Hausten 2020

Page 77

høgare utdanning

PEDER HAUG

SPESIALUNDERVISNING INNFØRING FOR STUDENTAR Kva treng lærarar å vite om spesialunder­ visning? Kva handlar spesialundervisninga om, og korleis fungerer ho? Boka gir eit historisk overblikk over spesialundervisninga, korleis ho blei til, kva formål ho har, og korleis organiseringa har endra seg. Forfattaren tek utgangspunkt i komplementaritetsteorien, som går ut på at når den ordinære opplæringa er god, er behovet for spesielle tiltak lite, medan behovet for spesielle tiltak aukar når den ordinære opplæringa er mindre god. Studentane får ei innføring i kva teoretisk grunnsyn spesialundervisninga byggjer på, og korleis dette har endra spesialundervisninga over tid. Vidare går

høgare utdanning | ISBN: 9788234002397

ISBN 978-82-340-0239-7 PRIS KR 299,- | UTG. AUGUST

e-bok | ISBN: 9788234002403 PRIS KR 249,- | UTG. AUGUST

forfattaren gjennom kva vi veit om korleis spesialundervisninga fungerer i dag, kva vi veit om dei elevane som får spesialundervisning, og om utbytet for elevane. Boka er skriven spesielt for lærarstudentar og

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 3 9 7

9 788234 002397

lærarar.

peder haug er professor emeritus i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda. Han har arbeidd ved Høgskulen i Volda sidan 1976, men med lengre engasjement ved Senter for barneforsking NTNU, Noregs forskingsråd, Universitetet i Stavanger, Skolverket i Sverige og Uppsala Universitet. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om tema som gjeld barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning.

77


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.