Septologien I-II. Det andre namnet

Page 1



Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 1


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 2

     Raudt, svart. Roman  Stengd gitar. Roman ,  Blod. Steinen er. Forteljing  Naustet. Roman , , , ,  Flaskesamlaren. Roman  Bly og vatn. Roman ,  To forteljingar.  Prosa frå ein oppvekst. Kortprosa  Melancholia I. Roman , , ,  Melancholia II. Roman , , ,  Eldre kortare prosa.  Morgon og kveld. Roman , ,  Det er Ales. Roman , ,  Andvake. Forteljing ,  Kortare prosa.  Olavs draumar. Forteljing ,  Kveldsvævd. Forteljing  Trilogien. [Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd] Roman ,  Levande stein. Kortare prosa 

Jon Fosse har også skrive skodespel, dikt, essay, barnebøker og omsett skjønnlitteratur Sjå www.samlaget.no


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 3

Jon Fosse

Det andre namnet  – Roman

Samlaget Oslo 


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 4

© Det Norske Samlaget  www.samlaget.no : Stian Hole : Samlaget : Adobe Garamond / : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden  ----


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 5

Og eg vil gje han ein kvit stein, og pĂĽ steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som fĂĽr det. Openberringa

Dona nobis pacem. Agnus Dei


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 6


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 7

Til Anna


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 8


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 9

I


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 10


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 11

O

g eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane, ein lilla og ein brun, som kryssar einannan på midten, eit avlangt bilete, og eg ser at eg har måla strekane langsamt og med tjukk oljemåling, og ho har runne, og der den brune og den lilla linja kryssar einannan blandar fargen seg vakkert og renn nedetter og eg tenkjer at dette ikkje er noko bilete, men samstundes er biletet slik det skal vera, det er ferdig, det er ikkje meir å gjera med, tenkjer eg og eg må få biletet bort, eg vil ikkje lenger ha det ståande der på staffeliet, eg vil ikkje sjå på det meir, tenkjer eg og eg tenkjer at i dag er det måndag og eg tenkjer at eg må setja biletet bort til dei andre målarstykka eg arbeider med, men som eg enno ikkje er ferdig med, dei som står med blindramma ut der mellom døra til kammerset og døra til gangen, under knaggen der den brune skulderveska 11


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 12

i lêr heng, den eg har skisseblokk og blyant i, og så ser eg mot dei to stablane med ferdige bilete som står stødde mot veggen attmed kjøkendøra, eg har alt eit lite tital større målarstykke ferdige, og så fire fem små, noko slikt, i alt er det fjorten bilete, og dei står i kvar sin stabel jamsides einannan der attmed kjøkendøra, for det er ikkje så lenge til eg skal ha utstilling, dei fleste bileta er meir eller mindre kvadratiske, dei seier, tenkjer eg, men stundom målar eg òg bilete som er lange og smale og biletet med dei to strekane som kryssar einannan er rektangulært, dei seier, men det biletet vil eg ikkje ha med på den neste utstillinga eg skal ha, for eg likar eigentleg slett ikkje biletet, og kanskje er det ikkje noko målarstykke i det heile, berre to strekar, eller kanskje vil eg ha det sjølv og ikkje selja det? for det finst dei bilete eg vil ha sjølv og ikkje vil selja, og dette er kanskje eit av dei jamvel om eg mislikar målarstykket? ja endåtil om det kanskje må seiast å vera eit mislykka bilete så vil eg kanskje ta vare på det og ha det sjølv? og ikkje veit eg kvifor eg vil ha det sjølv saman med dei få andre bileta eg har ståande der på loftet, på den eine kvisten der, og ikkje vil verta av med, eller kan12


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 13

skje, forresten, kanskje Åsleik vil ha biletet? ja for så å gje det i julegåve til Systera? for kvart år, i adventstida, får han eit målarstykke av meg som han gjev til Systera i julegåve, og så får eg kjøt og fisk og ved og anna av han, ja og så må vi ikkje gløyma at han òg brøyter gardsvegen min om vinteren, som Åsleik plar seia, ja det òg liksom, og når eg så seier kva eit slikt målarstykke vert selt for i Bjørgvin, ja då seier Åsleik at det for han er uskjøneleg at folk vil betala så mykje for eit bilete, ja dei som det gjer må i alle fall ha flust med pengar, seier han, og eg seier at eg kan skjøna at han tykkjer det er mykje pengar, for det gjer eg òg, og Åsleik seier at då, at når det er slik, så er det eigentleg ein god handel han gjer, og i så fall gjev han Systera ei altfor dyr julegåve kvart år, seier han og eg seier ja ja og så vert det taust og så seier eg at det hender no at eg stikk til han eit par setlar for pinnekjøtet og spekekjøtet og turrfisken og veden, og for brøytinga, og kanskje ein pose med litt matvarer kjøpte i Bjørgvin når eg har vore på handel der, seier eg, og han seier noko brydd at ja eg gjer då det, rett skal rett vera, seier han og eg tenkjer at det skulle eg ikkje ha sagt, for Åsleik vil ikkje ta imot pengar 13


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 14

eller noko anna, men når eg meiner at eg har så eg klarer meg, har nøgda, og han godtsom pengelens er, ja då stikk eg liksom berre nokre setlar til han snøgt og i løynd og som om vi liksom ikkje merkar det, og det same når eg er på handel i Bjørgvin, då kjøper eg òg alltid med noko til Åsleik, tenkjer eg, for om eg tener lite, ja så tener han nesten ingenting jamført med det eg tener, tenkjer eg og eg ser mot stablane med ferdige målarstykke som står med den heimesnikra blindramma ut, og kvart bilete har tittel, og den er måla med svart tjukk oljemåling øvst på blindramma, og det målarstykket som står ytst og som eg ser imot det heiter Og bølgjene slår sitt noko, ja titlane er viktige for meg, dei er som del av sjølve biletet, og alltid målar eg dei med svart oljemåling øvst på blindramma, og blindrammene mine dei snikrar eg sjølv, det har eg alltid gjort og det kjem eg til å gjera så lenge eg målar, tenkjer eg og eg tenkjer at eigentleg er det kanskje for mange bilete til ei utstilling, men eg tek alle med og leverer dei til Galleri Beyer og så får heller Beyer setja nokre til sides der i siderommet til sjølve galleriet, i Banken som han kallar rommet der han lagrar bilete som ikkje er 14


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 15

utstilte, tenkjer eg og så går og eg ser atter mot biletet av dei to strekane som kryssar einannan, begge er måla tjukt, pastost, dei seier, og oljemålinga har sige litt, og så har det vorte ein slik forunderleg farge der dei to strekane kryssar einannan, det er ein vakker farge utan namn, såleis det som oftast er, for det kan sjølvsagt ikkje finnast namn på alle dei tallause fargane som finst, tenkjer eg og eg går nokre meter bort frå biletet og eg vert ståande og sjå på det og så sløkkjer eg lyset og så står eg der og ser på biletet i mørkret, for ute er det mørkt, på denne tid av året er det mørkt, eller nesten mørkt, døgeret rundt, tenkjer eg og eg ser mot biletet og augo er ved å venja seg til mørkret og eg ser strekane, ser dei kryssa, og eg ser at det er mykje lys i biletet, ja mykje usynleg lys, så då, ja då er det vel eit godt målarstykke likevel, kanskje, tenkjer eg, og eg vil ikkje lenger sjå på biletet, tenkjer eg og så vert eg ståande og sjå på biletet likevel, og no må eg gje meg med det, tenkjer eg og så ser eg mot det runde bordet der framfor vindauga, attmed det runde bordet er to stolar, og i den eine, den til venstre, der sat og sit eg, og i den til høgre der sat støtt Ales, ja så lenge ho levde, men ho døydde 15


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 16

så altfor ung og det vil eg ikkje tenkja på, og syster Alida, ho òg døydde så altfor ung og eg vil ikkje tenkja på det, tenkjer eg og eg ser meg sitja der i stolen min og sjå mot den faste staden eg plar sjå mot der ute i Sygnesjøen, på peilinga mi, der toppen av furua nedanfor huset mitt skal vera midt i den midtre glasruta i det todelte vindauga, i den høgre delen, for vindauga er delt i to, og begge delane kan opnast, og kvar del av vindauga er delt i tre ruter, og det er midt i den til høgre at toppen av furua skal vera og eg skimtar furua og på médet mitt kan eg sjå bølgjene der i mørkret og eg ser meg sitja der og sjå mot bølgjene og eg ser meg gå mot bilen min der han står parkert framfor Galleri Beyer, eg går i den lange svarte frakken min, og over skuldra heng den brune skulderveska i lêr, og eg har nettopp vore innom Kaffistova, men i dag hadde eg ikkje større matlyst og så vart det til at eg som så ofte før ikkje kjøpte meg middag, men berre eit karbonadesmørbrød med lauk, og no er det langt på dag lide og eg har handla inn alt det eg hadde tenkt å kjøpa i Bjørgvin, så no er det på tide at eg køyrer heim att til Dylgja, det er ein heil køyretur, trass alt, tenkjer eg og eg set meg 16


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 17

inn i bilen og eg legg den brune skulderveska frå meg i passasjersetet og eg får start på bilen og så køyrer eg ut or Bjørgvin den vegen Beyer ein gong i tida lærde meg å køyra, ja for ein dag lærde han meg å køyra både inn til og ut or Bjørgvin, han lærde meg å køyra inn til Galleri Beyer ein veg og å køyra ut frå Galleri Beyer same veg i motsett retning, tenkjer eg og eg køyrer ut or Bjørgvin og eg fell inn i den gode døs som køyringa kan gje og eg ser at eg no straks køyrer forbi blokka der Asle bur, der i Skutevika, heilt i sjøkanten ligg ho og det er ei lita bryggje framfor henne, tenkjer eg og eg ser Asle liggja der på sofaen og han skjelv, heile kroppen hans skjelv og Asle tenkjer at kan ikkje denne skjelvinga gje seg? og han tenkjer at han i går kveld berre la seg til å sova på sofaen, for han orka ikkje å reisa seg og kle av seg og gå og leggja seg i senga si, og hunden, ikkje eingong hunden, Brage, orka han å lufta, så han er nok skikkeleg trengd no, tenkjer han, og no må han ikkje skjelva så mykje, for heile han skjelv, og ikkje berre hendene, tenkjer Asle og han tenkjer at no må han koma seg på beina og gå ut på kjøkenet og få i seg litt sprit slik at skjelvinga gjev seg, for 17


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 18

i går kveld kledde han ikkje av seg og gjekk og la seg, nei han vart berre liggjande på sofaen og sov rusen ut der, tenkjer han og no ligg han der og ser rett føre seg medan kroppen skjelv og skjelv, tenkjer han, og alt er, ja kva er det? eit tomrom? eit ingenting? ein fråstand? ja, ja kanskje, ja ein fråstand kanskje, tenkjer han, og no må han få i seg litt sprit slik at den verste skjelvinga gjev seg, tenkjer Asle og så, så skal han gå ut og då skal han gå ut i sjøen ja, tenkjer Asle, det einaste han ynskjer, det einaste han vil, er å verta borte, forsvinna, slik syster Alida forsvann alt då ho berre barnet var, ho låg der berre død i senga, Systera, tenkjer Asle og slik han granneguten forsvann, han som heitte Bård, han som datt på sjøen frå båten far hans åtte og ikkje kunne symja og ikkje klarte å koma seg om bord att i båten og ikkje inn att til lands, tenkjer Asle og han tenkjer at no skal han ta seg på tak og koma seg på beina og så skal han gå ut på kjøkenet og skjenkja seg eit drygt glas sprit slik at skjelvinga gjev seg litt og så skal han gå rundt i husværet og sløkkja lys, i heile husværet skal han gå rundt og sjå til at alt er i orden og så skal han gå ut or husværet, låsa døra etter seg og så skal 18


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 19

han gå ned til sjøen og så skal han gå ut i sjøen og berre halda fram med å gå utetter i sjøen, tenkjer Asle og han tenkjer tanken om att og om att, det er den einaste tanken han klarer å tenkja, tanken på at han skal gå ut i sjøen, tenkjer han, og at han så skal forsvinna i sjøen, i bølgjenes ingenting, tenkjer Asle og tanken går som rundt og rundt i hovudet hans, tanken gjev seg ikkje, held berre fram, for einast den tanken, den eine tanken, har nærvær i seg, alt anna er tom fråstand, tom nærleik, nei ingenting er tomt, men det er likevel tomt der i sitt mørker og alle andre tankar han freistar å tenkja klarer han ikkje å tenkja, dei er for tunge, også tanken på at han skal lyfta den eine armen kjennest for tung, og han merkar at han skjelv, endå han ikkje rører på seg i det heile så skjelv kroppen hans, og kvifor orkar han ikkje tanken på å reisa seg? på å lyfta ei hand? og kvifor er det einaste han klarer å tenkja at han vil gå ut i sjøen? han vil drikka nok til at skjelvinga gjev seg, så sløkkja lyset i husværet, kanskje rydda husværet, om det måtte trengast, for alt må vera i orden før han går, tenkjer Asle og han tenkjer at han kanskje burde ha skrive noko til Vesleguten, vaksne karen han no 19


Septologien I-II ferdig.qxp_materie 14.12.2018 16:04 Side 20

er, ja vaksen for lenge sidan, han som no bur der i Oslo, eller han kunne ha ringt til han kanskje? men korkje han eller Vesleguten er så glade i å snakka i telefon, tenkjer Asle, eller kanskje skal han skriva eit brev til Liv? dei var då gifte i fleire år, men det er så lenge sidan dei skildest at det ikkje lenger er vonde kjensler dei to imellom, for han kan liksom ikkje berre verta borte utan å ta farvel med nokon, det kjennest feil, men den andre han var gift med, Siv, ho orkar han ikkje eingong å tenkja på, ho tok berre med seg Gutungen og Dottera og flytte bort frå han, brått var ho berre borte, ja han hadde ikkje eingong tenkt tanken på at dei skulle skiljast då ho sa til han at no var det nok og så tok ho med seg Gutungen og Dottera og flytte, ho hadde alt funne eit husvære til dei, sa ho og han skjønte ikkje noko, tenkjer Asle og så kom Gutungen og Dottera til han annakvar helg ei tid, tenkjer han, men så fann Siv seg ein ny mann og ho tok med seg Gutungen og Dottera og flytte til Trøndelag ein eller annan stad, til den nye mannen ho hadde funne seg, ho tok borna med seg og reiste og så var han åleine att og så skreiv Siv og kravde at han skulle betala det eine og det andre, og same 20