__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 1


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 3

Jon Fosse

TRILOGIEN Andvake Olavs draumar KveldsvĂŚvd

Samlaget Oslo 2014


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.15 Side 84


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 5

innhald andvake 7 olavs draumar 85 kveldsvĂŚvd 175


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 6


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 7

ANDVAKE


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 8


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 9

I


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 10


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 11

A

sle og Alida gjekk kringom i Bjørgvins gater, over skuldra bar Asle to byltar med alt det dei åtte og i neven bar han feleskrinet med fela han hadde ervt etter far Sigvald, og Alida bar på to nett med mat, og no hadde dei gått kringom i Bjørgvins gater i fleire timar og prøvd å finna seg husvære, men det var som umogeleg å få leigd seg hus nokon stad, nei, dei sa, vi har diverre ikkje noko å leiga ut, nei, dei sa, det vi har til utleige er alt utleigd, slikt sa dei og så måtte Asle og Alida halda fram med å gå kringom i gatene og banka på dører og spørja om dei ikkje kunne få leiga seg rom der i huset, men ikkje i nokon av husa var det rom å få leiga, så kvar skulle dei vel gjera av seg, kvar kunne dei vel finna ly for kulden og mørkret no seinhaustes, einkvan staden måtte dei vel kunna få leiga seg rom, og det var då endå godt det ikkje regner, men snart byrja det vel å regna òg, og dei 11


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 12

kunne ikkje berre bli gåande slik, og kvifor ville ingen hysa dei, kunne det kanskje vera fordi alle godt kunne sjå at Alida snart skulle føda, det kunne jo skje kva dag som helst, slik ho såg ut, eller var det fordi dei ikkje var vigde og dimed ikkje var for skikkelege ektefolk, og for skikkelege folk, å rekna, men kunne vel nokon sjå det på dei, nei det gjekk vel ikkje, eller kanskje var det mogeleg likevel, for noko måtte det vera som gjorde at ingen ville gje dei hus, og det var jo ikkje fordi Asle og Alida ikkje ville gifta seg at dei ikkje alt hadde fått prestehanda på seg, korleis kunne dei vel hatt tid og høve til det, ikkje meir enn godt og vel sytten år gamle var dei, så sjølvsagt hadde dei ikkje det som kravdest for å halda bryllaup, men så snart dei det hadde, skulle dei giftast på skikkeleg vis med prest og kjøkemeister og bryllaupsfest og spelemann og alt som til høyrde, men til så lenge fekk det vera, det fekk vera som det var og det var jo eigentleg godt som det var, men kvifor ville ingen hysa dei, kva var gale med dei, kanskje kunne det hjelpa viss dei tenkte at dei var vigde folk og mann og kone, for om dei det tenkte vart det sikkert vanskelegare for andre å merka på dei at dei gjekk rundt i livet som syndarar og no hadde 12


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 13

dei banka på mange dører og ingen dei hadde spurt om dei kunne gje dei hus hadde vilja hysa dei og dei kan ikkje berre gå vidare slik, det er ved å kveldast, det er seinhaustes, det er mørkt, det er kaldt og snart byrjar det vel å regna òg Eg er så trøytt, seier Alida og dei stansar og Asle ser mot Alida og han veit ikkje kva han kan seia til trøyst, for alt mange gonger hadde dei trøysta seg med å snakka om det komande barnet, vart det ei jente, eller ein gut, det snakka dei om, og Alida meinte at jenter var greiare å ha med å gjera, og han meinte det motsette, at gutar var lettast å vera saman med, men vart det gut, vart det jente, glade og takksame skulle dei same kva vera for barnet dei om ikkje så altfor lenge skulle bli foreldre til, det sa dei og trøysta seg med å tenkja på barnet som om ikkje så lenge skulle bli fødd. Asle og Alida gjekk der i Bjørgvins gater. Og til no hadde dei vel eigentleg ikkje teke det så tungt, dette at ingen ville hysa dei, til sist ordna det seg nok, snart var det nok einkvan som hadde eit lite rom å leiga ut, der dei kunne bu ei tid, det måtte jo ordna seg, for det var jo så mange hus i Bjørgvin, små hus og store hus, og ikkje som i Dylgja, der det berre var nokre gardar og så nokre 13


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 14

små strandsitjarhus, ho, Alida, var dotter til mor Herdis i Brotet, dei sa, og kom frå eit lite bruk i Dylgja, der var ho oppvaksen saman med mor Herdis og syster Oline, etter at far Aslak vart borte og aldri kom att då Alida var tre og syster Oline fem år, og ikkje hadde vel Alida eingong noko minne om faren, berre av røysta hans, for enno kunne ho høyra røysta hans for seg, den store kjensla som i røysta hans var, det klåre skarpe og breie laget, men det var vel òg alt ho hadde att etter far Aslak, for ingenting kunne ho vel minnast om korleis han såg ut, og ikkje noko anna mintest ho heller, berre røysta hans når han song, det var alt ho hadde att av far Aslak. Og han, Asle, var oppvaksen i eit naust i Dylgja der det var innreidd som eit lite husvære på lemmen, der voks han opp saman med mor Silja og far Sigvald, heilt til far Sigvald ein dag då hauststormen kom brått på vart borte på havet, han fiska utanfor øyane vest i havet og båten sokk der utom øyane, utom Storesteinen. Og så var då mor Silja og Asle att der i Naustet. Men ikkje lenge etter at far Sigvald vart borte, tok mor Silja til å sjukna, ho vart tynnare og tynnare, ho vart så tynn at det var som råd å sjå igjennom andletet hennar og inn på berre beina, 14


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 15

dei store blåe augo hennar vart som større og større og fylte til sist mesta heile andletet, slik såg det ut for Asle, og det lange brune håret hennar vart tynnare enn før, og meir pistrut, og så, då ho ikkje stod opp ein morgon, fann Asle henne daud i senga. Mor Silja låg der med dei store blåe augo sine opne og såg til sides, mot der far Sigvald skulle ha lege. Det lange tynne brune håret hennar dekte til det meste av andletet hennar. Mor Silja låg der og var daud. Dette var for vel eitt år sidan, då Asle var på lag seksten år. Og då var det einaste han hadde i livet seg sjølv og dei få tinga der i Naustet, og så fela etter far Sigvald. Asle var åleine, mottens åleine, hadde det ikkje vore for Alida. Alt han tenkte på då han såg mor Silja liggja der så endelaust daud og bortkomen, det var Alida. Det svarte lange håret hennar, dei svarte augo hennar. Alt ved henne. Han hadde Alida. No var Alida det einaste som var att for han. Det var det einaste han tenkte. Asle tok handa si bort til den kalde kvite kjaken til mor Silja og strauk over kinnet hennar. No hadde han einast Alida att. Det tenkte han. Og så hadde han fela. Det tenkte han òg. For far Sigvald hadde ikkje berre fiskar vore, han hadde òg vore ein dugande spelemann, og i kvart einaste bryllaupet i 15


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 16

heile ytre Sygna var det han som spelte, slik var det i mange dei åra, og skulle det dans vera, ein sommarkvelden, var det far Sigvald som spelte. Han hadde då òg i si tid kome austanfrå til Dylgja for å spela i bryllaupet til bonden på Leite, og slik var det at han og mor Silja hadde trefst, ho var tenestetaus der og serverte i bryllaupet, og far Sigvald spelte. Slik treftest far Sigvald og mor Silja. Og mor Silja vart med barn. Og ho fødde Asle. Og for å forsørgja seg og dei sine tok far Sigvald seg hyre hjå ein fiskar uti øyane i havet, fiskaren budde på Storesteinen, og som del av løna skulle han og Silja få bu i eit naust fiskaren åtte der i Dylgja. Slik vart spelemannen far Sigvald fiskar òg, busett i Naustet på Dylgja. Slik var det. Slik gjekk det. Og no var både far Sigvald og mor Silja borte. For alltid borte. Og no gjekk Asle og Alida kringom der i Bjørgvins gater, og alt dei åtte bar Asle i to byltar over skuldra, og så hadde han feleskrinet og fela etter far Sigvald med seg. Det var mørkt, og det var kaldt. Og no hadde Alida og Asle banka på mange dører og spurt etter hus og berre fått til svar at det ikkje gjekk, dei hadde ikkje noko å leiga ut, det rommet dei hadde å leiga ut var alt utleigd, nei dei leigde ikkje ut, det trongst ikkje, 16


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 17

slikt hadde dei fått til svar, og Asle og Alida går, dei stansar, dei ser mot eit hus, kanskje kan vel der vera husvære å leiga, men skulle dei våga seg til å banka også på den døra, dei fekk vel berre endå ein gong nei til svar, same kva, men dei kunne då ikkje berre gå kringom i gatene slik heller, så dei måtte vel våga seg til å banka på og spørja om der var rom å få leiga, sjølvsagt, men korkje Asle eller Alida var mota på nok ein gong å skulla leggja fram ærendet sitt og så nok ein gong å få høyra at nei, det gjekk nok ikkje, det var fullt nok som det var, slikt noko, og kanskje gjorde dei feil då dei tok alt det dei åtte med seg og segla inn til Bjørgvin, men kva skulle dei vel elles ha gjort, skulle dei ha vorte buande der i huset til mor Herdis i Brotet, endå ho ikkje ynskte å ha dei buande der, for hadde det vore noka framtid i det, og hadde dei berre fått halda fram med å bu i Naustet, så hadde dei nok vorte buande der, men ein dag såg Asle at einkvan, om lag på hans alder, kom seglande mot Naustet og firde segl og la til i fjøra nedanfor Naustet og fortøygde der og så byrja han å gå opp mot Naustet og etter ei stund høyrdest banking på luka og då Asle hadde opna og då karen opp var komen og hadde kremta ferdig sa han at det var 17


Trilogien ferdig_materie 23.06.14 08.14 Side 18

han som no åtte Naustet, no etter at faren kom bort på sjøen saman med far til Asle, og no trong han Naustet sjølv og då kunne sjølvsagt ikkje Asle og Alida bu der, så dei fekk pakka saman det som deira var og finna seg ein annan stad å bu, slik var det, sa han og så gjekk han og sette seg ned på senga attmed Alida som sat der med den store magen sin og ho reiste seg og gjekk bort til Asle og så la karen seg ned på senga og strekte seg ut og han sa at han var trøytt og no ville han kvila litt, sa han og Asle såg på Alida og så gjekk dei bort til luka og lyfte den opp. Og så gjekk dei ned trappa og ut og dei vart ståande der utanfor Naustet. Alida med den store tunge magen sin, og Asle No har vi ingen stad å bu, sa Alida og Asle svarde ikkje Men det er jo hans naust, så det er vel ikkje noko å gjera med det, sa Asle Vi har ingen stad å bu, sa Alida Det er jo seinhaustes, det er mørkt og kaldt, og vi må jo bu ein stad, sa ho og så vart dei ståande der utan å seia noko Og eg skal jo snart føda, eg kan føda kva dag som helst, seier ho Ja, seier Asle 18

Profile for Det Norske Samlaget

Trilogien  

Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd. Av Jon Fosse.

Trilogien  

Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd. Av Jon Fosse.

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded