Page 1

VERSJON

B RU K A R -

20 14 R ET T L EI I N G Kontakt-, teknisk og fakturainformasjon


Velkomen som kunde FYRST AV ALT eg takke for at Du har valt Enivest som leverandør og ynskjer deg velkomen som kunde. EINVEST SIN VISJON er å være den viktigaste breibandsleverandøren i Sogn og Fjordane – oftast uttrykt gjennom valspråket vårt – breiband i Sogn og Fjordane. VI ER GLADE OVER å ha medverka til at breibandstilbodet er kome så langt som det er i dag. Ved utgongen av 2009 har over 99 prosent av alle husstandar og verksemder i Sogn og Fjordane tilbod om breiband. Det er på likt nivå med resten av landet. VÅR SATSING på innhald ser du gjennom fibersatsinga vår, der mellom anna digitale teneste som TV og video er sentrale element. Anna nyhende er tilgong til sikker lagring gjennom vårt nye produkt Enivest Sikker Lagring. VI SKAL LEVERE minst like gode produkt som våre konkurrentar, med den ekstra fordel at vi også har ein nærleik til deg som kunde. Ein nærleik som forpliktar. Vi skal være tilgjengleg, og til å prate med. I tillegg vil du oppleve at vi er ein bidragsyter til kultur, idrett, organisasjonar og anna frivillig arbeid i lokalsamfunnet. VI ER SIKRE PÅ at alle i framtidsfylket Sogn og Fjordane er levande opptekne av at vi har gode bygde- og bysamfunn. Enivest er fylket sin eigen tilretteleggjar for framtidas digitale infrastruktur. Vi meiner det er ein viktig del av eit moderne samfunn, som skal være med å leggje grunnlag for vekst, kreativitet, trivsel og glede. I DENNE BRUKARRETTLEIINGA vil du finne omfattande innhald om ditt nye produkt. Treng du rettleiing utover det som du finn i dette hefte eller på våre nettsider, er du velkommen til å ta kontakt med vårt kundesenter. HÅPER DU VERT FORNØGD med ditt nye produkt og Enivest som din leverandør Lukke til!


ENIVEST ER Nær Enivest er forankra i Sogn og Fjordane; vi som arbeider og eig verksemda kjem frå og bur i fylket. Denne lokale forankringa gjer oss til ein engasjert og viktig aktør for positiv samfunnsutvikling i Sogn og Fjordane.

Innovativ Enivest har unge, kompetente og omstillingsdyktige menneske i sin organisasjon. Vår lokale forankring og sterke eigarar, gir oss engasjement og kapasitet til å vere ein innovativ pådrivar for samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane.

Sterk Enivest er eigd av lokale E-verk og byggjer moderne innfrastruktur for IT-kommunikasjon over heile Sogn og Fjordane. Dette gjer oss til ein sterk og langsiktig partnar for folk og næringsliv i fylket.


INNHALD KOM I GANG - generelt for alle Enivest kundar ..........................6 Kundeservice og hjelp ..................................................................................6 Kva hjelper vi deg med? ..............................................................................7 Andre spørsmål ...........................................................................................7 Faktura ..........................................................................................................7 Endring av abonnement ...............................................................................8 Gode råd og tips ...........................................................................................8 Dine inkluderte tenester .............................................................................10 E-post .......................................................................................................10 Sikkerheit ..................................................................................................10 Enivest Sikker Lagring, ...............................................................................10 Antivirus og spamfilter, Barnepornofilter Enivest Trådlaus Sone (Hotspot) ................................................................11 Mi Side.......................................................................................................11 Oppsett av datamaskin ..............................................................................12 Programvare på datamaskin.......................................................................12 Innstillingar på datamaskin .........................................................................13 Windows Vista ..........................................................................................14 Windows XP .............................................................................................16 Mac OS X .................................................................................................18 Oppsett av trådlaust nettverk ....................................................................19 Sende og ta imot e-post ............................................................................20 Enivest e-post ...........................................................................................20 Oppsett av e-postkonto på datamaskina di ...............................................20 Oppsett av e-postkonto for Windows Mail (Vista) ......................................20 Oppsett av e-postkonto for Microsoft Outlook ...........................................22 Oppsett av e-postkonto for mail på Mac OS X ..........................................24 Dei mest vanlege årsakene til feilmelding ved sending/mottak av e-post ...26 FIBER ........................................................................................................28 Levering av Fiber ........................................................................................28 Installasjon av PC, TV og Telefon ..............................................................28 Aktivering av tenestene ..............................................................................29 Feilsøk .........................................................................................................29 Digital-TV ....................................................................................................30 Dette får du med digital-TV frå GET ............................................................30 Underhaldande og varierte kanalpakkar ..................................................... 30 Elektronisk programguide (EPG) .................................................................30


Get filmleige ................................................................................................30 Ta opp, pause, spole ..................................................................................30 Installasjon av Digital TV ............................................................................31 Feilsøk ..........................................................................................................31

ADSL/ VDSL ...........................................................................................32 Før du byrjar ...............................................................................................32 Når må du ha montør? ..............................................................................32 Når anbefalar vi montør? ...........................................................................32 Installasjonsrettleiing: - abonnentar med ISDN ............................................................................33 - abonnentar med ein enkelt analog telefon (ikkje ISDN) .............................34 - abonnentar med fleire analoge telefonar ..................................................35 - abonnentar utan fasttelefon ....................................................................36 SHDSL .........................................................................................................37 Feilsøk .........................................................................................................37 Oppsett av e-post konto for iPhone (IOS6) ................................................38

RADIO .......................................................................................................40 Installasjon av radio ...................................................................................40 Feilsøk .........................................................................................................40

BREIBANDSTELEFONI ......................................................................42 Breibandstelefoni .......................................................................................42 Overgang til breibandstelefoni ...................................................................42 Tenester tilgjengeleg for breibandstelefoni .................................................42 Installasjon av breibandstelefoni ................................................................43 Feilsøk ......................................................................................................43 Tryggleik på internett ..................................................................................43 Foreldre og born på internett ......................................................................43

MOBILT BREIBAND ............................................................................44 Installasjon av Mobilt breiband ...................................................................44 Feilsøk ......................................................................................................45

ANNA INFORMASJON ........................................................................46 Få full nytte av ditt nye breiband ...............................................................46 Kontaktinformasjon ....................................................................................47


KOM I GANG

For å ha mest mulig glede med ditt nye abonnement frå Enivest anbefalar vi at du tek deg tid til å lese gjennom brukarrettleiinga. Her har vi samla all informasjon som er viktig for deg for å kome i gang og kunne få full nytte av abonnementet ditt, anten du har fiber, ADSL, radio, breibandstelefoni eller digital TV frå GET. Brosjyren er inndelt i fargekodar så du lett kan finne fram. I den første delen som er merka grønt finn du generell informasjon, deretter finn du spesifikk informasjon om dei forskjellige løysingane vi tilbyr. Fiber og digital-TV er merka svart, ADSL, Radio,VDSL, mobilt breiband og breibandstelefoni er merka med orange. Til sist i brosjyren vil du finne ein installasjonsguide vedlagt. Her finn du sjekkliste for det utstyret du får med i pakken frå Enivest. I installasjonsguiden finn du og teknisk informasjon om modemet og oppkopling. Vi ynskjer deg lykke til med ditt nye breibandsabonnement frå Enivest, din lokale leverandør.

KUNDESERVICE OG HJELP Enivest kundeservice er tilgjengeleg på telefon og e-post. E-post: kundeservice@enivest.no Telefon: 57 00 91 00 | 57 00 91 30 For å gjere det enkelt for deg å få rask og effektiv hjelp kan du dessutan nytte spesialtilpassa kontaktskjema som du finn på heimesida http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/ Enivest AS er lokalisert med hovudkontor i Førde og avdelingskontor på Sandane. Hovudkontor - Førde Firdavegen 5 Postboks 123 6801 Førde Avdelingskontor - Sandane Bukta Postboks 238 6821 Sandane Opningstider Kundeservice: Måndag – fredag kl 08.00–18.00 Kundemottaket har opningstid: Måndag – fredag kl 08.00–16.00

Enivest kundeservice er opent for alle henvendingar i kjernetida frå 08:00 til 16.00, og tek imot bestillingar og feilmeldingar av internett, TV og telefon fram til 18.00. 6


Kva hjelper vi deg med? Enivest vil hjelpe deg med følgjande: • Installering av modem • Tilkopling til Internett • Oppsett av e-postkonto • Fakturaspørsmål • Informasjon om våre produkt og tenester

Andre spørsmål Dersom du treng hjelp til å løyse vanlige dataproblem anbefalar vi deg å ta kontakt med din PC-leverandør. Dette kan vere problem som: • Antivirus og brannmur • Nettverk • Trådlaust • Skjerm • Skrivarar • Skannar • Programvare med meir Dette er ting Enivest kundeservice normalt ikkje kan hjelpe deg med, men som din dataforhandlarar i mange tilfeller kan yte hjelp til. Utanom opningstida har vi døgnbemanna vakt for feil i nettet. Dersom feilen gjeld større delar av nettet, vert feilretting sett i verk så snart feilen er registrert. Feil som gjeld enkeltsamband i nettet vert handsama av kundeservice påfylgjande arbeidsdag. For å melde feil i tilkoplinga di kan du ringe 99599130 og legge att ein telefonbeskjed om feilen.

FAKTURA Abonnementet vert fakturert på førehand for tre månadar med fast fakturering i januar, april, juli og oktober. Endring i abonnementet som medfører endring i fakturering vil kome med på neste faktura. Enivest tilbyr også AvtaleGiro. Faktura vert då sendt til e-postadressa som er tildelt frå Enivest, viss ikkje anna e-postadresse vert avtalt. Ta kontakt med banken din eller bruk nettbank dersom du vil teikne avtale om AvtaleGiro. Du kan også få faktura på e-post sjølv om du ikkje har AvtaleGiro, Om du ynskjer faktura på e-post kan du melde ifrå ved hjelp av kontaktskjema som du finn på våre nettsider. Kundar med faktura på e-post med eller utan AvtaleGiro som har kvartals faktura slepp papirgebyr for faktura.

7


ENDRING AV ABONNEMENT Dersom du ynskjer å endre på abonnementet kan du melde ifrå til Enivest via våre kontaktskjema på www.enivest.no/kundesenter/kontakt. Slike endringar kan for eksempel vere flytting av abonnement, eigarskifte av abonnement og endring av type abonnement. Skjemaene er tilpassa dei ulike endringane du måtte ynskje å gjere. Ved å fylle ut skjemaet får Enivest alle opplysningar som trengs og kan dermed utføre endringane raskt og effektivt. Vi anbefalar å melde inn endring av abonnement 4 veker i forkant, dette er spesielt viktig ved flytting av abonnement. Ynskjer du å bestille fleire tenester til fiberabonnementet ditt, til dømes digital-TV, mobilt breiband eller breibandstelefoni kan du gjere dette på bestillingssidene for fiber på heimesida til Enivest. Her har du også høve til å bestille fleire dekodarar og endre kanalpakker for digital-TV. Det skal vere lønsamt for deg å oppgradere til Fiberpakken; Internett, digital-TV og Telefon eller Mobilt breiband, då du med dette vil få rabatterte prisar.

GODE RÅD OG TIPS • Programvare på PC. Dersom du har hatt Internett frå ein annan leverandør tidlegare er det viktig å fjerne programvare som blei installert i samband med den tilkoplinga (eks.: PPPoE klienten som enkelte andre breibandsleverandørar brukar). • Ingen brukarnamn eller passord. Når du skal bruke Internett frå Enivest treng du ikkje noko brukarnamn eller passord, alt går gjennom modemet. • Hjelp til å kome på nett? Dersom du har problem med å kople deg opp på nett, så kontroller først om du har kopla opp utstyret riktig. Les om oppkopling i delen som er for den aksesstypen du har (Fiber s. 28, ADSL s. 33, Mobilt breiband s. 38 eller Radio s. 40), og på installasjonsguiden til sist i brosjyren. Du finn generell informasjon om Oppsett av datamaskin, Trådlaus tilkopling og Oppsett av e-postkonto på side s. 20 og på www.enivest.no/kundesenter/rettleiingar/ • Innstillingar på PC. Sett maskina di til å ta imot IP-adresse automatisk (sjå side s. 19). Modemet du har fått tilsendt har DHCP-server innebygd. Dette betyr at modemet deler ut IP-adresser til alle maskinene som er tilkopla så lenge dei er sett opp til å ta imot IP-adresse automatisk. • Anna modem/nettverksruter. Dersom du nyttar eit anna modem enn det du får frå Enivest kan vi ikkje garantere at du vil få kontakt med internett og heller ikkje gje deg kundestøtte på eventuelle problem du får med internett-tilkoplinga. Det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å nytte ein trådlaus eller annan nettverksruter dersom du ønskjer det, men denne må i så fall koplast etter modemet frå Enivest (dvs. koplas til LAN-porten på vårt modem). Ruteren din kan heller ikkje ha same LAN-IP som modemet frå Enivest. Treng du hjelp med å setje opp dette må du ta kontakt med produsenten eller leverandøren av ruteren din, ikkje Enivest. • Linjeleige. Dersom du har bestilt ADSL på ei linje der det ligg fasttelefon, og seinare seier opp abonnementet på fasttelefon så vil du få ein ekstra kostnad på kr 78,- pr. mnd. for linjeleige på ADSL linja. Dette er ei ekstra linjeleige som Telenor tar for bruk av telefonkabelen når det ikkje er fasttelefon på linja. Dersom du har bestilt ADSL på ei linje utan fasttelefon og seinare bestiller deg eit abonnement på fasttelefon, får ikkje vi automatisk melding om dette frå telefonileverandørane. For å unngå å bli fakturert for den ekstra linjeleiga er det viktig at du gir beskjed til Enivest etter at fasttelefonen er kopla opp. Dersom du har levert breiband via VDSL, Fiber Radio eller Mobilt breiband vil du ikkje bli fakturert linjeleige, då det er Enivest sjølv som eig infrastrukturen desse teknologiane er levert på. 8


• Pass opp for torevêr! Alt utstyr du har fått i samband med ADSL er ømfintleg for lynnedslag. Vi oppfordrar deg til å trekkje ut straum- og telekabel når det er fare for lyn og torevêr, og også når du reiser bort for ein lengre periode. Fiber- og radiomodem kan og bli skada av lynnedslag, men berre via straumkabelen. Hugs at utstyret du låner av Enivest er ditt ansvar, og vert det øydelagt grunna aktløyse, lyt du sjølv dekkje kostnad ved erstatning av utstyr. Dersom du ikkje har høve til trekkje ut kontaktar kvar gong i periodar med torevêr, kan du kontakte Enivest for å kjøpe lynvern som vernar utstyret. • Breibandstelefoni og alarm. Har du alarm og ynskjer breibandstelefoni bør du først kontakte alarmleverandøren din for å få meir informasjon om dette. Ver merksam på at breibandstelefoni ikkje fungerar når straumen er vekke og enkelte alarmar bør ha 100% oppetid. Alarm og breibandstelefoni anbefalast i dei fleste tilfeller ikkje utan nokon form for backupløysing. • Verv kundar! Kanskje du kjenner nokon som lurer på å skaffe seg breiband, men dei treng hjelp til å bestemme seg? Vi gir deg som eksisterande kunde mogelegheit til å verve nye kundar for oss og slik få rabatt på din neste faktura. Du får kr 200,- per kunde du vervar. Dersom du vervar over 10 kundar får du kr 500,- for den 11. 12. 13. kunden osv. Vi tek atterhald om dei som blir verva faktisk kan få levert breiband frå Enivest. For å sikre at vervejobben din blir registrert, MÅ bestillinga frå den nye kunden innehalde «Verva av» og namnet ditt. Etter at den nye kunden har fått levert breibandet vil du få rabatten med på fakturaen din. • Oppseiing av abonnement frå tidlegare leverandørar. Lurer du på korleis og kva tid du skal melde oppseiing til din tidlegare leverandør når du byter til Enivest? Her fylgjer tips til korleis du går fram. • ADSL: Dersom du hadde ADSL hos tidlegare leverandør og skal ha levert ADSL på same adresse frå Enivest, er det vi som ordnar med oppseiing til din tidlegare leverandør. Ved bestilling må Enivest få beskjed frå deg om at du har ADSL frå før, og vi vil då be om ei fullmakt frå deg til å sende opp seiing. Din tidlegare leverandør vil informere deg om ev tilbakesending av utstyr og sluttfakturering. • Frå ADSL til ny teknologi eller adresse: Dersom du har ADSL frå tidlegare leverandør og skal ha ADSL på ny adresse frå Enivest må du sjølv sende oppseiing til tidlegare leverandør. Dette gjeld også om du har ADSL frå tidlegare leverandør og går over til fiber- eller radioteknologi hos Enivest. Vi anbefalar at du venter med å seie opp tidlegare abonnement til du har fått levert nytt abonnement frå Enivest, så du slepp å du å bli utan internett i ein periode • Mobilt breiband: Når du går over til Mobilt breiband hos Enivest må du sjølv melde inn oppseiing til din tidlegare internett/mobilt breibandleverandør. • Telefoni: Dersom du ynskjer å behalde det same telefonnummeret som du har aktivt hos tidlegare leverandør, ordnar Enivest med oppseiing hjå tidlegare leverandør. Dersom du skal ha nytt nummer og vil at det gamle hjå tidlegare leverandør skal avsluttast må du melde inn oppseiing sjølv. • TV: Når du går over til Digital TV hos Enivest må du sjølv melde inn oppseiing til din tidlegare TV-leverandør. Vi anbefalar at du venter med å seie opp tidlegare abonnement til du har fått levert nytt abonnement frå Enivest, så du slepp å bli utan TV i ein periode. • Kva internettabonnement bør eg velge? Er du usikker på kva internettabonnement som passar for ditt behov og bruk, kan du kontakte Enivest for ein uforpliktande prat om dei ulike valgmoglegheitane du har. Enivest vil alltid ha gode tilbod for eksisterande så vel som nye kundar. Vi jobbar for å kunne gje kundane våre i Sogn og Fjordane det beste tilbodet på marknaden til ein gunstig pris. Vi held sjølv til i fylket og er opptatt av mykje av det same som deg –vi er den nære, lokale leverandøren, og det at du er fornøgd betyr mykje for oss! Vi anbefalar at du også sjekker ut nettsida til www.telepriser.no, som utførar prissamanlikningar over leverandørar som tilbyr mest for pengane. Enivest er rangert høgt på lista over leverandørar som tilbyr mest for pengane i Sogn og Fjordane. På våre nettsider kan du sjå oversikt over gjeldande kampanjar. Hugs at du kan oppnå rabattar ved å til dømes oppgradere til å bli Totalkunde eller bestille Fiberpakken! Ved å snakke med ein av våre kundehandsamarar kan du få gode råd for korleis tilpasse abonnementet riktig for deg, slik at du får gunstigast tilbod til gunstigast pris.

9


DINE INKLUDERTE TENESTER Abonnementet ditt frå Enivest gir deg ikkje berre tilgong til internett,(telefoni og TV). Du får i tillegg ei rekke inkluderte tenester utan kostnad. Her gir vi ei oversikt over desse.

E-post Som Enivest-kunde får du ei eiga e-postadresse med 10 GB lagringsplass. Du finn e-postadressa di og opplysningar om brukarkontoen i velkomstbrevet frå Enivest. Eit godt tips er å merke seg brukarnamn og passord som du får, dette kan du bruke for å logge deg inn på andre tenester som Enivest tilbyr, for eksempel Trådlaus sone og Sikker Lagring, som du kan lese meir om nedanfor. Du kan ha opptil 5 e-postkontoar inkludert i abonnementet, så dersom du ynskjer du fleire e-postadresser til t. d andre i familien kan du ta kontakt med Enivest Kundesenter så ordnar vi det. Hugs å oppgje namn på den som skal ha e-postadressa, våre namnereglar er fornamn.etternamn@enivest.net. For informasjon om korleis du kan sende og ta imot e-post sjå s. 20.

Sikkerheit Som brukar av internett bør du tenke over korleis du best muleg kan beskytte datamaskina mot farar som kan true på nettet. Det anbefalast og på det sterkaste å sikre innhaldet på datamaskina mot å gå tapt, som for eksempel bilete, musikk og andre viktige dokument du vil ta vare på. Enivest har gjort vala dine enkle og tilbyr løysingar for sikkerheit inkludert i internettabonnementet.

Enivest Sikker Lagring: I dag er det vanleg å oppbevare alle bilda sine digitalt og lagra på datamaskina. Med det aukar og risikoen for at bilete kan gå tapt for alltid, dersom ein skulle vere uheldig å oppleve at harddisken ryk på grunn av virusangrep, straumbrot, lynnedslag eller i verste fall brann. Med Enivest si teneste, Sikker Lagring, treng du ikkje lenger å bekymre deg over korleis du best muleg kan ta vare på bilete og andre viktige data. Inkludert i abonnementet ditt frå Enivest får du 1 GB lagringsplass på trygge servere for bilete, dokument, musikk og andre filer som er viktige for deg. Tenesta er lettvindt og rask å bruke og krev liten innsats av deg. For å ta i bruk tenesta går du berre på www.enivest.no og fylgjer dei enkle instruksane for Enivest Sikker Lagring. Skulle du ha behov for det har du mogelegheit til å oppgradere til større lagringsplass. Som kunde hjå Enivest har du inkludert 1 GB Sikker Lagring i abonnementet ditt. Du kan sjølv oppgradere Enivest Sikker Lagring til inntil 250GB. Med Enivest Sikker Lagring har du alltid tilgang til alle dokumenta dine, musikk og bilete så lenge du nyttar ein PC som er tilkopla internett. Det betyr at du kan reise på ferie utan å ta med deg din eigen PC, og likevel ha tilgang til musikken, bileta og dokumenta dine. Enivest Sikker Lagring er ei teneste som kan gje deg automatisk sikkerheitskopiering, slik at dei viktigaste filene dine ikkje går tapt dersom noko skjer med PC`en din. I praksis betyr det at filer som er viktig for deg også blir lagra på ein annan plass en harddisken din. Det er kun du som har tilgang til din Sikker Lagring, då du nyttar brukarnamn og passord ved pålogging.

10


For å nytte Sikker Lagring må du gå inn på sida: www.enivest.no/privat/sikkerlagring/. Her får du tilgang til å laste ned ein applikasjon som du installerer på din PC. Når applikasjonen er ferdig nedlasta, kan du velje kva for mapper som automatisk skal sikkerheitskopierast. Det er til dømes eit tips å legge inn automatisk sikkerheitskopiering av musikkbiblioteket, bileter og dokumentmappa di. Ved å nytte Enivest Sikker Lagring er du sikra at minna dine ikkje forsvinn om PC`en din vert stolen eller øydelagd! Her kan du laste ned applikasjonen til Enivest Sikker Lagring. Dette gjer du på https://lagring.enivest.no.

Antivirus og spamfilter: Enivest har inngått eit samarbeid med ALWIL Software og tilbyr alle privatkundar gratis antivirusprogramvare som inkluderar jamlege oppdateringar. Du finn lenkje til Avast! Antivirus på heimesida til Enivest, www.enivest.no Her kan du laste ned programmet som heiter «avast! Home Editition Free Download». Andre versjonar enn denne vert ikkje dekka av Enivest. Alle e-postadresser som vert levert saman med internettabonnementet frå Enivest vert filtrert gjennom vår eigen anti-spam løysing. Spamfilteret fjernar det meste av spam og virus, og ligg mellom internett og datamaskina di. Dette betyr at du som kunde ikkje treng å gjere noko for å aktivere dette på eiga hand. Skulle e-post feilaktig verte stoppa i filteret, vil avsendar få melding om dette.

Barnepornofilter Enivest har i samarbeid med KRIPOS eit filter mot barneporno på Internett. Filteret hindrar tilgong til Internettsider som inneheld overgrepsmateriale mot born. Enivest står ansvarleg for den tekniske løysinga, og KRIPOS gir Enivest oppdatert oversikt over nettstader som formidlar barnepornografisk materiale. Filteret gjeld for alle Enivest-kundar. Prøver ein å besøke ei side med barnepornografisk innhald, kjem det opp ei sperreside med informasjon om filteret, samt ei lenkje til KRIPOS.

Enivest Trådlaus Sone (HotSpot) Som Enivest kunde kan du og nytte trådlaust internett på utvalde offentlege møteplassar, utan ekstra kostnad. Vi jobbar med å byggje ut våre trådlause soner fleire stadar i fylket for å tilby våre kundar internett, også utanfor heimen. Skal du ut på reis i fylket, kan det altså vere lurt å undersøke om det kanskje er tilgjengeleg trådlaust nett frå Enivest i området. Du finn ei oversikt over kva områder vi til ei kvar tid har bygd ut med trådlaus sone på våre nettsider: www.enivest.no/privat/tenester/enivest-hotspot/ Her vil du også kunne lese meir om framgangsmåten for å logge på nettet. For å ta tenesta i bruk nyttar du same brukarnamn og passord som du nyttar til e-postkontoen din hos Enivest.

Mi Side Som Enivest kunde har du tilgong til Mi side. For å opprette tilgong treng vi å registrere deg med eit mobilnummer. Ta kontakt med kundeservice viss du ikkje har oppgitt ditt mobilnummer til oss. Du vil då få tilsendt ein aktiveringskode på SMS til ditt mobilnummer, og kan då opprette deg ein brukarprofil. På Mi side kan du velje TV-kanalar, finne alle fakturane dine, få oversikt på dine bestillingar og du kan sjølv redigere dine personopplysningar. Mi side finn du her: www.enivest.no

11


OPPSETT AV DATAMASKIN Dersom du har Mobilt breiband kan du sjå eigen installasjonsguide til sist i denne brosjyren eller på www.enivest.no. Har du ADSL, Fiber eller Radio kan du lese generelt om oppsett her. For å ta i bruk internett frå Enivest treng du ikkje å installere noko program på datamaskina di. Sidan du får levert di internettoppkopling som ein lokal nettverkstilknytning (LAN), skal du heller ikkje bruke noko brukarnamn eller passord for å kople deg til. Når du koplar til breiband frå Enivest via nettverkskabel direkte frå modemet til datamaskina di, vil som regel datamaskina kople seg til internett automatisk. Du kan følgje med på ikonet med to datamaskiner i oppgåvelinja (i høgre hjørne på skrivebordet) for å sjå status på tilkoplinga di. Er det raudt kryss på ikonet vil det indikere at tilkoplinga ikkje er oppretta endå. Når datamaskina arbeidar med å finne nett vil du sjå at krysset endrar seg og det beveger og blinkar i ikonet. Gi det nokre minutt før du forsøker å opne nettlesaren din. Skulle du ikkje kome automatisk på internett no, kan det vere du må endre på innstillingar på datamaskina eller sjekke om du har kopla riktig frå modemet.

Programvare på datamaskin Dersom du har hatt internett frå ein annan leverandør tidlegare er det viktig å fjerne programvare som blei installert i samband med den tilkoplinga (eks.: PPPoE klienten som enkelte andre breibandsleverandørar brukar). Start opp Internet Explorer. Trykk på Verktøy -> Alternativer for Internett.

12


Vel «Tilkoblinger». Dersom det ligg nokre tidlegare oppkoplingar i feltet «Innstillinger for oppringing og virtuelt privat nettverk» så markerer du desse og trykkjer på knappen «Fjern». Når dette feltet er tomt for oppkoplingar så trykkjer du på knappen «LANinnstillinger».

Her skal det vere tomt i alle boksane. Trykk «OK» og «OK» igjen. No er Internet Explorer ferdig konfigurert for ADSL frå Enivest. Du kan prøve å gå inn på ei internettside, til dømes http://wwww.enivest.no.

Dersom du ikkje kjem på internett så må du mest sannsynleg stille inn nettverkskortet til å ta imot IPadresse automatisk, korleis du gjer det vert vist på dei påfølgjande sidene. Her blir det vist framgangsmåte for nokre av dei mest vanlege operativsystema. Dersom du ikkje finn rettleiing som passar til ditt system her kan du ta kontakt med din PC leverandør som kan fortelje deg korleis du går fram. Ei slik rettleiing følgjer også med nettverkskort og nyare PC’ar.

13


Windows Vista Denne delen viser korleis du stiller inn PC-en din til å ta imot IP-adresse automatisk dersom du brukar WindowsVista. Når du skrur på modemet og koplar det til datamaskina, skal Windows Vista automatisk oppdage at eit nettverk er innanfor rekkevidde. Følg med på ikonet med to datamaskiner nede i hjørnet på skrivebordet.

Tilkopla Internett

Ikkje tilkopla Internett

Dersom du ikkje automatisk kjem på internett lyt du sjekke nokre innstillingar på PC-en. Ved å klikke med musepeikaren på ikonet med to datamaskiner, kjem du inn i eit lite dialogvindauge som syner status på tilkoplinga, samt gir deg valet å kikke nærmare på tilkoplinga di. Trykk deg då inn på «Nettverks- og delingssenter» og eit nytt dialog-vindauge vert opna.

Her kan du sjå nærare på blant anna tilgongen til internett. Vi skal gå vidare inn i eit anna vindauget, klikk med musepeikaren på «Administrer nettverkstilkoblinger» dette valet finn du i venstre marg.

14


Her vert nettverkstilkoplingane du har tilgjengeleg synt i ei liste. Vel her di lokale nettverkstilkopling, høgreklikk på denne og gå inn på «Egenskaper».

Eit dialogvindauge som dette vert då opna. Her blar du deg nedover i lista og markerer «Internet Protocol versjon 4 (TCP/IPv4)». Trykk så knappen «Egenskaper». I vindauget som då vert opna skal det står avhaka for at IP-adresse blir mottatt automatisk, samt at DNSserveradresse blir mottatt automatisk.

Trykk «OK» og lukk så alle programma heilt til du kjem tilbake til skrivebordet.

15


Windows XP Denne delen syner korleis du stiller inn datamaskina di til å mota IP-adresse automatisk dersom du brukar Microsoft Windows XP.

Gå inn på «Start»-menyen >> «Koble til» >> «Vis alle tilkoblinger».

Eit dialogvindauge med datamaskina sine nettverkstilkoplingar vert opna. Du markerer her ikonet for «Lokal tilkobling» (eventuelt tilkoplinga med det Ethernetgrensesnittet du har), høgreklikkar og vel «Egenskaper».

16


I dialogvindauget som no opnar seg, skrollar du ned i lista som syner elementa for tilkoplinga, og markerer «Internett protokoll (TCP/ IP)». Trykk deg inn på «Egenskaper».

Pass på at det er avhaka for «Motta IP-adresse automatisk» og «Motta DNS-serveradresse automatisk». Trykk «Ok» heilt til du er tilbake til startvindauget.

17


MAC OS X

Gå til valet «Systemvalg» under eplemenyen.

Vel «Nettverk» under gruppa «Internett og nettverk»

Marker «Innebygget ethernet» i menyen til venstre. I feltet «Konfigurer» hak av for «Med DHCP» i nedfallsmenyen. Trykk på «Ta i bruk». Tilkoplinga er i orden når du ser at «Innebygd Ethernet»-ikonet har grønt lys, status står som «Tilkoblet» og du har fått tildelt IP-adresse. Du kan då lukke vindauget og opne nettlesaren for å gå på internett.

18


OPPSETT AV TRÅDLAUST NETTVERK Når du skal kople opp internett for første gong er det lurt å kople datamaskina direkte til modem med nettverkskabel først, for å sjekke om du har nettilgong med kabel. Dersom nettilgongen er OK, kan du så prøve å kople til det trådlause nettverket. Om du har trådlaust nettverk, ver klar over at dette kan gjere deg meir utsett for at andre, til dømes naboar, kan bruke breibandslinja di. Dette kan føre til at farten i nettet ditt går ned, fordi fleire brukar det. Verre konsekvens er at du ikkje kan kontrollere kva andre brukar nettet til. Difor det viktig at du sikrar ditt trådlause nett med passord, slik at du får kontroll over kven som nyttar internettilgongen på ditt abonnement. Trådlause modem frå Enivest er sikkerhetskryptert før dei blir sendt ut. Dersom du nytter trådlaus ruter frå annan leverandør kan du be leverandøren hjelpe deg med sikkerhetskryptering eller sjå i brukarmanualen som følgjer med ruteren. Ver merksam på at hastigheita på breibandet kan bli nedsett når ein surfar via trådlaust nett. Dette kan skuldast signalstyrken og at mottak av trådlaust signal er variabel alt etter kva utstyr ein har, og korleis det er plassert. Der det er høve for det kan det difor vere lurt å kople ved hjelp av nettverkskablar. Mottak av trådlause signal kan også bli påverka av lang avstand mellom det trådlause utstyret og datamaskina. Typiske apparat som mikrobølgjeomn, frysar, varmvasstankar, samt fysiske hindringar som t.d. glas og mur kan blokkere signal og føre til at det trådlause utstyret og di datamaskin ikkje kommuniserer godt med kvarandre. Nettilgangen vert i slike tilfelle ustabil og du kan misse tilgangen til internett. Er det mange andre nettverk i området, kan det vere ustabilt på grunn av interferens mellom nettverka. For tips om korleis du sett opp eit trådlaust nettverk på datamaskina di sjå www.enivest.no/kundesenter/rettleiingar/ Alle modem er merka med eit namn som angir identiteten til modemet, dette står som SSID: Og ein nettverksnøkkel merka som WPA:. Dette er identiteten til modemet og koden for trådlaus oppkobling til modemet.

19


SENDE OG TA IMOT E-POST Du har som privatkunde tilgong til inntil 5 e-postadresser tilknytt ditt abonnement med 150Mb lagringsplass. Du kan velje om du vil lese e-posten din frå Enivest sin nettbaserte e-postlesar, eller om du vil sette opp e-postkontoen i e-postprogrammet på datamaskina di. Her fylgjer ei skildring på dei to måtane du har tilgong til e-post frå.

Enivest E-post Dersom du er ute og reiser eller ikkje har tilgong til eigen datamaskin er Enivest sin nettbaserte e-postlesar eit godt alternativ. Så lenge du har nettilgong kan du logge deg inn på Enivest E-post for å sende og ta imot e-post. Du logger inn via heimesida til Enivest, www.enivest.no, klikk deg vidare til Enivest E-post og logg inn med brukarnamn og passord som du har fått tildelt frå Enivest. Minner om at brukarnamn skal fyllast inn utan @enivest.net framfor. Dersom du ynskjer kan du endre passordet ditt når du står på innloggingssida til Enivest E-post

Oppsett av e-postkonto på datamaskina di Om du treng hjelp til å sette opp e-postkonto på datamaskina di, finn du brukarrettleiing for dei mest vanlege operativsystema på www.enivest.no/kundesenter/rettleiingar/

Oppsett av e-postkonto for Windows Mail (Vista) Start opp e-postprogrammet Windows Mail. Du får automatisk spørsmål om å opprette ein e-postkonto. Vel «Legg til…» for å registrere e-postkontoen frå Enivest.

20


Vel så kontotype «E-postkonto» og trykk «Neste».

Fyll inn «Visningsnavn» som er det som vert vist som avsendar når du sender e-post. Trykk «Neste» for å gå vidare. I neste steg fyller du inn e-postadressa du har fått tildelt frå Enivest. (Som regel er dette: fornamn.etternamn@ enivest.net). E-postadressa har du fått opplyst i velkomstbrevet. Gå vidare med «Neste».

Så legg du inn servernamn for inn- og utgåande e-post. Servertype er «POP3». I feltet «innkommende e-post» fyller du inn «pop.enivest.net». I feltet for «utgående e-post» fyller du inn «smtp.enivest.net». «Neste» for å gå vidare.

For at du skal få tilgong til rett postkasse lyt du i neste steg fylle inn brukarnamn og passord. Dette er opplyst om i velkomstbrevet. Set hake for at passordet vert hugsa til seinare.

Trykk «Neste» og vidare «Fullfør» i siste vindauge. Du har no fullført oppsettet for å kunne laste ned e-post på din e-postkonto frå Enivest.

21


Oppsett av e-postkonto for Microsoft Outlook Start e-postprogrammet ditt, Microsoft Outlook eller Microsoft Outlook Express.

Gå på menyen «Verktøy» >> «Kontoer».

Du får no opp kontovindauget. Her finn du innstillingar for henting av e-post frå ein bestemt e-postkonto. Du kan også legge til nye kontoar. Trykk på knappen «Legg til» >> «E-post» Du får no opp ein vegvisar for oppretting av den nye e-post kontoen din.

I «Visningsnamn» skriv du inn det namnet som skal visast hos mottakarane av e-post som du sender. Det vanlige er å bruke fornamn og etternamn. Trykk på «Neste».

Skriv inn e-postadressa du har fått frå Enivest. Denne adressa finn du i informasjonsbrevet som du har motteke frå Enivest. Dersom du ynskjer fleire adresser hos Enivest, kan du sende ein e-post til kundeservice@enivest.no med namn på dei som skal ha e-postadresse. Enivest vil då lage desse adressene og sende informasjonen tilbake. Trykk «Neste».

22


Det første valet her er kva slags e-postserver du brukar. Hos Enivest er dette POP3. I feltet «Innkommande e-post» skal det stå pop.enivest.net. I feltet «Server for utgående e-post» skal det stå smtp.enivest.net. Trykk «Neste».

I feltet «Kontonavn» skriv du inn brukarnamnet ditt, i «Passord» skriv du inn passordet ditt. Både brukarnamn og passord finn du i informasjonsbrevet som du har fått tilsendt frå Enivest. Dersom du set hake ved «Husk passord» så slepp du å skrive inn passordet kvar gong du skal sjekke e-posten din. Du skal ikkje setje hake ved «Logg på med sikker godkjenning av passord (SPA)» når du brukar e-postkontoen frå Enivest. Trykk «Neste».

Det er ikkje alle maskiner som har dette vindauget, men dersom du får det opp så vel du «Koble til via det lokale nettverket (LAN)». Trykk «Neste».

Trykk «Fullfør». E-postkontoen din er no oppretta og klar til bruk. Send ei e-postmelding til deg sjølv for å sjekke om alt fungerar.

23


Oppsett av e-postkonto for Mail på Mac OS X

Start programmet «Mail» frå oppgåvebehandlaren på skrivebordet.

Eit dialogvindauge vert opna første gong du startar epostprogrammet. Fyll inn felta, brukarinformasjonen for e-postkontoen har du fått tilsendt i velkomstbrevet frå Enivest, og trykk «Fortsett».

Vel så «POP» som kontotype, og skriv inn ein beskriving av kontoen. Fyll vidare inn «pop.enivest.net» som «Innkommende e-posttjener». Her fyller du også inn brukarnamn og passord som opplyst om i velkomstbrevet.

Klikk «Fortsett» og klienten vil kople til serveren for å godkjenne brukarnamn og passord.

24


Kontroller at det ikkje er haka av for noko på det påfølgande vindauget, og trykk «Fortsett».

Fyll inn «smtp.enivest.net» i feltet for «Utgående e-posttjener». Hak av for «Bruk kun denne tjeneren». Trykk så «Fortsett».

Kontroller også i neste steg at ikkje noko er haka av før du trykker «Fortsett».

Sjå til slutt over at alt er rett registrert, la det vere hake for «Koble til med denne kontoen» og trykk «Opprett» for å fullføre.

25


Dei mest vanlege årsakene til feilmelding ved sending/mottak av e-post Dersom du allereie har ei e-postadresse som er levert frå ein annan leverandør kan du framleis bruke denne. Men du må kanskje endre utgåande e-postserver til smtp.enivest.net i kontoinnstillingane. Dersom du har med datamaskina og skal kople den opp på internett frå annan leverandør t. d på kafé, jobb, flyplass og skal nytte e-postadressa frå Enivest, må du endre utgåande e-postserver til den leverandøren du er oppkopla med.

Dersom du har problem med å sende eller ta imot e-post kan du undersøke fylgjande i kontoinnstillingane: • • • •

At brukarnamn er skrive med små bokstavar og utan mellomrom At brukarnamn er skrevet utan @enivest.net At boksen for «Min server krever godkjenning» ikkje er haka av. At det ikkje er mellomrom mellom tal og bokstaver i passordet. (Tips for å skrive inn passord riktig er å skrive det inn i notisblokk el liknande, kontroller at teikna er riktige, og kopier og lim det inn i passordfeltet.) • For å unngå å stadig få opp innloggingsboks når du opnar e-postprogrammet må du fjerne avhaking i boksen for «Logg på med sikker godkjenning av passord».

Elles kan du også undersøke og/eller prøve dette: • Er mottakaradresse stava riktig? • Har du endra passord sidan sist? • Sjekk om du får logge deg inn, ved hjelp av brukarnamn og passord, på Enivest e-postserver https://webmail.enivest.net/ Dersom du ikkje finn feilen kan du kontakte Enivest Kundeservice for hjelp.

26


Eigne notat

27


FIBER

Med Enivest fibernett blir bustaden din utstyrt med den mest solide og framtidsretta kommunikasjonsløysinga som er å finne i marknaden. Ein fiberoptisk kabel har ein kjerne av glas og formidlar lyssignal i staden for straumpulsar. Gjennom den fiberoptiske kabelen får du ikkje berre superraskt breiband med lik hastigheit begge vegar (ned- og opplastingshastigheit), men også andre tenester som breibandstelefoni og digital TV levert på same kabel(les meir om desse tenestene på side 42). Å legge inn fiber i bustaden er ein langsiktig investering. Du blir godt forberedt til å kunne utnytte framtidas kommunikasjonstenester. Du vil dessutan få ein verdiauke på din bustad i forhold til bustader der det ikkje er innlagt fiberløysing.

LEVERING AV FIBER Fiberoptisk kabel til private heimar er relativt nytt, og fibernettet må derfor planleggast og byggast ut område for område Enivest vurderer utbygging av fibernett blant anna ut i frå interessa frå bebuarane i området. Når det er bestemt utbygging i eit område vil Enivest sørgje for nedgraving av fiberkablane og føre fiberforbindelsen fram til tomta di og i nokre tilfeller heilt til husvegg, samt sette opp ein heimesentral(fibermodem) i bustaden. Dersom du bur i einebustad må du grave ei grøft frå tomtegrensa og inn til husveggen sjølv. Enivest vil i slike tilfeller sende deg spesifisert informasjon om framgangsmåte. Fiberleveransen frå Enivest inkluderar installasjon og konfigurasjon av heimesentral (fibermodem) inne i bustaden din. Heimesentralen er avhengig av straum og bør difor bli plassert i nærleiken av straumuttak, og gjerne i nærleiken av PC, telefonapparat eller TV-apparat(dersom du har bestilt breibandstelefoni eller digital-TV).

INSTALLASJON AV PC, TV OG TELEFON Frå heimesentralen må du sjølv syte for vidare forbindelse til datamaskin og eventuelt telefon og TV. Til dette nyttast nettverkskablar, minimum ein kat.5 kabel. Lengda på kablane bør ikkje overstige 90 m. Du vel sjølv korleis du vil trekkje kablane gjennom huset, i vegg, listverk, eller ved hjelp av internt data spredenett. Monteringsvante kundar kan godt gjere dette sjølv, eller ein kan kontakte ein godkjent installatør for å få utført arbeidet. Dersom du ynskjer trådlaust nett, har du høve til dette anten direkte frå heimesentralane for fiber, eller ved å kople ein trådlaus ruter til heimesentralen. Sjå installasjonsguiden til sist i brosjyren for å sjå om heimesentralen din har støtte for trådlaust nett. Til telefon er det enklast om du har ein trådlaus telefon. Då koplast berre basestasjonen for telefonen til heimesentralen, og du kan dermed nytte telefonen(/ane) som høyrer med basestasjonen overalt i bustaden.

28


AKTIVERING AV TENESTENE Dersom du allereie har breiband, og/eller telefoni og TV frå annan leverandør bør du vente med å seie opp desse tenestene til du sikker på at tenestene frå Enivest er aktivert. Dersom du har breiband frå Enivest via anna teknologiløysing (ADSL/radio), vil Enivest avslutte desse tenestene automatisk så framt bestilling på fiber er gjort i same namn. Dersom du har eksisterande breibandstelefoniabonnement levert frå Enivest vil tenesta bli vidareført på fiber dersom du ynskjer det. Breiband og digital-TV vil normalt bli aktivert når fiber er levert, og vil vere klart til bruk når arbeid med å kable vidare til datamaskin og TV-apparat er gjort. Breibandstelefoni vil normalt sett vere klart nokre veker etterpå. Dato for overføring/aktivering av telefonnummer blir opplyst om i eiget brev. Dersom du har bestilt fiber finn du utfyllande informasjon om heimesentral(fibermodem) i installasjonsguiden til sist i brosjyren.

FEILSØK Dersom du har problem med internettforbindelsen kan du forsøke å slå av straumen på heimesentralen og kople det til att etter nokre minuttar. Det løyser som regel problema. Eit anna tips dersom du nyttar trådlaust nett, er å kople ein datamaskin direkte i ein av dei første LAN-portane på heimesentral med ein nettverkskabel. Du må sjølv aldri opne eller flytte heimesentralen. Så dersom du framleis ikkje kjem på nett etter å ha prøvd straumfråkopling og kople PC direkte i heimesentral kan du kontakte Enivest Kundeservice på telefon 57 00 91 00

29


DIGITAL-TV Enivest sitt samarbeid med selskapet GET gjer at fiberkundar får tilgong til Norges leiande digital-TV tilbod. Du slepp skjemmande parabolantenner og treng berre ein dekodar som du får når du bestiller digital-TV frå Enivest. Du kan velje mellom fleire kanalpakkar og dekodarar med ulike funksjonar. Om du har fleire Tv apparat i huset kan du bestille fleire dekodarar (inntil 3 stk). Dette gir deg som kunde moglegheit til å få eit TV-tilbod som er skreddarsydd etter dine og din familie sine ynskjer. Digital-TV er berre tilgjengeleg for dei som har levert breiband over Fiber. Vi tilbyr pakkeløysingar som inkluderar digital-TV. Ved å velje ei slik løysing oppnår du rabattar på total månadspris og etablering. Sjekk Enivest sine heimesider for abonnement og prisar.

Dette får du med digital-TV frå GET Sylskarpe bilete og fantastisk lyd. Dekodaren får GET gir deg moglegheit til å sjå HDTV, det vil seie høgoppløyselege og svært skarpe TV-bilete. Du treng ikkje eit nytt TV-apparat for å sjå på digital-TV frå GET, men dersom du ynskjer å sjå sendingar i HD-kvalitet, må du ha ein HD-klar TV.

Underhaldande og varierte kanalpakkar Startpakken fylgjer med når du bestiller digital-TV frå GET. Den inneheld dei mest populære norske og utanlandske TV-kanalane. Samt fleire norske radiokanalar og reklamefrie digitale radiokanalar i ulike sjangrar. Vil du utvide kanaltilbodet ditt kan du velje mellom eit breidt utval av kanalpakkar hos GET, anten du er interessert i sport, film, seriar eller dokumentarar.

Elektronisk programguide (EPG) GET har ein oversiktleg og informativ programguide som du får opp på TV skjermen ved å trykke på fjernkontrollen. Her får du sju dagars programoversikt med korte skildringar, og dato og klokkeslett for programma. Med fjernkontrollen kan du ta kontroll over TV-kvardagen. Du kan mellom anna sortere kanalar eller program på sjangrar og lage favorittlister av dei kanalane du oftast ser på. Du har også moglegheit til å barnesikre kanalar du ikkje vil at barna skal ha tilgong til.

GET FILMLEIGE (Video On Demand) Med GET filmleige kan du leige film rett frå fjernkontrollen kva tid som helst på døgnet. Du har full tilgong til filmen i 24 timar, og kan sjå den så mange gonger du vil før den automatisk leverast tilbake. Vel kva film du vil sjå blant ei rekke filmar i ulike kategoriar i GET sitt filmarkiv. Du kan spole og pause på same måte som når du ser ein DVD-film. Les meir om tenesten på www.enivest.no eller i GET si brukarveiledning som fyljer med saman med dekodaren.

Ta opp, pause, spole Den mest populære dekodaren frå GET er HD PVR med opptaksfunksjon, den gir deg fleire moglegheiter som TV sjåar. Du kan ta opp favorittprogramma dine, sette på pause dersom du vert avbrutt midt i sendinga eller spole tilbake om det var noko du gikk glipp av. Du kan også gjere serieopptak, eller fjernstyre opptaka dine ved hjelp av mobilen, Get App eller på internett dersom du ikkje er heime. GET sitt Tv-tilbod blir stadig utvida og tenestene som blir utvikla blir meir interaktive, det vil seie at du som TV-sjåar får fleire moglegheitar til å velje korleis din TV-kvardag skal sjå ut.

30 28


INSTALLASJON AV DIGITAL-TV Dersom du bestiller digital-TV samstundes som du bestiller fiber, vil TV tenesta normalt vere aktivert og klar til bruk når fiber er levert og installert. Dersom du etterbestiller TV får du informasjon om når tenesta er klar til bruk i eige brev. Dekodaren frå GET blir levert av Enivest når du bestiller digital-TV. Dekodaren bør stå i nærleiken av TV apparatet, og kabelen frå dekodar til fiber-heimesentralen bør ikkje vere lengre enn 90 m. Kablingsjobben frå heimesentralen kan du enten utføre sjølv eller du kan bestille ein lokal el-installatør for å få det gjort. Dersom du har bestilt digital-TV finn du utfyllande informasjon om modem/heimesentral i installasjonsguiden til sist i brosjyren.

FEILSØK Dersom du har problem med digital-TV bør du fyrst sjekke at du har internett og om klokka på dekodaren syner. Det indikerer at dekodaren er på nett og har motteke innstillingane som trengs. Gå igjennom oppkopling og kontroller at leidningar står godt i og at dekodaren er kopla til riktig port i heimesentralen. Rettleiing for oppkopling finn du i Brukarmanualen frå GET som fylgde med dekodaren og installasjonsguide på eige ark frå oss. Du kan forsøke å slå av og på dekodaren med knappen på baksida. Dersom dette heller ikkje hjelp heller kan du resette dekodaren ved å trykke inn «OK» + «GET» -knappen, og trykke «OK» ein gong til. Dekodaren vil då starte på nytt. Om ingenting av dette løyser problemet bør du kontakte Enivest Kundeservice per telefon .

31


ADSL/ VDSL

ADSL og VDSL (heretter samla kalt ADSL) er breiband levert over koparkabel, same kabelen som tradisjonell fasttelefoni blir levert på. Forskjellen på ADSL og VDSL er at du kan få betrakteleg høgare hastigheit på VDSL. Men det føreset at du bur nær sentralen. Kontakt Enivest om du er usikker på om du kan få VDSL. Sjølv om du får levert ADSL kan du framleis bruke telefonen din samstundes som du surfar på nettet. VDSL leverast utan kostnad for linjeleige, slik du vert fakturert for med ADSL om du ikkje har aktiv analog linje. Det er ikkje eit krav at det må vere aktiv fasttelefon på linja for å få levert ADSL. Men oppkopling av kundeutstyret er ulik ut ifrå om du har telefon eller ikkje, og ut ifrå kva telefonløysing du har. Du kan sjå rettleiing for oppkopling på side 34.

FØR DU BYRJAR • Har du tre-pola telefonkontakt av den gamle typen? Då treng du ei overgangskontakt slik at du får kopla til kablane som følgjer med kundeutstyrspakken. Overgangskontaktar får du kjøpt i forretningar som sel tele- og dataprodukt. Pluggane på dei medfølgjande kablane er typen RJ-45. • For å få ADSL til å fungere treng du eit nettverkskort eller adapter i datamaskina di. • Tilkoplinga til ADSL skjer gjennom den same telefonkontakta som du i dag brukar til telefonen. • Det må gjerast ei endring i telefonsentralen for at du skal få ADSL. Vedlagt modemet ditt følgjer det med informasjon om dato for oppkopling. ADSL vil først fungere etter dette tidspunktet, men du kan godt montere opp modemet på førehand. • Telefonen skal fungere så lenge innhaldet i pakken er korrekt installert, har du ein aktiv analog telefon må du nytte splittaren som ligg i modempakka. • Kabelen mellom splittaren og ADSL-modemet bør vere så kort som mogleg og aldri overstige 10 meter. Kabelen mellom modem og PC må ikkje overstige 100 meter. • Finn ut om du har ein, eller fleire analoge telefonar, eller om du har ISDN før du byrjar, for å vere sikker på at du koplar riktig • Dersom du har bestilt ADSL finn du utfyllande informasjon om modem i installasjonsguiden til sist i brosjyren.

Når må du ha montør? • Dersom du ikkje har fasttelefon (analog eller ISDN) i det heile tatt. Det er ikkje sikkert at denne montøren må inn i huset ditt, men berre må utføre ekstraarbeid i sentralen og i linjenettet. Det er denne mont. • Dersom leidningen mellom ISDN-boksen og veggen ikkje har ein plugg som kan trekkast ut frå veggen eller frå ISDN-boksen. • Dersom du har analog telefonlinje og skal bruke fleire enn ei veggkontakt, må kontaktane koplast om. Tenk over om du bør skaffe deg trådlause telefonar. Då kan du klare deg med ei veggkontakt og du slepp å kople om veggkontaktane.

Når anbefalar vi montør?

32

• Dersom du har alarm kopla til ei analog telefonlinje. • Dersom datamaskina skal stå i eit anna rom enn modemet. Då må du sørgje for kabling mellom romma. Eventuelt kan du installere ein trådlaus ruter, dersom modemet ikkje er trådlaust. Ta kontakt med næraste dataleverandør for å få informasjon om dette. For å bestille montør kan du ta kontakt med ein lokal entreprenør eller Enivest kundeservice.


Installasjonsrettleiing – abonnentar med ISDN

1. Ta kabelen som går mellom telefonkontakta i veggen og ISDN boksen ut av veggkontakta og sett denne inn i «PHONE» på splittaren. 2. Kopl ein nettverkskabel frå veggkontakta til kontakta merka «LINE» på splittaren. 3. MERK! Dersom leidningen mellom ISDN-boksen og telefonlinja ikkje har ein plugg som kan trekkast ut av ISDN-boksen eller frå veggkontakta, må du ha montør. Kontroller at du har summetone i telefonen. Dersom du ikkje har summetone må du sjekke at du har kopla riktig. 4. Kopl ein nettverkskabel frå kontakta merka «MODEM» på splittaren til kontakta merka «DSL» eller «ADSL» på modemet. 5. Kopl straumforsyninga til kontakta merka «POWER» på ADSL modemet, og sett stikkontakta i veggen. 6. Når du har kopla på straumen på modemet vil du få lys i lampa som er merka «PWR» eller «POWER». Når ADSL forbindelsen er i orden vil lampa merka «DSL» eller «ADSL» lyse grønt eller oransje. 7. Kopl ein nettverkskabel mellom ein av kontaktane merka «LAN» på modemet og kontakta i nettverkskortet i datamaskina. Dersom du etter å ha fylgt rettleiinga ikkje kjem på internett må du kanskje endre innstillingar på datamaskina di. Sjå avsnitt om Oppsett av datamaskin på side 13.

33


Installasjonsrettleiing - abonnentar med ein enkelt analog telefon (ikkje ISDN)

1. Ta ut telefonkabelen frå kontakta i veggen og sett denne inn i «PHONE» på splittaren. 2. Kopl ein nettverkskabel frå veggkontakta til kontakta merka «LINE» på splittaren. Dersom du har ei tre-pola telefonkontakt (grisetryne) må du bruke ei overganskontakt for å få kabelen til å passe. Kontroller at du har summetone i telefonen. Dersom du ikkje har summetone må du sjekke at du har kopla riktig. 3. Kopl ein nettverkskabel frå kontakta merka «MODEM» på splittaren til kontakta merka «DSL» eller «ADSL» på modemet. 4. Kopl straumforsyninga til kontakta merka «POWER» på ADSL modemet, og sett stikkontakta i veggen. 5. Når du har kopla på straumen vil du få lys i lampa som er merka «PWR» eller «POWER». Når ADSL forbindelsen er i orden vil lampa merka «DSL» eller «ADSL» lyse grønt. 6. Kopl ein nettverkskabel mellom kontakta merka «LAN» på modemet og kontakta i nettverkskortet i datamaskina di. Dersom du etter å ha fylgt rettleiinga ikkje kjem på internett må du kanskje endre innstillingar på datamaskina di. Sjå avsnitt om Oppsett av datamaskin på side 13.

34


Installasjonsrettleiing – abonnentar med fleire analoge telefonar (ikkje ISDN) Det anbefalast at du installerer ADSL-utstyret på den telefonkontakta som er nærmast telefonlinja inn til huset (hovudkontakta). Grunnen til dette er at kontaktar før den kontakta du installerer ADSLutstyret på, ikkje kan brukast lenger. Kontaktane som kjem etter ADSL-kontakta kan berre nyttast til analoge telefonar, og dette krev også at du fysisk kuttar forbindinga mellom kontakta du installerer ADSL-utstyret på og den neste kontakta i rekka. Enivest anbefalar deg å bruke montør til denne jobben. Det er viktig at linja til alle telefonane du har i huset går gjennom splittaren. Dersom dette ikkje blir gjort så kan du oppleve susing i telefonen, redusert hastigheit mot internett, samt at internettforbindelsen kan bryte når telefonen er i bruk.

1. Ta ut telefonkabelen frå kontakta i veggen og sett denne i «PHONE» på splittaren. 2. Kopl ein nettverkskabel frå veggkontakta til kontakta merka «LINE» på splittaren. Dersom du har ei tre-pola telefonkontakt (gammal type) må du bruke ei overgangskontakt for å få kabelen til å passe. Kontroller at du har summetone i telefonen. Dersom du ikkje har summetone må du sjekke at du har kopla riktig. 3. Kopl ein nettverkskabel frå kontakta merka «DSL» på splittaren til kontakta merka «DSL» på ADSL-modemet. 4. Dersom du har fleire telefonkontaktar etter hovudinntaket og du ønskjer å bruke desse til fleire telefonapparat, er det veldig viktig at du kuttar kabelen mellom hovudkontakta og neste telefonkontakt. Vert ikkje dette gjort kan hastigheita på breibandet verte dårleg, og breibandet kan bryte kvar gong telefonen er i bruk. Du vil og kunne oppleve dårlegare lyd i telefonen 5. Kopl straumforsyninga til kontakta merka «POWER» på ADSL modemet, og sett stikkontakta i veggen 35


6. Når du har kopla på straumen vil du få lys i lampa som er merka «PWR» eller «POWER». Når ADSL forbindelsen er i orden vil lampa merka «DSL» eller «ADSL» lyse grønt. 7. Kopl ein nettverkskabel mellom kontakta merka «LAN» på modemet og kontakta i nettverkskortet i datamaskina di. 8. MERK! Dersom du vil bruke resten av veggkontaktane etter installeringa av ADSL bør veggkontaktane koplast om av montør. Dersom du vil sleppe å kople om kontaktane, kan ei løysing vere å kople til trådlause telefonar, der basen vert plugga i splittaren. Dersom du etter å ha fylgt rettleiinga ikkje kjem på internett må du kanskje endre innstillingar på datamaskina di. Sjå avsnitt om Oppsett av datamaskin på side 13.

Installasjonsrettleiing – abonnentar utan fasttelefon

1. Kopl ein nettverkskabel ifrå veggkontakta til kontakta merka «DSL» på modemet. 2. Kopl straumforsyninga til kontakta merka «POWER» på ADSL modemet, og sett stikkontakta i veggen. 3. Når du har kopla på straumen vil du få lys i lampa som er merka «PWR» eller «POWER». Når ADSL forbindelsen er i orden vil lampa merka «DSL» eller «ADSL» lyse grønt. 4. Kopl ein nettverkskabel mellom kontakta merka «LAN» på modemet og kontakta i nettverkskortet i datamaskina di. 5. Det kan vere ein fordel å ha ein splitter mellom veggkontakt og modem for å redusere støy på linja. Dersom du etter å ha fylgt rettleiinga ikkje kjem på internett må du kanskje endre innstillingar på datamaskina di. Sjå avsnitt om Oppsett av datamaskin på side 13.

36


SHDSL SHDSL leverast og på koparkabel, men til forskjell frå ADSL/VDSL får ein lik hastigheit på både nedlastings- og opplastingskapasitet. SHDSL er tilpassa meir aktive brukarar, gjerne for til dømes sending/ mottak av tunge filer, video og online-gaming, om ein har heimekontor, eller til dømes er tilknytt ein web/e-postserver.

FEILSØK Dersom du har problem med internettforbindelsen anbefalar vi å sjekke at oppkoplinga er riktig ut ifrå teikningane som er synt på side 36. Om alt er riktig kopla kan du forsøke å slå av og på modemet, og kople til att etter nokre minuttar. Det løyser som regel problema. Eit anna tips dersom du nyttar trådlaus nett er å kople datamaskin direkte i LAN 1, 2, 3 eller 4 på modem med ein nettverkskabel. Dersom du framleis ikkje kjem på nett kan du kontakte Enivest Kundeservice på telefon 57 00 91 00.

37


OPPSETT AV E-POST KONTO FOR IPHONE (IOS6)

Trykk på «Mail, kontakter, kalendere»

«Legg til konto…»

Trykk på «Annet»

Trykk på «Legg til e-postkonto»

Fyll inn alle felta med informasjonen du har fått frå Enivest. Trykk «Neste»

38


Velg «IMAP» og fyll inn felta.

Fyll inn felta som vist på bildet.

Fyll inn felta som vist på bildet. Trykk «Neste»

Trykk «Fortsett»

Trykk «Arkiver». Ferdig!

39


RADIO (trådlaust breiband)

Enivest leverer breiband over radioteknologi til kundar som bur utanfor dekningsområde for å få levert breiband på kopar- eller fiberkablar. I områder der det er mogeleg å få breiband over radioteknologi har Enivest sett opp basestasjonar som dekker visse sektorar. Oversikt over sektorane finn du på www.enivest.no

INSTALLASJON AV RADIO Dersom du bur innanfor dekning for ein trådlaus sektor treng du mottakarantenne som monterast utandørs på husvegg i bustaden din, for å kunne ta inn signala. Det må vere fri sikt mellom trådlaus basestasjon og mottakarantenne, og helst ikkje lengre avstand enn 3 km. Montør frå Enivest vil montere og stille inn antenna for deg. Du mottek i tillegg kundeutstyr som skal settast opp innandørs. Dersom du har bestilt RADIO finn du utfyllande informasjon om modem i installasjonsguiden til sist i brosjyren.

FEILSØK Dersom du har problem med internettforbindelsen kan du forsøke fylgjande: Slå av straumen på modemet og radioen i rett rekkefølgje: Ta straumen ut av modemet og den svarte boksen (IDU). Sett så på straumen på den svarte boksen, og vent i ca. 5 minutt (til radioen har fått starta opp skikkelig). Sett så på straumen til modemet. Då skal nettet fungere etter ca. 2 minutt. Sjekk at «linja» (Ethernet-porten) frå den svarte boksen kjem inn i LAN4 på modem eller WAN/Cable/Internett-porten på ein ev. trådlaus ruter, dersom du brukar det i staden for modem. Det er SVÆRT viktig at du ikkje trekk ut leidningen som går til radioen frå den svarte boksen mens det er spenning på. Dersom du gjer det er det sannsynleg at den svarte boksen blir øydelagt. Er det godt nok signal? Du kan sjekke signalindikatoren på undersida av radioen. Det bør vere 4 strekar for å ha godt nok signal. Ikkje gjer forandringar på tilkoplinga utan å avklare med Enivest først. Dersom ein koplar om på utstyret medan straumen er på, vil dette kunne forårsake sikringsbrot og utstyr kan gå tapt. Skader forårsaka av dette vert kunde sjølv nøydd til å dekkje.

40


41


BREIBANDSTELEFONI

Når du har breibandsabonnement frå Enivest kan du få breibandstelefoni levert over breibandsaksessen. Ein av fordelane med dette er at du får færre leverandørar av kommunikasjonstenester å halde deg til, og dermed enklare og meir oversiktlege rekningar. Dessutan blir den tekniske løysinga enklare, og du får hjelp av Enivest kundeservice med spørsmål som angår både internett, telefon. Breibandstelefoni fungerer i praksis lik ein vanleg fasttelefon, men teknologien som ligg bak er forskjellig. Då breibandstelefoni er ei teneste som vert levert over breibandet er den sjølvsagt avhengig av at internettforbindelsen fungerer som den skal. Ved straumbrot vil difor ikkje telefonen fungere. Enivest kan levere breibandstelefoni til alle som har breiband enten levert over Fiber, ADSL eller Radio. Vi tilbyr pakkeløysingar og totalkundetilbod som inkluderar breibandstelefoni. Ved å velje ei slik løysing oppnår du rabattar på total månadspris og etablering. Sjekk Enivest sine heimesider for abonnement og prisar.

BREIBANDSTELEFONI Stadig fleire finn fordelar ved å gå over til breibandstelefoni. Det kan løne seg å bruke breibandslinja også til telefoni. Enivest har skreddarsydd to løysingar for å imøtekome ulike ringemønster både for dei som ringer mykje og dei som ringer lite. Du finn meir om dei to alternativa på våre heimesider www.enivest.no eller du kan ringe oss for å få vite meir om desse produkta.

Overgang til breibandstelefoni Du kan ta med deg ditt eksisterande telefonnummer når du går over til breibandstelefoni frå Enivest, men det føreset at nummeret er aktivt når du bestiller, Når du skal overføre(portere) eit eksisterande telefonnummer er det Enivest som ordnar med oppseiing hos din eksisterande leverandør. Ikkje sei opp sjølv, det kan føre til at Enivest ikkje kan overta nummeret og det går tapt. Om du ikkje har telefonabonnement frå før får du nytt telefonnummer når du bestiller hos Enivest.

Tenester tilgjengeleg for breibandstelefoni Tidligare funksjonalitet der ein kunne taste inn ein nummerkombinasjon for å aktivere vidarekopling er fjerna. Inntil vidare må kundar ta kontakt med Enivest for å få aktivert vidarekopling på breibandstelefoni. Ein kan da velje mellom å vidarekople alle innkommande anrop eller at vidarekopling blir aktivert dersom ein ikkje svarar innan 30 sekund. Ny funksjonalitet er under utvikling slik at kundar kan styre vidarekopling og andre funksjonar frå Mi Side. Enivest vil informere når dette er på plass. For å aktivere vidarekopling ta kontakt med oss på: www.enivest.no/kundesenter/kontakt/breibandstelefoni

42


Installasjon av breibandstelefon Modemet for breibandstelefoni er ferdig konfigurert for bruk av internett. Konfigurasjonen for telefoni vil Enivest legge inn når det nærmar seg dato for portering/aktivering av telefonnummeret ditt. Etter at du er tilkopla internett vil du få eit brev med meir informasjon angåande dato for aktivering av telefontenesta. Modemet må vere tilkopla internett for at Enivest skal kunne legge inn konfigurasjonen. Etter at telefontenesta er aktivert, kan du kople ditt analoge telefonapparat inn i telefonutgangen på modemet og ringje på vanleg måte. Dersom du har bestilt Breibandstelefoni finn du utfyllande informasjon om modem i installasjonsguiden til sist i brosjyren.

Feilsøk Dersom du køyrer store mengder med datatrafikk over internett, kan dette føre til at telefonkvaliteten vert påverka. Dette kan gje seg utslag i hakking og forseinking i telefonsamtalen. Om du opplever dette bør du undersøke på PC-ane om det går mykje datatrafikk og gjere naudsynte tiltak for å redusere datatrafikken. Dersom du har andre problem med breibandstelefoni, kan du fyrst og fremst undersøke om modemet har straum (lampene lyser), og om du har internettilgong. Du kan deretter forsøke å slå av modemet (Trekke ut strømkabelen), vente litt og kople til att. Vent til lampene i modemet lyser normalt og forsøk å ringe igjen. Dersom dette ikkje hjelp, bør du kontakte Enivest Kundeservice.

Tryggleik på internett Internett har gjort verda «mindre» og gir tilgong på det meste. Det er viktig å ha ei bevisst haldning til dette og opptre fornuftig og trygt som internettbrukar. I den siste tida har det blitt meir vanleg med svindelforsøk via e-post(phishing), gjerne med avsendar som tilsynelatande ser ut til å vere nettleverandøren din. I slike e-postar kan du bli bedt om å verifisere eller fornye brukarnamn og passord eller andre personlege opplysningar. Du må ALDRI oppgje slike opplysningar med mindre du er 100% sikker på at avsendar er den den utgjer seg for å vere. Som hovudregel vil aldri Enivest sende deg e-post der vi ber deg om å verifisere/fornye brukarnamn eller passord. Du kan lese meir om tryggleik på nettet på nettstaden www.nettvett.no. Nettvett.no er laga av Postog teletilsynet, og gir informasjon og hjelp om blant anna bruk av e-post, chat og sosiale medier, spam, virus, deling av filer på internett, nettbank, og beskyttelse mot angrep utanfrå.

Foreldre og born på internett Du kan avgrense tilgongen til enkelte sider om dette er ynskjeleg. Men det viktigaste er uansett å snakke med borna om korleis internett skal brukast. Operativsystemet på di maskin har ei rekke innebygde funksjonar for å regulere kva for bruk man kan regulere slik som tidsbruk, tilgang til programmer og liknande. Ynskjer du å kontrollere nettbruk kan du installere gratisprogrammet Windows Live tryggare familie. På heimesidene til Enivest får du tips om korleis du kan auke tryggleiken på nett i forhold til born. Sjå www.enivest.no/kundesenter/rettleiingar/

43


MOBILT BREIBAND

MOBILT BREIBAND Enivest kan levere mobilt breiband med dekning dei fleste stadar i Sogn og Fjordane og resten av landet. Det betyr at du kan surfe der du er når du vil, på hytta, i båten, på fjellet, på flyplassen, på camping, i parken, på kafé. Same kvar du oppheld deg kan du ha med breiband frå Enivest, så lenge det er mobildekning der. Du kan velje om du vil ha ei løysing som er tilpassa ein eller fleire brukarar av same abonnement, og du får og mobilt breiband som kan nyttast i iPad og andre typar nettbrett. Oppgraderingar i mobilnettet dei siste åra har gjort at mobilt breiband har blitt så bra kapasitetsmessig at det kan nyttast som ei fullgod breibandsløysing. Men mange veljer å ha fast breiband i heimen, enten levert på xDSL eller fiber, og i tillegg ha eit mobilt breibandsabonnement som kan brukast når ein treng internett utanfor heimen. Om du veljer ei slik løysing kan du få ein tilpassa pakkeløysingar med fiberbreiband i botn og rabatt på total månadspris og etablering. Sjekk Enivest sine heimesider for abonnement og prisar.

Installasjon av mobilt breiband Det er ulike løysingar for å ta i bruk mobilt breiband, men du treng i alle høver eit SIM-kort og ein PIN-kode frå Enivest. SIM-kortet kan settast rett i datamaskina viss den har integrert modem for mobilt breiband, eller rett i nettbrett. MicroSIM følgjer med om du vil nytte til dømes iPAD. Høyr med din leverandør av datamaskina om du har integrert modem for mobilt breiband i datamaskina. Den vanligaste løysinga er SIM-kort+USB-modem. Her settast SIMkort i USBmodemet og dette pluggast i USB-port på datamaskina.

Installasjonsprogrammet for mobilt breiband vil starte automatisk når USB-modem em er satt i. Du får opp instruksane på skjermen men og vil bli bedt om å taste inn PIN-kode. For vidare installasjon, sjå detaljert beskrivelse e på www.enivest.no

44


Om det skal vere fleire brukarar på mobilt breibandabonnementet tilbyr Enivest løysing med trådlaus ruter for mobilt breiband. Ruteren har SIM-kortlesar så du kan sette kortet direkte i den, følgje instruksar på skjermen, taste inn PIN og du og opp til fire andre brukarar har nettilgong via mobilt breiband. Sjå detaljert beskriving på Om du har intergrert modem i datamaskina di må du sjekke dokumentasjonen for datamaskina eller ta kontakt med din dataleverandør på korleis du skal installere SIM-kortet og ta i bruk programmet på datamaskina.

Feilsøk Her fylgjer tips til kva du kan forsøke om du har problem under installasjon eller bruk av mobilt breiband. Dette er ikkje ei trinnvis liste, det er ikkje sikkert du treng å prøve alt. • • • •

Sett USB-modem i ein annan USB-port på datamaskina Reinstaller mobilt breiband-programmet Ta ut og sett inn att SIM-kortet Er mobildekningen dårlig der du er? Prøv å flytt deg til ein annan stad og sjå om det blir betre. • Prøv å starte PC’en på nytt. • Sjekk om du er tilkopla mobilnettverket (sjå beskrivelse på www.enivest.no) Dersom du framleis ikkje kjem på nett kan du kontakte Enivest Kundeservice på telefon 57 00 91 00.

45


ANNA INFORMASJON FÅ FULL NYTTE AV DITT NYE BREIBAND Når alt er ferdig tilkopla er det berre å sette i gang å nytte tenestene og få mest mogeleg glede av det du har bestilt. Gjennom internett får du tilgong til eit mylder av informasjon om alt mellom himmel og jord; offentlig informasjon, nyhender, søke- og oppslagsverk, underhaldning, kultur, reiser, og alle andre tema du måtte interessere deg for. Du finn og nettbutikkar av alle slag som gir mogelegheiter til å bestille varer, tenester eller billetter til arrangement. Det dukkar stadig opp nye sosiale medier der du kan opprette din eigen profil, knytte kontaktar og dele det du måtte ynskje på nettet. Her finn du tips om eit utval av nettstader du kan besøke. For oss i Sogn og Fjordane: Nyhender i fylket: firda.no, firdaposten.no, fjt.no, fylkesmagasinet.no, sognavis.no, nrk.no/sognogfjordane, fjordingen.no, fjordabladet.no, firdatidend.no, ytresogn.no. Sogn og Fjordane: sfj.no, framtidsfylket.no Søkemotorar hjelp deg å finne det du ynskjer på internett. Du skriv inn det du søker informasjon om i eit søkefelt i søkemotoren, så får du opp fleire relevante val for søket ditt. Døme på søkemotorar er google.no, bing.no, yahoo.no, kvasir.no Litt av kvart: Dersom du søker etter nyttig informasjon innan ulike tema, kan nokon av fyljande nettstader hjelpe deg. norge.no er nettstaden for offentleg informasjon i Noreg. På startsiden.no finn du ein oversikt av mykje av det du kan finne på internett, med linkar til ulike nettstader kategorisert på tema. Dersom du er på jakt etter artiklar eller tenester innan data, reise, motor, økonomi, jobb, helse, bustad kan dinside.no vere ei nyttig nettside å kike innom. Underhaldning: Mange nettstader tilbyr film, web-tv eller streaming av videoklipp. Døme på slike er: sfanytime.com, youtube.com, nrk.no/nett-tv, webtv.tv2.no, maxdome.no og tv3play.no. Du kan også lytte til radio via internett. nrk.no/radio/, p4.no og radionorge.com er nokon av dei som tilbyr nettradio. Sosiale medier: facebook.com, twitter.com, flickr.com og myspace.com er dømer på nettsamfunn der du kan opprette eigen profil, kome i kontakt med andre brukarar og dele det du måtte ynskje med dei. Hastigheitsmålar: speedtest.enivest.net gjer deg gode målingar av hastigheita di på internett. telepriser.no gir deg ei prisoversikt over internettleverandørar i Noreg.


KONTAKTINFORMASJON Dersom du har spørsmål om Enivest, faktura eller tekniske spørsmål kan disse sendast til kundeservice@enivest.no Du finn også svar på dei fleste spørsmåla dine på vår oversikt over mest stilte spørsmål her: http://www.enivest.no/kundesenter/faq/ Prisar og vilkår for din Internett-aksess frå Enivest finn du her: Fiber: http://www.enivest.no/fiber/vilkar-enivest-fiber/ ADSL og Radio: http://www.enivest.no/privat/vilkar-enivest-privat/


Rein Design 24

1

Ø M ER KE T ILJ

7

M

0 Trykksak 7

V i te k v a re p å m i l j ø e t - og b r u k a r sv a n e g o d k j en t trykkeri

VERSJON

57 00 91 00 (08 - 16) kundeservice@enivest.no w w w. e n iv e s t . n o

20 14

Enivest brukarrettleiing 2014 til nett  

Brukarrettleiing 2014

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you