__MAIN_TEXT__

Page 1


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 1

1


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 2

ØYSTEIN ORTEN PÅ SAMLAGET fluktlinjer. Dikt.  Livingstones retrett. Roman.  kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her. Dikt.  Vegen til Neverland. Roman.  Rabarbrakrigen. Roman.  Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil –.  Sjabervik. Noveller.  Rasmus Rebellen. Roman.  Risp i berget. Noveller.  Brevet til Rosalin. Roman. 

2


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 3

Øystein Orten

Aldri kome tilbake Roman

Samlaget Oslo 


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 4

© Det Norske Samlaget  www.samlaget.no : Magnus Osnes : Samlaget : Minion 11,5/14 : ScandBook, Falun Printed in Sweden  ----

Boka er trykt på miljøvennleg papir.


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 5

Brått står jeg i din kjærlighets landskap  


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 6


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 7

K

jære Daniel! Det er ikkje berre denne siste opprivande hendinga som tvingar meg til å skrive ned desse orda. Eg har lenge hatt eit ønske om å bli kjend med deg og vise deg litt av kven eg er, og kvifor ting er blitt slik dei er blitt. Du er nok bitter på meg som har vore så usynleg i alle desse åra. Og sikkert endå bitrare for at eg utnyttar denne ulukka, som vi no deler, for å lette på samvitet mitt. Og berre for å seie det med ein gong. Eg har den største skulda for det som nettopp har skjedd. Leitar du etter tjuven som nyst har stole noko frå deg, eit menneske som du elskar, så sit han her. Sjølvsagt kunne eg ha skrive dette til Beate, som trass den korte tida vi hadde saman, framleis er det mennesket som kjenner meg best. Men for meg er du eit reint, blankt ark, Daniel. Noko upåbegynt, urøyvd. Du har det viktigaste framfor deg, og ikkje bak deg, slik vi har. For utanforståande hadde nok det beste vore om eg hadde skrive ned kva som hende dag for dag heilt frå eg var ung, slik mange tenåringar har gjort. Kven som budde i det og det huset. Kva som særmerkte den og den personen. Rett og slett kvardagslege observasjonar. Då ville ikkje småtinga, raritetane, nyansane ha gått tapt, ikkje eingong dei som er utan betydning. Men kva er ei dagbok anna enn nokre trivielle utsnitt av kva ein liten skapning registrerer. 


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 8

Ulukka vår fell ikkje inn i nokon symmetri. Ein kan ikkje laste noko menneske for å vere på feil plass til feil tid. Og etter nokre søvnlause netter orkar eg ikkje å undre meg meir. Kvifor køyrde nettopp Vesle Gabriel til fjells akkurat denne helga. Og kvifor sette han på sprang fredags ettermiddag rundt klokka  i staden for å vente til forholda vart noko betre. Eg har slutta med å streve etter å forstå dette. Kanskje har det noko med alderen å gjere. Og muligens er det dette grekarane kalla argia. At vi møter det store spørsmålet – kvifor – med ein slags kvilepuls. At det er greitt, liksom. At alt er i orden. Men kva er det tunge sukket, og det påfylgjande skuldertrekket, anna enn eit uttrykk for avmakt. At Gud, eller kven det no er, rår. Medan tida går. Det er vel gale å seie det, men på mange måtar trivst eg i den einsemda som eg no er blitt forlaten i. Trass i at ho ikkje er sjølvvald, er ho eit vilkår for å kunne tenkje. Kanskje er det dette eg har lengta etter. Å forsvinne slik far gjorde. Berre bli borte. Gå stille ut gjennom ei dør og aldri kome tilbake. Men fyrst vil eg altså skrive dette brevet til deg. Skrape med blyanten mot papiret. Liksom grave meg sjølv ut. Slik at eg kan bli synleg for deg. Dei vakre dagane, særleg morgonane, der eg hoppar frå stein til stein i fjøra, vil eg at du skal sjå. Lekamsdelane mine, til dømes dei tynne leggane og det bustete håret, er ikkje så viktige. Men kanskje slåstarkaulene (med blåkulane) på skuleplassen. Og sjølvsagt fotballkampane (og lårhønene) på grusbaner langt inne i fjordane. Men aller mest vil eg at du skal lytte etter ord som er blitt sagde 


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 9

og ikkje kan kallast tilbake. Og skode etter handlingar som er blitt gjorde og ikkje kan gjerast om. Då kan du kanskje skjøne litt av korleis saker og ting heng saman. Som du raskt vil få sjå, har historia vår inga byrjing, og ho har enno ikkje fått nokon slutt. Men fortida er jo berre ein prolog, som Shakespeare seier. Det er det som skjer etter dette, som vil vise att. Akkurat det håper eg at du vil leggje deg på minnet, min gode Daniel. Så om du ønskjer, kan du gjerne kalle desse hjelpelause vedkjenningane mine for Forsvinninga si bok, sidan dei fyrst og fremst vil handle om far min, jamvel farfar min, og heilt til sist om min einaste son, din eigen far, Vesle Gabriel.


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 10

V

i lever sanneleg i ei uroleg verd. Mange gongar i løpet av dagen flimrar bilete av nedbomba byar og døde menneske framfor augene mine. Øyrene er fulle av sirener frå ambulansar som køyrer sikksakk mellom knuste bygningar på veg til restane av eit sjukehus der overarbeidde legar strevar med å redde liv. Og eg berre spør. Kva gjer slike inntrykk med oss menneske. I kva retningar fører desse røynslene oss. For utan at det skal vere noka orsaking, Daniel, så er også eg eit barn av mi tid, som var krigen, altså den krigen som slutta for over sytti år sidan, og alt dette som hende etterpå. Også eg er eit resultat av drap og flukt og knuande hender. Slik sett er dei gråtande borna som du ser på TV-skjermen om kvelden, mine næraste slektningar. Heilt sidan far vart borte, har krigen halde meg i fostring. Krigen har gitt meg mat og søvn, varme klede og kvesste blyantar. Han har også gitt meg så mangt eit ymt om kva som er rett og gale. Krigen er såleis både far min og mor mi. Eg har altså hatt rett underlege foreldre, nett slik som du. I mange år, særleg etter at eg vart vaksen, prøvde eg å halde krigen på avstand. Den eine dagen strauk den andre bort, og eg var glad til. At veker og månader forsvann som blyantstrekar for viskelêret, kjendest som ein stor fridom. Å ikkje sjå meg tilbake gjorde meg ubunden og sterk. Berre for eit år sidan ville det ha 


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 11

føltest meiningslaust å skrive ned alt dette. Men desse siste vekene har opna nye dører og late meg få kome inn med dei gamle tankane mine. Du skal vite at det gjer både vondt og godt.




Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 12

D

et fyrste eg kan hugse, er flagget. Eg veit ikkje om det var . mai eller . mai. Eller kanskje om kvelden . mai. Det var i alle fall i dette Herrens år  då alle menneske i landet vårt skjøna at noko langt og låkt endeleg var slutt. Det må ha vore ei av tantene mine som leita det fram frå loftet. Noko kvitmåling hadde skala av frå stonga. Så hadde ho då også stått naken i over fem år. Men denne kvelden blafra flagget igjen frå toppen i ein mild vind frå sør. Kanskje var det onkel C som heldt meg i handa der ute på tunet. Eller tante Halldis, som gjette så trufast på meg, dag ut og dag inn, desse fyrste åra i livet mitt. Vi lytta til kyrkjeklokkene. Dei fylte dalen og fjorden med ein lyd som for dei aller fleste gav bod om ei glede som det ikkje kunne setjast ord på. Vi kunne høyre mor romstere der inne på kjøkenet. Ho ansa på ein måte ikkje det som var hendt. At noko brått var blitt annleis. Far var jo ikkje her. Og heller ikkje farfar. Arbeidet hennar kom til å bli tungt i morgon, nett som i dag.




Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 13

K

var begynner så far si historie. Eg veit ikkje. Eg har aldri ønskt å kike så langt tilbake (på alle desse alvorstunge fjesa ned etter hundreåra) før no. Men også forteljinga til far må ha begynt i mørket. Der to kroppar møtest. Der dei klamrar seg til kvarandre. Der dei flettar seg inn i einannan. Og utvekslar små, kviskrande ord og til slutt væsker. Slik at nytt liv blir skapt. For der døden berre er eit punktum etter ei rad med handlingar og hendingar, er ein fødsel eit kolon, sidan noko må kome etterpå. Men far. Det finst så mange ledige plassar inne i dette ordet. Eg har aldri sett han. Aldri snakka med han. Berre høyrt litt om han. Det er ganske korte historier. Og fleire av desse er temmeleg banale. Far heitte altså Gabriel, som engelen, bodberaren. Han var fødd . februar  og reiste til sjøs  år gamal. Det var ikkje eit år for tidleg. Han hadde vore klar lenge. Det stråla ut ein stor fridom frå sjømannslivet. Fjerne himlar. Gode pengar. Villige damer (truleg for fyrste gong). Korleis såg han ut, vil du kanskje spørje. Det finst eit fotografi av han frå . Det er konfirmasjonssøndag. Fem gutar står på kyrkjetrappa. Det er gode kompisar. Dei har kvite kapper på. Vinden blafrar i ermane. Dei er som vengar. Alle smiler. Men far, med lyst, vasskjemt hår, og nesten jamhøg med dei hine, vender seg liksom 


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 14

bort frå fotografen (var det Gamle Daniel, tru), som om han studerer bølgjene som slår inn mot stranda. Eit lite kors (eg veit ikkje om det er av sølv eller gull) kan skimtast i halsgropa. Det ligg på skrå over slipsknuten og har inskripsjonen INRI på ei sløyfe heilt øvst, sjølv om Jesus er borte. Det må ha vore ei gåve. Truleg frå foreldra. Som ei slags stadfesting på at han var deira. Og at dei var hans. Same kvar han måtte finne på å reise i denne vide verda. Då han kom att frå fyrste turen (Malaysia, Japan, Venezuela, Brasil), var ei ung taus komen til gards. Altså mor. Men han vørde henne ikkje. Han hadde nok med kompisane. Dei fire faste. Laurdagskveldane svinga han seg i valsen på ungdomshuset. Medan han song. Han hadde ei røyst som bar. Det gjorde vondt for Gamle Daniel å sjå korleis han sløste med pengane. Og pengane tok snart slutt. Så barst det ut att. Året var . Han fekk hyre på ein lastebåt seint på sommaren. Skulle gå i frakt over Atlanteren. Med steinkol frå gruvene i Wales den eine vegen. Og med stålbjelkar frå Baltimore den andre. Han mønstra på i Liverpool. Men allereie i november kom torpedoen. Krigen var i full gang på havet. Den mørke undersjøiske raketten sneik seg ut frå ein tysk ubåt. Eksplosjonen var enorm. Far kunne ikkje hugse noko før han låg i sjøen. Han heldt seg flytande ved å meinhalde i båtsmannen si verktøykiste. Nokre av kameratane låg døde rundt han. I fleire timar høyrde han fortvila rop frå andre. Men så stilna dei. Han var åleine. Framleis brann nokre av vrakdelane. Dei skein svakt i dei svarte bølgjene. Slik fekk 


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 15

han auge på eit livbelte. Han kava seg bort til det. Batt det rundt seg. Men han fraus. Skalv og dirra. Slik begynte han å syngje. Salmane som farmor hadde lært han då han var liten. Tenkje seg til. Storblåsaren frå samfunnshuset song salmar. Dagsens auga sloknar ut. Eg veit i himmelrik ei borg. Så begynte han å rope. Diktet av Bjørnson som Gamle Daniel hadde sitert så mange gongar. Vær glad når faren vejer, Hver evne som du ejer. Han skreik det ut. Gong etter gong etter gong. Før han begynte på salmane igjen. Gud signe vårt dyre fedreland. Han kunne alle versa. Og han hadde ei stemme som bar. Rett før Herre, ver du Noregs los, skimta han ei lykt som kom sigande mot han. Det var ein fiskebåt frå Orknøyane. Kraftige armar hala han om bord. Dei vrei av han kleda. Tulla han inn i eit ullteppe. Gav han små slurkar av whisky. Gnei han varm med tjukke nevar. Skuta heitte Old Man of Hoy. Karane kom frå Stromness. Dei lo, men berre varsamt. Aldri hadde dei høyrt slik ei stemme. Tenk. Ein nordmann. Åleine på livsens hav. Far kom heim til jul. Etter at Old Man of Hoy hadde sett han i land i Leith, vart han, i ein relativt sjaber tilstand, mellom anna med store synsforstyrringar, send på toget frå Edinburgh til London, der sjølvaste ambassadøren ordna han skyss heim. Men noko hadde skjedd med far der ute i bølgjene. Han visste ikkje om det hadde noko med korset å gjere. Men det var som om berginga hadde overtydd han om at det fanst ei slags styring likevel. Ein lagnad som nokon hadde førebudd. Han overlevde. Det var ikkje til å tru. Han burde liggje på havsens djup. 


Aldri kome tilbake ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:43 Side 16

Men aldri om han skulle på sjøen meir. Det var i alle fall sikkert. Han spurde etter arbeid på verftet og fekk ja. Han var jo etter kvart blitt ein kraftig kar. Men så fekk han lungebetennelse. Kroppen var svak. Feberen høg. Mor laut stelle han der oppe på loftet. Fyrst no såg han henne. Den unge og blyge tenestetausa inna fjordane. Han begynte så smått å syngje igjen. Trivielle viser denne gongen. Jeg lagde mig så silde. Eg ser på deg, og du ser på meg. Matlysta steig. Då dei andre hadde lagt seg, og mor kom stiltrande opp trappene på sokkelesten med kaffikoppar og eit fat med sveler, møtte han henne med smil og håplause vitsar. Dei lo stille av det latterlege i situasjonen. Pasienten og tjuven. Sjølvsagt forelska dei seg i kvarandre. Etter kvart som far vart betre, begynte dei å gå turar om kveldane. Dei såg skuggane klivre opp etter fjellsidene medan sola sokk i havet. Våren var uvanleg kald. Gradestokken balanserte på null. Dei trulova seg i den våte snøen oppe ved Merkarsteinen. Det er der ein får ei så fin utsikt over fjorden. Det var i . I byrjinga av april. Kveldane var blitt lysare. Men vinteren var enno ikkje over.



Profile for Det Norske Samlaget

Aldri kome tilbake  

Roman av Øystein Orten. Aldri kome tilbake er ein gammal manns forsøk på å nærme seg barnebarnet gjennom ei hudlaus skildring av eige liv,...

Aldri kome tilbake  

Roman av Øystein Orten. Aldri kome tilbake er ein gammal manns forsøk på å nærme seg barnebarnet gjennom ei hudlaus skildring av eige liv,...