Utfor ferdig.qxd:P책 flukt
16-08-11
11:15
Side 3
Sunniva Relling Berg
UTFOR Roman
Samlaget Oslo 2011
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 4
© Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no omslag: Trine + Kim designstudio førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond og Meta Plus papir: 90 g Munken Print Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7902-6
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 5
Innhald Krefter 7 Bråsvingen 16 Fisk på land 24 Pernille Kvist 32 Niande klasse 39 Månesjuke 48 Grå natt 58 DHMO 69 Cola i glasflasker 77 Blått lyssveip 89 Klorvatn 96 Dame i heis 105 Storm 110 Sentripetalakselerasjon 117 Eksponential 128 Relativitetsteori 139 Akebakken 150 Draum 159 Bratt 167 Vassdrukken 171 Julenissen 179 Forsvinning 188 Historier 195 Byrjinga 201
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 7
Krefter Det var som om heile havet landa på frontruta. Vindaugsviskarane kvein mot glaset. Dei gjekk raskt, veiva som tynne armar. Mamma stira ut vindauget, den stipla lina, det vesle stykket frontlyktene rådde over. Pappa plystra lågt. Eg kikka ut sidevindauget. Store kablar strekte seg mot himmelen. Eg klarte ikkje å sjå kvar dei var festa, desse ståltarmane som heldt brua og oss oppe. «Du veit det går an å rekne ut kva for krefter kablane tar?» spurde pappa. Han kasta eit blikk bak på meg. Mamma snudde seg og smilte medan ho rista på hovudet. Ho hadde håret i hestehale, det hadde ho berre når det var ekstra feitt. Kinna hennar var raudflekka. «I morgon kan eg vise deg. Vi kan gjere nokre overslag. Kor lang trur du brua er?» spurde pappa. «Så lenge brua held oss oppe, er alt bra,» sa mamma. «Har eg vist dykk filmen om brua som bølgjar og rasar saman på grunn av resonans? Det –» Eg slutta å høyre etter kva pappa sa, la handa mot vindauget og kjende kulda i huda: som om handa blei våt av regnet. Vi køyrde av brua. Det blenkte i mørke bølgjer, berre nokre meter frå vegen. Bilhjula knasa mot grus. No var vi der. Her. Ytsteøya, ytst mot havet. Ei veke 7
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 8
att, så byrja eg i niande. I det siste hadde mamma gjentatt «ny skule, nye moglegheiter» som eit mantra, som om flyttinga ville bli ei løysing. Men du finn ikkje løysinga på eit mattestykke berre fordi du forandrar premissane. Magen min knytte seg. Mamma visste berre halvparten av det som hadde skjedd, kanskje mindre. Brått ropte ho: «Jens!» Eg blei slengt inn i førarsetet. Gjennom frontruta kunne eg sjå ein gut med hendene mot panseret. Auga var vidopne. Omrisset av andletet var ujamt av regndråpane. Håret var stort og svart. Vindaugsviskarane gjekk over glaset. Guten trekte hendene til seg og hoppa ut i vegkanten. Buskaset slukte han. Pappa kom seg ut av bilen. «Gjekk det bra?» ropte han. Vinden strauk buskane ned mot bakken. Guten var ikkje å sjå. Pappa ropte ein gong til før han sette seg inn. Han knytte hendene rundt rattet. «Heldigvis klarte eg å stoppe i tide,» sa han. «For eit guffent vêr å vere ute i,» mumla eg. «Det var Jonas, du hugsar eg fortalde om han som har hjelpt oss med å bere inn kassene? Han budde i huset saman med foreldra sine før dei selte det til oss,» sa mamma. Pappa sette bilen i gir og køyrde vidare. Eg såg mot hekken guten måtte ha komme ut frå, og kvapp då eg la merke til skuggen av nokon som bevega seg bakom. Skuggen sprang på andre sida av hekken fram til ein port. Då såg eg at det var ein lyshåra gut som stira etter oss. Han var høg, brei over skuldrene. Det måtte ha vore ein grunn til at Jonas sprang ut frå hekken. Prøvde han å springe frå den lyshåra guten? 8
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 9
«Jonas og bestemora hans er dei næraste naboane våre,» sa mamma. «Kven var han andre?» spurde eg. «Kven?» «Han som såg så stygt etter oss, som stod der hekken slutta.» «Stygt?» Mamma lo. Ho sa ho ikkje hadde sett han, peika mot ein liten, grå bygning. Vindauga var mørke, men over ei dør lyste eit gult skilt. Utafor var det to bensinpumper. «Butikken er ikkje stor, men han har akkurat det du treng,» sa mamma. «No er vi der snart.» Pappa køyrde roleg i dei krappe svingane oppover. På høgre side gjekk det bratt ned mot havet. Vindaugsviskarane skrapa. Eg fekk frysningar, lukka auga og ønskte vi berre sklei ned bakken, at det ikkje var mogleg å komme opp, at vi måtte dra tilbake til byen. «Sjå, Lea,» sa pappa, «huset vårt.» Han sa det så mjukt og varmt. Eg svelgde. Pappa stoppa bilen, og begge smilte bak til meg. Motoren stilna. Regnet knatra mot taket. Eg anstrengde auga for å sjå. Fremst var det tre høge, mørke tre. Kanskje såg eg noko kvitt mellom dei, noko som kunne vere eit hus. «Det er så mørkt, og det regnar så mykje. Eg ser ikkje noko,» sa eg. Mamma og pappa gjekk ut. Eg skulle ha vore meir entusiastisk. Mamma og pappa hadde brukt fleire veker på å ordne alt i huset til vi kunne flytte inn. Men dei hadde tatt meg bort frå alt eg kjende, utan å snakke med meg om det. Dei var så overtydde om 9
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 10
at dei gjorde det som ville vere best for meg. Pappa opna døra mi. Eg stakk føtene ut av bilen. «Rommet ditt er stort. Du kjem til å bli glad i huset,» sa han. Eg klarte ikkje å bevege ein muskel i andletet, eg nikka berre. Han gav meg ei hand, drog meg opp og klemde meg inntil seg. Ein lang, bratt sti gjekk opp til det kvite mellom trea. For bratt, tenkte eg, eg vil ikkje klare heile vegen. Beina ville svikte. Det ville ikkje gå. Men det gjekk. Sjølvsagt gjekk det. Eg sette eitt bein framfor det andre. Lufta var våt og tung. Vinden jobba mot meg. Bakken var glatt. Døra blå, med eit rundt vindauge. Innafor ei lukt som ikkje var oss, eit framandt hus, lukt av salt og treverk. Pappa viste meg kjøkkenet, stova, opp ei trapp, rommet mitt. Det knirka i trappa, i parketten. Det store klesskapet mitt stod der inne, senga mi òg, pulten stod under eit breitt vindauge. Tre brune pappesker og plankebitar som eg visste var bokhylla mi. Eg prøvde å smile til pappa og såg på klokka. Halv tolv. «Eg er berre trøytt,» sa eg. «Du får masse tid til å utforske huset seinare,» sa pappa. Etter at eg hadde vore på badet, dytta eg ei av pappeskene bort til senga, la frå meg brillene der og kraup under dyna. Dyna var den same som eg hadde hatt i byen. Eg kunne kjenne lukta av gamlerommet frå det raudgule dynetrekket. Eg klemde auga att, men klarte ikkje å sjå for meg anna enn tomme, kvite veggar og store, lyse golv som vi hadde etterlate. Mamma banka på og kom inn. 10
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 11
«Er ikkje huset fint?» «Ja,» sa eg. «Du skal sjå du får mange venner,» sa ho. «Ja,» sa eg. Ho strauk meg over panna. Handa hennar var klam og lukta regn. Eg lukka auga og venta på at ho skulle gå. Dyna var tung. Låg over kroppen min som ein svær sekk med stein. Det var vanskeleg å få trekt pusten skikkeleg. Mamma tok til seg handa. Stega hennar fekk golvet til å stønne. Døra klikka igjen, og mamma gjekk i trappa. Eg høyrde pappa komme inn hovuddøra. Mamma spurde om det var meir som skulle berast inn. Etter kvart stilna huset. Berre ei svak tapping av regn mot vindauget. Eg tok opp brillene, lista meg ut på golvet, bort til pulten og gardinene. Stoffet hadde ei ru overflate, tungt å snike seg innunder. Natta hadde lysna. Det regna framleis, men dei mørkaste, største skyene hadde skilt lag og blitt små, grå skyer. Hundre meter unna låg eit blågrått hus. Det var vridd i forhold til dette huset. Eg såg to sider av det. På sida som vende mot havet, var det eit stort vindauge og ein platting utafor. Inngangsdøra var på andre sida, og i etasjen over eit smalt vindauge. Plutseleg kom det eit lysglimt frå vindauget. Eg blunka og stira. Endå eit. Eg tok tak i vindaugskarmen for å dytte meg ut mellom gardinene og kom borti noko. Eit papir var bretta saman til ein liten firkant og kilt inn mellom vindaugskarmen og vindauget. Eg tok det opp. Lommelykta i det øvste vindauget blei slått på att, lyssirkelen løfta opp og ned. Eg kom meg fri frå gardinene og passa på at dei dekte heile vindauget. Med ryggen hardt inntil veggen pirka eg 11
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 12
opp det samanbretta arket. Uhygga banka gjennom meg. Eg myste og las i mørket. «VELKOMEN» stod det med store, ujamne bokstavar. «No er rommet mitt blitt ditt. Ser du lyset? Helsing Jonas.» Raskt bretta eg arket saman, la det på pulten. Eg opna klesskapet mitt, drog dyna med meg inn og lukka døra. Eigentleg hadde eg bestemt meg for å ikkje sitte i klesskapet meir, men eg trong det vesle rommet. Det lukka seg om meg i ei kantete omfamning. Berre første natta, berre for å komme gjennom første natta. Eg vakna av at mamma gjekk i trappa. Eg tippa det var ho, for pappa subba alltid om morgonen, i tøflane sine. Eg kravla meg ut av skapet. Etter å ha tråkka inn i ein shorts og funne ei ny T-skjorte drog eg frå gardinene. Det var grått ute. Eg opna vindauget. Noko rørde seg i buskaset mellom vår hage og det blågrå huset. Ein tynn, mørkhåra gut bykste opp den vesle skråninga. Guten stoppa og myste mot det skarpe, grå lyset frå himmelen. Eg stod heilt stille og stolte på at mørket gøymde meg. Han spratt rundt hushjørnet. Huda mi nuppa seg. Eg fann ein collegegenser og trekte han over hovudet. «Hei Jonas! Du skremde oss då du sprang ut i vegen i går, men det gjekk bra?» høyrde eg mamma seie. «Sjølvsagt, klart det.» Ei framand stemme, som om han ikkje ville snakke meir om det. «Du startar dagen tidleg,» sa pappa. «Treng de hjelp med noko?» Stemma var lys, med ein dialekt som fekk orda til å gli inn i kvarandre. «Vi kan ikkje måle no når det er så fuktig i vêret,» sa pappa før han ropte opp til meg: «Lea! Er du vaken?» 12
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 13
Eg kom ut frå rommet og gjekk sakte ned trappa. Trappetrinna gav etter under meg. Ein augeblink tenkte eg at materiala i huset ikkje heldt mål, at det ville klappe saman over oss i løpet av dagen. Pappa blunka til meg. «Kanskje Jonas vil vise deg øya,» sa han. «Det vil eg,» sa Jonas, andletet sprakk opp i eit stort glis, og han vinka med ein tynn arm. Han hadde store framtenner, den eine halvt over den andre. «Hei,» sa han. «Hei,» sa eg. «Eg skal berre ete ei brødskive først.» Eg gjekk inn på kjøkkenet, skar av ei skive og smurde syltetøy på. Jonas snakka med pappa om kva meir som måtte gjerast i huset. Eg svelgde siste brødbiten og kom ut att i stova. Jonas verka irriterande veslevaksen, stod med breie bein og nikka alvorleg til det pappa sa. «Sykkelen din står i garasjen,» sa pappa og ønskte oss god tur. Vi gjekk ned stien, berre Jonas og eg. «Lea, du skulle byrje i niande, skulle du ikkje? Eg skal byrje i åttande,» sa han. Eg nikka og prøvde å få opp garasjeporten. Det hjelpte ikkje å dra i metallhandtaket, ikkje å vri det heller. «Eg kan gjere det,» sa Jonas og trykte inn handtaket før han vrei det om og drog porten opp. Eg blei varm i kinna. Sykkelen stod like innafor, og eg drog han ut. «Du har ein fin sykkel,» sa han. Eigentleg ein altfor bra sykkel. Eg trong ikkje alle gira. Førre gong eg fekk ny sykkel, var då eg gjekk i fjerde. Den gongen sa pappa: «Dette er ein megabra sykkel, nei, vent, giga-terabra, og då veit du at han er litt av ein sykkel.» På første vårdagen sykla eg til skulen. Fleire 13
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 14
av gutane stira beundrande på sykkelen. Så tok dei han frå meg. Fem stykk prøvde å sette seg på samtidig: to på bagasjebrettet, ein på setet, ein på ramma og ein på styret. Felgane bøygde seg av vekta. Begge hjula måtte skiftast ut. Mamma kunne ikkje forstå kven som ville øydelegge sykkelen min, og pappa såg lei seg ut. Han fiksa sykkelen raskt, men eg ville ikkje sykle til skulen meir. No hadde eg uansett vakse frå den sykkelen. Før vi flytta ut på øya, hadde pappa selt den gamle og kjøpt denne nye. Ein altfor fin sykkel. Jonas såg fascinert på skivebremsen. «Veldig kul,» sa han. «Takk.» Eg trilla sykkelen ned til vegen og heldt fram med trillinga bortover mot Jonas sitt hus. «Kan du ikkje sykle?» spurde han forundra. «Klart eg kan sykle,» sa eg og stoppa. «Kvifor syklar du ikkje, då?» «Eg ville vente til du hadde henta din sykkel.» «Å.» Han blei ståande nokre sekund, såg opp mot huset sitt. Eg betrakta det svarte håret hans. Det var så stort og bustete, ein kunne tenke seg fuglar stikke hovudet fram frå det. «Eg har ikkje nokon sykkel,» sa han og gløtta på meg. «Men eg spring fort.» Han luta seg framover og sprang. Eg slengte meg opp på sykkelen og måtte slite for å ta han igjen. Han heldt farten min då eg kom opp på sida av han – hadde han late meg ta han igjen? Eg måtte klare å sykle frå ein som sprang. 14
Utfor ferdig.qxd:På flukt
16-08-11
11:15
Side 15
Eg trødde hardt opp ein bakke, og då det gjekk nedover, fekk eg eit lite forsprang. Eg prøvde å komme lenger frå, følgde ein skarp sving, endå ein bratt nedoverbakke, skarp sving andre vegen – kom meg ikkje rundt svingen. Ein smuldrande vegkant. Febrilsk prøvde eg å vri styret sjølv om eg visste det ikkje var vits, visste at farten blir opphøgd i andre i ein sving, krafta blir firedobla. Slikt eg hadde rekna på, på ein punktmasse i ein sirkel eller ein bil i ein sving. Sykkelen sklei utfor kanten: ein graskledd kam som svann nedover mot skarpe steinar. Eg fall på skuldra, greip etter grastustar med hendene. Graset var regnvått og sleipt. Jorda var mjuk under, eg grov fingrane nedi. Fauk over ei tue og mista taket, landa hardt på ryggen. Sklei vidare, rulla over på magen att. Under meg skramla sykkelen mot steinane. Eg strekte armane, fingrane så djupt ned i jorda eg kunne komme. Då føtene møtte den første steinen, bøygde eg beina for å ta av for støyten, velta sidelengs. Landa halvt på graset, halvt på steinane. Noko spist skar meg i låret. Eine sykkelhjulet snurra. Ei svak piping.