Issuu on Google+

Stryn onsdag 4. mai 2011

Nr. 51

77. årgang Laussal kr. 20,–

Dømd til fengsel etter frontkollisjon www.fjordingen.no

Lokalavisa for indre Nordfjord

Side 5

Krev betre brøyting – Vi vil ikkje ha det slik ein vinter til, seier Margot Åsebø i Statens vegvesen. Vegvesenet vil trekkje Opedal & Sønner for 400.000 kroner fordi ein meiner at vedlikehaldskontraktane i vinter ikkje vart

oppfylte. Det var særleg solen av is på vegane som skapte problem for dei vegfarande. ● Side 5

Margot Åsebø i Statens vegvesen er ikkje nøgd med vintervedlikehaldet i Nordfjord. (Foto: Inge Fænn)

Kjempar for lege i Olden

Overrekking av brevet skjedde på Kommunesenteret måndag. Frå venstre: Ordførar Nils Petter Støyva, Svein Lundevall, rådmann Per Kristian Storevik og Sigurd Strand. (Foto: Harald Vartdal)

11 lag og organisasjonar i Olden står bak kravet om vidareføring av legekontor og helsestasjon i bygda når Harald Hoff sluttar til sommarferien.

– Nedlegging av desse tenestene vil vere eit langt tilbakesteg for Olden-samfunnet, understreka Svein Lundevall og Sigurd Strand då dei overrekte brevet til ordførar

Gytri skal løfte kulturskulen Medan mange kulturskular opplever kutt i budsjetta, går no Stryn i motsett retning og aukar staben. Folkemusikar Linda Gytri frå Oldedalen er tilsett i full stilling i Stryn kulturskule. Skule- og kultursjef Arne B. Berge meiner at dette blir eit stort løft for kulturskulen og kulturlivet i Stryn. ● Side 9 Linda Gytri er mest kjend for å traktere trekkspelet, men spelar og andre instrument. (Foto: Sigrid Heggestad)

Nils Petter Støyva og rådmann Per Kristian Storevik. ● Side 4

Hugs

Radiobingo! KL. 20.00 I MORGON

God bingo! DIN LOKALRADIO

Tlf.: 57 87 22 50 / 57 87 22 51 FM

104 -108


Onsdag 4. mai 2011

9

Stort kulturløft for Stryn Medan kulturskular opplever kutt, går no Stryn i motsett retning og aukar staben. Kommunen satsar på eit løft for kulturen når folkemusikar Linda Gytri blir heiltidslærar ved kulturskulen. Sigrid Heggestad

sigrid.heggestad@fjordingen.no

– Eg synest det er veldig kjekt å kome tilbake hit og jobbe her, seier Linda Gytri (31) frå Oldedalen. Folkemusikaren har studert ved Ole Bull Akademiet i Norge og Sibeliusakademiet i Finland, og avslutta mastergrad i folkemusikk ved Raulandsakademiet i Telemark i fjor. Ho har trekkspel og akkordion som hovudinstrument, og spelar også piano, trøorgel, fløyte, lur og bukkehorn.

I full stilling Gytri starta sjølv som elev i den kommunale musikkskulen i Stryn med Arnt Inge Sæter og Ketil Rasmussen som lærarar. Ho tek til 1. august, og er klar til å ta imot elevar når skuleåret startar. – Kva betyr det for deg å få tilbod om jobb i 100 prosent stilling? – Det er veldig viktig, og var avgjerande for å ta imot jobben. Det gjeld mange i same situasjon som meg, slik at ein kan kombinere jobben med frilans og musikk. Det er distriktspolitikk at det finst jobbar i heile stillingar. Det blir kjekt å jobbe med eit yrke som du har interesse for og utdanning til, seier ho til Fjordingen.

– Veldig heldige Trass i budsjettkutt og relativt få

Rektor Ketil Rasmussen (t.v.) og skulesjef Arne B. Berge er stolte av å ha fått tak i profesjonelle krefter til Stryn. Folkemusikar Linda Gytri startar å undervise på fulltid i kulturskulen 1. august. årsverk ved kulturskulen, har det vore ein stor fagkrets som har satsa på kvalitet. Ein har fått fram mange gode elevar og hausta mange Draumpestipend. Medan andre skular stadig opplever kutt, går no Stryn kommune andre vegen. Med utvida årsverk blir det sju lærarar der fleirtalet har små stillingsprosentar. – Vi har vore veldig heldige. Det var viktig for kulturskulen å få tak i Linda Gytri. Ho står med beina godt planta i folkemusikken med trekkspel som hovudinstrument. No kan vi

tilby profesjonelt undervisningsopplegg på til dømes trekkspel, seier rektor Ketil Rasmussen.

Større kapasitet Tilsetjinga av Gytri i full stilling vil bidra til kortare ventelister. Det vil og føre til at rektoren får frigjort tid til å gjere andre ting. – Vi har hatt venteliste på 5060 elevar kvart år. No når Linda startar, kan vi ta inn 30 elevar meir, seier Rasmussen. Elevtalet i kulturskulen har variert mellom 130- 160 i året med musikk, dans/ drama og teikne/ målegruppa. Stryn har og eit

godt samarbeid med kulturskulane i Eid og Hornindal. Samarbeidet med profesjonelle aktørar har blitt lagt merke til, og prosjektet med konsert på kulturnatta vil halde fram. Framover blir det nok eit større fokus på å bli eit ressurssenter med å tilby tenester til andre aktørar, fortel rektoren.

– Eit samla løft Stryn har ein låg dekningsprosent av born og unge som går i kulturskule samanlikna med andre kommunar. Noko av grunnen er at øyremerkte tilskot

er borte, saman med kutt etter tøffe budsjettperiodar. Difor er det ein stor styrke å få to heile årsverk i kulturskulen. – Ein er nøydde å ha heile stillingar for å få tak i kvalifiserte folk. Det er positivt at politikarane no har gått aktivt inn for å satse på kulturfeltet i 2011, så all honnør til dei. Stryn vil få eit samla kulturløft i år med eit nytt årsverk i kulturskulen, samstundes med digital kino og ny dagleg leiar i kulturhuset, seier skule- og kultursjef Arne B. Berge. Ein utvida lærarstab vil og redusere ventelista.

Gamle spelemenn i ny innpakking

Norsk Country Treff vil blir knutepunkt

Historiske innspelingar av gamle spelemenn, kvedarar og diktarar heilt tilbake til første halvdel av 1900-talet, er no gjort digitalt tilgjengeleg. Det er Buen Kulturverkstad som står bak storsatsinga. Utgjevinga byggjer på rundt 100 kassettopptak med legendariske spelemenn, kvedarar, diktarar, forteljarar og andre artistar Buen Kulturverkstad har gjort frå 1976 til midten av 1990-åra, fortel Bladet Folkemusikk. – Dette gjeld hundrevis av slåttar, viser, stev og salmar, segn og soger, eventyr, dikt og nyskapingar. Mykje på grunnlag av viktige tradisjonskjelder, seier Knut Buen. Noko av stoffet omfattar arkivopptak heilt tilbake til første delen av 1900-talet.

Norsk Country Treff sende måndag inn søknad til Det kongelige Kulturdepartement om å bli ein knutepunktfestival innan countrysjangeren. Kulturdepartementet sende utlysing av knutepunkt for countrymusikk til ei rekkje festivalar i Norge 1. mars. Norsk Country Treff (NCT) arbeider kontinuerlig for å utvikle festivalen og for å styrke musikksjangeren. Difor var det naturleg at NCT søkjer om denne statusen, som vil opne for ei vidare utvikling på heilårsbasis. Ei prosjektgruppe har arbeidd med søknaden, og arrangørane ventar no på positivt svar frå departementet.

TAKK

for hjelpen med å fordele 90 mill Norsk Tipping utbetaler i disse dager 90 millioner kroner til lag og foreninger over hele landet. På vegne av alle grasrotmottakere ønsker vi å si TAKK til deg som har gitt din grasrotandel. Dette er penger som betyr mye for vekst og utvikling i det frivillige Norge. Les mer om Grasrotandelen på grasrotandelen.no


Stort kulturløft for Stryn (Fjordingen 04.05.2011)