Page 1

11 tysdag 01. juli 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Seintorsdag 10-20 TIVOLI ALLE DAGAR

3.-6. JULI 2014 PROGRAM

MOTEVISNING torsdag 3. juli

Torsdag 03. juli: Butikkar har ope 10.00 - 20.00 10 – 20 11 – 18 12 – 22 18

Seinope i butikkane og mange gode kjøp mm Utstilling av barneteikningar på biblioteket i høve Grunnlovsjubileet Bergstrøms Tivoli i sentrum Motevisning på Tråd kråa og E-Design

Fredag 04. juli: Butikkar har ope 10.00 - 18.00 10 – 18 11 – 14 11 12 – 22 16 16 – 19 21 – 02

Butikkane byr på sommarkjøp Utstilling av barneteikningar på biblioteket i høve Grunnlovsjubileet Barnetimen; Mandarinsaft - i verdens hemmelige hage. På bedehuset, gratis. Bergstrøms Tivoli i sentrum Bil – utstilling ved G. Eilertsen. Nye modellar blir vist fram Ut på tur med redningskøyta Elias, ved småbåthamna Halldans med WildCats i ridehallen, Hjørungavåg. 18 års grense. Billettsal Mix Ulsteinvik og Mix samt Art Frisør på Hareid

Laurdag 05. juli: Butikkar har ope 10.00 – 15.00 10 – 12 10 – 15 11 – 14 11 – 22 12 – 15 12 – 14 12 – 16 12 15

Gratis frukost på bedehuset. Elvheim Gard byr på smaksprøver av gardsmat Butikkane byr på gode sommarkjøp Utstilling av barneteikningar på biblioteket i høve Grunnlovsjubileet Bergstrøms Tivoli i sentrum Opning kunstlagets sommarutstilling - med fleire av kunstnarane tilstades Sjå, lær og høyr lyden av sirener… utrykkingskjøretøy kjem til småbåthamna Ut på tur med redningskøyta Elias, ved småbåthavna Bil – utsilling ved Geir Eilertsen. Heilt nye modellar blir vist fram Det ein må nær for å sjå…. Greta Goksøyr og Lidvar Rise fortel om symbolikk og kyrkjerom.

BARNETIMEN fredag 4. juli GRATIS FRUKOST laurdag 5. juli OPEN GARD søndag 6. juli

Søndag 06. juli: 11 – 12 11 – 17 12 – 17 12 – 15 12 – 18 12 – 16

Gudsteneste i Aarvakbygget ved Ishavsmuseet. Prest Margit Lovise Holte, Ståle Helvig piano Filmar frå ishavet blir vist på storskjermar heile dagen på Ishavsmuseet Sosakjøt, kaffe & kaker å få kjøpt på Ishavsmuseet Prøv kajakk robåt og segljolle ved Holesanden. Hugs redningsvest! Bergstrøms tivoli i sentrum Open Gard hos Otto Andreas Liavåg, Hjørungavåg Tradisjonelt opplegg med mange ulike dyr, kiosksalg ,barneriding, køyring med hest og vogn, demonstrasjon av sauegjeting, Salg/gi bort/bytting av smådyr/kjæledyr Boder i parken alle dagar

ELIAS kjem “WILDCATS” fredag 4. juli

Med atterhald om ev. feil eller ev. endringar Du finn oss på SPONSOR

KUNSTUTSTILLING laurdag 5. juli Gudsteneste ved Ishavsmuseet søndag 6. juli


12 tysdag 01. juli 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN 3. - 6. juli 2014

Gler seg: Stemninga er god før årets Opplev Hareid. Bak f.v.: Anne Vasstrand (Hareid Folkebibliotek), Linda Garnes Hauge (Butikkgruppa), Synnøve Overå Hide(Soknerådet). Framme f.v.: Camilla Ringstad (Hareid ride- og køyreklubb), Webjørn Landmark (Ishavsmuseet), Rakel Dyrhaug (Hareid Næringsforum), Kari Britt Løset (Hareid sanitet).

Velkomne til Hareid 3.- 6. juli Då er årets store sommararrangement like rundt hjørnet, igjen. Saman med våre samarbeidspartnarar er vi stolte av å kunne tilby eit variert program som femner om heile kommunen vår. Gjennom ulike aktivitetar set

programmet søkelyset på nokre av dei moglegheitene og det mangfaldet som finst her. I løpet av dagane vil du kunne være med på moteoppvisning, open gard, gratis frukost, Eliasbåten, kunstutstilling, halldans, barnetimen, gudste-

neste på Ishavsmuseet samt lære meir om symbolikk og kyrkjerom og mykje meir. Tivoli, god atmosfære, tilbod i butikkane samt ulike salsboder finn du alle dagane. Vi ynskjer at Opplev Hareid skal være ein arena der ein kan

møtast, kanskje lære noko nytt, treffe gamle kjente og oppleve noko, saman . Vi ynskjer deg og dine hjerteleg velkommen til årets Opplev Hareid!


VIKEBLADET VESTPOSTEN tysdag 01. juli 2014 13

ALT INTERIOR l

Enda større tivoli i år Sidan 1932 har familien Bergstrøm underhalde folk i Sverige, og seinare også i Norge. Eldstesonen i flokken er den fjerde generasjonen som driv med dette. Per Bergstrøm kan derfor love mange interessante aktivitetar når dei gjestar Hareid. – Vi har både karusellar, radiobilar, hoppeslott og alt som høyrer med på eit tivoli,

stadfestar han.

– Betydeleg større

Bergstrøms tivoli har delteke på Opplev Hareid tidlegare, men presiserer at det blir endå større denne gongen enn sist dei var på besøk. – Vi har fått lovnader frå kommunen om at vi får endå meir plass å boltre oss på enn sist. Så det vil bli betydeleg

større i år. Det er heilt sikkert, slår han fast. Tivoliet vil halde til ved parkeringsplassen ved sida av Hareid folkebibliotek, og held det gåande under heile Opplev Hareid. – Vi startar på torsdag og siste dagen er på søndag. Så det vil bli mange moglegheiter for folk å ha det moro i Hareid sentrum, forklarar Bergstrøm.

Tivoli: Under heile Opplev Hareid kan ein oppleve både fart og spenning på tivoli.

-25% SUPERTILBOD på Roser og Orkidear

Stiller ut kunst: Under Opplev Hareid vil barnehagane i Hareid kommune stille ut både teikningar og bilete i samband med Grunnlovsjubileet. Her ser vi representantar frå Syverplassen barnehage då dei leverte teikningar og bilete til Hareid folkebibliotek. Kunsten vil pryde veggene i biblioteket under heile arrangementet, og også utover sommaren. Foto: Hareid folkebibliotek

2 for 200,-

Stiller ut barnekunst ••

Joakim Rødven joakim.rodven@vikebladet.no I samband med Grunnlovsjubileet, vil det bli utstilling av fleire barneteikningar og -bilete under Opplev Hareid. Desse utstillingane blir stilt ut inne i Hareid folkebibliotek sitt lokale. Bibliotekar Anne Vasstrand ser derfor veldig fram til å vise fram verka til dei unge kunstnarane. – Det som er spanande med akkurat dette, er å sjå barns synspunkt på dette med Grunnlova og ting som vi vaksne ser på med ein litt annan vinkel. Og i tillegg så er jo barnekunst er alltid artig og ikkje minst veldig spanande, seier ei oppglødd Vasstrand til

Frå torsdag til laurdag vil kunst frå barnehagane i kommunen pryde veggene inne i Hareid folkebibliotek. Vikebladet Vestposten.

Mange teikningar

Til denne utstillinga har alle barnehagane i Hareid kommune fått høve til å sende inn sine bidrag. Sjølv om ikkje alle hadde levert inn då lokalavisa snakka med Vasstrand, kan ho

love at det blir både store og små teikningar, enkeltproduksjonar og gruppearbeid frå barnehagekunstnarane. – Barnehagane har sendt inn sine bidrag til oss. Desse teikningane og bileta vil i stor grad handle om Eidsvoll og det norske kongeslottet, men det har sjølvsagt vore fritt for å lage det dei sjølv ønskte. Mykje av det handlar naturleg nok om 17. mai-feiringa eller liknande, fortel Vasstrand. – Desse bidraga stiller vi då ut rundt omkring i heile biblioteket her, legg ho til.

– Alt vêr er bibliotekvêr

Ein treng heller ikkje å uroe seg over å gå glipp av utstillinga, ifølgje Vasstrand. Under

Opplev Hareid vil biblioteket nemleg halde ope etter vanlege opningstider. Om ein ikkje skulle få høve til å sjå kunstverka denne veka, vil det vere mogleg å sjå kunstverka også etter at Opplev Hareid er over. – Bileta og teikningane vil bli hengande på bibliotekets vegger utover sommaren. Og det er også veldig kjekt, for då får fleire enn berre foreldra moglegheita til sjå denne flotte barnekunsten, legg Vasstrand vekt på. – Du håper vel på skikkeleg regnvêr du då, slik at folk strøymer inn til biblioteket? – Ja, kanskje det! Nei, alt vêr er bra bibliotekvêr. Så då håper eg litt meir på at det blir opplett, ler Vasstrand.

Tilboda gjeld torsdag - fredag - laurdag

Hareid, tlf 70 09 24 81 Man – ons ....... 9.30

– 16.30 Seintorsdag ope til ....... 20.00 Fredag ............ 9.30 – 18.00 Laurdag .......... 9.30

– 15.00


14 tysdag 01. juli 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN 3. - 6. juli 2014

– Håper på flott sommarvêr På Holesanden vil det vere muleg for både padling, roing og segling under Opplev Hareid.

••

Joakim Rødven joakim.rodven@vikebladet.no Endå ein gong gjer ungdomslaget Ung Hareid RS seg klare til å ta i mot båtglade personar under Opplev Hareid. Som i fjor inviterer Redningsselskapet folk med interesse for båt ar og båtliv til Holesanden for å teste ut både robåtar og segljoller langs strandkanten. – Det vi prøver å få til i år er å gjere både segljoller, kajakkar og robåtar tilgjengelege, slik at folk som tek turen kan få prøve seg på både å segle og å ro, seier leiar i Redningsselskapet i Møre og Romsdal, Harald Teigene, som legg til at han gler seg til denne aktiviteten den komande søndagen.

Håper på sol

Naturleg nok skal båtaktivitetane gå føre seg på vatn. Det er derfor ingen tvil om at Teigene håper på eit flott sommarvêr og gode forhold for båtlivet på Holesanden under årets Opplev Hareid-arrangement. – Det gjer vi sjølvsagt! Slike ting er jo gjerne litt avhengig av vêret, så vi håper at vi har akkurat det på vår side i år også, seier ein håpefull og spent Harald Teigene til Vikebladet Vestposten.

Vil gjenta foråret

Teigene synest at fjorårets arrangement gjekk bra føre seg, og håper at mange vil ta turen til Holesanden under årets Opplev Hareid. – I fjor var det mange som tok turen. Eg registrerte også at det var ein del som kom «utanbys» frå, og det håper eg jo sjølvsagt skjer også i år, håper Teigene.

Segling og padling: Harald Teigene i Redningsselskapet i Møre og Romsdal håper at forholda gjer det muleg å både få padle med kajakk og segle med selgjolle på Holesanden under årets Opplev Hareid. Her ser vi nokre ivrige båtentusiastar som testa sjøbeina sine under eit arrangement ved Holesanden får nokre år sidan. Foto: Ingvild Aursøy Måseide/arkivfoto



Vi håper på at det blir eit flott sommarvêr i år også. Harald Teigene Redningsselskapet (M og R).

Det store spørsmålet er rett nok om vêret vil vere ein medspelar eller ikkje. Uansett så håper Teigene på at det vil bli moglegheiter for at dei frammøtte kan få seg noko å anten bite i eller drikke. Det blir i alle fall moglegheiter for å ta med seg eigen grillmat, ettersom det blir plassert ut store grillar. Ung Hareid RS vil også prøve å sikre seg at dei har nok båtar dersom det

skulle bli folksamt på Holesanden. For at flest muleg skal få ein sjanse til å få seg både ein ro- og padletur, ønskjer Ung Hareid RS å låne nokre private båtar også. Arrangørane oppmodar derfor grunneigarar og hyttefolk til å ta del på arrangementet og ikkje minst ta med seg båtane sine.

Prøv deg som redningsskøyte-skipper Også i år kan både store og små få prøvekøyre den kjende Elias-båten.

la folk få prøve den også, seier leiar i Redningsselskapet i Møre og Romsdal, Harald Teigene.

••

Hektisk program

Joakim Rødven joakim.rodven@vikebladet.no

Elias-ar: I år kan dei frammøtte ved småbåthamna på Hareid kanskje få seg ein prøvetur i ein heilt ny Elias-båt, opplyser Harald Teigene i Redningsselskapet i Møre og Romsdal. Teigene håper på sol og flott vêr under årets Opplev Hareid, slik at mange tek turen for å prøvekøyre Elias. Arkivfoto.

Likevel kan det bli ei lita endring for året. Redningsselskapet, som er arrangørar av denne aktiviteten, har nemleg fått ein flunkande ny Elias-båt som dei håper på å kunne få ta i bruk under årets Opplev Hareid.

Noko av grunnen til at den nye redningsskøyta kanskje ikkje rekk fram i tide, er at den er så mange aktivitetar den skal vere med på. - Det er litt avhengig av ungdoms- og sommarleiarane. Det er sjølvsagt eit gledeleg program, men det er også ganske hektisk, forklarar Teigene.

Ny båt

To dagar

– Dei gamle båtane har vel vore i bruk i 6–7 år no. I år har vi fått ein heilt ny Elias-båt. Så vi håper at den vert ledig til Opplev Hareid, slik at vi kan få

Denne aktiviteten går føre seg både på fredag og laurdag ettermiddag ved småbåthamna. Ein har derfor gode sjansar til å få seg ein prøvetur, eller to.


VIKEBLADET VESTPOSTEN tysdag 01. juli 2014 15

Filosoferande for store og små Komande fredag kjem gruppa «Mandarinsaft» til Hareid bedehus med framsyninga «I verdens hemmelige hage». Framsyninga er gratis, og dei som tek turen til Hareid bedehus vil kome inn i ei fargerik og frodig fantasiverd. Det er Bendik Ulla og Even Moen Jenssen som har skrive både tekst og melodiar til framsyninga «I verdens hemmelige hage», og det er dei to som står på scena også. Duoen har spelt inn fleire cd-ar, og dei har turnert med framsyningar i fleire år. For framsyninga «I verdens hemmelige hage» har dei hausta gode kritikkar. I løpet av framsyninga får publikum oppleve eit draumeland med hyggelege vesen

og ein dustete elefantpappa som slår sonen sin. Framsyninga byr på både sakn, undring, filosofering og fin musikk. I den hemmelege hagen finst der tre som apekatten kan klatre i kvar dag, og oppe i treet kan han drøyme seg vekk og fantasere om alle moglege slags rare ting. Melodiane kan minne litt om «Knutsen og Ludviksen», og rima har litt Andre Bjerke i seg. Kanskje er det nokon av borna som kjenner til gruppa Mandarinsaft frå før. Dei har tidlegare gitt ut CD-an «Mandarinsaft» (2011), «Mandarinsaft under månen» (2011), «Mandarinsaft - den magiske juledrikken» (2012) og no i 2014: «Mandarinsaft - i verdens hemmelige hage». Duoen i «Mandarinsaft» bur i Trondheim og spelar musikk for store og små, barn og vaksne i alle aldrar.

Mandarinsaft: Duoen «Mandarinsaft» kjem til Opplev Hareid med framsyninga «I verdens hemmelige hage».

NIKE JOGGESKO

SKOGSTAD OPPTIL

Framsyninga blir inne i dei to butikkane i Kjøpmannsgata, og dei om lag 10 mannekengane skal vandre mellom lokala til E-Design og Tråkråa. Tråkråa skal vise siste nytt i kjolar, barnekle og strikk. E-design skal sette prikken over i-en på antrekka med smykke og sjal. I tillegg vil dei også vise ein del nye barneleiker. - Vi skal vise fram svært mykje spennande. Så det er berre å kome, kommenterer Barbro Østrem, som driv Tråkråa. Dei to butikkane skal bruke same modellane, og blant mannekengane er både barn og vaksne.

399,-

KUPP!

1/2 PRIS

Syner fram motar E-Design og Tråkråa inviterer til moteframsyning torsdag under Opplev Hareid.

FRÅ

MANGOOSE SYKKEL. Før 2899,-

No

1499,-

TURDRESS RYGGSEKKAR & FJELLSKO UMBRO UMBRO FLEIRE FARGAR TRENINGSBUKSE Før 999,FØR 400,-

No

299,-

No

199,-

OPPTIL

1/2 PRIS


16 tysdag 01. juli 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN 3. - 6. juli 2014

Kjent motiv: Dette landskapet burde ikke vere vanskeleg å dra kjensel på. Måleriet er mellom dei mange verka som er stilt ut i samband med Hareid Kunstlag si sommarutstilling og er måla av Nikoline Bjåstad.

Mangfaldig utstilling Hareid kunstlag inviterer til sommarutstilling som ein del av Opplev Hareid.

••

Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no Kunstlaget gjentek suksessen frå juleutstillinga i fjor, og byr på spennande arbeid frå ni kunstnarar. Publikum får oppleve eit mangfald av teknikkar og motiv. Det blir blant anna naturbilde, draumelandskap og kvardagspoesi med attgløymde lestar. Utstillinga presenterer maleri, monotypiar, blyantteikningar, collage, strikkedesign og grafikk. Kunstlaget skal også selje trykk av Håvard Vikhagen. Kunstnarane har det til felles at dei fleste har tilknyting til

Smakebitar: Her er nokre smakebitar av kva som er å sjå på utstillinga til Hareid kunstlag som opnar laurdag 4. juli. Biletet til venstre er laga av Marien Glischke, medan Eva Hessen har måla biletet til høgre.

Hareid. Unnataket er Anniken Jøssok Hessen og Eva Hessen, begge frå Ålesund, og Astrid Wittersø som bur i Førde. Utstillinga opnar laurdag 4. juli. Jarl Schrøder frå Hareid

kunstlag opnar utstillinga og fleire av kunstnarane vil vere tilstades. Utstillinga blir open kvar laurdag fram til 23. august. Desse stiller ut: Anniken Jøsok Hessen, Niko-

line Bjåstad Hustadnes, Marianne Liadal Brekke, Eva Hessen, Bjøro per Røyset, Astrid Wittersø, Marine Glischke, Hilde Bente Jørandli Soleng og Håvard Vikhagen.


VIKEBLADET VESTPOSTEN tysdag 01. juli 2014 17

Hareid, tlf 70 09 22 70

HUSK… gode solprodukt til håret i sommar!

Torsdag 3. juli AKTIVITETSDAG REFRESH Vi har bygd om butikken, og feirar med tilbod!

Vi har effektive produkt for beskyttelse og pleie.

• Alle pølser kr 25,• Bilvask i NY VASKEMASKIN 1/2 PRIS • Drivstoff ÷ 2,- pr.l på pumpepris kl 15-17

TORSDAG - FREDAG - LAURDAG

FOR

32 (gjeld ikkje 2014 bok-titlar)

Bok & Rekvisita Din lokale bokhandel! 6060 Hareid e-post: strax@he.no Tlf 70 09 22 27

Hjartans lle, il a velkomne tss : vi gler o )

TORSDAG

Konkurranse i butikken, KJEKKE PREMIAR!

Alle handlande kundar er med på TREKNING av GÅVEKORT verdi 500,-

g n i n s i v e ! t o M

• Vi har grilling ute! Hamburgermeny kr 39,Fredag og laurdag 13-18 • 1/2 PRIS på bollar og smågodt • DELUXE-VASK til pris av poleringsvask

Fredag 4. juli frå kl 11.00 Bli kjent med vår nye bilvaskemaskin frå WASHTEC Henry vil instruere kundar og tilsette :)

6060 Hareid - Tlf. 70 09 22 65 Man., ons., fre. 9-17 Tys., tors. 9-18 Laurdag 9-15

HEILE BUTIKKEN

Fredag -Søndag

-20% PÅ ALLE PRODUKT FRÅ

Torsdag 3. jjul juli kl 18.00 Vi viser nytt i strikk, barnekle mm, ilag med E-Design Velkomne :)

POSESALG! Fyll posen av utvalte barnekle for 500,Alle handlande under Opplev Hareid er med i trekning av gåvekort på 500,-

TORSDAG - FREDAG - LAURDAG

6060 Hareid Tlf. 70 09 28 87

Gunn - Eldrid - Elise -Elisabeth Silje - Jeanette - Julie Kjøpmannsgata 6060 Hareid Tlf 70 09 45 45

TILBODET GJELD TORSDAG - FREDAG - LAURDAG


18 tysdag 01. juli 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN 3. - 6. juli 2014

Gratis frukost: Også i år vil saniteten stå for servering av gratis frukost ved Hareid bedehus laurdags morgon. Grete Kirkebø i saniteten, som har vore med på å arrangere fleire slike frukostar, meiner det har ein samlande effekt å møtest over ein god frukost. Ho forklarar at det også er passande for personar i alle aldrar. Foto: Joakim Rødven

Gratis frukost på bedehuset Tradisjonen tru vert det servering av gratis frukost på bedehuset under Opplev Hareid.

••

Joakim Rødven joakim.rodven@vikebladet.no Saniteten har i fleire år invitert innbyggjarane i Hareid kommune til å samle seg til frukost under Opplev Hareid. Det vert også tilfelle i år, noko Greta Kirkebø er veldig glad for. – Eg synest dette berre er kjempegreier eg. Dette må novel vere det sjuande eller åttande året saniteten gjer dette, fortel Kirkebø som også har vore med på å arrangere denne frukosten tidlegare.

Gler seg

May Britt Løset er leiar for ho-

vudlaget i saniteten, som både hentar varene frå matbutikkane og gjer i stand maten til gjestene kjem. Til denne hendinga stiller saniteten med åtte medlemmer, to frå kvart lag. Løset har ikkje vore med på dette som arrangør før, og ser derfor spent fram til å servere dei frammøtte. – Eg håper jo sjølvsagt at alle kjem for å få seg ein god frukost, og dermed ein god start på dagen, seier ein energisk sanitetsleiar til Vikebladet Vestposten.

Forventa pensjonistar

Kirkebø derimot har vore med som arrangør fleire gonger, men skal rett nok ikkje delta i år. Likevel hugsar ho godt den første gongen ho var med på å invitere til frukost. Den gongen var det på «Loket», og ikkje på bedehuset, der frukosten har



Å møtest over ei grovskive er veldig sosialt. Greta Kirkebø Medlem av saniteten

held til dei siste åra. – Den første gongen eg var med på dette så tenkte eg «ja, ja. Det kjem vel berre nokre pensjonistar», mimrar ho tilbake. Men akkurat dei forventningane var verkeleg motbevist då morgonen kom, frukosten stod på bordet og ho stod klar til å servere svoltne hareidsdølar. – Då var det også familiefolk

som dukka opp. Slik var det den gongen og det opplever eg at det er no også, seier ho og legg raskt til: – Folk kom for å ha frukosten sin der, og både kosa seg og slappa av saman med andre. Så det synest eg har vore veldig positivt.

Samlande effekt

– Trur du det at når folk møtest over ei grovskive, har det ein samlande effekt, Greta? – Ja, det trur eg altså. Rett og slett. For det er nettopp slike forskjellige ting som ein ikkje tenkjer over at er positivt. Men det viser seg altså at å møtest over ei grovskive, slik som du sei, er veldig sosialt i alle fall, seier ei overtydd Kirkebø.


VIKEBLADET VESTPOSTEN tysdag 01. juli 2014 19

-50%

På ei mengd GARDINHØGDER Nært på: Altartavla frå 1660 i Hareid kyrkje er full av symbolikk. Ho skildrar blant anna dygder som kjærleik, von, rettferd og styrke.

Symbolsk vandring i kyrkja Kyrkjebygga rommar mykje interessant. Laurdag under Opplev Hareid skal Greta Sandanger Goksøyr og Lidvar Rise fortelje oss om symbola i Hareid kyrkje. «Det ein må nærare for å sjå» er sett som overskrift på samlinga i Hareid kyrkje laurdag 5. juli. Lærar Greta Sandanger Goksøyr skal ta dei frammøtte med heilt fram til altartavla. Denne skatten frå 1660, som kom til den åttekanta kyrkja på 1880-talet, er full av symbolikk. Ho viser blant anna «dei sju dygdene». Seks av dei er lette å peike ut. Den sjuande er truleg trua, og symboliserer heile altartavla. Altartavla er laga av treskjeraren Andrew Smith, og er i barokkstil. I midtaksen blir nattverden, korsfestinga og gravlegginga skildra. Øvst tronar den sigrande Kristus. Også døypefonten i kyrkja har sine symbol, og Sandanger Goksøyr skal fortelje om dei også.

Prestestova, truleg eldste huset i Hareid Pensjonert bokhandlar Lidvar Rise skal ta dei frammøtte med til Prestestova.som står ute på kyrkjegarden. Prestestova er truleg det eldste huset i kommu-

-20% SOLSKJERMING

Eldste huset i Hareid: Lidvar Rise skal snakkeom Prestestova, som truleg er det eldste huset i Hareid kommune.

nen, og kan ha vore bygd før år 1600? Stova skulle vere ein stad der presten kunne ta inn når han kom frå reise, eller når han skulle halde gudsteneste i Hareid. Stova stod opphaveleg like ved bedehuskrysset, nord for kyrkjegarden. I 1964 vart ho flytta inn på kyrkjegarden og under rydding av tomta kom ein ned på grunnmuren til den gamle stavkyrkja. Prestestova var bygda sitt første rådhus, der formannskap og heradstyre, og seinare soknerådet, heldt møta sine. Det er Hareid sokneråd/ Gudstenesteutvalet som står for arrangementet, og alle som er interesserte i historie er velkomne.

Tilbodet gjeld ved bestilling torsdag - fredag - laurdag

Marokko Floss Flossteppe i 5 cm heatset som er lofri. Årets største trend er Marokko tepper! Kvit botn og grått mønster. 160x230, før 1999,NO

1199,-

80x150, før 699,NO

399,-

SEINTORSDAG! ope til 20.00

HAREID • Tlf. 70 09 26 90 Man - ons 16.30 • Tors - fre 18.00 • Laurdag 15.00

S T O RT U T V A L I T E P P E R F L AT V E V - U L L - F LO S S - P L A S T - U T E T E P P E R


20 tysdag 01. juli 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN 3. - 6. juli 2014

Jubilerer under Opplev Hareid Statoil Hareid kan i år feire 60-årsjubileum. Det skal merkast under Opplev Hareid.

••

Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no Karin Svendsen Holstad er dagleg leiar ved Statoil Hareid. Bensinstasjonen med tilhøyrande butikk har i dag 13 tilsette, dei fleste jobbar deltid. Sjølv om bensinbransjen kan vere tøff, er dagleg leiar optimistisk for framtida til Statoil Hareid. -Eg har tru på Hareid. Vi ligg sentralt plassert i forhold til både Ulsteinvik og Ålesund, og her er landleg og fint. Det meste ligg til rette for at Hareid skal vere ein god bukommune, meiner Svendsen Holstad, som er overtydd om at også Hafast vil bli eit pre for Hareid - og Statoil Hareid. At kommunen har lagt til rette for industri på Raffelneset er også noko som ho set pris på, og som ho meiner vil føre til vekst i Hareid.

Ny vaskehall

Statoil Hareid har i det siste gjort store investeringar. Dei har blant anna installert ein ny vaskehall til over ein million kroner. - Det er ei stor investering for oss, men skal vi vere med i konkurransen må vi stille med det beste på marknaden, slår Svendsen Holstad fast. Det bør ikkje vere noko problem å halde bilane sine reine på Hareid, for i tillegg til den nye bilvaskmaskinen, har stasjonen også eit avansert sjølv-

Bensin: Karin Svendsen Holstad er dagleg leiar for Statoil Hareid. Ho driv også Statoil Ørsta.



dane treng, alt frå mat til bilpleiemidlar, seier Svendsen Grimstad.

Skal vi vere med i konkurransen må vi ha det beste

Feiring tre dagar til ende

Karin Svendsen Holstad

vaskanlegg som berre er tre år gammalt. Med til statsjonen i Hareid sentrum høyrer også ei bunkersbrygge med landgang og avgiftsfri diesel. Og på stasjonen kan båtturistar frå nøkkel til fasilitetane til Hareid småbåtlag.

Opplevingar: Denne gjengen med Statoil Hareid-tilsette lovar mange opplevingar på stasjonen under Opplev Hareid Det er viktig å ha eit servicetilbod både til båtfolket og dei

som køyrer bil. - Vi har det meste som kun-

Under Opplev Hareid skal 60-årsjubileet feirast tre dagar til endes. Dei største borna i alle fire barnehagane i kommunen er inviterte til Statoil Hareid, og då vil det vanske både softis og andre overraskingar på dei. I tillegg vil det desse dagane bli ei rekke aktivitetstilbod og demonstrasjon/kurs i bruk av den nye bilvaskmaskinen. Og både fredag og laurdag vil det bli grilling ute.

Det starta på Ytre Hareid for 60 år sidan 6. september 1954 var første dag med bensin i pumpa hos Jon Holstad AS på Ytre Hareid.

Kaffi og vafler på Brukt & Billig Laurdag under Opplev Hareid vil den frivillige gjengen ved Brukt & Billig i Kjøpmannsgata by på kaffi og vafler til alle som stikk innom butikken. Blir veret godt vil det også bli sett ut møblar, slik at folk kan nyte fineveret. Inne i butikken er det alltid ein sjanse for å finne seg ein skatt, for den som leitar.

••

Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no Jon Holstad frå Hareid var ferdig utdanna bilmekanikar i 1939. I 1952 søkte han om å få starte med sal av bensin, og i 1954 vart løyvet på plass og ei bensinpumpe vart installert ved bilverkstaden på Ytre Hareid. Kona Aasta Holstad var med i leiinga heilt frå starten av, og det første året var Peter S. Røvde i Hjørungavåg også inne på eigarsida. Men alt året etter, i 1955, kom eldste sonen til Jon og Aasta,

Otto Holstad, inn i firmaet på deltid, og Røvde trekte seg ut. Jon Holstad var mykje sjuk, og etter kvart gjekk Otto inn i firamet på heiltid. For at Aasta skulle ha noko å leve av, vart bilverkstaden og bensinstasjonen skild ut i to ulike selskap, og Aasta Holstad fekk ansvaret for bensindelen, medan Otto Holstad hadde ansvaret for verkstaden. Men Otto Holstad etablerte Hareid Rørleggjarforretning, og i ein periode var Petter Eiksund verksmeister. Nokre år seinare kom yngste bror til Otto, Jon Asle, inn i leiinga, og det vart då danna eit aksjeselskap der dei to brørne eigde 50 prosent kvar. Dei to brørne dreiv stasjonen ilag til Karin og Ingar Holstad tok over Jon Holstad as i 2004.

Bensin: Aasta og Jon Holstad starta med sal av bensin gjennom selskapet BP, Norsk Brendselolje AS i 1954. Foto privat.


VIKEBLADET VESTPOSTEN tysdag 01. juli 2014 21

Alle sommarvarer Alle mann på dekk: SokneprestMargit Lovise Holte tek utgangspunkt i legenda som St. Sunniva for preika si på Aarvak-dekket komande sundag.

Gudsteneste på Aarvak

Margit Lovise Holte vil ta utgangspunkt i Sankta Sunniva når ho sundag held gudsteneste i Aarvakbygget.

••

Ingvild Aursøy Måseide ingvild@vikebladet.no Det har blitt tradisjon for å leggje ei gudsteneste til Aarvakbygget ved Ishavsmuseet i Brandal under Opplev Hareid. I år er det sokneprest Margit

Lovise Holte som kjem. Det blir ei tradisjonell gudsteneste, men når ho står oppi ein båt, blir det litt spesielt, seier ho. Holte røper at ho vil ta utgangspunkt i legenda om Sta. Sunniva av Selje denne sundagen. Sta. Sunniva sin minnedag er 8. juli, så det passar bra. Kongsdottera Sunniva la ut i båt frå Irland. Ho stranda på Selje og tok med seg bodskapen om kvitekrist. Salmane dei syngje vil vere knytt til det maritime og havet.

-25% onsdag - torsdag - fredag - laurdag

Sosakjøt og ishavsfilmar

Film og kjøt: Ishavsmuseet Aarvak i Brandal vert åstad for servering av både sosakjøt og polarfilmar førstkomande søndag.

Etter gudsteneste på Aarvakbygget kan det vere vel verdt å ta turen til ishavsmuseet.

••

Ingvild Aursøy Måseide ingvild@vikebladet.no Webjørn Landmark melder om at museet blir ope som vanleg. Fleire eldre og nyare polar-

filmar vil rulle og gå på fleire skjermar. I konferansesalen blir det vist ein film på ein halvtime, på andre skjermar går kortare filmar. – Dette er eit ypparleg høve til å sjå den nye delen av utstillinga vår på 200 kvm, seier Landmark. Der blir sal av sosakjøt, kaffi og kaker.

KJØPMANNSGATA - HAREID FACEBOOK.COM/TRIISEAS #TRIISE1956 Tlf. 70 09 22 63


22 tysdag 01. juli 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN 3. - 6. juli 2014

Syner fram: Nysgjerrige barn, og vaksne, vil forhåpentlegvis få eit godt innblikk i korleis ulike utrykkingskøyretøy som brannbil, politibil og ambulansebil er utstyrt, korleis dei fungerer og kanskje også få sitje i dei ulike køyretøya. På biletet ser vi assisterande brannsjef i Ulstein kommune, William Ekeli, vise fram ein brannbil for ein barnehageklasse. Arkivfoto

– For både store og små blålysentusiastar Laurdag blir det moglegheiter for nygjerrige personar til å bli betre kjent med utrykkingskøyretya.

••Joakim Rødven

joakim.rodven@vikebladet.no Også under året Opplev Hareid vil ulike utrykkingskøyretøy bli stilt opp ved småbåthamna i Hareid sentrum. Branningeniør Live Margrethe Gandborg håper dette vert interessant for lokalbefolkninga, slik at dei tek turen innom småbåthamna for å helse på dei. – Vi har jo gjort dette nokre år no, så forhåpentlegvis så kjenner dei fleste kva vi driv

med. I tillegg så ønskjer vi sjølvsagt å møte nye menneske og bli kjent med dei, seier Gandborg.

Ny ambulanse

Arrangørane av aktiviteten tek sikte på å stille ut både brannbil, politibil og ein flunkande ny ambulansebil. – Fylket har teke over ambulansane, så den er heilt ny. Det håper vi jo blir litt interessant for dei fleste, fortel branningeniøren og legg til at kven som helst kan stikke innom denne laurdagen. – Dette gjer vi for at barn skal få sjå og lære litt om kva som er inne i til dømes ein brannbil. Men vi håper vi at også dei vaksne skal bli litt nysgjerrige og at også dei vil lære meir om

køyretøya, hintar Gandborg. – Så dette arrangementet er både for store og for små? – Så absolutt!, slår ho fast og slepp ut ein liten latter.

Roleg dag

Som alle andre arrangørar og deltakarar under Opplev Hareid håper Gandborg at det vil bli eit fint utevêr denne helga. – Oppmøtet kan jo vere litt avhengig av vêret sjølvsagt. Men vi håper å få kunne få drage fram spyleslangen på brannbilen, slik at barn kan få prøve å spyle litt. I tillegg vil dei sjølvsagt få lov til å prøve å sitje inne i bilen for å få eit nærmare innsyn i korleis brannbilen ser ut, seier ho. Gandborg håper også at det vert ein stille dag på jobben,

slik at dei ikkje må rykkje ut på oppdrag. – Skulle det skje noko så må vi jo naturlegvis rykkje ut til den staden. Det kjem jo litt an på kva for ein alarm som går, men køyretøya avhengige av kvarandre. Så sjølv om til dømes politibilen må rykkje ut så er ikkje det sikkert av dei alle utrykkingskøyretøya treng å rykkje ut samtidig viss det ikkje skulle vere nødvendig, forklarar ho. – Blir det lyd og spetakkel frå sirenene utover dagen? – Det er så høg desibel på sirenene at vi ikkje kan ha dei på heile tida. Vi vil jo ikkje skremme vekk folk heller. Men nokre korte sekvensar kan det hende at det blir, smilar ho lurt.


VIKEBLADET VESTPOSTEN tysdag 01. juli 2014 23

-50%

10 pk. FLOTTE ROSER

79,-

i mange fargar

Velkomen innom vĂĽre sjon! ira Bellis butikkar og finn insp

pĂĽ alle VEGGSKRIFTER

Hareid Tlf. 70 09 26 67 | Ulsteinvik Tlf. 70 01 28 88 | www.bellis.no | Følg oss pü Facebook

4490   500 g. Pr pk

199

INDREFILET

Kontiki Foods. Fryst. Pr kg Bilutstilling: BĂĽde fredag og laurdag under Opplev Hareid fĂĽr ein moglegheiter til ĂĽ sjĂĽ dei siste bilnyheitene frĂĽ Toyota Ulsteinvik ved bilverkstaden G. Eilertsen. Her ser vi seljar Jan Arild BjĂĽstad. Arkivfoto.

Stiller ut dei siste bilnyheitene Tradisjonen tru vert det utstilling av siste bilnytt frĂĽ Toyota Ulsteinvik under Opplev Hareid.

••

Joakim Rødven joakim.rodven@vikebladet.no – Det er vel i om lag 10 ür vi har bidrege med bilutstillingar under Opplev Hareid, og ogsü i ür har vi om lag 8–9 bilar som skal visast fram, forklarar Jan Arild Bjüstad i Toyota Ulsteinvik. Sjølv om dette langt ifrü er første gong han er med pü ü stille ut bilar, er han likevel spent. – Dette er noko vi ser veldig fram til og sü er det sjølvsagt spanande ü sjü kor mange folk som kjem bortom for ü

sjĂĽ pĂĽ bilane vĂĽre, seier bilseljaren.

– Ikkje gløym oss

Bjüstad og Toyota har i all hovudsak hatt desse bilutstillingane ved bilverkstaden G. Eilertsen. Han ber derfor folk om ü ikkje gløyme at dei held til litt utanfor sentrum. – Vi skulle kanskje ha vore endü litt nÌrmare inn mot sentrum, men det für vi diskutere ein annan gong. Sü vi hüper jo sjølvsagt at vi ikkje blir gløymt da, seier ein hüpefull Bjüstad. Trass plasseringa, har det likevel vore mykje ü smile over under Opplev Hareid tidlegare. – Vi har faktisk seld 1–2 bilar under kvar utstilling, sü det er gledeleg. Forhüpentlegvis für vi ogsü knallsol, slik at lakken ser endü betre ut, smiler han

HAREID


24 tysdag 01. juli 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN 3. - 6. juli 2014

Halldans med Wild Cats Fredag 4. juli blir det halldans i ridehallen i Hjørungavåg, med lokal underhaldning i form av bandet Wild Cats. Med det ynskjer arrangørane å blåse nytt liv i bygdedansen på Hareidlandet

••

Ole-Ottar Høgstavoll ole.ottar@vikebladet.no Før i tida var det jo heilt vanleg med bygdedansar. Den tradisjonen har på mange måtar døydd ut dei siste åra. Spesielt



Vi trur dette blir veldig bra. Camilla Strand Ringstad Arrangementkomiteen for halldansen i Hjøurngavåg

etter at hotella dukka opp her på Hareidlandet. Det er på tide å blåse skikkeleg liv i tradisjonen igjen, seier Sigurd Liavåg.

Fredag 4. juli: Denne glade gjengen inviterer til halldans i ridehallen i Hjørungavåg fredag 4. juli. Til venstre og i midten ser du høvesvis bandmedlemmane Erlend Kvalsvik og Robert Haugen i Wild Cats, mellom dei to Sigurd Liavåg, og til høgre for Haugen står f.v. Arnhild Emdal og Camilla Strand Ringstad.

Liavåg er leiar i Hareid rideog køyreklubb, som eig og driv ridehallen i Hjørungavåg. Ridehallen blir arenaen for halldansen, og det er det lokale bandet Wild Cats som speler opp til dans. Bandmedlem Erlend Kvalsvik fortel at det garantert vil bli rocka steming i ridehallen.

- Det blir garantert noko av The Beatles og sjølvsagt noko av Creedence Clearwater Revival. Vi trur det blir ein heidundrande konsert, og eg trur folk kjem til å setje stor pris på arenaen for dansen, seier Kvalsvik. Wild Cats er ein kompisgjeng som har spelt sa-

man gjennom fleire år, og med unntak av vokalisten som er larsnesing, er alle hareidsdølar. - Det er ei utfordring å få samla alle saman, då nokre er på sjøen og andre er opptekne med andre ting. Men til halldansen er alle samla og klare til

å gi hundre prosent, lovar Kvalsvik. Arrangørane har stor tru på halldansen, og tilbakemeldingane etter at ideen vart lansert, har vore mange og utelukkande postitive. - Vi trur dette blir veldig bra. Her har vi ein 1000 kvadratme-

ter stor hall å boltre oss i, og vi trur mykje folk ynskjer å komme, seier Camilla Strand Ringstad i arrangementkomiteen. Ringstad legg til at arrangementkomiteen også ynskjer seg fleire frivillige til å vere vakter under arrangementet.

Open Gard i Hjørungavåg

Open Gard: Søndag 6. juli blir det Open Gard hos Otto Andreas Liavåg i Hjørungavåg. Der blir det blant anna hestar, sauer, geiter, gardsmat og nyvorpne egg å få kjøpt. Arkivfoto

Hareid Ride- og Køyreklubb vil også i år ynskje alle velkomne til Åpen Gard i Hjørungavåg Arrangementet vil foregå same stad som sist, men eigar av garden er no Otto Andreas Liavåg. Det står for tida 18 hestar oppstalla her, og dei aller fleste vil kome heim frå beite denne dagen for å¨vise seg fram . Mange av dei vil også bli brukt til barneriding og køyring. Klubben vil og gjerne få presentere ein ny hest denne dagen, Nordlandshesten Kasper som nyleg vart henta frå Voss. Kasper er forresten ei gåve frå Sparebanken Møre til HRkk. Så alle som vurderer å byrje på ridekurs til hausten må kome og helse på han. I tillegg til mange hestar å sjå på, vil stallen denne dagen vere fylt opp av mange andre dyr. Eksotiske fuglar, gris, mi-

nigris, lama, geiter, sauer, kalvar, høner m.m. Klubben vil også invitere folk som har smådyr/kjæledyr som dei kanskje vil selge eller gi bort, til å ta desse med seg til gards. Kanskje vil dei finne nye eigarar til dei denne dagen. Om nokon har spørsmål om dette, kan dei kontakte leiar i klubben, Sigurd Liavåg. Jens Tenfjord kjem også i år og vil demonstrere gjeting av sau med hund. Han vil ha med seg Brakar, Skir og Felix, som gjerne viser oss kor elegant dei kan handtere ein saueflokk. Ingen Åpen Gard utan mat. Ein vert både svolten og tyrst av å vere på gardsbesøk. Klubben vil servere mør, pølser, vafler, sveler og kaker. Tradisjonen tru vil der og vere kortreiste nyvorpne egg, og honning til salgs.


VIKEBLADET VESTPOSTEN tysdag 01. juli 2014 25

s p ti r a m m So

d i e r a H i e n frå butikka

1

4

2

7 5

3

6

1. Las Vegas uteteppe frå Fargerike Hareid. TILBOD 160x230 kr 699,- 2. Mongoose sykkel frå Sportssenteret Hareid. Før 2 899,- NO kr 1 499,- 3. Sminke frå Nilens Jord. Art Frisør Hareid 4. Friske bær frå Eurospar Hareid 5. Gabba Jeans shorts stretch og gensar i bomull/lin. Frå T. Riise 6. Sofagruppe Lund m/bord. Kr 2 790,- frå Coop Extra Hareid 7.Autoglym Super resin polish. Renser, polerer og gir langtidsbeskyttelse. Kr 199,- Frå Statoil Hareid

Profile for Eilo

Opplev Hareid 2014  

Opplev Hareid 2014  

Advertisement