__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Andre billigbøker av Ragnar Hovland Under snøen. 2009 Fredlaus. 2008 1964. 2007 Utanfor sesongen.2006 Paradis / Eline og Julie tar ferja. 2006 Åleine i Alpane. 2006 Dr. Munks testamente. 2004 Ei vinterreise. 2002 Ein motorsykkel i natta. 2002 Sveve over vatna. 2002 Sjå www.samlaget.no for komplett bokliste.

2

Side 2


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 3

Ragnar Hovland

SJØLVMORD I SKILPADDEKAFEEN Prosa

Det Norske Samlaget Oslo 2010

3


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslagsfoto: («Turtle at Night») © Peter Maag www.petermaag.com Omslag: Asbjørn Jensen Printed in Denmark Boka er sett i Samlaget med Sabon Papir: Holme 52 g 2.3 Trykkeri: Norhaven A/S ISBN 978-82-521-7578-3

4

Side 4


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 5

Nothing’s real and nothing matters. They’re just different events. (Kathy Acker)


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 6


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 7

PÅKALLING Den tida kjem då det kjennest rett å påkalle sine forfedrar, kvar dei no måtte vere, og kva dei no måtte vere opptatt med. Oktobervinden suser over myrane og dvergbjørkene, og eg merkar at eg er litt for tynnkledd her eg står på fjellknausen med berre T-skjorte og skinnjakke som går opp i saumane, og roper på forfedrane mine. Om dei i det heile skal høyre på meg, må det vere herifrå. Men om dei har tid til å høyre på meg er, rimeleg nok, ei anna sak. Det kan vere andre ting som er viktigare for dei, slik det har vore ting som har vore atskilleg viktigare for meg enn å stå på eit berg i oktobervinden. Men no står eg på berget i oktobervinden og roper. Eg har stått på dette berget før, for lenge sidan, men då var eg annleis. Og om eg ropte noko, så ropte eg andre ting, ting det passa å rope for lenge sidan. No roper eg på forfedrane mine, ein plass langt bakom vinden, langt bortom rymden vida. Kanskje frys dei der. Eller kanskje har dei det varmt nok og interessante ting å snakke med kvarandre om. I alle fall svarer ingen av dei, noko eg tolkar slik at dei meiner eg får klare meg sjølv og finne mine eigne strukturar og samanhengar, 7


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 8

slik dei gjorde. Eller var det det dei ikkje gjorde? Eg lurer mellom anna på dette i den kalde vinden, og om nokon framleis skulle vere i tvil, så er det ikkje noko svar å få, og eg går ned att av berget, kjem meg i hus og lagar meg ei stor kanne varm kaffi som eg heller i meg før eg set i gang og skriv.

8


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 9

FØRSTE FIRE ÅR Eg blir fødd med blå skyggelue, det er tysdag og sol. Eg blir ein gut. Fødd inn i ein svær hage og eit hus som held på å ramle saman. Alt regnet gjennom taket og klingande vaskefat over heile golvet. Huset fullt av levande og døde menneske som alle blir våte no og då. Eg er liten og åleine heime. Nokon går på loftet. Plankane knirkar. Om natta kjem spøkelsa inn på kontoret og spretter opp bestefar sine bøker. Dei ser lesne ut. Ei gammal kone bur ein eller annan stad i huset. Ho kjem av og til ut på den rotne verandaen når det er sol. Eg er ikkje sikker på om ho er levande eller ikkje, og kastar ei gummiand på henne for å finne det ut. Gebisset hennar ramlar ut. Eg er stadig like klok. Eg har ein bror og ei Mikke Mus-maske. Eg er rasande, juler opp bror min og skjer så hòl i Mikke Mus-maska med ein potetskrellar. Eg er med far min på kontoret. Eg sit under eit skåp og skriv på ein svart skrivemaskin til kontortida er slutt. Eg er konkret: Skriv bokstavar. Sit bakpå sykkelen til far min heim. Han spyttar langt, det er imponerande. 9


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 10

Er med i varehus og ser på damene. Flotte damer med raude negler og lepper. Eg forelskar meg i dei. Ein mørk butikk. Ein mann med briller og kvit frakk bak disken rister på ei brun flaske med noko i. Køyrer på ski i hagen. Ramlar og ramlar, kjem aldri til å lære dette. Lærer songen «I en sal på hospitalet». Vil ikkje lære han, men lærer han likevel. Lovar meg sjølv å gløyme han så fort eg kan, og i alle fall aldri syngje han. Vi flyttar, ein svær, grøn flyttebil med alt i. Vi køyrer bak og passar på at stolar og bord ikkje ramlar ut. Det regnar ute på landet. Eg slepp unna den lagnaden å gå på skule i byen. Eg er fire år, har blå vindjakke og ein raud sekk på ryggen. Skal kjøpe egg åleine. Oppe på garden hos hønene ligg katten på trappa. Vil han klore? Han klorer. Eg skrik. Raude striper på handa. Eg likte spøkelsa betre. Egga skal vaskast i eddik. Eg sit på den brune divanen og ventar og lurer på om Marto har ei pannekake med smør og sukker til meg i dag, og tenkjer at det er mykje som alt er lenge sidan.

10


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 11

1954 Mor, far og eg. Dei trillar meg i sportsvogna oppover ei gate. Mor har grøn kåpe, eg veit ikkje om ho har noko hovudplagg. Far har mørkeblå frakk og svart (eller grå) hatt. Dei er unge, far har så vidt fylt 30, mor er 26. Eg er den førstefødde, og dei skubbar meg lett opp gata i haustsola. Eg visste ikkje den gongen kor dei køyrde meg hen. Det veit eg no, dei køyrde meg heilt hit, 31 år seinare, der eg skulle lage denne teksten om oss tre, haustsola og ei stille gate i ei tid då dette var nok til å lage ei heil verd.

11


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 12

KONTORET I tida før far min blei prest, jobba han på eit kontor nede i byen. Eg veit ikkje kva slags kontor det var, eller kor det låg. Den gongen førestilte eg meg av ein eller annan grunn at det var eit detektivbyrå. I alle fall var det eitt eller anna kontor. Då mor mi på same tid låg på Haukeland med isjias, måtte eg ofte bli med far på kontoret. Eg hadde ingenting imot det. Eg tenkte det kunne vere bra så tidleg som muleg å få innblikk i kva dei dreiv med på slike stader. – Der, sa far. – Der er ein gammal skrivemaskin. – Ein skrivemaskin? sa eg imponert. – Den kan du skrive på mens eg arbeider. – Å! sa eg. Far min rulla i eit kvitt papirark, og eg slo ned tastane slik eg visste at folk gjorde. Det kom bokstavar på arket. Eg bestemte meg for å vere konkret og skrive bokstavar, den eine etter den andre. Eg såg dei forme samanhengar som ein gong ville gjere ting med meg, få meg ut herifrå, la meg møte høgreiste kvinner med varme kroppar.

12


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 13

BYENS LYS Eg er liten og ser ut. Byen er full av lys og uendeleg stor. Lysa kjem frå vindauge der det sit folk og ser ut. Slik kjem det til å vere. Vi skal leve liva våre og av og til sjå ut.

13


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 14

TOGREISE Første gongen eg reiste med tog saman med far min, var eg liten. Det var ein varm dag og ei lang reise, og vi blei svært tørste, særleg eg måtte stadig ha meir å drikke. I Hønefoss blei vi sitjande lenge på ein benk og vente på toget til Drammen. Her var alt annleis, og ingen kjende oss. Far min kjøpte brus, og eg såg på mennene og damene, om nokon såg ut til å ville ta meg, eller om dei hadde hund. Alltid sidan har eg hatt ei kjensle av at vi var på flukt frå noko, men det kan vi vel ikkje ha vore.

14


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 15

1957 Skorne blir alltid gjennomvåte i graset. Far min seier: Ikkje gå for nær elva. Mor mi seier: Et først ei skive med honning. Vi har nettopp fått oss ein ny, svart Opel Rekord med sitjeplass til fem, pluss bamsar og fiskestenger. Vi må alltid kle godt på oss, for det er berre april. Skyene er fulle av seglskip, og på elva segler kinesiske bandittar som smuglar opium og krev å få sitronfromasj med krem, elles skal dei la oss få høyre dei styggaste orda som finst.

15


Sjølvmord i 2 korr.qxd:Sjølvnmord

15-12-09

10:17

Side 16

SNART Snart er ho død, men ikkje enno der ho går med armen fast om skuldra mi og dei varme leppene heilt inntil øyret mitt og seier ho skal fortelje meg noko eg aldri må seie til nokon og eg kviskrar med leppene heilt inntil øyret hennar at eg ikkje skal fortelje det til mor mi eingong og eg kjenner meg som noko eg aldri har visst og veit knapt kor eg er og epletrea blir usynlege og himmelen forsvinn i eit sluk og eg veit ikkje at neste sommar er ho død og eg vil gå den same vegen og himmelen vil vere tydeleg og eg vil tenkje på heilt andre ting.

16

Profile for Det Norske Samlaget

Sjolvmord  

Andre billigbøker av Ragnar Hovland Sjå www.samlaget.no for komplett bokliste. 2 Ragnar Hovland Prosa Det Norske Samlaget Oslo 2010 3 Printe...

Sjolvmord  

Andre billigbøker av Ragnar Hovland Sjå www.samlaget.no for komplett bokliste. 2 Ragnar Hovland Prosa Det Norske Samlaget Oslo 2010 3 Printe...