagt at han var sjuk og måtte vere heime. Dei neste dagane skal han få sjå Thea heile tida. Han kan sjå når ho et frukost og står på ski, og når dei skal drive på med ting om kveldane. Dei kan vere ute i snøen og inne og 14


spele kort. Han vil sitte så nær som han kan utan at nokon begynner å tru noko. Rundt han svirrar lydane frå klassen. Magnus leitar med auga. Han gjer slik han har gjort det siste året, etter at han blei forelska: Når han kjem til ein stad der Thea kan vere, må han vite om ho er der. Som i skolegarden om morgonen, då ser han automatisk etter den blå jakka med pels på. Han ser etter den rosa hua og ansiktet som han kan skildre heilt nøyaktig inni hovudet. Thea er så utruleg fin. Magnus frys. Det har begynt å snø. Han trekker hetta over hovudet og ser etter bilen med Thea og dei andre jentene. Snøen og hetta gjer at lydane blir stillare. Han stikk hendene djupt ned i lommene. Lufta luktar fersk eksos. I støvet på bussen kunne han skrive MAGNUS ELSKAR THEA. Men for å gjere noko slikt måtte han visst at Thea elskar Magnus. Jentene er dei siste som kjem. Far til Julie køyrer dei. Julie, Maren og Thea. Men Magnus ser berre Thea. Ho har sett solbrillene på hua, skibuksene sleng rundt beina, og ho ber sekken på den eine skuldra. Magnus står der han stod då pappa drog. «Skal eg hjelpe deg med ØV sekken?» spør han. Magnus skal på tur med klassen heile veka. «Tusen takk», svarar Thea. Han er glad for at Thea er med. «Eg tar sekkane, eg», seier Då får han sjå henne heile tida. mora til Nora. «Vi kan ikkje Magnus står framfor bussen og ventar på Thea. slenge bagasjen heilt tilfeldig Der kjem ho med sekk og skipose. inn i bussen.» Planen til Magnus er å få sekkane deira Magnus hadde ikkje tenkt til å stå saman under turen. å slenge noko. Planen var To sekkar tett i tett. å sette sekken til Thea ved Vil han klare det? sida av hans eigen. Så kunne dei to sekkane stått saman 15


Twintip: alpinski som er bøygd oppover i begge endar. Kan køyrast både framlengs og baklengs

16

under bussturen. To sekkar tett i tett med same rørsle i kvar hump. «Thea, er det dine ski?» ropar Leo. Han halar i ein skipose som stikk ut frå boksen på biltaket. Så dunkar han posen i bildøra. «Forsiktig», ropar far til Julia. «La meg ordne skia!» «Sinnssjukt tung pose», ropar han. «Kva har du i han?» «Ski», svarar Thea. «Slalåmski og langrennsski.» «Har du verkeleg tatt med deg langrennsski?» «Sjølvsagt, det stod på lappen. Har ikkje du ski? Eller skal du berre renne på rumpeakebrett?» «Eg har twintip», seier Leo. «Eg og Magnus skal i bakken kvar dag.» Leo slenger skiposen inn i lasterommet.


«Forsiktig, Leo!» ropar Thea. «Langrennsskia kan knekke.» Magnus lèt dei andre styre på. Han vil passe på at sekken til Thea hamnar ved sida av hans. Så ser han at sjåføren tar sekkane til jentene og går rundt bussen og opnar luka. «Det er plass til ein av sekkane her», ropar Magnus gjennom lasterommet. «Nei, vi må fordele vekta», svarar sjåføren. «Vi må ha tyngde på begge sider av bussen.» Magnus tar sekken sin ut av bagasjerommet igjen og ber han rundt bussen og gir han til sjåføren. «Her fann eg ein til», seier han. «Takk», svarar sjåføren. Då skjer det Magnus har drøymt om. Dei to sekkane står plutseleg tett i tett. Dei er så nær kvarandre at Magnus er redd nokon skal sjå det. Han tenker på alt Thea har med seg. Slalåmstøvlar og genserar, ullundertøy og T-skjorter, ei ekstra varm jakke og alle toalettsakene. No ligg alle tinga hennar ved sida av hans. Tannkosten til Thea. I kveld står Thea framfor spegelen og pussar tennene med tannkosten som har lege like ved sida av sekken hans. Så rullar ho soveposen ut på senga. Han rullar ut soveposen sin, og så skal dei sovne samtidig på ein stad han aldri har vore. Klumpen i magen er blitt ein millimeter mindre.

LES MEIR!

Bjørn Arild Ersland

17


Alle har behov for kjærleik Psykolog: ein du kan snakke med om tankar og kjensler

Monica Brendler er psykolog og jobbar hos Redd Barna. Ho veit mykje om kjensler. Her svarar ho på nokre vanlege spørsmål om kjærleik. Kvifor treng vi kjærleik? Vi blir glade av kjærleik. Det er kjempeviktig å få kjærleik av andre, spesielt dei som står oss nærast. I tillegg får vi det betre når vi føler kjærleik for andre. Det er det som gir livet meining. Mange er bekymra over at dei ikkje har hatt kjærast. Treng dei å vere det? Nei, absolutt ikkje. Ein skal stole på sine eigne kjensler og ikkje gjere sånn som ein trur at andre forventar. Det er jo ikkje noko poeng i å bli saman med nokon berre fordi andre er det. Ver tolmodig, stol på at det ordnar seg etter kvart. Mens ein ventar, kan ein halde på med mange andre ting enn kjærleik – venner, hobbyar, foreldre, kjæledyr. Er det rart å vere jente og bli forelska i jenter eller å vere gut og bli forelska i gutar? Nei, dei aller fleste har nok ein eller annan gong lurt på om dei likar gutar eller jenter best. Ein del veit det sikkert, men mange er usikre. Det er like lite gale å bli forelska i ein av same kjønn som det er å bli forelska i nokon av motsett kjønn. Korleis gjer ein det slutt viss ein ikkje er forelska lenger? Det er viktig å snakke med den det gjeld. Og viss den du gjer det slutt med, vil vite kvifor, skal du prøve å forklare det. Prøv å vere ærleg. Viss du absolutt ikkje torer å treffe personen når du gjer det slutt, kan du skrive eit brev og fortelje at du ikkje vil at de skal vere saman meir. Mattias Danielsson og Caroline Ginner

18


19


STUDER ORDSKYA

Fortel til ein medelev kva du trur teksten vil handle om.

Kyss meg på tysdag Bo var ny i klassen. Ella likte Bo veldig godt. Det kjendest som om hjartet blei fylt med varmt vatn når ho såg på han. I friminuttet kasta alle snø på kvarandre. «Kjøss meg på måndag», ropte Ronny då han hadde fått nakken full av snø. «Tenker vi heller seier på tysdag, eg», lo Bo. «Det torer du ikkje», sa Ronny. «Klart eg torer», sa Bo, «men eg kan ikkje kysse tolv jenter, berre tre». Dermed blei det loddtrekning, og Ella blei trekt ut som ei av dei tre. Det blei bestemt at kyssinga skulle skje i eit bøttekott. Då Ella hadde lagt seg om kvelden, tenkte ho på det som skulle skje på tysdag. Ho rekna på fingrane og fann ut at det var tre dagar til. Tre heile dagar og fire netter. «No må du sove godt, Ella», sa mamma. «Du mamma, var du forelska i pappa før de blei skilde?» «Ja», sa mamma. «Men elskar du han ikkje meir?» «Nei», sukka mamma. «No er eg berre glad i han. Men det er fint, det også.» 20


Ella snudde seg rundt på sida og drog Bamsemann inntil seg. Ho såg føre seg munnen til Bo. Lurte på korleis det ville vere å legge leppene sine inntil hans. På tysdag skulle han kysse henne. Ella og Bo. Bo og Ella. Det blei laurdag, og pappa kom for å hente Ella og Veslebror. Dei skulle til farmor og ete vaflar. * Pappa og Veslebror skulle ut og moke for farmor. Ella ville vere inne. Farmor strauk henne over håret. «Er du lei deg, Ella mi?» Ella rista på hovudet. Ho kunne jo ikkje fortelje farmor om Bo. «Mamma elskar ikkje pappa meir», sa ho. «Eg synest ikkje det er noko fint å berre vere glad i.» «Det er då litt fint, i alle fall», sa farmor. «Eg elska farfar, men han er død.» På veggen hang det eit bilde av farmor og farfar då dei var veldig unge. «Stakkars farfar», sa Ella. «Og stakkars meg som saknar han så fælt», sa farmor. «Er det ingen som elskar pappa, då?» «Jo då», sa farmor. «Både du og eg og Veslebror. Og mamma er glad i han. Det er ikkje noko synd på pappa.»

ØV «No må du sove godt, Ella», sa mamma. «Du mamma, var du forelska i pappa før de blei skilde?» «Ja», sa mamma. «Men elskar du han ikkje meir?» «Nei», sukka mamma. «No er eg berre glad i han. Men det er fint, det også.»

* 21


Det var tysdag. Sjølvaste kyssedagen! «Ha det bra på skolen, då», sa mamma. Men ho visste jo ingenting.

Bøttekott: eit lite rom med vaskeutstyr

22

Det var heilt mørkt ute framleis, og lufta var kald i ansiktet. Ella såg på snøen som låg langs vegen. Han var så kvit og fin. Ho visste at snøen var kvit berre fordi han saug til seg lys. Sånn følte Ella seg også, som om ho hadde soge til seg lys. Kroppen kjendest så rar, som om ho liksom var ei heilt anna Ella. Beina hennar ville ikkje gå fort, dei ville gå sakte. Ho hadde sett korleis ein kyssa på TV. Sånne kyss varte så lenge. Tenk om ho ikkje gjorde det rett. «Æsj, at eg blei trekt ut», sa Ella høgt og sparka til ein isklump. Men så tenkte ho på Bo, som ho elska. Og då blei ho plutseleg glad igjen. Kanskje Bo elska henne også? Det var i matfriminuttet det skulle skje. Bo skulle kysse Ella først, hadde klassen bestemt. Alle samla seg borte i gangen, framfor bøttekottet. Men Bo var ikkje å sjå, for han stod jo der inne blant vasketinga og venta på henne. Og plutseleg gjekk alt veldig fort. Ronny opna døra og skubba Ella inn. Dei andre lo, og så blei det heilt mørkt. Først kunne ho berre høyre seg sjølv puste. Men så skjønte ho at han stod der framfor henne, for ho høyrde at det knitra i dynejakka hans. «Hei», sa Ella, men Bo svarte ikkje. Plutseleg kjende ho at han tok tak i handa hennar. Så trekte han henne litt mot seg, la begge armane rundt henne og klemte til. Ella svelgde og gøymde ansiktet sitt inn mot halsen hans. Ho var heilt tørr i munnen og sveitta på hendene. Blodet dunka i halsen. Ho kjende pusten til Bo som ein liten vind mot kinnet. Sidan dei var like høge, trefte munnen hans hennar på første forsøk. Han hadde litt kalde lepper, og litt fuktige. Det var ei rar kjensle å kysse. Det kjendest raudt og mjukt ut. Ho kjende


LES MEIR!

at det lukta godt av jakka hans. Han stramma armane endå hardare om henne, og så plutseleg slapp han henne. Akkurat då opna nokon døra. Ella kjende at ho blei heilt kald. For der, ved sida av Ronny, stod Bo. Han rista på hovudet. Bak dei stod heile klassen og stira nysgjerrig på henne og lo. Ella skjønte ingenting. Ho stira på guten i bøttekottet og såg at det ikkje var Bo ho hadde kyssa, men Truls. Unni Lindell

23


STUDER ORDSKYA

Kva trur du teksten handlar om?

Housnein og Fatima

Spørje om sjans: spørje om ein skal vere kjærastar

24

Housnein fekk hjelp av Fatima i fag han ikkje var så god i, som matte og norsk. Og han hjelpte henne i samfunnsfag og engelsk, fag som ho synest var vanskelege. Dessutan hadde dei det morosamt saman. – Vi lo heile tida. Vi har same teite humor og finn på rare historier. Jo meir Housnein var i nærleiken av Fatima, jo sikrare blei han på at kjenslene han hadde, var kjærleik. Men han var usikker på om ho likte han på same måten. Då skolen begynte igjen etter sommarferien og Housnein ikkje hadde sett Fatima på fleire månader, følte han det framleis på same måten. Då bestemte han seg for å gjere noko. Han bad Ahmed, ein klassekamerat, om å spørje om sjans for seg. Ahmed gjekk til Fatima, som var på biblioteket. Housnein stod gøymd i garderoben ved sida av. Han høyrde kvart einaste ord.


– Har Housnein sjans på deg? spurte Ahmed. – Nei, eg har ein kjærast allereie, svarte Fatima. Housnein byrja å fryse. Det var ikkje sånn det skulle vere. Han måtte sette seg for ikkje å falle. Men så … – Nei då, eg berre tulla! Eg svarar ja. Eitt langt sekund. Det er all tida det tar å reise frå helvete til himmelen. Det veit Housnein no. Inni seg jubla han av glede, men sidan han gøymde seg i garderoben, kunne ØV han ikkje sleppe eit gledesbrøl. Mattias Danielsson og Caroline Ginner

Housnein likte Fatima. Han var sikker på at det var kjærleik. Men følte ho det same som han? Dette måtte han finne ut av. Han bad Ahmed spørje om sjans for seg.

25


STUDER ORDSKYA

Kva trur du teksten handlar om?

Om eg berre ikkje hadde tatt feil hund Chihuahua: ein av dei minste hunderasane i verda

Klage: å gi nokon skulda for noko

Noia: panikk

26

Tilda er ei jente som ofte hamnar i trøbbel. Ho elskar dyr, og særleg hundar. Tilda får gå turar med Loppa, den vesle chihuahua-hunden til nabodama, Doris. No skal ho til butikken for å handle for Doris. På vegen ruslar ho naturlegvis forbi huset Hans. Han heiter Axel Bergvall, og Tilda er ikkje berre litt, men VELDIG forelska i han … Utanfor butikken batt eg Loppa til ein lyktestolpe. Ho kikka klagande på meg. Loppa trur nemleg at ho er eit menneske, og skjønnar ikkje kvifor ho ikkje får lov til å vere med overalt. Og så likar ho ikkje å vere aleine. Det tok litt tid i butikken. Både fordi det var kø, og, det viktigaste, fordi Doris hadde lova meg ein tyggis. Eg kunne berre ikkje bestemme meg for om eg var sugen på ein Funny eller Shake. Innimellom får eg ein slags bestemme-meg-noia. Då kan eg stå og berre stire på varene i ein time omtrent. Men denne gongen tok det nok berre eit kvarter. Eg visste jo at Loppa venta på meg.


Eg bestemte meg for ein Dance, betalte og skunda meg ut. Og gjett kva! Ved sykkelstativet stod AXEL! Eg blei heilt forvirra. Eg gjekk rett på eit reklameskilt og putta tyggisen i munnen med papiret på. Etterpå gjekk eg bort og knytte opp det raude bandet til Loppa. Då sa han hei til meg! Eg kunne ikkje tru det var sant. Han såg meg. Han kjende meg att. Sjølv om eg berre går i fjerde! Eg kunne berre nikke, for eg hadde jo tyggisen med papiret på i munnen. Eg ØV kjende at eg blei raud, og skunda meg vidare. «Fin Tilda er forelska i Axel. hund du har!» ropte han Ho går ofte tur med hunden til naboen, Loppa. etter meg. Ein dag er ho i butikken, og Loppa står utanfor. Eg nikka att og drog Då Tilda kjem ut att, blir ho heilt forvirra. litt hardare i bandet. Det Der står Axel. var då eg oppdaga det! Det får henne til å knyte opp bandet til feil hund. Det var då eg oppdaga Ho begynner å gå før ho oppdagar feilen. at det raude bandet ikkje Kva skal ho gjere no? enda i Loppa i det heile, 27


Labrador: ein stor og kraftig hund

28

men derimot i ein stor, svart labrador! Loppa sat att borte ved stolpen og såg snurt ut. Pinleg, pinleg, pinleg! Kva skulle eg gjere? Det beste hadde vel vore å gå tilbake med labradoren. Men det kunne eg berre ikkje. Axel ville tru at eg var heilt dust. Så eg tok eit godt tak i bandet og drog av garde med den vilt framande hunden. Labradoren stritta imot. Eg klappa meg på beinet, plystra og ropte. «Kom då, Buster! Ja, kom då!» Men labradoren kikka berre mistruisk på meg. Etterpå sette han seg på rumpa og hadde ikkje tenkt å røre seg ein millimeter til så lenge det var eg som heldt i bandet. (Ikkje så rart! Han kunne jo ikkje vite at det var han som heitte Buster.) Eg såg at Axel kikka i retning oss, og bad ei rask bønn om at ikkje dei rette eigarane til Buster skulle komme ut frå butikken akkurat då. Eg drog i bandet att, men Buster sat der han sat. Akkurat då panikken kom krypande, hugsa eg at eg hadde lomma full av hundegodteri. Og det kunne heldigvis ikkje eingong Buster motstå. Med godteriet framfor nasen på Buster gjekk eg ein kort tur. Berre rundt kvartalet. Etterpå skulle eg sette Buster tilbake og ta med Loppa i staden. Berre Axel hadde gått sin veg … Men Axel hadde sjølvsagt ikkje gått. I staden kolliderte han med Buster akkurat då vi svinga rundt hjørnet på butikken.


Eg hadde tenkt ut kva eg skulle seie viss eigarane til Buster stod utanfor butikken. Eg hadde tenkt å seie at eg ser svært, svært dårleg … er nesten blind, faktisk. Ikkje heilt lurt kanskje, men kva skulle eg gjere? At vi skulle kollidere med Axel derimot, det hadde eg ikkje førebudd meg på i det heile. «Hei igjen!» sa Axel. «Hei», sa eg, for eg hadde spytta ut både tyggisen og papiret. «Gløymde du noko?» «Eg gløymde …», sa eg og tenkte at no hadde eg sjansen til å gi tilbake Buster utan at det ville verke rart. Men akkurat då kom det ei jente ut av butikken. Ho hadde ein kjærleik på pinne i munnen som ho nesten mista då ho blei ståande og måpe mens ho stira mot lyktestolpen. «… ingenting. Vi må heim!» sa eg og drog opp ein heil neve godteri. Med Buster tett inntil meg sprang eg inn i den første og beste gata og håpa at matmora til Buster ikkje hadde sett oss. Axel sykla ved sida av. «Bur du her?»

29


«Ja», svarte eg og stansa utanfor eit blått hus. «Men … eg trudde du budde i bustadblokka nede ved elva?» «Kom då, Buster! Der bur vi jo ikkje.» Eg drog med meg Buster bort frå det blå huset. Korleis kunne Axel vite kvar eg budde? «Altså, eg bur her i nærleiken, det var det eg meinte», sa eg. Axel heldt fram med å sykle ved sida av oss. Alt var eigentleg nøyaktig sånn som eg hadde drøymt om, viss eg berre hadde hatt med meg gamle, gode Loppa. No verka heimvegen kjempelang. Axel spurde masse om Buster. Jo då. Buster var min hund, berre min. Eg hadde fått han av pappa for tre år sidan. Bla, bla, bla … eg blei raudare og raudare for kvar einaste løgn eg kom med. Og heile tida kikka eg meg bakover etter matmora til Buster. Då vi var framme ved døra mi, sette Axel frå seg sykkelen og bøygde seg ned mot Buster. «Eg skulle også gjerne hatt hund. Men veslebror min er allergisk.» Axel klappa Buster på hovudet. Han verka så lei seg at eg hadde tenkt å fortelje han alt saman. At Buster ikkje var min hund, og at mor mi også er allergisk. Men akkurat då reiste Axel seg opp og smilte. «Men kanskje vi kan gå ut med Buster saman ein gong? Eg kan ta med meg hunden til søskenbarnet mitt. Ho har ein liknande.» For seint! No var det uråd å seie det som det var. «Klart det», sa eg. «Men no må eg gå inn.» Gjennom vindauget i første trappeavsats såg eg Axel trille av stad nedover gata. Korleis skulle eg kunne gi tilbake Buster no? Og stakkars, stakkars Loppa! Ingelin Angerborn

30


Kjærleiksdikt

LYKKE Lykke er en frynset lapp mellom svette hender Fire ord med blyantskrift: Skal vi være venner? Lykke er et bussete på klassetur til Drammen Fire ord med hviskestemme: Skal vi sitte sammen? Lykke er et bjørketre i en skolegård med ord i barken, risset inn som bare du forstår Christian Løchstøer

OFTE NÅR EG SER DEG Ofte når eg ser deg tenkjer eg på om du berre ser meg sånn litt på skrå. Ofte når eg ser deg går eg forbi, nikkar berre luftig til sida di. Ofte når eg ser deg, prikkar det rått frå magen ned i tærne så godt, så godt. Alltid når eg ser deg, tenkjer eg: Å! Sjå på meg og sjå meg, du må, du må! Per Olav Kaldestad

31


HA DET BRA NO eg slengjer ein kyss etter deg og ein til i full fart, og mange DEN NYE den nye jenta i klassen ser berre ned i bøkene og på læraren heile dagen eg har det ikkje travelt etter siste time eg kvesser alle blyantane og knyter skjerfet mitt langsamt den nye jenta i klassen går ut nest sist og eg øver meg på å smile dersom ho snur seg Solfrid Sivertsen

32

til slutt er heile himmelen full av kyssar Oskar Stein Bjørlykke


Hannemone og Hulda Hannemone er havfrue og bur der havet er det blåaste blå. Hulda er hulder og bur der skogen er på sitt grønaste. Hannemone drøymer om å reise til verda langt forbi enden av havet. Hulda speidar etter enden av skogen. Havfruene finn nokon å forelske seg i, mens Hannemone ikkje finn nokon ho vil reise med. Huldrene forelskar seg, mens Huldra ikkje finn nokon som vil bli med bortanfor trea. Hannemone lurer på kva som er gale med hjartet hennar. Hulda klarer ikkje å forelske seg i tømmermennene. 33


«Sjølvsagt er det ikkje noko gale med hjartet ditt», sa sjøhestfrua. «Har du gløymt at det finaste med havfruer er at ingen er like», sa breiflabbfrua. «Du må rett og slett finne deg nokon andre å forelske deg i», sa flyndrefrua. «Ikkje ver uroleg», sa uglehuldra mildt. «Hugs at det finaste med huldrer er alt som gjer oss forskjellige», sa elghuldra. «Den du er forelska i, er nok rett og slett ein annan stad», sa bjørnehuldra. «Men kven skal eg forelske meg i, om det ikkje er ein sjømann?» spurde Hannemone forvirra. «Det veit du ikkje før du plutseleg veit det», sa havfruene. «Kvar i all verda skal eg finne kjærleiken?» undra Hulda. «Det veit du ikkje før du plutseleg veit det», sa huldrene. Hannemone leita i konkyliar og gamle skipsvrak. Under steinar og i frodige tangskogar. Og Hulda leita under stubbar og steinar. Oppi dei største grantrea og nedi dei våtaste myrane.

34


Til slutt hadde ho nådd enden av havet. Skogen blei tynnare og tynnare før ho var heilt borte. Og der trefte Hannemone Hulda. Og Hulda trefte Hannemone. «Du er den raraste havfrua eg nokosinne har sett», sa Hannemone. «Det er nok fordi eg ikkje er ei havfrue, men ei hulder», sa Hulda. «… og kva i all verda er ei havfrue for noko?» Hannemone fortalde Hulda alt ho trong å vite om havfruer, og Hulda fortalde Hannemone alt som er å kunne om huldrer. «Kan du ta meg med til det grøne?» spurde Hannemone håpefullt. «Viss du tar meg med til det blå», sa Hulda.

LES MEIR!

«Eg leita og leita, og plutseleg fann eg deg», sa Hannemone. «Ja, er det ikkje vedunderleg!» svarte Hulda. Jenny Jordahl

35


NG SI

LE

G HØ

T

Ordfabrikken Det finst eit land der menneska nesten ikkje snakkar. Det er landet med den store ordfabrikken. I dette merkelege landet må ein kjøpe orda og svelge dei for å kunne seie dei. Den store ordfabrikken arbeider dag og natt. Orda som kjem ut av maskinene, er like forskjellige som språket. Det finst ord som er meir verde enn andre. Ein seier dei ikkje så ofte om ein ikkje er veldig rik. I landet med den store ordfabrikken kostar det mykje å snakke. Dei som ikkje har pengar, rotar av og til i søppelbøttene. Men orda som er kasta, er ikkje så veldig interessante. Det er mykje luftsuppe og ventebollar. Om våren kan orda kjøpast på sal. Då kan ein få fleire ord ganske billeg. Men ofte har ein ikkje så mykje bruk for dei orda. Kva skal ein gjere med buktalar og rododendron? Det hender ein finn igjen nokre ord i lufta. På sånne dagar spring ungane rundt med sommarfuglnetta sine. Dei 36


er stolte over å kunne seie nokre ord til foreldra sine ved middagsbordet om kvelden. I dag har Filip fanga tre ord i nettet sitt. Han skal ikkje seie dei i kveld, for han vil gøyme dei til ei som betyr veldig mykje for han. I morgon er det bursdagen til Siri. Filip er forelska. Han skulle gjerne ha sagt «Eg elskar deg», men han har ikkje nok pengar i sparebøssa si. Derfor skal han gi henne dei orda han har fanga: «kirsebær, støv, stol». Siri bur i nabohuset. Filip ringer på døra hennar. Han seier ikkje «Hei, korleis går det», for han har ikkje desse orda på lager. I staden smiler han. Siri har ein kirsebærraud kjole. Ho smiler også. Bak henne får Filip auge på Oskar. Oskar er den største fienden hans. Foreldra hans er veldig rike, men det er ikkje derfor Filip hatar han. Oskar smiler ikkje. Han snakkar. Til Siri. «Eg elskar deg av heile mitt hjarte, søte Siri. Seinare skal vi gifte oss. Det er eg sikker på.» 37


«Det der kostar jo ein formue!» tenker Filip. Siri smiler endå. Og Filip veit ikkje kven ho smiler til. Auga til Oskar er fulle av sjølvtillit. «Orda mine er så små!» tenker Filip. Han trekker pusten djupt, og mest av alt tenker han på all kjærleiken han har i hjartet sitt. Så seier han orda han har fanga i nettet. Orda flyg mot Siri: Dei er som edelsteinar. Kirsebær! Støv! Stol! Siri smiler ikkje lenger. Ho ser på han. Ein skulle tru at ho ikkje hadde fleire ord på lager. Ho kjem forsiktig nærare og gir Filip eit mjukt kyss på kinnet. Filip har berre eitt ord att å seie. Han fann det for lenge sidan i ei bossbøtte mellom massevis av luftsuppe og ventebollar. Han likar det ordet kjempegodt. Han har gøymt det til ein stor dag. Og no er den store dagen kommen. Han ser Siri rett inn i auga og seier: «Meir!» Agnès de Lestrade og Valeria Docampo

38


Den store

TIDSR

DETTE HAR SKJEDD: • • • • • • • • •

EISA

Ina, Sam og onkel Ola reiser rundt med ei tidsmaskin. Dei har vore fleire stader og i ulike tidsaldrar. På kvar stad leitar dei etter bokstavar. I Mesopotamia fann dei T E. I Snippen fann dei O L A. I Lyon fann dei M. I Hellas fann dei P. Bokstavane skal setjast saman til eit løysingsord. Klarer dei det, vil dei vinne den nye oppfinninga til Tony Invento.

ØV «Verona i Italia i 1303!» ropar Ina. «Det var året Romeo møtte Julie. Romeo og Julie kom frå familiar som var uvenner. Derfor kunne dei ikkje bli kjærastar.» Ina finn balkongen der Julie stod då Romeo kviskra nydelege dikt til henne. «Er det ikkje romantisk?» seier ho.

39


Den store

TIDSR

EISA

ITALIENSK ROMANTIKK Då tidsmaskina stansar neste gong, er det Ina som vaknar først. Ho susar fram i setet. «Verona!» roper Ina. «1303! Det er utruleg!» Onkel Ola gnir seg i auga. «Kva er så fantastisk med det?» gjespar han. «Det var året då Romeo møtte Julie», svarar Ina. Stjerner glitrar i auga hennar. «Det skjedde nettopp i Verona, den vakraste av alle dei italienske byane!»

40


«Jaså», seier onkel Ola. «Så vi skal sjå nærmare på sjølvaste kjærleiken no, då.» «Det er nettopp det vi skal!» seier Ina og klikkar seg ut av setebeltet. * Nokre minutt seinare vandrar dei langs gatene i Verona. «Kva er så spesielt med historia om Romeo og Julie?» spør Sam. Ina sukkar og får eit underleg uttrykk i auga att. «Familiane til Romeo og Julie var uvenner. Derfor ville aldri familien til Julie ha godtatt at Julie og Romeo blei kjærastar. Men kjærleiken er sterk, Sam. Julie måtte ha Romeo, same kva. Ho berre visste det inni heile seg. Det er det som er så … nydeleg.» Ina hentar fram eit lommetørkle. Ho tørkar seg i augekroken. Deretter smiler ho forsiktig til Sam. Sam raudnar. Han veit ikkje korleis det er å vere forelska. Han har aldri vore det. Eller?

41


Han kikkar mot Ina. Ho ser ein annan veg no, opp mot ein liten balkong inne i eit gatesmau. «Der stod Romeo og kviskra dei nydelegaste dikta til Julie», smiler Ina. «Er det ikkje romantisk?» Sam følger på si side ikkje med lenger. Han har fått auge på noko. Kan det verkeleg vere …? «Eg trur eg veit kva den neste bokstaven er», seier han. «Til løysingsordet?» seier onkel Ola. «Kva då?» «R!» seier Sam. «Sjå! Det står rissa inn ein stor R på balkongen til Julie.» Ina strålar: «R for Romeo!» 42


Ho gir Sam eit kyss på kinnet. Sam raudnar att. «Eg visste det, Sam!» smiler Ina. «Du er faktisk litt romantisk, når alt kjem til alt.»

Romantisk: ein som er oppteken av kjærleik og forelsking

43


1

Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland

Lesebok 4B

Nynorsk

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 4B I denne boka følger vi Sam og Ina på ei spennande reise i tid og rom. Undervegs støyter dei på historiske menneske og havnar i situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring.

NYNORSK

Kvart kapittel opnar med ein introduksjon av temaet og ein lese­ strategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing. Med kvart tema følger eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad henta frå den nyaste barnelitteraturen og frå kjende klassikarar.

Ordriket Lesebok 4B

1–7

Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 4B. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03825-8

73)

Ordriket 4B Lesebok bm og nn.indd 2

25.08.2021 12:54