__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Stemmer fr책 ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 1


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 3

Jostein Fet

Stemmer frå ei fjern tid Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn –

Samlaget Oslo


Stemmer fr책 ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 2


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 5

Innhald

Føreord

Kyrkjebibelen som kom på vidvanke. Christian IIIs bibel ()



Jens Læsemester. Ein bergenshumanist. Calendarium Historicum ()



Soga om Larsboka. To sveitsiske bøker om skriving (, )



Friarferda til Gjøtland. Ei  år gammal balladeoppskrift



Kanslaren som korrekturlesar. Jens Bielkes Epitome Biblica ()



Om dåpen. Frå Postilla Catechetica ()



Merkelege teikn på ei sengjabud



Magiske formlar frå Hornindalen. Ei ukjend bondeoppskrift



Handskrivne visesamlingar



Viser frå den store nordiske krigen –


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 6



Ei vise om kong Frederik IVs Noregs-reise. Kommer alle frem med mig



Ei vise om slaget i Køge Bugt . okt. . Hvad Mennisken acter



Ei svensk soldatvise. Adieu, farvel til een god Nat



Ei patriotisk vise. Du ædle Nordske Blod



Ei vise om Magnus Stenbock. Hvo kand med fornuft udgrunde



Eids-Marit-visa. Eit folkeleg visjonsdikt



Mellom nytid og mellomalder. Gunder Olsen Drabløs og hans Biereede



Futen som skreiv viser på sunnmørsmål. Einn Kveld i Julinne



Mine Skoe blev fulde af hans Blod. Slaget ved Berby . september 



Liste over figurar og illustrasjonar



Personregister



Kjelderegister


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 7

Føreord I denne boka fortel eg om bøker og andre tekstar som i dag er lite og inkje kjende. For mange hundre år sidan høyrde bøkene til ein europeisk elitelitteratur, men somme av dei gav likevel viktige impulsar til litterære syslar i lokale bygdemiljø. Den eldste eg skriv om, er Ein Nüw Kunstrych Fundamentbüchle, som vart trykt Sveits i . Tre av bøkene er trykte i : Libellus Valde Doctus, Christian IIIs bibel og Calendarium Historicum. To andre bøker representerer ein type ambisiøs, religiøs litteratur på -talet. Det er Epitome Biblica, trykt i , av Jens Bielke, og Omb Daabens Sacramente frå , som er . bandet av det kjempestore verket Postilla Catechetica av Christen Staphensøn Bang. Alle desse yttarst sjeldne bøkene har vore i privat bondeeige i fleire hundre år. Til all lukke har eg hatt høve til å granske bøkene ved sjølvsyn. Ei særskild takk til Erling Bjørkedal, Volda, som deponerte fleire av dei gamle bøkene sine i biblioteket ved Høgskulen i Volda, slik at dei kunne studerast der. Utvalet av viser spenner i tid frå byrjinga av -talet til om lag . Her finn vi ei av dei eldste folkeviseoppskriftene i landet, Friarferda til Gjøtland (frå før ). Fem viser hentar emne frå Den store nordiske krigen (–). Fleire av dei er ukjende og blir her trykte for første gong. Etter krigsvisene er spranget stort til visjonsvisa om Eids-Marit frå Norddal, som er blitt kalla det sunnmørske Draumkvedet. Ein forfattar som eg set særleg høgt, er den utfattige fiskaren og husmannen Gunder Olsen Drabløs, som  år gammal stig fram med songsamlinga Biereede i . Den siste av songtekstane er Ole Christian 7


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 8

Bulls bygdemålsvise Julebesøget frå tida – med varianten Einn Kveld i Julinne. Dei fleste visene ligg føre i gotisk handskrift og er av ulik alder. Ikkje kvaliteten, men den tidstypiske bodskapen deira har vore avgjerande for valet. Visematerialet stammar frå private samlingar, men er blitt kopiert og gjort tilgjengeleg ved Høgskulen i Volda. I dag er tekstane å finne i Litteratur-sosiologisk arkiv ved Høgskulen, som underskrivne har hatt ansvaret for sidan -åra. For seg sjølv står kapitla om Magiske formlar frå Hornindalen ved ukjend nedskrivar og Merkelege teikn på ei sengjabud. Den første representerer eit marginalt område av allmugelitteraturen, den andre skriv seg frå ei førskriftleg tid då identitet og/eller magiske bodskapar vart formidla gjennom symbol innskorne i tømmerveggar. Boka blir avslutta med grenader Jakob Rasmusson Vassbotns gripande skildring av slaget ved Berby i Østfold . september . Volda, i januar . Jostein Fet


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 9

Kyrkjebibelen som kom på vidvanke Christian IIIs bibel eller «Kvalsvikbibelen»

Den første fullstendige danske bibelen Då kong Christian III tvangsinnførte reformasjonen i Danmark-Noreg i –, var det eit viktig mål for han å etablere ikkje berre ei felles kyrkjeordning for heile riket, men også å syte for felles heilage bøker i kyrkja. Eit avgjerande viktig tiltak var å få i stand ei fullstendig danskspråkleg utgåve av Bibelen. Tidlegare låg det føre berre einskilde omsetjingar av delar av Bibelen, som Hans Mikkelsens utgåve av Det nye testamentet frå  og Hans Tausens omsetjing av Mosebøkene i . Og i , berre  år etter at reformasjonen vart innført i Danmark, vart Christian IIIs bibel trykt i eit opplag på  eksemplar. Bibelen la ikkje berre grunnlaget for ein dansk religiøs litteratur, men også for dansk skriftspråk i lang tid framover. I Christian IIIs bibel finn vi former som offuer, loffue, bliffuer, aff, oc, och, Vnge (= unge) osv. Alle kyrkjer skulle skaffe seg eit eksemplar av bibelen, men i røynda var det kyrkjene i Danmark som først vart tilgodesett. Av opplaget skal det ha kome berre  eksemplar til Noreg. Eitt av dei hamna i Hjørundfjord sokn på Sunnmøre til bruk i kyrkja på Hustad, som var kyrkjestaden då. Denne kyrkjebibelen fekk ein merkeleg lagnad. Eg kunne ha kalla han Hustadbibelen, men blant bokvener går han ofte under namnet Kvalsvikbibelen, jamvel om han no er komen attende til kyrkja på Sæbø. Det namnet fekk han fordi han i lang tid vart ivareteken av ein namngitt mann i Volda og hans etterkomarar i Kvalsvika i Herøy. 9


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 10

Figur . Kvalsvikbibelen. Foto: Frode Pilskog, . Denne store, praktfulle bibelen er ei av dei aller eldste bøkene eg har registrert på Sunnmøre. Han er  cm høg,  cm brei og , cm tjukk og innbunden (ikkje originalt) i blankt, glatt skinn på – mm tjukke treplater. På kvart av dei åtte hjørna er der fest eit kvadratisk messingbeslag, pryda og prega, til vern mot slitasje. Framme og bak, midt på boka, er der liknande messingkvadrat. Boka er halden saman av messingspenner i lêrreimar. Bibelen vart trykt i København av boktrykkaren Ludvig Dietz, som var henta frå Rostock, og er gjennomillustrert med tresnitt av Erhard Altdorfer og Jacob Binck, som var sterkt påverka av Albrecht Dürers illustrasjonsteknikk. Dei dramatiske scenene frå Bibelen, særleg frå Det gamle testamentet, må ha gjort eit sterkt inntrykk på allmugelesarar, som ikkje så ofte såg bilete i den heilage skrifta. Hjørundfjord kyrkje har også ein praktfull faksimile av Christian IIIs bibel, utgitt i København . Kopien viser kor gjennomført vakker og forseggjord originalutgåva har vore, og kor redusert den gamle bibelen i Hjørundfjordkyrkja trass alt er.

10


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 11

Kyrkja på Hustad På merkeleg vis er soga om Kvalsvikbibelen voven inn i lagnaden åt Hjørundfjordkyrkja. Eldste kyrkja i Hjørundfjorden stod som nemnt på Hustad, eit lite stykke oppe i Bondalen. Men kyrkja stod utrygt. Tradisjonen fortel at kyrkja vart øydelagd av ei snøfonn eller ein flaum, truleg før bibelen kom til Hjørundfjorden. Men Hustad-kyrkja ser ut til å ha blitt reparert eller bygd opp att. Det er denne kyrkja bibelen blir send til i -åra. Men den nye eller reparerte kyrkja stod ikkje lenger enn til . Då vart også ho teken av ei snøfonn eller ein flaum. I alle fall står det fast at på Hustad kunne kyrkja ikkje stå. Difor vart ho flytt eller oppsett på Sæbø nede ved sjøen, og det har vore kyrkjestaden sidan. Kva tid flyttinga skjedde, er litt uklårt, somme meiner alt i , straks etter raseringa i  (Grøvik : ). Hans Strøm skriv at på Sæbø stod kyrkja uskadd til ho atter vart råka av skred i . Men dette stemmer ikkje. I eit skriv frå  vedgår Strøm at han har teke feil. Han har blanda saman Hustad og Sæbø. Etter at kyrkja vart flytt til Sæbø, er ho ikkje blitt skadd av fonna (Grøvik : ).

Skriftspor i bibelen Etter at Hustadkyrkja vart skadd i , vart bibelen teken ut av kyrkja og kom på andre hender. På grunnlag av innskrifter og folkeleg tradisjon vil eg prøve å rekonstruere soga åt Christian IIIs bibel frå han kom på vidvanke etter ulukka i  til han ei  års tid seinare kom attende til kyrkja på Sæbø. Å rekkje fara etter bibelen vil vonleg kunne kaste lys over visse sider ved sunnmørsk skrivekunne og bokinteresser. Det viktigaste sporet vil vere personinnskrifter i bibelen. I gamle bøker vil ein alltid kunne finne slike innskrifter, somtid med årstal som hjelper til å identifisere skrivarane. I gammal tid var papir ei mangelvare, og det var så dyrt at folk flest ikkje såg seg råd til å skaffe seg det. Difor var skrivekunnige folk stadig på leit i bøkene sine etter ledig papirplass som 11


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 12

Figur . Kart over EVROPA, ASIA og AFFRICA Slik møtte tidlege lesarar av Kvalsvikbibelen møtte verda. Verken England eller Skandinavia er med, derimot har Danmark (trykkestaden) fått ein dominerande plass. Ein dreg kjensel på Pyrenérhalvøya og landa rundt Middelhavet, som var tidleg kartlagde av grekarar og arabarar. Frå Sentral-Asia stormar ein mongolsk ryttarhær mot vest, til minne om mongolane som ei tid i mellomalderen rådde over landmassane frå Stillehavet til Søraust-Europa.

kunne nyttast til skriving. Slike ledige plassar fann dei helst på innsida av begge permane, på smussblada om slike fanst, under slutten av eit kapittel eller i margane ved sida av den trykte teksten. Yttarst sjeldan, og ikkje før etter -åra, byrja skrivande allmugefolk å kjøpe skrivepapir eller innbundne skrivebøker som dei kunne nytte til familieinnskrifter eller til annalar, dvs. månads- og årsoversikter over liv og arbeid på gardane. I september og oktober  var eg tre gonger i Hjørundfjord kyr12


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 13

kje for å undersøkje spora i Kvalsvikbibelen. Men arbeidet viste seg meir omfattande, og ikkje minst vanskelegare, enn eg hadde rekna med. Ei viktig årsak til dette er at blekket i dei fleste innskriftene var svært avbleikt, og at den gotiske handskrifta mange stader er uryddig og rotete, som ein kunne vente av uøvde bondeskrivarar. Dessutan er innskriftene i bladkantane uheile på grunn av ei avhøvling som skjedde ved ein reparasjon i .

Blekket Allmugens blekk var mest heimelaga, somtid av sot blanda i vatn, eller av kreklingsaft. Den flittige annalskrivaren Martinus Holsvik (–) i Volda brukte heimelaga blekk. Ein stad i margen noterer han: «Hilde har tillavet bleket» (Hilde var kona hans). Slikt blekk ser ut til å ha bleikna lettare enn det svarte normalblekket (jarngallusblekk), som også har vore meir tolug mot væte. Men etter kvart kom det i omlaup oppskrifter om korleis ein kunne lage blekk i ymse fargar, som «raudt, grønt, blått, gult eller svart skriveblekk», slik Anders Nilsson Mo i Ørsta gav rettleiing om ca.  (Myklebust ). Ein av dei som lærte seg kunsten, må ha vore allmugeskrivaren Gunder Olsen Aaslid (Drabløs) frå Volda, som skriv namnet sitt i bibelen med eldande raudt blekk omkring .

Fuktspor og andre skadar Når eg blar i bibelen, slår det meg at mest alle blada ber merke som kan tolkast som fuktmerke. Men bibelen kan ikkje ha lege i elva i , slik ein segnversjon vil ha det til, for trass alt eksisterer han i måteleg god stand. Då er det meir nærliggande å tru at han vart teken av fonna og funnen att i snøbreen. Men å skilje mellom snøfonn og elv vil eg ikkje ta på meg, så sprikande som den – år gamle tradisjonen er på dette punktet. Det kan også tenkjast at det er kondens som har skadd bibelen. Men eg hallar helst til at bibelen verkeleg har hamna i ei snøfonn eller på ei islagd elv, slik einskilde tradisjonsvariantar fortel. 13


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 14

Som dei aller fleste bøker trykte før  er Kvalsvikbibelen laga av klutepapir, dvs. tekstilfiber. Når ei slik bok blir fuktskadd, blir papiret gjerne litt misfarga. Det kan også bli småbulkete og litt stivare enn normalt. Slik er også tilstanden åt Kvalsvikbibelen, men i motsetning til moderne papir vil klutepapir ikkje kleime seg. Om ein samanliknar Kvalsvikbibelen med faksimileutgåva frå , kan ein lett sjå kva skadar han har fått, anten ved ulukka i  eller seinare. For det første er  sider av byrjinga borte, dvs. alle Mosebøkene ( sider) +  sider av Josvas bok. Også sluttblada av bibelen er borte. For det andre må sjølve innbindinga ha teke skade, ved at ho har stivna og sprokke opp. På grunnlag av innskriftene synest soga åt bibelen å falle i fleire periodar. Men periodane kan vere vanskelege å definere, for fram til åra manglar innskriftene årstal med unntak av ei anonym frå  og Samund Amundsson Vatnes frå . Dei andre innskriftene må plasserast i tid anten ved at skrivaren kan identifiserast, eller på grunnlag av tidsbestemt ortografi, stil eller innhald i det han skriv. Også kva type blekk som er brukt, kan gi ein peikepinn. Prestelege innskrifter er gjerne i svart blekk, såkalla normalblekk.

Første perioden: Frå ca.  til  I denne første, korte perioden ligg bibelen trygt i kyrkja på Hustad. Frå desse tretti åra kan ein ikkje vente å finne så mange innskrifter. Ein grunn kan vere at dei første  sidene, til liks med eventuelle innskrifter, er borte. Men i alle fall tre av innskriftene må vere frå denne aller første perioden: Ein lærd latinsk tekst må stamme frå ein geistleg frå den tida kyrkja stod på Hustad. Skrifta er øvd og rask, svært småstilt og er pressa inn mellom dei trykte linene i Johannesevangeliet om Jesus og apostlane i Getsemanehagen. Kven som har skrive den latinske teksten, veit eg ikkje. Det kan vere Jørgen Hanssøn, den første lutherske soknepresten i Hjørundfjord, som gjorde teneste i kyrkja på Hustad frå , altså få år før ho vart rasert i . 14


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 15

Ein tekst som ikkje kan vere skriven av ein allmugemann, er å finne under Jeremie Begrædelse. Han er skriven med ein type svart blekk som skil seg frå det vanlege, blasse allmugeblekket. Handskrifta er øvd, men overlag spesiell. Viktigaste kjenneteiknet er språket, som peikar mot perioden –. Som ein ser, har skrivaren sin særeigne, individuelle ortografi.

Figur . Innskrift frå første perioden. Thij saa at angre sijne Synder Det er møget teckelier for gud, thij Hand siger Saa Sant som ieg loffuer en Herre och en gud da vijl ingen syndighe mennijskijs død. Jacob Lau[she(d), Lauche?]. Legg merke til at skrivaren har brukt fingeren til å viske ut eit ord og skrive angre i staden.

Somme ordformer tyder på at skrivaren er norsk: møget kan vere ein freistnad på å danifisere målføreforma møkje; teckelier (= teckeliger) er komparativ av tekkjeleg, tiltalande, likande, jf. verbet å tekkjast. Etternamnet til skrivaren er delvis utpryda og vanskeleg. Dei tre første bokstavande er nokså sikkert Lau…, jf. bogen over u-en. Eg har ikkje vore i stand til å identifisere denne Jakob. I Lampe I–II er det ikkje ført opp nokon prest eller kapellan i Volda eller Hjørundfjord med dette eller eit liknande namn i perioden. Der er ein Jakob Hanssøn (–) på Nordfjordeid, som først er res.kap. og seinare, frå , er sokneprest i Eids prestegjeld. Har denne Jakob vore innom 15


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 16

Hjørundfjord kapellani før han kom til Eid? At geistlege kunne bruke eit -sen-namn som alternativ til eit etternamn, som ofte var latinisert, er der fleire døme på, jf. den danske presten Rasmus Hanssøn (Reravius, d. ), ein forfattar som var ein del lesen i Noreg. Endeleg kan det tenkjast at signaturen ikkje er identisk med skrivaren, men at innskrifta er eit sitat frå ein eller annan, helst geistleg. Inntil vidare får spørsmålet stå ope. Tanken i innskrifta ovanfor er at Gud ser i nåde og velvilje på ein syndar som angrar syndene sine, og vil ikkje døme han til fortaping. Eit bibelord som svarar nøyaktig til innskrifta, er vanskeleg å finne, men anger som vilkår for frelse er sentral i kristendomen, mest i pietismen, meir marginal i ortodoksien (rettrudomstida) på -talet. Nokså sikkert er det same handa som har skrive følgjande liner: … Reyeste Tijll, prijs vere den som sijder paa stolen sin och den som kommer thill domen Amen n n n n Også denne er skriven med det svarte normalblekket, og med same merkelege dobbelskrivinga av bokstaven i, som i Tijll (= til), sijder. Første delen av innskrifta er borthøvla av bokbindaren Rasmus Vassbotn i Volda då han vølte boka i . Fleire stader er den trykte teksten understreka med svart blekk. Understrekingane kan peike mot ein som førebur seg til preika, og i så fall kan det vere merke etter Jørgen Hanssøn, dei få åra han var prest i Hustad-kyrkja før ho vart rasert. Men understrekingane kan også vere gjorde seinare av bibellesande allmugefolk.

Bibelen dukkar opp i Ørsta Som nemnt ovanfor vart kyrkja skadd eller øydelagd i . Etter tradisjonen skal den fuktskadde bibelen ha blitt berga av folket på Hustad. Men det kan ikkje ha vore mange åra han vart verande der. Ei innskrift 16


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 17

frå  tyder på at bibelen er komen på rek. Innskrifta er vanskeleg å lese, blekket er avbleikt og teksten delvis overskriven av ei innskrift frå . Teksten er så usamanhengande at det kan dreie seg om ei skriveøving: Anno  Konges Berges Sølv Verk Læyes til Hoved rig[s]tad udi en for… (S)prog … fred … for La… fra. Det menniskelig af den fornøye DELICIA GENERIS HUMANUM f… ove…lit… paa Tors Dage. Dei prikka felta står for «ord» som er så utydelege at eg ikkje greier å tyde dei. Ein prestemann ville knapt skrive slik. Det styrkjer mistanken om at det er ein allmugemann som har øvd seg. Dei tre latinske orda, som kan omsetjast med «Glede (trivnad) for menneskeslekta», kan vere avskrift frå ei bok eller tillærte. At bondeskrivarar kunne snappe opp ei og anna latinsk glose, er der fleire døme på i allmugelitteraturen, jamvel om slikt helst høyrer talet til. Men kven er skrivaren? Svaret ligg kanskje i neste innskrifta.

Figur . Samund Amundsen Watthne, innskrift frå . Denne Bog høyre mig Samund Amundsen Wattnne thil med Rethe. Der fore tør inngen Med Mig om hinde trethe gud vnde mig hinde saa Ath lesse och forstaa, at Jeg Det effuige ljf kunde faa Amen. Samund Amund Sen Ehgenn haand. Anno  Den  Febru

17


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 18

Samund Amundsson Vatne var frå Ørsta og dreiv Åm-Mettegarden på Vatne i åra –. Kva år han er fødd, er ukjent. Han synest ha vore odelsgut. Dersom -innskrifta ovanfor også stammar frå Åm-Mettegarden, er det rimeleg å tru at det er den unge Samund som øver seg i skriving. Der er ein viss likskap i sjølve handskrifta. Innskrifta viser at bibelen no er komen til Ørsta. Samund slår fast at det er han og ingen annan, t.d. kyrkja, som eig bibelen.

Samunds skrivekunne Innskrifta er uvanleg flott, med svingar og utpryding. Men at dette er ei bondeinnskrift, viser forma høyre. Sidan det himmelske perspektivet er usikkert for han, set han verbet i konjunktiv: «at Jeg Det effuige ljf kunde faa.» Det vitnar om finstilt språkleg forståing. Samund følgjer i hovudsak ortografien i -tals dansk, med overflødig bruk av konsonantar som ikkje hadde nokon særleg annan funksjon enn å pryde skriftbiletet: thil, trethe, ath, lesse, effuige o.a. Bokstavane i og j (ljf = liv) og v (vnde) og u (effuige) vart brukte med andre verdiar enn i moderne språk, men Samund bruker dei rett. Han følgjer også den utbreidde skriveskikken med å fordoble ein mellomvokalisk konsonant (lese til lesse) for å markere at den føregåande vokalen er lang. Det tyder på at han har tileigna seg ei skrive- og lesekunne som vi berre finn hos den opplyste overklassen på denne tida. At bondesonen Samund er skrivekunnig, er ikkje så uventa. Til meir ein leitar i gamle bøker, til fleire innskrifter frå allmugehand finn ein. Før lese- og skrivekunna byrja skyte fart utover -talet, følgde denne tamen visse ætter som eit sosialt gode frå generasjon til generasjon. Skrivekunna gav prestisje og vart vyrdsla om. Det kan godt hende at Samund ikkje var den første skrivekunnige i den ætta. Slike interesser gjekk gjerne i arv. I alle høve finn vi skrivande folk i Åm-Mette-slekta seinare, t.d. Sjur Arneson Vatne med sin bondeannal frå -åra (Myklebust ).

18


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 19

Kvar hamna bibelen etter Samund Amundsson? Etter Samunds innskrift frå  misser vi Kvalsvikbibelen meir eller mindre av syne. Truleg hadde Samund bibelen til han døydde omkring . Ein bibel gjekk som oftast frå far til son på gardane. Men det skjedde verken her eller andre stader. Var grunnen at folk kjende seg uvel med bibelen fordi dei var urettkomne eigarar, trass i Samund Amundssons påstand framanfor? Vi veit at bibelen kom ut or ÅmMettegarden, men ikkje når. Utover -talet finn vi skriftspor i han som peikar mot Volda og Dalsfjorden. Ei innskrift, kanskje frå første del av -talet, er følgjande bibelord, med ein signatur som er vanskeleg å tyde sikkert: Ach see ieg Har dristet mig til, at tale med Herren, alligevell at ieg Eer Jord og Aske, . Mosebogs C. 18. P.K.S.[?] Chordis. Sitatet er frå Christian IIIs bibel, . Mosebog, kap. , vers , der det står: Abraham svarede oc sagde / Ach see/ jeg hafuer dristit mig til at tale med HERREN / alligevel at jeg er Jord oc Aske. I seinare bibelutgåver, t.d. i ei utgåve frå , heiter det «Støv og Aske», ikkje «Jord og Aske». Begge uttrykka blir brukte som bilete på forgjengelegdom. Men sitatet «Jord og Aske» tyder på at Kvalsundbibelen var meir komplett då «Chordis» skreiv inn sitatet frå . Mosebok. Som nemnt framanfor manglar bibelen i dag dei første  sidene, medrekna . Mosebok. Skaden har altså skjedd etter at «Chordis» skreiv inn bibelsitatet ovanfor. Språket i «Chordis» si innskrift er -tals dansk. I staden for talets talle finn vi tale, i staden for och har vi og. Derimot held skrivemåten ieg / jeg stand. I allmugeskrifter varte den ut -talet og langt inn på -talet. Skriftbiletet nærmar seg altså den danske rettskriv19


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 20

inga som vart etablert i siste halvparten av -talet. Samstundes finn vi eit typisk merke på allmugeskrift: bruken av stor gotisk E i staden for liten e som i Eer, fordi stor E var tydelegare enn liten e, som lett kunne forvekslast med gotisk r.

Er Chordis eit bondenamn? Eg held det for usannsynleg at allmugemannen som hadde bibelen, kven det no var, har hatt besøk av ein prestelærd eller annan overklasseperson som har skrive namnet sitt i boka. Det fornemme etternamnet Chordis har eg ikkje vore i stand til å finne nokon stad, men kan sjølvsagt ikkje gå god for at det ikkje finst. Sjølve ordet synest vere laga til det latinske cor, hjarte, bøyingsform cordis. Forma Chordis kan vere ei latinisering av gardsnamnet Hjartå i Volda, på -talet skrive Hiartte eller Hiertte (NG : ). Latinisering av norske og danske etternamn var ein skikk som markerte lærdom og prestisje, og var vanleg på - og -talet (jf. Rasmus Berg > Erasmus Montanus). Å plukke ut nokon av brukarane på Hjartå som svarar til initialane P.K.S. ovanfor, er sjølvsagt vågsamt. Den som etter mitt syn kjem nærast P.K.S. Chordis, er Peder Knud Søn «Hiertte» (–). Han brukte Pessgarden frå  og gav namn til tunet (Pers > Pess). Faren var lagrettemann og medhjelpar for presten. Truleg var folket der skrivekunnige.

Spreidde religiøse innskrifter Somme av dei er vanskeleg å tidfeste, men kan plasserast til -talet ut ifrå ortografi og bokstavform. Ein del av innskriftene er gudelege formlar, baserte på velkjend religiøs terminologi. Mange er personlege bøner til guddomen, som den noko usamanhengande, versifiserte innskrifta nedanfor: Søde iesu lær Du mig at ieg maa vere lydig i Din Lov og i Din ære Lad mig din liv egenskab være 20


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 21

Ortografi og bokstavformer i innskrifta peikar helst mot -talet, det same gjer stilformelen Søde iesu, som var særleg frekvent i pietistisk salmedikting, jamvel om han også blir brukt i eldre ortodoks dikting, som i Kingos Aandelige Siunge-Koor frå  og i Hans Christensen Sthens En liden Haandbog frå . Ei anna innskrift reflekterer bibelens åndelege verdi (høvlinga av bladkantane har kutta av slutten på fleire setningar): Den ganske Hellige Skriftes Bøger som kaldes Bibelens Bible som Lærer os hvad vi skal gjøre og holde de ti Bud det er en Lygt og Loven et Lys men trøster Stort er Livets Verden for Vor … At alle aag en Ver [= og enhver] kunde lære at kjende … som haver til det gode og det Vilde Vere galt at Ale og enver kunde lære at bede Gud om Naade og Syndernes forlad[else]. Ti Lige som vi dagligen trænge til Fred saa træn[ge] vi og dagligen [at bede] Ret Gud om Naade og Syndsforladelse … gud Oplyse os saa betenkelse … og give … Skrivaren strevar med å gi tankane sine form, men innskrifta vitnar om bibellesing og eit gudfryktig sinn. Handskrift og ortografi (om ein kan bruke det ordet) peikar helst mot -talet.

Gunder Olsen Drabløs (–) får hand om bibelen Frå omkring  er det Gunnar Olsson Aaslid frå Volda, seinare betre kjend som songdiktaren Gunder Olsen Drabløs (–), som står fram som hovudpersonen i den meir eller minder ukjende eigarrekkja åt bibelen. Frå og med Gunnar er bibelen halden innanfor ein og same familien i fleire generasjonar heilt til han blir gitt attende til kyrkja på Sæbø i år . Det er ikkje tilfelleleg at Gunnar Olsson Aaslid tek hand om bibelen. Ættledane før han var lese- og til dels skrivekunnige. Dei var busette på den høgtliggande leiglendingsgarden Hesteflotene fremst i Dalsdalen i Dalsfjord. Ein av dei var lagrettemann og vart vald som ut21


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 22

sending til kongehyllinga av Frederik III på Akershus slott i  (Busetnad : ). Det var vanleg at lagrettemenn var lesekunnige, helst også skrivekunnige, jamvel om det fanst unntak. Etter at farfar til Gunnar døydde, prøvde enkja å halde på Hesteflot nokre år, men måtte gi opp. Frå no av kjem familien på rek. Dette vidvanke-mønsteret kom til å følgje ætta i generasjonar. Far til Gunnar, Ola Gunnarsson Hesteflot (–ca. ), slo seg ned i Austefjorden i Volda, der han vart bygselmann på garden Åslida. Men etter eit par års tid kom der ein ny leiglending og overtok Åslida, og huslyden måtte atter på flyttefot. Dei fire borna kom til ulike stader i bygda. Truleg fekk Gunnar Olsson bibelen i arv etter faren, som døydde i . Kvar faren hadde fått tak i han, er ukjent. Gunnar gifte seg i  med den -årige Marte Paulsdotter Drabløs (–) frå Dravlausmyra og tok då etternamnet Drabløs, slik skikken var. Gunnar har hatt eit aktivt forhold til Christian IIIs bibel. Den religiøse diktsamlinga hans, Biereede, som han gav ut  år gammal på Aarflots prenteverk på Ekset i , vitnar om grundig bibelkunnskap, som han til overmål manifesterer i boka. Kan hende er ein del av understrekingane i bibelteksten ved han. Om Gunnars songsamlingar, Biereede. Første Deel og Anden Deel, sjå s.  f.

Jeg Trængsel lidet har, er stødt fra Sted til Andet, heiter det i Gunnars diktsamling. På merkeleg vis speglar livet hans av lagnaden åt den gamle bibelen. Heilt sidan familien måtte flytte frå Åslida rundt , var dei på flyttefot. Som fiskar og strandsitjar måtte Gunnar kjempe ein utrøytteleg kamp for å halde svolten frå døra for seg og sine. I Biereede ser han lagnaden sin i lys av Gud som ivaretakaren og oppretthaldaren, eit gudsbilete som også dominerer i diktinga åt den tjue år yngre Niels Olsen Svee. Nokre få år dreiv Gunnar garden Myra saman med svigerfar sin. Men då svogeren Ola Paulsson Drabløs tok over i , måtte Gunnar 22


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 23

og Marte finne andre utvegar. Frå no av blir dei «stødt fra Sted til Andet». Vi kan rekkje fara deira gjennom dåps- og konfirmantlistene åt borna, for med skiftande bustader måtte borna innskrivast med namnet på den garden dei til ei kvar tid budde på. Gjennom mesteparten av livet sitt var Gunnar husmann og fiskar utan jord, slik han er klassifisert i folketeljinga i .

Gunnar prøver seg på latin Hos eliten var det vanleg å skrive latinske ord med latinske bokstavar, men i innskrifta nedanfor er det nytta gotisk skrift. Det peikar mot ein allmugeskrivar og må stamme frå tida etter at bibelen kom på rek: Cogita bonum loprere varum et facrer tum erminas timeas. Den latinske teksten i raudt blekk er delvis vanlaga. Men teksten lèt seg rekonstruere til eit kjent latinsk sitat: Cogita bonum, loque verum, et face jum terminus timeus. Skrivaren har sjølv gitt omsetjinga: Det er: Tenk hvad gaat er, tal hvad sant er, giør hvad ret er og frygt ingen. Og han legg til: Cruchs Christi nostra Gloria. Christi Kors er vores Ære. Nosce te ipsum. Det er: Kend dig selv. «Kjenn deg sjølv» er eit ord som blir tillagt fleire, bl.a. Thales frå Milet eller Solon, den attiske vismannen. Når eg har plassert denne latinske teksten som ei allmugeinnskrift, så er det ikkje berre fordi han er skriven med gotiske bokstavar, men også fordi ortografien i den danske omsetjinga peikar mot -talet, ikkje frå Hustad-tida –, då det var latinkunnige prestar som hadde hand om bibelen. Som eg har nemnt framanfor, kunne også allmugefolk lære seg visse latinske uttrykk og ordtak, særleg mot slutten av -talet, då kontakten med den lærde eliten vart større. Det hende til og med at ein bondemann rende til og kjøpte ei lærebok i latin, t.d. på auksjonar etter prestar, slik 23


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 24

Jakob Jonsen Ulvseth frå Ulstein gjorde (skifte i , jf. Fet : ). Sannsynlegvis er Gunder Olsen Drabløs skrivaren. For det første er den latinske teksten skriven med same raude blekket som namneinnskrifta Guner Olsen Aaslid at Drabløs ein annan stad i boka. For det andre viser Gunnar i Biereede, særleg i songen «Om Skabningsværket», at han hadde visse «lærde» kunnskapar, m.a. opererer han med eit par latinske og greske dyrenamn. For det tredje ser det ut til at han har vore særleg oppteken av det klassiske visdomsordet «Kjenn deg sjølv». I margen av Jeremias Prophete skriv han: [gud] give mig at lære mig selv at kende. Guner Olle sen Drabløs. Rundt  kom Gunnar og Marte til Indre Folkestad i Volda, der dei fekk bu på ein liten plass dei kalla Ura. Han blir no kalla «han Gunnja innji Urinnje». Ein grunn til at dei flytte, var at Marte hadde ei syster som var gift på Folkestad. Gunnar var no  år og livnærte seg som før av fiske.

Rasmus Vassbotn vøler bibelen i  Skulehaldaren, annalisten og bonden Rasmus Jakobsson Vassbotn (–) i Volda dreiv med bokbinding som fleire andre skulehaldarar på Søre Sunnmøre. Etter at Gunnar kom til Folkestad, har han vendt seg til Rasmus for å få bibelen vølt. Først og fremst trongst det ny innbinding. Det gamle skinnbandet var nok sprokke eller hadde losna i ryggen. Omtanken for den gamle bibelen frikjenner Gunnar for dei refsande orda Rasmus bruker om tidlegare «eigarar». Rasmus har hatt bibelen ei god stund heime i Vassbotnen. Då han var ferdig med arbeidet og hadde sett bibelens vanlagnad på nært hald, tek han bladet frå munnen: BIBLIA Denne meget Kære Bog i denne Tiidsalder; saa vel for sin gode og eenfoldige Stiil i Talemaader*); som og for sin Alders Skyld. Thi den 24


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 25

har nu i een Tiid af merre end  Aar siden den kom fra Pressen, omvanket i adskillige Meniskers Hænder, og i den Tiid har den vedfaret mange slette Skiæbner, blant andre forgiængelige Verdens Sager. Der siges at da Jøringfiordens kirke stod paa Huustad, og blev bort skyllet af Vandflod, da blev denne Bibel i samme Kirke, og fantes siden igien i Elven, men dog visseligen Tog deraf stor Skade, Ligesom den saa vel og siden [les: saa vel da som siden] om vanket i adskillige slette Folkes Hænder der merre har henseet til de store Bogstaver og Kaaberstikket, end til Ordene og indholden som den indeholder, og ønsker Jeg at den herefter maa komme i saadanne folkes Hænder som kand lade hinde fare vel; og tillige benytte sig af den til sin eegen Velfærd og Salighed, som er Hoved Hensigten, hvorfor den er bleven givet. *) Språket i Christian IIIs bibel er karakterisert som «lett og flytende», trass i den gammalvorne ortografien. Det er interessant at bonden og skulehaldaren Rasmus Jakobsson Vassbotn legg merke til dette.

Rasmus gav boka ny innbinding i heilt skinn, men messingbeslaga kan vere frå originalinnbindinga, like eins messingspenna. Også bladkantane må ha vore fillete og slitne etter lang tids bruk, så Rasmus har høvla dei heilt rundt, mest i nedre kant der slitasjen var størst. Dette har ført til at dei trykte bibeltilvisingane i margen er blitt avkutta, og innskrifter nedst på bladsidene er uheile og difor vanskelege å tyde.

Borna til Gunnar skriv i bibelen Ikkje alle i Åslid-Dravlaus-familien har skrive namnet sitt i Kvalsvikbibelen. Her er ingen spor etter Marte Paulsdotter, kona til Gunnar. Derimot var truleg alle dei åtte borna deira skrivekunnige, etter innskriftene å døme, som Paul, Ola, Anne og Hilde. Namn og fødselsår, somtid med dato og med ulik handskrift, finn vi spreidde på ledige 25


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 26

plassar i bibelen. Truleg er det Gunnar som har lært dei å skrive. Den yngste er kjend som Hilde Gundersdatter Drabløs (–). Jamvel om ho var fattig tenestgjente og høyrde til det sosiale botnsjiktet i Volda, hadde ho overskot og frimod til å gi ut to songar på Aarflots Bogtrykkerie i Volda i  med emne frå krigens tid. Det er verdt å merke seg at denne lågaste av alle i det sosiale hierarkiet er den første kvinna på Sunnmøre som stig fram med eigne dikt (sjå Fet : –). Men det er illustrerande at både Hilde og mora Marte enda på legda etter at Gunnar døydde i .

Bibelen kjem til Herøy og blir «Kvalsvikbibelen» Frå Gunnar må bibelen ha gått i arv til eldste sonen, Ola Gunnarsson. At bibelen framleis var i familien, går fram av at Ola har skrive namnet sitt i bibelen, t.d. under Ende paa Salomons Høysang: Ole Guner Sen . Men Ola døydde i  utan livsarvingar, og bibelen dukkar så opp hos systera Anne Gunnarsdotter Kvalsvik (–), noko som blir stadfest av enno eksisterande tradisjon hos etterkomarar i Kvalsvika. Anne vart gift i  med ein kar frå Langvatn i Austefjorden. Så lenge Anne levde, var det ho som var den rettkomne eigaren av bibelen. Frå henne gjekk bibelen til dotterdottera Anne Gurine Amundsdotter Kvalsvik (–), som fekk boka alt som  års unggjente i : Foræret af min Mor Moder Ane Gundersdatter Qvalsvig. Då Anne Gunnarsdotter døyr som enkje i , skriv dotterdottera dette: Nu er den Kone død som Elskede denne Bog. Dette var Ane Gunders Datter Kvalsvig i .

Nye ættledar, nye innskrifter I Kvalsvika følgde bibelen heile tida Annes etterkomarar, ættled for ættled. Jamvel om fleire skriv at dei eig bibelen, var han til felles bruk, også til å skrive namnet sitt i. Der er ein klår tendens til at det er mennene som 26


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 27

tek eigarskap av boka, jamvel om det var Anne Gundersdatter og dotterdottera Anne Gurine Amundsdotter som var dei rette eigarane. Såleis skriv den  år gamle Karl Amundsson at det er han som eig bibelen, og rykkjer ut med den fleire hundre år gamle felleseuropeiske våbøna over boktjuvar, som stammar frå ei tid då bøker var uerstattelege eigneluter: Stjæler nogen bogen Da er han en Tyv, i galgen skal han hænge i  Dage og den  Dag skal han i Galgen døe. Karl Andreas Berntinius Amund sen Kvalsvig. Karl Amundsson Kvalsvik var ein gåverik og skriveglad ungdom. Men han døydde alt i , berre tjue år gammal.

Kvalsvikbibelen kjem attende til kyrkja på Sæbø i  Med dei neste ættledane kjem vi så nær vår eiga tid at innskriftene har mindre interesse for sjølve soga om Kvalsvikbibelen. Eitt namn skal nemnast, Gunnar Karlsson Kvalsvik (–). Det var han som gav meg opplysningane om bibelen då eg registrerte gamle bøker i privat eige på Sunnmøre i – (Fet ). Han var soneson til Anne Gurine og samnemnd med tipp-tippoldefaren Gunder Olsen Drabløs. Det er verdt å merke seg at segna om opphavet til bibelen ser ut til å ha følgt boka heile tida, jf. Rasmus Vassbotns påskrift i . Etter at det i nyare tid vart klårt kor sjeldan og verdfull bibelen var, fann Kvalsvikfolket det rett å gi han attende til Hjørundfjord kyrkjelyd. Og sundag den . oktober  samla hjørundfjordingane seg på staden der bibelen var blitt berga i : tomta åt Mariakyrkja på Hustad. Det einaste minnet om den gamle kyrkja i dag er ein gravstein, ei skiferplate med ein innhoggen kross. Men den gamle bibelen som hadde lege på altarbordet, var komen attende. Den babylonske utlegda var over. Men framleis rugar bibelen over mange av sine løyndomar, der han ligg i sitt eldsikre skap i Hjørundfjord kyrkje.

27


Stemmer frå ei fjern tid ferdig_A 28.02.14 13.18 Side 28

Figur . Frå tilbakeleveringa av Kvalsvikbibelen 1. oktober . Sokneprest Kåre Øygard signar bibelen, som blir boren av Rune Mo. Dei står ved det einaste minnet som er att av kyrkja på Hustad, ein gravstein med ein innhoggen kross. Foto: Møre-Nytt, Ørsta.

Artikkelen framanfor er ein omarbeidd versjon av min artikkel «Soga om Kvalsvikbibelen», trykt i Årbok for Sunnmøre, utg. Sunnmøre Historielag, Sunnmøre Museum og Aalesunds Museum. Ålesund .

Profile for Det Norske Samlaget

Stemmer frå ei fjern tid  

Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550-1814, av Jostein Fet.

Stemmer frå ei fjern tid  

Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550-1814, av Jostein Fet.

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded