Issuu on Google+


1

Namn: Ole Torbjørn Holmedal Stad: Utåker Tel: 93027493 E-post: ole.torbjorn@holmedal.com Område: Næringsutvikling, arealplanlegging, samferdsle

2

Namn: Elisabeth E. Tharaldsen Stad: Valen Tel: 97101079 E-post: ethara@knett.no Område: Samferdsle, oppvekst, kultur og idrett

3

Namn: Eskil Moen Stad: Uskedalen Tel: 99446602 E-post: eskil@fpu.no Område: Helse og omsorg, skule, skatt og avgift

4

Namn: Thorleif J. Hellesøy Stad: Løfallstrand Tel: 90580795 E-post: thorleif@hv.no Område: Eldreomsorg, samferdsle, næringsutvikling

5

Namn: Sigmund Nordfonn Stad: Sunde Tel: 98409868 E-post: sigmnord@ motordeler.com Område: Næringsutvikling, omsorg, betre forvaltning av felleskapet sine midlar

6

Namn: Kjetil Johansen Stad: Husnes Tel: 93441790 E-post: kjetilrj@online.no Område: Helse og omsorg, rusomsorg

HELSE, OMSORG OG MILJØ

Ei av primæroppgåvene til kommunen er pleie- og omsorgstenester til innbyggjarane våre. I Kvinnherad har vi ein desentralisert struktur for desse tenestene og Framstegspartiet ønskjer å leggja til rette for at kommunen skal levera tenester til alle som treng det – når dei treng det. Vi vil difor setja i verk følgjande tiltak den neste 4-årsperioden:

FRAMSTEGSPARTIET VIL:

»»Oppretthalda eksisterande sjukeheimar og institusjonar. »»Gje alle brukarar av kommunale tenester rett til å ta del i utarbeiding av eige tenestenivå. »»Sikra brukarar av kommunale tenester ein reell valfridom mellom ulike tilbydarar, og vera positive til samarbeid med private og ideelle organisasjonar. »»Oppretta omsorgs- og brukarombod, sentralt tildelingskontor og eit vikarkontor på tvers av sonene. »»Utvida omsorgslønsordninga, auka satsane og styrkja rehabiliteringstenestene. »»Byggja ut Rosendalstunet og syta for full drift etter opphavlege planar, byggja ut Husnestunet med 30 plassar og byggja om Tofte skule til omsorgsbustader. »»Tilsetja fleire aktivitørar for å styrkja aktivitetstilbodet til dei eldre. »»Gje tilbod om heil stilling til alle som arbeidar ufrivillig deltid. »»Tilsetja rusomsorgskoordinator i kommunen og etablera eit døgnbemanna lågterskeltilbod for rusavhengige.


7

Namn: Aslak Mikkelsen Stad: Sunde Tel: 47865050 E-post: aslak.mikkelsen@ vest-consult.no Område: Skule, forvaltning, samferdsle

»»Samarbeida med Vekstbedrift Kvinnherad (AFA) og næringslivet om oppretting av lågterskel jobbtilbod. »»Innføra ordning med oppsøkjande sjukepleiar for alle over 70 år i kommunen, for å avklara eit mogleg hjelpebehov. »»Etablera bufelleskap for eldre pleietrengande med aktivitetstilbod og matservering, samt flytta heimetenestene sin base dit. »»Sjå på alternative bygningsmessige tilpassingar og driftsformar for å auka kvaliteten og effektiviteten på kommunale tenester. Brukaren skal stå i fokus! »»Sikra at det er behovet for pleie som utløyser tenester frå kommunen, og ikkje den einskilde sona sin budsjettsituasjon. »»Auka legedekkinga og jobba for etablering av fleire apotek i kommunen. »»Satsa på vassboren varme i nye offentlege bygg og utnytta dei moglegheiter som vi har innan fjernvarme. »»Satsa på energiøkonomisering i offentlege bygg. »» Innføra eit kvalitetssikringssystem i pleie- og omsorg for å sikra best mogleg kvalitet på tenestene, registre avvik og god oppfølgjing av desse

8

Namn: Bente G. Lorentzen Stad: Herøysund Tel: 41314434 E-post: benteglorentzen@ gmail.com Område: Multikultur, barnevern, skule

9

Namn: Ove Lemicka Stad: Sunde Tel: 90923464 E-post: post@sundeprosjekt. no Område: Utvikling, økonomistyring, prioritering av kjerneoppgaver

10

Namn: Lars Kåre Sjo Stad: Sæbøvik Tel: 99450050 E-post: wavelarssto@knett.no Område: Samferdsle, kommunikasjon, næringsutvikling

11

Namn: Trond Nedrevaag Stad: Uskedalen Tel: 40079151 E-post: trond@vestlan.com Område: Aktivitetar for born og unge, samferdsle

12

Namn: Kai Morten Torget Stad: Husnes Tel: 94037035 E-post: kai_morten@vestlan. com Område: Samferdsel, næringsutvikling, skatt og avgift


13

Namn: Jan Morten Snilstveit Stad: Uskedalen

14

Namn: Heidi Åkre Stad: Dimmelsvik

15

Namn: Geir Inge Sjo Stad: Sæbøvik

16

Namn: Reidar Henriksen Stad: Valen

17

Namn: Johannes Hjorthaug Stad: Hatlestrand

18

Namn: Kari F. Blokhus Stad: Husnes

SAMFERDSLE, NÆRINGSLIV OG AREALFORVALTNING

God kommunikasjon internt i kommunen og til/frå omverda, er svært viktig for at Kvinnherad skal vera ein attraktiv vekstkommune, å flytta til, å bu i og driva næring i. Framstegspartiet ønskjer i den komande 4-årsperioden å prioritera trafikksikring, kommunikasjon, utarbeiding av reguleringsplanar og opprusting av vegar.

FRAMSTEGSPARTIET VIL:

»»At Kvinnherad kommune skal vera ein JA-kommune. »»Setja i verk trafikksikring i Herøysundet og på Sunde, samt ferdigstilla prosjekt på Halsnøy og Sandvoll. »»Starta arbeidet med oppgradering av Opsangervegen i 2012. »»Utbetra Lundssvingane i Dimmelsvik. »»Arbeida for at Fjelbergsambandet blir realisert. »»Utarbeida reguleringsplan for FV 48, med mål om gul stripe på hovudvegen i Kvinnherad. »»Planleggja og jobba for å flytta FV 48 bak busetnaden på Løfallstrand. »»Støtta arbeidet med Haukelibanen og Ekspressvegen E134. »»Støtta arbeidet med tunnel frå Skånevik til Etne. »»Utgreia fastlandssamband mellom Varaldsøy og Mundheim.


19

Namn: Inge Johansen Stad: Halsnøy Kloster

20

»»Styrkja kulturlandskapet og fjerna dei grøne tunnellane. »»Rask realisering av nytt ferjestø på Skjelnesodden (Varaldsøy). »»Arbeida for ein raskast mogleg trasé til E39, både i sør mot Stord og i nord mot indre trasé av Kyststamvegen.

Namn: Stian Ersland Stad: Valen

»»Arbeida for at snøggbåtane til og frå Kvinnherad skal ha høgast mogleg frekvens, og kortast mogleg reisetid til Bergen og Stavanger. »»Sikra tilstrekkeleg byggjeklart næringsareal og bustadareal i heile kommunen. »»Fjerna den nyinnførte eigedomsskatten så langt det er mogleg etter lova.

Navn: Reidun Sjo Sted: Sæbøvik

»»Leggja til rette for nok friområde i heile kommunen. »»

22

Behalda Kvinnherad Energi, og utvikla selskapet vidare. »»Sikra at alle får høve til å konkurrera om offentlege oppdrag og innkjøp. »»Tilretteleggja for gründarar og auka bruken av offentleg/ privat samarbeid.

21

Namn: Erik Lemicka Stad: Husnes

»»Betra forholda for turistnæringa i Kvinnherad kommune, og auka marknadsføringa i Noreg og utlandet.

23

»»Tillata sal og servering av mat og drikke så lenge lova opnar for det.

Namn: Inger Johanne Opsanger Stad: Husnes

Namn: Per Bråtun Stad: Rosendal

24


25

OPPVEKST, KULTUR OG IDRETT

26

FRAMSTEGSPARTIET VIL:

Namn: Randi Edland Bringedal Stad: Herøysundet

Namn: Jan Kjærevik Stad: Varaldsøy

27

Namn: Gjert Inge Søllesvik Stad: Dimmelsvik

28

Namn: Inger Kristine Holmedal Handeland Stad: Utåker

29

Namn: Eirik Kvåle Stad: Husnes

30

Namn: Ove Herman Romslo Stad: Rosendal

31

Namn: Per Pedersen Stad: Herøysundet

Trygge rammer for oppvekst, eit rikt kulturliv og levande bygder, er stikkord for ei god samfunnsutvikling i Kvinnherad. Framstegspartiet vil ha gode oppvekstmiljø i alle bygder og eit samfunn som skapar arena for utvikling hjå alle.

»»At skulestrukturen ikkje skal endrast i perioden, utan initiativ frå foreldra. »»Ha tilbod om ungdomssenter på Husnes, Halsnøy og i Rosendal. »»Auka talet på utekontaktar og ungdomsarbeidarar. »»Byggja ny barneskule på Husnes, med kombinert symje- og idrettshall. »»Satsa på alternativ pedagogikk i grunnskulen, med undervisning utanfor klasserom for elevar som treng anna opplæring, samt styrkja samarbeidet mellom skule og næringsliv. »»Styrkja realfagundervisninga i grunnskulen og auka bruken av IKT. »»Satsa offensivt på etter- og vidareutdanning av lærarar. »»Ta initiativ til å gjennoppretta høgskuleutdanning i Kvinnherad. »»Realisera planane om motorsportsenter, i samarbeid med private innskytarar. »»Fokusera på kultur for barn og unge. »»Auka idrettshall-kapasiteten i kommunen og byggja fleire ballbingar. »»Setja av ein million kroner per år, som bygdelaga kan søkja om til trivselstiltak (”Frivillighetsmillionen”). »»Framleis ha desentralisert kulturskule.


ADMINISTRASJON OG SOSIALE TENESTER Kvinnherad skal vera ein moderne kommune, som skal levera gode tenester til innbyggjarane og ha ei effektiv forvaltning. Framstegspartiet vil redusera byråkratiet og effektivisera tenesteproduksjonen.

32

Namn: Lars Gunnar Bjelland Stad: Husnes

33

FRAMSTEGSPARTIET VIL:

»» Vera garantisten for at den nyleg innførde eigedomsskatten for hytter og hus blir fjerna, samt redusera øvrige avgifter til sjølvkost »»

Investera i fornya brannvernmateriell i bygdene

»»

Styrkja Husnes som regionsenter.

»»Etablera eit kommunalt eigedomsselskap, som skal ha ansvaret for å forvalta og eventuelt avhenda kommunal eigedom, som ikkje er nødvendig å eiga. »»Betra vedlikehaldet av kommunale bygg. »»Innføra og handheva ein tre-dagars frist for kommunen til å svara på skriftlege førespurnader frå innbyggjarane. »»Redusera sakshandsamingstida i kommunen til maksimum fire veker, som òg skal vera hovudregelen før politisk handsaming. »»Innføra ordning med arbeid for sosialhjelp og organisera tiltaksplassar i kommunal regi. »»At rådmann, kommunalsjefar og verksemdleiarar skal tilsetjast på åremål, og flytta makt frå rådmannen tilbake til dei folkevalte. »»Investera i materiell, verktøy og utstyr, som kan letta kvardagen for dei tilsette. »»Ikkje seia nokon opp ved eventuell omorganisering av den kommunale verksemda. »»Respektera og styrka eigedomsretten til innbyggjarane våre.

Namn: Svein Arne Holmedal Stad: Sandvoll

34

Namn: Lise Marie Hj. Olsen Stad: Husnes

35

Namn: Åge Aakre Stad: Herøysundet

36

Navn: Per Arne Bringedal Stad: Herøysundet

»»Revidera alle kommunedelplanane.

37

Namn: Kjell Henning Sjo Stad: Sæbøvik


Eskil Moen 3. kandidat

Elisabeth Eide Tharalds en 2. kandidat al Ole Torbjørn Holmed at did Ordførarkan

Gode veljarar! Eit livskraftig samfunn treng ein moderne og effektiv kommunikasjon – både innan og til/frå kommunen. Me treng tenlege ruter med både tidlege og seine avgangar både på ferje, snøggbåt og buss, som gjer oss muligheita til å reisa effektivt og nytta korresponderande transportmidlar. Staten og fylkeskommunen fordelar ruter og økonomiske midlar, og ei av mine viktige oppgåver blir å få meir av desse til Kvinnherad. For mange i vår kommune betyr snøggbåten like mykje som bussen i byane. Snøggbåten er bussen vår! Eg vil prioritera å få sett i gang trafikksikring i Herøysund snarast råd. Eg er oppteken av elevane sin skulekvardag. Spesielt dei elevane som treng tilpassa opplæring, enten fordi dei er spesielt flinke og treng fleire utfordringar, eller fordi dei slit med skulekvardagen og treng alternative læringsarena. Kvinnherad har nokre slike tilbod i dag, men eg ønskjer at langt fleire skal få nytta seg av tilpassa opplæring i praksis. Eg er også oppteken av lærarane sine vilkår, og vil jobba for at dei til ei kvar tid er så oppdaterte som mogleg. Kommunen skal òg leggja til rette for vidareutdanning og kursing.

Gode veljarar! Denne tida, no fram til valet er dei fleste opptekne av politikk. På kaféar, handlesenter og i heimane blir dei fleste tema tekne opp. Eg ønskjer forandring i Kvinnherad og stiller difor til val som ordførarkandidat for Framstegspartiet. Med erfaring frå kommunestyret sidan 1995 og mange år i formannskap og andre utval, har eg god røynsle frå politikken og djup innsikt i dei politiske og administrative prosessane. Eg har også erfaring frå privat næringsliv. Eg ønskjer å arbeida for vekst i heile Kvinnherad og styrkja samhaldet. Saman skal me leggja grunnlaget for ein moderne kommune med vekst og utvikling. Me skal få eit meir ope samfunn og satsa på dei unike bygdene sine kvalitetar. Husnes, som eit naturleg regionsenter, i tillegg til funksjonen som skule-, handels- og idrettssenter. Rosendal skal vera reiselivsfyrtårnet i Kvinnherad, medan Halsnøy er vekstområde for næring og busetnad. Me skal heller ikkje gløyma dei andre bygdene, og vil difor jobba for å styrkja dei verdifulle kvalitetane me har. Dette betyr ikkje at alle bygder skal få alt, men at me skal tilpassa satsinga til kvar einskild stad.

Godt val!

Gode velgere! Jeg er lei av politikere som ser på antall kroner brukt, som et måltall på kvalitet. Vi må slutte å kaste penger på problemer, og håpe at de forsvinner av seg selv. Hvis medisinen du får av legen din gjør deg sykere, hjelper det helt sikkert ikke å ta enda mer av samme medisin. Da må medisinen skiftes ut. I likhet med at Norge er et godt land å bo i, er Kvinnherad kommune en god kommune å leve i. Slik er det for de aller fleste av våre vel 13.200 innbyggere. Men det er ikke det store flertallet som har det veldig godt, jeg er opptatt av. Det er ikke de som trekker opp levekårsundersøkelsene, men de som trekker dem ned. De av våre foreldre og besteforeldre som ikke får omsorgsbolig når de trenger det, eller som ikke får plass på institusjon når behovet melder seg. De av våre yngste, som gruer seg til å gå på skolen og møte mobberne, eller som får ødelagt utdanningen sin på grunn av dårlig inneklima, læremateriell eller oppfølging. De småbarnsfamiliene som ikke har råd til å dra på ferie, fordi eiendomsskatten har gjort et for stort innhogg i familiebudsjettet. Dette er noen av de jeg vil jobbe for som folkevalgt.


Kvinnherad FrP 2011-2015