Page 1

Ă…RSMELDING 2013 Enivest tek verda til Sogn og Fjordane


I N N H A L D Året som har gått

3

Om verksemda

6

Organisasjonskart 7 Styret si melding for 2013 Årsrekneskap

9 10

Resultatrekneskap 14 Balanse

15

Kontantstraumanalyse 18 Notar

20

Revisjonsmelding

26

Bildene i årsmeldinga 2013 er henta frå ulike aktivitetar i året som gjekk. Tema er teknologi, sponsor og tilsette. Bilde av Svelgen: Enivest hadde fleire satsingsområde for Fiber til Heimen (FTH) utbygging i 2013, og Svelgen er eit av dei største felta som vart bygt ut. For at vi skal kunne gjere ei utbygging av nytt område, er vi avhengig av fleire ting. Oppslutnad i området, riktig kostnader med utbygging i det aktuelle området, kapasitet til å byggje ut og ikkje minst offentleg støtte for å redusere kostnadane. Vi ser etter kvart at det offentlege har innvilga nokre midlar til bygging av fiber i kommunane i Norge der det ikkje er kommersielt forsvarleg for aktørar å byggje ut, og det gjeld å få på plass gode nok prosjekt slik at ein får stønad til dette. TV på iPad og Get box II var nyheiter som kom i 2013. Den nye Get box II fekk terningkast 6 i VG sin test 17.09.2013. VG skreiv blant anna dette: «Med strøken brukarvennlighet, skarp bildekvalitet, stor harddisk innebygget, er Get box II markedets mest komplette TV-boks.» Bilde av sponsor: I 2001 tok vi verda til Sogn og Fjordane – vi leverte breiband til fylket. Men vi ville gjere noko meir, vi ville gje tilbake. Sidan 2001 har vi sponsa lokale kultur- og idrettsarrangement med millionar. Det betyr blant anna at mange unge og håpefulle kan gå ut og gjere det dei har mest lyst til. For oss er det viktig å gje tilbake. Vi sponsar opplevingar nær deg, fordi det skal løne seg å velje lokalt. Bilde av tilsette: Engasjerte og kompetente medarbeidarar som står på for å gjere din internett kvardag best mogleg. Målet vårt er å levere det kunden treng, til riktig tid, riktig kvalitet og riktig pris. Vi skal i forhold til kundane, legge vekt på nærleik, menneskeleg behandling, kvalitet, kompetanse og effektivitet. Tillit og truverdigheit står sentralt i forhold til kundane våre, og Enivest Kundeservice gjer sitt ytterste for å hjelpe deg raskt og effektivt. Vårt motto er: «Best på kundeservice». Grafisk framstilling: Rein Design

«Bak denne utviklinga står det ein organisasjon som vi har utvikla gjennom mange år. Utbygging og utvikling av teknologi, samt god 2

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013

kompetanse og innovasjon gir godt arbeidsmiljø, noko som igjen skaper kraft og gjennomføringsevne til å nå dei måla vi set oss.»


Året som har gått

Kvifor? «Glitrende i Enivest» var overskrift i Telecom Revy sin presentasjon av Enivest 5. september 2013. Bakgrunn var telemagasinet sin analyse av bransjen 2013. Vidare i rapporten heiter det «Det er ingen enkel sak å lykkes økonomisk og skape betydelig vekst i et spredt befolket og geografisk dyrt bredbåndsfylke som Sogn og Fjordane». Eg får ofte spørsmål om: «Kvifor har Enivest blitt ein suksess?», «Kvifor har de lukkast så godt?», eller liknande. Eit enkelt lite spørsmål, som truleg bør kunne svarast på med ei setning eller to, tenkjer kanskje du? Hadde det vore så enkelt. Det er det nok ikkje. Faren i seg sjølv med å gje seg inn på å svare på slike spørsmål er at det kan leie ut i noko som enkelte meiner er sjølvskryt. Sjølvskryt skaper sjølvsagt ingen ting, tvert om. Men det kan vere godt å få framsnakke. Ikkje minst å få framsnakke gode kollega, dei som satsa risikokapital, nøkkelkundar som satsa i lag med oss i starten og våre samarbeidspartar. Her er mange å takke. Så får vi heller tole at det opplevast som sjølvskryt av enkelte. Resultatet av 2013 syner ein vekst på over 12,1 prosent i salsinntekter sett i høve til 2012. Auken i driftskostnader har vore vesentleg lågare. Driftsresultatet auka av den grunn med heile 45,3 prosent. Årsresultatet auka med 49,8 prosent til 9,2 millionar. Resultatet for 2013 er det beste Enivest har levert gjennom tidene. Det er vi stolte av, og ikkje minst treng ein slike resultat for å kunne investere vidare og utvikle tilbodet.

Foto: Dagrun Reiakvam

«Flaks». I 2014 kjem truleg Enivest til å runde 100 millionar i omsetning. «De traff ein marknad med eventyrleg vekst» eller, «flaks», vil enkelte seie. Ja – «flaks» det må ein og ha. Kva er flaks? Summen av flaks er ikkje tilfeldig. Det du trenar og utviklar deg på, blir du god på. Ein fotballspelar som øver og øver på å skyte mål frå frispark utanfor 16 meteren, blir betre enn ein som ikkje terpar på det. Ein som trener mykje treff oftare stang-inn enn ein som ikkje trener. Mitt poeng er; summen av flaks over tid går alltid i favør til den som øver og øver, framfor ein som ikkje øver - så enkelt. I mitt hovud er altså organisasjonen sin samla innsats for å øve og utvikle seg, lik den flaksen du opplever. Taper du alltid anbodskonkurransane du prisar, eller vinn du dei alltid? Svaret du får er eit uttrykk for grad av øving og grad av kompetanse. Bommar du alltid, har du ikkje nødvendige føresetnader for å lukkast. Vekstmarknad. Ei stor mengde med kundar er ein føresetnad for å lukkast med ei satsing på breiband. Det var lett å rekne ut, at ein ville trenge volum og vekst. Å skape vekst er ikkje like

ENIVEST ÅRSRAPORT 2013 //

3


lett. Det å byggje merkevare og skape vekst, opplever eg som noko av det mest krevjande av alt i satsinga.

utfordringane som ligg føre, er neppe dei same svara vi har funne fram til så langt.

Kapitalsterke eigarar. Ja, enkelte vil seie det. Energiselskapa har vore dei største eigarane bak Enivest. Dei har blitt sett på som solide eigarar med naudsynte evner til å satse. Solide eigarar har dei òg vore. Faktum er at denne typen eigarstruktur var ein føresetnad for å satse på infrastrukturutbygging. Koplinga kapital og infrastruktur var ein føresetnad, men pengar er ikkje åleine årsaka til utvikling. I same periode som Enivest har blitt til, har mange andre energiverk i Norge og Norden satsa kapital på utbygging av breiband. Mange andre har satsa mykje meir enn det vi har gjort. Mange satsingar har ikkje lukkast, og store underskot er blitt resultatet. Fellesnemnaren til mange av dei som ikkje har lukkast og Enivest, er tilgang til finansiering og soliditet i eigarstrukturen sin. Ein kan altså ikkje setje likheitstrekk mellom tilgang til finanisering/soliditet og grad av suksess.

Skal eg gje ei oppsummering av dei viktigaste trekka for Enivest si utvikling, så måtte det bli; segmenteringsstrategi, merkevarebygging, timing av teknologi- og infrastrukturval, kulturbygging gjennom sals- og merkevarebygging samt ein kosteffektiv kultur internt. Totalsvaret på dette er kompetanse. Fellesnemnaren i dette er ein dyktig organisasjon. Så - svaret på spørsmålet er ikkje «kort og enkelt». Det er veldig samansett og krevjande. Det har vore ei glede å leie Enivest gjennom dei ulike fasane. Sjølvsagt ikkje utan bekymring, utfordringar og hårete mål som skulle nåast. Utan desse måla og utfordringane hadde det ikkje vore så interessant.

Det fyrste som vart gjort i 2001 var å gå gjennom investeringsbehov, potensiale og prøve å forstå nærare risikoen samt vurdere oppsida ved etableringa. Vi fant fort ut at det å satse medførte stor risiko. «Dette kan blir fylkeshistoriens største mageplask» var statement frå dei som skulle kunne forretningsplanar. Ei rekkje risikoreduserande tiltak vart iverksett, allereie to veker etter oppstart. Kva er så svaret? Det å grûnde, utvikle og forbetre verksemda blir ofte samanblanda med å drifte ei verksemd. Drift er lett. Drift er styring etter rutine for å løyse repeterande oppgåver. Verksemder som lukkast utover drift, har eit utprega fokus på å utvikle og forbetre heile vegen. Ei verksemd skal utvikle tilsette, byggje kompetanse, organisasjon og bedriftskultur. Ein skal etablere merkevare og identitet, rekruttere kundar og oppnå kundelojalitet. Ein skal ivareta kapitalisering og finansiering, gjere gode strategiprosessar som fangar ulike framtidsutsikter, og gjere gode teknologiske val. Identifisere endringar rundt seg, gjennomføre risikostyring og sårbarheitsvurdering. Kva segment, produkt, pris og distribusjon skal ein satse på, kva teknologi skal ein velje for å støtte vala? Vidare skal ein ha god dialog med kundar, interessegrupper, media og ivareta samfunnsansvar og byggje godt omdømme. Verksemda skal takle og tilpasse dei ulike fasane gjennom etableringsfase, veksefase og vidare i industrialiseringsfase. Avgjerder, avgjerder og avgjerder - døgn etter døgn - år etter år. Enten styrkjer du posisjonen din i høve kundar, konkurrentar og leverandørar gjennom summen av desse vala, eller så svekkjer du deg. Vurderingane og evnene organisasjonen har til å ta gode avgjerder og gjennomføre desse, blir til slutt avgjerande. Eg meiner Enivest har klart det, og det er årsaka til suksessen. Svara på

4

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013

Enivest er i positiv endring. Med tilnærma likt tal tilsette produserte Enivest 12 millionar meir i omsetning i 2013 enn i 2012. Ikkje alle bransjar klarer det. Men, og det er eit viktig men, ikkje alle i vår bransje klarer det heller, faktisk veldig få. Det er grunn til å gje organisasjonen ein kraftig honnør for den innsats som blir gjort. Den kompetanse som ein individuelt og samla står inne med, er sjølvsagt det viktigast element i det å byggje eit selskap som kan levere vekst og utvikling, år etter år. God breibandstilknytning er nødvendig for å utvikle og oppretthalde nærings- og busetnadsstruktur. I alle segment, både bedrift og privat, er det høge forventningar som skal imøtekomast framover. Leveranse og breiband av høg kvalitet er fundament i Enivest sin strategi, og med dette vil vi i sterk grad bidra til ei positiv samfunnsutvikling for regionen vi bur og arbeider i. Dei komande åra vil gje oss ein ny kvardag, der tal tilkopla einingar og breibandskapasitet vil vekse kraftig. Enivest vil vere leiande i denne utviklinga, der auke i kapasitet skal dekkjast gjennom vidareutvikling av det som i dag er det største fibernettet i Sogn og Fjordane. I sum legg det til rette for framtidsretta tenester for forbrukar og ein attraktiv arbeidsplass, der unge med høgare utdanning kan søkje seg tilbake til distriktet. Å kunne bidra til auka busetnad og utvikling, ser vi på som vårt viktigast samfunnsansvar av alle. Vi ser på vår kjerneverksemd som samfunnsansvar i seg sjølv. Vi håpar og trur du ser glede og nytte av vårt bidrag til utviklinga av samfunnet rundt oss.

Mvh

Nandor Helgheim Administrerande direktør


Svelgen. Foto: Anita M. Ingebrigtsen


Om verksemda

Selskapsinformasjon Verksemda sitt fulle namn: Føretaksnummer: Hovudkontor: Avdeling Sandane:

ENIVEST AS 982 503 620 MVA Firdavegen 5, 6800 Førde Strandtun i Bukta, 6821 Sandane

Eigarskap Aksjonær Sunnfjord Energi AS Sogn og Fjordane Energi AS BKK Marked AS N. Helgheim AS Stryn Energi AS Førde Kommune Naustdal Kommune Hyllestad Kommune Jølster Kommune Gloppen Kommune Totalt antal aksjar

Tal aksjar

Eigarandel

Stemmeandel

9.341 50,9 % 50,9 % 7.114 38,7 % 38,7 % 661   3,6 %   3,6 % 618   3,4 %   3,4 % 396   2,2 %   2,2 % 66   0,4 %   0,4 % 66   0,4 %   0,4 % 33   0,2 %   0,2 % 33   0,2 %   0,2 % 31 0,2 %   0,2 % 18.359   100 %   100 %

Enivest sitt styre er samansett av: Fast medlem: Vara: Fredrik Behrens (styreleiar) Svein O. Lien (møter fast) Bjarne Skaar Helge Robert Midtbø Torild Skogsholm Martin Holvik Ingvild Ragna Myhre Kevin Barry Shanks (tilsettrepresentant) Asgeir Aase Torbjørn Os (tilsettrepresentant)

Førde IL Handball 2 div. damer. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

6

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013


Kontorstruktur Hovudkontor Avdelingskontor

Førde 36 tilsette* Sandane   2 tilsette*

* Innkludert innleigde

Verksemda har eigarpartar i Sandane Næringshage og Bedriftsnettverket Sogn og Fjordane.

Organisasjon Aktivitetane i Enivest er delt inn i følgjande hovudområde: • Sal BM blir leia av Ole Ingar Haaland som har ansvar for sal og oppfølging av bedriftskundar. • Sal PM blir leia av Margrete Lunde som har ansvar for sal og oppfølging av privatkundar, deriblant drift av leveranse- og kundeservice. Avdelinga har òg ansvar for verksemda sine kunderetta aktivitetar innan sal og marknadsføring. • Nett og tenester blir leia av Arild Fleten som har ansvar for utbygging, leveranse og drift av verksemda sin infrastruktur. • Økonomi/stab blir leia av Gerry Eikeland som har ansvar for selskapet sin økonomiog rekneskapsfunksjon, personale og andre stabsrelaterte oppgåver.

Organisasjonskart

Administrerande direktør Nandor Helgheim

Økonomi/stab Gerry Eikeland Tal tilsette: 4

Sal BM

Sal PM

Nett og tenester

Ole Ingar Haaland

Margrete Lunde

Arild Fleten

Tal tilsette: 4

Tal tilsette: 18

Tal tilsette: 11

Get box II

ENIVEST ÅRSRAPORT 2013 //

7


VI STØTTAR SOGN OG FJORDANE

Førdefestivalen. Foto: Arve Ullebø


Styret si melding for 2013

Enivest gjennom det siste året Enivest har også i 2013 halde fram med den gode veksten frå tidlegare år, og har auka omsetnaden med ca. 12 % samanlikna med 2012. Også i 2013 skuldast mykje av veksten Enivest si bevisste satsing på utbygging av fiber til heimen (FTH) samtidig som ein har satsa mykje på fiberutbygging til bedrifter. Tilbodet knytt til DSL (levering gjennom kopar), har også blitt vidareutvikla i 2013, til dømes gjennom utbygging av fleire VDSL-sentralar. Utbygging av fiber til heimen har sidan 2009 vore eit viktig satsingsområde for Enivest. Ved utgangen av 2013 er det levert over 5300 fiberkundar, og utbygging av fiber til heimen er den viktigaste årsaka til omsetningsveksten til selskapet. I 2013 har vi levert vel 900 nye fiberkundar fordelt over nye og eksisterande felt. Utbygging av fiber er framleis ei viktig satsing i forhold til å gje innbyggarane i Sogn og Fjordane tilgang til høgare kapasitet på breiband. Sogn og Fjordane er framleis, saman med Oppland, det fylket som har lågast dekning av breiband med høgare kapasitet med ei dekning på ca. 50 % *. Dette er ei stor auke frå året før då dekninga var på 27 % *. For å løfte dette vidare er ein i større grad avhengig av å finne modellar som også inneber offentleg støtte i ei eller anna form.

Totalt vart 943 nye FTH kundar levert i 2013. Leveranseprosessar har gått bra, trass ein stor konsentrasjon av leveransar i siste kvartal. I tillegg til oppsal i eksisterande områder og felt, er nye kundar hovudsakleg fordelt på felt i Dale, Svelgen, Eid, Førde, Florø og Årdal i Jølster. Enivest har i 2013 gått over til nye fibermodem. Det nye utstyret gjer no leveranseprosessar enklare ved at kundar sjølv kan byte, kople og flytte modem. I bedriftsmarknaden har det vore vekst i 2013. Hovudårsaka til veksten er stadig aukande fokus på varige og meir framtidsretta løysingar hjå bedriftene. For å få dette bestiller bedriftene fiber, anten det er nye kundar eller ei overgang frå DSL-teknologi eller radio. Nye løysingar og stadig fleire tenester for bedriftene i «skya» gjer også til at utviklinga fortset. Stabiliteten i nettet til Enivest for 2013 har vore god. Driftsmessig har det ikkje vore store utfordringar knytt til vær eller andre faktorar. Vi har gjennom året oppgradert infrastruktur i ytre nett, samt bygd nye trasear for å styrke redundansen vår i indre nett. Ein har klart å handtere den aukande kundemassen på fleire teknologiar, og ser at trenden er eit skifte over til fleire bedriftskundar på fiber. *) Kjelde: Dekningsundersøkelsen 2013/2012 / Nexia

Privatmarknaden for DSL-teknologi (kopar og radio) utviklar seg flatt. Tilvekst av nye kundar gjennom året har vore god, men avgang av eksisterande kundar har vore større enn normalt. Avgangen skuldast i hovudsak at kundar vel å gå over til fiber.

Utvikling drisinntekter 100 000 90 000 80 000 70 000 60 000 50 000 40 000 30 000 20 000 10 000 -

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013

ENIVEST ÅRSRAPORT 2013 //

9


Verksemda Verksemda sitt formål er, på forretningsmessig basis, å opprette og tilby framtidsretta kommunikasjonsnett og tenester knytt til denne typen nett, her medrekna deltaking i og kjøp/sal av andre verksemder med liknande formål. Verksemda kan også engasjere seg i andre forretningsområde og verksemder når dette er eigna til å styrkje hovudforretnings-området, eller føre til meir rasjonell utnytting av verksemda sine ressursar. Aktiviteten er i hovudsak retta mot privatog bedriftsmarknaden i Sogn og Fjordane. Verksemda vart etablert i 2001 og har hovudkontor i Førde og avdelingskontor på Sandane. Det har ikkje vore vesentlege endringar knytt til marknadsforhold, produkt eller tenester i 2013. Enivest har delteke i og vunne fleire anbodskonkurransar knytt til utbygging av FTH og FTB. I denne forbindelse er det motteke anleggstilskot for totalt kr 6,1 millionar som i rekneskapen er ført som reduksjon av investeringar eller som annan langsiktig gjeld på anlegg som ikkje er ferdigstilte ved utgangen av 2013.

Utgreiing av årsrekneskapen Verksemda har inntil 2012 rapportert etter reglane knytt til små føretak, men er frå 2013 ikkje lenger å rekne som ei lita verksemd og må avlegge rekneskapen etter hovudreglane i rekneskapslova. Dette inneber at verksemda på fleire område må vurdere etter andre prinsipp enn tidlegare, til dømes leigeavtaler knytt til fiber. Kartlegginga og vurderingane verksemda har gjort i denne samanheng har ikkje medført endringar samanlikna med tidlegare. Rekneskapen er oppgjort med føresetnad om framleis drift. Driftsinntekter Sum driftsinntekter for 2013 er kr 95,6 millionar som er ein auke på kr 10,3 millionar eller 12,1 %, frå føregåande år. Auken er i all hovudsak knytt til den positive utviklinga i tal fiberkundar som og fører til fleire TV-kundar. Omsetnad knytt til bedriftsmarknaden og privatmarknaden utanom fiber held seg relativt stabil. Driftskostnader Sum driftskostnader for 2013 er kr 82,8 millionar som er ein auke på kr 6,3 millionar eller 8,2 % frå føregåande år. Sett i høve til omsetning held dei ulike kostnadskomponentane seg rimeleg stabile.

10

tal for 2012 var ein eigenkapital på kr 42,3 millionar som utgjer 53,3 % av totalkapitalen på kr 79,4 millionar. Likviditetsbehaldninga utgjer ved utgangen av 2013 kr 29,5 millionar mot kr 11,0 millionar i 2013. Auken skuldast fleire forhold, til dømes låge investeringar, mottak av anleggstilskot i samband med anbodskonkurransar, samt god drift. Verksemda har ei unytta trekkrettigheit knytt til eksisterande lån på kr 3,2 millionar. Varige driftsmidlar utgjer ved utgangen av 2013 kr 56,3 millionar mot kr 57,2 millionar i 2012. Langsiktig gjeld til kredittinstitusjonar utgjer ved utgangen av 2013 kr 13,6 millionar mot kr 15,7 millionar i 2012. Kontantstraum Kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar utgjer i 2013 kr 29,5 millionar mot kr 22,4 millionar i 2012. Avvik i forhold til driftsresultat i same periode, høvesvis kr 12,8 millionar i 2013 og kr 8,8 millionar i 2012, skuldast i hovudsak høge avskrivingar. Investeringane i 2013, kr 14,6 millionar, er noko lågare enn i 2012, kr 23,4 millionar. Endringa skuldast blant anna at ein ikkje har gjennomført alle budsjetterte investeringar i 2013 og at ein i 2012 bygde ut eigne fiberanlegg som kravde store investeringar. Kontantstraum frå finansiering er positiv som følje av mottekne anleggsbidrag.

Finansiell risiko Verksemda sin finansielle risiko består hovudsakeleg av marknadsrisiko, men verksemda er og eksponert for kreditt-, likviditets- og renterisiko. Risikoanalyser er ein del av det årlege strategiarbeidet i verksemda og marknadsrisikoen vurderast løpande gjennom året ved overvaking av marknaden. Marknadsrisiko Verksemda har ein god posisjon i både privat- og bedriftsmarknaden i Sogn og Fjordane og leverer etter kvart ein større del av tenestene på fiber, ein infrastruktur som verksemda oppfattar som framtidsretta og lite konkurranseutsett i forhold til anna eksisterande teknologi. Det er eit stort prispress i bransjen, spesielt i bedriftsmarknaden. Verksemda har fokus på å levere produkt og tenester med god kvalitet til konkurransedyktige prisar for å oppretthalde dagens marknadsdelar.

Resultat Driftsresultatet for 2013 er kr 12,8 millionar mot kr 8,8 millionar i 2012, noko som utgjer ein auke på 45,4 %. Årsresultatet etter skatt har auka frå kr 6,2 millionar i 2012 til kr 9,3 millionar i 2013.

Kredittrisiko Verksemda har eit stort tal kundar med avgrensa tapsmoglegheit knytt til den enkelte. Fakturering gjerast forskottsvis kvart kvartal og tenesta vert stengt ved misleghald. Inkasso og vidare oppfølging av kundar vert utført av eksternt inkassobyrå. Verksemda vurderer kredittrisikoen som låg.

Balanse Balansen syner igjen den gode aktiviteten i verksemda. Ved utgangen av 2013 har verksemda ein eigenkapital på kr 46,9 millionar, noko som utgjer 50,2 % av totalkapitalen på kr 93,6 millionar. Tilsvarande

Likviditetsrisiko Verksemda har god likviditet med inneståande i bank på kr 29,5 millionar og eit langsiktig lån i bank på kr 13,6 millionar. Likviditetsrisikoen vurderast som liten.

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013


Renterisiko Verksemda har langsiktige leigeavtaler der leigebetalinga blant anna er knytt opp mot NVE-renta. Denne renta er samansett av fleire parameter, og det er per i dag ikkje mogleg å sikre seg mot den risiko som ligg i desse avtalane (rentebinding). Langsiktig lån i bank er det ut frå lånet sin storleik ikkje funne formålstenleg å rentesikre.

På lik linje med tilsvarande verksemder tilfører ikkje Enivest miljøforureiningar eller utslepp i særleg grad. Selskapet har sidan 2011 vore medlem i RENAS, noko som ivaretek det lovpålagde ansvaret selskapet har som importør av elektriske og elektroniske produkt, til å syte for innsamling og miljøriktig behandling av kasserte produkt. Selskapet har fokus på å ikkje forbruke meir energi enn naudsynt for å produsere tenester innan elektronisk kommunikasjon.

Tilhøva etter årsskiftet Styret er ikkje kjend med vesentlege hendingar etter utløp av perioden.

Disponering av årsoppgjeret Verksemda sitt årsresultat etter skatt er på kr 9.259.647. Styret gjev overfor generalforsamlinga framlegg om at årsresultatet vert disponert med kr 4.626.468 til utbytte og kr 4.633.179 til annan eigenkapital.

Helse, miljø, sikkerheit og klima Sjukefråværet i verksemda var i 2013 på 7,67 %, som er ein auke frå 6,25 % i 2012. Vi har ikkje registrert at noko av fråværet skuldast forhold på arbeidsplassen. Enivest har fokus på tilrettelegging av både arbeidsoppgåver og dei enkelte arbeidsstasjonane, slik at ein unngår sjukefråvær. Det blir arbeidt kontinuerleg med å få ned sjukefråværet i verksemda, både med tanke på proaktive tiltak og oppfølging av den enkelte. Det har ikkje vore ulykker eller skadar forbunde med arbeid i verksemda som har ført til fråvær. Resultat frå medarbeidarsamtalar tyder på at tryggleik og trivsel har høgt fokus, og at det er eit godt arbeidsmiljø i verksemda.

Kommunikasjonsløysingar og internett som verktøy er i fleire tilfelle med på å redusere behovet for reiser for tilsette og kundar som er medvitne på å unngå ytre forureiningar.

Likestilling Av Enivest sine 34 fast tilsette er det 23 menn og 11 kvinner. Selskapet har fremma like mogelegheiter for menn og kvinner ved tilsetjingar. Selskapet er opptatt av mangfald og inkludering, og at ingen skal oppleve ulik handsaming og mangel på likestilling i det daglege arbeid.

Framtidsutsikter Styret i Enivest ser positivt på utsiktene framover. Det er fleire årsaker til dette. Konsum av digitale tenester i bedriftsmarknaden og i private hushald aukar og ser ut til å auke vidare framover. Skytenester i bedriftsmarknaden og deling av informasjon og video gjennom ulike sosiale media er dagens drivarar i privatmarknaden. Auka merksemd frå ny regjering på digitalisering av offentleg sektor vil vere ein ytterlegare drivar for auke i trafikken. Frå før av er vi midt inne i eit stort teknologisk paradigmeskifte innan

Driftsresultat 14 000 12 000 10 000 8 000 6 000

Driftsresultat

4 000 2 000 -2 000 -4 000 -6 000

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013

ENIVEST ÅRSRAPORT 2013 //

11


Fredrik Behrens

Ingvild Ragna Myhre

Bjarne Skaar

Asgeig Aase

Torild Skogsholm

Torbjørn Os

Nandor Helgheim

Svein Olav Lien

Foto: Dagrun Reiakvam

aksessteknologi. Dette slepp fram nye tenester og stimulerer til ytterlegare innovasjon frå innhaldseigarar og andre aktørar. Endringa påverkar måten innhald blir levert og korleis vi som forbrukarar konsumerer digitalt innhald. Alt blir meir interaktivt. OL i Sotsji er eit godt døme på korleis vi endrar vanar og korleis ny teknologi påverkar kvardagen vår. TV2 Sumo si innhaldsteneste fekk over 200.000 nye brukarar gjennom dei fjorten dagane OL pågjekk.

Alle som vil får likevel ikkje tilgang til eit godt breibandstilbod i dag, mange av desse vil heller ikkje få det i framtida. Det er grunn til å vere merksam på utfordringar knytt til digitalt klasseskilje framover. Den nye regjeringa som tok over makta hausten 2013 har sett klare ambisjonar for digitale tenester generelt og breibandpolitikken spesielt, til dømes med minimum 100 mb til alle husstandar som eit mål. Slike mål oppfyller ein ikkje utan å setje inn verkemiddel. Vi ser fram til å følgje dette i tida som kjem.

Førde, 12. mars 2014

Fredrik Behrens Styreleiar

Ingvild R. Myhre

Bjarne Skaar

Asgeir Aase

Torild Skogsholm

Torbjørn Os Tilsetterepresentant

Nandor Helgheim Administrerande direktør

12

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013


Huldefossen. Foto: Chriss Are Farsund


Resultatrekneskap

Notar

DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER

Salsinntekt

Annan driftsinntekt

2013 94 896 417

2012 84 350 352

722 413

947 625

Sum driftsinntekter

95 618 830

85 297 977

Varekostnad

36 556 127

29 939 012

1

Lønnskostnader m.m.

21 327 166

19 205 269

3

Ordinære avskrivingar

14 529 966

14 603 496

1

Andre driftskostnader

10 417 679

12 750 246

Sum driftskostnader

82 830 938

76 498 023

Driftsresultat

12 787 893

8 799 954

FINANSINNTEKTER OG FINANSKOSTNADER

Annan renteinntekt

650 041

253 728

Annan finansinntekt

58 319

48 309

Annan rentekostnad

563 012

483 481

Annan finanskostnad

1 339

13 216

Netto finansresultat

144 009

-194 660

Ordinært resultat før skattekostnad

12 931 902

8 605 295

4

Skattekostnad

3 672 255

2 424 437

9 259 647

6 180 858

14

ÅRSRESULTAT

OVERFØRINGAR

Avsett til annan eigenkapital

4 633 179

6 180 858

Foreslått utbytte

4 626 468

0

Sum overføringar

9 259 647

6 180 858

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013


Balanse

Notar

EIGEDELAR

2013

2012

ANLEGGSMIDLAR

4

Utsatt skattefordel

834 163

909 359

Sum immaterielle eigedelar

834 163

909 359

54 335 978

55 346 701

1 590 854

1 847 703

393 094

0

56 319 926

57 194 403

Varige driftsmidlar

3, 5

Maskiner og anlegg

3, 5

Driftslausøyre, inventar, edb m.m.

3, 5

Anlegg i arbeid

Sum varige driftsmidlar

Investeringar i aksjar og andelar

15 000

15 000

Sum finansielle anleggsmidlar

15 000

15 000

Sum anleggsmidlar

57 169 089

58 118 762

OMLØPSMIDLAR

Fordringar

5

Kundefordringar

5 550 600

8 413 166

Andre fordringar

1 325 258

1 912 654

Sum fordringar

6 875 857

10 325 821

7

Bankinnskot

29 531 840

10 965 074

Sum omløpsmidlar

36 407 697

21 290 895

Sum eigedelar

93 576 786

79 409 657

ENIVEST ÅRSRAPORT 2013 //

15


Balanse

Notar

EIGENKAPITAL OG GJELD

2013

EIGENKAPITAL

Innskoten eigenkapital

2

Aksjekapital

18 359 000

18 359 000

Sum innskoten eigenkapital

18 359 000

18 359 000

Opptent eigenkapital

Annan eigenkapital

28 587 164

23 953 985

Sum opptent eigenkapital

28 587 164

23 953 985

6

Sum eigenkapital

46 946 164

42 312 985

GJELD

Annan langsiktig gjeld

5

Gjeld til kredittinstitusjonar

13 638 988

15 718 996

Øvrig langsiktig gjeld

5 200 621

874 002

Sum anna langsiktig gjeld

18 839 609

16 592 998

Kortsiktig gjeld

Leverandørgjeld

7 307 284

6 990 410

4

Betalbar skatt

3 590 971

2 486 828

Skuldige offentlege avgifter

1 417 405

1 345 524

Foreslått utbytte

4 626 468

0

Annan kortsiktig gjeld

10 848 885

9 680 912

Sum kortsiktig gjeld

27 791 013

20 503 674

46 630 622

37 096 672

93 576 786

79 409 657

Sum gjeld

Sum eigenkapital og gjeld

2012

Førde, 12. mars 2014

Fredrik Behrens Styreleiar

Ingvild R. Myhre

Bjarne Skaar

Asgeir Aase

Torild Skogsholm

Torbjørn Os Tilsetterepresentant

Nandor Helgheim Administrerande direktør

16

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013


Ein del av den flotte gjengen i Enivest. Foto: Chriss Are Farsund


Kontantstraumanalyse

KONTANTSTRAUM FRA DRIFTA

2013

2012

Resultat før skattekostnad

12 931 901

8 605 294

Betalte skattar

-2 492 916

-2 190 718

-99 101

0

14 529 966

14 603 496

-336 893

-453 200

Endring i kundefordringar

2 862 566

-1 711 882

Endring i leverandørgjeld

316 874

122 934

71 881

242 003

1 350 465

3 174 912

29 134 743

22 392 839

Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar

151 000

0

Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar

-14 748 589

-23 446 893

Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar

-14 597 589

-23 446 893

0

10 194 613

-2 080 008

-2 080 008

Innbetaling av tilskot

6 109 620

0

Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar

4 029 612

8 114 605

Netto endring i bankinnskot, kontantar og liknande

18 566 766

7 060 551

Behaldning av bankinnskot, kontantar og liknande pr. 01.01.

10 965 074

3 904 523

Behaldning av bankinnskot, kontantar og liknande pr. 31.12.

29 531 840

10 965 074

Gevinst- /tap+ ved sal av varige driftsmidlar Ordinære avskrivingar Endring i varer

Endring i off. avgifter, skattetrekk m.m. Endring i andre omløpsmidlar og andre gjeldspostar Netto kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar KONTANTSTRAUM FRÅ INVESTERINGAR

KONTANTSTRAUM FRÅ FINANSIERING Innbetalingar ved opptak av ny langsiktig gjeld Utbetalingar ved nedbetaling av langsiktig gjeld

18

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013


Get lanserte TV på iPad i august 2013. Denne satsinga var eit steg mot ein endå betre underhaldingskvardag for kundane våre, med tilgang til Get-opplevingar kvar som helst og når som helst i huset. Get-appen gir deg tilgang til TV-guiden via nettbrett og smarttelefon, og full oversikt over Get filmleige. Ein magisk app!

TV på iPad. Foto: Chriss Are Farsund


Notar

Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova av 1998 og god rekneskapsskikk i Norge.Verksemda har tidlegare år rapportert etter reglane for små føretak. Frå 2013 er ikkje verksemda lenger å sjå som lita og må rapportere etter dei generelle rekneskapsreglane. Endringa har ikkje medført endringar i prinsipp samanlikna med tidlegare år. Verksemda har tidlegare klassifisert og presentert reservedelar og kundeutstyr som varelager. Dette er i 2013 endra og inngår no i varige driftsmidlar. Generelle inntekts- og kostnadsføringsprinsipp Inntekt resultatførast når den er opptent, normalt på leveringstidspunktet ved sal av varer og tenester. Driftsinntekter er trekt frå meirverdiavgift, rabattar og bonusar. Forskotsbetalte abonnement, som på betalingstidspunktet gjeld for ein periode på meir enn 12 månader fram i tid, vert balanseført som annan langsiktig gjeld, og inntektsført etter kvart som tenestene vert leverte.

Fordringar Kundefordringar og andre fordringar er oppført til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap gjerast på grunnlag av ei generell vurdering av heile kundemassen. Bankinnskot kontantar og liknande Bankinnskot, kontantar ol. inkluderer kontantar, bankinnskot og andre betalingsmidlar med forfallsdato som er kortare enn tre månader frå nyskaffing. Pensjonar Innskotsplanar periodiserast etter samanstillingsprinsippet. Årets innskot til pensjonsordninga kostnadsførast.

Utgifter vert samanstilt med og kostnadsført samtidig med dei inntekter utgiftene kan vise til. Utgifter som ikkje kan vise direkte til inntekter vert kostnadsført når dei påløper. Mottatt driftstilskot vert bokført som reduksjon av dei driftsutgifter tilskotet er meint å dekke. Unytta driftstilskot vert bokført som annan kortsiktig gjeld.

Ved deltaking i ytelsesbaserte fleirforetaksordningar, rekneskapsførar verksemda sin del av den ytelsesbaserte pensjonsforpliktinga, pensjonsmidlar og kostnad knytt til pensjonsordninga. Når det ikkje føreligg tilstrekkeleg informasjon til å rekneskapsføre ei fleirforetaksordning som ein ytelsesbasert pensjonsordning, rekneskapsførast ordninga som om den var ei innskotsordning.

Hovudregel for vurdering og klassifisering av eigedelar og gjeld Eigedelar bestemt til varig eige eller bruk er klassifisert som anleggsmidlar. Andre eigedelar er klassifisert som omløpsmidlar. Fordringar som skal tilbakebetalast innan eitt år er klassifisert som omløpsmidlar. Ved klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld er tilsvarande kriterier lagt til grunn. Anleggsmidlar vurderast til anskaffingskost, men vert skrivne ned til verkeleg verdi når verdifallet ikkje forventast å vere forbigåande. Anleggsmidlar med avgrensa økonomisk levetid avskrivast planmessig. Mottatt anleggsbidrag samanstillast med dei investeringar bidraget er gitt for å redusere årets tilgang. Unytta anleggsbidrag vert bokført som annan langsiktig gjeld. Omløpsmidlar vurderast til lågaste av nyskaffingskost og verkeleg verdi.

Skattar Skattekostnaden vert stilt saman med reknskapsmessig resultat før skatt. Skatt knytt til eigenkapitaltransaksjonar, til dømes konsernbidrag, vert ført mot eigenkapitalen.

Leigeavtalar Driftsmidlar som leigast på tingingar som i det vesentlege overfører økonomisk risiko og kontroll til verksemda (finansiell leasing), balanseførast under varige driftsmidlar og tilhøyrande leigeforpliktingar

20

tas med som forpliktingar under renteberande langsiktig gjeld til noverdi av leigebetalingane. Driftsmiddel avskrivast planmessig, og forpliktinga reduserast med betalt leige etter frådrag for berekna rentekostnad. Andre leigeavtalar (operasjonelle), kostnadsførast løpande.

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013

Skattekostnaden består av betalbar skatt (skatt på årets direkte skattepliktige inntekt) og endring i netto utsatt skatt. Skattekostnaden fordelast på ordinært resultat og verknad av prinsippendring og korrigering av feil i samsvar med skattegrunnlaget. Utsatt skatt og utsatt skattefordel er presentert netto i balansen. Offentlige tilskot Tilskot resultatførast etter dei grunnleggande prinsipp for inntekts- og kostnadsføring. Tilskot resultatførast samtidig som den inntekta det skal auke eller kostnaden det skal redusere. Investeringstilskot er nettoført mot investeringar, medan øvrige tilskot er ført mot den kostnads- eller inntektspost tilskotet relaterer seg til.


Notar

NOTE 1 – LØNNSKOSTNADER, TAL TILSETTE, GODTGJERSLER, LÅN TIL TILSETTE MM. Lønnskostnad 2013 2012 Lønn 19 377 334 16 906 670 Folketrygdavgift 2 088 154 1 982 884 Pensjonskostnader 835 331 822 170 Andre ytingar 933 947 1 369 745 Sum 23 234 766 21 081 469 - Aktiverte eigne investeringsarbeid 1 907 600 1 876 200 Netto lønnskostnader 21 327 166 19 205 269 Tal sysselsette årsverk

38

38

Verksemda er pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon, og har pensjonsordning som tilfredsstiller krava i denne lova. Verksemda si innskotsordning er organisert i høve til lov om innskotspensjon. Verksemda har ei reell økonomisk forplikting som fylgje av avtala om ny AFP-ordning. I 2013 foreligg imidlertid ikkje tilstrekkeleg informasjon som muliggjer innregning av ny forplikting i årsrekneskapen for 2013. Dette fører til at ingen forpliktingar balanseførast i 2013 Innskotsordning 2013 2012 Aktive 34 34 Totalt 34 34 Kostnad 578 751 606 057 Ytelsesbasert ordning (AFP) Aktive 35 36 Pensjonistar - Totalt 35 36 Kostnad 256 580 216 113 Administrerande direktør Styret Ytingar til leiande personar Lønn Pensjonskostnader Annan godtgjersle Sum * Omfattar og honorar for 2011, utbetalt i 2012

2013 987 106 49 796 102 675 1 139 577

2012 965 263 40 236 121 574 1 127 073

2013 210 925 0 0 210 925

2012 * 533.350 0 0 * 533.350

Ytingar til revisor Deloitte AS 2013 2012 Revisjon 88 750 83 500 Revisjonsrelaterte tenester: – Annan rekneskapsbistand 0 0 – Andre revisjonsrelaterte tenester 0 0 Sum 88 750 83 500

ENIVEST ÅRSRAPORT 2013 //

21


Notar

NOTE 2 – AKSJEKAPITAL OG AKSJONÆRINFORMASJON Aksjekapitalen A-aksjar Sum Aksjonærane Sunnfjord Energi AS Sogn og Fjordane Energi AS BKK Marked AS N Helgheim AS Stryn Energi AS Førde Kommune Naustdal Kommune Hyllestad Kommune Jølster Kommune Gloppen Kommune Totalt aksjar

Antal Pålydande Bokført 18 359 1 000 18 359 000 18 359 18 359 000

Antal aksjar 9 341 7 114 661 618 396 66 66 33 33 31 18 359

Eigarandel 50,9 % 38,7 % 3,6 % 3,4 % 2,2 % 0,4 % 0,4 % 0,2 % 0,2 % 0,2 % 100 %

Stemmeandel 50,9 % 38,7 % 3,6 % 3,4 % 2,2 % 0,4 % 0,4 % 0,2 % 0,2 % 0,2 % 100 %

A-aksjar 0 618

Eigarandel 0,0 % 3,4 %

Stemmeandel 0,0 % 3,4 %

Maskiner og anlegg Driftslausøyre 125 081 053 9 815 125 21 711 252 3 542 627 16 242 934 508 873 119 612 735 6 781 371

Anlegg i arbeid 0 0 393 094 393 094

Enivest AS er dotterselskap av Sunnfjord Energi AS, 6800 Førde. Aksjar eigd av styret og administrerande direktør Styret Administrerande direktør* * Gjennom 100 % eigarskap i N Helgheim AS.

NOTE 3 – VARIGE DRIFTSMIDLAR Anskaffelseskost 01.01. Avgang Tilgang kjøpte driftsmidlar Anskaffelseskost 31.12.

Sum 134 896 178 25 253 879 17 144 901 126 787 200 – herav er årets tilgang redusert med anleggsbidrag 1 758 992 0 0 1 758 992 Akkumulerte avskrivningar 01.01. 73 171 865 7 967 424 0 81 139 289 Akk. avskr. knytt til avgang 21 659 353 3 542 627 0 25 201 980 Årets avskrivningar 13 764 245 765 720 0 14 529 966 Akkumulerte avskrivningar 31.12 65 276 757 5 190 517 0 70 467 274 Bokført verdi pr. 31.12. 54 335 978 1 590 854 393 094 56 319 926 Økonomisk levetid 3 - 20 år 3 - 10 år ingen avskriving Avskrivningsplan Lineær Lineær Årleg leige av ikkje balanseførte driftsmidlar Leigeavtalane har ei varigheit frå 1 til 16 år der hovuddelen er knytt til avtalar på 16 år.

22

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013

Maskiner og anlegg 13 248 010

Anlegg i arbeid 1 427 563


Notar

NOTE 4 – SKATTEKOSTNAD OG UTSETT SKATTEFORDEL/-FORPLIKTINGAR Årets skattekostnad framkjem slik: 2013 Betalbar skatt 3 590 971 Korreksjon skatt tidlegare år 6 088 Endring i utsett skatt 44 301 Verknad av endring i skattereglar 30 895 Skattekostnad 3 672 255 Avstemming frå nominell til faktisk skattesats: 2013 Årsresultat før skatt 12 931 902

2012 2 486 828 0 -62 391 0 2 424 437

Forventa inntektsskatt etter nominell skattesats (28%)

2 409 483

3 620 933

2012 8 605 295

Skatteeffekten av fylgjande postar: Skattefritt utbytte - Andre permanente forskjellar knytt til investeringar (fritaksmetoden) - Andre ikkje frådragsberettiga kostnader 14 673 14 954 Andre ikkje skattepliktige inntekter - Årets underskot utan utsatt skattefordel - Endring i nedvurdering av utsatt skattefordel - Verknad av endringar i skattereglar og -satsar 30 895 Andre postar Skattekostnad 3 666 500 2 424 437 Effektiv skattesats 28,4 % 28,2 % Spesifikasjon av skatteeffekten av midlertidige skilnader Driftsmidlar Fordringar Netto utsatt skattefordel/-forplikting Ikkje balanseført utsett skattefordel Netto utsett skattefordel/-forpliktingar i balansen

-746 683 -87 480 -834 163

-641 678 -267 680 -909 359

-834 163

-909 359

2013 0 5 200 621 5 200 621

2012 0 874 002 874 002

Gjeld som forfell meir enn fem år etter rekneskapsårets slutt: Gjeld til kredittinstitusjonar 3 238 948 Sum anna langsiktig gjeld 3 238 948

5 318 956 5 318 956

Bokført gjeld som er sikra ved pant o.l.: Gjeld til kredittinstitusjonar 13 638 988 Sum 13 638 988

15 718 996 15 718 996

Bokført verdi av eigedelar stilt som sikkerheit for gjeld: Maskiner og anlegg 54 335 978 Driftslausøyre 1 577 854 Anlegg i arbeid 393 094 Kundefordringar 5 550 600 Sum 61 857 526

55 346 701 1 847 703 0 8 413 166 65 607 570

Utsatt skattefordel er oppført med utgangspunkt i framtidig inntekt.

NOTE 5 – LANGSIKTIG GJELD, PANTESTILLINGAR OG GARANTIAR M.V. Spesifikasjon av anna langsiktig gjeld: Forskotsbetalte abonnement, breibandskundar Ubenytta anleggsbidrag og driftstilskot Sum

Verksemdas låneavtale byggjer på negativ pantsettelseserklæring.

ENIVEST ÅRSRAPORT 2013 //

23


Notar

NOTE 6 – EIGENKAPITAL Innskoten eigenkapital Eigenkapital 31.12.13

Aksje- Overkurs- Annan innskoten kapital fond eigenkapital 18 359 000

Sum innskoten eigenkapital 18 359 000

Årets endring i eigenkapital: Kapitalutviding/ -nedsettelse Kjøp/ salg av eigne aksjer Mottatt/avgitt konsernbidrag Eigenkapital 31.12 18 359 000 - - 18 359 000 Fond for Annan Sum innskoten Opptent eigenkapital vurderingsforskjeller eigenkapital eigenkapital Eigenkapital 31.12.13 23 953 985 23 953 985 Årets endring i eigenkapital: Kjøp/ salg av eigne aksjer Årets resultat 9 259 647 Avsett utbytte -4 626 468 Eigenkapital 31.12 - 28 587 164

9 259 647 -4 626 468 28 587 164

NOTE 7 - BANKINNSKOT Bankinnskot, kontantar o.l. omfattar bundne skattetrekksmidlar med kr 763.268.

NOTE 8 – TRANSAKSJONAR OG MELLOMVÆRANDE MED NÆRSTÅANDE PARTAR Sunnfjord Energi AS eig og har kontroll over 50,9 % av aksjane i Enivest og er å sjå på som ein nærståande part. Resultatmessige transaksjonar med nærståande partar Salsinntekt Varekost Andre driftskostnader Sum

2013 168 809 6 546 413 2 072 425 8 787 647

2012 162 015 4 745 127 2 476 347 7 383 489

Mellomverende med nærståande partar Kundefordringar Andre fordringar Motpart 2013 2012 2013 2012 Sunnfjord Energi AS 250 11 164 - Sum 250 11 164 - Motpart Sunnfjord Energi AS Sum

L everandørgjeld Annan kortsiktig gjeld 2013 2012 2013 2012 28 040 804 035 1 358 871 151 438 28 040 804 035 1 358 871 151 438

NOTE 9 – SALSINNTEKT Per verksemdområde: Tal i heile tusen Datakommunikasjon/internett Innhaldstenester Sum Omsetning skjer i det vesentlege til kundar i Sogn og Fjordane.

24

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013

2013 78 509 17 110 95 619

2012 73 055 12 243 85 298


Notar

NOTE 10 – TILSKOT Enivest er i 2013 innvilga ulike tilskot i samband med anbodskonkurransar, samla kr 7,9 millionar. Av dette er kr 6,1 millionar utbetalt i 2013. 2013 2012 Rest tilskot 01.01. 874 002 1 584 468 Innvilga og utbetalte tilskot 6 109 620 Tilskot ført som reduksjon av investeringar -1 438 992 Tilskot ført mot resultat -344 009 -710 466 Rest tilskot 31.12. 5 200 621 874 002

VI STØTTAR SOGN OG FJORDANE


Revisjonsmelding

26

// ENIVEST ÅRSRAPORT 2013


ENIVEST ÅRSRAPORT 2013 //

27


«For oss i Enivest handlar breiband om: Nyskaping, betra konkurransekraft, desentralisert offentleg forvaltning og eit effektivt næringsliv. Enivest vil halde fram med å vere ein pådrivar for breibandsutbygginga og framtidig digital infrastruktur i Sogn og Fjordane – også i morgon!»

1969 Neil A. Armstrong er første mennesket på månen

1911 Roald Amundsen når Sydpolen

2001 Enivest tek verda til Sogn og Fjordane

1814 Grunnlova blir vedteken


Enivest årsmelding 2013  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you