__MAIN_TEXT__

Page 1


super-

STERK Av

Dan Hรถjer Illustrert av Per Demervall Frรฅ svensk ved Ole Jan Borgund

Samlaget oslo 2017


Ein av verdas sterkaste menn heiter Magnus. Han er to meter høg og veg 150 kilo. Han kan dra eit tog med tennene.


Magnus kan dra ein bil etter eit tau. RASKARE!

ønn t s

! T S PU

Han kan rulle ein diger stein opp på eit fjell.

Magnus kan løfte 290 kilo på strake armar.

Han er rett og slett råsterk.

p es!

7


Magnus vågar nok å slåst med kven som helst. Men den sterkaste mannen i verda er ikkje berre sterk. Han er snill òg. Og han liker ikkje å slåst. Derimot er han heilt rå på å danse tango.

8


GIR DU DEG?!

Magnus vann dansekonkurransen Let’s Dance pü TV i 2009.

9


Verdsmeisteren i handbak heiter Heidi. Ho har vunne VM mange gonger. Heidi bur i ei lita bygd som heiter Ensamheten i Lappland i Sverige. I heimbygda hennar bryt nesten alle handbak.

DENNE GONGEN SKAL EG VINNE!

10

MEN … EG HAR JO VUNNE OVER DEG TRE GONGER ALT.


Mange av slektningane til Heidi er veldig sterke. Heidi bruker å seie: «Aleine kan ein vere sterk, men saman er ein sterkare.» Det finst nok ikkje noka slekt som er sterkare enn hennar.

NO TEK ALLE I PÅ EIN GONG!

I KVA RETNING DA?

Far til Heidi har òg vunne VM. Og kusina Fia er verdsmeister med venstre hand.

11


Det meste eit menneske nokosinne har løfta, er 2 844 kilo.


Det var amerikanaren Paul som løfta det – med ryggen! Det han løfta, var eit bord. På bordet hadde dei sett eit pengeskap. Skapet var fylt med bly og andre tunge metall.

Vekta Paul løfta, tilsvarer tre heile fotballag, éin dommar, to linjedommarar og to reservar. Til saman 38 personar.

13


Det finst mange styrkerekordar … Juha frå Finland har kasta ein mann som vog 60 kilo, 3,87 meter av stad. REKORD!

OI, OI!

Kristian frå Herefoss i Aust-Agder har løfta 100,38 kilo med veslefingeren. REKORD!


Ein amerikanar som heiter Ed, har sett ein merkeleg rekord. På tre minutt reiv han sund 55 telefonkatalogar på langs. Kvar katalog var på over 1000 sider og altså svært tjukk. Vi veit ikkje kvifor Ed valde nettopp telefonkatalogar. Kanskje han hadde telefonskrekk? KJEMPEFLINK … NO KAN DU KANSKJE FORTELJE KVAR TELEFONEN ER?

OI SANN …

Profile for Det Norske Samlaget

Supersterk  

Leseland fakta. Nivå 3. Av Dan Höjer og Per Demervall (ill.).

Supersterk  

Leseland fakta. Nivå 3. Av Dan Höjer og Per Demervall (ill.).