__MAIN_TEXT__

Page 1


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 1

Markus Lantto SJÅ HAN SYKLE Roman

Samlaget Oslo 2017


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 3

Vidar. Min kjære, høgt elska son. Første gongen du sa pappa, meinte du lampe. Etter det har vi prata med kvarandre som likemenn. Denne boka er til deg. Kanskje du skal vente med å lese den til du er blitt nokre år eldre. Eg kan uansett ikkje svare på alle spørsmåla dine.


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 4

Eg ser han ved horisonten. Det snør og blæs, men fotspora – som ikkje lèt seg forveksle med haren sine – går som to parallelle liner mellom han og ytterdøra. Med eit samanrulla kryssordblad i eine handa og ei pute i den andre. Enno er det ikkje for seint å ta livet sitt tilbake. Han skal riste av seg sjukdommens panser, opne auga. Og smile. Times and Worries in Maple Creek – Loren Morris


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 5

Hotellet Framme Eg er enno ikkje heilt i form etter bussreisa når eg stavrar meg inn på hotellrommet. Rom 212. Eg har lyst til å seie at eg ikkje veit kor eg er, eller korleis eg hamna her. Men det er klart eg veit det dersom eg berre tenker meg om, tek eit steg tilbake. Følgjer den tråden som kanskje kan vise veg ut av labyrinten av oppbrukt tid og energi. Noko slikt som dette skal eg ikkje gjere fleire gonger. Eg skal ikkje reise til både Vest-Afrika og det fjernaste Austen og Sibir og alt imellom på ei og same reise. Heretter får det bli eitt kontinent om gongen. Nei, eitt land om gongen. Eg må redusere ambisjonane. Men no vart det slik denne gongen, og eg får vel prøve å meine at det var verdt alt strevet når eg kjem heim. Eg skal sitte blant venner og mimre om den eine opplevinga etter den andre. Eg skal seie «det minner meg om då eg kom til … det var midt på natta, og … men ingen snakka engelsk, så eg måtte …» Eg vart ganske enkelt lei av reisefølgjet mitt. Derfor hoppa eg av det heile. Og hamna her. Dei andre tok flyet til Moskva. Eg tok ein miserabel buss som berre såg fin ut frå utsida. Eg må ha kryssa minst éi landegrense medan eg sat i baksetet og sov med open munn og spytt som rann nedetter kinna. Eg kan like godt sitte her på eit hotell ein månad eller to medan mørket veks seg djupare og temperaturen søkk der heime i Norden. Alt er så billig her, så eg vil prøve å bite meg fast og sørgje for å kjede meg på ein kreativ måte. Enno har eg ikkje pakka ut, eg fekk ei kjensle av at eg blir nøydd til å byte rom snart. Resepsjonisten kikka på meg som om han var redd for 5


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 6

meg. – Room? sa eg. Chambre. Fyren bak skranken svarte noko som høyrdest ut som eit spørsmål. Han gjentok det fleire gonger, så eg sa «Swedish, schwedish, room, zimmer. Chambre». Då snudde han seg og fann fram nøkkelen til rom 413 og kikka granskande på meg igjen, så eg sa «for éin» og viste éin finger. Han rekte fram nøkkelen, men angra seg før eg hadde teke imot den og henta fram nøkkelen til rom 212 i staden. Trudde han at eg reiste saman med nokon? Ei seng, eit klesskåp, eit lite bord og kanskje ein vask. Det var det eg ville ha. Og det fekk eg. Og til og med eit bitte lite badekar. Men dei har ein finurleg måte å reie opp senga på. Dyna ligg ikkje flatt på senga, men er forma i ein boge. Derimot har dei ikkje bretta toalettpapiret i ein fin liten spiss, slik ein bruker å gjere på andre hotell eg har besøkt. Då har det hendt at eg har bretta ein ny, fin spiss på toalettpapiret før eg har sjekka ut av rommet og reist vidare. For at vaskedama skal få noko å tenke på. Og ein gong, på hotellet i Vilhelmina, plasserte eg ein stol på senga og breidde dyna over den, og deretter la eg dei små nattborda ned på golvet med gapande skuffehol og stappa ei pute ned i kvar av dei. Så sjekka eg ut og vart borte i snøføyke og tåke langs Europaveg 45, retning sørover. Etter dette har eg alltid valt å ta inn på ein B&B i Stensele i tilfelle nokon skulle kjenne meg igjen om eg kom tilbake. No er det like før eg går til sengs, eg høyrer at det er nokon på naborommet. Det er godt å vite at eg ikkje er åleine på hotellet. Eg veit ikkje kvifor det kjennest slik, eg drog jo hit for å få vere i fred. Eg er svolten, men maktar ikkje å ete nokon ting. Eg har vondt i hovudet. Eg er tørst. Eg er swedish, schwedish, room, zimmer. Eg trur pianotrekkspelaren nede på gata er blitt galen. Det kjem ikkje mykje vatn ut av krana. Og eg tør ikkje drikke dei dropane som kjem. Eg går ut av hotellet, følgjer gata eit stykke og finn ein svært liten restau6


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 7

rant. Eller kanskje ein pub med matservering. Det er bestilling i baren, og tallerkenen blir plassert på bardisken utan noko meir om og men. Ein må halde greie på kva det er ein har bestilt, og kva tid maten kjem. Men eg peiker berre på ei flaske på ei hylle, tenker at det godt kan vere ein pale ale. Pale ale med ein elg på etiketten. Det finst vel ingen elgar her? Kan hende nokre streifelgar som taust og sørgmodig tek seg over fjellkjedene og ned i dei vide dalbotnane, trampar ned kornåkrar i smale striper. Dei når fram til Raudehavet og nøler litt før dei kliv uti. Sym dagar i strekk, stig opp på ei strand, vandrar vidare gjennom nye skogar, bort frå store vatn. Elgar er ikkje vane med saltvatn. Eg er ikkje van med saltvatn. Det kjennest feil på noko vis. Ein pale elg. Bleik av einsemd. Tilbake på rommet såg eg at reingjeringspersonalet hadde vore der. Sengeteppet ligg framleis i ein haug ved fotenden, der eg slengde det i går kveld, men dyna er plassert i same bogeform som sist. Vaskedama må ha flytt rundt på tinga mine, for dei ligg ikkje heilt på same vis som då eg gjekk ut i føremiddag, men eg kan ikkje påstå at rommet er reingjort. Ingenting er stole, det har eg sjekka. I rommet ved sida av høyrer eg at det er arbeid i gang. Oppussing pågår, forstår eg. Og det kan det jo vere bruk for. Hilbertrommet. Eit abstrakt matematisk rom med uendeleg mange dimensjonar. Kvar gong det finst eit val å ta, vil altså alle moglege utfall bli realiserte, det er berre det at dette skjer i ulike univers. Då ei vekkarklokke ringde i dag tidleg, stod nokon opp i eitt univers og sovna på ny i eit anna. Dei ulike verdene er usynlege for kvarandre og utan passasje seg imellom, men begge finst i Hilbertrommet. Denne morgonen fekk eg frukost. Det er vanskeleg å vite om eg må betale ekstra for det, men det vil vel vise seg den dagen eg sjekkar ut. Etterpå gjekk eg ut i byen igjen. Eg ventar på å oppdage at byen er sjarmerande. 7


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 8

At eg heilt genuint skal få lyst til å bli verande her. Eg kikka over eit gjerde og fekk auge på noko som kanskje er eit friluftsatelier. Det stod ein treskulptur der. Til vanleg hadde eg ikkje brydd meg. Men no er den ein interessant markør for tid og stad. Aldersfiksert, autogen, blokkuavhengig, buldrande, direkteverkande, entusiastisk, flashy, forfallen, førehandsinnstilt, genmodifisert, konsistent, kontrafaktisk, mafiaaktig, metroseksuell, minimalistisk, multiresistent, nærprodusert, patriarkal, queer, sprøsteikt, systemkritisk, transgen, utagerande, utsleppsreduserande, utvisingstruga, vestvennleg. Eg skreiv alt saman ned i notatboka mi før eg gjekk vidare.

8


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 9

Over hava i store båtar Kan hende tek ei historie til i den augneblinken då bølgjene når fram til klippa og slår seg fortvila sønder og saman i skum og djupe andedrag. Bølgjene mot klippa, som i ein filmscene. Ein skipskaptein, ein eventyrar, vaknar opp frå ein tanke som fordampar under fylte storsegl, fokk og jagar, og forlèt han sporlaust. Det begynner når Korpilombolus held sin blanke messingbåtshake i handa og innser at han har køyrt feil. Du mi hjartegode, aller høgst elska Sansibiria. India ligg framleis ikkje for føtene på meg. Jorda er rund og ikkje pæreforma slik eg trudde, dessutan så utruleg mykje større enn det presteskapet sa at den var. Og i tillegg brenner dei folk på bål som seier at sola er universets midtpunkt, ikkje fordi jorda er rund. Herrens hage er fantastisk, men vi forstår den ikkje. Vi enkle menneske hadde behøvd ei fruktkorg med kunnskapseple. Vi vil ikkje bli Gud, vi vil berre forstå kva han meiner. Og for det skal vi bli brende på bål som kjettarar. Vakre Sansibiria mi, held du av meg sjølv om anden min er svak i trua og kroppen ikkje duger til stort? Men ein ting som skil Korpilombolus frå hans samtidige oppdagingsreisande, er at kartet kjem til syne for han i glødande trådar over ein geiterygg, halden av to erkeenglar. Når han langt seinare har gått i land for siste gong, skal han kle seg i fransiskanarmunkens kappe. Han skal høyre guddommelege røyster som befaler han å legge ut på krosstog, erobre Jerusalem. Då skal han seie at dei sjøreisene han har bak seg, var reiser til Paradiset, og at blodet og lekamen hans utgjorde ei brikke i Guds eige spel. Dei haitiarane han tok som slavar, alle dei hendene han hogg av, besetningsmennene han hengde, alt dette var for Gud og Gud åleine. 9


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 10

Sansibiria, korgblomen min. Eg er fortvila. Vegen til India er sperra av eit kontinent. Av to kontinent. Og ingen kanal kan ta meg gjennom det smale sundet som skil dei. Korpilombolus kan ikkje lenger skilje loggboka på skipet frå kjærleiksbreva sine. Eg saknar deg slik eg saknar India med sine krydder og mineral. Du er livets salt. Du er India. Slik skriv han til ettertida. Seinare, heime på vertshuset i lag med gode venner, har han gløymt henne. Det er ikkje sant, det du seier, seier vennene og syg på kritpipene sine. Dei lener seg likevel mot han for å få med seg alt han seier. Du snakkar som ein dåre, seier dei og bankar forsiktig tobakken ut av merskumspipene sine. – Kjære dekksgutar og roarar. Skottvendarar og seglmakarar, kanonørar, kallustrar og falsbindarar. Mi vêrbitne besetning, de overtruiske halvmenn som forlét fastlandet som tolvåringar. Jorda er rund. Det har den alltid vore. Og dei lærde har sagt det i fleire hundre år, ikkje berre Eratosthenes. Først på attenhundretalet kjem den britiske oppfinnaren Samuel Rowbotham til å påstå at jorda kviler på ei flat skive med sentrum ved Nordpolen og Antarktis som ein vegg av is som reiser seg kring kanten på skiva. Og sjå no her, de havets beduinar og skipsrotter, denne dingsen eg held fram for auga og dei måpande munnane på dykk – denne jordkloden er jo rund, ikkje sant. Eller snarare pæreforma. Eg har laga den sjølv. Sjå – her er vi. Og her, på andre sida av dette grøne området som tyder hav, utan at det er nokre øyer eller sjøuhyre å passere, er India. Vi skal ikkje ramle utfor eit stup og ned i det kalde nattemørket og underverda med sine redselsfulle urtidsdyr som det står blå flammar ut av kjeften på. Høyr no etter, mannskap. Dette er viktig. Vi veit jo alle at tre flyt i land. Tre som ikkje har noko motstykke på nokon kyst i den kjende verda. Som ikkje ein einaste sjøfartsnasjon har noko namn for på språket sitt, og som derfor stammar frå ein annan plass. Det er indiske tre, mine venner. Mørke i 10


Sjå han sykle ferdig_Layout 1 06.03.17 10:56 Side 11

veden og harde og tynne, eller forunderleg lette og grøne, som har falle i havet og følgt med straumane. Det finst land på andre sida av havet. Vi skal finne vegen til India. Vi skal finne gull og pepar. Eg sit på ein bar, eller er det ein kafé; det er vondt å seie kor grensa går i dette landet. To eldre herrar kjem inn. Den eine har ein skikkeleg bart, den andre har hår på hovudet. På tallerkenen ein keso-liknande masse til blinien, ikkje noko mjølk til pisskaffien. Nei, Korpilombolus kom heim og innsåg at han ikkje hadde vore i India. Men han samla vennene kring seg på vertshuset Det Gylne Kjønnsorgan heime i Swinemünde, åt svartbrende vaflar med steikt enkeltbekkasin og einebær, og gjennom heitvinen la han ut om indianarane og kvinnene deira. Han var son av ein vevar og fridykkar frå Hinter-Pommern som skapte seg eit namn som hærførar mot samane som var komne stormande nordfrå med sine samiske katamaranar, hundesledar og zeppelinarar i sitt einaste forsøk på å gjenerobre alt landet sør om Austersjøen. Dei var til saman femtisju stridslystne samar som ruste med dødsforakt mot rustne spyd og hellebardar frå mellomalderen. Dei fleste døydde, fire vart tekne til fange og viste fram på eit sirkus i Hamburg. Éin lét seg kristne. Korpilombolus døydde i 1506, og ettersom han var av det finare slaget, vart kjøtet skilt frå skjelettet på tradisjonens vis og leivningane gravlagde til saman fire gonger i løpet av dei neste fire hundre åra. Støtt er det nokon som hevar stemma og krev at han skal vere fødd i nett deira vesle landsby. Og femtenhundretalet ligg jo så langt tilbake i tid, korleis kan ein vite sikkert? Då han kom heim frå si siste lange sjøreise, hadde portugisarane vunne kappløpet til India.

11

Profile for Det Norske Samlaget

Sjå han sykle  

Roman av Markus Lantto.

Sjå han sykle  

Roman av Markus Lantto.