V AREHUSET
V AREHUSET Av PETRUS DA HLIN Illustrert av JOH A NNA KRISTI A NSSON Frå svensk ved ØYSTEIN ROSSE
SV N A E EIG Å P S LE Samlaget oslo 2017
AR!
Det er tidleg på morgonen. Ester bur like ved skulen og får gå dit aleine. Ho stoppar utanfor det store varehuset. For der heng det ein ny kjole som ho ikkje har sett før.
6
Ho kjenner det i heile kroppen at ho vil ha den kjolen. Men det er eit problem. Han er veldig dyr.
7
Men tenk sĂĽ fin ho ville blitt. Ester ville ha sett ut slik mamma gjorde pĂĽ eit bilete frĂĽ den gongen ho var lita.
8
Ester stiller seg på tå framfor utstillingsvindauget. Ho kan nesten sjå seg sjølv i kjolen. Oi, klokka er mykje. Eg får skunde meg så eg ikkje kjem for seint på skulen, tenkjer Ester.
9
Heile dagen sit Ester og drøymer om kjolen.
10
Etter skulen har Ester og venene hennar fotballtrening. Etterpå får dei gå heim aleine. På vegen går dei forbi utstillingsvindauget. «Sjå, for ein fin kjole!» seier Ester. Venene er einige.
11
«Skal vi gå inn og sjå?» spør Ester. «Vi må heim og ete», svarer venene. «OK», svarer Ester skuffa. «Ser dykk på skulen i morgon.»
Ester blir ståande litt. Så ser ho på klokka. Kanskje ho rekk å prøve kjolen før varehuset stengjer?
NYH
! EIT
13
Ester spring inn. Først leitar ho i barneavdelinga. Men der er han ikkje. Sü gür ho bort til vaksenavdelinga. Der finn ho til slutt kjolen.
14
Han er akkurat like fin som i utstillingsvindauget. Men kor er prøverommet? Ester fyk rundt. Ho må rekke å prøve kjolen før dei stengjer. Til slutt finn Ester det og smett inn.
15
Leseland. Nivå 3. Av Petrus Dahlin og Johanna Kristiansson (ill.). Omsett av Øystein Rosse.
Published on Jul 5, 2017
Leseland. Nivå 3. Av Petrus Dahlin og Johanna Kristiansson (ill.). Omsett av Øystein Rosse.