Operasjon sjølvdisiplin

Page 1


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 1

1


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 3

Agnes Ravatn

OPERASJON SJØLVDISIPLIN

Samlaget Oslo 

3


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 22


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 5

innhald

Forord  Svake menneske. Eller: Korleis kunne det gå så gale?  Kunsten å legge band på seg sjølv. Eller: Korleis kneble din indre apekatt?  Viljens svikt. Eller: Kvifor har folk som er på slankekur, større sjanse for å vere utru?  Fallgruvenes inntogsmarsj. Eller: Kvifor blir arbeidskapasiteten større for kvart barn du får?  Ikkje så vond å vende likevel. Eller: Korleis bryte dårlege og skape gode vanar?  Sporadisk utmattingssyndrom. Eller: Korleis unngå LED-lys i kjøkkenskuffane?  Planleggingsdag. Eller: Korleis sleppe å ha «Barbie Girl» på hjernen?  Rottefella. Eller: Kvifor vil me oss sjølve så vondt? 

5


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 6

Passiv dødshjelp. Eller: Kva har frykta for løver å gjere med at du ikkje gjer leksene dine?  I sona. Eller: Korleis vinne tilbake konsentrasjonen?  Klok av skade. Eller: Kanskje er det lurt å ete marshmallowen før det er for seint?  Nyt kvart smørbrød. Eller: Forfattarens forsøk på å reinvaske seg sjølv  Førstehjelp 


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 7

forord

Dersom du er veldig ivrig etter å kome i gang med sjølvdisiplineringa, kan du fint hoppe over dette forordet. (Og dersom du er desperat, kan du hoppe over heile boka og gå til aller siste kapittel, der du finn førstehjelp for folk med akutt viljestyrkesvikt.) Til alle andre: Dette er ei bok eg har skrive først og fremst for min eigen del. Eg har vore ein kronisk e-postsjekkande, mobilklåande utsetjar i mange herrens år, utan impulskontroll eller sjølvrespekt, og dagleg gått til sengs med ein stor, svart klump i magen, ulykkeleg over min eigen vanlagnad. Til slutt var det heilt nødvendig å gjere noko. Dei siste to–tre åra har eg lese alt eg har kome over av forskingsartiklar og bøker om det som om kvarandre blir omtala som viljestyrke, sjølvkontroll og sjølvdisiplin. Dei aller fleste bøkene har vore ein skuffelse. Det blir fort veldig mykje ullen prat om kjensler, og tilsvarande lite konkrete, praktiske råd som har omgåande effekt – som jo er det ein treng når ein sit der og har brukt halve arbeidsdagen på depresjonsframkallande nettaviser. Men ut av dette trailerlasset med halvdårlege råd har eg vridd ut dei som har fungert for meg. I dag sit eg på eit lite arsenal av praktiske verktøy som eg tar i bruk 7


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 8

kvar dag, slik at eg får gjort det eg skal, utan altfor mykje strev, og kan ta fri med godt samvit. Og tru meg, når det kunne funke for meg, som var fortapt, kan eg garantere at det vil funke for deg. Vel å merke om du verkeleg tar i bruk nokre av desse verktøya, og ikkje berre les om dei. Råda kan overførast til dei fleste område der eit minimum av sjølvdisiplin trengst for å halde seg i skinnet, anten det gjeld arbeid, kosthald, trening, samliv, pengebruk, eller tendensen du har til å svare foreldra dine med unødvendig nebbete sarkasmar trass i at du er over førti år. Men akk: Dessverre er det altså slik at å motstå freistingar og å tvinge seg sjølv til å gjere det rette er eit slag som må utkjempast kvar einaste dag. Tilbakefalla kjem tette som hagl dersom ein ikkje passar på. Det gjeld å bli god på å hente seg inn igjen. Då er det nemleg heilt ok (og ganske herleg) med ein total viljestyrkekollaps innimellom. Oslo, . mai  Agnes Ravatn


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 9

svake menneske Eller: Korleis kunne det gå så gale?

Folk er i ferd med å miste grepet. Eg har merka det lenge, men no er det verre enn nokon gong. Og det er ingen grunn til å tru at det vil snu av seg sjølv. Me snakkar om ein eskalerande, nedovergåande spiral. Eg merkar det på små detaljar. Til dømes at folk ikkje maktar å svare på e-post. Før gjaldt dette nokre få folk ein visste ikkje hadde orden i sysakene uansett. Men no gjeld det nærast halvparten av alle eg korresponderer med, inkludert meg sjølv: Me svarar ikkje. Det går veker før me klarer å finne styrke til å formulere eit svar på eit heilt enkelt spørsmål. I mellomtida går me og riv oss i håret, fortvila over alt det ein skulle gjort. Emnet er altså sjølvdisiplin, og særleg mangelen på dette. Eg har mindre sjølvdisiplin i dag enn då eg var sju år gammal. Den gongen stod eg opp og åt kneipp med prim, gjekk på skulen, gjekk på handball eller fiolin, gjekk til sengs. Verre var det ikkje. I dag er det som om dagane blir borte i ei lang rekke små val, og alle krefter blir nytta til å motstå forskjellige freistingar. Mennesket har sjølvsagt til alle tider streva med 9


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 10

sjølvdisiplinen. Platon sjølv meinte at heile det menneskelege tilværet kunne kokast ned til det følgande: Ein har eit «høgare sjølv» og eit «lågare sjølv», og meininga med livet er å overvinne dei sterke driftene til det låge sjølvet for å kunne oppfylle måla til det høge sjølvet. Ein kan seie så mangt om Platon, men akkurat her var han vel for ein gongs skuld inne på noko? Kvar einaste dag er fylt med slike små og store kampar: Klarer det høge sjølvet å motstå det låge sjølvets trong til å få eit avbrekk frå arbeidet ved å sjekke Facebook? Klarer det høge sjølvet å sende kroppen ut døra og på trening, eller er det det låge sjølvets lengt etter sofaen som går av med sigeren? Klarer det høge sjølvet å få ekteskapet sitt heilberga gjennom julebordet, eller vil det låge sjølvets trong til sanselege utskeiingar vinne? Forskjellen på vår tid og Platons tid er at vår sjølvdisiplin blir utfordra i langt større grad. Herlege distraksjonar frå det strevsame arbeidet er eit museklikk unna. (Eg skriv dette for hand. Det er noko eg har begynt med, slik at eg ikkje heile tida skal sjekke e-post og nettaviser og google dumme innfall mens eg skriv. Notatbøkene mine er takk og lov ikkje kopla til nettet.) Me er omgitt av sukker og feitt og alkohol. Me har pengar. Me har alt, utanom viljestyrke. Ifølge SSBs tidsbruksundersøking bruker me mindre tid på husarbeid enn før, mindre tid på fritidsaktivitetar, mindre tid på lesing. Og mykje mindre tid på sosialt samvær enn før – faktisk vekker det ein snev av forundring i meg å passere eit kafévindauga og sjå at folk fram10


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 11

leis gjer eit poeng ut av å møtast fysisk. Så kva i alle dagar bruker me tida på?! Arbeid – i snitt er folk på arbeid i overkant av åtte timar. Samtidig går visstnok produktiviteten ned. Det gir ein peikepinn om kor effektivt me nyttar tida. Og elles: fjernsyn – gjerne med ein laptop i fanget og ein telefon i handa. Det norske folk er eit manisk sosiale medium- og nettavissjekkande folkeferd, alltid påkopla, men likevel isolert. Lykke til. Kva er så sjølvdisiplin? Det finst fleire definisjonar. Dette er det forskarane kan einast om: Det er evna til å motstå kortsiktige freistingar for å kunne oppnå langsiktige mål, og evna til å overvinne uønskte tankar, kjensler eller impulsar. I dag er det heilt feil folk som har sjølvkontroll. Ein av Noregs fremste sjølvdisiplinistar heiter til dømes Fotballfrue. Mens forskarkarrierane til dei lysaste hovuda i landet går til grunne i twitterdiskusjonar, har Fotballfrue ikkje rørt kveitemjøl eller sukker på eit tiår. Me kunne gitt henne ein leikedokterkoffert, og ho ville ha løyst kreftgåta innan halvtanna år. Eit av dei mest berømte forsøka på viljestyrke innanfor psykologien er det såkalla marshmalloweksperimentet, i regi av Walter Mischel på slutten av talet. Barn i fire–femårsalderen blei plasserte åleine i eit rom og fekk servert ein marshmallow. Dei fekk  Mischel, W., Y. Shoda og M.I. Rodriguez. «Delay of Gratification in Children». Science  (): –.

11


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 12

beskjed om at dei kunne få ete den store, mjuke sukkerbomba med det same – eller dei kunne vente mens den vaksne var ute eit ærend, og dersom dei greidde å motstå freistinga i mellomtida, skulle dei få to marshmallowar når han kom tilbake. Barna blei filma mens dei sat der fanga i eit umogleg dilemma. Nokre kasta seg over mashmallowen med ein gong. Andre venta, mens beina sprella under bordet – men måtte gi tapt etter få minutt. Dei barna som greidde å halde seg på matta heile kvarteret den vaksne var ute, brukte ulike metodar for å undertrykke lysta på sukkertøyet. Dei heldt seg for augo, song, leika gøymsle med seg sjølve – kva som helst som kunne døyve lysta til å stappe den kvite sukkerputa langt ned i halsen. Eksperimentet var i grunnen over med dette. Føremålet var å undersøke korleis barn utviste sjølvkontroll. Men nokre år seinare dukka forsøket opp att. Barna som hadde vore med den gongen, var nemleg klassekameratar av Mischels dotter. Etter kvart som dottera fortalde om klassekameratane sine mens åra gjekk, begynte det å teikne seg eit mønster. Mischel henta fram resultatet frå det gamle forsøket og samanlikna det med korleis barna no greidde seg på skulen. Gjennomgåande var det slik at dei av barna som hadde greidd å vente med å ete sukkertøyet, klarte seg betre på skulen. Mischel følgde med dei vidare inn i vaksenlivet, og det same synte seg: Dei som hadde gitt etter og ete marshmallowen, hadde større problem i 12


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 13

yrkeslivet, mindre stabile samliv, høgare kroppsmasseindeks, dårlegare mental helse, nokre hadde rulleblad, og så bortetter. Les meir om Marshmallow-eksperimentet i kapittel . Ut av dette slutta Mischel at det måtte finnast to ulike prosessar i mennesket som kjempar om førarsetet og sjølvkontrollen: eit «varmt», emosjonelt, spontant og driftsstyrt system og eit «kaldt», kognitivt, strategisk og kjenslemessig nøytralt system – ikkje ulikt Platons høge og låge sjølv og dessutan temmeleg samanfallande med Daniel Kahnemans teori om dei to ulike måtane hjernen formar tankar på, presentert i Thinking, fast and slow: system  og , der system  er kjapt, umedvite, automatisk og kjenslemessig og  er sakte, krevjande, logisk, kalkulerande og medvite. I dag ser forskarar ut til å vere einige om at dei to viktigaste faktorane for å bestemme korleis folk vil klare seg her i livet, er intelligens og sjølvkontroll. Og av desse to – og dette er det nye – er sistnemnde klart viktigast. Sjølvdisiplin har vore eit høgt skatta karaktertrekk gjennom dei fleste tider, heilt fram til nazistane i mellomkrigstida bestemte seg for å halde fram viljestyrke som den ypparste av menneskets eigenskapar. Det heile kulminerte i Leni Riefenstahls Viljens triumf, og sidan då har viljestyrke hatt eit imageproblem. Og sjå på oss no! Klorande på smarttelefonane våre som svoltne rotter, konsentrasjonsevne under frysepunktet, 13


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 14

uproduktive som aldri før, plaga med angst og liggesår, snart umyndiggjorde. I ei stor internasjonal undersøking blant ikkje mindre enn éin million menneske blei forsøkspersonane bedne om å velje ut sine beste eigenskapar blant  ulike karakteristikkar. Høgt opp på lista kom ord som ærlegdom, vennlegheit, humor, kreativitet og mot. På sisteplass: sjølvkontroll. Og motsett: Når dei blei bedne om å liste opp sine største feil og manglar, kom manglande sjølvkontroll øvst på lista. Stakkars alle. Men ingenting er for seint! Det er mogleg å få livet på rett kjøl. Her er faktisk ikkje snakk om permanente, uopprettelege skadar. Ein kan opparbeide seg betre sjølvdisiplin att. Det er ein tung veg å gå, men alternativet er mykje verre. Og så er spørsmålet: Korleis? Det er tid for hjelp til sjølvhjelp.


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 15

kunsten å legge band på seg sjølv Eller: Korleis kneble din indre apekatt?

Heilt først ønsker eg å inngå ein konkret og svært sjølvdisiplinerande avtale med deg, gode lesar: Dersom det skulle dukke opp uønskte impulsar og freistingar undervegs i lesinga di – du blir overmanna av ein sterk trong til å sjekke e-post eller nettaviser eller å gå i skapet og gnafse i deg rosiner – så sei til deg sjølv: «Det er greitt – men ikkje før om ti minutt.» Er dette forstått? No skal det nemleg dreie seg om noko av det vanskelegaste og verste som finst: å stå imot spontane, destruktive freistingar, i arbeid mot rikare mål å trå. Kvifor er tanken på omgåande tilfredsstilling så vanskeleg å stå imot, når ein både inst inne og ytst ute veit betre? Anten det dreier seg om føremålslaus surfing på nettet mens oppgåvene tårnar seg opp, å la oppvasken stå i håp om at han plutseleg skal forsvinne, eller for å ta eit døme frå mi eiga livssoge: la vere å betale skatt? Årsaka er ganske grei: Menneske er generelt ikkje særleg flinke til å tenke langsiktig. Grunnen til det igjen er som vanleg å finne hundretusenvis av år tilbake, då me stort sett gjekk rundt og tenkte på éin ting: neste måltid. 15


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 16

Hovuda våre er innstilte på å ikkje gå glipp av noko som helst. Var du berre passeleg interessert i den maten som dukka opp i synsfeltet ditt, der du spankulerte rundt på savannane, overlevde du ikkje. Me er etterkomarar av svoltne apekattar som åt absolutt alt dei kom over. Utsiktene til omgåande tilfredsstilling – sjekke Facebook, ete ein sjokolade – triggar derfor dei primitive delane av hjernen vår. Framtidige tilfredsstillingar, derimot, er ikkje like interessante. Den yngre og meir sofistikerte delen av hjernen, prefrontal cortex, har i oppgåve å kjøle ned apehjernen, men det er alt anna enn enkelt: Kreftene det skal kjempast mot, er dei som mellom anna får folk til å ofre husa sine for ein blinkande kroneautomat. Som me hugsar frå førre kapittel, og Walter Mischels eksperiment, er kapasiteten din for viljestyrke ein peikepinn om korleis livet vil fortone seg seinare. Dei barna som heldt ut marshmallow-ventetida, greidde seinare å halde ut ubehaget ved å lese i staden for å daffe i studietida og seinare å telje til ti i staden for å eksplodere framfor sjefen eller ektefellen. Omsett til vaksenverda, der målet ikkje nødvendigvis er å køyre i seg mest mogleg sukkertøy: Stå over desserten, for på sikt atter å få på seg buksene som er blitt for tronge. Men fortvil ikkje dersom du veit med deg sjølv – slik som eg – at du definitivt ville vore blant dei barna som åt marshmallowen omgåande. Slaget står rett nok mellom ein kjenslestyrt, muskuløs bavian som har lyst 16


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 17

på alt som er godt i verda, her og no, og eit rasjonelt, men spedlemma menneske som heilhjarta ønsker å arbeide, slutte å røyke og ete sunt, for på sikt å kunne leve eit nokolunde godt liv – men med kløkt kan dette i utgangspunktet nokså svake, men trass alt litt intelligente mennesket sigre. Alt som trengst, er nokre heilt praktiske, enkle tilretteleggingar. For det første er det avgjerande å skape fysisk distanse mellom deg og det som du attrår, for det gjer at dei primitive delane mistar litt av overtaket. Dersom freistinga er tilgjengeleg her og no, er ho nesten umogleg å motstå. Prøver du å unngå å ete snop, er det uklokt av deg å ha godteskåler ståande framme, for å seie det forsiktig. Ikkje berre vil du mest truleg før eller seinare måtte gi tapt og køyre alt saman i deg, men den krafta du fram til det skjer, bruker på å unngå snopet, vil tappe deg for kreftene du treng til å gjere anna arbeid. Meir om korleis viljestyrken er som ein muskel, kjem heldigvis i neste kapittel. Derfor er det å gjere freistingane utilgjengelege ein god stad å begynne. Har fingrane dine ein tendens til å fare over tastaturet som edderkoppar kvar gong det stansar litt opp i arbeidet: db, fb, vg, ap, fb, gmail, vg, gmail, vg, fb, db … så bør du rett og slett setje ein stoppar for nettilgangen din, ved anten å setje ein tidslås på han ved hjelp av eit program som Freedom eller å sperre tilgangen til visse høgrisiko-nettstader, ved hjelp av til dømes AntiSocial. For slik kan me berre ikkje ha det! Greier du aldri å legge frå deg smarttelefonen din, 17


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 18

så er det akkurat det du må gjere: putte han i ein skuff, slik at klåfingrane dine ikkje heile tida blir trekte mot berøringsskjermen. Her kjem dei før nemnde ti minutta inn. Dersom du gjer det til ein regel å legge på ti minutts obligatorisk venting på alle freistingar som dukkar opp, vil hjernen oppfatte desse freistingane som framtidige og ikkje omgåande påskjøningar. Og dermed er dei ikkje like interessante. Apekatten elskar alt som er tilgjengeleg i dette sekund. Legg ein på litt ventetid, kjøler ein ned heile systemet. Når dei ti minutta er gått, kjenn etter: Har du framleis like lyst på freistinga? Dersom svaret er ja, så ver så god, under tvil. Men undervegs i ventinga skal du mane fram tanken på den langsiktige vinsten du får ved å stå imot: ei produktiv arbeidsøkt som gjer at du kan ta fri tidlegare utan dårleg samvit, til dømes. Og hugs at det som får oss til å kjenne oss betre i dei få sekunda det står på, får oss til å kjenne oss mykje verre etterpå. Og er det då verdt det? Menneske er rasjonelle i teorien, emosjonelle i praksis. Me veit alt om korleis ting burde vere, men alt raknar når teori blir verkelegheit. Det er gjort ein heil haug eksperiment på dette. Når freistinga kjem på bordet, slår apehjernen seg på, og alt blir annleis. Ei gruppe studentar fekk følgande val: Kva vil du helst ha – to sjokoladekuler med éin gong eller seks om to minutt? Alle svara det siste, seks sjokoladar om to minutt. Men då dei like etterpå fekk nøyaktig det same 18


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 19

valet, berre at denne gongen blei dei to sjokoladekulene fysisk lagde på bordet framfor dei, valde forstemmande  prosent av studentane å ta dei to sjokoladane med éin gong. (Den sjuke delen av dette eksperimentet er elles at studentane faktisk konkurrerte mot ein gjeng sjimpansar, og  prosent av sjimpansane greidde å vente på dei seks sjokoladane, mot altså  prosent menneske.) Dess lenger ein er nøydd til å vente på ei påskjøning, dess mindre er påskjøninga verd. Dette er svært menneskeleg, men veldig dumt. Storleiken på avslaget varierer frå person til person. Dess større avslag på framtidige verdiar, dess mindre sjølvkontroll, og dess enklare har du for å ete for mykje, spele bort pengar, køyre i fylla, ha ubeskytta sex og hente opp alt som er av olje frå havbotnen. Dei gode nyheitene er at det er mogleg å redusere dette avslaget. Ønsker du å stå imot kjappe freistingar som arbeider mot dei langsiktige interessene dine, kan du utnytte følgande faktum: Generelt synest menneske at det ein mistar, er meir verdt enn det ein får. Å miste fem hundre kroner gjer ein meir ulykkeleg enn det å få fem hundre kroner gjer ein lykkeleg. Dette kan du snu til din fordel.  Rosati, A.G., J.R. Stevens, B. Hare og M.D. Hauser. «The Evolutionary Origins of Human Patience: Temporal Preferences in Chimpanzees, Bonobos, and Human Adults». Current Biology  (): –.

19


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 20

Neste gong du blir freista til å handle mot dine eigne langsiktige interesser, så tenk på dette som å gi opp det langsiktige målet ditt (bli forsvarsadvokat) til fordel for den raske vinsten (sjekke Facebook). Deretter: Sjå for deg den framtidige deg nyte fruktene av sjølvdisiplinen din – du står i ei lang, svart kappe og held ein fabelaktig forsvarstale, ikkje eitt auga i salen er tørt. Kontraster dette med den lett kvalmande kjensla av å scrolle seg nedover for å sjå kva dei uinteressante kjenningane dine formidlar om dei irriterande liva sine. Så kan du tenke deg at du blir strippa for den svarte kappa berre fordi du syntest det var meir interessant å sjå på bilete av avkomma til gufs frå ungdomsskulen. Men: Impulsar er impulsar, same kor stor innlevingsevne du har i di eiga framtid. Er suget som dukkar opp, sterkt nok, kan det vere heilt umogleg å motstå, same kor fornuftig ein tenker om det heile. Det me kan kalle førehandsforplikting (pre-commitment), er langt tryggare enn å skulle lene seg fullt og heilt på sjølvdisiplinen når ein står i fare for å falle for ei freisting. Førehandsforplikting vil seie frivillig å pålegge seg sjølv restriksjonar på den eine eller andre måten, så dersom ein er ute etter ein «quick fix» på sjølvdisiplineringsproblema sine, er dette definitivt vegen å gå. Det heile dreier seg om å ikkje ha moglegheit til å falle for freistingar. Nokre døme: Ikkje ha snop i huset. Gå på fylla med 20


Operasjon Sjølvdisiplin ferdig_A 20.06.14 14.20 Side 21

ein viss sum kontantar i lomma i staden for med kredittkort. Set tidsinnstilling på nettilkoplinga. Spar pengar på ein bankkonto med skyhøgt uttaksgebyr. Legg igjen nettbrettet på kontoret for å unngå å bli sitjande med det på fritida. Avtal trening med ein kjenning du er litt redd for, og som blir sint dersom du ikkje stiller. Verdas mest berømte førehandsforpliktar var Odyssevs. Han visste han ikkje kom til å greie å motstå å la seg lokke i døden av sirenesongen, og batt seg til masta i god tid. Til mannskapet valde han ein endå lurare metode: Han fylte øyro deira med bivoks slik at dei ikkje høyrde songen i det heile. For eiga rekning, bokstavleg tala, kan eg fortelje at eg registrerte meg på nettsida stickK.com, der eg skriftleg forplikta meg til å trene minimum to gonger i veka (viktigheita av å setje seg realistiske mål vil bli behandla i kapittel ). Kvar veke rapporterer den ubehageleg strenge sambuaren min inn til nettsida om treningsøktene er gjennomførte eller ei. Dersom svaret er ja, er alt vel. Men dersom det er nei, vil  kroner bli trekte direkte frå kredittkortet mitt og suse inn på kontoen til eit fritt valt veldedig føremål som ein er mot, i dette tilfellet ein organisasjon som motarbeider retten til likekjønna ekteskap. Og vips blir det litt mindre behageleg å velje tøflar framfor joggesko. Dette har funka som berre det i snart eit halvt år. Det einaste dumme er at eg før kvar treningsøkt brått blir veldig negativ til homofili. 21