Volda-Ørsta

Page 1

VOLDA-ØRSTA? VIL DU BESTEMME, GI DI STEMME

INFORMASJON


1

Utgitt våren 2016 av kommunestyret i Ørsta og kommunestyret i Volda. Brosjyren er sendt ut til alle husstandar og bedrifter i Ørsta og Volda i tillegg til at ho ligg ute på enkelte offentlege stader.

Tekst: Torill Myren, Ekkoloddet AS, Foto: Gunnar Wangen, Marius Beck Dahle, Siv Nærø. Grafisk design: Cann AS. Trykk: TINDE Design & Trykk AS

OPPDRAGET Regjeringa vil ha kommunereform og flytte makt og ansvar til større kommunar. Dei meiner kommunane må ha kraft til å møte dei utfordringane som ventar. Det er utfordringar knytt til eldrebølge, velferd og kompetanse og evne til å utvikle gode og attraktive lokalsamfunn. Stortinget sa ja til kommunereform, og sa samtidig at alle kommunar skal ta aktivt del mellom anna med nabopratar, vurderingar og utgreiingar av ulike alternativ.

Ørsta og Volda tok utfordringa på alvor. Representantar frå Ørsta kommune og Volda kommune har hatt fleire møte der dei gjennom ein god prosess har forhandla fram ein intensjonsavtale om ein ny Volda-Ørsta kommune. Kommunestyra i dei to kommunane har slutta seg til avtalen som no skal ut til rådgjevande folkeavstemming.


2

JA ELLER NEI? TIL KVA? Når innbyggarane i Volda og Ørsta går til stemmeurnene 19. mai, skal dei gjere eit aktivt val mellom to alternativ. Det eine er ja til ein felleskommune og den framforhandla intensjonsavtalen om VoldaØrsta kommune. Det andre alternativet, nei til avtalen, er eit val om ei anna retning. For Ørsta sin del vil det bety at ein held fram åleine, men ikkje at alt er som før.

Andre kommunar slår seg truleg saman og Volda går vidare med forhandlingar med H orni ndal og Stryn om kom m unesamanslåing. Om ein kommune held fram åleine, kan det blir endringar i økonomien. Regjeringa har lagt fram forslag om nytt inntektssystem. Dersom Ørsta held fram åleine, vil det med det ein veit no, bety 5,9 millionar kroner mindre i året i inntekter. Om Volda vel å stå åleine, vil det årlege inntektstapet for Volda vere på 7,7 millionar kroner.


3

Vi skal bruke stemmeretten 19. mai.

SPENNANDE Ho er frå Volda og han frå Ørsta. Slike ektepar er det mange av i nabokommunane som no kan bli ein kommune. Anne Grethe og Petter Sandnes bur med utsyn over Ørsta og bortover mot Volda. Men foreløpig held dei det ope om dei vil slå seg i lag med Volda. - Det er noko vi har snakka mykje om i det siste, og vi har fleire spørsmål enn svar. Samtidig ser dei at dei at i kvardagen så forskjell om kommunegrensene vert endra. ligge der han alltid har gjort og rådhuset trakkar ned dørene. - Nei, dit går det meste på telefon og det er

vil ein ikkje merke nokon Skulen der barna går vil er ikkje ein stad der ein ikkje så ofte det heller.

Av argumenta som talar for ein større kommune er regionbygging og at ein skal stå sterkare som større kommune, men då spør ekteparet seg om Volda-Ørsta kommune vert stort nok og om ein ikkje bør ha med seg Hornindal og Stryn også? Dei stiller også spørsmål ved fylkeskommunen og om ikkje det burde skje noko med den om ein får større kommunar? - Dette er uansett spennande og vi ser at det er eit tema som vekkjer mange kjensler. Vi kjem til å følgje med framover og vi skal bruke stemmeretten 19. mai.


Anne Grethe og Petter Sandnes fortel at kommunereform er noko dei har snakka mykje om i det siste, og at det er eit tema b책de heime og saman med kollegaer, familie og vener. Her er dei saman med to av dei fire barna deira, Emma og Iver August, og hunden Scott.


4

STERKARE SAMAN Volda-Ørsta skal stå saman i kampen for sjukehus, for tingrett, for høgskule, for vidaregåande skular og for nye vegar. Saman står ein sterkare. Saman er ein mindre åleine.

Målet med brosjyren er å gi informasjon til innbyggarane i Ørsta og Volda i samband med kommunereforma og den rådgjevande folkeavstemminga som skal vere 19. mai.

DEN FJERDE BYEN I FYLKET Visjonen med Volda-Ørsta kommune er å bygge den fjerde byen i fylket. Her skal vi ha sterke sentrum, levande bygder og vere attraktive for familiar og unge. Vi skal verte eit regionsenter for Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi vil verte Norges fremste senter for medieutdanning og nynorsk. Vi vil skape den beste skule- og utdanningskommunen på Vestlandet og spisse satsinga mot innovasjon og grunderverksemd. Volda-Ørsta kommune skal få betre og meir samordna tilrettelegging for næringsliv og busetjing. Og sjølvsagt skal vi ha universell utforming. Saman står ein også sterkare når ein skal kjempe for viktige samferdselsprosjekt som E39, tunnelen mellom Volda og Furene og kryssinga av Ørstafjorden.

KVARDAGEN I DEN NYE KOMMUNEN Kommunale tenester er ein viktig del av kvardagen til innbyggarane. Barnehage, skule og sfo, sjukeheimar, eldrebustader og helsesenter. Samanslåing vil ikkje føre til endringar her. I avtalen om Volda-Ørsta kommune heiter det at dei kommunale basistenestene skal vere nær innbyggarane. Ingen kommunalt tilsette skal miste jobben i samband med ein ny kommune, og alle tilsette får vidareført sine noverande rettar. MEIR POLITIKK, TAKK! Det er eit mål å engasjere fleire innbyggarar i politiske prosessar. Vi vil bruke nye former for medverknad som for eksempel gjennom sosiale media. Det nye kommunestyret skal i første valperiode ha 43 medlemer. Kor mange hovud-


utval ein skal ha og kor mange medlemer dei ulike utvala skal ha, vert vurdert i den nye kommunen. Det skal vere balanse mellom ansvar og arbeidsplassar i dei to rådhusa og kommunale bygg. Ordførar med stab skal halde til i Ørsta medan leiinga for dei mjuke einingane som skule og helse skal vere i Volda. FELLES HALL OG HUS I felles plan om nye satsingar i den nye kommunen er det tenkt regionalt med symjehall i tillegg til fleirbrukshallen i Ørsta og mediehus med kulturhusdel i Volda. Fram mot ein ny kommune er Ørsta kommune og Volda kommune einige om å vere forsiktige og ikkje verken ta opp store lån eller selje store verdiar utan å ha diskutert det med kvarandre. Ein vil ha sunn økonomi som kan gi innbyggarane stabile tenester.

Nivået på avgifter og eigedomsskatt skal jamnast ut. Volda-Ørsta kommune vil få førti millionar kroner i støtte i samband med at ein blir ein ny kommune i tillegg til at ein beheld same tilskota som no i 17,5 år. Det betyr over 230 millionar kroner meir enn dersom ein ikkje slår seg saman.

Dette er punkt frå intensjonsavtalen. Les heile avtalen på heimesida til Ørsta kommune eller Volda kommune. Dei som ikkje har tilgang til heimesidene, kan få tilsendt eit eksemplar ved å ringe til Ørsta kommune (70 04 97 00) eller Volda kommune (70 05 87 00)


5

VIL DU BESTEMME, GI DI STEMME Folkeavstemminga skal vere 19. mai. Det er muleg å førehandsstemme. Ta kontakt med servicekontoret i din kommune. Innbyggarar i Ørsta og Volda som står i manntalet, frå dei som fyller 16 år i år, kan stemme. I Volda kan ein stemme på dei same stadene som ein gjer under andre val. I Ørsta blir det også på dei same stadene med unntak av i sentrum der Ørsta bedehus vert stemmelokale. Ta med identifikasjon. Det vert ikkje sendt ut valkort. NY KOMMUNE FRÅ 2020 Kommunestyra i Ørsta og Volda gjer vedtak i juni. Endeleg vedtak skal gjerast av Stortinget. Ein ny Volda-Ørsta kommune vert gjeldande frå 1. januar 2020.

Folkerøysting i Volda om kommunereform:

Skal Volda kommune og Ørsta kommune slå seg saman til ein kommune?

JA

Folkerøysting i Ørsta om kommunereform:

Skal Ørsta kommune og Volda kommune slå seg saman til ein kommune?

JA

NEI

NEI

Du kan berre sette eitt kryss. Setlar utan kryss tel som blank røyst.

Du kan berre sette eitt kryss. Setlar utan kryss tel som blank røyst.