Page 1

Utdanning - Jobb - Karriere SOGN OG FJORDANE 2012/2013

For elevar og studentar til bruk i faga ”Utdanningsval” og ”Prosjekt til fordjuping”, og som førebuing til utdanningsmesser i Sogn og Fjordane

MULIGHETER


”Å ta eit karriereval for resten av livet når ein er 14-20 år, er ikkje lett!” MULIGHETER For at eleven/studenten skal kunne ta eit godt val, er det viktig at kvar enkelt får tilstrekkeleg informasjon om dei ulike valalternativa. Difor ønskjer vi å rettleie lesarane til å gjere gode og fornuftige utdannings- og yrkesval, gjennom realistisk og ærleg informasjon direkte fortalt av elevar, studentar eller tilsette i dei aller fleste bransjar. I Muligheter kan lesaren la seg inspirere av profilerte selskap, organisasjonar, offentlege etatar og utdanningsinstitusjonar som vil fortelje om verksemda si, kva som blir forventa av deg og kvifor du skal ta nettopp dette valet. Vi gjev eit særskild godt innblikk i lokale utdannings- og yrkestilbod, men synleggjer òg karrieresjansar i resten av landet. Boka inneheld òg lenker til oppgåver, læreplanmål og kompetansemål laga i samarbeid med offentlege opplæringsetatar, slik at kvar og ein kan arbeide med informasjonen i boka for å førebu seg best mogleg før ein skal ta sine val. Ein kan òg bruke oppgåvene i undervisning eller i samtale med rådgjevar, foreldre eller vener.

innHOld s.3

Korleis bruke boka

s.5

Studieførebuande/Studiespesialiserande

s.13

Høgare utdanning

s.23

Trainee

s.25

BYGG- OG ANLEGGSTEKNIKK

s.35

DESIGN OG HANDVERK

s.37

ELEKTROFAG

s.53

HELSE- OG OPPVEKSTFAG

s.61

MEDIER OG KOMMUNIKASJON

s.63

NATURBRUK

s.69

RESTAURANT- OG MATFAG

s.73

SERVICE OG SAMFERDSEL

s.75

TEKNIKK OG INDUSTRIELL PRODUKSJON

s.85

Leve, bu og arbeide

s.95

Elevoppgåver

Tenk riktig, tenk smart, tenk på deg sjølv. Lukke til! Med venleg helsing Redaksjonen

FORL AG

HUGS SØKNADSFRISTANE! Vidaregåande opplæring:

1. MARS 2013 www.vigo.no

Høgare utdanning:

15. APRIL 2013 www.samordnaopptak.no

Muligheter Sogn og Fjordane 2012/2013 er eit produkt frå Drivkraft Forlag. Muligheter Sogn og Fjordane 2012/2013 blir distribuert i Sogn og Fjordane til alle elevar i 8., 9. og 10. årstrinn, vidaregåande skular, høgskular og universitet, samt utvalde karrieresenter og NAV. Muligheter Sogn og Fjordane 2012/2013 er finansiert av føretaksprofilar, og redaksjonelt stoff er produsert av redaksjonen på eige initiativ og for eiga rekning. Drivkraft Forlag tek atterhald om eventuelle feil eller manglar i materiell levert av eksterne bidragsytarar.

Ansvarleg utgivar: Drivkraft Forlag Saudagaten 2, STAVANGER Postadresse: Saudagaten 2, 4012 STAVANGER (+47) 51 50 68 00 www.drivkraft.no www.muligheter.no Design: Drivkraft AS www.drivkraft.no Marknadskontakt: Drivkraft Forlag


Mange vil gje råd

MEN DU MÅ TENKJE SJØLV! Som elev på ungdomskulen og i vidaregåande skule har du rett på utdannings- og yrkesrådgjeving som ein del av læreplanen. Boka Muligheter Sogn og Fjordane kan med fordel brukast i faga ”Utdanningsval” på ungdomsskulen og i ”Prosjekt til fordjuping” på vidaregåande skule. Muligheter Sogn og Fjordane presenterer kommunar, utdanningsinstitusjonar, organisasjonar og føretak som er opptekne av at unge menneske vel ei utdanning som bidrar til å dekkje deira behov for dyktige folk i tida som kjem. I boka finn du intervju, tips, råd og anna nyttig stoff som vonleg gjev deg lyst til å finne ut meir om akkurat dette yrket, denne utdanninga eller dette selskapet. I tillegg møter du mange som allereie har teke eit val, og du kan lese om kvifor og korleis dei har kome dit dei er no. Vi håpar du lar deg inspirere og ønskjer deg lukke til i utdannings- og yrkesvalet ditt. Vi ønskjer tilbakemeldingar frå rådgjevarar om bruk av boka og nettstaden www.muligheter.no. Ris og ros sendast til kjetil@drivkraft.no Ansvarleg redaktør: Leif Roger Torgersen, Drivkraft Forlag Tekst: Kjetil Hustveit, Anne Oma Design: Kristin T. Knutsen

Nytt av 2012 er at Muligheter© òg er tilgjengeleg for alle elevar og lærarar (og foreldre) som ein applikasjon hos læringsplattforma www.itslearning.no

Instruksar for å bruke It’s Learnings Muligheter-app: Legg inn “Muligheter” som verktøy i tekstredigeringsverktøyet ved å klikke på “Set inn”-boksen og etterpå velje “Bla gjennom app-bibliotek”. Skriv inn “Muligheter” i søkefeltet og klikk “inkludér denne appen”. Du kan no enkelt kople til muligheter.no-sider ved å velje “Muligheter” under “Set inn”. Då får du opp muligheter. no nettsida i nytt vindauge, og kan surfe til du finn sida du er på jakt etter. Når du har funne den riktige sida, klikkar du på ‘it’s learning’-knappen øvst og du vil få inn eit plasshaldar-bilete der kor du hadde markøren i tekstområdet, denne boksen kan du flytte rundt etter behov. Boksen blir vist som ei lenke til den aktuelle muligheter.no-sida etter at artikkelen er lagra.

3


agder viTenSKaPSaKadeMi

MEDISINSKE STUDIER I POLEN

Om du ein dag skulle Om du ein dag skulle Om du ein dag skulle Om du ein Om du ein dag skulle g skullegå på ein smell dag skull Om du ein dag Om skulle du ein smell dag skulle gå på ein smell gå på ein smell gå på ein gå på ein smell n dag skulle det godt å være LO-medlem ll gå påererdet å være LO-medlem ergodt detsmell godt ådet være LO-medlem ein på ergå godt åein være smell LO-medlem er det godt å være LO-medlem msmell er det godt å være LO-medlem er det godt å være LO-medlem Ikkje sel deg sjølv og din arbeidskraft til dårlege vilkår –

sel degsel sjølv og dinog arbeidskraft til dårlege vilkår –vilkår – Ikkje deg sjølv din arbeidskraft til dårlege O-medlem Ikkje meld i eit LO-forbund på www.lo.no og bli med Ikkje deg sjølv og arbeidskraft Ikkje seldeg deginn sjølv og dinselarbeidskraft tildin dårlege vilkår – til dårlege vilkår – deg ifor eit LO-forbund på og bliog med Ikkje sel degmeld og dininn arbeidskraft til dårlege selinkluderande degvilkår sjølvwww.lo.no –ogpå dinarbeidsliv arbeidskraft til et dårlege vilkår – il dårlege vilkår –sjølv meld deg inn iIkkje eit LO-forbund www.lo.no og blibetre med på arbeidet eit meir meld deg inn i eit LO-forbund på www.lo.no og bli me meld deg inn i eit LO-forbund på www.lo.no og bli med degmed inn eit LO-forbund på for www.lo.no meld degog inn blii med eit LO-forbund påog www.lo.no ogbetre bli med påisamfunn. arbeidet for eit meir arbeidsliv et betre .lo.nomeld og bli på arbeidet eitinkluderande meir inkluderande arbeidsliv og et

påpåarbeidsliv arbeidet foreteit eit meir inkluderande arbeidsliv og et b på for inkluderande arbeidsliv og et betre på arbeidet for arbeidet eit meir inkluderande arbeidet og for betre meir inkluderande arbeidsliv og et betre rbeidskraft vilkår – eit meir samfunn. rbeidsliv ogtiletdårlege betre samfunn. samfunn. samfunn. samfunn. samfunn. und på www.lo.noVil ogdu blivite medmeir om dine rettar i Vilarbeidslivet? du vite om dine i om dine du viteSjekk om dine rettar i rettar i vår Jobbhåndbokapp: Vil du vite meir omVil dine rettar imeir du rettar vite meir luderande arbeidsliv og etmeir betre VilVil du vite meir rettar i Vil du vite meir om dine rettar i om dine arbeidslivet? Sjekk Sjekk vår Jobbhåndbokapp: arbeidslivet? Sjekkarbeidslivet? vår Jobbhåndbokapp: arbeidslivet? Sjekk vår Jobbhåndbokapp: vår Jobbhåndbokapp: Sjekk vår Jobbhåndbokapp: arbeidslivet? Sjekkarbeidslivet? vår Jobbhåndbokapp: pp: ettar i bbhåndbokapp: o www.lo.no www.lo.no

o.nowww.lo.no


– Studiespesialisering du som vel studiespesialisering bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag. vel du programområde for formgjevingsfag, bør du ha estetisk sans og kreative evner og anlegg. Fyrste året kan du velje å starte med berre fellesfag. andre året vel du fordjuping innanfor eitt av programområda formgjevingsfag, realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. du kan også velje å starte med fordjuping i formgjevingsfag alt frå fyrste året.

STUDIEFØREBUANDE/STUDIESPESIAlISERANDE

STUDIEFØREBUANDE STUDIESPESIAlISERANDE

avhengig av kva skulen tilbyr, kan du også velje programfag frå andre studieførebuande utdanningsprogram og programfag frå andre fagområde i eige utdanningsprogram. Utdanningsprogrammet gjev det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. alt etter kva programområde og kva programfag du vel, vil du kunne oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.realfag.no www.velgriktig.no - www.fivai.no - www.nlmvgs.no - www.firda.vgs.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Studiespesialiserende –> Læreplanmål - Oppgaver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Studiespesialiserende –> For lærere - Kompetansemål

5


Hvorfor skal jeg dra? Du får utfordringer faglig og sosialt. Du lærer et nytt språk og en ny kultur. Du får venner for livet. Du får internasjonalt anerkjent eksamen. Du får større perspektiver. Du får god økonomisk støtte og store stipender. Du blir kjent med verden mens du studerer. Søknadsfrister: Frankrike 1. april • United World Colleges 1. februar


STUDIEFØREBUANDE/STUDIESPESIAlISERING

FYlKeSMannen i veST-agder

STUDIUM I UTLANDET! verda er lita, og fleire og fleire vel å studere i utlandet. det kan de gjere på mange tidspunkt i utdanningsløpet, men kvifor ikkje tenkje på det alt på vidaregåande nivå? då vil de ha glede av det de har lært så mykje lenger! dessutan er det slik at dess tidlegare de får byrja å lære eit framandspråk, dess større sjanse har de til verkeleg å bli gode i det nye språket. det er mykje meir enn språk de kan lære ved å ta studieopphald i utlandet. de lærer også faga på ein annan måte enn heime, og andre fag. de blir kjende med andre folks måtar å leve på, og de vil sjå at vår måte å organisere livet på ikkje er den einaste løysinga. de vil få gode idear de kan ta med heim, og kanskje vil de kunne bidra til nytenking heime! de blir også betre kjende med dykk sjølve. de lærer å organisere dykkar eigen kvardag, og de får praktisk trening i toleranse og fleksibilitet. det er verdifull kompetanse å vere van med å tilpasse seg nye

situasjonar og nye menneske. Og de får kompetanse i å reise. det er nyttig å kunne ta seg fram i verda. det er mange alternativ for deg som vil reise utanlands alt på vidaregåande nivå. det er mange røynde utvekslingsorganisasjonar, det er fleire vidaregåande skular som har spesielle opplegg. Fylkesmannen i vest-agder har ei spesielt hyggeleg landsdekkjande oppgåve. vi skal informere om og administrere opptak av elevar til skuleplassar i Frankrike og på United World Colleges. gå inn på nettsida vår fivai.no og sjå kva tilbod vi har. dette er skuleplassar med god oppfølging og gode stipendordningar. lukke til med utdanningsvala dykkar!

venleg helsing Kari Skogen Seniorrådgiver Fylkesmannen i vest-agder www.fylkesmannen.no/va

7


NLM VGS

EIN SKULEGANG FULL AV OPPLEVINGAR På nlMvgs-skulen Sygna vgS får du eit hav av opplevingar du seint vil gløyme. Omgjeven av fjell og fjord i vakre Balestrand kommune finn du Sygna vidaregåande skule. Skulen er ein av fleire såkalla kristne friskular i noreg som er åtte og drivne av norsk luthersk Misjonssamband (nlM). Og for å avkrefte myten med ein gong: Her må du ikkje vere kristen for å bli eksaminert, nlMvgs-skular er nemleg opne for elevar frå alle religionar og livssyn. – det er opp til kvar enkelt å avgjere kor mykje religionsrelatert ein vil ta del i. ein har obligatorisk morgonsamling og kristendomsfag på vg1 og vg2, men utanom dét er det valfritt., fortel even Moss lundemo (18) frå Skarnes i Hedmark. TRIVST GODT even har teke den lange vegen frå austlandet for å gå på internatskule i ”ukjende” Balestrand, ein stad han tilfeldigvis kom over etter ei lita økt med googling. 18-åringen er likevel snar med å streke under at valet med å flytte på seg absolutt ikkje har vore noko han har angra på. – det var eit lite kultursjokk då eg nervøs og spent trippa over dørkarmen i resepsjonen for å hente nøkkelen til rommet. Her var eg midt i Balestrand, heilt åleine på den 8

andre sida av landet, utan noka tilknyting. Men det snudde fort, smiler han før han utdjupar. – Omtrent alle helsa og sa hei fyrste dagen. Folk var skikkeleg utettervende og imøtekomande. TUR TIL GRAN CANARIA even er i avsluttande del av det andre skuleåret på Sygna. Med tung idrettsbakgrunn frå fotball og vasski og med eit ynskje om å studere ved noregs idrettshøgskole, valde even å gå idrettsfag for å få mest mogleg ballast før eventuelle studium. det er berre å lene seg attende og la seg rive med når even fortel kva som skjer på dette spanande studievalet. – Personleg er eg skråsikker på at Sygna har den beste idrettslinja blant internatskular. ikkje berre har vi flinke lærarar som er dyktige på det teoretiske, men vi har også spanande praksis. Blant anna har vi vore på galdhøpiggen og reist på éi vekes treningsleir til lanzarote, der vi dreiv med alt frå tennis og vasspolo til langdistansesykling og vindsurfing. det er rett og slett dritkult, konkluderer han. FÅR VENER FOR LIVET ein annan som har teke det ”vaksne” steget og søkt seg inn på internatskule, er Hanne Skarstein (19) frå Sandane i gloppen kommune.


Sogn og Fjordane

Kan du tenkje deg å prøve ein litt annleis vidaregåande skule? Prøv nlMvgs! Mykje er likt som i offentlege skular, og ein del er annleis. nlM vgs er 9 kristne internatskular som er åtte av norsk luthersk Misjonssamband (nlM). Hjå oss kan du bu saman med andre ungdomar i eit trygt internatmiljø. du treng ikkje vere kristen for å gå på skulane, men både undervisning og fritid vil vere prega av at tilsette og ein del elevar er kristne. Skulane gjev vidaregåande opplæring, og gjev same studiekompetanse som tilsvarande offentlege skular.

Studiespesialiserande

NLM vgs

dette er skulane våre frå nord til sør: Even og Hanne angrar ikkje på valet av skule.

i motsetnad til even som starta på skulen med heilt blanke ark, var ikkje skulen heilt ny for Hanne. Ho har både slektningar og kjende med gode røynsler frå studiestaden, og det var aldri nokon tvil om kvar ho ville ta den vidaregåande utdanninga si. det har rett og slett vorte ein familietradisjon å ta nokre år på ein nlMvgs-skule. – eg synest det er heilt topp å gå på internatskule. vi elevar blir kjende med kvarandre på ein heilt annan måte enn om vi berre hadde treft kvarandre i skuletida. dette resulterer som oftast i at elevane blir utruleg samansveisa, og ein stor del av oss får faktisk vener for livet, fortel Hanne entusiastisk.

• nordborg vgS • val vgS • vestborg vgS • Sygna vgS • Kongshaug musikkgymnas • lundeneset vgS • Kvitsund gymnas • Tryggheim vidaregåande skule • drottningborg vgS

EI OPPLEVING EIN IKKJE GLØYMER Ho går siste året på studiespesialisering med formgjeving som gjev generell studiekompetanse etter bestått eksamen. Trivselen er høg og som russ er det endå kjekkare. arrangementsfestane kjem som seg hør og bør på rekkje og rad i russetida, og dette piffar absolutt opp dei siste vekene på skulen. det blir likevel vemodig å forlate denne skulen som har vore heimen hennar i snart tre år. – i løpet av desse åra har eg opplevd utruleg mykje. eg har fått fantastiske vener som eg vonar eg vil halde kontakten med i mange år framover. – no blir det ein stoppestad i grimstad, før turen går vidare til israel og Palestina til hausten for å arbeide med konfliktløysing. Så kjem eg nok på besøk att, avsluttar ho med eit smil. www.nlmvgs.no 9


Foto: Mediesenteret Firda VGS

FIRDA VGS

EI EKTE INTERESSE FOR ELEVANE Finst det noko betre enn å få ta del i læringa og utviklinga hos andre? På Firda vidaregåande skule (vgS) kan du bli med på å skape sosiale verdiar, samhald og fellesskap mellom ungdomane. På skulen er det ei ekte interesse for elevane, og difor er dette ein perfekt arbeidsplass for å vidareutvikle deg sjølv. – eg får bruke tida mi til å vere i lag med folk, der dagane alltid er nye og utfordrande, samstundes som det stadig er nye saker å ta tak i. det er kjekt å vere med å forme ein skule som betyr mykje for veldig mange, fortel utviklingsog fornyingsleiar Ove eide (62) ved Firda vidaregåande skule. Ove eide har personalansvaret for kollegaer og tek hand om krav og idear frå lærarar og elevar. Skuledagen inneheld ei blanding av faste og varierte arbeidsoppgåver. det er faste møte og iverksetting av tiltak som har blitt vedteke. – etter dei faste rutinane er dagen meir uføreseieleg. det er ikkje to dagar som er like, og eg må ofte improvisere. det er spanande og moro å ha en leiarjobb i skuleverket der du ofte må gå inn i uavklarte situasjonar. 10

Med over 30 års røynsle i skulen kan eide fortelje at det absolutt er store karrieresjansar på Firda vgS. Han har tidlegare vore lektor, rådgjevar og studieinspektør, før han byrja som utviklingsleiar for sju år sidan. – For å passe i ein leiarjobb må du ha stå-på-vilje og evne til å fornye deg sjølv, men ikkje mindre viktig: ville yte aktivt på arbeidsplassen. det er alltid ein fordel med brei kunnskap før du byrjar på Firda vidaregåande skule. du må ha interesse av å utvikle deg, og du må våge å utfordre grensene dine. På den måten kan du gå vidare med di eiga utvikling og karriere. Skulen blei skipa i 1922, og nokre utdanningsprogram har difor lang tradisjon. dette er ein av grunnane til at det er veldig hyggeleg å vere på jobb hos kjekke kollegaer og engasjerte elevar. Med ein master i kjemi synest else Helle Bolstad (27) òg at det er gøy og viktig å kunne lære frå seg på rett måte. Ho gjekk på vidaregåande skule i Frankrike og underviser mellom anna elevane ved Firda vidaregåande skule i fransk. i tillegg underviser ho i kjemi, naturfag og matematikk. – eg valde å bli lærar fordi eg visste eg kunne bu over alt, og fordi eg ville arbeide med menneske. arbeidsoppgåvene


Sogn og Fjordane

Foto: Mediesenteret Firda VGS

Firda vidaregåande skule vart skipa i 1922, og har i dag opplæringstilbod innan utdanningsprogramma Studiespesialiserande, idrettsfag, Helse- og oppvekstfag, Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon. Skulen har 380 elevplassar, og er stolt av mottoet sitt: «Meir enn ein skule»!

Studiespesialiserande

Firda vgs

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i gloppen kommune, sentralt i nordfjord, ved e39 og 10 km frå flyplass. Kommunen har eit variert kulturtilbod og ligg i vakker natur med flotte mulegheiter for friluftsliv. i 2011 vart gloppen kåra til årets kulturkommune i noreg.

Foto: Mediesenteret Firda VGS

mine er mellom anna å følgje opp klassemiljøet til elevane, og syte for at alle har det bra, både fagleg og sosialt. gjennom dagen er det undervisning etterfølgt av papirarbeid, retting av prøver eller lekser, og førebuing av undervisning seinare på dagen, forklarer else Helle Bolstad. Ho har alltid visst ho ville bli lærar, og liker at det er eit system, at det berre er eitt svar på eit spørsmål i hennar fag. Ho liker utfordringar og å få vere i lag med elevane. – Klasseromsituasjonen er veldig artig, og eg har ei fin gruppe med elevar. det er alltid utfordrande og spanande å ha laboratorieforsøk med store grupper, og sjå om elevane klarer å fokusere og få riktig utbyte av undervisninga. det er ikkje alltid like lett å få alle til å rette fokuset mot det same, men det er det som er gjevande for meg. For Helle Bolstad er det fleire høve til karriere i administrasjonen, men ho er nøgd med å vere på den utøvande sida av læraryrket. verken ho eller eide har planar om å skifte arbeidsplass i næraste framtid, på grunn av det gode arbeidsmiljøet. else Helle Bolstad trivst særs bra som lærar: – det er eit utruleg godt miljø mellom administrasjonen, lærarar og elevar. vi kjenner kvarandre godt, og alle er flinke til å motivere elevane som går her. lærargruppa er også veldig engasjerte i å fornye seg, og i å få til nye ting. å få vere med på det er veldig moro!

Foto: Mediesenteret Firda VGS

Kontakt: Firda vgS Firdavegen 21 6823 Sandane (+47) 57 82 53 20 postmottak.firdavgs@sfj.no

www.firda.vgs.no 11


Foto: Mor

ein TYPiSK SaMTale MellOM Far Og dOTTer

KVA SKAL DU BLI NÅR DU BLIR STOR? Hei, Simone! Har du bestemt deg for kva jobb du skal ha når du blir vaksen?

enn der du bur. Særleg i ein så flott by som Paris. (Far må sjekke bankkontoen…).

Simone, elev i niande klasse, Tananger: – nix. det har eg ikkje peiling på, faktisk! Men ting som kunne vore spanande er jobb i politiet, arbeid med dyr eller med design og mote. Men eg vet altfor lite om desse yrka. det er sikkert mange andre spanande jobbar som eg ikkje kjenner til enno.

Uavhengig av kor du vil gå på skule, kva fag trur du er viktigast for deg? – Sjølvsagt fransk, dersom eg skal gå på skule i Frankrike. Men norsk og matte er nok viktigast nett no. norsk liker eg særs godt. Matte må eg nok arbeide litt meir med...

Same kva du vil arbeide med, må du jo velje vidaregåande skule fyrst. Dei yrka du nemner tyder på at du med fordel kan gå på det som før heitte gymnas. No heiter fyrste året noko så vanskeleg som ”studieførebuande”, og dei to neste har du ”studiespesialiserande” utdanningsprogram. Ein jobb innan mote og design kan du òg utdanne deg til ved å velje det yrkesfaglege utdanningsprogrammet ”design og handverk”. Men kva veit du om vidaregåande skule? – veldig lite. eg har jo nettopp byrja på ungdomsskulen, og det er to år til eg skal velje vidaregåande. Heldigvis! Men eg har jo høyrt om gymnas og yrkesskule, og skal finne ut meir om dette. Uansett skal eg gå på universitet etterpå. Kanskje i Paris, kanskje i Stavanger. du har jo fortalt meg at det blir billegare å ta utdanning i Stavanger og bu heime ettersom eg ikkje treng å ta opp studielån då. Men Paris er veldig spanande, særleg dersom eg vil prøve meg innan mote og design. vi får sjå. Klart økonomi er viktig. Mange opplever at dei sit med stor gjeld etter mange års studiar, og det er ikkje hyggeleg. På den andre sida er det sjølvsagt mange nye inntrykk og fantastiske opplevingar ved å studere ein annan stad

12

Det er viktig å vere klar over sine eigne styrkar og veiskapar, og å arbeide med båe delar. Kor gamal er du når du er ferdig med utdanninga di, då? Og får du jobb etterpå? – eg er vel 18-19 år når eg er ferdig utdanna, tenkjer eg. Sjølvsagt får eg jobb! Men kor og kva slags anar eg ikkje. Men eg har lyst til å arbeide i Stavangerdistriktet, for det er jo her alle dei eg kjenner bur. Du har heldigvis mange år att før du skal ut i jobb, og dette kjem du til å lære mykje meir om på skulen framover. Men heilt til slutt; kven kjem du til å høyre på råd frå når du skal velje utdanning og jobb? – Meg sjølv! eg vil velje det eg liker. eg kan høyre litt på deg og mor òg. Kva venene mine vel har ikkje noko å seie for valet mitt. eg skal velje det som høver aller best for meg. Takk for praten, Simone, og lukke til med mange fleire og hyggelege år på skule!


HØGARE UTDANNING

HØGARE UTDANNING

Kvifor ta høgare utdanning? For dei fleste er det sjølvsagt å lære og utvikle seg vidare når vidaregåande skule er overstått. Mange spesialiserer seg vidare på jobben, men du kan også velje å utdanne deg på ein høgskule eller eit universitet. Med allmenn studiekompetanse har du eit solid grunnlag for å følgje dei faglege interessene dine, anten du er oppteken av naturvitskap og matematikk, språk, samfunn og historie, eller filosofi, kunst og litteratur. Høgare utdanning kan også rette seg mot eit spesielt yrke, til dømes lærar, sjukepleiar, advokat eller lege. Skilnadene mellom høgare utdanning og praktisk fagutdanning dreier seg om teori og praksis. Medan høgare utdanning fokuserer på fagleg forståing og innsikt, gjev fagutdanninga praktiske kunnskapar og ferdigheiter til å gjere ein spesiell jobb. Med høgare utdanning får du gradane bachelor eller master. Med mastergrad får du dei høgaste jobbane i arbeidslivet, men bachelorgrad er nok til å kunne velje breitt mellom mange yrke og bransjar. Høg utdanning er verdifullt, også i form av høgare løn. Dersom du vel å studere ved eit universitet eller ein høgskule, får du sjansen til å utvikle deg som menneske gjennom fagleg fordjuping, forståing og metodisk dyktigheit. Det er dette som kan kallast danning – å setje det menneskelege inn i ein større samanheng. Les meir på: www.utdanning.no - www.muligheter.no - www.bi.no www.kir.no - www.hisf.no - www.ka.no - www.poznan.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Høgare utdanning –> Elevoppgåver

13


BI

GJE KARRIEREN DIN EIN TRYGG START vil du arbeide med merkevarer, shipping eller kanskje eigedomsmekling? Ønskjer du deg ein karriere innan økonomi eller marknadsføring, eller drøymer du om ei leiarstilling? Bi er kjent som ein god skule i næringslivet, tilbyr gode høve for utveksling og er kjent for sitt gode studiemiljø. Bi gjev deg ein trygg start på karrieren. På Bi kan du velje mellom 15 bachelorstudium innanfor fagområda økonomi, marknadsføring og leiing. Bi er ein næringslivsretta skule. du får ei utdanning som er basert på kva næringslivet forventar av deg som framtidig arbeidstakar. i praksis vil dette seie at du vil møte førelesarar som har nye og relevante erfaringar. dette gjer at undervisninga blir spanande og innhaldsrik. – arbeidsmarknadsundersøkingane våre viser at kandidatar utdanna ved Handelshøyskolen Bi raskt får relevant jobb når dei er ferdige, seier nils Øby, studiesjef for bachelorstudia. Bi har studiestader i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og drammen. Skulane varierer i storleik og studietilbod, men fellesnemnarane er bachelor i økonomi og administrasjon, bachelor i marknadsføring og bachelor 14

i internasjonal marknadsføring. alle Bi-skulane har flotte, tilrettelagte fasilitetar og ressursar for at du skal trivast med studia dine. ØKONOMI ELLER MARKNADSFØRING? Bachelor i økonomi og administrasjon er det største bachelorstudiet på Bi. du får generell økonomisk kompetanse, samstundes som du får høve til å spesialisere deg i spanande tema gjennom fagfordjuping, valkurs og bacheloroppgåve. Studiet gjev deg god innsikt i dei fleste aspekt ved næringslivet. vel du bachelor i marknadsføring lærer du å hjelpe selskap med å analysere marknaden, finne ut kva forbrukarane treng og å marknadsføre produktet på mest mogleg lønsam måte. Som ferdig utdanna marknadsførar vil du få stor forståing for kundar, konkurrentar og sal, og du vil få uendelege sjansar når tida kjem for å søkje jobb. Bachelor i internasjonal marknadsføring er den riktige vegen å gå for deg som er nyfiken på andre kulturar og internasjonale marknader. i tillegg til å gje deg generell kompetanse innan marknadsføring og leiing, fokuserer studiet på kulturskilnader i den globale marknaden. du blir medviten om kva som er naudsynt for å arbeide i eit internasjonalt miljø. det siste studieåret er du i utlandet,


noko som gjev deg høve til å byggje deg eit internasjonalt nettverk. du får kunnskap og røynsle som gjer at du kan skilje deg ut på arbeidsmarknaden. LYST TIL Å DRA PÅ UTVEKSLING? Bi er velrenommert som utdanningsinstitusjon både i noreg og i utlandet. Bi er stolte av å kunne kalle seg ein internasjonal høgskule. det er ein føremon å ha kjennskap til kulturelle skilnader og andre lands tankesett om du vil lukkast i den globale økonomien. Handelshøyskolen Bi sam-arbeider med meir enn 170 skular i 45 land. du står altså fritt til å velje kor du ønskjer å dra på utveksling. dei aller fleste av studentane som reiser på utveksling, kjem tilbake med eit smil om munnen og ei erfaring de ikkje ville vore utan. LIVET RUNDT STUDIA Bi er kjend for sitt gode studiemiljø! Som Bi-student har du høve til å være med på mykje som er både moro og lærerikt. Studentforeiningane rundt om i landet har tilbod som høver for alle. Har du lyst til å gå på jakt med medstudentar? Byggje bruer mellom studentane og næringslivet? vere med på å planleggje fadderveker? drive studentkro? eller vil du kanskje vere skribent i ei nettavis? Frivillige verv ved sidan av studia viser at du har engasjement og kapasitet. du får ein fyldigare Cv og utvidar nettverket ditt.

Sogn og Fjordane

Visste du at…

Høgare utdanning

• 9 av 10 Bi-studentar er i relevant jobb innan 6 månader etter at dei er ferdigstuderte! • Bi er ei stifting? det vil seie at Bi ikkje har nokon eigarar, noko som igjen vil seie at overskotet går direkte tilbake til studentane og forsking.

BI

• Bachelor i Shipping Management blei oppretta på førespurnad frå næringslivet. • Handelshøyskolen Bi i Oslo, som ligg i nydalen, blei teikna av same arkitekt som teikna gardermoen, niels Torp? • Bi har til saman seks skular i norge? Oslo, Bergen, drammen, Kristiansand, Stavanger og Trondheim. • i 2011 fikk 81,2 % av siviløkonomstudentane, 73,3% av masterstudentane og 48 % av bachelorstudentane på Bi jobb FØr dei hadde teke sine siste eksamenar?

vil du vite meir? • Handelshøyskolen Bi: bi.no • Bi Bergen: bi.no/bergen • Bi drammen: bi.no/drammen • Bi Kristiansand: bi.no/kristiansand Ida Eilertsen Nygård

• Bi Stavanger: bi.no/stavanger • Bi Trondheim: bi.no/trondheim

”Eg er veldig glad for at eg valde BI. Bachelor i økonomi og administrasjon gjev meg kompetansen eg treng for å nå dei måla eg vil. Utdanning er inngangsnykelen til arbeidslivet. Høvet til å velje retning gjennom valfag gjer meg endå meir attraktiv for arbeidsgjevarar. I tillegg til dette veit eg at røynslene og kunnskapen eg har teke med meg frå verv og prosjektarbeid gjennom studentforeininga vil gje meg det eg treng for å skilje meg ut frå resten av søkjarmassen.”

facebook.com/HandelshoyskolenBi

– Ida Eilertsen Nygård, nåværende student.

Kontakt (+47) 810 00 500 studier@bi.no

TYNGDA DU TRENG

www.bi.no 15


HØGSKOLEN I SOGN OG FJORDANE

STUDENT MED STORE FRILUFTSMULIGHETER ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) finst det fleire studieretningar å velje mellom. i tillegg til studia har du høve til fantastiske friluftsopplevingar både til fjells, på vatnet og på land. Kjem du til HiSF er det stor sjanse for at du blir verande. det har fleire av dei tidlegare studentane erfart. EIT BREITT STUDIETILBOD HiSF er delt opp i to studiestader. i Førde finn du ingeniørog sjukepleiarutdanningar, medan resten av studentane held til i Sogndal. Studietilboda er mange. Høgskulen tilbyr studium i fornybar energi, geologi , landskap og ingeniør. For dei som har lyst å bli sjukepleiarar finst det fleire moglege studium innan helse- og sosialfag. innan idrett og friluftsliv kan du ta årsstudium eller bachelor i idrett. det er også studium innan lærarutdanningar og språk. elles tilbyr HiSF òg studium innan økonomi, leiing, reiseliv, jus, samfunnsfag og historie, og høgskulen er medvitne om å gje eit breitt studietilbod som er sentrale for framtidas noreg. det er både undervisnings- og omsorgsyrke, jobbar innan miljø, ingeniør- og teknologifag, eller yrke med basis 16

i økonomi- eller idrettsfag. Høgskulen utviklar stadig nye studium i tråd med samfunnsutviklinga og legg vekt på å ha kompetente og engasjerte lærekrefter. allereie er det 3500 studentar som er under utdanning på HiSF. noko av grunnen kan vere at ”at visit norway” og friluftsmagasinet ”UTe” har kåra Sogndal til landets beste UTestad. Men sjølv om det er flotte naturomgjevnader i Sogndal og Førde, er det sjølvsagt òg eit godt, fagleg miljø på skulen. I GODE HENDER Som student ved HiSF blir du teken godt vare på. i dag er det mange ulike studentorganisasjonar der du kan bli kjent med medstudentar, uteliv og sjølvsagt alle aktivitetane Sogn og Fjordane har å by på. Berre i friluftsgruppa er det 360 medlemer. Meieriet er studenthuset i Sogndal, og er kjent for å ha ei av dei beste livescenene i landet. Her kan du som frivillig bidra til drifta av huset saman med andre likesinna studentar. det er 21 undergrupper ved studentsamfunnet, som har ansvar for alt frå bar og konsert til foto og rollespel. For ein fersk student kan det vere vanskeleg å finne ein stad å bu. ikkje fortvil. gjennom studentsamskipnaden (SiSOF) er det fleire fordelar og du får hjelp til å finne den


Sogn og Fjordane

Høgskulen i Sogn og Fjordane er lokalisert i Sogndal og Førde. Høgskulen har eit breitt fagleg spekter og til saman over 3500 studentar og 300 tilsette.

Høgare utdanning

Utdanningstilbod: grunnskulelærarutdanning: grunnskulelærar 1–7 grunnskulelærar 5–10

Høgskolen i Sogn og Fjordane

Bachelorstudium: Barnevern, eigedomsmekling, Fornybar energi, Friluftsliv, Førskulelærar, geologi og geofare, Historie, idrett og kroppsøving, idrett, fysisk aktivitet og helse, ingeniør elektro – automatiseringsteknikk, ingeniør elektro – energi, elkraft og miljø, ingeniør elektro, y-vegen, landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, reiselivsleiing, Sosialt arbeid, Sosiologi – ungdomssosiologi, Sjukepleie både i august og januar, vernepleie, Økonomi og administrasjon, Økonomi og jus rette hybelen for deg, utan å måtte dra på visning og betale tusenvis av kroner i depositum. dersom studenthyblar ikkje freistar, er det fullt mogleg å finne ein plass å bu på eiga hand, til dømes gjennom www.hybel.no. OPPLEVE EIN ANNAN KULTUR? ved HiSF har du høve til å reise utanlands for å studere. i samarbeid med gateway College kan du reise til plassar som Bali, Cape Town eller Playa del Carmen i Mexico. Her kan du ta eitt eller to semester innan aktivitets- og treningslære, idrettslære, fitness og personleg trenar, internasjonalt sosialt arbeid og sjukepleiar. i tillegg finst det utvekslingsavtalar med fleire universitet og høgskular rundt i verda. i dag er det 23 land å velje mellom – og endå fleire byar. vel du eit studium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, finst det ikkje tvil om at du vil få råe naturopplevingar med på kjøpet. resten må berre opplevast!

Årsstudium: Bedriftsøkonomi, engelsk, idrett, jus, naturfag, Praktiskpedagogisk utdanning, reiseliv, Samfunnsfag, Ungdomssosiologi Masterstudium: idrettsvitskap, landscape Planning, Organisasjon og leiing, læring og undervisning, Samhandling innan helse- og sosialtenester, Spesialpedagogikk

Kontakt: Høgskulen i Sogn og Fjordane Pb. 133 6851 Sogndal (+47) 57 67 60 00

www.hisf.no 17


KUNSTSKOLEN I ROGALAND

KUNSTNARDRAUMEN KAN BLI EIN REALITET Med ei toårig fagutdanning i biletkunst frå Kunstskolen i rogaland, føler Sofie Berntsen (23) seg betre rusta til å utvikle kunstkarrieren sin. – Kunstskolen har gjeve meg eit breiare kunstperspektiv. eg har lyst å gå vidare på ei høgskuleutdanning. eg har fått mange idear frå skulen, og gler meg til å byrje arbeidet. draumen er å bli ein sjølvstendig kunstnar. KREATIVITET KAN LÆRAST Kunstskolen legg eit godt grunnlag for at du skal bli meir kreativ. Fyrste året får du mykje input om metodar og teknikkar. nokre prosjekt er i samarbeid med andre studentar. Oppgåvene er frie og du utviklar sjølvstende. det andre året er basert på dine eigne val og sjølvstendige arbeidsprosessar. – det er viktig å vere open for nye problemstillingar og å ha lyst til å arbeide med kunst. Kreativitet er noko du har frå før, men du blir meir kreativ i kunstarbeid på grunn av det du lærer på skulen og tida du bruker på faget. du lærer å uttrykkje deg. INSPIRASJON FRÅ KUNSTNARAR læreplanen inneheld fleire val mellom ulike kurs, og du kan velje det som interesserer deg mest. du lærer ulike

18

teknikkar innan måleri, teikning, skulptur, foto, video, data, grafikk og performance. i tillegg opparbeider du deg god kunnskap om kritisk teori, kunsthistorie og samtidskunst. alle lærarane er kunstnarar og ein gong i veka får skulen vitjing av ein kunstnar som presenterer seg. – vi lærer meir om korleis kunstnarar arbeider, og får sjå bilete av arbeidet til kunstnaren. vi får høve til å reise på to studieturar kvart år, den eine er inkludert. i år reiste vi til venezia og new York. Slike turar er viktige. eg har verkeleg fått mykje att frå dei turane og har fått eit oversyn over kva som er bra nok til å bli utstilt av ulike kunstnarar. OPNAR DØRER i slutten av fyrste klasse deltok studentane på ei utstilling på Tou Camp ved Tou Scene. Som biletkunstnar måtte Sofie tenkje kreativt for å finne inspirasjon til kva type arbeid ho ville syne fram. – Med hund, kamera og sovepose reiste eg nokre dagar på fjelltur for å finne ut kva eg ville gjere. du får ein smak av røynda av å gjere slik, dessutan er det gøy å arbeide sjølvstendig. resultatet blei eit flott maleri, tre videoar av naturen og for fyrste gong ein tekst. ein vanleg skuledag varar fram til 15.00, men for Sofie kan han bli lengre. Skulen er tilgjengeleg heile tida, med tilgang på nyttig utstyr.


Sogn og Fjordane

På Kunstskolen i rogaland arbeider vi i prosjektperiodar på éi til fire veker. Periodar med måleri, video, teikning, data, skulptur foto m.m. blir berre forstyrra av allmøte, kritisk teori og ein vekentleg kunstnarpresentasjon. Undervisninga er yrkesretta og du vil vere med å lage utstillingar, delta i utsmykkingskonkurransar og andre prosjekt der du lærer korleis livet som biletkunstnar er. denne kunnskapen kan du bruke i mange andre yrkesroller òg. i tillegg får du rettleiing til å utvikle ditt eige kunstuttrykk. ikkje berre la det kreative vere ein draum, lev det!

Høgare utdanning

Kunstskolen i Rogaland

– vi har eit eige rom der vi kan sjå film på ein stor skjerm. Ofte sit eg heilt til sjutida. eg har lyst å arbeide grundig med kunsten, fordi det er gøy og sosialt. det er eit val ein tek. – innan dei ulike faga stiller du heilt fritt til å gjere det du liker. du blir utfordra og lærer fleire ulike måtar å arbeide på. Til dømes innan foto, der vi får lov til å arbeide som vi vil. Sofie fortel at det er mykje som har endra seg for henne på to år. i følgje henne er det Kunstskolen ho kan takke for dét. – å gå her på skule har verkeleg opna fleire dører for meg. du blir godt kjent med kunstmiljøet i Stavanger og har godt oversyn over kva som skjer i byen og i kunstverda elles.

Det er viktig å vere open for nye problemstillingar og å ha lyst til å arbeide med kunst. Kreativitet er noko du har frå før, men du blir meir kreativ i kunstarbeid på grunn av det du lærer på skulen og tida du bruker på faget. Du lærer å uttrykkje deg.

Kontakt: Kunstskolen i rogaland Birkelandsgate 2 4012 Stavanger (+47) 51 51 00 00 post@kir.no

www.kir.no 19


© Kirkerådet www.kirken.no Foto: Sveinung Bråthen

DEN NORSKE KYRKJA

MEININGSFYLT OG SPANANDE ARBEID i den norske kyrkja finst det mange interessante jobbar å velje mellom. det dei alle har til felles, er eit meiningsfylt og spanande innhald, der du får bruke dine eigne evner i jobbsamanheng. geir eikrem (34) har arbeidd i litt over sju år som kyrkjelydspedagog i den norske kyrkja. Han har opparbeidd seg god røynsle gjennom tre ulike stillingar i kyrkja. – eg har alltid likt å lære bort kunnskap og arbeide med ungdom. det var difor eg valde å arbeide med undervisning. det er meiningsfullt å møte menneske med ulike livssituasjonar. i tillegg får eg sjansen til å arbeide med den trua eg og andre har. geir arbeider med å innføre trusopplæringsreforma lokalt i den norske kyrkja. gjennom eit oppbyggingsprosjekt lagar dei eit undervisningsopplegg for personar mellom 0 og 18 år. – ettersom skulen ikkje skal drive med opplæring i éi særskild tru lenger, har den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn fått midlar frå staten til å drive trusopplæring. eg arbeider med å gje alle medlemer i kyrkja og andre interesserte eit godt og relevant trusopplæringstilbod.

20

BRUK EVNENE DINE Han legg ikkje skjul på at ein må ha formidlingskompetanse og vite kva kristen tru er. Skal du passe i eit yrke i kyrkja presiserer han òg at du må være audmjuk i møte med den livserfaringa andre har. geir har òg teke utdanning innan musikk, tysk, kristendom og pedagogikk. dét kjem godt med i undervisningssamlingane, ettersom han får bruke interessene og evnene sine i aktivitetar og samlingar. Sport og friluft er andre aktivitetar han bruker i møte med barn og ungdom. – eg arbeider òg med to band, og det blir kanskje fleire til hausten. Her rettleier eg ungdom i bandsamspel, hoppar inn på eit instrumentet om det trengst og snakkar med dei om songtekstar. Hadde eg vore dansar, kunne eg brukt det i undervisninga. i ein slik jobb kan ein tilpasse arbeidsmetodar etter kva interesser og evner ein har. MYKJE Å VELJE MELLOM Marit Halvorsen Hougsnæs (52), direktør i arbeidsgjevaravdelinga i Ka Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon, fortel at nokre yrke i den norske kyrkja krev lang utdanning, slik som geir har opparbeidd seg gjennom sju år. Som prest må ein ta embetseksamen, og ein må ha universitetsutdanning for å bli kyrkjemusikar og helsearbeidar.


Sogn og Fjordane

Den norske kyrkja er eit evangelisk luthersk kyrkjesamfunn. dei fleste nordmenn (cirka 79 %) er med i den norske kyrkja, og mange uttrykkjer sitt religiøse liv gjennom rituala og høgtidene i kyrkja. Kvart år blir det halde 70000 gudstenester i 1600 kyrkjer i dei 1280 kyrkjelydane.

Høgare utdanning

KA

Geir Ekrem, kyrkjelydspedagog i Den norske kyrkja.

den norske kyrkja er delt inn i 11 bispedøme, 105 prosti og 1280 sokn. Kvart bispedøme blir leidd av ein biskop og eit bispedømeråd. På lokalplanet er det eit sokneråd for kvart sokn. Kyrkjeleg fellesråd er lokal arbeidsgjevar for dei som arbeider i kyrkjelydane i ein kommune. Prestane er tilsett av staten.

Marit Halvorsen Hougsnæs, direktør i arbeidsgjevaravdelinga i KA.

– i andre praktiske yrke, som kyrkjegardstillingar, treng du ei meir praktisk retta utdanning, og det er òg i nokre tilfelle mogleg å vere lærling og ta fagbrev i kyrkja, fortel Marit.

Ka er den sentrale arbeidsgjevarorganisasjonen for lokale arbeidsgjevarar i den norske kyrkja. Ka arbeider med dei utfordringane som finst i arbeidslivet generelt og i kyrkjeleg arbeid spesielt. dei tek seg av tarifforhandlingar, rådgjeving innan lønsog personalspørsmål, drift av kyrkjegardar, forvaltning av kyrkjebygg, utvikling av diakoni, undervisning og kyrkjemusikk.

– i kyrkja treng vi dyktige personar innan administrative stillingar, jus, data, leiing og presteyrket. vi er lokalisert i heile landet med mange lokale arbeidsgjevarar med kursog opplæringstilbod, held Marit fram. Ho fortel at det er over 8000 menneske som arbeider i den norske kyrkja, og det er plass til fleire. Her kan du òg arbeide som sosionom, pedagog, musikar og psykolog. i kyrkja er det plass til alle!

Eg har alltid likt å lære bort kunnskap og arbeide med ungdom. Det var difor eg valde å arbeide med undervisning. Det er meiningsfullt å møte menneske med ulike livssituasjonar. I tillegg får eg sjansen til å arbeide med den trua eg og andre har.

Kontakt rådhusgt. 1-3, 0151 Oslo (+47) 23 08 14 00 (sentralbord) e-post: ka@ka.no

www.ka.no 21


agder viTenSKaPSaKadeMi

MEDISINSKE STUDIAR I POLEN OZNAN UNIVERSITY OF MEDICAL SCIENCES, POZNAN er eit av dei aller beste medisinske universiteta i Polen, med meir enn tusen internasjonale studentar. lengst røynsle med engelskspråklege studiar i Polen, og flest ulike studiar: • Fysioterapi – 3 år • Tannlege – 5 år • Medisin – 6 år • Farmasi – 6 år • Medisin – 4 år COLLEGIUM MEDICUM, NICOLAUS COPERNICUS UNIVERSITY, BYDGOSZCZ eit velrenommert universitet med god oppfølging av kvar einskild student. Triveleg studentmiljø med 130 skandinaviske studentar. • Medisin – 6 år

MEDISINSKE STUDIAR I POZNAN ELLER BYDGOSZCZ GJEV DEG: • Utdanning av høg kvalitet • all undervisning på engelsk • rimelege bu- og levekostnader • Stipend og lån frå lånekassa • eit godt studentmiljø med samhald og trivsel • ei studietid med mange spanande opplevingar • variert praksis på universitetssjukehus • internasjonal røynsle og kulturforståing • grunnlag for autorisasjon i noreg etter turnusteneste/praksis Agder Vitenskapsakademi rettleier deg frå søknad til studiestart. Søk gjerne allereie frå januar. For meir informasjon: www.poznan.no facebook.com/Agder.Vitenskapsakademi Kontakt: Agder Vitenskapsakademi, Kristiansand (+47) 38 14 14 75 poznan@uia.no cm-byd@uia.no

22


Trainee

Trainee

– Ein trainee Er ein fagutdanna person som blir tilsett i ei bedrift for vidare spesialopplæring. Personen er kvalifisert til å arbeide i bedrifta, men bruker den fyrste delen av tilsetjingsforholdet til å gjere seg kjend med fleire delar av organisasjonen. For å bli tilsett i eit traineeprogram blir det ofte kravd utdanning på mastergradsnivå. Bedriftene set høge akademiske krav til søkjarane, og gode karakterar og relevante sommarjobbar er ein stor fordel. Motivet med programmet er at dei nyutdanna skal få eit raskt overblikk over verksemda dei arbeider for, samstundes som ein får tett oppfølging frå ein eller fleire mentorar.

www.muligheter.no

23


24


BYGG- OG ANlEGGSTEkNIkk

BYGG- OG ANlEGGSTEkNIkk

– Vil du vere med å byggje Noreg? Huset ditt. Skulen din. Kyrkja, idrettshuset og den nye rundkøyringa, parken, kjøpesenteret og fiskemottaket. alt er bygd av glade handverkarar som har valt bygg- og anleggsteknikk. Har du praktisk sans? liker du å vere nøyaktig og har du godt handlag? er du sjølvstendig men trivst også med å arbeide i team? Utdanningsprogrammet femner om produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det blir stilt strenge krav til kvalitet og tryggleik. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.ebanett.no www.bnl.no - www.vibyggernorge.no - www.mgf.no - www.aasen-ovrelid.no www.gravdal.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Bygg- og anleggsteknikk –> Læreplanmål - Oppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Bygg- og anleggsteknikk –> For lærere - Kompetansemål

25


ByggenĂŚringen har spesielt stort behov for dyktige hĂĽndverkere og fagarbeidere. I tillegg gir et fag- eller svennebrev innen bygg og anlegg mange muligheter for videre utdanning!

27


MaSKingrOSSiSTerneS FOrening

ARBEIDER FOR FELLES INTERESSER Kva er ein maskingrossist? Medlemsmassen i MgF femner bedrifter av mange slag og storleikar over heile landet. Fellesnemnaren er at selskapa er registrerte i noreg, og ”omset maskiner eller teknisk utstyr i eit slikt omfang og på ein slik måte at det er naturleg å gje firmaet nemninga maskingrossist”. ein føresetnad for medlemskap i MgF er at selskapet følgjer lovgjevinga og dei interne etiske reglane foreininga har om illojal konkurranse. MgF arbeider for å styrkje og utvikle bransjen og arbeider for maskinbransjens felles interesser og rammevilkår, gjennom medlemsaktivitetar, kontakt med styresmaktene og medietiltak. MGF SKAL: • vere ei samlande eining for medlemsbedriftene – utvikle bransjenettverk • arbeide for medlemsbedriftene sine felles interesser – fagleg, politisk og sosialt • vere ”aktuelle”, synlege og tydelege – vi skal synast i media og ha eit nettverk med andre bransjeforeiningar og organisasjonar som gjev utbyte for medlemene våre.

28

På denne måten varetek ein sunn konkurranse, betrar trivselen innetter i bedriftene og aukar sjansen for positiv bransjeutvikling. ein viktig del av verksemda til MgF er messene ”den Tekniske Messen” og maskinmessa ”vei og anlegg”, som vi arrangerer kvart tredje år. Båe messene har rundt 200 utstillarar frå inn- og utland, og er den viktigaste møteplassen for kundar og verksemder innanfor verktøymaskinog anleggsmaskinbransjane. Her møtest aktørane i bransjen, og vi ynskjer også ungdom hjarteleg velkomne slik at de sjølve kan sjå at dette er ein spanande bransje med mange alternativ. På heimesidene til MgF kan du sjå ein film om korleis kvardagen til ein serviceteknikar kan vere. Her kan du også finne ut kven som er medlemer i MgF og lese om messene våre. Kan du fortelje litt om deg sjølv? – namnet mitt er espen Skarpnord, og eg er 21 år. eg kjem frå Kirkenær i Hedmark, og arbeider akkurat no som anleggsmaskinmekanikarlærling for volvo Maskin. Kva for utdanningsbakgrunn har du? – eg gjekk på Soler videregående skole – avd. våler. då gjekk eg fyrste året på vg1 – Teknikk og industriell produksjon (TiP),


Sogn og Fjordane

Maskingrossisternes Forening (MGF) er ei bransjeforeining og medlemsmassen femner bedrifter av mange slag og storleikar. vi har medlemer som importerer og sel maskiner innanfor desse bransjane: – verktøymaskiner – anleggsmaskiner – Kompressorar – Slipeverktøy – gaffeltruckar – Tretilarbeidande maskiner – Kranar

det andre året på vg2 – arbeidsmaskiner, før eg valde vg3 – anleggsmaskinmekanikarfaget. deretter vart det 1 års læretid hjå volvo Maskin. Kvifor valde du å utdanne deg til anleggsmaskinmekanikar? – eg er veldig glad i å arbeide med hendene og ville bli snikkar eller mekanikar av eit eller anna slag. Til slutt fann eg ut at eg hadde meir interesse av å arbeide som mekanikar, og valet vart difor anleggsmaskinmekanikar. eg angrar ikkje eitt sekund og gler meg kvar dag til å reise på arbeid. Kva slags menneske passar til dette yrket? – dei aller fleste! vel, ein bør jo ha ei interesse for dette faget. ein må like å skru, like å bruke kroppen, og ikkje vere redd for å bruke kroppen i arbeidet. Oppfyller du desse krava, kan du glede deg til eit utruleg morosamt og interessant yrke.

Bygg og anlegg

MGF

vi er ei foreining som arbeider for dei store og små felles interessene bransjen har, medrekna: – vere ei samlande eining for medlemsbedriftene, skape bransjenettverk – arbeide for medlemsbedriftene sine felles interesser, fagleg, politisk og sosialt – vere ”aktuelle”. vi skal synast i pressa og ha eit nettverk med andre foreiningar og organisasjonar som er aktuelle samarbeidsgrupperingar som gjev utbyte for medlemene våre. For bedriftene i MgF er det viktig at det heile tida kjem nye dyktige folk inn i bransjen. vi treng serviceinnstilte, positive menneske som er interesserte i den spanande jobben det er å vere serviceteknikar og mekanikar! ein viktig del av verksemda til MgF er messene. den Tekniske Messen og vei og anlegg. dette er store messer innanfor verktøymaskinbransjen og for anleggsmaskiner, og vi ynskjer ungdomane hjarteleg velkomne.

www.mgf.no 29


åSen Og Øvrelid aS

SAMANSVEISA GJENG Formann geir Ulltang (41) administrerer dei tilsette som arbeider på betongavdelinga på Bygg 3 hos åsen og Øvrelid aS i Førde. gjennom dialog med dei overordna og prosjektansvarlege innhentar han opplysningar frå teikningar og andre fagavdelingar som dei treng for å kunne gjere jobben. Kvar dag ser han fram til å bidra til den daglege produksjonen og samstundes ha eit overblikk over ulike fagprosjekter. Han gler seg mest til å treffe kollegaer, og fortel at det er eit veldig godt arbeidsmiljø i verksemda.

– eg tilrår unge søkjarar å utdanne seg. då har du gode sjansar for å nå høgare stillingar i selskapet, fortel geir. åsen og Øvrelid har ei evne til fleksibilitet og nytenking som gjer dei til ei aktiv entreprenørverksemd i kontinuerleg utvikling, og dei har gjennom åra opparbeidd seg ein sentral posisjon i byggjemarknaden i fylket. Firmaet ønskjer å halde på denne posisjonen og må difor vere budd på stadig nye utfordringar både frå byggherrane, marknaden og styresmaktene.

– det er mange kjekke og flinke tilsette her hos oss og arbeidsmiljøet er veldig bra. vi er ein samansveisa gjeng, seier geir.

– i denne bransjen må du tole å bli litt skitten. arbeidet vi gjer krev noko tolmod og det hjelper på å vere engasjert! Om du gjer det som krevst og kan arbeide saman med andre, stiller du mykje sterkare hos oss.

geir har ingen planar om å byte jobb med det fyrste. Han trivst veldig godt med stillinga han har som Formann, men presiserer òg at ein har mange stillingar å velje mellom i eit slikt selskap.

– det er store karrieresjansar hos åsen og Øvrelid aS. Om du er ung og nyfiken på byggjebransjen bør du ta ei utdanning. du kan gå to år bygg- og anleggsteknikk på

30

vidaregåande skule. etter det er du velkomen til å søkje lærlingplass i verksemda. Ønskjer du å bli ingeniør må du ta vidareutdanning på høgskule eller universitet.

Eg tilrår unge søkjarar å utdanne seg. Då har du gode sjansar for å nå høgare stillingar i selskapet


Sogn og Fjordane

Åsen og Øvrelid AS ble grunnlagt i 1988 av leif arne åsen og Helge Øvrelid, båe frå jølster. i 1996 fusjonerte selskapet med betongfirmaet Brødrene Sunde aS, eigd av Halvar og Stig Sunde. desse fire er i dag eigarane av selskapet.

Bygg og anlegg

Åsen & Øvrelid

åsen & Øvrelid aS er mellom dei største entreprenørverksemdene i Sogn og Fjordane, og har omfattande oppdrag innan offentleg og privat sektor. Selskapet har i dag om lag 101 tilsette og ei årleg omsetning på cirka 220 millionar kroner. åsen & Øvrelid aS er opptekne av HMS og kvalitetsarbeid i verksemda. Bedrifta har sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3.

ÅSEN & ØVRELID AS REKRUTTERER Fagarbeidarar og lærlingar i ulike fag vi ønskjer dyktige, engasjerte og sjølvstendige fagarbeidarar til prosjekt, hovudsakleg i Sogn og Fjordane. Prosjektleiarar/byggjeplassansvarlege vi ønskjer engasjerte og sjølvstendige personar, primært med ingeniørutdanning eller teknisk fagskule. Mangel på utdanning kan kompenserast med solid fagbakgrunn i kombinasjon med leiarerfaring. vi ønskjer både nyutdanna og personar med røynsle frå prosjektleiing/ byggjeplassleiing velkomne som søkjarar. For rett person kan også ei slik stilling omfatte prosjekteringsleiing i totalentreprisar. dersom du har desse eigenskapane kan vi tilby ein utfordrande og til tider hektisk jobb, med ordna arbeidstilhøve, gode lønsvilkår, bonus- og forsikringsordningar.

Prosjektutvikling åsen & Øvrelid aS ønskjer å vere eit naturleg val for tomteeigarar med tankar om nye prosjekt. Mange år i lokalmarknaden i Sogn og Fjordane har gjeve gode nettverk og verdifull erfaring med prosessane kring regulering, prosjektleiing og utbygging. Selskapet set saman gode, lokale prosjekteringsgrupper tilpassa kvart enkelt prosjekt. Selskapet er ein aktuell partnar som medinvestor i utvikling av forretningseigedomar og bustadprosjekt.

åsen & Øvrelid aS har ein organisasjon som er spissa mot utvikling og produksjon av bygg, og utfører med eigne tilsette: - Prosjektering og prosjektleiing - Betongarbeid - Mur- og flisarbeid - Tømrararbeid - grunnarbeid - Stålarbeid - gartnararbeid

Kontakt: åsen & Øvrelid as Postboks 506 – 6803 Førde Tlf: 57 72 38 50 Faks: 57 72 38 51 post@aasen-ovrelid.no

www.aasen-ovrelid.no 31


gravdal BYgg

JOBB MED EIN DRAUM i gravdal Bygg får du sjansen til å arbeide saman med dyktige folk i eit godt arbeidsmiljø. du får bryne deg på mange spanande oppgåver innan byggjebransjen. Tømrarlærling Marcus nærvik (20) har arbeidd i verksemda ved Førde i eitt år, og gler seg å bli ferdig med fagbrevet neste år. Han drøymer om å halde fram her i framtida!

– eg liker særskild godt at vi har forskjellige typar arbeidsoppgåver. det gjer at arbeidet blir meir variert.

då han gjekk bygg- og anleggsteknikk på vidaregåande skule, blei han utplassert ei veke i gravdal Bygg. Han treivst så godt at han søkte om jobb same stad etter at han blei ferdig på skulen.

– eg arbeider mest i blokker for tida, men det blir meir reising etter at fagbrevet er gjennomført. vi er til saman tre lærlingar i gravdal Bygg, og eg er særs nøgd med opplærings opplegget. det er alltid noko å lære og gjere på jobben.

– eg har lyst til å byggje hus, og difor ville eg bli tømrar. no får eg vere med på å arbeide med husbygging og innreiing, der eg lærer å setje opp vegger, montere kjøken, setje opp kleding og gipse i leilegheiter. På arbeidsplassen er det viktig at Marcus arbeider saman med kollegaene, og han kan ikkje ta på seg oppgåver der han må arbeide åleine før han har fullført fagbrevet. det gjer at han lærer seg å samarbeide og utviklar seg sjølv i ein sosial fellesskap. Ofte er dei to og to saman, og nokre gonger er dei fleire.

32

– dei eg arbeider saman med er veldig hyggelege, og eg kan alltid spørje om noko om eg treng hjelp. i tømraryrket er det viktig å vere sterk og vere budd på tunge løft. det er også høve til å reise i jobben. Som lærling arbeider ein mest i nærområdet slik at ein fyrst lærer korleis ein skal utføre arbeidet korrekt.

gravdalgruppa tek godt vare på sine tilsette fordi dei er den viktigaste ressursen for verksemda. Målet er å utvikle kvar einskild leiar og medarbeidar som menneske gjennom interessant og utviklande arbeidsoppgåver, samt å ha eit godt arbeidsmiljø. Marcus har lært enormt mykje etter han byrja som tømrar, og ser føre seg at han arbeider same stad i framtida,


Sogn og Fjordane

Gravdalgruppa omset for ca kr 300 mill. og byggjer knapt 100 bueiningar pr år, fordelt på leilegheiter, rekkehus, einebustader, fritidsbu stadar, barnehagar, omsorgsbustadar m.m. vi har akitivitet både i Sogn og Fjordane samt i Bergen med omland. vi arbeider med å realisere bustaddraumen til folk flest. vi kjøper tomter samt utviklar, sel og byggjer bustader.

Bygg og anlegg

Gravdal Bygg

i gravdalgruppa arbeider det difor mange personar med svært ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn, som tømrarar, ingeniørar, arkitektar, økonomar og seljarar. vi har mange tømrarar tilsett, mange vel ei karriere som tømrar medan nokon vel å arbeide i ulike former for leiande stillingar med eller utan tilleggsutdanning.

nettopp fordi han trivst så godt. gravdal Bygg er ein plass der du får utvikle deg til å bli meir sjølvstendig.

Bygg og anleggsbransjen er ei stor næring i norge, og med aukande folkevekst vil næringa bli endå viktigare framover. Følgjeleg er ei utdanning innan bygg og anlegg ei utdanning som opnar for svært mange karrieremulegheiter.

Som lærling får du òg løn for arbeidet, og løna stig kvart halvår fram til du har teke fagbrevet etter to år. dette er ein fin sjanse der du ikkje treng å ta opp lån.

Eg arbeider mest i blokker for tida, men det blir meir reising etter at fagbrevet er gjennomført. Vi er til saman tre lærlingar i Gravdal Bygg, og eg er særs nøgd med opplærings opplegget. Det er alltid noko å lære og gjere på jobben.

www.gravdal.no 33


gOde TiPS Til å

SELJE DEG INN MED SØKNADEN SKRIV EIN GOD SØKNAD! Bruk god tid på å utforme søknaden og Cv-en din. grundig arbeid i denne prosessen aukar sannsynet for å bli innkalla til jobbintervju og kanskje òg sannsynet for at du får jobben. KORLEIS KOME INN PÅ INTERVJU? du har større sjanse for å bli innkalla til intervju om du skil deg ut gjennom søknaden. dette gjer du ved å vere tydeleg, motivert og målretta. dersom du blir innkalla til eit jobbintervju, vil det seie at dei vurderer deg som kvalifisert for stillinga. då har du klart å ”selje deg inn” på papiret. Motivasjon! KVIFOR HAR DU SØKT AKKURAT DENNE JOBBEN I AKKURAT DENNE VERKSEMDA? Svaret på dette skal kome fram i søknaden. vidare skal du presentere deg sjølv på ein kort og presis måte, få verksemda til å forstå at du har dei rette eigenskapane og den rette kompetansen til stillinga, samt fortelje kva du kan bidra med på bakgrunn av utdanninga og erfaringa di. dette bør du gjere: • Skreddarsy både Cv og søknad • les og lær om verksemda før du søkjer og før du drar på intervju • ver tydeleg og presis i språkbruken • dersom du til dømes skriv at du synst noko er ”spanande”, forklar kva du meiner med det • Bruk same skrifttype i søknad og Cv dette bør du unngå: • Oppkopierte søknader og klisjear • Skrivefeil! • Fyllord (liksom, på en måte) • Uryddig framstilling av deg sjølv 34

SKRIV EIN GOD CV! Curriculum vitae skal vere eit oversyn over utdanninga og arbeidsrøynsla di. den skal setjast opp som ei liste i omvendt kronologisk rekkjefølgje, med det siste du har gjort fyrst. nyleg avslutta skulegang eller utdanning skal kome før eventuell arbeidsrøynsle. RYDDIG! Cv-en må vere ryddig og oversynleg, slik at han blir lett å lese og forstå for ein arbeidsgjevar. Pass på at kontaktinformasjonen din er korrekt. Skriv eit mobilnummer du er lett å nå på og ei ”profesjonell” e-post-adresse, som til dømes namnet.ditt@epost.com BILETE? nokon lurer på om ein skal ha med bilete på Cv-en. dette er ikkje naudsynt, men bruk i tilfelle et andletsportrett, ikkje et bilete av privat karakter. du kan òg setje opp sivilstand og nasjonalitet, men dette er frivillig. desse punkta må vere med: • Personlege data: namn, adresse, telefonnummer, e-post og fødselsdato. • Utdanning: Kva tid? Kor? Kva? • arbeidsrøynsle: Kva tid? Kor? Kva? • eventuelle kurs • Språkkunnskap • it-kunnskap • Tillitsverv/frivillig arbeid (om du har) • anna, til dømes fritidsaktivitetar • referansar


DESIGN OG HANDvERk

DESIGN OG HANDvERk

– Kreativitet og skaparglede! Har du meiningar om kva som er fint eller stygt? Og greier du å grunngje kvifor? liker du å arbeide med hendene? Har du sans for detaljar? Kanskje design og handverk er noko for hjartet ditt? den som vel design og handverk, bør ha kreative evner og anlegg, og ein bør like å arbeide med hendene. er ein også svært nøyaktig, har estetisk sans og liker både å arbeide sjølvstendig og saman med andre, har ein mange eigenskapar som passar inn i denne fagretninga. Utdanningsprogrammet har stor fagleg breidd med rike tradisjonar – både innanfor handverk, materialar og kulturhistorisk, og det gjev utsikter til arbeid i ei rekkje design- og handverksyrke. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.billedkunst.no www.nil.no - www.nid.no - www.grafill.no - www.westerdals.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Design og handverk –> Læreplanmål - Oppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Design og handverk –> For lærere - Kompetansemål

35


Blåsjømagasinet . Foto: Statkraft

Bli ein del av lØYSinga

JOBB MED FORNYBAR ENERGI ei utdanning innan energi, elkraft og vasskraft vil gje deg gode jobbsjansar i åra som kjem. det er mange spanande og varierte arbeidsoppgåver i norske energiselskap for dei som vil vere med, også internasjonalt. energibransjen har gjennomgått store endringsprosessar både teknologisk, økonomisk, regulatorisk og politisk i nyare tid. i dag blir rammevilkåra for bransjen i stor grad diskutert i eit miljø- og klimaperspektiv. verda må redusere CO2-utsleppa, samstundes som etterspørselen etter energi aukar. dette påverkar òg produksjon, transport og forbruk av energi – også i noreg. Store utsleppsland som Kina og USa er no tydelege på at dei òg vil kutte utsleppa av klimagassar. Skal vi løyse klimautfordringa, må vi bruke energien meir effektivt og vi må bruke mindre fossil energi. norske energiselskap står heilt sentralt i dette arbeidet. For å kutte forbruket av fossil energi, må vi byggje ut fornybare alternativ og nett for å frakte straumen til forbrukarane. Fram mot 2020 skal energibransjen investere 150-200 milliardar kroner.

36

vi treng ny teknologiutvikling og mange engasjerte og lærevillige unge medarbeidarar som kan bidra til utvikling av grøne, framtidsretta løysingar. ikkje minst treng vi nok folk til at vi kan føle oss trygge på at samfunnet til ei kvar tid får den krafta vi treng. i åra som kjem skal bransjen tilsetje mange nye medarbeidarar. På fagarbeidarnivå vil etterspørselen etter energimontørar og energioperatørar auke. ingeniørar og sivilingeniørar innan fagområda elkraft og vasskraft utgjer den neste største yrkesgruppa i bransjen. desse faga kan du studere ved fleire av høgskulane i landet, og ved nTnU. det er mykje som må gjerast på kort tid for å møte klimautfordringane verda står overfor. energibransjen treng engasjerte og kunnskapsrike ungdomar som ønskjer å bli ei del av løysinga. vi håpar at du er ein av dei! du kan lese meir på: www.gronnboks.no www.energiutdanning.no


ElEkTROFAG

ElEkTROFAG

– Får ting til å verke! elektrofag er eit stort fagområde, og du kan arbeide innanfor mange bransjar og yrke. det er lett å tenkje straum og elektronikk, men la deg ikkje lure. Fagretninga spenner frå sjø til land – til lufta! Kva med å arbeide offshore? eller kunne du tenkje deg å reisa verda rundt om bord på båt? eller kanskje få tog på skinner eller bilar på vegen? vel du elektrofag må du kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. logisk tenkjemåte og kreativitet er også viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt. Ofte er det eit krav at du har godt fargesyn. det er viktig å skilje mellom gul og grøn leidning. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.energinorge.no www.gronnboks.no - www.energiutdanning.no - www.statkraft.no www.vestavindkraft.no - www.eltelnetworks.com - www.normatic.no www.hisf.no - www.sfe.no - www.sunnfjordenergi.no - www.sognekraft.no www.nelfo.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Elektrofag –> Læreplanmål - Oppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Elektrofag –> For lærere - Kompetansemål

37


STaTKraFT

SKAP ENERGIKJELDENE FOR FRAMTIDA Statkraft er størst i europa innanfor energi som kan fornyast. dei tek samfunnsansvar på alvor, og prinsippa deira om berekraft, miljøomsyn og ansvarleg framferd gjeld både konsernet som heilskap og kvar einskild medarbeidar. VASSKRAFT Stian Ossi næs (22) er energioperatør-trainee. Han har bakgrunn frå Odda vgS med grunnkurs elektro, og deretter eitt år på el og energi. Hans fyrste møte med Statkraft var som sommarhjelp, og dette gav så mykje meirsmak at 22-åringen like godt tok den to og eit halvt år lange lærlingtida si på same stad. alt før lærlingtida var over, var Stian skråsikker på at Statkraft var bedrifta for han, og han søkte seg dermed inn som energioperatør-trainee. – det er ein variert jobb, og vi nyt mykje frisk luft ute i naturen. det passar jo meg heilt perfekt! i tillegg trivst eg godt med kollegaene mine. eg kan trygt seie at arbeidet svara til forventningane mine, seier Stian. – eg har ein ganske viktig jobb. det er naudsynt at drift og vedlikehald av vasskraftstasjonane går som det skal. er det noko som skulle gå gale, er det utrykking sjølv om det er midt i natta, ler Stian 38

EVENTYRLYST Stian vil også gjerne trekkje fram andre aspekt ved arbeidet, og når han tek til å utdjupe, er det som teke ut av ein actionspekka james Bond-film. Som energioperatør er det med andre ord berre å halde seg fast. – Her om dagen køyrde vi helikopter opp til ein bunkers i ei fjellside. i tre timar gjekk vi inn i ein mørk tunell med hovudlykt, for å kontrollere ein kabel. ein annan dag kan vi vere ute med snøskuter for å måle snø, fortel han. det er ingen tvil om at Stian er svært nøgd med arbeidet. Han ser på Statkraft som ein sikker arbeidsplass og ein perfekt stad å arbeide for dei som trivst ute i naturen, er eventyrlystne og interesserte i vasskraft. – i Statkraft er det absolutt opningar for dei som vil og kan, både som lærling og trainee. du får vere med på så mykje forskjellig, og du har gode utsikter til vidare karriere, avsluttar Stian. VINDKRAFT Statkraft har tre vindkraftverk i noreg og produserer nok straum til kring 37 000 husstandar. i tillegg har ein ei rekkje vindkraftprosjekt under utvikling både i noreg, Sverige og Storbritannia.


Sogn og Fjordane

Statkraft er størst i europa innanfor fornybar energi. Konsernet produserer og utviklar vasskraft, vindkraft, gasskraft og fjernvarme, og er ein stor aktør på dei europeiske energibørsane. Statkraft har 3300 medarbeidarar i meir enn 20 land. Linn og Stian i Statkrafts kantine, som er først i Noreg med å oppfylle Svanens krav til restauranter og kantiner.

linn rognlien (31) frå Oslo er med på denne spanande reisa. etter tre år allmenn på Fagerborg vgS i Oslo, gjekk ho fem år på nTnU for å bli sivilingeniør i energi og miljø. no er ho ”Head of wind and site” for Statkraft og har mange spanande år i møte.

Elektrofag

Statkraft

Statkraft har verksemd i heile noreg, frå Finnmark i nord til agder i sør. det vil seie at det er utsikter til jobb i heile landet for deg som har lyst til å arbeide med energi. eller kanskje du vil arbeide verda rundt? les meir om alle dei spanande vass- og vindkraftprosjekta våre i noreg og i utlandet, på www.statkraft.no.

– Med ei teknisk utdanning opnar du for mange val i framtida, og det er fleire ulike fagretningar å velje mellom. – eg søkte meg inn som trainee etter enda utdanning, og på denne måten får ein eit innblikk i dei ulike avdelingane. dette er veldig positivt dersom ein ikkje heilt veit kva ein vil arbeide med. – Som trainee var eg blant anna med på vasskraftproduksjon, eit sol- og vindkraftprosjekt, selde straum og var med på vedlikehald av diverse vasskraftverk. Til slutt valde eg å arbeide vidare i avdelinga for vinkraft, fortel ho. BETRE KLIMA For å redusere utsleppa av CO2 er det viktigare enn nokon gong å produsere kraft frå fornybare energikjelder. vindkraft kan som del av ein felles europeisk kraftmarknad erstatte bruk av kolkraft og oljefyrte kraftverk. – eg gler meg til kvar dag på jobben. det høyrest kanskje litt klisjé ut, men eg og kollegaene mine arbeider for ei betre verd. at energien kjem frå fornybar energi og at eg kan vere med på å bidra, gjer dette til ein interessant jobb. – akkurat no har vi ein god del prosjekt med vindmøller i noreg, men det skjer også ting i Sverige og Storbritannia, så reising blir det også, smiler ho. – å arbeide som sivilingeniør gjev deg mange alternativ i arbeidslivet. eg trivst godt i Statkraft, og set pris på å vere med på noko nyskapande innanfor klimaspørsmålet, konkluderer linn.

Kontakt: Postboks 200, lilleaker 0216 Oslo (+47) 24 06 70 00 info@statkraft.no

www.statkraft.no 39


Vestavind Kraft på Sandane er eit lite selskap med eit stort mandat: å bygge og drifte vindkraftprosjekt langs Vestlandskysten. Målsetjinga er effektiv produksjon av meir fornybar og klimavenleg energi, og å bidra til verdiskaping for lokalsamfunna og eigarane.

ynskjer å spele på lag med lokalsamfunna, og ser det som svært viktig med ein god dialog både med grunneigarar, politikarar og innbyggjar.

Vår oppgåve er å utvikle, byggje, eige og drive vindkraftanlegg der det ligg til rette for gode prosjekt, fortel Stig Svalheim, administrerande direktør i Vestavind Kraft. Selskapet som vart skipa i 2005.

• Gje lokalsamfunna ein rimeleg kompensasjon for areal som vert nytta og for moglege ulemper som vindkraftverket skapar.

Selskapet har fleire prosjekt under utvikling langs Vestlandskysten, og jaktar på område med vind og infrastruktur i form av vegar og kraftnett. Vestavind Kraft

40

Positive grunneigarar er vår viktigaste samarbeidspartner i utvikling av vindkraftprosjekt, understrekar Stig Svalheim. Kommunane skal få noko att for vindkraftutbygginga. Mellom anna skal vi:

• Byggje vindkraftverk som samla sett er klart meir til nytte enn til ulempe, både for miljøet og for samfunnet – lokal og nasjonalt.


Sogn og Fjordane

Vestavind Kraft har i dag sju vindkraftprosjekt under planlegging. Fem av desse ligg i Sogn og Fjordane, eit prosjekt ligg i Hordaland og eit i Møre og romsdal.

Elektrofag

Prosjekta er lokaliserte på Haramsøya i Haram kommune, Okla på Stadlandet i Selje kommune, Bremangerlandet og Hennøy i Bremanger kommune, lutelandet, Folkestad i Fjaler kommune og Ytre Sula i Solund kommune.

Vestavind

Foto Getty Images

• Utvikle, byggje, drive og avvikle prosjekta i samsvar med lover og reglar, og med mest mogleg openheit og god informasjon.

Bak Vestavind Kraft står energiselskapa i Vestlandsalliansen, representert ved Tafjord Kraftproduksjon AS, SFE Produksjon AS, Sunnfjord Energi AS, Sognekraft AS, BKK Produksjon AS, SKL Produksjon AS og Haugaland Kraft AS.

www.vestavindkraft.no Sørlandsliv.no. 41


vil dU jOBBe Med

FRAMTIDAS UTFORDRINGAR? vi har i generasjonar henta energi og livskraft frå vestlandsnaturen. no står vi framfor store energiutfordringar, og då er det i alle fall viktig med kunnskapar om korleis ein skal nytte rein energi frå naturen for å få til ei berekraftig utvikling. Høgskulen i Sogn og Fjordane samarbeid med Sunnfjord energi, Sogn og Fjordane energi og det lokale næringslivet for å tilby eit bachelorstudium i ingeniør elektro – energi, elkraft og miljø. Samspelet mellom menneske, natur og ressursar har aldri vore viktigare, og vi treng stadig ny og betre kunnskap. energibransjen har stort behov for fagfolk; berre i Sogn og Fjordane åleine er det behov for over 100 ingeniørar med kompetanse i elkraft dei neste 10 åra. då må vi ha personar som har lyst å jobbe med framtidas utfordringar. gjennom studiet vil studentane lære om kraftproduksjon, overføring og forbruk av kraft sett inn i ein miljøsamanheng, programmering, målesystem og programmerbare logiske styringar, elektriske anlegg, elektriske maskiner og installasjonar, høgspenning og kraftelektronikk.

42

etter å ha fullført utdanninga er studenten kvalifisert til å jobbe med alle typar energiproduksjon. Han kan både prosjektere elektriske og elektroniske system, jobbe som konsulent og elektroentreprenør og føre tilsyn med elektriske anlegg. det å arbeide offshore er like aktuelt som å arbeid på land. Bachelorstudiet har eit omfattande samarbeid med relevante bedrifter i fylket gjennom utvikling og drift av studiet. Både prosjektoppgåver og avsluttande bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gjev deg ein unik sjansen til å kome i kontakt med framtidige arbeidsgjevarar. Studentane vil vere garantert sommarjobb i eit energiselskap, og få gjennomføre prosjektoppgåve med ein mentor frå eitt av selskapa. det er også mulegheit for å kunne søke på stipend frå energiselskapa under utdanninga. Meir informasjon: hisf.no


SFe

MED KRAFT TIL Å SKAPE «det skal bli lys!» Og det vert lys – ingunn vassbotten (24) er nemleg på saka. ingunn er prosjektingeniør i Sogn og Fjordane energi – eller berre SFe. For henne er dette drøymejobben. – i SFe er det ingen dagar som er like, og nye utfordringar ventar heile tida. det er ei stødig bedrift, med ei trygg framtid. Samstundes har vi mange spanande prosjekt på gong, og arbeidsplassen utviklar seg fort. det passar meg perfekt!, fortel ingunn. etter allmennfag på Hafstad vidaregåande skule tok ho forkurs i matte og fysikk på Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde. etter forkurset kasta ho seg over studiet som gjorde henne til elektroingeniør med spesialisering i automasjon. – eg har alltid vore interessert i tekniske ting, og visste at det var ein god jobbmarknad for ingeniørar. På høgskulen var vi ein liten klasse. dette gjorde at vi fekk god oppfølging og eit kjempegodt studiemiljø, smiler ingeniøren.

STRAUM TIL FOLKET – eg driv mykje med prosjektering av nye straumliner, tilkopling til hus og montering av stolper. eg er både på kontoret og ute i felten, arbeider sjølvstendig og i lag med andre. det er gøy å sjå resultat av prosjekteringa, synst ingunn. Og kva med framtida? – eg trivst veldig godt her, og blir gjerne i SFe i mange år – her skjer det jo noko nytt heile tida. Og straum må alle ha! SFe er den største energileverandøren i Sogn og Fjordane, og mellom dei store kraftselskapa på vestlandet. Selskapet har over 250 dyktige medarbeidarar engasjert innan mange spennande og framtidsretta forretningsområde. SFe har solid kompetanse innan fornybar energi – frå produksjon og nettverksemd til levering til kundane. visjonen til selskapet er «kraft til å påverke framtida Konsernet driv innan produksjon og omsetnad av fornybar energi, utbygging og drift av om lag 2600 km linjenett, småkraftverk, breiband, fiber, alarm, varmepumpe og anna entreprenørverksemd. For meir informasjon: www.sfe.no

ingunn vassbotten fekk plass på trainee-programmet til Framtidsfylket, som både gav god opplæring og eit fagleg nettverk. no arbeider ho for fullt.

43


SUnnFjOrd energi

VERDAS BESTE SOMMARJOBB? Mathias Hoff Osvoll (15) ville vite meir om kraftbransjen. etter sommarjobben i Sunnfjord energi har han funne drøymejobben – og tent gode pengar på kjøpet.

– Før var eg ganske bestemt på at eg ville bli elektrikar, men etter veka på Sunnfjord energi har eg fått veldig lyst til å bli linjemontør. eg har òg veldig lyst til å få jobbe her, seier Mathias, etterfølgt av spørsmålet «får eg lov å jobbe her?».

– eg har tenkt til å utdanne meg innan elektro, men eg var usikker på om eg ville bli elektrikar eller linjemontør. eg kom hit til Sunnfjord energi for litt inspirasjon og hjelp til yrkesval, fortel Mathias Hoff Osvoll frå vassenden.

i denne sommarjobben får du kunnskap om yrker i kraftbransjen, du får møte andre på din alder med same interesser som deg og du får høyre og snakke med folk som har eit yrke som du sjølv kanskje tenker å arbeide med.

Opplegget svarte til forventningane, og vel så det: – jobben har vore veldig lærerik og eg har fått sjå jobbar her som eg ikkje visste eksisterte, seier Mathias.

44

– det er jo også kjekt å få tene seg litt pengar, men eg hadde kome uansett om eg fekk pengar eller ikkje, avsluttar Mathias.

Han har vore med tilsette i Sunnfjord energi til ulike oppdrag, og fortel om spanande dagar med god rettleiing frå dei tilsette.

Sunnfjord Energi er eit energikonsern med 120 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg i Førde, og selskapet er eigd av kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn og av BKK.

– den fyrste dagen var vi på oppdrag i eit kraftverk der vi skulle kontrollere ein generator og få sjå på ein eldgammal turbin i ein enorm fjellhall. dagen etter var ein kontorarbeidsdag. vi blei sett til å sende sms-ar til nokre kundar. eg er nok meir ein praktisk type, og synest det er kjekt å jobbe ute sjølv om eg er klar over at det er mange uvêrsdagar her på vestlandet.

Konsernet driv innan produksjon og omsetnad av fornybar energi, utbygging og drift av om lag 2600 km linjenett, småkraftverk, breiband, fiber, alarm, varmepumpe og anna entreprenørverksemd. For meir informasjon: www.sunnfjordenergi.no


SOgneKraFT

SAFTBYGD OG KRAFTBYGD Sogn er kjend for saft. john Kroken (27) valde i staden kraft.

nettstasjonar, gjev straumforsyning til hytter og hus og mykje anna, seier john.

På vidaregåande valde john elektrikarlina på Sogndal vidaregåande, og fekk fagbrev i elektrofag. Med fagbrevet i baklomma reiste han til Porsgrunn for å gå y-veg-lina i elkraftteknikk ved Høgskolen i Telemark. Slik blei han kvalifisert for å ta ein master i elkraftteknikk ved nTnU i Trondheim. Med både praktisk og teoretisk kompetanse var det ikkje vanskeleg å få jobb i Sognakraft.

Han har ansvar for å ha kontakt med grunneigarar, kommunar og andre. då handlar det om å finne løysingar på stadig nye utfordringar:

– eg ringde til Sognakraft for å høyre om dei hadde jobb til meg. dagen etter møtte eg på intervju, og sidan har eg vore her. det var supert å kunne gå rett i jobb etter endt utdanning, seier john. UTFORDRINGAR – eg ville bruke det eg hadde lært, og utvikle meg vidare innanfor det feltet eg kjende frå utdanninga. i Sognakraft møtte eg miljø som er kjempebra både fagleg og sosialt. Og ved at vi bruker dei mest oppdaterte it-løysingane er vi heile tida i front teknologisk, fortel Kroken.

– eg liker når det er litt å ta tak i. det er gøy å stadig måtte tenkje nytt og sjå at prosjekta blir til røyndom.

Sognekraft AS satsar på fornybar energi og planlegg store investeringar i nett- og produksjonsanlegg dei næraste åra. vi er 70 tilsette som jobbar med å produsere-, trans-portere- og selje miljøvennleg energi. Hovudkontoret er i vik med avdelingar i Sogndal, Balestrand og årøy. i år har vi 2 lærlingar i energioperatørfaget, 3 lærlingar energimontørfaget og 1 på iKT-datafag. i sommar fekk 9 studentar eller elevar på vgs sommarjobb hjå oss. For meir informasjon: www.sognekraft.no

Han fortel om spanande arbeidsdagar: – Om vinteren planleggjer vi mykje, slik at vi kan vere førebudde når våren kjem. då legg vi kablar, byggjer om 45


nOrMaTiC

EIT TEKNOLOGIEVENTYR PÅ NORDFJORDEID i 1998 starta sju aksjonærar opp automasjonsverksemda normatic på nord-fjordeid. i dag har bedrifta femti tilsette og er mellom dei leiande på sitt felt i noreg. vil du være med å skrive neste kapittel i eventyret? Hans inge Solheim er dagleg leiar i selskapet, og har vore med sidan starten for fjorten år sidan. Han fortel om eit selskap som kan tilby varierte arbeidsoppgåver og eit hyggeleg og utviklande arbeidsmiljø: – normatic passar for deg som er interessert i tekniske spørsmål og spanande it-løysingar. vi tilbyd eit miljø der du kan utvikle deg og tileigne deg ny kunnskap undervegs, og der du får sjansen til å ta i bruk den nyaste teknologien, seier Solheim. På få år har normatic blitt eit av dei leiande selskapa innanfor sitt felt her til lands, og har i dag kontor både i Førde, lillehammer og Sandvika – i tillegg til det topp moderne hovudkontoret på nordfjordeid. – vi konkurrerer med dei store, og vinn stadig nye oppdrag. Og nettopp den spanande og varierte kundemassen er noko av det aller kjekkaste med å arbeide i normatic. Til dømes har vi levert ei løysing med

46

automatisert driftskontroll for nesten 100 kommunale bygg i Bærum: driftsoperatørane i kommunen får full oversikt via moderne it-løysingar og kan overvake hundrevis av anlegg på internett. FRÅ SKISSE TIL SUPPORT – ingen kundar er like, så noko av det viktigaste er å skreddarsy anlegga etter kva behov kunden har, fortel Solheim. Han peikar på at det er viktig å vere kreativ og å tenkje nytt. – vi nyttar den nyaste teknologien i våre løysingar. Her endrar ting seg veldig fort, så det gjeld å henge med i utviklinga. eit viktig trekk ved normatic er at vi leverer det kunden treng frå den fyrste skissa, via montering, til support og oppfølging. – vi er spissa i marknaden innanfor vatn- og avløpsautomasjon og byggautomasjon, i tillegg til at vi leverer innanfor skipsautomasjon og maritimautomasjon. Kombinasjonen av spissa tilbod og brei kompetanse er ein av styrkane våre. MANGE YRKESGRUPPER nettopp breidda i leveransar gjer at normatic treng gode fagfolk innanfor ei rekkje ulike yrkesgrupper. Programutviklarar, teknikarar, automatikarar, elektrikarar, sivilingeniørar og lærlingar er alle velkomne til normatic.


Sogn og Fjordane

Normatic aS skal levere avanserte automatiserte driftskontrollanlegg i det norske markedet, og skal satse på systemintegrasjon og OPC baserte grafiske toppsystemer i kombinasjon med funksjonsrike og driftssikre automasjonsløsninger lokalt i anleggene. Hovedforretningsområdene er vannog avløpsautomasjon og byggautomasjon.

Elektrofag

Normatic

Siden oppstarten av selskapet i 1998 har selskapet hatt en positiv utvikling, og vi kunne i 2008 flytte inn i nye og tidsriktig forretningslokaler på nordfjordeid. normatic aS har sitt hovedkontor på nordfjordeid, med kontor i Førde, lillehammer og Sandvika.

Her er det høve til både å arbeide sjølvstendig og i team, og ein får stadig meir ansvar etter kvart som ein har meir erfaring. normatic ser stadig etter kvalifiserte medarbeidarar som er svoltne på nye utfordringar. For kundeoppfylging er det ein fordel å vere sosial og utadvendt, medan det for programmerarar er lov å ”grave seg ned” i utviklinga av nye løysingar. Solheim fortel at selskapet opptekne av å rekruttere langsiktig: – vi bruker lang tid på opplæring, og tenkjer gjerne at det tek to år frå folk blir tilsett til dei er ferdig opplært hos oss. Mellom anna har normatic eit samarbeid med Framtidsfylket om ingeniør-traineear, og er opptekne av å gje alle medarbeidarar sjanse til å utvikle seg i jobben: – vi bruker å seie at det er opp til kvar og ein kva du vil her i verda. i normatic er vi klare til å gje deg dei utfordringane du har lyst på!

Hans Inge Solheim, daglig leder i Normatic.

Kontakt: Postboks 132, Sjøgata 103, 6770 nordfjordeid (+47) 57 86 48 78 post@normatic.no

www.normatic.no 47


elTel

3, 2, 1, ACTION! Med eit mål om å bli den leiande infranettentreprenøren i europa, har eltel ein plan som krev blod og sveitte i fleire år framover. nokon vil kanskje seie det blir vanskeleg, men etter ein prat med ingeniøren richard Sherrock og lærlingen endre Sagstad kan sjølv den største pessimisten få trua på at det kan vere hald i denne ambisiøse målsettinga. OPPTEKEN AV UNGE TILSETTE du høyrer alltid eit snev av entusiasme i røysta når du pratar med dei tilsette i eltel. eit slags eige tonefall som gjer deg nyfiken på kvifor det er slik. i alle fall er det slik når underteikna pratar med richard Sherrock (26) og endre Sagstad (19). Med drygt halvanna års fartstid er dei relativt ferske i selskapet båe to. likevel pratar dei med roa og røynsla til tilsette som har eit tosifra tal år i jobben. Kvifor? – For det fyrste har eltel eit utruleg bra opplæringsprogram for nye tilsette. For det andre har vi mange dyktige kollegaer som veit å lære bort kunnskap. Sist, men ikkje minst, er eltel kanskje den verksemda som er mest oppteken av unge tilsette, noko som blir spegla att i mellom anna mi historie her, forklarer richard. 48

26-åringen siktar naturleg nok til stega han har teke sidan han starta i eltel. Med ei ingeniørutdanning i kommunikasjonssystem frå Høgskolen i Bergen, blei han tilsett som planleggjar i desember 2010, men har allereie nå rokke å bli forfremja til både prosjektleiar og no sist teamleiar. Han gjev æra for si personlege utvikling til eit framifrå traineeprogram og flinke kollegaer. – gjennom dei fyrste seks månadene som trainee fekk eg oppleve alt frå å arbeide ute med montørar til skøyting av kablar og systemplanlegging. eg fekk røynsle med det meste. når ein i tillegg er omgjeve av flinke kollegaer som alltid vil hjelpe, er det vanskeleg å ikkje trivast, smiler han før han held fram. – eltel har ein unik filosofi for dei nye tilsette. du blir rett og slett kasta litt ut i det, på ein positiv måte. Utfordringane kjem med éin gong slik at du må prestere frå fyrste stund, og på denne måten får du ei bratt erfarings- og læringskurve. Heilt perfekt, understrekar han. ELTEL – EI OPENBERRING lærlingen endre Sagstad er ein annan som har ei lita solskinshistorie på lager. Med ein litt annleis bakgrunn enn richard, men med like høg konsentrasjon om arbeidet som blir gjort, er han på veg inn i sitt siste år som lærling i telekommunikasjon.


Sogn og Fjordane

Eltel skal bli den leiande infranettentreprenøren i europa. det krev strukturert arbeid og ein felles arbeidsmetodikk. Med over 400 team beståande av 20 medarbeidarar spreidd i 10 land er eltel ein leiande aktør innan infranettbransjen. vi skal vere pionerar innan teknologi og ei føregangsverksemd innan effektivt arbeid.

Elektrofag

Eltel

eltel-konsernet har cirka 8000 medarbeidarar og ei omsetning på 1011 millionar euro. eltel i noreg har cirka 600 medarbeidarar spreidd over heile landet. i noreg arbeider vi innanfor forretnings-områda Telekom Fastnett, Mobil Telekommunikasjon, jernbane og Smart Målaravlesing.

Han omtalar jobben i eltel som en openberring etter at han litt etter litt byrja gå lei skulegang på fulltid. – det var eigentleg veldig kjekt på elektrolina og dataelektronikklina, men eg har alltid vore meir interessert i å kome meg ut i jobb. difor fikk eg heilt ny motivasjon etter at eg starta læretida mi her. endre føler han blir teken godt vare på og gler seg særskilt til å arbeide sjølvstendig det siste halvåret som lærling. då kan han endeleg bryne dei små grå på forskjellig problemløysing, som ei god førebuing til tida etter fagprøva. – Fram til no har vi drive vedlikehald og reparert det som har med internett og tele å gjere. For det meste stolpar og sentralar. eg har fått god opplæring av dei meir rutinerte montørane, men nett no ser eg berre fram til å utfordre meg sjølv fram mot den store prøva, seier 19-åringen entusiastisk. Både richard og endre er samde om at eltel er vegen å gå om du vil ha action og ansvar på jobb frå aller fyrste dag. – arbeidsdagane her er alltid spanande. det er høgt tempo både på kontoret og ute i feltarbeidet, så ein har sjeldan tid til å ha det keisamt, avsluttar dei humoristisk.

Kontakt: Stanseveien 21, Kalbakken 0975 Oslo ( + 47) 815 35 835

www.eltelnetworks.com 49


Du treng ikkje vere daud fisk for å symje med straumen. Nesten alt vi gjer er avhengig av strøm, og dei som arbeider med elektrofag arbeider med nokre av dei viktigaste yrka som skal til for at samfunnet (og iPoden din) skal fungere. Og vi kjem ikkje til å bli mindre avhengige av straum i åra som kjem. Tenk deg då kor avhengige vi blir av dei som arbeider med elektrofag. – Vi på Opplæringskontoret for Elektrofag arbeider dagleg med å leggje best mogleg til rette for at medlemsverksemdene våre og alle lærlingane innan dei ulike elektrofaga skal oppleve ei mest mogleg ”straumlineforma ”utdanning og læretid – fram til du blir utdanna til nokre av dei mest etterspurte yrka du kan tenkje deg, seier dagleg leiar Hans Bruland med eit smil. 50

”ELEKTRISKE” moglegheiter For det er mange sjansar innan elektrofag. Framtida er lysande, ja nesten elektrisk innan fag som elektrikar, automatikar, tavlemontør, dataelektronikar, telekommunikasjonsmontør, elektroreparatør, energimontør, romteknologi(!) og mykje, mykje meir. Opplæringskontoret har lærlingar innan nesten alle desse faga, og Hans er ikkje i tvil om at elektrofaget inneheld nokre av dei viktigaste yrka som skal til for å få eit samfunn til å fungere. Med eit fagbrev i eit av faga innan elektrofaget har du mange sjansar i fag- eller høgskule. Du kan velje høgare utdanning anten som fagteknikar (toårig) eller ingeniør/bachelor. – Elektrofaga passar i utgangspunktet for dei fleste, men ein må nok ha ei viss forståing for matematikk eller ei generell teknologi-interesse for å få fullt utbyte av faga, fortel Hans vidare.


Sogn og Fjordane

På vegner av medlemsverksemdene i Sogn og Fjordane, er føremålet til kontoret å leggje opplæringa til rette for elektrofag underlagt lov om tilsyn med elektriske anlegg (tilsynslova) og lov om fagopplæring i arbeidslivet. dette inneber at OFel-kontoret skal koordinere og effektivisere opplæringa i medlemsverksemdene, bidra til god, fagleg kvalitet i opplæringa og kartleggje kva bruk og utsikter det er for opplæring.

VG1 – VG2 – VG3/BEDRIFT – OG SÅ ER VERDA DI! ein typisk startstad for ei yrkesretta utdanning innan elektrofag er vg1 elektrofag. vidare inn i vg2 kan du velje mellom fleire retningar: elenergi, dataelektronikk, automatisering, kulde- og varmepumpefag eller flyfag. delar av opplæringa skjer i ei verksemd som samstundes er villig til å gje deg betaling for å lære. etter grunnutdanninga kan du gå vidare på fagskule eller bli ingeniør. – når fagprøva er avlagt er du sikra jobb, og kan ha heile verda som arbeidsområde. Straum er straum i hele verda, slik at elektrofaga er internasjonale, smiler Hans. likevel håpar han nok på at dei fleste av lærlingane hans blir med på å hjelpe medlemsverksemdene i ein bransje som er i ”støyten”.

Elektrofag

NELFO/ OFEL

Kontakt: Hans Bruland nelFO/OFel Sogn og Fjordane (+47) 57 82 14 22 (+47) 91 58 31 61 hansb@nelfo.no

www.nelfo.no 51


HelSedireKTOraTeT

VEL HELSE- OG OPPVEKSTFAG! Ønskjer du deg ein variert og meiningsfylt jobb? arbeid med barn, unge, eldre, personar med funksjonsnedsettingar, psykiske lidingar og andre som treng deg! Ta to år på helse- og oppvekstfag i vidaregåande skule, to år i lære og få fagbrev som helsefagarbeidar. du kan òg velje mellom fleire andre yrke etter vg1 helse- og oppvekstfag. KVA GJER EIN HELSEFAGARBEIDAR? Som helsefagarbeidar arbeider du i nær kontakt med folk. Oppgåvene dine er mellom anna å gje praktisk og fagleg hjelp og omsorg til menneske som treng det. du har varierte arbeidsdagar og kontakt med menneske i alle aldrar. nokre er sjuke, andre har nedsett funksjonsevne eller skal trene seg opp etter ei ulukke. jobben din er å hjelpe dei til å meistre sitt eige liv. Helsefagarbeidaren arbeider mellom anna: • På sjukehus • På sjukeheim • Heime hos menneske som treng hjelp • innan psykisk helse • i rusomsorga • i opptrenings- og behandlingssenter • i skulen, med barn som treng ekstra hjelp

KORLEIS BLIR DU HELSEFAGARBEIDAR? For å bli helsefagarbeidar vel du helse- og sosialfag på vg1. etter vg1 vel du helsearbeidarfaget på vg2. etter dette har du læretid i helsearbeidarfaget i to år (vg3).

52

Hva får du? • Samfunnet treng mange helsefagarbeidarar. du kan få jobb i heile landet. • løn under opplæring: i læretida får du ei årsløn fordelt over to år, ca. 286.000 kroner (2011). • ekstra betalt dersom du arbeider kveld, helg eller i høgtidene. • Som ferdig utdanna helsefagarbeidar vil du i ei normal vaktordning tene cirka 326.000 kroner i året (2011). • gode sjansar til å vidareutdanne deg. UTDANNINGA ER BÅDE TEORETISK OG PRAKTISK vel du helsearbeidarfaget, får du ein annleis skuledag enn du er van med. delar av undervisning er i klasserommet, men du kan òg vere mykje ute blant folk. Utdanninga gjev deg ei god blanding av teori og praksis. den eine dagen lærer du om kosthald på skulen. neste dag skal du hjelpe ein slagpasient med frukosten. du ser samanhengen mellom det du lærer på skulen og det du gjer på jobb. Helsefagarbeidaren lærer mellom anna: • Helsefremjande arbeid, som sjukdomslære, sjukepleie, kosthald og fyrstehjelp • Yrkesutøving, som etikk, planlegging og dokumentasjon, lover og forskrifter • Kommunikasjon og samhandling, som brukarmedverknad, observasjon og rapportering Les meir på: www.helseogsosialfag.no


Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag

– Kalde hovud og varme hender! Frå starten til slutten av livet kjem vi i kontakt med flinke og godt utdanna menneske som har valt å arbeide med helse- og oppvekstfag. Alternativa er mange, og du kan arbeide ved sjukehus, offentlege institusjonar – internasjonalt eller i heimkommunen din. Jobbar innanfor helse- og oppvekstfag finst overalt i heile landet, og det er stor etterspørsel etter fleire flinke folk. Yrka krev ulik grad av kompetanse, men felles for heile fagretninga er at du som vel helse- og oppvekstfag, må bry deg om og kunne ta omsyn til andre menneske. Du bør vere flink til å kommunisere og lytte til andre og trivast med menneske i alle livssituasjonar. I fleire yrke er det krav om politiattest. Utdanningsprogrammet fører fram til yrke der eigne haldningar, kunnskapar om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdomar, arbeidsmiljø og kulturskilnader er viktige, og der det blir stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.helsedirektoratet.no www.farmasifag.no - www.sfj.no - www.helse-forde.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Helse- og oppvekstfag –> Læreplanmål - Oppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Helse- og oppvekstfag –> For lærere - Kompetansemål

53


FarMaSi

MED FOKUS PÅ KUNNSKAP er du interessert i helse og medisin og korleis legemiddel verkar? Kan du tenkje deg ein jobb der spørsmål og informasjon om legemiddel og riktig legemiddelbruk står sentralt? då er farmasistudiet noko for deg! FARMASØYT Christina dvergsnes (26) er utdanna provisorfarmasøyt frå Universitetet i Oslo. Ho gjekk allmennfagleg line på Kristiansand Katedralskole, før ho tok ein femårig mastergrad i farmasi ved Universitetet i Oslo. no lever ho draumen som apotekar, eller dagleg leiar om du vil, ved Boots apotek på Oslo S. – På farmasistudiet lærer du mellom anna om verkestoffa som blir brukt i legemiddel, kva effekt dei har på kroppen og korleis ein skal bruke dei til å førebyggje og behandle sjukdom. alt dette krev gode kunnskapar i kjemiske, biologiske, medisinske og farmasøytiske fag, seier Christina. Ho fortel vidare at det aldri var nokon tvil om kva ho ønskte å studere etter vidaregåande. – eg er veldig interessert i realfag, og det var eigentleg hovudgrunnen til at eg søkte meg inn på farmasistudiet. det passa meg heilt perfekt å arbeide som farmasøyt. at eg no er apotekar midt i Oslo sentrum er eigentleg berre ein bonus.

54

PRAKTISK OPPLÆRING i farmasistudiet inngår laboratoriearbeid og praktisk opplæring i framstilling av salver, miksturar, tablettar og andre legemiddelformer. gjennom studietida får du også oppgåver som gjev trening i kommunikasjon og formidling. dette er kunnskapar som kjem til nytte når du som farmasøyt gjev informasjon og rettleiing i kontakt med pasientar, publikum og anna helsepersonell. Christine trivst i rolla som driftsansvarleg og ser fram til kvar einaste dag. Utfordringane kjem på rekkje og rad, noko som gjer at det aldri blir keisame arbeidsdagar for den blide Oslo-jenta. – normalt sett handlar arbeidsdagen min om legekontakt, kundebehandling, reseptekspedering, rekneskap, administrasjon og oppfølging og ansvar opp mot personalet. det er med andre ord alltid noko å hengje fingrane i, smiler ho. – For meg er det den positive og varierte kvardagen som gjer at eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. vi har eit godt arbeidsmiljø og eg trivst med å snakke med alle slags kundar. aller best er det når eg får bruk for kunnskapen min og hjelper kundane til eit enklare liv. Christina vil meir enn gjerne tilrå farmasistudiet til unge menneske med interesse for realfag. ikkje berre er det eit interessant og lærerikt studium, men jobben som ventar i ettertid er òg meir enn ho hadde forventa seg.


Sogn og Fjordane

Over: Aldri ein keisam dag i farmasibransjen. T.v.: Christina Dvergsnes (nr. 3 frå venstre) trivst godt saman med sine tilsette på Oslo S.

– å arbeide som apotekar svarer absolutt til forventningane eg hadde, om ikkje meir. det er ein lærerik bransje i konstant utvikling, så her må du vere førebudd på å bruke dei små grå kvar einaste dag. det er alltid spanande i farmasibransjen, avsluttar ho smilande. FARMASIUTDANNINGEN ei masterutdanning i farmasi tek til saman fem år, og fører til tittelen provisorfarmasøyt. du må ha denne tittelen for å bli apotekar (dagleg leiar for eit apotek). i noreg kan du studere ved universiteta i Oslo, Bergen eller Tromsø. gjennom studiet skal studentane ha til saman seks månaders praksis på apotek. Studentane ved UiB har eit obligatorisk opphald ved ein studiestad i england i 7. semester. Også UiO tilbyr utanlandsopphald/utveksling i løpet av studietida.

Apotekforeningen er ein bransjeorganisasjon for alle apoteka i noreg. Foreininga arbeider for høg kvalitet på apotektenester og gode rammevilkår for apoteka.

Helse- og oppvekstfag

gjennom farmasistudiet blir du ekspert på legemiddel. du vil lære kva verkestoff som brukast som legemiddel, kva effekt legemidla har på kroppen, korleis legemidla blir brukt for å førebyggje og behandle sjukdom, korleis legemiddel blir framstilt og korleis legemiddel blir utvikla. alt dette krev gode kunnskapar i kjemiske, biologiske, medisinske og farmasøytiske fag.

Apotekforeningen

du får òg kunnskap om helsevesenet, legemiddellovgjevinga og om legemiddelbruk sett i eit samfunnsperspektiv. ein del av studiet er praktisk retta, og det blir gjeve opplæring i framstilling av salver, miksturar, tablettar og liknande. i tillegg får du oppgåver som gjev trening i kommunikasjon og formidling. dette er kunnskapar som kjem til nytte når du seinare skal arbeide som farmasøyt, og gje råd og rettleiing til pasientar, publikum eller anna helsepersonell. det finst to ulike farmasøytutdanningar. du kan bli provisorfarmasøyt med et femårig studium til mastergrad ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, eller du kan bli reseptarfarmasøyt med eit treårig studium til bachelorgrad ved høgskulane i Oslo eller namsos.

i det siste studieåret skal du skrive ei masteroppgåve (forskingsoppgåve med rettleiing). Studentane vel sjølve tema for oppgåva. Kontakt: apotekforeningen (+47) 21 62 02 00 apotekforeningen@apotek.no

www.farmasifag.no 55


HELSE FØRDE

DU KAN GJERE EIN SKILNAD! Kunne du tenkt deg eit yrke der du er med å redde liv og syt for at menneske får den hjelpa dei treng? Som ambulansearbeidar kan dU gjere ein skilnad. i dette yrket er det viktig å halde seg roleg under akutte situasjonar for å lukkast.

INGEN DAGAR ER LIKE ann-Kristin opplever yrket som veldig variert. arbeidsoppgåvene er alt frå å utøve fyrstehjelp til å køyre pleietrengande til og frå ulike institusjonar. alle oppdrag er med ulik hastegrad, men ho understrekar at dei er like viktige og gjevande. Ho arbeider i distriktet, noko som medfører at dei har eit stykke å køyre til næraste sjukehus.

ambulansearbeidar ann-Kristin gjerde (25) har alltid hatt lyst til å arbeide innan helsevesenet, og då ho oppdaga at det var ei utdanning for ambulanse på vidaregåande skule, var ho ikkje i tvil om kva ho skulle velje.

– i ljos av dette får vi meir tid saman med pasienten og dermed meir tid til å observere og behandle, samanlikna med stader der det er kort veg til sjukehuset. distrikta rundt i landet er forskjellige på denne måten, og difor kan det vere lurt å tenkje på kva du ønskjer når du søkjer jobb.

– etter å fullført fire år, kan eg byrje å søkje jobbar. det er ikkje vanskeleg å få jobb etter at fagbrevet er i boks. då søkjer du om autorisasjon for å bli ein godkjent fagarbeidar. når dette er fullført er det ikkje vanskeleg å få seg arbeid som ambulansearbeidar etter skulegang, ettersom det alltid trengst ambulansepersonell.

dagen til ann-Kristin startar med rutinesjekk av bil og utstyr. det er viktig at bilen skal vere køyrbar og utstyret skal fungere og vere på plass. Personalet sjekkar dette kvar dag.

Tenesta i Helse Førde har eigen undervisningsstab og driv utdanning av nyutdanna og meir røynd personell. den vidaregåande skulen syt for at du er best mogleg førebudd på yrkeslivet etter utdanninga. etter vg1 helse og sosial og vg2 ambulansefag, får du opplæring i eit føretak i to år.

56

– ein arbeidsdag på ambulansen varierer sjølvsagt mykje, og ingen dagar er like. nokre dagar har vi oppdrag, andre dagar er det meir stille. i dei stille periodane er viktig at vi utnyttar tida til noko fornuftig, som praktiske øvingar i faget, faglege diskusjonar og lesing for å halde oss oppdatert i yrket.


Sogn og Fjordane

Helse Førde HF yter spesialisthelsetenester til dei 107.500 innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket er i stadig utvikling for å gjere tilbodet best mogeleg innanfor dei rammene styresmaktene set og brukarane forventar.

Helse- og oppvekstfag

Helse Førde

Helse Førde har sjukehus og psykiatriske institusjonar i seks kommunar og ansvar for ambulanseteneste. Tal på tilsette er omlag 2300, og budsjettet er på to milliardar kroner. Føretaket er organisert i fire klinikkar. det er det statlege Helse vest rHF som eig Helse Førde. intervju hentet fra utdanning.no Tekst og foto: Sigrid Hesjevoll

Helse Førde skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

EIT SPANANDE YRKE ann-Kristin forklarer at det er viktig å klare å halde seg roleg og sindig under uventa og akutte situasjonar i ambulanseyrket. Her veit ein aldri kva dagen kan bringe. – du må klare å vere budd på kva som ventar deg på skadestaden. i nokre tilfelle kan det vere verre enn meldinga gjev uttrykk for. du kan òg oppleve at du kjem opp i situasjonar der folk du kjenner godt er hardt skadde. i tillegg påpeikar ho kor viktig det er å vere ein omsorgsfull og medfølande person, samt å kunne takle dei uføresette situasjonane, for å vere en kvalifisert ambulansearbeidar.

Ein arbeidsdag på ambulansen varierer sjølvsagt mykje, og ingen dagar er like. Nokre dagar har vi oppdrag, andre dagar er det meir stille.

www.helse-forde.no 57


TANNHELSETENESTA I SOGN OG FJORDANE:

SER RESULTAT PÅ JOBB KVAR DAG – det kjekkaste med jobben er når ein kan hjelpe pasientane og å oppleve at dei er takknemlige for jobben ein har gjort, seier den nyutdanna tannlegen Siri espedal vold (25). – det var eigentleg ganske tilfeldig at eg blei tannlege. eg var ikkje spesielt oppteken av tenner på førehand, fortel Siri espedal vold. Ho hadde ei veninne som tipsa henne om alle fordelane med tannlegeyrket, og Siri endte opp med å ta ein femårig integrert master ved Universitetet i Bergen. For å ta denne masteren måtte ho ha realfagskombinasjon frå vidaregåande, med matematikk, fysikk og kjemi. – Studiet er ein spanande kombinasjon av praksis og studiar, og so godt som alle på kullet hadde jobbtilbod før vi var ferdigutdanna, seier espedal vold. SIN EIGEN SJEF Siri fortel at ho arbeider frå åtte til kvart over tre kvar dag, og at arbeidsveka er totalt 36 timar. Ho kan i stor grad velje sjølv kva tid ho vil ta ut ferien sin, og har ei utdanning som gjer det lett å få jobb kor som helst i noreg: – eg er eigentleg frå voss, men arbeider no i leikanger. eg ville gjerne til Sogn og Fjordane, mellom anna fordi 58

tannklinikkane her ikkje er så store. det gjer at eg får prøve meg på alle moglege oppgåver, noko eg synstest er spanande. i tillegg må eg skryte av det gode arbeidsmiljøet her – eg har det heilt topp på jobben! god løn og mykje fritid gjer at ho får gode sjansar til å dyrke fritidsinteressene sine. Siri er oppteken av friluftsliv, og ski og kajakk er to favorittar: – i tillegg er eg glad i å reise – og det skader heller ikkje at studentmiljøet i Sogndal gjer at det er mykje unge folk her, smiler Siri. SPANANDE DAGAR Siri espedal vold er klinikksjef i leikanger, og samarbeider tett med sine to medarbeidarar. Ho fortel om varierte dagar på jobben: – eg må gjere alle undersøkingar sjølv: eg set diagnose, behandlar pasienten, gjev tips om vidare tannstell og driv ein del førebyggjande folkehelsearbeid, opplyser tannlegen. Tannhelsa i noreg i dag er forholdsvis god, og dei fleste meistrar tannbehandling godt, slik at det å gå til tannlegen kan verte ei positiv oppleving for dei fleste. – i løpet av ein dag kan eg ha alt frå treåringar til dei aller eldste, og eg må vere både ingeniør og psykolog.


Den offentlege tannhelsetenesta Sogn og Fjordane

Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane har 32 tannklinikkar og 120 tilsette og har: • Sentralt plasserte klinikkar i alle kommunane • gode arbeidsplassar med moderne utstyr og lokale • gode tannhelseresultat • Behandling på alle pasientgrupper

Helse- og oppvekstfag

Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane

Førebygging og behandling! Førebyggande arbeid er eit viktig område for oss. vi utfører folkehelsearbeid for alle! vi gjev regelmessig og oppsøkjande tilbod om tannbehandling for ulike prioriterte grupper. den offentlege tannhelsetenesta skal organisera førebyggande tiltak for heile befolkninga. den skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til:

Folk kan kome inn døra med vondt i tennene, og gå ut igjen utan smerter. eg blir veldig motivert av å kjenne at eg kan gjere noko nyttig for andre, seier Siri. – eg borar hol, reparerer tenner, utfører rotfyllingar og byggjer opp kroner og bruer dersom det trengst, i tillegg til den vanlege tannsjekken, sjølvsagt. Som klinikksjef har Siri òg ein del administrativt arbeid, og må stadig lære seg nye ting undervegs. NOKO FOR DEG? – du bør vere glad i å arbeide med folk, og like kontakten med pasientane: det er viktig å skape tillit. i tillegg bør du vere tolmodig og nøyaktig. Tannlegeyrket er ein flott kombinasjon av det praktiske og dei meir faglege, seier Siri espedal vold.

• Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år. • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon. • grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie. • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret. • andre personar som fylkeskommunen har vedteke å prioritere. i tillegg kan vi også gje tannbehandling til vaksne betalande som ikkje høyrer til under desse gruppene. den offentlege tannhelsetenesta har fylkeskommunal forankring og arbeider etter lov om tannhelsetenester og er organisert som ein institusjon med sentral leiing.

Ho meiner at Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane er særleg kjekt for nyutdanna tannlegar, ettersom arbeidsoppgåvene er så varierte. – eg ser synlege resultat av arbeidet mitt kvar dag. Som tannlege har du verkeleg meiningsfylte dagar på jobb, avsluttar Siri.

www.sfj.no 59


drivKraFT

ÅPNER DØRER FOR ANDRE vi i drivkraft reklamebyrå ser i grunnen på oss sjølve som ganske heldige. ikkje berre fordi vi liker det vi gjer, men òg fordi vi liker måten vi gjer det på, måten vi har fridom til å tenkje på og måten kundane våre i alle år har teke imot ideane og konsepta våre med opne armar og glede. drivkraft reklamebyrå tilbyr heile det tradisjonelle spekteret av tenester du vanlegvis assosierer med eit reklamebyrå, som grafisk design, tekstforfatting, merkevarebygging, Pr-rådgjeving, produktutvikling, interaktivitet, arrangement og nytenkjande kampanjar. Likevel er vi annleis – på ein positiv måte. litt fordi vi har ei unik samansetning av talent, med særs variert bakgrunn og utdanning, men mest fordi det fører til at vi nærmar oss kvar kunde og kvart oppdrag med eit ope sinn og blikk for det unike. Som eit resultat er det ingenting som er “typisk drivkraft”. det har utvilsamt vore til fordel for våre kundar og partnarar, og har gjeve oss plass i porteføljen til eit spekter av kundar som spenner frå handverkarane på hjørnet til store, internasjonale oljeselskap og offentlege etatar. Porteføljen vår gjev oss høve til å utfalde oss med fargar, ord, bilete, klikk, kunnskap, uttrykk og inntrykk i ei lang rekkje retningar og fasongar.

60

i drivkraft arbeider det ikkje ja-menn eller sjølvsagt-damer. vår styrke ligg i den unike samansetninga vår. den opne tonen, den naturlege kreativiteten og gode dynamikken vi har internt i byrået gjev berre positive resultat for dei vi får gleda av å dele det med. KREATIVITET MELLOM PERMANE vi har òg våga å vere annleis ved å starte eit eige forlag, drivkraft Forlag aS. gjennom ei rekkje vakre og prislønte utgjevingar, nasjonalt og internasjonalt, både i bok- og bladform, har vi opparbeidd oss eit renommé og ei røynsle fåe andre reklame- og mediebyrå kan matche. vi liker å spele på kjenslene til folk. vi liker å skape eigarskap. vi liker å promotere alt som påverkar folks dagligliv. vi liker å få folk til å tenkje, og vi liker å arbeide med ting som er direkte målbart. Men mest av alt liker vi det vi gjer. Gå inn på www.drivkraft.no for å lese meir om oss og kundane våre. Her kan du òg sjå om vi treng fleire på laget. Kanskje du er den neste?


MEDier OG KOMMUNIKASJON

medier og kommunikasjon

– Når dei gode historiene skal formidlast! Og desse historiene kan vere foto, tekst, lys, lyd, 3D, film eller andre måtar å uttrykkje seg på. Liker du å kommunisere med andre menneske? Ser du nyhende og gode saker der andre berre ser? Liker du å skrive? Ta bilete? Var det du som alltid melde deg fyrst då gruppeoppgåva skulle presenterast i lyd og bilete for klassen? - Velkomen til utdanningsprogrammet Media og kommunikasjon! Du som vel media og kommunikasjon bør ha kreative evner og kunne kommunisere med andre, både skriftleg og munnleg. I tillegg bør du ha godt fargesyn og vere interessert i IKT og digital teknologi. Gode samarbeidsevner, fleksibilitet, evne til kritisk tenking og analyse er også viktig. Media og kommunikasjon førebur eleven på yrke innanfor reklame- og kommunikasjonsbyrå, magasinredaksjonar, forlag, trykkeri, marknadsavdelingar, fotobedrifter, internettbedrifter, filmselskap, radio og fjernsyn. Sveinebrev kan du ta innanfor fotofaget eller mediagrafikarfaget etter to år vidaregåande skule og påfølgjande to års læretid i bedrift. Fagbrev kan du oppnå etter fullført programområde Mediedesign. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.drivkraft.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Medier og kommunikasjon –> Læreplanmål - Oppgaver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Medier og kommunikasjon –> For lærere - Kompetansemål

61


OKFH

JOBB OG KARRIERE I NATURBRUK? naturbruk er inngangsportalen for deg som vil arbeide med fisk, plantar og dyr. Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane kan tilby læreplassar på topp moderne fiskebåtar eller i akvakultur. dei store og velutstyrte fartya fiskar langs heile norskekysten og i store deler av atlanterhavet. arbeidet er hardt, men fortenesta er blant dei høgaste du kan oppnå som lærling. vi deler gjerne inn fiskeflåten i grupper etter kva reiskap dei brukar: ringnotbåtar er store havgåande farty på 50-70 m. Kystnotflåten fiskar også med not, men dette er mindre båtar mellom 20 og 40 m. dei fiskar gjerne nærare kysten. Ofte fiskar desse to notgruppene i dei same områda. Sogn og Fjordane har ein av dei største kystnotflåtane i landet. notflåten fiskar mest etter sild og makrell. autolineflåten er havgåande farty som fiskar med line. dette er eit svært miljøvennleg fiskeri som lokkar fisken på kroken med agn. denne flåten fiskar etter botnfisk som torsk, hyse, lange og brosme. Om du heller vil ha ein jobb nærare land er akvakultur eit godt alternativ. laks og aure er dei mest kjende fiskeartane frå denne næringa, men det vert heile tida gjort forsøk på å finne nye artar som kan oppdrettast med denne teknologien. Kveite, torsk, berggylte og hummar er døme på det. 62

arbeidsplassane på fiskebåten eller oppdrettsanlegget har dei siste åra vore gjennom ei kraftig fornying. Moderne teknologi er innført og mykje av arbeidet krev gode kunnskapar på dette området. Forståing for elektronikk, pc og web er verdsett og vert nytta til mange daglege gjeremål. Samstundes er det viktig å hugse på at det er mat ein arbeider med. Kvalitet på produktet er ein føresetnad for god pris, og internasjonale kundar vil ha sporingsdata heilt tilbake til fiskebåten eller merdkanten. Mattilsynet held auge med dei strenge hygienekrava. KARRIERESTIGE. Med fagbrev som fiskar kan du søkje opptak på maritim fagskule. vi har ein slik skule i Måløy. Her får du opplæring til å bli styrmann og skippar. Med fagbrev i akvakultur kan du søkje deg vidare til fagskule i akvakultur. dette er eit nytt studietilbod som ein arbeider med å etablere fleire stader i landet. dersom du heller vil studere på ein høgskule for å bli høgskulekandidat i akvakultur finns det studieplassar for det óg. Meir info finn du på: www.settsjobein.no


NATURBRUk

NATURBRUk

– Med naturen som verdas største kontor! visste du at oppdrettsnæringa er den største eksportnæringa i noreg? Trivst du ute i frisk luft eller vil du sitje inne og forske? Same om du meiner at PC-en eller spaden er det viktigaste verktøyet ditt; innanfor naturbruksfaga er det plass til alle. det viktigaste er at du som vel naturbruk er interessert i naturen, har praktisk handlag, trivst med å samarbeide med andre og har omsorg for menneske, dyr og miljø. du bør like å arbeide ute, under varierande natur- og klimaforhold. dersom du vel vg3 naturbruk, gjev utdanningsprogrammet studiekompetanse med opning for vidare studium ved høgskular eller universitet. dei andre vg3 gjev yrkeskompetanse. du kan få arbeid innanfor ulike naturbruksyrke der det blir kravd forståing for samanhengen mellom biologisk produksjon, tolegrensene for naturen og menneskeleg aktivitet. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.settsjobein.no www.marineharvest.no - www.salmongroup.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Naturbruk –> Læreplanmål - Oppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Naturbruk –> For lærere - Kompetansemål

63


Runar har en av de beste utsiktene en kan ha i sin jobb. Ombord i ein arbeidskatamaran under ein daglig løfteoperasjon med kran.

Marine HarveST

OPPLEV VERDA I MARINE HARVEST – eg forstår ikkje kvifor folk ikkje er meir interesserte i korleis ting fungerer. det er kjempeinteressant å lære om korleis fisken tilpassar seg. eg gler meg til å bli marinbiolog! fortel driftsteknikarlærlingen Kristina Finden (17). Forventningane var blanda etter å ha fullført vidaregåande som TaF-lærling. i byrjinga var Kristina uroa for at det skulle bli for mykje kontorarbeid. Ho oppdaga fort at det heller var motsett, og fekk ofte bruke dagane ute i frisk luft. VARIERTE ARBEIDSOPPGÅVER Som driftsteknikar er arbeidsdagane varierte. det er mykje du skal følgje med på og ha oversyn over. Kristina arbeider på ferskvassanlegget der ho følgjer opp fisk som skal bli vaksinert. Fisken blir sortert etter ulike storleikar ut frå snittvekta som blir målt og registrert. – eg lærer mykje om fisk og biverknader av vaksinar. det er veldig lærerikt når veterinæren kjem på vitjing. då får eg ein gyllen sjanse til å observere korleis veterinæren arbeider med fisken. – det er flott å kunne drive med eit arbeid som er fysisk og der eg kan lære om livet til fisken. For å passe som driftsteknikar er det viktig å vere glad i å bruke kroppen. du må vere nyfiken og engasjert. Teknisk innsikt er òg ein nyttig eigenskap dersom du vil arbeide i Marine Harvest. 64

runar årvik (19) er òg lærling og driftsteknikar, men arbeider på ei anna avdeling; sjø- og matfiskanlegget. Sidan mykje av det han skal halde eit auge med er elektrisk styrt, er det viktig å kunne litt om data. – arbeidsoppgåvene mine er å følgje med på at alt fungerer som det skal, og å sjå til at utstyret er i orden. eg må kontrollere at fisken et, og at alle maskiner funkar. du må vere litt mekanikar og litt elektrikar. du må både kunne skru og vere praktisk anlagt. GOD OPPLÆRING runar liker best når han får bruke mykje tid ute, og dei gongene han kan køyre båt. Han føler seg trygg i arbeidet sitt fordi det alltid er nokon han kan ringje og spørje om hjelp. det er mykje sjølvstendig arbeid, men òg viktig å kunne samarbeide med andre og fungere i lag. – eg har fått god opplæring, og du lærer undervegs ettersom tida går. Under opplæringsperioden var vi ofte med og observerte korleis oppgåvene skulle bli løyste. På grunn av den gode opplæringa og samarbeidet er det ikkje vanskeleg å gjere arbeidet på eiga hand. vi styrer oss sjølve og ser sjølv kva som skal gjerast. Med eit arbeidsmiljø på topp trivst runar særs godt i Marine Harvest. Mykje av grunnen til det er den gode opplæringa han har fått av de røynde kollegaene.


Sogn og Fjordane

Kristine analyserer en prøve hun har tatt

Marine Harvest Norways hovedkontor ligger i Bergen. Selskapet er en del av konsernet Marine Harvest aSa, som er notert på Oslo Børs og har rundt 6200 ansatte og aktivitet i 22 land.

Naturbruk

Marine Harvest norway er norges største produsent av laks. vi leverer rundt 200 000 tonn laks hvert år fra anlegg som strekker seg langs norskekysten, fra Flekkefjord i sør til Sørfold nord for Bodø. det meste av laksen eksporteres til europa, USa og asia.

Marine Harvest

vår virksomhet dekker hele verdikjeden, fra stamfisk, rogn, smolt, matfisk og prosessering, til distribusjon og salg. i hele Marine Harvest norway er det rundt 1270 ansatte. Selskapets virksomhet er delt inn i fire geografiske regioner, samt en egen region for ferskvannsvirksomheten.

Kristine er på sin daglige runde i oppdrettsanlegget og inspiserer

– det er god kommunikasjon med leiarane, og sjefane kjem støtt og stadig på vitjing og har møte. det er ikkje tvil om at eg har lært mye. EIN INDUSTRI I VEKST Hr-direktøren i Marine Harvest ønskjer gjerne fleire unge velkomne til oppdrettsnæringa. – den største eksportvaren i noreg, etter olje og gass, er aure og laks. Marine Harvest er eit verdsomfemnande selskap som på årsbasis eksporterer 270 000 tonn fisk. Og her heime er vi altså i verdstoppen når det gjeld kunnskap om oppdrettsnæringa. det skal vi vere stolte av, seier Hr-direktør jorunn Skjoldvor Foss. næringa er i fin vekst, og selskapet treng nye folk for å auke kompetansen og utvikle næringa, fortel Foss vidare. – vi treng mange unge, entusiastiske, rause, handlekraftige og serviceinnstilte medarbeidarar. Folk med fagbrev innan næringsmiddel, automasjon og akvakultur, biologar, veterinærar, økonomar, teknikarar og seljarar er nokre av dei vi treng. vi har kontor og anlegg langs kysten frå Sørfold i nord til Flekkefjord i sør. Oppdrettsnæringa er den rette plassen for ungdom som har lyst til å arbeide i frisk luft, ha fleksible arbeidstidsordningar og i tillegg arbeide i ei internasjonal, spanande næring der ein kan reise ut og oppleve verda, seier Foss.

Jorunn Skjoldvor Foss, HR-direktør

Kontakt: Sandviksboder 78a 5035 Bergen (+47) 21 56 23 00 norway@marineharvest.com

www.marineharvest.no 65


SalMOn grOUP

LAKSEN - RASKASTE VEGEN TIL VERDA Oppdrettsnæringa tok sine første steg i norske vikar og fjordar, og baserte seg på kunnskapen folk ved havet hadde om nøter, og kunnskapen folk ved elvane hadde om kultivering. Ut frå dette bygde ein opp det som i dag er ein årleg produksjon på nesten 1 million tonn næringsrik mat. Og det mest fantastiske er at verda etterspør meir og meir laks frå noreg. i dag er norsk laks ei merkevare som vert etterspurt over alt kvar du kjem i verda. Og medan laks har vorte ein viktig del av kvardagskosten i noreg, er han framleis rekna som festmat mange andre stader. Kort sagt kan ein seie at laksen toler å bli teken fram ved dei fleste anledningar. variantane er uendelege, frå spekelaks, røykelaks og gravlaks, via utallige rettar med steikt og kokt laks, til den rå sushien. For oss er rå fisk enno noko nytt og eksotisk, men i den austlege verda er dette vel etablerte mattradisjonar. Bruken av laks i denne forma, er derimot ei norsk oppfinning. det var norske utsendingar som fekk japanarane til å byrje med oppdrettslaks til sushibruk. i utgangspunktet var dei skeptiske, fordi den tradisjonelle ville laksen var mager, og plaga med parasittar. Men oppdrettslaksen synte seg å vere ideell til denne typen mat. i dag er sushi med norsk laks ei sjølvfølgje over heile verda. 66

LAKSEINDUSTRI I UTVIKLING Om vi ser på laksen sin veg fram mot ferdig måltid i Tokyo, Moskva, new York og Cape Town, finn vi ei effektiv linje frå produsentar, via slakteri og eksportør, til kunden i det aktuelle landet. noreg har framleis eit rikt utval av aktørar i alle ledd, som er med på å sikre kvalitet, effektivitet og eit konkurranseretta marknadsapparat. det meste av laksen blir framleis frakta som fersk ut i verda, men moderne fryseteknikkar gjere det mogleg å levere frosen fisk med kvalitet som er like god som fersk. dette bidrar til ein mest mogleg miljøvenleg transport ut til kundane. Frå før av er laksen mellom dei aller mest klimavenlege ”husdyra” . Produksjonen i sjø føregår ved naturlege havstraumar og sjøtemperaturar, laksen nyttegjere seg ekstremt effektivt av fôret, og ein kan nytte bortimot kvar minste del av fisken. VARIERTE UTDANNINGSMOGLEGHEITER For den som ynskjer seg ein jobb relatert til norsk laks, er moglegheitene mange og varierte. ein kan ta fagbrev i akvakultur og jobbe tett på produksjonen i merdane, ein kan bli veterinær og jobbe med fiskehelse, ein kan med ulike utdanningar få ein stilling i forvaltninga, eller ein kan jobbe med foredling, sal, marknadsføring, biologi, kjemi, iT eller administrative oppgåver.


Sogn og Fjordane

Salmon Group er verdens største nettverk av små, familieeide oppdrettsselskaper. Med base i Bergen, norge, yter vi service for våre 43 aksjonærer, som til sammen besitter 93 konsesjoner for oppdrett av laks og ørret langs norskekysten, og produksjon av ca. 45 millioner smolt.

Naturbruk

Salmon Group

Sammen med våre eiere forhandler vi om fôr, vaksiner, forsikringer og andre fellesløsninger som den enkelte oppdretter kan nyte godt av. i våre forhandlinger har vi fokus på forutsigbarhet, og at vi skal opprettholde ”Salmon group-kvaliteten” på fisken som blir produsert. ved å bruke de beste innsatsfaktorer, er dette en kvalitet som innebærer en spesielt næringsrik og god fisk, anvendelig i alle nisjer av markedet. våre kunder etterspør Salmon group-kvaliteten hos fiskeeksportørene.

For den som ynskjer seg oppgåver utanlands, er der og mange tenkelege stillingar. norske oppdrettsselskap har aktivitet i Canada, Chile, Skottland og på Færøyane. i tillegg har norske eksportfirma kontor i ei rekke land, og eksportrådet har utsendingar til mange marknader. Til og med i restaurantleddet er der mange nordmenn som driv godt med norsk laks som råvare ute i den store verda. Salmon group aS er eit nettverk av lokaleigde oppdrettsselskap, men også vi opptrer i internasjonale fora. Til dømes har vi eit samarbeid med eit hollandsk selskap om utviklinga av integrert akvakultur, eit prosjekt som skal utnytte næringssalt frå lakseproduksjonen til kommersiell oppdrett av tare. Taren skal i sin tur gå til framstilling av høgverdige produkt i den internasjonale marknaden, slik som matvarer, medisin og biodrivstoff. akkurat som ved utviklinga av lakseoppdrett, samspelar her ulike typar kompetanse om å skape ny næring. Salmon group har og eit samarbeid med nOFiMa om ein eigen fôrresept. resepten baserar seg på å utelukkande nytte bærekraftige ressursar som råvarer, og gir ein friskare og meir motstandsdyktig fisk, mellom anna mot tarmsjukdom og påslag av lus.

Kontakt: Salmon group aS Skuteviksboder 1-2 5035 Bergen

www.salmongroup.no 67


gOde TiPS

TIL JOBBINTERVJUET 1. PLANLEGG DET PRAKTISKE vel kva klede du skal ha på deg dagen før. vel noko du vanlegvis føler deg vel i, dersom kleskoden ikkje krev særskilde typar klede. avgjer reisetida dit du skal, og pass på at du har teke høgd for forseinkingar, kø og liknande. Møt presis! 2. KVIL PÅ FØREBUINGANE DINE Med gode førebuingar stiller du rolegare og formulerer deg betre på intervjuet. Ta med notata du har gjort på førehand, Cv og søknad. ver førebudd på å gje ein samanhengande presentasjon av deg sjølv, utdjupe ting du skreiv i søknaden og forklare eventuelle hol i Cv-en. 3. VIS AT DU ER MOTIVERT alle arbeidsgjevarar ønskjer medarbeidarar som har lyst til å gjere ein god jobb, og som verkeleg er interesserte i oppgåver og fagfelt. grunngje interessa di for jobben og syn korleis interessa di òg har samband med til dømes studieval, fritidsinteresser og frivillige verv. 4. VER AKTIV, MEN IKKJE EPLEKJEKK vis initiativ og ver smidig under samtalen. Still gjerne spørsmål, og pass på at du får fletta inn dei tinga du har tenkt ut, sjølv om det ikkje blir spurt direkte etter dei. avklar eventuelle uklare spørsmål før du svarer, men 68

ikkje avbryt intervjuaren. Hugs god blikkontakt og eit ”framoverlent” kroppsspråk! 5. PRESENTÉR DIN AKADEMISKE KOMPETANSE Som akademikar må du vere god til å vise samanhengane mellom studiane dine, anna relevant erfaring og arbeidsoppgåvene i den jobben du søkjer. Bruk gode døme til å illustrere, og syn både resonnerande og reflekterande kunnskapar i praksis. 6. AVGJER DITT PUBLIKUM ikkje alle arbeidsgjevarar er like kjende med terminologien innan spesifikke fagområde, eller innhaldet i gradar og karaktersystem. Unngå akademisk ”stammespråk”, og omset det du har gjort til alminneleg og lettfatteleg språk. 7. SVAR ÆRLEG OG STRATEGISK gjennom eit intervju vil det som regel dukke opp kinkige spørsmål, til dømes ”Kva vil du seie er dei svakaste sidene dine?”. Svar sant og relevant for jobben, men sei heller ikkje meir enn du treng. vis dessutan at du har sjølvinnsikt og tek ansvar for kva påverknad du har på andre.


Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag

– Trivsel med mat og menneske! Mat er meir enn føde. Mat er råvarer, godt handverk, design og presentasjon. God mat får folk til å trivast, og då trivst du også. Bon apetit! Du som vel restaurant- og matfag har gjerne godt handlag, du er kreativ, nøyaktig og reinsleg. Og du liker å gje god service. Til kundar og kollegaer. Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innanfor blant anna hotell- og restaurantnæring og næringsmiddelindustri, men også til arbeid i bedrifter som produserer kjøt-, fiske-, drikke-, bake- og matvarer. Kunnskapar om eigne og andre sine kulturar og mattradisjonar og om næringsmiddel, kosthald og helsefremjande livsstil er viktig. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.stabburet.no www.nhomatogbio.no - www.kjottbransjen.no - www.gastronomi.no www.umb.no/ikbm.no - www.mattilsynet.no - www.matfag.no www.nettoppfisk.no - www.tine.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Restaurant- og matfag –> Læreplanmål - Oppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Restaurant- og matfag –> For lærere - Kompetansemål

69


Tine

EI KARRIERERETTA FRAMTID! Framtida ser lys ut for Birger og ruben. ikkje berre er dei tilsette i ei av dei beste og tryggaste lærlingbedriftene i landet, men etter læretida skal dei også flytte inn i det nye hypermoderne meieriet på jæren. då er det lett å forstå at humøret er på topp kvar einaste dag. Oppfølging. Miljø. Trivsel. ingenting er viktigare for ein ung lærling som nettopp har gått ut i arbeid etter tallause år på skule. det kan til tider vere ei tøff omstilling, men då er det opp til arbeidsgjevar å leggje til rette for at dette skjer så mjukt som råd. For matfaglærlingen Birger Kvia Hobberstad (19) har overgangen vore smertefri, og ikkje overraskande gjev han store delar av æra til Tine. – eg stortrivst i Tine og har kjent meg velkomen frå fyrste dag. Oppfølginga har vore kjempegod, fagleiarane er dyktige og eg føler eg kan senke skuldrene når eg er på jobb. Og når skuldrene er nede, gjer ein automatisk ein betre jobb, smiler Birger. HAR KONTROLL PÅ MASKINENE Har du i seinare tid bøtta nedpå ein proteinshake før eller etter trening, er sjansen stor for at det nettopp er Birger som har kvalitetssikra pulveret.

70

akkurat no er han stasjonert på ”Tørkå” der tørkeprosessen av proteinpulveret skjer. Her står store automatiserte maskiner og durar medan Birger kontrollerer prosessen i kontrollrommet. – i tørkeprosessen er det eg som passar på at overgangen frå flytande til pulver skjer utan komplikasjonar. det vil seie at eg måler trykk, kontrollerer ingrediensar og sjekkar temperatur. det høyrest kanskje ut som enkelt arbeid, men det er heile tida viktig å ha kontroll på tid, tal og temperatur. FAGPRØVE? INGEN PROBLEM ein annan matfaglærling som er djupt inne i læretida hjå Tine er ruben vold (20). Han har berre nokre månader att før han skal ta fagprøven, men etter ei meiningsfull læretid og tidlegare utplasseringar og sommarjobbar i Tine, er han ikkje det minste redd for at han skal feile. – eg kjenner meg utruleg godt førebudd og er ikkje det minste nervøs før fagprøven. Så kan ein jo stille spørsmål om det er Tine eller klisterhjernen min som skal ha æra, ler ruben. STORE FRAMTIDSPLANAR Til dagleg arbeider han i ysteriet i Hå kommune og er sterkt delaktig i den daglege produksjonen av ost, som kvar dag går ut til hundretusenvis av konsumentar.


Ruben Vold (t.v) og Birger Kvia Hobberstad stortrivst og satsar å utvikle seg vidare i TINE. Sogn og Fjordane

TINE Gruppa er ei av dei største næringsmiddelbedriftene i noreg og leverandør av kjende merkevarer som jarlsberg, norvegia, Biola, YT, litago og Piano. Tine er ått av 15.000 mjølkebønder i samvirke. Konsernet består av både norsk og utanlandske heilog delåtte dotterselskap, blant anna diplom-is, Fellesjuice, Wernersson Ost i Sverige og norseland inc. i USa. Tine gruppa har om lag 5500 tilsette og om lag 19 milliardar i omsetning i 2011. Ruben Vold har berre månader igjen før han skal ta fagprøva.

Han trivst svært godt med ansvaret han har fått og har alt lagt planar for korleis framtida hans vil bli sjåande ut. – eg er fast bestemt på å utvikle meg vidare innanfor Tine, og har derfor planar om å studere Matteknikk ved Trondheim Fagskole. Kva som skjer etter det, veit eg ikkje, men det hadde vore spanande å kunne arbeide for Tine på Måltidets Hus i Stavanger, der fokuset er på forsking og utvikling, fortel han.

Restaurantog matfag

TINE

Karrierevegar: Tine har ei lang verdikjede med eit mangfald av arbeid og karrierevegar. vi er opptekne av å gje våre tilsette høve til fagleg og personleg utvikling, både gjennom arbeidsoppgåver og kompetansepåfyll.

Birger hallar på si side meir mot ei leiarstilling, og då kanskje på landets største meieri som opnar på Kviamarka i rogaland i 2012. – Personleg kunne eg tenkje meg å arbeide som avdelingsleiar etter nokre år her i Tine. Utsiktene til å utvikle seg innetter i bedrifta er så gode at det fint kan la seg gjere. Framtidig avdelingsleiar på det største meieriet i landet er jo ein spanande tanke. Men fyrst må eg jo greie fagprøven, flirer han. det nye meieriet på jæren vil vere på 27.000 kvadratmeter og skal produsere kjende merkenamn som norvegia, jarlsberg, smør og andre produkt. i tillegg skal anlegget foredle 200 millionar liter mjølk årleg. dette er dobbelt så mykje som det nest største anlegget i landet.

Eg stortrivst i TINE og har kjent meg velkomen frå fyrste dag. Oppfølginga har vore kjempegod, fagleiarane er dyktige og eg føler eg kan senke skuldrene når eg er på jobb. Og når skuldrene er nede, gjer ein automatisk ein betre jobb....

www.tine.no 71


OPPlÆringSKOnTOreT FOr HOTell- Og MaTFag

KVIFOR BLI LÆRLING? LÆRLINGPLASS det er mange gode grunnar til å søkje lærlingplass innan Hotell- institusjon- restaurant- og reiselivsfag: • Spennande yrker med mykje menneskekontakt • gode arbeidsmulegheiter både i norge og i utlandet • du lærer samtidig som du tjener penger! • gode mogelegheiter for vidareutdanning • To mnd utplassering Frankrike eller Spania

vi har 32 lærebedrifter over heile Sogn og Fjordane. Opplæringskontoret for hotell- og matfag kan og tilby læreplassar offshore kombiner med bedrifter på land i Sogn og Fjordane. GODKJENT I FAGA:

DEN BESTE VEGEN TIL FAGBREV Opplæringskontoret for hotell- og matfag i Sogn og Fjordane er eit godt valg for deg som ønskjer ein grei og sikker veg fram mot fagbrev.

• Kokk

Om du drøymer om å bli kokk, institusjonskokk, servitør eller resepsjonist, kan vi hjelpe deg med læreplass. Opplæringskontoret er eigd av lærebedriftene, noke som gjer oss i stand til å tilrettelegge eit skreddarsydd opplegg for kvar lærling.

• reiselivsfag.

RIKTIG VEILEDNING OG OPPFØLJING vi deltar aktiv i formidling av lærlingar, og har tett oppføljing av lærlingane undervegs- noke som sikrar betre

72

organisering og planlegging av læretida. du for hjelp og motivasjon til arbeidet med opplæringsboka, kurs og fagsamlingar saman med andre lærlingar.

• institusjonskokk • Servitør • resepsjonist


SERvICE OG SAmFERDSEl

SERvICE OG SAmFERDSEl

– Sal, service, tryggleik og smil! Service- og samferdselsfaget er inngangsporten til eit spannande val mellom 8 ulike fagområde. Sal, administrasjon, tryggleik, iKT Service, logistikk, yrkessjåfør, resepsjons- og reiselivsfaget er stikkorda. Har du lyst har du lov – og hugs at smilet og det gode humøret ikkje kan lærast – det må kome innanfrå! du bør derfor vere høfleg, utettervend og serviceinnstilt. Trivst du med andre menneske? du må også har respekt for ulike kulturar, tradisjonar og etiske normer. Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, frå sal til transport. i desse bransjane står kunnskapar om lover og forskrifter og evna til å analysere kva behov kundane har for å kunne føreslå tradisjonelle og nye løysingar, sentralt. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.nhoreiseliv.no

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Service og samferdsel –> Læreplanmål - Oppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Service og samferdsel –> For lærere - Kompetansemål

73


PrO OPPlÆringSKOnTOr

INDUSTRIEN TRENG DEG – BLI LÆRLING! Fagarbeidarane er sjølve nerva i bedriftene – utan flinke fagarbeidarar med gode teknologikunnskapar stoppar bedriftene rett og slett opp. Som ferdigutdanna fagarbeidar i teknologifag er du sikra god løn, interessante og sjølvstendige arbeidsoppgåver og ikkje minst: arbeid i Spennande teknologi- og industribedrifter. OPPSKRIFT - 1 STK. FAGARBEIDAR • 1 teknologiinteressert ungdom (valfritt kjønn) • 1-3 gode rådgjevarar (kan vere lærar, mor, far, tante, nabo el.l.) • 1 vidaregåande skule som tilbyr TiP (sjå www.vilbli.no) • 1 opplæringskontor • 1 teknologi- og industribedrifter med kompetente fagarbeidarar (skal rettleie deg) • 1 lærekontrakt (må vanlegvis vare i to år og vert avslutta med ei fagprøve) alt skal blandast saman, men best resultat får du om du startar på toppen av lista og går nedover. Om du ikkje skulle få tak i nokon av ingrediensane, sett bort frå første punkt, kan du lese ei meir detaljert forklaring på www.pro.sf.no. 74

TEKNIKK OG INDUSTRIELL PRODUKSJON (TIP) – VEGEN TIL 60 MULIGHEITER: Teknikk og industriell produksjon er ei linje du kan velje i vidaregåande skule. Har du praktisk sans og er nøyaktig er dette faget for deg. interesse for ny og spennande teknologi er det viktigaste! industrimekanikar, CnC-operatør, Platefag, Sveisefag, industrirørleggjar, Fagoperatør i produksjonsteknikk, Fag-operatør i kjemi og prosess. dette er berre nokre av dei fagbreva du kan få etter ei utdanning basert på TiP, læretid og fagbrev… gå inn på www.vilbli.no og sjekk ut alle muligheitene! der finn du også ut kor i Sogn og Fjordane du kan ta TiPutdanninga di! PrO Opplæringskontoret er tilknytta norsk industri, og er eit opplæringskontor for prosess og mekanisk industri. vi rekrutterer lærlingar til våre medlemsbedrifter, og følgjer opplærlingane frå søknad om læreplass til ferdig fagarbeidar.


– Stålkontroll og millimeterpresisjon! Med maskiner og utstyr skal landet byggjast, og du kan vere sikker på at du får handtere avansert produksjonsutstyr og fingre med teknologi i verdsklasse dersom du vel ei framtid innanfor teknikk og industriell produksjon. I Noreg finn du høgteknologiske bedrifter og avanserte produksjonsmiljø omtrent på kvart gatehjørne – og det blir satsa på innovasjon og nytenking som aldri før!

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon

Vil du vere med? Du som vel TIP bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør både kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. Interesse for ny teknologi er også viktig. Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innanfor teknisk industri, skipsindustri, teknoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og i oljebransjen. Helse, miljø og tryggleik står sentralt i desse yrka, der det å arbeide etter prosedyrar og teikningar, og med registrering og dokumentasjon, er svært viktig. Les meir på: www.vilbli.no - www.muligheter.no - www.lo.no - www.oof.no www.time.vgs.no - www.pro.sf.no - www.statoil.com - www.llof.no www.elkem.no - www.wergeland.com

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Teknikk og industriell produksjon –> Læreplanmål - Oppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: Utdanning –> Teknikk og industriell produksjon –> For lærere - Kompetansemål

75


Foto: Alf Ove Hansen

STÅR HO BAK

NOREGS NESTE STORE OLJEFUNN? geofysikarar. Petroleumsindustriens rakettforskarar. Kanskje ikkje heilt riktig, men ordet gjev i alle fall dei same vibbane. Og jobben, den er vel så spanande. – å ha ei interesse for realfag er alfa og omega dersom du grublar på ein karriere innan olje- og gassbransjen, fortel anne Stav (25), geofysikar ved Statoil-kontoret på Forus. DIREKTE FRÅ STUDIAR TIL STATOIL det var aldri nokon tvil om kva retning anne ønskte å gå etter vidaregåande. etter lang tids forelsking i naturfag og realfag og med ei stigande interesse for geofysikk, starta anne på meteorologi- og oseanografistudiar ved UiB med et ønske om å bli geofysikar. For å gjøre ei lang historie kort; dryge fem år seinare hadde ho ein imponerande mastergrad i petroleumsgeofysikk og var ein del av det framifrå graduateprogrammet til Statoil. – Som graduate får du ei lærerik innføring i kva stillinga og bransjen dreier seg om. i starten reiser du på innføringskurs, blir informert om industrien, får høyre om felles verdiar og dei langsiktige planane til Statoil. etter kvart får du forskjellige oppgåver, til dømes å samarbeide multidisiplinært, altså med kollegaer med ein annan utdanningsbakgrunn, for å planleggje eit fiktivt olje- og 76

gassfelt på best mogleg måte. det er utruleg gjevande og ikkje minst spanande, seier anne. ANSVARLEG FOR OLJEFELTUTVKLING Kvar graduate får gjennom programmet òg ein utviklingsplan som inneheld kva som bør lærast, kva som forventast og personlege målsettingar. i tillegg har ein leiande geofysikar – såkalla fadder – ansvar for at anne får svar på eventuelle spørsmål som måtte oppstå i dei fyrste åra på kontoret. – Heile opplegget kring dei nytilsette er veldig trygt, meiner 25-åringen. geofysikaren har med andre ord fått ein fin start på opphaldet i Statoil. det multidisiplinære teamet hennar på kring tjue personar er mellom anna ansvarleg for dreneringsstrategi, planlegging av nye brønnar og generell feltutvikling på oljeplattforma Snorre B i nordsjøen. For annes del vil det seie å bidra med nøye tolking av undergrunnen. – Oppgåva til ein geofysikar er å samle inn seismiske data og etterpå lese denne informasjonen for å gjere seg opp eit bilete av kva som finst seg under havbotnen. er det stor sjanse for treff eller er sjansen minimal?, forklarer ho før ho utdjupar.


Sogn og Fjordane

Statoil er eit internasjonalt energiselskap med verksemd i 34 land. Basert på meir enn 35 års røynsle frå olje- og gassproduksjon på norsk sokkel, bruker vi teknologi og nyskapande forretningsløysingar for å møte energibehovet i verda på ein ansvarleg måte.

Teknikk og industriell produksjon

Statoil

vi har hovudkontor i noreg, 20.000 tilsette over heile verda og er børsnotert i new York og Oslo.

– det blir jo ein del kontorarbeid. det følgjer jo automatisk med i jobben. Men vi får òg sjansen til å dra på lærerike feltkurs, til dømes til Spania og USa, og for ein reiseglad person som meg er det midt i blinken, gliser ho. KAN ARBEIDE I HEILE VERDA reisesjansane er noko som har lokka anne frå fyrste dag. Med jobbsjansar over heile verda, er det berre fantasien som set stoppar for kor ho kjem til å busetje seg. Ho understrekar likevel at det viktigaste no er å arbeide med dei ulike emna innan geofysikk, skaffe seg viktig erfaring og seinare byrje å tenkje konkret på opphald i utlandet. – Om nokre år tek eg gjerne nokre år i utlandet. Favoritten no er vel eigentleg rio de janeiro i Brasil. der er det jo ein stigande trend i bransjen. eller kanskje oljebyen Houston, seier ho med eit smil om munnen. dersom ho ein gong vel å flytte på seg, håpar ho at erstattaren hennar i noreg er på plass med éin gong. grunnen er enkel; det finst rett og slett ikkje noko betre. – Olje- og gassbransjen har ei ljos framtid og vi treng fleire ingeniørar, geologar og geofysikarar. i Statoil har vi eit godt arbeidsmiljø, gode opplæringsprogram og trygge arbeidsmetodar, så alt ligg til rette for ei fin tid som tilsett, avsluttar anne.

Foto: Statoil

Er du klar for å satse på ein karriere innanfor realfag? les meir om aktuelle stillingar, og korleis du kan få ein karriere i Statoil, på våre nettsider:

www.statoil.com/careers 77


ELKEM BREMANGER

FRÅ BREMANGER TIL VERDA visste du at tjue prosent av alle berbare pc-ar i heile verda inneheld silisium frå elkem Bremanger? jarl erik Flatøy (25) er prosessingeniør og på lag med framtida. – eg tok allmennfagleg studieretning på vidaregåande, med matte, fysikk og kjemi. dermed var eg kvalifisert for å byrje på sivilingeniørstudiet på nTnU i Trondheim, der eg valde faget industriell kjemi og bioteknologi. Onkelen min er sivilingeniør, og eg bestemte meg tidleg for at dette var noko eg verkeleg ville. – Studiet er både krevjande og spanande, med mykje arbeid på laboratorium. noko av det positive med å velje sivilingeniørstudiet er at det er mykje lettare å byte mellom ulike fag og liner enn kva folk kanskje trur. – du treng ikkje ein fastspikra plan frå dag éin, men kan sjå kva du interesserer deg for etter kvart, påpeikar jarl erik. FYRSTEVALET jarl erik søkte seg til elkem Bremanger hausten 2011 etter å ha fatta interesse for stillingsutlysinga som prosessingeniør: – Stillingsutlysinga verka forlokkande, og eg visste allereie om fleire frå studiet som hadde arbeidd der i sommarferiane. dei tilrådde meg å søkje, og det er eg veldig glad for, smiler sivilingeniøren. 78

Han fekk eit særs godt fyrsteinntrykk av kollegaene på jobbintervjuet, eit inntrykk som synte seg å stemme godt med kvardagen. – dei som arbeider her er jordnære og flotte folk, og eg ser eit stort potensiale i stillinga mi. det skjer mykje på avdelinga mi om dagen, og eg opplever at eg og avdelinga utviklar oss i lag, smiler Flatøy. SILISIUM TIL VERDA Men kva gjer eigentleg ein prosessingeniør? For jarl erik handlar dagane mykje om silisiumpulver. – eg arbeider på jet-mølla her på elkem Bremanger, og der produserer vi silisiumpulver. det blir brukt til mobiltelefonar, bremseskiver, skotsikre vestar – og altså kvar femte berbare data i heile verda. – i tillegg er vi involverte i utviklinga av silisiumbatteri til mellom anna pc-ar og mobilar, og desse batteria vil ha lengre levetid enn dei batteria som finst i dag, fortel han. dagane går med til å følgje opp produksjonen, ha kontakt med kundane, planleggje nye produkt, ta testar for å sjekke kvaliteten og i tillegg ein del personalansvar. For jarl erik er det nettopp variasjonen som gjer jobben så bra: – det er umogleg å velje éin ting som er betre enn dei andre gjennom arbeidsdagen. vi har fleire spanande utviklingsprosjekt, og det er stadig noko nytt å hengje fingrane i!


Sogn og Fjordane

Elkem Bremanger er blant verdens ledende selskaper innenfor miljøvennlig produksjon av metallprodukter og materialer. Hovedprodukter er silisium, spesiallegeringer til støperiindustrien, carbon og microsilica.

En vanlig dag på kontoret for Jarl Erik.

Selskapet har produksjonsanlegg i europa, nord-amerika, Sør-amerika og asia, i tillegg til et omfattende nett av salgskontorer i de viktigste markedene i europa og asia. elkem er heleid av China national Bluestar.

Teknikk og industriell produksjon

Elkem Bremanger

elkem Bremanger har 180 ansatte, og er en høykompetanse, internasjonal bedrift, med produksjon av ferrolegeringer, silisiummetall, kjemikalier og microsilica. Hovedkundene til bedriften er innenelektronikk, solceller, vindmøller og bilindustrien.

Jarl Erik sørger for at alt stemmer slik det skal.

– eg går ikkje lei av dei faste arbeidsoppgåvene, ettersom det stadig skjer noko nytt. Og så må eg seie at arbeidskameratane her er veldig flotte. FRAMTIDA elkem Bremanger er ein arbeidsplass for framtida, i følgje jarl erik:

Bedriften ligger i Svelgen, 50 km fra Florø, i en natur med mildt kystklima med gode jakt- og fiskemuligheter i området. Svelgen er kommunesentrum med kommuneadministrasjon, idrettshall, skoler m.m. elkem Bremanger er den største arbeidsplassen i distriktet, og har et moderne og fremtidsrettet industrianlegg og organisasjon.

– Her treng vi folk som er pådrivarar, og som ser utviklingspotensiale sjølve. du bør vere litt initiativrik, positiv til å bidra og like å ta i eit tak. noko av det beste med å arbeide her er at nyutdanna får meir ansvar og fleire utfordringar enn andre stader. – For min eigen del ser eg føre meg å vakse vidare med oppgåvene – eg har rett og slett lyst til å bidra som ein del av laget, avsluttar jarl erik Flatøy.

Eg arbeider på Jet-mølla her på Elkem Bremanger, og der produserer vi silisiumpulver. Det blir brukt til mobiltelefonar, bremseskiver, skotsikre vestar – og altså kvar femte berbare data i heile verda. www.elkem.no 79


LUTELANDET OFFSHORE AS

TRENG MEIR ENN MASKINKØYRARAR Strenge miljøkrav og tøff konkurransesituasjon vil styre rekrutteringspolitikken når aktiviteten på lutelandet i Fjaler tek laus dei næraste åra. arbeidet med å etablere lutelandet som eit sentralt industriområde på kysten av vestlandet tok for alvor til i 2005 då lutelandet Utvikling aS vart skipa. Frå 1. januar 2006 har Stein arne Ottesen vore dagleg leiar i full jobb med ansvar for å utvikle det 3000 mål store området. – Målet for oss er å skape utvikling i regionen gjennom å etablere arbeidsplassar, seier Ottesen. dei som vil arbeide på lutelandet får sjansen til å vere med på å utvikle industri frå botnen av, og dei får vere med på å forme samfunnet rundt. dersom dei vil. lutelandet er i dag delt i to. Halve arealet skal gå med til eit vindkraftanlegg som skal forsyne heile HaFS-regionen med fornybar energi. den andre halvparten er eit industriområde som i dag blir utvikla av selskapet lutelandet Offshore. lutelandet ligg slik til at du kan velje mellom kommunesenteret i fire forskjellege kommunar og likevel ha rimeleg reiseavstand til lutelandet. det trur vi at kan vere med på å gjere det mei rattaktivt å jobbe her. i tillegg ligg

80

industriområdet midt i ein spektakulær natur med fjell som reiser seg rett opp av havet med alden som det mest kjende landemerket. – vi legg ikkje skjul på at dette er eit paradis for alle som trivst i, og vil bruke vill og vakker vestlandsnatur. Her kan du reise langt til havs og fiske, eller om vinteren kan du køyre ein halvtime og vere i fantastisk skiterreng. ikkje minst er området rundt lutelandet blitt eit paradis for dei mange kajakkentusiastane. – vi treng alle typar arbeidskraft når vi set i gang. Hovudaktiviteten blir i første omgang demontering og attvinning av oljeinstallasjonar frå både norsk og britisk sektor i nordsjøen, seier Ottesen. – det er svært strenge miljøkrav til denne verksemda, så folk med god kompetanse innan miljøsikring vil vere svært ettertrakta hos oss. For å få gjennomført eit slikt prosjekt effektivt og sikkert både for miljø og tilsette krevst det kompetanse og gode evner til planlegging. det vil vere nøkkelkompetanse for oss. Med dei strenge krav som gjeld til registrering, og sporing av alt som kjem på land vil kvar einaste jobb vere store utfordringar for folk med kompetanse innan logistikk. difor er vi på jakt etter folk med god logistikkkompetanse – Men vi skal ikkje legge skjul på at lutelandet blir ein


Sogn og Fjordane

Lutelandet Offshore aS Med én fot i tradisjonell offshoreindustri og én i fremtiden, fokuserer llOF på inspeksjon, reparasjon og vedlikehold (irM), avvikling av oljerigger og offshore vindmøller. llOF har en liten intern organisasjon, som fungerer i tett samspill med et utstrakt nettverk av leverandører og partnere. vi har knyttet til oss de beste i bransjen, og satser på kompetanse, service og miljøhensyn i alle ledd.

Teknikk og industriell produksjon

Lutelandet Offshore AS

llOF er også et relativt ungt selskap, som kontinuerlig søker nye, solide relasjoner med interessante og passende partnere, leverandører og investorer.

ettertrakta arbeidsplass for alle som elskar store maskinar og dubedittar. – Her skal vi ta på land og handtere deis tørste oljeplattformene heile, og ta oss av dei på ein skikkeleg måte. Til det trengst det mykje gigantisk utstyr. Store kranar, enorme vogner, maskinar som ser ut som monster frå det ytre rom,. alt dette vil vi bruke på lutelandet. Og folk som kan handtere dette vil vi trenge. – Så alle som vil vere med på å bygge og utvikle dette enorme industriområdet og den verksemda som etter kvart kjem på plass der, vil vi ha kontakt med, seier Ottesen

Målet for oss er å skape utvikling i regionen gjennom å etablere arbeidsplassar, seier Ottesen. Dei som vil arbeide på Lutelandet får sjansen til å vere med på å utvikle industri frå botnen av, og dei får vere med på å forme samfunnet rundt. Dersom dei vil.

Kontakt: Tor gjertsen adminisrerande direktør +4793446604 tor@llof.no lutelandet Utvikling aS Stein-arne Ottesen dagleg leiar +4790129440 stein@lutelandet.no

www.llof.no 81


WERGELANDGRUPPA

MANGFALD GJEV VEKST Wergelandgruppa i gulen kommune er eit familieeigd konsern med ein viktig visjon: Skape lønsame arbeidsplassar i distriktet. gjennom 56 år har konsernet ved å bygge stein på stein skapt eit mangfald av aktivitet som gjev økt verdiskaping for samfunnet. Konsernet er lokalisert i gulen, Solund og Kvalsund kommune. i dag har konsernet aktivitet innan betongindustri, industrihavn og miljøservice for offshore avfall. i tillegg driv selskapet med eigedomsutvikling og har rederi med fraktebåtar og kabelferje. Som grunneigar på Sløvåg industriområde i gulen ynskjer vi å bidra til vekst i den industrielle klynga som har utvikla seg her rundt Fensfjorden. Kompetente og engasjerte 82

medarbeidarar i alle ledd er ein viktig faktor for å skape sunn vekst. Konsernet dekker i dag følgande fag: • Skipsfører • Maskinist • Prosessoperatør • el- og automasjon • Kjemiingeniør • regnskap og økonomi • Kran- og maskinfører • Betongfag velkommen! vi tilbyr ein spennande arbeidsplass med ei solid framtid.


Sogn og Fjordane

Wergeland Holding AS er eit konsern med hovudkontor i gulen. dei største selskapa i konsernet er Wergeland aS, Wergeland-Halsvik aS, repparfjord eiendom aS (i Finnmark).

Teknikk og industriell produksjon

Wergeland konsernet er aktiv deleigar i fleire selskap deriblant Solund verft aS, vMS Safeport aS, grieg Wergeland Market aS, Finnmark gjenvinning aS, SF gass aS og Sløvåg næringsbygg aS. Konsernet er med sine 70 tilsette det største industriselskapet i gulen.

Wergelandgruppa

Konsernet har stor variasjon i aktivitetar, dei kan i hovudsak delast i tre greiner: • Betong • Offshore avfall • Maritime aktivitetar

Kontakt: Wergeland Holding aS gulafjordvegen 75 5960 dalsøyra (+47) 57 78 18 00 e-mail@wergeland.com

www.wergeland.com 83


nHO Ung

KVIFOR SKAL VI TILSETJE DEG? Kanskje får du spørsmålet i morgon, eller kanskje om nokre år. Kva slags person du blir, avgjerast av kva du lærer og vala du tek kvar dag. NHO UNG gjennom nHO Ung blir du betre førebudd på kva som ventar deg vidare framover i utdanning og jobb. du får òg tips til korleis du får meir ut av skuleåra. vi tilbyr mellom anna: • nettstaden nhoung.no • Besøkssenter • Partnarskapsavtalar mellom skular og verksemder NHO UNG PÅ NETT – www.nhoung.no • næringsliv for unge • Tips om kurs, utvekslingsprogram, arrangement og konkurransar • Korleis er det å arbeide? Møt tilsette i verksemder • Forstå meir om praktisk nytte av det du lærer i skulen • Sjå nye sjansar rundt deg som inspirerer til eigen karriere NHO BESØKSSENTER nHO Besøkssenter i Oslo er eit multimedierom der du lærer om næringslivet. gjennom eit interaktivt spel konkurrerer 84

du om å skape flest verdiar for eit selskap. etterpå får du fordele desse verdiane til ulike velferdsgode. Kanskje oppdagar du nokre nye samanhengar? 3500 elevar frå heile noreg har vitja oss fyrste året, og tilbakemeldingane er positive. det er mogleg å søkje om reisestøtte. Tips læraren din om nHO Besøkssenter neste gong det er snakk om oslotur. ”Veldig bra! Spelet gjorde at vi lærte mykje vi ikkje visste frå før av. Eg er veldig glad for at eg blei med hit. Eg blei meir nyfiken på kva eg skulle gjere vidare, og på korleis eg skal gå fram.” elev, 16 år. – nhoung.no/besokssenter NHO NÆRINGSLIV I SKULEN Skulen din har eller kan få partnarskapsavtalar med ulike verksemder. dette kan til dømes gje deg og klassen: • Førelesarar frå verksemder • Bedriftsbesøk • Hospitering i føretak • Testing av yrke • deltaking i prosjektarbeid For meir informasjon: Næringsliv i skulen: nhoung.no/nis


lEvE, BU OG ARBEIDE

lEvE, BU OG ARBEIDE

– Val av bustad anten det dreier seg om å bli verande på ein stad eller flytte frå éin stad til ein annan, inneber det at ein må ta stilling til ei rekkje faktorar som blant anna yrkes- og utdanningsalternativ, livskvalitet, velferdstilbod og trygge oppvekstvilkår. Mange forhold speler inn, og ein har ofte fleire spørsmål. er forholda gode for å etablere seg med bustad og familie? Tilfredsstiller kulturtilbodet i kommunen krava dine? Kva kan regionen tilby deg? Muligheter© presenterer mange livskraftige lokalsamfunn, og når du endeleg er klar for din fyrste jobb, anten som fagutdanna eller trainee eller i eit anna arbeidsforhold, skal du også vurdere kvar du vil etablere deg. vi presenterer fleire fylke og kommunar som gjerne svarer på desse spørsmåla og ynskjer deg velkomen med eit smil! les vidare for å finne den neste heimstaden din. lukke til!

www.nhoung.no - www.sfj.no - www.nav.no - www.framtidsfylket.no www.nordfjordvekst.no

85


nav

EIT MANGFALD AV JOBBAR den økonomiske situasjonen i europa er dramatisk og utfordringane vert krevjande mange år fram i tid. det er særleg trist å sjå at korleis dette rammar dei unge. Sjølv godt utdanna unge har sjanse til å få seg arbeid som er relevant i høve til utdanninga. Fleire og fleire vender blikket ut over landgrensene td. norge i håp om å kunne finne arbeid her. Så langt har arbeidsmarknaden i norge og Sogn og Fjordane merka lite til dette. arbeidsløysa er framleis låg og tilgangen på nye jobbar både i privat og offentleg er god. Om dette vil vare ved er slett ikkje sikkert. eksportnæringane våre og jobbane der er avhengige av dei store landa i europa kjøper både ferdigprodukt og råvarer frå oss. ein slik nedgang kan til ein viss grad bli kompensert av svært gode tider innan oljerealtert verksemd, særleg på vestlandskysten dei komande åra. MANGE SPENNANDE JOBBAR INNAN DET OFFENTLEGE i kommunen, fylkeskommunen eller stat finn du eit stort mangfald av jobbar over heile fylket. Med fagutdanninga på plass innan helse og omsorg kan du stort sett velje og vrake i jobbar over heile fylket. Behovet framover vil vere

86

stort så du gjer eit veldig trygt val for framtida og løna er slett ikkje dårleg. Undervisning og barne- og ungdomsarbeid har også mange sysselsette og du har stor sjanse til å finne ein jobb der du vil bu. VAREHANDEL OG TEKNISK TENESTEYTING dette er områda med størst vekst i sysselsettinga siste året. Her finn du svært mange ulike jobbar frå butikkarbeid til ingeniør- og iKT rådgjeving. Svært mykje tyder på at denne veksten vil halde fram. i Sogn og Fjordane er det underdekning på mange ulike tekniske tenester så har er det også marknad for nye bedrifter om du har lyst til det. Fleire ulike bransjar i fylket har store problem med å rekruttere ingeniørkompetanse i konkurranse med dei store byane så her vil du har gode sjansar til spennande jobbar. INDUSTRI, BYGG OG ANLEGG Sogn og Fjordanehar ein høvesvis stor del sysselsette innan desse bransjane. dersom du har fagbrevet i handa finns det mykje å velje i. desse næringane har dei siste åra tilsette mange nye medarbeidarar frå andre land så her vil du møte mange ulike nasjonalitetar.


Sogn og Fjordane

NAV tydar noko for dei fleste innbyggjarane i noreg. Heile 2,8 millionar menneske mottar tenestar frå nav, som forvaltar ein tredjedel av statsbudsjettet på fellesskåpet sine vegne. nav utførar ein av dei viktegaste jobbene i det norske samfunnet. Mange menneske i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet på grunn av sjukdom, uføre eller fordi dei treng ekstra hjelp for å fungere i arbeidslivet. gjennom vår innsats skal fleire få moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt. vi ser etter deg med pågangsmot, engasjement, og som ønskjer å gjøre en forskjell.

REISELIV OG TRANSPORT Fylket er kjent for ein profesjonell reiselivsbransje som kan spele på mange ulike attraksjonar. er du utadvendt og kan eit språk eller to ekstra vil du finne arbeid i ein internasjonal bransje med godt vekstpotensiale. Her er det også mange som har utvikla sine eine bedrifter inn mot ulike slag opplevingsturisme. Her er mulegheitene mange for deg som er glad i menneskjer og frisk luft!

Leve, bu og arbeide

NAV

Fullfør utdanninga! Felles for dei fleste utlyste stillingane på www.nav.no, er at dei krev ein eller annan form for kompetanse. det er ikkje mange jobbar for deg som ikkje har fullført utdanninga di. nav er forsiktig med å rå ungdom til å ta ein spesiell utdanning for å få jobb. det vil variere mykje frå år til år kva yrkesgrupper det er størst etterspurnad etter, men ein ting veit vi: den som har utdanning stiller sterkare! difor rår vi deg som er ung til å velje ei utdanning som interesserar deg, og ikkje minst: Fullfør utdanninga du har begynt på!

GRÜNDER I MAGEN? Har du ein ide? vil du starte for deg sjølv og lage din eigen arbeidsplass? Mange unge har gjort det i Sogn og Fjordane og lukkast. det finns mange gode støtteordningar og gode støttespelarar, men det viktigaste er sjølvsagt deg sjølv og din forretningside. gründarar som lukkast fortel at det er lettare å få merksemd og hjelp her enn i den store byen! På www.nav.no finnn du ein oppdatert oversikt over ledige jobbar i fylket. i juli kom det inn 337 nye jobbar i alle kategoriar. Men husk at det i tillegg er mange jobbar der ute som ikkje vert lyst ut offentleg og det er difor lurt å ta personleg kontakt med arbeidsplassar du er særleg interessert i.

Kontakt: Sognefjordvn 56 6863 leikanger (+47) 55 55 33 33 nav.sognogfjordane@nav.no

www.nav.no 87


SOgn Og FjOrdane FYlKeSKOMMUne

UTDANNINGSTILBUD I FYLKET vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne er det største tenesteområdet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylket har 14 vidaregåande skular med plass til vel 4500 elevar. dei fleste skulane gir tilbod innanfor både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

88

Fylkeskommunen har også ansvaret for at over 900 lærlingar og lærekandidatar får vidaregåande opplæring i bedrift. i tillegg gir Fagskulen i Sogn og Fjordane undervisningstilbod til over 150 studentar innan tekniske og maritime fag. Opplæringsavdelinga med sine 36 tilsette har det administrative ansvaret for at ungdom og vaksne får ei


Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein samarbeidsorganisasjon for løysing av offentlege saker. Hovudansvarsområda er opplæring, tannhelse, samferdsle, kultur, næringsutvikling, fylkesvegar, energipolitikk og planlegging. Mange av oppgåvene blir gjennomførte gjennom lover og reguleringer, som staten har pålagd fylkeskommunen. i tillegg tek fylkeskommunen på seg andre viktige oppgåver, som ikkje er pålagde ved lov eller regulerte av andre offentlege etatar.

Leve, bu og arbeide

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen er òg med som ein regional utviklar. dette er ein funksjon der oppgåva framleis er under utvikling. i tillegg er fylkeskommunen ein viktig tilbydar av tenester som alle, på ein dagleg basis, har behov for. Som tenesteytar, er fylkeskommunen ei stor verksemd som årleg forvaltar 1,2 milliardar kroner og har meir enn 1300 tilsette. det tilsvarer 1100 årsverk. Fylkeskommunen er det øvste politiske nivået i Sogn og Fjordane, styrt av folk i fylket gjennom dei politiske organa. Fylkeskommunen er såleis eit verkty både for folket i Sogn og Fjordane og for Stortinget og regjeringa.

kvalitativt god vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, fag-/sveinebrev eller annan kompetanse. avdelinga er organisert med ein administrativ stab i tillegg til fire fagteam; inntak og formidling, Fagog vaksenopplæring, Kvalitet og utvikling og eksamen og dokumentasjon. Vil du vite meir om oss og opplæringskontora? Gå inn på våre nettsider eller www.vilbli.no

Kontakt: Fylkeshuset, askedalen 2, 6863 leikanger (+47) 57 65 61 00 postmottak.sentraladm@sfj.no

www.sfj.no 89


Foto: Thomas Bickhardt, BickFoto.no

FraMTidSFYlKeT

MED VERDA FOR DINE FØTER Framtidsfylket Trainee kan tilby deg ein spanande jobb med eit nettverk av kompetanseverksemder. i tillegg til å oppnå fagleg og personleg utvikling, vil du få innsyn i eit mangfaldig næringsliv i eit fylke i vekst. Marie Berge Sjølingstad (24) har ein bachelor i økonomi og administrasjon og er nettopp ferdig med eit år som trainee i stillinga som finance controller (prosjektøkonom) ved Havyard Ship Technology i leirvik. via Framtidsfylket Karrieremesse i Bergen fekk ho vite om moglegheitane til å vere trainee i Framtidsfylket si traineeordning. etter å ha arbeidd i eit vikariat i verksemda, blei ho tilbudt ei ny stilling gjennom traineeordninga. BETRE RUSTA – eg fekk ein mentor i bedrift som òg var min næraste overordna. Samarbeidet oss i mellom fungerte veldig bra, og eg fekk god støtte gjennom heile traineeperioden. etter endt traineeperiode har ho no fast jobb i same stilling i selskapet. Marie har ansvaret for å følgje opp den økonomiske situasjonen på eit bygg. ein gong i månaden rapporterar ho dette til prosjektleiinga. – eg føler traineeordninga har gjeve meg ein unik moglegheit til å bli kjend med verksemda, samt setje meg inn 90

i stillinga som prosjektøkonom. eg har til dømes fått større innsikt i kor viktig det er å ha eit godt samarbeid mellom dei ulika avdelingane for at verksemda skal fungere. Marie synes det er flott å vere så nær fjell og sjø som ho er i Hyllestad. Ho trives godt i jobben ho har, og er stolt av å kunne sjå at det blir eit ferdig produkt til slutt: ein båt som er klar for sjøen. det er eit fint arbeidsmiljø, og ikkje minst er det ein spanande bransje å arbeide i. det same synest Signe rauboti (29) som nett er ferdig som trainee hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Med ein master i rettsvitskap har ho gode kunnskapar om lov og rett. gjennom godt nøgde vener høyrde ho om sjansane til å vere trainee via Framtidsfylket. SÆRS LÆRERIKT – eg har lært utruleg mykje. Som trainee har eg vore innom fleire av Fylkesmannen sine arbeidsområde: som helse-, sosial- og justis, landbruk, miljøvern, utdanning og beredskap. – eg har fått høve til å velje dei rettsområda som interesserar meg mest. no arbeider ho for det meste med plan- og bygningsrett innanfor justisseksjonen. Om nokon klagar på eit plan- og bygningsvedtak i kommunen, er Fylkesmannen klageinstans.


Sogn og Fjordane

Leve, bu og arbeide

Framtidsfylket er næringslivet og det offentlige si merkevare for jobb og rekruttering i Sogn og Fjordane. Tilbyr verktøy for dette gjennom jobbportalen www.framtidsfylket.no, Framtidsfylket Karrieremesser og programmet Framtidsfylket Trainee. å vere Framtidsfylket Trainee er ein eineståande sjanse til å få ein kickstart på ei spanande karriere i Sogn og Fjordane – og på same tid få full løn og ein mentor som gjev rettleiing undervegs. Traineane har eit godt sosialt miljø og samlast fleire gonger i året til samlingar som legg vekt på personleg og fagleg utvikling. dei blir kjende med fylket, og reiser i tillegg på ein utanlandstur saman.

Foto: Thomas Bickhardt, BickFoto.no

dagleg tolkar og brukar ho lova i vedtak, samt svarer på spørsmål frå kommunar og privatpersonar.

les meir om Framtidsfylket og traineeprogrammet på våre nettsider.

Basert på hennar eigne erfaringar frå traineeperioden tilrår Signe andre å gjere det same valet. Traineesamlingane var til stor støtte for Signe, og der kunne ho snakke med andre som var nyutdanna og ferske i arbeidslivet.

Karriere i Sogn og Fjordane På jakt etter (ny) jobb? det er lurt å vere synleg – registrer deg gratis på heimesidene våre og gjer kompetansen din tilgjengeleg for arbeidsgjevarar som nyttar Framtidsfylket til rekruttering. dermed får du tips om stillingar som passar for deg.

en Foto: Oskar Anders

– På arbeidsplassen har eg fått fleire gode tips av andre som har delt sine erfaringar med meg. dei er opptekne av at eg skal lære, og eg har fått rom til å velje kva eg vil arbeide med.

Eg har lært utruleg mykje. Som trainee har eg vore innom fleire av Fylkesmannen sine arbeidsområde: som helse-, sosial- og justis, landbruk, miljøvern, utdanning og beredskap.

Karriere

Foto: thomas@bickfoto.no Utforming: www.inform-media.no

Marie og Signe er veldig fornøgde med traineeordninga. Foto: Thomas Bickhardt, BickFoto.no

det er vanlegvis 15-20 bedrifter som kring kvart årsskifte lyser ut ei mengd spennande traineestillingar, innan t.d. programmering, jus, media, finans, administrasjon, kultur, energi, miljø og reiseliv. Søkjarane må ha ei bacheloreller masterutdanning, vere under 35 år og ha maksimalt tre års arbeidserfaring frå før.

Framtidsfylket

www.framtidsfylket.no

i Sogn og Fjordane På jakt etter (ny) jobb?

91


Nordfjord er ein av regionane i Noreg med det største vekstpotensialet, og dette vil gje deg som framtidig arbeidstakar enorme moglegheiter til å realisere draumejobben din. Nordfjord Vekst er næringsorganet for kommunane Eid, Vågsøy og Selje som verkeleg skal vere med på å løfte regionen fram!

Ekte verdiar gjev store moglegheiter Tenk deg ein region som fløymer over av naturressur naturressursar innan fiskeri og landbruk, som har utømmelege, fornybare energiressursar, som har stolte tradisjonar innan mekanisk industri, som har eit unikt kulturliv, som har attraksjonar i verdsklasse frå hav til fjord og fjell og som har rask utvikling av innovative teknolo teknologibedrifter. Då har du ein liten smakebit av alt det Nordfjord har å tilby – ekte, handfaste verdiar vi saman kan byggje framtida vår på!

Design: www.osberget.no

Best på gründerbedrifter Godt plassert på det ein kallar ”Gullkysten” av Noreg, er det nettopp i Nordfjord-regionen at mange av dei mest spennande arbeidsplassane vil verte skapte i framtida. Og dersom du ikkje vil vere arbeidstakar, er det ingen andre stader i Noreg der støtteapparatet for gründarar og nyetablerarar er betre. Regionen ligg allereie heilt i toppskiktet når det gjeld talet på gründerverksemder.

Allereie i landstoppen Framtidsutsiktene er altså svært lyse for Nordfjord, men allereie i dag hevdar bedriftene seg i regionen heilt i toppklassen. Det gjeld både innan IKT, industriell produksjon, fornybar energi, mekanisk industri, fiskeri og oppdrett, landbruk, reiseliv og diverse typar serviceverksemder. Vurder ei karriere hos oss! Vi vil difor tilrå deg å ta ein kikk på moglegheitene i Nordfjord når du skal velje deg eit fremtidig yrke. Både rådgjevaren din eller Nordfjord Vekst kan direkte hjelpe deg med å orientere deg, og bedriftene våre står som regel alltid klare til å ta imot deg for å gje deg informasjon. Start framtida di med ein tur innom www.nordfjordvekst.no – velkommen til Nordfjord!


NORDFJORD

NORDFJORD VEKST AS Gate 1, nr. 119 6700 Måløy Tlf: 57 85 51 00

NORDFJORD

www.nordfjordvekst.no


alle Har reTT

TIL RÅDGIVNING Opplæringslova seier mellom anna i paragraf 22-3 at kvar einskild elev har rett til rådgjeving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. ein av dei beste eigenskapane til denne boka er at ho kan og bør nyttast som eit hjelpemiddel i faga utdanningsval på ungdomsskulen og prosjekt til fordjuping i yrkesfagleg opplæring på vidaregåande. På denne måten vil elevane kunne dra fordel av all nyttig informasjon i boka og førebu seg best mogleg før dei skal ta vala sine. Ungdomskuleelevane står i 10. klasse framfor sitt fyrste viktige val i utdannings- og yrkeskarrieren sin. Utdanningsval er eit nytt fag i ungdomsskulen og er innført som ein del av satsinga på betre yrkes- og utdanningsrettleiing i skulen. Faget skal difor bidra til at elevane er godt førebudde til å gjere eit val basert på både eigne interesser og dugleikar, samt kunnskap om utdanning, yrke og arbeidslivet generelt. i samband med utdanningsval skal elevane fordjupe seg i to valde utdanningsprogram. den eine fordjupinga skjer i form av to dagar på ein vidaregåande skule innanfor

94

det utdanningsprogrammet elevane har valt, den andre omfattar tre dagar i ei verksemd i ei ”stilling” knytt til det same utdanningsprogrammet. elevane skal ha to fordjupingsperiodar – éin våren i 9. klasse og éin hausten i 10. klasse. Prosjekt til fordjuping er eit obligatorisk fag i yrkesfagleg opplæring, og utgjer ein vesentleg del av fag- og yrkesopplæringa. Faget skal gje elevar som har valt yrkesfag høvet til å prøve ut aktuelle lærefag i dei ulike utdanningsprogramma. elevane får erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som pregar dei ulike yrka innanfor deira val. Elevar og lærarar kan lese meir om faga og laste ned læreplanar og vurderingsskjema på: www.muligheter.no


ElEvOPPGÅvER

ElEvOPPGÅvER

– Framtida ventar det er slett ikkje lett å bestemme seg for kva ein vil bli og vere nøgd resten av livet. Somme utdanningar og yrke fristar meir enn andre, men har du det som trengst for å lukkast? er bransjen like attraktiv i åra som kjem? er det lett å få seg jobb etter utdanninga? Slike spørsmål kan ein få svar på dersom ein bruker tid på elevoppgåvene i boka og løyser dei saman med foreldre, lærar eller kanskje venegjengen din. lukke til! ved å løyse oppgåvene i Muligheter finn du ut kor mykje du veit om utdanning, yrke og bransjar, slik at du er godt førebudd når vala skal takast. les meir på www.muligheter.no ”Før du tek til å arbeide, spør alltid deg sjølv tre spørsmål – Kvifor gjer eg det? Korleis vil resultata bli? Vil eg gjere suksess? Berre når du tenkjer djupt og finn tilfredsstillande svar på desse spørsmåla, bør du starte arbeidet” Chanakya 350 – 283 f.Kr

DETTE BØR DU VITE OM UTDANNINGSVALET For elevar – læreplanmål: Gå til www.muligheter.no Vel: elevoppgåver For lærarar – kompetansemål: Gå til www.muligheter.no Vel: utdanning –> For lærere

95


Er du klar for en fremtid i næringslivet? Visste du at markedsføring, økonomi og ledelse er grunnelementene i all slags "business"? Markedsføring handler om å tjene penger gjennom å skaffe kunder og beholde dem. Økonomene skal sørge for at bedriften er lønnsom. God ledelse er viktig for at menneskene i bedriften skal kunne gjøre jobben sin best mulig. På BI forbereder vi deg for det som venter! Bachelorstudier innen markedsføring • Markedsføring • Markedskommunikasjon • Internasjonal markedsføring • PR- og kommunikasjonsledelse • Kultur og ledelse • Varehandelsledelse «Studiet gir mange jobbmuligheter. Det er trygt å vite at ni av ti BI-studenter går ut i jobb etter seks måneder» Henriette Herheim

Bachelorstudier innen økonomi • Økonomi og ledelse/ siviløkonom • Økonomi og administrasjon • Finans • Økonomi og forretningsjus • Revisjon

Andre bachelorstudier • Eiendomsmegling • Entreprenørskap • Bachelor of Business Administration • Bachelor in Shipping Management

«BI er tett knyttet til næringslivet. Det er en viktig og inspirerende del av å være student ved BI» Christoffer Sapienza

«I forelesningene tilegner man seg mye relevant informasjon som ikke er like lett å lese seg til på egenhånd» Øystein Opheim

Våre studiesteder finner du i Bergen, Drammen, Kristiansand, Oslo, Stavanger og Trondheim. Les mer på www.bi.no Tlf. 810 00 500, studier@bi.no

TYNGDEN DU TRENGER

Muligheter i Sogn og Fjordane 2012/2013  

Utdanning i Sogn og Fjordane

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you