Polarnatt

Page 1



Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 1


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 2

SUNNIVA RELLING BERG Utfor. Ungdomsroman. 2011, 2012 Beina i gitaren. Ungdomsroman. 2013


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 3

Sunniva Relling Berg

POLARNATT Roman Illustrert av Bjørn Rune Lie

Samlaget Oslo 2019


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 4

© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslagsdesign: Bjørn Rune Lie Førtrykk: Samlaget Skrift: Adobe Garamond og Frutiger Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9890-4

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 5

Ilias, 16 år Langs ein veg nord i Norge Ilias går raskt. Han held den vesle handa til Amira, ho må småspringe ved sida av han. Snøen knirkar under føtene deira. Vegen er så lang. Ilias ser berre veg og brøytestikker, den svarte himmelen et opp resten av landskapet. Det er over fire timar sidan dei sneik seg ut frå asylmottaket. Ilias håpte dei skulle vere framme no, men han ser ingen hus. Amira drar i handa hans og peiker på himmelen, på ei bølgje av grønt lys. Nordlys. Grønt som sjalet til mor. – Sjå, lyset blir rosa, seier Amira. Amira er den einaste familien Ilias har no. Første gong han heldt Amira, var han sju år. Ho var lett som ei fjør. Dei tynne skrika stilna då han strauk henne over nasen. 5


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 6

Då ho var tre år, sprang ho mot han kvar gong han kom heim frå skulen. Han løfta henne og snurra henne rundt. Ho lo så høgt at naboane kikka ut frå vindauga. Minna høyrer til i ei anna verd, eit anna liv. Ho ler ikkje så mykje no. Han lova å passe på henne, men no har han sett alt på spel. Dei kan ikkje bli her ute. Sekunda spring frå han, dei må nå fram i tide. Han klemmer handa til Amira og byrjar å gå. – Men eg er så sliten, seier Amira. – Tærne mine gjer så vondt, seier ho. Ilias hukar seg ned. – Kva om du får sitte på ryggen min? Han kjenner dei tynne armane til Amira rundt halsen. Han tar tak under knea hennar og reiser seg opp. Amira kunne vore trygg no, endeleg, om han berre ikkje hadde vore så dum. Han blir kvalm av å tenkje på det han har gjort, og går raskare. Pusten til Amira er varm mot nakken hans. Men vegen er så lang, og kulda er skarp. 6


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 7

Han har høyrt at rett før du frys i hel, kjenner du deg varm. Du er så kald at du blir varm, og byrjar å dra av deg kleda. Vegen og brøytestikkene sym framfor auga hans. Han veit om verre måtar å døy på. Ilias held hardare rundt Amira. Då høyrer han rumling, som torevêr langt unna. Han snur seg og ser eit lite lys ute på vidda. Det må vere ein snøskuter. Skuteren køyrer mot vegen Ilias og Amira går på. Lyset nærmar seg fort. Er det Nils? Brøytekanten er høg på kvar side av vegen. Ilias dukkar ned. Kva skal han gjere no? Rumlinga aukar i styrke.

7


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 8


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 9

Amira, 9 år I skjul av ein brøytekant Amira strammar armane rundt halsen til Ilias, fingrane er stive og vonde. Føtene er tunge isklumpar. Ho kjenner at Ilias bøyer seg ned. Har dei komme fram? Ho ser ingenting nytt, berre denne vegen, denne uendelege, dumme vegen. Men Amira høyrer ei brumming, som om ei kjempebie summar mot dei. – Kjem nokon etter oss? spør ho. Ilias vender seg brått til sida. Amira held på å skli ned, held hardare fast. – Vi må gøyme oss bak brøytekanten, seier Ilias og hjelper henne opp. Snøen er først hard å gå på, men så blir det mjukare. Ho stoppar og ser at Ilias skuffar snø over spora deira. – Kva skjer om dei ser oss? spør Amira. Ho forstår ikkje kvifor Ilias er så redd. Ho trudde dei var trygge her. 9


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 10

At dei endeleg var framme, at dei ikkje skulle flykte meir. Så sliten ho er! Ryggen verker, og det dunkar i armane hennar. Ilias grev i snøen med hendene. Hendene hans har blitt heilt raude. – Det går fint, Amira. Eg treng berre litt meir tid, seier han og peiker på dumpa han har grave i snøen. – Gøym deg no, seier han. – Men då blir eg våt gjennom kleda, seier Amira. – Berre gjer som eg seier! Kvifor er Ilias så sint? Amira set seg på kne. Leggane blir kalde og våte med det same. Ilias legg handa mot hovudet hennar, og ho må bøye det ned mot snøen. Ho trekker jakka over hendene, legg panna mot det stive stoffet. Amira vil berre tilbake til mottaket. Til varmen. Ho kjenner ikkje hendene sine lenger. Snøen stikk spyd inn i leggane hennar. Summinga frå snøskuteren kjem nærare og nærare. Ho veit ikkje lenger om ho skjelv av redsle eller kulde. Inni seg er ho berre kvit. 10


Polarnatt ferdig NY.qxp_a 13.09.2019 12:34 Side 11

Glatt. Kva skjer nür snøskuteren kjem?

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.