Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 1
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 3
Olaug Nilssen
Tung tids tale Roman
Samlaget Oslo
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 5
«Eg er autist, det er sant. Det er sant på ein annan måte enn at eg ikkje er det. Me er alle autistar, og ingen er det.» Lars Amund Vaage, Sorg og song
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 6
«endelig kan jeg slippe forsøket på et abstrakt liv» Ingrid Nielsen, Hemmelig, men aldri som en tyv
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 7
Til Daniel
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 8
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 9
Diagnosesamfunnet, må alt liksom heite noko? Kva skjedde med god, gammaldags maur i beina og makk i ræva, kvifor får ein ikkje berre vere det ein er, utan at det på død og liv må heite noko? Du spring rundt med impulsane dine, dei kviler aldri i sitt jag etter inntrykk. Eg spring framfor deg og ryddar inntrykka bort, eg spring etter deg og ryddar i ruinane kvar gong eg blir for sein. Det heiter ADHD. Det heiter «annen disintegrativ forstyrrelse i barndommen». Det heiter autisme. Det heiter subklinisk epileptisk aktivitet. Legane seier det er sant, sjølv om eg prøver å nekte. Du heiter Daniel. Du er ein sterk gut på ni år. Eg heiter Olaug. Eg er ei stor dame på snart førti.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 10
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 11
Siste mĂĽndag i november
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 12
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 13
Eg vaknar då eg høyrer lydane dine, ser på klokka. :. Blir liggande med lukka auge, eg veit at eg ikkje treng å gå inn til deg, det er ikkje frustrerte lydar, berre uregelmessige bogar av lyd som varierer i både styrke og lengde. : kjem du ut av rommet, og eg står opp og følgjer deg på badet. Eg hjelper deg av med pysj og bleie, hjelper deg på do, steller deg. Då eg har tatt ei ny bleie rundt anklane dine og sunge «opp med bleia», og rost deg for at du gjorde som eg sa, snur eg meg for å finne fram klede, og så piler du ut døra og spring leande opp trappa. Eg stressar ikkje, for eg veit eg låste utgangsdøra og dørene inn til stove og kjøken før eg la meg i går, men eg tar meg ikkje god tid heller, og kjem etter deg med bukse, genser og sokkar i armane. Døra til lagerrommet med fryseboksen hadde eg ikkje låst, så du står alt med hendene nedi og prøver å opne ein isboks, uvitande om at eg har frose ned restane av ei suppe i denne boksen, og at det altså ikkje er is. Eg tar boksen frå deg, lukkar loket på fryseboksen, geleidar deg ut.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 14
Det er seks veker sidan det gjekk i svart for meg på jobben. Eg hugsar ikkje lenger om det var gråt, raseri eller besvimelse, og om det var femte eller tiande gong. Men eg hugsar eg i eit glimt såg meg sjølv utanfrå og oppdaga at eg hadde gamle joggesko, bukser som var for små, ansikt som var strengt, hår som var grått.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 15
Eg tenkte det er over. Allereie neste dag tenkte eg: Omstrukturering er det som mĂĽ til. Tredje dag tenkte eg: Arbeidsevne er viktigare enn pleie av fasade.
ďœąďœľ
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 16
Eg skreiv søknad om meir avlasting på institusjon, samstundes som det stod lesarinnlegg i avisene om at det beste for det funksjonshemma barnet er å få hjelp i heimen, slik at det kan få kjærleik og samhald med foreldre og søsken. Lesarinnlegga samanlikna institusjonar med fengsel og heldt fram familien som synonymt med tryggleik og varme. Dette er ei heilt vanleg oppfatning som det er umogeleg og utilrådeleg å snu, så det burde ikkje vippe nokon av pinnen. Heller ikkje meg. Eg søkte om femti døgn i halvåret. Femti døgn i halvåret på ein institusjon. Femti døgn i halvåret vil seie døgn i året. døgn i året er , % av årets døgn. På ein institusjon.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 17
Institusjonen heiter Solgløtt. Solgløtt er nøkternt innreidd, linoleumen er grå, soveromma har berre seng og skåp, og ei gardin som er festa med borrelås, slik at ingen kan skade seg på å forsøke å rive den ned. Stova har skinnsofa som det er lett å tørke av. Kjøkenet har sikkerheitsklips på alle dører. Uinnvigde vil gråte når dei går inn der, slik som eg gjorde første gongen eg kom – her bur barn, endå eg alt då visste at det var bra, det kan ikkje vere for mykje stimuli, kan ikkje vere for mykje som kan øydeleggast, kos er ikkje det same for deg som for meg.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 18
Vi fekk svar tidleg i november om at det var opplagt at vi trong meir avlasting. Det var dokumentert med intervju med dei tilsette på skulen, og på Solgløtt, i tillegg til at mi beskriving i søknaden var lagd til grunn. Men vi måtte stå på venteliste, for det var ikkje ledig plass. Vi skulle få nokre ekstra timar i veka på institusjonen Vindheim mens vi venta på fleire døgn. Eg skreiv til Vindheim og føreslo at dei skulle ta ein ekstra ettermiddag kvar veke. Dei svarte ikkje på mailen. Etter nokre dagar ringde eg og purra. Styraren sa: – Det er jo vi som må ta det. Eg sa: – Fint! Styraren sa: – Men vi kan ikkje diskutere kva vekedag det skal vere, før vi har fått klarsignal. Eg sa: – Vi har klarsignal, det står i brevet at vi har fått auke frå til timar i veka mens vi ventar på å få auke til døgn. Det var stille ei stund, før styraren sa: – Ja, men. Så avbraut ho seg sjølv: – Vi ordnar dette. Ikkje tenk på det.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 19
Eg var ofte hos fastlegen fordi eg heile tida trudde det skulle vere nok med éi veke sjukmelding, som ein pust i bakken for å hente seg inn igjen, men det var det ikkje, veke etter veke var det ikkje det. Angst er pust som set seg fast i brystet. Løysinga er å puste med magen. Puste inn gjennom nasen og ut gjennom munnen. Slik låg eg halve nettene.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 20
Eg fortalde fastlegen om ventetida for å få meir hjelp. Eg fortalde at du for tida var så uroleg at du prøvde å bite meg i ansiktet, og at eg måtte dytte deg vekk igjen og igjen, hardt og fast måtte eg dytte deg vekk. Eg sa: – Det er mykje symbolikk i denne dyttinga.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 21
Han fekk eit sånt fjes, og skreiv ut fleire veker med sjukmelding, utan å stille spørsmål, formante meg om å gjere nye undersøkingar om omsorgsløn. – Men eg vil ikkje ha omsorgsløn. Eg vil jobbe. – Du kan ikkje jobbe meir enn det du gjer. – Men eg vil jobbe. Legen såg på meg. – Du er utsliten, likevel jobbar du heile dagen. Du kan ikkje jobbe i tillegg. Han skreiv ut sjukmeldinga og gav den til meg: – Utsliten er ikkje noko du diktar med undermedvitet ditt for å sleppe unna ansvar. Utsliten er noko som finst. Du kan ikkje jobbe i tillegg. – Men det vil eg.
Tung tids tale ferdig_Layout 1 03.07.17 11:19 Side 22
Eg blei liggande under dyna på dagtid med auga anspent lukka og med knytte hender. Pusten inn med nasen, ut med munnen. Sov då. Sov.