Issuu on Google+

SAMANDRAG AV HMS-RAPPORT 2015


Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på. I Kleven tek vi helse, miljø og sikkerheit på alvor. Arbeidet med HMS skal fremme • godt arbeidsmiljø • ivaretaking av sikkerheita til dei tilsette • vern mot helse- og miljøskader frå produkt og arbeidsprosessar • hindre forureining av det ytre miljø Dette skal settast inn i ein samanheng som gjer Kleven sine verksemder til arbeidsplassar der dei tilsette trivast, der lover vert følgde, kundar vert tilfredse og drifta vert lønsam. Kleven har nedfelt følgande i retningslinene for berekraftig drift og utvikling: • Vi skal følgje offentlege og eigne krav vedkomande miljøet som gjeld verksemda vår • Vi skal ha tydelege miljømål basert på risikoanalysar, og program for oppfølging av desse • Vi skal kontinuerleg arbeide for å betre våre miljøprestasjonar • Vi skal arbeide målretta for at dei fartya vi produserer skal ta i bruk dei beste miljømessige løysingane • Vi skal sikre at alle i vår organisasjon kjenner miljøambisjonane våre og korleis verksemda vår arbeider for å kontrollere miljøaspekta våre • Vi skal aktivt kommunisere vår miljøprestasjon med allmenheita Denne miljøpolitikken, saman med Kleven sitt verdigrunnlag ‘Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på’, skal sikre at Kleven sine prioriterte miljøtiltak vert integrerte i ein heilskap der forretningsstrategiar, dagleg drift og interessegruppene sine ulike behov vert tekne omsyn til. Kleven Verft AS vart i 2013 sertifisert av DNV til å tilfredsstille krava i ISM-kodene ISO 9001:2008 og ISO 14001:2004. Myklebust Verft AS er i ein tilsvarande prosess med planlagd sertifisering 1. kvartal i 2016.


Mål for 2016: Prioriterte HMS-mål og tiltak for Kleven i 2016: • Redusere talet på ulukker: - Sikre god HMS-opplæring, særleg til nytilsette og lærlingar - Finne årsaker til uønska hendingar og bestemme forbetringstiltak - Informere om hendingar og risiko knytta til ulike arbeidsoppgåver - Skjerpa krav til bruk av verneutstyr og handtering av risiko - Oppgradering og vedlikehald av sikkerheitsmerking på faste maskiner • H-verdi for konsernet skal vere under gjennomsnittet for Maritim bransje i Norsk Industri • Sjukefråveret på Kleven verft skal vere 4,5% eller lavare • Sjukefråveret på Myklebust verft skal vere 5,0% eller lavare • Det skal gjennomførast kampanjar for utvalde forbetringsområde Miljømål for Kleven Verft: • Redusere risiko for utslepp til luft og vatn • Sortering av 90 % av avfallet • Redusere energiforbruk ved hjelp av meir energieffektive løysingar • Auke kunnskapen internt om miljøaspekta våre Miljømål for Myklebust Verft: • Redusere risiko for utslepp til luft og vatn • Sortere 90 % av avfall • Redusere energiforbruk ved hjelp av energieffektive løysingar • Gjennomføre måleprogram for utslepp


Nøkkeltal for HMS Sjukefråvær

2015

2014

2013

Totalt for konsernet

4,75 %

4,22 %

4,21 %

Kleven Verft

6,23 %

6,07 %

5,30 %

Myklebust Verft

5,20 %

6,22 %

7,00 %

Kleven Maritime Contracting

2,67 %

1,64 %

1,28 %

Konsern

41

44

28

Kleven Verft

24

25

16

Myklebust Verft

9

8

6

Kleven Maritime Contracting

8

11

6

Konsern

20,0

20,20

10,64

Kleven Verft

28,4

25,60

10,68

Myklebust Verft

13,5

11,90

12,53

Kleven Maritime Contracting

13,9

19,10

9,50

Kleven Verft

6 425 tonn

7 399 tonn

6 418 tonn

Myklebust Verft

1 551 tonn

2 771 tonn

1 143 tonn

Kleven Verft

81,1 %

81,5 %

85,0 %

Myklebust Verft

70,14 %

84,4 %

77,0 %

Kleven Verft

380 000 L

474 000 L

340 000 L

Myklebust Verft

204 000 L

276 000 L

120 000 L

Kleven Verft

14,1 GWh

10,1 GWh

12,0 GWh

Myklebust Verft

6,0 GWh

5,6 GWh

4,3 GWh

Kleven Verft

71 919 m3

75 083 m3

66 300 m3

Myklebust Verft

34 401 m3

39 695 m3

50 151 m3

Antal personskadar

H-verdi

Avfall

Sorteringsprosent

Dieselforbruk

Energiforbruk

Ferskvannsforbruk


Kleven HMS-rapport 2015