__MAIN_TEXT__

Page 1

søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

1

11:56

Side 1


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 2

Marit Kaldhol har skrive desse bøkene for barn og unge: Farvel, Rune. Biletbok ill. av Wenche Øyen. Samlaget 1986 Vi kan dele. Barnebok ill. av Ingrid Egeberg. Eide Forlag 1988 Og låste med ein hengelås. Sirius Barn. Ill. av Dag Fyri. Samlaget 1991 Alle vi. Noveller for ungdom. Samlaget 1993 På vegen står ei jente med kniv. Barnebok. Samlaget 1995 frø. Dikt for unge. Samlaget 1998 – har du peiling på fisk? Ungdomsroman. Gyldendal/Tiden 1999 ein augneblink, kanskje to. Ungdomsroman. Samlaget 2001 stilk med to. Dikt for unge. Samlaget 2002 Reisa til H. Biletbok ill. av Justyna Nyka. Samlaget 2005 kino. Noveller for ungdom. Samlaget 2006 ho som ror. Dikt for ungdom. Ill. av Justyna Nyka. Samlaget 2007 Stripekalven. Biletbok ill. av Justyna Nyka. Cappelen Damm 2008

Prisar: Premio Europeo Pier Paolo Vergerio for Farvel, Rune 1987 Deutscher Jugendliteraturpreis for Farvel, Rune (saman med Wenche Øyen) 1988 Ålesund kunstnarpris 1995 Samlagsprisen 2001 Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for kino 2007

2


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 3

marit kaldhol

søkeord: ayotzintli

Det Norske Samlaget Oslo 2010

3


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no OMSLAG :

Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | EXIL DESIGN FØRTRYKK : Samlaget SKRIFT: Aksidenz og Sabon PAPIR : 90 g Munken Premium Cream 1.5 TRYKKERI : AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7640-7

Referansar s. 46: Torvald Sund: Eg er med deg, Kim. Samlaget 1983 s. 124: Jan Erik Vold: spor, snø. Gyldendal 1970 s. 99 og 113: Karin Boye: «I rörelse» henta frå Härdarna. Albert Bonniers Förlag 1927

4


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

Del I

«søkeord …» (Mikke, dagboka)

11:56

Side 5


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 6


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 7

07.02. kl. 05.57 det stinkar innestengt tåfis i heile rommet. eg opnar vindauget. ser lanternene til eit skip på veg ut fjorden. høyrer motorduren, kjenner kald luft

7


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 8

10.02. kl. 00.20 på kino med Sverre i kveld. han pissa seg ut, pisset rann nedover golvet i mørket, sildra akkurat då filmen var heilt stille. eg kjefta på han etterpå, sa alt eg ikkje skulle sagt. for ein pingle-dust eg er

8


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 9

11.02. kl. 00.15 mamma og Idar legg seg. lydane deira når dei går rundt og sløkker lysa og låser utedøra. opp trappa, inn på badet. så soverommet. steg og stemmer. mamma roper alltid god natt viss det er før tolv. etter tolv trur ho at eg søv. eg set på musikk. må snart lese til prøva i morgon

9


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 10

12.02. kl. 23.04 i Amazonas lever om lag tjue folkestammer som aldri har hatt kontakt med omverda. dei isolerte samfunna er sårbare for smitte utafrå, ein stor prosentdel av innbyggarane kan dø av sjukdommar dei ikkje har immunitet mot. men oljeselskap, tømmerhoggarar og misjonærar pressar seg på. regnskogfondet samarbeider med andre indianarstammer om vakthald rundt områda for å hindre inntrenging, for at dei skal få oppretthalde livet, landet og kulturen sin. den største stamma kan vere mascho-piro-indianarane i Peru, ’våre nakne brør’, som dei blir kalla. over 2 millionar kvadratkilometer tropeskog er blitt borte dei siste ti–tjue åra. altså: nesten like stort areal som halve Europa er utradert bare på den tida eg har levd. ein femdel av dei globale klimagassutsleppa kjem frå øydelegging av tropiske skogar. Amazonas er det største økosystemet som finst på jorda. kvifor ønskjer nokon å øydelegge det?

10


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 11

16.02. kl. 22.15 repeterte om diffusjon på laben i dag. øving med griselunger. vi stakk eit plastrør ned i det avkappa luftrøret, eg fekk blåse. lungeblærene fylte seg, lungene voks til to–tre gonger så store og blei svakt rosa, gjennomskinlege – kult! utvekslinga skjer i ein jævlig fart: kapillærårene ligg tett i tett, oksygenfattig blod blir skifta ut med det oksygenrike i lungeblæra, og oksygenmolekyla festar seg til hemoglobinet. dei to cellelaga mellom blodåra og lungeblæra er så tynne at gassen går tvers gjennom. diffunderer. først heldt eg litt for stramt. då pressa skum og slim seg opp langs røret. Jonas tok seg ein tur bortom vasken. så heldt eg akkurat passe – og då funka det. det var bare så stilig! lungene er gassutvekslingsorganet til amfibium, fugl og pattedyr. innvollane til grisen er dei som liknar mest på mennesket sine. den oppblåsne lunga var mjuk å ta på

11


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 12

17.02. kl. 22.50 det regna slik, Sverre ville ikkje gå ut nokon stad. vi blei heime på hybelen hans og såg ein dokumentar om havskjelpadder på tv. krypdyr som har eksistert i minst 200 millionar år – og no finst det bare seks havskjelpaddetypar att. dei pustar med lunger. eitt einaste innpust er nok til ein halvtime under vatn. dei har òg utvikla evne til å ta opp oksygen gjennom hudvevet i munnen og endetarmen slik at dei kan klare seg enda lenger. ferskvassartar i fleire dagar, havskjelpadder i ti timar, eller opp til tjuefire viss temperaturen er passe høg og aktiviteten låg. Sverre hoppa i sofaen kvar gong dei viste nærbilde. skjelpadda liksom sumde rett mot skjermen og mot oss. – ho ser på meg! ropte han. kvit, mjuk hud der føtene og hovudet stakk ut frå skalet. – eg vil halde henne og kose! sa Sverre. – du òg, Mikke? kose med henne? ho var på storleik med eit lite barn. munnen ein smal strek frå side til side. grøn havskjelpadde, Chelonia mydas. då programmet var slutt, gjekk Sverre over til å ramse opp namn på jenter han synest er fine. for 12


søkeord ayotzintli ferdig.qxd:A

11-05-10

11:56

Side 13

kvar einaste ei spurte han om eg var einig. regnet dreiv framleis sidelengs dĂĽ eg sa god natt og sprang heimover

13

Profile for Det Norske Samlaget

Sokeord ayotzintli  

1 Marit Kaldhol har skrive desse bøkene for barn og unge: 2 Prisar: Det Norske Samlaget Oslo 2010 3 marit kaldhol Referansar s. 46: Torvald...

Sokeord ayotzintli  

1 Marit Kaldhol har skrive desse bøkene for barn og unge: 2 Prisar: Det Norske Samlaget Oslo 2010 3 marit kaldhol Referansar s. 46: Torvald...