Issuu on Google+

Side 5

Grenda Laurdag 10. september 2011

Husnestunet:

Dramatiske konsekvensar Dokument som ikkje er delte ut til politikarane eller offentleggjorde på kommunen si postliste, fortel om dramatiske konsekvensar ved nedbemanning på Husnestunet. Formannskapet skal i møtet komande torsdag diskutera organiseringa av pleie og omsorg, demensavdelingar og rehabiliteringsavdelingar. Rådmannen innstiller på at alle sjukeheimane skal ha lik såkalla pleiefaktor (tal pasientar delt på tal årsverk knytt til avdelinga) for like pasientgrupper, noko som får følgjande konsekvensar: * Korttids-/rehabiliteringsavdelingane: Vel fem stillingar mindre fordelt på Halsnøy, Rosendal, Varaldsøy og Ølve. * Demensavdelingane: Vel fem stillingar mindre fordelt på Rosendal, Husnes, Varaldsøy og Ølve. Konsekvensar for langtidsavdelingane er ikkje avklart enno. Reduksjonane skal skje ved naturleg avgang eller ved omplasseringar. Dei skriftlege reaksjonane frå Husnestunet følgde ikkje sakspapira, trass i at det vert fremja klare åtvaringar mot å gjera kutt. Men Framstegspartiet sin ordførarkandidat Ole Torbjørn Holmedal har klart å få tak i rapportane, og presenterte dei på eldrerådet/Søral-pensjonistane sitt valmøte torsdag kveld.

Ikkje toalett ved behov

Eine kommentaren er frå Husnestunet sin verksemdsleiar Sigurd Næss. I e-post 16.

august til kommunalsjef Gunn Tove Petterteig, ramsar han opp ulike problem ved nedbemanning. – Den største hindringa vår til effektivisering er dei fysiske tilhøva i sjukeheimen, mellom anna med for tronge bad. Vi har føreslått tiltak gjennom fleire år utan å nå fram med dette. Dermed er vi i ein situasjon der vi har endra på organiseringa, snudd på rutinar. Samarbeidet på tvers av gruppene er godt – alle hjelper til der dei kan og når dei kan, og likevel går det akkurat rundt med dei ressursane vi bruker i dag, skriv han. Næss meiner reduksjon av ressursar på langtidsavdelinga vil føra til fleire brot på kvalitetsforskrifta: * Pasientane vil ikkje få gå på toalettet ved behov. * Pasientane vert fråteken

høve til å ivareta eigenomsorg. * Pasientane får for dårleg munnhygiene. * Pasientane får uønska sengeopphald. * Pasientane vil ikkje få nok tid og ro til å eta. I tillegg fryktar verksemdsleiaren at auke i arbeidspresset vil føra til ein kraftig auke i sjukefråveret.

Tidspress og sjukdom

I rapporten frå langtidsavdelinga Gruppe 5, forfatta av gruppeleiar Ragnhild K. Haga, vert det fortald om ein svært krevjande situasjon. – Vi hadde mange avvik på avdelinga sist haust, det gjekk på tidspress og personalet var veldig slitne. Det var òg eigenmeldingar der personale var sjuke pga det var for travelt på jobb. I tillegg var det eit problem å få tak i vikarar, for dei

fleste takka nei, dei orka ikkje for det var for travelt på vår avdeling, opplyser ho. Må avdelinga ned til grunnbemanning, vil det medføra at pasientane berre får tilbod om dusj kvar 14. dag eller sjeldnare. Pasientane får heller ikkje gå på toalettet ved behov, men må venta til personalet har anledning. – Eg har vore gjennom nedskjeringar før, og det har enda med at ein kjem tilbake til utgangspunktet etter ei stund, då ein nok ein gong ser at det ikkje går med mindre bemanning. Ein har berre utsett pasientar og personale for ei belasting dei kunne vore forutan, konkluderer ho.

manning vil føra til auka bruk av medisinar på pasientane, auka uro, meir bruk av tvang, låste dørar, auka fallrisiko, mindre tid til oppfølging av mat og drikke, fleire tilfelle av depresjon, med meir. – Forskrifta om Verdig eldreomsorg har som formål å sikre at eldreomsorga vert tilrettelagt på ein slik måte at det bidreg til ei verdig, trygg og meiningsfull eldreomsorg. Om ein reduserer på personalet i Gruppe 2, er eg redd vi ikkje kan klara å ivareta desse krava, skriv ho i sin rapport. Husnestunet jobbar no med å laga ei endeleg konsekvensvurdering. Den skal vera ferdig om cirka to veker.

Meir depresjon

Demensavdelinga, Gruppe 2, ved gruppeleiar Siv. K. Handeland, ser for seg at nedbe-

Morten Nygård morten@grenda.no

– Rådmannen må gå Ole Torbjørn Holmedal er rysta over nedbemanningsforslaget, og ikkje minst over rådmannen sin framgangsmåte.

for å få tak i dei, det har ikkje vore nokon dans på roser. Rapportane skulle vore lagt fram for politikarane, då dei er svært viktig grunnlagsmateriell. Rådmannen har nekta for at rapportane eksisterte, heilt fram til denne veka. Dette viser ein forakt for politikarane. Diverre er ikkje den politiske leiinga sterk nok til å tøyla rådmannen, han har fått altfor mykje makt. Vi treng ei grundig opprydding i administrasjonen, melder han. Holmedal fryktar det er mange brev som aldri blir gjort kjent via postlista, og viser til to andre brev om Husnestunet. Utifrå vanleg praksis skul-

I kommunestyremøtet førre torsdag gjekk Ole Torbjørn Holmedal (Frp) på talarstolen og etterlyste rapportane frå Husnestunet. Ordførar Synnøve Solbakken svara at ho ikkje kjende til dokumenta, men ville sjølvsagt leggja dei fram dersom ho fekk dei. No har Holmedal fått tak i dokumenta via andre kanalar. – Eg har måtta jobba hardt

le dei vore på postlista seinast 4. september, men vart fyrst lagt ut torsdag denne veka. – Det var fyrst då eg byrja å nøsta i dette, at breva vart lagt ut, seier han. Han meiner rådmannen ikkje kan halda fram. – Kommunikasjonsregimet til rådmannen er heilt uhaldbart, vi kan ikkje ha det slik i Kvinnherad. Han spreier frykt, tilsette i Kvinnherad kommune vert truga til å halda kjeft, og mange tillitsvalde er regelrett redde for represaliar. Han må definitivt vurdera si stilling. Om han ikkje gjer det – må vi politikarane gjera det.

Ole Torbjørn Holmedal (Frp) meiner at rådmannen har halde viktig informasjon frå politikar-ane, og bør vurdera stillinga si.

Avviser påstandane frå Holmedal

Ville ha meir informasjon

Rådmann Trond Sætereng seier han sikkert kan forbetra seg, men ser elles ingen grunn til å vurdera stillinga si.

Saka var òg oppe i formannskapet 25. august. Men då vart det fleirtal for å utsetja i påvente av meir informasjon.

Rådmann Trond Sætereng ser ingen grunn til å trekkja seg. (Arkivfoto).

Rådmannen meiner konsekvensvurderingane frå Husnestunet ikkje har noko på postlista å gjera. – Eg antar Gunn Tove Petterteig har oppfatta desse som interne arbeidsdokument. Min spontane reaksjon er derfor at dokumenta ikkje treng vera på postlista, seier han. Om dei to andre breva, som Holmedal hevdar fyrst vart lagt ut etter press, seier rådmannen: – Det kjenner eg ikkje til i det heile tatt. Men det vil ikkje vera eineståande at eitt og anna dokument vert gløymt. Det er vanskeleg å unngå feil med tanke på den store mengda post kommunen får. – Er du ein rådmann som spreier frykt? – Kanskje er det nokon

som bør lesa resultata frå tilsettundersøkingane, der kjem det ikkje fram noko slikt, snarare det motsette. Det er ingenting som tyder på at folk er redde for å ta opp ting, hevdar han. Sætereng har ingen umiddelbare planar om å vurdera stillinga si. – Sjølvsagt er det kommunestyret som til ei kvar tid må vurdera om rådmannen gjer ein god jobb. Eg er korkje uoppseieleg eller uforbederleg. Utspelet frå Ole Torbjørn Holmedal bryr eg meg ikkje om, derimot vil det stilla seg annleis viss kommunestyret ynskjer at eg skal vurdera stillinga. Men eg har aldri fått noko tilbakemelding i den retning, seier han.

På dette møtet forklarte kommunalsjef Gunn Tove Petterteig litt om prosessen. – Det vi har gjort no, er at vi seier at når det er så og så mange pasientar, då skal det vera så mange tilsette på jobb. Dette er måten vi kan gjera det på, viss vi ikkje skal gjera noko med strukturen, sa ho. Men fleirtalet av politikarane var ikkje overtydde, og det vart fremja forslag om utsetjing. – Eg er ikkje viljug til å stemme for før eg får meir informasjon. Kanskje burde formannskapet også ha besøkt

ei demensavdeling, sa Bjarne Berge (H). Synnøve Handeland (V) og Otto Benjaminson (KrF) var dei ivrigaste talspersonane for å behandla saka, og hevda at utsetjingsframlegget var eit forsøk på å unngå å ta upopulære avgjersler like før valet. På spørsmål om moglege konsekvensar ved å utsetja saka, svara Petterteig at Husnestunet slit med å halda budsjettet sitt, og at ei utsetjing vil gjera det enda vanskelegare å nå budsjettmåla. Ordførar Synnøve Solbakken opplyste at viss det vart fleirtal for utsetjing, ville formannskapet bli kalla inn til eit ekstra møte. Det er det som no er sett opp i neste veke, då det vart 6-3 for utsetjing førre gong. Møtestad er Husnestunet.


Grendas omtale av saken