Page 1


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 1


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 3

S T A T S M I N I S T E R - B O K A av

Einar Ă˜kland

Samlaget

Oslo 2014


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 4


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 5

Statsminister-boka

Denne statsministerboka er ei bok for deg. Alle statsministrar kjøper denne boka.

Først til seg sjølv sjølvsagt. Så til alle barna sine. Og så til barnebarna.

Og så til foreldra sine. Og sistpå til besteforeldra.

Tenk: Då har alle i landet lese denne berømte boka –

utan du.

5


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 6

Statsministeren

Statsministeren liknar på deg og på meg og på alle andre statsministrar: Han likar å styre landet. Han likar å vere sint og å krangle og slåst. Han likar kalde kjøtkaker, og han er glad i sild. Fødselsdagsselskap har han og flass og hus som det kan flyge fly over og katt ved namn Paulus Olsen. Han har ikkje tid til å kjøpe seg sko i skobutikk. Ikkje er han statsminister for blåklokker heller. Og ikkje er han godvenn med bispen. Ofte ser han ut vindauga og tar fullstendig feil.

6


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 7

NĂŚrbilde av Statsministeren. Teikna ramme kring bildet, og ein liten lesar nedanfor, som kikkar undrande opp pĂĽ S.

7


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 8

Statsministeren og folket

Det er fullt Det er fullt Det er fullt Det er fullt Det er fullt Det er fullt og butikken.

av av av av av av

folk folk folk folk folk folk

i bussen. på toget. på båten. i flyet. i gata. i salen

Massevis. Hundrevis. Tusenvis. Millionar. Ja, millionvis av folk som er saman samstundes.

Vi kan ikkje sjå kven som er Statsministeren mellom dei.

Men vi kan stole på at han er der. Han kan vere kven som helst i bussen, på toget, på båten i flyet i gata i salen butikken. Det gjeld å sjå etter.

8


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 9

Folkemengder der alle er like.

9


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 10

Statsministerens fødselsdagskake

Ein dag i året minst er det fødselsdag med fødselsdagsselskap for Statsministeren.

Å, som gjestene gratulerer han i handa når dei kjem inn!

Å, som den store kaka ventar på bordet når dei skal setje seg!

Og kvart år må Statsministeren sjølv skjere kaka opp opp med ein kniv.

Og kvart år får alle gjestene kvar sitt stykke av marsipankaka med marsipanblomster.

Alle stykka er like, for Statsministeren gjer ikkje forskjell på gjester. Og alle stykka blir etne kvart einaste år, kvar einaste fødselsdag.

Utan eitt – det runde i midten. 10


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 11

Av og til er det runde midtstykket stort som eit tefat, av og til er det lite, lite som ein kopp.

Kven skal ha det? Står det nokon og ventar? Ute på kjøkkenet? Har Statsministeren fått seg ein hemmeleg venn?

Han skal vel ikkje ete det runde midtstykket sjølv når gjestene har gått heim?

Nei, Statsministeren han er blitt lei av kake med åra. (Det beste han veit er kjøtkake.) Men han har framleis Paulus Olsen, katten, i kosten.

Så manglar det runde stykket i midten av kaka når Statsministeren skjer den opp neste gong, skal vi ikkje spørje han kvifor, for då har det hendt noko trist, då er Paulus Olsen, katten, gått bort. Et han derimot opp det runde midtstykket sjølv er dei berre blitt uvenner det året. 11


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 12

Alle ser fulle av forventing p책 at Statsministeren deler opp kaka.

12


Statsministerboka ferdig_Layout 1 12.12.13 09.30 Side 13

Gjennom den halvopne døra ut til kjøkkenet får ein sjå litt av ein kattehale.

13

Profile for Det Norske Samlaget

Statsminister-boka  

Statsminister-dikt av Einar Økland

Statsminister-boka  

Statsminister-dikt av Einar Økland