Page 1

LØRDAG

HELG 30. april

2011

Nye tonar i kulturskulen Stryn styrkar kulturskulen, i ei tid då andre vel å skjere ned. KULTUR 4

Nr. 99

128. årgang

Hotelldirektør i særklasse

London - utenfor turistløypa

HELG 28

HELG 22

Pris kr 20,-

Den store bry llu psf e st e n

Full fart i Ulstein Ulstein Group teiknar og reknar på ei rekkje nye prosjekt, og aktiviteten er på full fart opp. NYHETER 10

Du er nydelig. Den ser fantastisk ut PRINS WILLIAM

Leselyst i fokus Leseforståing er kjelda til å tileigne seg kunnskap. I Herøy står leselyst i fokus. KULTUR 3

Barna i Brisk barnehage og resten av verden feiret da prins William fikk sin Kate. NYHETER 16

BILDEMONTASJE

NYHETER 16


4 KULTUR

SUNNMØRSPOSTEN Lørdag 30. april 2011

Gigantar til Trandalblues

ARTISTAR. Ray Gelato and the Giants er siste navn i rekka av artistar som skal spele på årets Trandalblues. Dei har spela på festivalar i mange land, til dømes Brazil, Italia, Frankrike, Canada og USA. Storbandtonane frå Gelato skal også ha fått sjølvaste Sir Paul McCartney til å booke dei til sitt eige bryllup. Andre artistar i årets Trandalblues er Knut Reiersrud, Vidar Busk og Bokkereidars, med fleire.

Kulturskuleelevar i høve til talet på grunnskuleelevar: Hornindal Norddal Hareid Ørskog Vanylven Herøy Stordal Vestnes Ulstein

- 53,5 prosent - 40,5 - 39,5 - 38,0 - 35,8 - 32,2 - 29,6 - 27,9 - 27,1

Giske Volda Midsund Sandøy Eid Stranda Skodje Sande Haram

- 25,9 prosent - 25,1 - 24,3 - 23,7 - 22,7 - 21,8 - 21,3 - 20,1 - 19,0

Ørsta Ålesund Sykkylven Sula Stryn Vågsøy Selje

- 18,9 prosent - 16,2 - 16,2 - 14,8 - 12,4 - 10,4 - 7,9

UNDERVISNING. Linda Gytri skal lære born og unge i Stryn å spele trekkspel. Her saman med kulturskulerektor Ketil Rasmussen (til venstre) og skule- og kultursjef Arne B. Berge.

FOTO: TERJE ENGÅS

Satsar på kulturskulen

Stryn har gjort det tidlegare, og andre kommunar gjer det framleis: Kuttar i budsjetta til kulturskulen. Men no vil Stryn satse på kultur igjen.

STRYN. – Vi er kjerringa mot strømmen og utvidar lærarstaben, seier Ketil Rasmussen.

Kulturskulerektoren kunne i går saman med skule- og kultursjef Arne B. Berge stolt vise fram Linda Gytri, nytilsett lærar i 100 prosent stilling. Honnør. – Eg vil gje honnør til

politikarane som sjølv i tronge tider ser verdien av å bruke

pengar på ei styrkinga av kulturskulen, seier Berge. Skulen har no sju personar på lønningslista, men dette er mest timelærarar. Sjølv trengde ikkje Linda å telje på knappane då ho fekk tilbod om jobb i heimkommunen: – Det skal bli kjekt å få flytte heim igjen til Oldedalen, etter avslutta utdanning og ein mastergrad i folkemusikk frå Raulandsakademiet i Telemark, seier 31-åringen.

Trekkspel. Hennar hovudinstrument er trekkspel. Og etter at Håvard Svendsrud nyleg flytta frå Vanylven vert ho den einaste heiltidstilsette trekkspelaren på Nordvestlandet.

I tillegg til trekkspel trakterer Linda Gytri også piano, trøorgel og fløyte. – Ho står med begge beina trygt planta i folkemusikktradisjonen, forsikrar rektoren. – Eg var faktisk elev i kulturskulen det første året dei starta opp her i Stryn, legg Linda Gytri til. Kulturskulen i Stryn har meir å gå på, så satsinga no var kanskje nødvendig. For statistikken over kor mange som nyttar seg av

Vi er kjerringa mot strømmen KETIL RASMUSSEN

tilbodet viser at skulen er temmeleg eksklusiv. Berre 12,4 prosent av grunnskuleelevane i kommunen var i fjor elevar i kulturskulen. Det plasserer Stryn nesten heilt i botn på Nordvestlandet.

Hornindal. Til samanlikning var det heile 53,5 prosent av grunnskuleelevane i nabokommunen Hornindal som var elevar i kulturskulen i fjor – noko som plasserer dei på nordvesttoppen. – Problemet har sjølvsagt vore små ressursar. Vi har kvart år hatt lange ventelister på opptil 50–60 born og unge. Med Linda på plass kan vi iallfall ta inn 30 fleire elevar, seier Ketil Rasmussen.

Høg kvalitet. Han legg likevel til at i staden for å klage har dei satsa på å jobbe effektivt og heile tida sett kvalitet i høgsetet. Difor har dei også fått fram mange svært gode elevar, som har hausta det eine Draumestipendet etter det andre. Kulturskulen i Stryn kan no tilby undervisning i trekkspel, piano, orgel, klarinett, saksofon, fløyter, glas- og klokkespel, gitar, slagverk, fele, folkedans, vokalog mikrofonteknikk, scenetrening, musikkarrangering, teikning, måling, drama og dans.

TERJE ENGÅS

terje.engas@smp.no

Satsar på kulturskulen (Sunnmørsposten 30.04.2011)  

Stryn har gjort det tidlegare, og andre kommunar gjer det framleis: Kuttar i budsjetta til kulturskulen. Men no vil Stryn satse på kultur ig...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you