Page 1


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 1


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 2

Diktsamlingar av Jon Fosse: Engel med vatn i augene.  Hundens bevegelsar.  Hund og engel.  Nye dikt.  Auge i vind.  Songar.  Stein til stein.  dikt og  salme. ,  Poesiar. Etter Henrik Wergeland.  Jon Fosse har også skrive romanar, dramatikk, essay, barnebøker og omsett skjønnlitteratur Sjå www.samlaget.no


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 3

Jon Fosse

RO MITT HAV Dikt i utval ved Anne Marit Jacobsen

Samlaget Oslo 


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 4

© Det Norske Samlaget  www.samlaget.no : Stian Hole : Samlaget : Minion ,/ : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden  ----

Merknad Gjennom åra har rettskrivinga mi endra seg ein god del, enkelt sagt har eg gått frå ein heller samnorsknær nynorsk og til ein meir tradisjonell nynorsk. I dette utvalet er kronologien broten, slik at ein til dømes i det eine diktet finn a-infinitiv og i det neste e-infinitiv. Eg har, med få unnatak, valt å lata det stå slik. Likevel er somme normaliseringar gjort konsekvent, til dømes er ansikt, der det var skrive, endra til andlet. Eg har også late eit ord som bevegelse stå i eitt dikt, sjølv om eg elles nyttar rørsle. Somt må stå slik det i si tid vart skrive, av ymse grunnar, også lydlege. Grotten, i juni 2019 Jon Fosse


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 5

Innhald  Å forstå og å ikkje forstå. Føreord av Anne Marit Jacobsen                          

Eit barn som finst Barnet protesterer Barnet forklarer seg Ein liten gut Høyrer du hjartet mitt kome Eit barns augo Himmelauge Desse inste dagar Andre hundesong Stein på stein Fjellet held anden Regn Vindsong Ei øy Stein til stein Snøsong Det mørknar Mellom grønt og blått er Augesong Kjærleiken er-song Kvarandre Usynlege hender leier oss Det som ikkje er Auge i vind Berre veit Dette eine

                          

Hunden i den store skogen Ein stille vind Eit andlet opnar seg Eg vil lytte til englane Ingenting overtyder meg meir Kven er det som skriv Medan morgonen opnar si natt Eg er litt utanfor meg sjølv Er trøytt-song Og folk lèt att hjarta sine Opne hus Eg er ikkje lenger Dei går gjennom fjella I det våte fjellet Som regn Kven er det no som treng hjelp Bølgje Båt i mørker Uboteleg Dagane skal forsvinne Åleine og trygg At det står Sjøsong Det går og går Det er der heile tida Ein dag då mørkret ikkje er tilsynelatande Bak lyset

5


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 6

        8 8  9 9 9

Eit fjell i dagen Hender som held Svevnens kjærleik Den fortviling som går igjennom Vind og sol Kan bli borte I eit mjukt mørker Alle ser Sola skal skine Båt

Toget i hjartet er langt Hesten, og natta er tidleg Lata regnet pusta Døde blomar i ein sprokken vase 9 Vi fell igjennom regnet

9 98 99   

I alt dette som er Ein gammal mann Raude skor Du står i ditt ansikts lys Lenge sidan Vere slik

    8   

Så vakkert kledd i grått Strandebarm, Hardanger Du er så tydeleg Trea er tunge Sov de mine kjære Trø forsiktig Ro mitt hav Å han smiler

 Register


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 7

Å forstå og å ikkje forstå Vel  år gammal innsåg eg at mi tid som utøvande skodespelar og tilsett på Nationaltheatret gjekk mot slutten. Det var ei skremmande og sår innsikt som førte til ein nesten desperat vilje til å finna nye prosjekt og utfordringar. Noko av det eg gjorde i desperasjon, var å ta kontakt med Jon Fosse. Eg møtte han første gong i  i Bergen på ein stille kinarestaurant. Det var ikkje vanskeleg å snakka med den store diktaren. Eg hadde ein idé eg så gjerne ville lufta. Eg lurte på om han kunne skriva noko med utgangspunkt i kor ulikt vaksne barn oppfattar foreldra, korleis ein lagar sine eigne historier om det som har vore. Eg spurde forsiktig om han skreiv tekstar med utgangspunkt i andres idear, om det hende at han skreiv på oppdrag. Eg trur ikkje han svarte på det. Kanskje spurde eg ikkje så tydeleg heller. Eg fekk meg ikkje til å fortelja om ideen om vaksne søsken og historiene deira. Det vart for teit å spørja, tenkte eg, men møtet var fint. Likevel vart det Jon Fosse på scena for min del. Felespelaren Benedicte Maurseth som eg tidlegare hadde samarbeidd med, oppfordra meg til å lesa Morgon og kveld av Jon Fosse. Eg gjorde så. Det var ei stor oppleving. Teksten som handlar om den dagen Johannes vert fødd og den dagen han døyr, gav meg med det same tankar og idear om korleis teksten kunne vorte framført på ei scene. Jon Fosse gav meg fridom til å gjera som eg ville. Det var ein utruleg tillit. Utgangspunktet mitt var at rolla mi skulle vera «lesaren». Som lesar forsvinn ein inn i teksten og blir nærast ein del av han. Eg tenkte at det kunne tydelegjerast i ein sceneversjon. Resultatet vart eineståande, ja, eg vågar å bruka store ord. Stykket hadde premiere i mars , og vart vist for  fulle hus på Amfiscenen på Nationaltheatret. 7


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 8

Benedicte Maurseth komponerte og spelte fele, tekstilkunstnaren Åse Ljones hadde scenografien og Hildegunn Riise omarbeidde teksten og hadde regien. Eg hugar godt nokre av kommentarane frå publikum: Er det dette som er Fosse? Dette var jo ikkje noko å grua seg for! Eg var litt redd for at eg ikkje skulle forstå. Eg har både gråte og ledd. No kjenner eg meg meir forsona med døden, ja, eg kjenner meg litt letta! Kanskje finst nåden? Det er ikkje alltid nødvendig å seia så mykje. Jon Fosses lesarskare er stor og finst over heile verda. Han treng inga drahjelp for å få lesarar, men forhåpentlegvis nådde sceneversjonen av Morgon og kveld nokre av dei som tidlegare har tenkt at Fosse er for krevjande eller for vanskeleg. No har Jon Fosse og Samlaget bede meg om å gjera eit utval av dikta hans. Det er ei stor ære. Jon Fosse har gjeve ut ei rekkje diktsamlingar. Som lyrikar debuterte han med Engel med vatn i augene i . På talet kom Hundens bevegelsar, Hund og engel og Nye dikt. I  Auge i vind og i  Songar. I  kom samlinga Stein til stein og i  gav han ut samlinga Poesiar. Etter Henrik Wergeland. Det har vore ei stor glede å gå inn i lyrikken til Fosse. Dikta hans gjer noko med meg. Nokre av dei er både krevjande og vanskelege, men det er ikkje noko å vera redd for! Les du noko du ikkje skjønar? Les det ein gong til, eller ta det fram att dagen etter. Plutseleg ser du noko, skjønar noko eller tenkjer ein ny tanke. Å lesa Fosses dikt er somme tider å ikkje forstå noko, men likevel forstå alt. Men dei aller fleste dikta er ikkje vanskelege å forstå. Men kva handlar dei om?

8


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 9

For meg handlar dei om regn, vind, hav, hundar, englar, barn og gamle, glede og sorg, lys og mørker. Dei handlar om å ha eit nedtona bilete av seg sjølv. Det handlar om kva Gud kan vera, og kanskje handlar dei om å fylla eit tomrom? Det handlar om alt me ser og opplever som hjernen omformar. Det handlar om respekt for det skapte, om å finna glede i små observasjonar, om det nære. Det handlar aldri om forakt eller sjølvforakt. Dikta til Fosse er aldri statiske. Det er heller ikkje livet. Jon Fosse lærer meg å innsjå at det finst eit mørke i oss alle, men også glede og varm humor. Han tek meg på alvor utan å skriva ut nokon resept på ei løysing. Han vekkjer behovet for å kjenna og sjå og oppleva alt som er gjeve meg: min kropp, mi sjel, min veg, mitt hav. Bohuslän i april , Anne Marit Jacobsen


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 10

Ser du ikkje? Har du mista draumen din? Sagt av Sindre Fosse dĂĽ han var tre ĂĽr gammal


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 11

    eit lys ein kan ta på og tar på, eit lys ein held i si hand, før ein rekker det frå seg mot eit barn som enno ikkje finst og kanskje aldri har funnest, eit barn som aldri kjem til å finnast og som likevel finst som finst eit barn som finst eit barn som finst, fordi eg finst

11


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 12

  Eg vil ikkje vere snill og grei for er du snill og grei lèt du berre det som er som andre meiner at er vere der Eg vil at det som ikkje er skal vere der Eg vil gjere det eg vil ikkje fordi eg vil det men fordi alt då blir noko anna enn viss eg lèt vere å gjere det eg vil Og i noko anna det er jo der det lyser av alt som elles ikkje lyser og berre er

12


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 13

   Det finst ingen ting Det finst mange ting Det finst hus og det finst bilar Og eg finst Men eg finst ikkje Eg finst og eg finst ikkje Eg er her eg òg er her men du kan òg seie at eg ikkje er her Det er jo slik Eg var her ikkje Eg er her og likevel er eg her ikkje Men eg er ikkje nokon annan stad heller For det er ikkje nokon stad Dette er ein stad Det er stader alle stader Det er folk alle stader og folk er og dei er ikkje nett som meg Dette er mi forklaring Det er slik eg tenkjer

13


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 14

Og så tenkjer eg at når eg er og når eg ikkje er så er eg her og så er eg ikkje her Og eg har ikkje vore her så lenge Og der der eg var før der var eg ikkje men eg var der jo òg på eit vis slik eg no både er og er ikkje her eg no er Det er mi forklaring Det finst stader som ikkje finst då det må det jo gjere Men slike stader er jo ikkje stader Det er berre noko ein seier det stader for noko må ein jo seie Og ein kan ikkje seie det som ikkje er ein stad ikkje at det er ein stad eg meiner ja

14


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 15

Det er jo slik det er men det har ikkje noko med det å vere å gjere Det er mi forklaring Og det er det nett det som ikkje er og som likevel er det er det som er det viktige og det kan jo likne på ein blå himmel eller på ein liten sko der i sola der den ligg for seg sjølv attmed ein gammal trebenk for eksempel eller det kan likne på to store støvlar der i regnet eller det kan likne på bølgja der mot den steinen der Eller på auga dine Og på håret ditt På den måten du der nett der rører handa di du rører jo berre på handa di men nett der gjorde du ikkje berre det du gjorde noko heilt anna

15


Ro mitt hav Ferdig NY.qxp_A 10.07.2019 12:10 Side 16

Og skoen der slik den lener seg mot trebenken den er ikkje berre ein sko som lener seg mot ein trebenk ikkje nett slik den ligg og slik lyset no regnar pĂĽ den Det er mi forklaring

16

Profile for Det Norske Samlaget

Ro mitt hav  

Dikt av Jon Fosse i utval av Anne Marit Jacobsen https://samlaget.no/products/ro-mitt-hav-dikt-i-utval-ved-anne-marit-jacobsen?variant=28818...

Ro mitt hav  

Dikt av Jon Fosse i utval av Anne Marit Jacobsen https://samlaget.no/products/ro-mitt-hav-dikt-i-utval-ved-anne-marit-jacobsen?variant=28818...

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded