Norwegen, schönes Land!

Page 1


Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 1

02/02/2017 17:31


Einar Økland

Norwegen, schönes Land! Tyskprodusert fredspropaganda i krigens Norge, 1940–1945

Samlaget, Oslo 2017

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 3

02/02/2017 17:31


Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 4

02/02/2017 17:31


Innhald

Forord

7

Tyskland og Norge 10 Norge og Tyskland 13 Produksjonen av tysk kunst i Norge og frĂĽ Norge 17 Soldat og turist 22 Kva ser vi? 29 Kven var desse kunstnarane? 31 Notar 32 Litteraturliste 8

Utvalde bilde

33

Personregister

145

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 5

02/02/2017 17:31


Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 6

02/02/2017 17:31


Forord

Denne boka presenterer ein svært lite påakta, nærast ukommentert sektor av tysk propaganda­ verksemd i perioden 1940–45, nemleg noko så fredeleg som massespreidde reproduksjonar av teikningar, akvarellar og maleri med norske motiv, laga av tyske kunstnarar i uniform som gjorde teneste i Norge i krigsåra. Boka gir eit oversyn over kva som blei publisert av trykksaker med slike bilde og kven utgjevarane og kunstnarane var. Og sidan svært få kjenner til eller har samla dette materialet, og sidan desse trykk­sakene med få unntak heller ikkje er tilgjenge­lege i våre bibliotek, museum, galleri eller referanseverk, viser boka fram eit representativt utval av bilde, slik at dagens publikum kan sjå kva det snak­ kast om: Nylaga kunst med norske motiv, utførte av tyske og østerrikske kunstnarar i uniform i krigsåra - bilde, laga for propagandabruk som massespreidde reproduksjonar med eit tysk publikum som viktigaste målgruppe. Konkret skjedde spreiinga av desse reproduk­sjonane via fire trykksaktypar: Postkort Bøker Plansjemapper Vedlegg/innslag i periodiske publikasjonar Men produksjonen, spreiinga og bruken av desse reproduserte bilda skjedde i ein populær­ kulturell, stundom triviell brukssamanheng og i ei krigstid. Då hadde folk mangt viktigare å ten­ kje på enn å samle, studere eller ta vare på slikt. I krigsåra og dei næraste etterkrigsåra var tyske og tyskvennlege trykksaker noko ein kasserte eller distanserte seg frå i Norge. Og i Tyskland, heimlandet til kunstnarane, var det undergang, kaos, ruinar og mangel på det mest nødvendige – følgt av alliert okkupasjon, avnazifisering og gjenreising. Krigshistorikarane i etterkrigstida har heilt fram til i dag hatt nok med å utgreie dei politiske, ideologiske og militære tilhøva. Viktige aktørar har fått sine liv skildra, og spektakulære slag, enorme brotsverk, ufattelege katastro­ far, heltegjerningar og lidingar har fått studiar, skildringar, reportasjar, filmar, minnesmerke og refleksjonar. Det er berre rimeleg at desse repro­ duksjonane i mange tiår har blitt neglisjerte, både av offentlege instansar og privatpersonar, eller har blitt oppfatta som noko perifert, trivielt, overflatisk, ubetydeleg utan estetisk interesse eller dokumentarisk verdi.

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 7

Når det gjeld bilde frå krigstida, har det vore dei fotografiske bilda som har stått i fokus. Og har det vore snakk om kunst, har det helst dreia seg om gallerikunst og high art – unike bilde i olje, akvarell, pastell. Innanfor feltet «massespreidd reprodusert kunst» har det stort sett berre vore karikaturteikningar i aviser og blad som har fått merksemd i ettertida, då gjerne på grunn av sine gode, grove – ofte litterære – poeng. I karikatu­ rane var spott, satire, utskjelling, latterleg­gjering og skadefryd både lokkemiddel og belønning for merksemda. På dette propaganda­feltet kunne kvar og ein sjå og forstå at det gjekk føre seg ein krig på tusjpennen mellom Tyskland og dei allierte motpartane. Men i det propaganda­ materialet som blir omtalt her, finn ein ikkje noko av denslags. Tvert imot, det aller meste er så fredeleg at ein gjerne kunne kalle det for «freds­ propaganda». Det seier seg sjølv at dagens publikum, ein mannsalder etter den store krigen, vil nærme seg bilda i denne boka ut frå skiftande og meir distanserte interesser: Nasjonale (særtyske eller særnorske) Lokalhistoriske (motivorienterte) Personalhistoriske (kunstnarbiografiske) Kommunikasjonshistoriske (propagandaintensjonar og -måtar) Men same kva ulike lesarar måtte sjå i desse bilda i dag, vil dei fleste truleg oppdage noko dei ikkje har sett før, sidan sjølve trykksakene har vore så bortgløymde, lite omtalte og lite tilgjenge­lege. Det kan også hende at einskilde lesarar oppdagar at dei sit inne med tilleggs­ informasjonar dei først nå kan plassere i ein samanheng. All interesse og alle lesingar skal vere like velkomne. E.Ø.

7

02/02/2017 17:31


Tyskland og Norge

Om ein jamfører Norge med andre hærtekne nasjonar som Tyskland la under seg, kjem Norge på somme vis i ei særstilling. Norge hadde vore nøytralt under første verdskrigen og var heller ikkje i krig med Tyskland då den andre verds­ krigen byrja i 1939. Det tyske synet var at ved å sende store militære styrkar til Norge i april 1940, hadde Tyskland (så vidt) berga Norge frå å bli okkupert av England. I alle tilvisingar, reportasjar og skildringar av tyske militære operasjonar og slag på norsk grunn heitte det «Kampf um Nor­ wegen». Sjølv om tyske soldatar kjempa heroisk «in Norwegen», kjempa dei «um Norwegen», aldri «gegen Norwegen». Forordet til ein antologi med nye soldatdikt, Soldaten im Norden, Oslo 1941, opnar slik: «Då det oppstod ei tysk avis i Oslo i mai år 1940, blei det framleis kjempa i Norge. Og likevel følte aldri den tyske soldat dette landet som fiendleg. Han kom som ein venn med open og sterk vilje til å akte og forstå det norske mennesket og heimstaden det hadde. Han førte med seg hit denne kjærleiken som Tyskland alltid har følt for Norden, og det norske landskapet blei for han ei stor og eineståande oppleving.»

8

Norge var ikkje for ei fiendemakt å rekne. Rase­ ideologane i det tyske nazipartiet rekna nemleg Norge for eit land med eit arisk folk og med ei heroisk germansk fortid, tilsvarande og delvis felles med den som det tyske herrefolket tilskreiv seg sjølv. Ikkje minst la leiaren for SS, Heinrich Himmler, stor vekt på at nordmenn som rase var berarar av prima arisk arvestoff. I Norge, med sitt strenge nordiske verlag og sin mektige natur, hadde folk tatt godt vare på tradisjonane sine og verdifulle nordiske eller germanske raseeigen­ skapar. Her blanda ein seg ikkje med mindrever­ dige rasar, og her levde folk framleis eit mønster­ gyldig germansk liv der ein verdsette jorddyrking, slektsære, mannsmot og offervilje. Å okkupere Norge var nærast å føre landet og folket attende til å bli del av det germanske Europa som Tysk­ land meinte seg å representere. Rett nok var Norge i 1940 styrt av politiske dårar og skurkar – demokratar, sosialistar, jødar og spekulantar – og det var dette som gjorde ein okkupasjon naudsynt. Men når desse elementa var rydda vekk og rettsinna nazistar var innsette i nasjonens styre og stell, då var Norge eit godt og vakkert land for tyske pangermanske ideolo­ gar. I ettertid er det gjort ei stor sak av kor mykje Himmlers syn hadde å seie for den relativt milde

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 8

handteringa av det okkuperte Norge. (1) Men uan­ sett, og i røynda, var den vesle, nøytrale nasjonen Norge med om lag tre millionar innbyggjarar okkupert, kontrollert, undertrykt og utnytta av den ekspansive nazistiske stormakta Tyskland i perioden 9. april 1940 – 8. mai 1945. Den første og største konsekvensen av okkupasjonen – utanom den militærstrategiske – var at nazistisk einsretting blei tvangsinnført i norsk styringsverk og samfunnsliv. Når det galdt forvaltinga av norske ressursar, levde den tyske krigsmakta elles etter Wallensteins gamle motto: Krigen må fø seg sjølv. «Der Krieg muss den Krieg ernähren.» Tyskarane tok det dei trong: bygningar, tomter, arbeidskraft, matvarer, industriprodukt – og historiske kulturskattar. Den totalitære stormakta Nazi-Tyskland kunne nok dyrke idear om «rase» og «folk» og hente føredøme frå ei diffus og fjern fortid, på ein måte vi i dag ville kalla ukritisk romantisk og sentimental, eller kanskje berre «retro». Men om tyske partiideologar – og ikkje minst deira kunstengasjerte førar, rikskanslar Adolf Hitler – mellom mangt anna var negative til si eiga tids moderne bildekunst, som dei kalla «entartet» (degenerert) eller «jødisk-bolsjevistisk», så var det nyopprusta Tyskland både modernistisk og funksjonalistisk når det galdt praktisk statsfor­ valting og militærstell. Til det funksjonalistiske høyrde ikkje minst dette å kontrollere tanke­ gang, sjølvkjensle og livsforståing i alle lag av det tyske folket med ei sentralstyrt blanding av tilpassa informasjonar innanfor ei ramme av sensur og sanksjonar. Makthavarane visste at det ikkje var nok med strenge appellar, påbod og harde straffer for alt som var uønskt. Like mykje måtte dei som sat med kontrollen, syte for positive tilførsler av underhaldning og lystige, forlokkande, optimistiske nyhende. Det galdt i arbeidstida som i fritida, i heimen som i partiet. Tanken var at dette skulle utløyse optimisme, entusiasme, frivillig og stolt tilslutnad, offervilje o.l. hos den einskilde og i opinionen – viktige ressursar som kunne avgjere utfallet av krigen. Propaganda skulle ikkje berre smørje og effekti­ visere samfunnsmaskineriet, propaganda skulle også skape ekstra drivstoff. I 1938 organiserte Tyskland eigne militære «Propagandakompani» (PK) der tusenvis av nasjonens journalistar, forfattarar, fotografar, filmfolk, teiknarar og malarar blei samla og tildelte propagandaoppgåver. Opphavleg var dei underlagde propagandaministeriet til Joseph

02/02/2017 17:31


Goebbels, men seinare blei dei overførte til ulike militære våpengreiner. Dei som høyrde til i PK, skulle levere reportasjar, omtalar, presentasjonar, framstillingar og liknande som kunne nyttast i dagsaviser, tidsskrift, bøker og vekeblad, film og radio i takt med det som parti-ideologane fann tenleg. (2) Ganske snart byrja dette skje også i takt med tysk krigføring på ulike frontar i ulike land. For den krigen som byrja då Tyskland gjekk til åtak på Polen i 1939, voks til ein verdskrig og enda ikkje før Tyskland låg i ruinar våren 1945. Då var 1000 av i alt 15 000 PK-soldatar falne. I denne krigen hadde dei tyske malarane og teiknarane i PK – ofte kalla «Kriegsmaler» – status både som soldatar og kunstnarar. Det var ikkje berre våpen som skulle føre til siger, men like mykje tysk «Geist», tysk rasebetinga suverenitet. Ideologisk var det noko spesielt verdifullt med eit bilde – til dømes av eit norsk landskap – når det sprang ut av eit tysk blikk. Nazipartiet (NSDAP) og nazistaten investerte enormt i ulike typar propagandaverksemd (som også blei kalla opplysning og informasjon). Pro­ pagandaen hadde to målgrupper: utlandet (og fienden), som skulle bli imponert og avskrekka – og gjerne lurt, og heimeopinionen, som skulle bli entusiastisk og lojal og kjenne seg styrkt i trua på at nazismen var bra, og at Tyskland var eit godt land på veg inn i ei betre framtid. Til dette siste høyrde det med å tileigne seg og utnytte ei rekkje etablerte folkelege og borgar­lege verdiar, tradisjonar og skikkar. Den nye totalitære ideologien forkasta såleis ikkje eldre kristne eller kulturelle institusjonar, men omfunk­ sjonerte dei heller, slik at det meste gjekk som før innanfor underhaldnings- og kulturliv, innanfor folkelege feiringar og høg­tidelege offentlege markeringar. Alt skulle vere som tidlegare, berre større og betre – fordi det heretter skjedde med nasjonalsosialistisk forteikn og godkjenning. Kunst høyrde med, kunst skulle nasjonen vere stolt over å ha, berre det var kunst av rette slaget. Det skulle det vere heretter. Jamvel den religiøse julefeiringa gjorde ein noko med. Nå blei det til dømes snakka om «tysk folkejul». Og etter at verdskrigen var komen i gang, fekk propaganda­ leverandørane soldatane til å seie «krigsjul».

9

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 9

02/02/2017 17:31


Norge og Tyskland

10

I Tyskland kom nazistane til makta ved valet i 1933. Etterpå forbaud dei alle andre tyske parti og byrja same året ei offisiell og gradvis syste­ matisk einsretting under slagordet «Gleichschal­ tung» – eit positivt og optimistisk uttrykk for at alt nå skulle samkøyrast og alle skulle dra alle i same retning – den nasjonalsosialistiske. Dei følgjande åra innførte dei lover som gjorde det mogleg å reinse landet for jødar og kommunistar og demokratar og andre uønskte element. I Norge derimot skjedde nazifiseringa etter ein overraskande militær okkupasjon og blei gjennomført på temmeleg kort tid. Som histori­ karar i ettertid ofte har fortalt oss: under mot­ stand og stundom med lite hell. Alle dei norske partia – med unntak av det ørvesle Nasjonal Samling (NS) – blei forbodne. Etter nokre månader fekk partiføraren Vidkun Quisling skipe ei sivil regjering med norske ministrar og titulere seg sjølv som ministerpre­ sident, men alt skjedde på tysk nåde. General­ kommissæren for dei okkuperte norske områda, Josef Terboven, fekk sine ordrar direkte frå Adolf Hitler. Han rådde over eit sterkt maktapparat og hadde ein svær stab med ulike ekspertar og fagfolk og hadde i praksis diktatorisk makt i det okkuperte Norge. Ei anna sak var at dei ulike tyske våpengreinene (marinen, hæren og fly­våpnet) var krigførande og hadde eit slag sjølvstyre. Dei handla som dei fann det rettast og best ut frå overordna strategiske instruksar og ut frå eigne, lokale fagmilitære vurderingar. Som krigshistorikarar ofte har slått fast, skranta dei fleste etablerte media i Norge i krigs­ åra. Norske aviser blei overvaka og sensurerte – og dertil pålagde å ta inn tilsende meldingar og propagandastoff. Det blei mykje nazistisk sjølv­ skryt, mykje nedsetjande om Tysklands fiendar, mange løgner, mange fordreiingar. Publikum måtte levere inn radioapparata sine hausten 1941. Fleire aviser gjekk inn. Vekepressa og tidsskrifta opplevde papirrasjonering og sviktande stoff­ tilgang. Somme stogga utgiving i 1943. Mange journalistar og forfattarar tagna, og forlaga blei mindre frodige. Den tradisjonelle kulturproduk­ sjonen smuldra bort. Fleire nøkkel­personar inn­ anfor kultur og medium valde å flykte til Sverige, England og USA og agiterte for Norges sak der. Andre gjekk under jorda og dreiv illegal nyhende­ formidling. Okkupasjonsmakta derimot kom fort i gang med å starte ei stor, sivil, tysk dagsavis, Deutsche Zeitung in Norwegen (1940–45), og ei eiga tysk

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 10

soldatavis, Wacht im Norden (1940 –45), som var gratis og kom ut ein gong i veka. I tillegg begynte ein å gi ut eit stort tysk kulturtidsskrift, Deutsche Monatshefte in Norwegen (1940–45). Etableringa av slike propagandaspreiande organ var like nøye planlagd som gjennomføringa av den militære okkupasjonen. Den tyske dagsavisa gav også ut bøker med høgkulturelt innhald, som Soldaten im Norden, ein antologi med soldatdikt som hadde stått i avisa, og ei flott fotobok, Norwegische Stabkirchen med undertittel «Meister­ werke germanischer Holzarchitektur». Boka var utgitt etter ønske frå propagandaavdelinga til rikskommissæren, men realisert av kunstnaren Herbert Reiher. (Forutan å ha skrive sakleg om desse byggverka hadde Reiher personleg tatt storparten av dei svært gode fotografia. Tidle­ gare hadde han laga ei rekkje strekteikningar til Deutsche Fibel. Tysk lærebok for folkeskolen, utgitt av NS-forlaget Gunnar Stenersen i 1941.) Men i forordet av propagandaleiaren G. W. Müller blir det sagt tydeleg frå om at siktemålet med boka er å framheve ikkje berre den rasemessige, men også den historiske og kulturelle slekt­ skapen mellom Norge og Tyskland: «Mange tyskarar, først og fremst soldatar, lærte Norge å kjenne gjennom krigen. Krigsteneste førte fleire til eit land som dei hadde ei interesse for og kanskje hadde lengta etter. For andre var landet heilt ukjent. Men alle hadde merka seg den slektskapen – som hinsides alle ulikskapar – fanst mellom heimlandet og dette landet i nord, mellom Tyskland og Norge. Denne slektskapen, som ikkje berre kom av rase, men endå meir av dei historiske og kulturelle samanhengane mellom landa, var til sjuande og sist det som var utslagsgivande for at eit tysk forlag i dag gir ut denne boka om eit viktig norsk kulturfenomen.» (3)

Frå før av var det fargerike, miltære fotomaga­ sinet Signal publisert på fleire ulike språk. Ein periode under krigen kom det jamvel ut på norsk. Dei tyske propagandaforvaltarane sytte også for at dei mange nye NS-forlaga, som voks opp og blømde under okkupasjonen, gav ut ei mengd aktuelle tyske pamflettar og faktabøker med nazisistisk tendens i norsk omsetjing. Ei rekkje PK-soldatar følgde med invasjon­ styrkane og blei sette til å utføre ei mengd propaganda­relaterte oppgåver, frå reportasje­ skriving og fotografering til teikning og maling. Det siste hadde Hitler personleg engasjert seg i. Og dei leverte det leiinga ønskte. Korleis

02/02/2017 17:31


PK-soldatar blei fordelte mellom våpen­greinene, korleis dei blei tildelte arbeidsoppgåver og korleis dei blei flytta på, korleis arbeidstilhøva og kvardagslivet deira var, eller korleis «produkta» deira blei forvalta, må ein vere tysk militær­ historikar for å vite noko om. Når det er tale om utnyttinga av tyske malarar og teiknarar til propagandaføremål, er det sjølvsagt på sin plass å minne om at det frå verdskrigens første stund også blei produsert og spreidd ei mengd aktuelle fotoreportasjar i tyske aviser, blad og bøker. Og kinogjengarar kunne sjå aktuelle filmopptak frå krigen i den såkalla filmavisa (på tysk «Wochenschau») som kom med nytt innhald ein gong i veka. I bøker og blad og på postkort var det vanleg med detaljrike, kunstnarlege framstillingar av krigsutstyr som fly, ubåtar, tanks o.l., av slagscenar med tapre soldatar i strid og – sjølvsagt – representative portrett av store tyske heltar, helst høgare offi­ serar. Stilistisk kunne framstillingane vere svært så detaljerte og realistiske, men tendensen var likevel i all hovudsak propagandistisk: nasjonalt optimistisk og sjølvheroiserande. Det var altså ingen mangel på bilde av noko slag – anna enn kanskje på slike bilde som kunstnarar lagar av kunstnarlege grunnar og på den måten dei sjølve finn rettast. Det er ei velkjend sak at for dei norske bilde­ kunstnarane gjorde okkupasjonen det vanske­ legare å halde offentlege kunstutstillingar eller tilskipingar. Om ein bildekunstnar var stilmessig eller politisk uforsiktig, kunne vedkomande risi­ kere arrest og det som verre var. Eller omvendt, risikere å bli rekna som nazisympatisør og dårleg nordmann, dersom vedkomande var altfor upå­ fallande og veltilpassa. Den store norske utreinskinga av «ukunst» i 1942, som den nyinnsette leiinga gjennomførte i Nasjonalgalleriet etter modell av den svære riksutstillinga med degenerert kunst («entartete Kunst») i München i 1937, var nærast ei forseinka markering av at det nazistiske synet på bilde­ kunst nå var innført også her i landet, om enn litt meir lempeleg og tolerant (!) enn i Tyskland. I dag kan vi oppfatte det som eit utslag av akseptert rasemessig slektskap og tilnærma nasjonal likestilling at Norge, som det einaste av alle dei tyskokkuperte landa, gjennomførte ei nasjonal utreinsking og utstilling av «ukunst» (entartete Kunst) lik den Tyskland sjølv hadde gjennomført i 30-åra. Same året skjedde også ei anna mar­ kering av felles germansk kultur med utstillinga «Hirdkunst» i Nasjonalgalleriet i Oslo. Det var ein norsk parallell til den tyske samankoplinga av «soldat og kunstnar». Dei norske bildekunstnarane som trass alt hadde offentleg kontakt med norsk publikum i krigsåra, var dei som laga kunst for repro­ duksjon: illustratørane. Dei fekk framleis lage

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 11

triviell bruksgrafikk som bokomslag, bildebøker, vekebladillustrasjonar, postkort o.l. Den slags bruksgrafikk blei ikkje rekna som skikkeleg «kunst» i Norge. Men jamvel på slike relativt harmlause uttrykk eller produkt kunne sensuren stundom slå ned dersom ein antitysk eller norsk­ patriotisk tendens blei oppdaga. Vekeblad, bøker og postkort med uønskt tendens blei kontant forbodne og inndregne, og illustratørar og impli­ serte redaktørar hamna stundom i fengsel. Om korleis aktørar innanfor det norske kunstlivet måtte gå i eksil, gå under jorda, tilpasse seg eller teie, er det skrive og fortalt mykje. Derimot er det lite påakta at Norge også hadde eit tysk miljø og ein arena med tyske bildekunstnarar i dei fem krigsåra. Med få unntak var norske og tyske kunstnarar utan kontakt med kvarandre, jamvel når begge partar var nasjonalsosialistar. Dei arbeidde innanfor to heilt ulike samanhengar. Dei tyskvennlege norske kunstnarane fekk lage kunst for presumptivt tyskvennlege nordmenn, men når det galdt eit tysk publikum, skulle det vere kunst laga av tyske kunstnarar. Å likestille norske kunstnarar i samtida med tyske i ein slik samanheng var uaktuelt for okkupasjonsmakta. På tysk hald var det yttarst få norske samtidskunstnar utanom Olaf Willums og Søren Onsager som var aksep­ table. Den relativt ekspresjonistiske (og naive?) malaren frå Nordland, Einar Berger, var eit unntak. Om han og hans kunst hadde det kome ut eit tysk bokverk i Tyskland før krigen. Boka var også omsett til norsk, og maleri av Berger var å få kjøpt i ein eigen kunsthandel i Oslo i krigsåra. Visseleg nytta både norske og tyske styres­ makter plakaten som propagandamedium. Ei mengd nylaga norske propagandaplakatar, fargerike og flotte, fløymde ut over landet. Men tyskarane laga sjølv sine og nytta helst ikkje aktuelle norske NS-kunstnarar til slikt, jamvel ikkje om dei – som til dømes Harald Damsleth, Kåre Sørum og Valery Zeitzow – arbeidde for det tyskvennlege reklamebyrået Herolden og hadde synt seg som svært leveringsdyktige.

11

02/02/2017 17:31


12

↑ Deutsche Monatshefte in Norwegen, årg. 1943 nr. 7. På omslaget: K. Jahn, «Lutvand» (Lutvann).

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 12

02/02/2017 17:31


Produksjonen av tysk kunst i Norge og frå Norge

Hitler sjølv hadde saman med overkommandoen i Wehrmacht etablert ein eigen skvadron, ein «Staffel der bildenden Künstler» i 1940, og sytte for at mange soldatkunstnarar blei sende til Norge for å male då invasjonen gjekk av stabelen. SS og andre våpengreiner enn hæren hadde også sine. Men om ein spør etter kva type kunstnarar det var som kom hit, må svaret bli at dette veit ein ikkje noko sikkert om. Einskilde velkjende, respekterte kunstnarar som laga kunst Hitler og Himmler og andre nazitoppar sette høgt, og som gjerne hadde vore partimedlemer i mange år, blei rekna som «uunnverlege» i Tyskland. Dei blei ikkje innkalla til militærteneste ved frontane, men fekk vere heime i fedrelandet. Her blei kunsten deira utstilt og feira og kunstnarane sjølve tilgodesett med skattelette og høge inntekter. Derimot blei andre, kanskje litt for modernis­ tiske kunstnarar innkalla, nærast som ei åtvaring og ein oppstrammar. Det finst også døme på at somme kunstnarar melde seg frivillig til militær­ teneste, for å bli oppfatta som patriotiske og ikkje ideologisk suspekte. Det fanst også nokre få, tilårskomne malarar som hadde vore krigs­ malarar alt i den første verdskrigen. I eit viktig og innsiktsfullt oversyn over tyske feltkunstnarar i krigsåra framhevar forskaren og professoren Gregory Maertz at ein kjenner til «kunstverk som er bevart» frå 30 kunstnarar som tenestgjorde i Norge. Han nemner alle desse ved namn: (4) Ahrens, Arthur Amersdorffer, Heinrich Dettmann, H. E. Ertl, Ulrich Freiherr von Handel-Mazzetti, Eduard Hengsteberg, Rudolf Henning, Erwin Hensel, Gerhard-Fritz Joksch, Karl-Hermann Klumbies, Heinrich Kranz, Kurt Kretchmann, Robert Krieg, Wilhelm MacLean, Harry Rizek, Emil Rossmanit, Hans Schoemann, Eduard Schmitz-Westerholt, Julius Schöder-Brandstädt, Paul Schwippert, Kurt Sohns, Kurt Spielmann, Max Spreng, Blasius Thiel, Johannes Vahle, Fritz

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 13

Widmann, Ernst Willrich, Wolfgang Witt, Ernst Zimmermann, Bodo

Det er likevel tydeleg at Maertz tar utgangs­ punkt i originale, unike kunstverk og ikkje har inspisert det materialet med massespreidde reproduksjonar som denne boka sirklar inn. Når vi studerer den føremålsretta «gjenbruken» som all oppdrags­kunsten i dette materialet repre­ senterer, finn vi nemleg ytterlegare 45 andre kunstnarnamn, men berre 5 av dei 30 namna han kjenner. Ei liste (alfabetisert, nokre fornamn ukjende) viser tyske soldatkunstnarar som er represen­ terte med illustrasjonar i ekstraheftet Soldaten und Künstler. Sonderdruck herausgegeben vom Luftgaukommando Norwegen anlässlich der Soldatenausstellung «Schaffen und Gestaltung in der Luftwaffe». (Druck und Verlag Deutsche Monatshefte in Norwegen. Oslo 1941): Dähne Engelhart, W. Freist, W. Höhl, Johannes Heinrich Matsdorf Prasse, K. Raddatz Schmitt, F. Warnke Witt, Ernst Zettler

Ei anna liste (alfabetisert, men nokre fornamn ukjende) nemner dei tyske kunstnararane som fekk eitt eller fleire kunstverk reproduserte i dei ordinære hefta til Deutsche Monatshefte in Norwegen (som kom ut månadleg i Oslo frå nov. 1940 til apr. 1945, men som ikkje trykte slike reproduksjonar i årg. 1940–1942): Ahrens, Max Arnim, Elsa von [kvinne! – men neppe PK-kunstnar] Bechstold Braun, Anton v. Decker, Karl Dückelmann, A. v. Fiergola, Ulli/Wili Fleck, Konrad Freist, W. Gerlach Hagemann, Gustav Hempel Hey On (utyd.) Höhl, Johannes Heinrich

13

02/02/2017 17:31


Jahn, Karl Kranz, Kurt Krieg, W. Kurth, W. Karl Lahme, W. Lauterbach, Otto Lehner-Tübingen Mahler, Wilhelm Massow Molin, O. W. Odoy-Breslau, Max Prasse, Otto Unlauft-Notthaft, H. v. Villain, R. Warnke Witt, Ernst

14

8. november 1940 opna leiaren av hovudavde­ linga for folkeopplysning og propaganda, «hr. Huxhagen», ein eigen tysk utstillingspaviljong øvst i Studenterlunden mellom Stortingsgata og Karl Johan i Oslo. Der skulle ein vise døme på tysk kunst og kultur og ha skiftande utstillin­ gar kvar 14. dag. Her hadde til dømes den tyske PK-kunstnaren Gustav Hagemann ei utstilling våren 1941, og kunstnarsoldaten Kurt Kranz stilte ut akvarellar med norske motiv der i juni 1941. Seinare same året blei det halde ei stor, kollektiv utstilling av tysk soldatkunst i sjølvaste Nasjonalgalleriet i Oslo. Denne utstillinga blei fyldig grunngitt og omtalt i november­nummeret til det viktige (og staseleg utstyrte) kultur­ tidsskriftet Deutsche Monatshefte in Norwegen, som starta i november 1940. Samstundes kom tilleggsheftet i same format som Monatshefte in Norwegen, med 14 heilsides fargereproduksjonar av eit utval bilde frå utstillinga: Soldaten und Künstler. (5) Hitlers høgre hand i Norge rikskommissær Josef Terboven presenterte det nye tiltaket og var heilt tydeleg når det galdt siktemålet: Bru til Norden! («Brücke zum Norden»). Føremålet var tilnærming og kulturell utveksling mellom dei to germanske folka. I dei første to årgangane nytta tidsskriftet berre svart-kvitt-illustrasjonar, dei aller fleste fotografiske. Men deretter – heilt fram til det siste heftet, som kom ut april 1945 – brukte kvart nummer ha som innslag/vedlegg fargereproduksjonar av kunst med norske motiv utførte av tyske kunstnarar i uniform. Elles inne­ heldt kvart nummer mange, og ofte grundige artiklar om eldre (og anerkjent!) norsk kunst og kultur. I nummeret av Monatshefte in Norwegen med omtalen av soldatutstillinga i Nasjonal­ galleriet har gruppeleiaren for kulturavdelinga til rikskommissariatet, dr. Eduard Gudenrath, ein artikkkel med overskrifta «Verdeutschung der norwegischen Kultur?» [«Fortysking av norsk kultur?»] Her heiter det: «Kulturelle Leistun­ gen haben eine werbende Kraft, sie werben für die geistige Annäherung und für ein tieferes

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 14

Verständsnis zwischen den Völkern, und sie brauchen diese Absicht der Werbung nicht zu verleugnen.» [«Kulturelle prestasjonar har tiltrekkingskraft, dei reklamerer for ei åndeleg tilnærming og ei djupare forståing folk i mel­ lom, og ein treng ikkje fornekte siktemålet med denne agiteringa.»] Han konkluderer trium­ ferande: «Eit gammalt uttrykk seier: I krig teier musene. Men i den påtvinga eksistenskampen har Tyskland mobilisert alle sine livskrefter. Og musene teier ikkje!» Ein annan artikkel (usignert) som presente­ rer sjølve utstillinga, konkluderer slik: «Men eit folk kan verken gå under eller vere kulturlaust når det har soldatar som går gjennom den valde­ legaste krigen som har vore nokon gong, og som likevel har sjeleleg kraft til å gripe penslane og gi att tilværet på kunstnarleg vis.» (6) I det korte forordet til sjølve utstillingsheftet seier kommanderande general og befalshavar for luftdistrikt Norge at reproduksjonane skal tene som veggpryd for soldatane der dei er nå. Og seinare, når soldatane er komne heim att, skal samlinga vere eit stolt minne om den tida då dei med innsatsen sin i Norden var med og hjelpte til, slik at det stortyske folket deira nådde fram til sigeren. Den offentlege tyske omtanken for tyske soldat­ars meir personlege ønske viste seg gjen­ nom praksisen med «frontbokhandlar», der soldat­ ane kunne skaffe seg lesestoff og skrive­materiell, og ved ei eiga ordning med «feltpost» ein eigen postgang som gjorde at dei også i felt kunne halde kontakt med venner og slektningar i heimlandet. Militære instansar sytte for at det blei produsert eigne soldatutgåver med ulike typar lesestoff, frå aviser, teikneseriar, romanar og faktabøker til spesiallaga fotoalbum for minne frå tenestetida – og kunstnarlege postkort som soldatane kunne nytte når dei sende personlege helsingar frå det dei kalla Norden. Alt tidleg under okkupasjonen laga ein lokal tysk militær instans to «norske» seriar med kunstnarlege postkort som synte korleis det var å vere soldat i dette landet. Ein serie med ca. ti ulike motiv syner mørke, bratte, nesten aude norske stader og stundom ein liten, godt påkledd anonym soldatskapnad i eit halvmørke. Korta er signerte «S. Brückhoff». Ein annan serie er meir stilisert og dekorativ og tykkjest vere tenkt som julehelsing frå ein avsendar som for tida er tysk soldat i det kalde Norden. Soldatar hentar juletre, ei hand tenner eit lite julelys. Alt er frede­ leg. Soldat­ane i motiva er få eller åleine. Dei er velkledde og stilige – og i julestemning. Korta er berre signerte «Eckart». Begge seriane blei utgitt av «Luftgaukom­ mando Norwegen» og var på førehand påtrykte ei miltær godkjenning for open sending, det vil seie at dei trong ikkje sendast i konvolutt. Dei

02/02/2017 17:31


avslørte ingen militære løyndomar, men formidla einast tysk nærvær og tysk julefred i Norge. Om Brückhoff veit vi ikkje noko meir, men Alfred Eckart (1908–1998) frå Bayern var utdanna som designar i tekstilbransjen og slo gjennom som reklame- og plakatkunstnar i Hamburg i åra etter krigen. Berre ein norsk utgivar – Narvik Bok­handel (1941) – gav ut postkort med motiv utførte av ein tysk krigsmalar i uniform. Den aktuelle postkortkunstnaren – krigsmalar Franz Trenk (7) (1899–1960) var ein velutdanna akvarellmålar frå Graz, knytt til eit «Gebirgsjäger»-korps under general Dietel. Om den norske utgivaren blei pålagd å gi ut korta, eller om han fekk ekstra tysk stønad til å lage dei, veit vi ikkje i dag. Trenk skal ha laga ca. 20–26 ulike kortmotiv som viser korleis det såg ut i og omkring Narvik etter at staden var gjenerobra frå engelske og franske troppar av tyske soldatar under leiing av Dietel. Desse korta viser ikkje dramatiske slag­scenar eller heroiske innsatsar, berre folketomme landskap ispedde stille restar av skip, fly, kaiar o.l. Men i Narvik hadde tyske spesialstyrkar i strid sigra over ei alliert overmakt, og sjølve lokaliteten hadde høg symbolverdi for den tyske krigsleiinga. Dette er nok grunnen til at Trenk alt hausten 1940 blir framheva som «Ein Kriegs­ maler sieht Norwegen» i den store, nystarta tyske avisa Deutsche Zeitung in Norwegen. I innleiinga til presentasjonen finn vi i klartekst det offisielle ideologiske synet på kva plass og kva funksjon ein tysk kunstnar i uniform hadde (her omsett til norsk): «Då dei første hemnbombene fall over England, låg atter menn med blyant inne i dei stålgrå fuglekroppane. Ingen siger, inga ære venta dei. Dei var soldatar som mange andre, millionar av grå meinige. Bilda deira skulle tene som heltesong først i ei seinare tid. Overalt står dei som kunstens soldatar. Ingen­ ting skil dei frå kameratane. Dei har på seg den same uniforma og ber den same børa. Malarane, teiknarane, diktarane og forfattarane kjempar den same kampen og døyr den same døden. Dei frigjorde seg frå sin eigen verden og blei del av den store fellesskapen, og som del av den store sirkelen voks dei seg større enn seg sjølve og blei formidlarar av denne mektige hendinga då ei ny tid blei skapt. Det var ikkje avgjerande om dei var viktige i den verden dei kom frå; om dei stod i dei store utstillingskatalogane, om dei var omsette til fleire eller ingen framande språk. Det avgjerande var kor­ leis dei skildra kampen dei gjekk gjennom; korleis dei opplevde og synte fram landskapet og tinga som dei tyske kolonnane drog seg gjennom. Det i seg sjølv var målestokken, og einast det kunne vere målestokk. Å vere soldat og å vere kunstnar måtte vere same oppleving. For malarane var det først og fremst det store landskapet i Norge med sitt sterke lys og sine harde farger, einsemda i dei kvite fjella og kystane, der ein menneskelagnad verkar liten og uviktig,

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 15

som blei ein viktig inspirasjon. Mange bilde og teik­ ningar oppstod i desse lyse sommardagane som nå ligg bak oss. Ein gong, når den gode freden var blitt tilkjempa, skulle dei syne tyske menneske veg gjennom Nordens land, til fjerne fjordar og skjer, gjennom einsame dalar og stille bygder som lokkar med lyse feriedagar. Blant dei mange malarane og teiknarane i grå uniform, som hadde blitt venn med dette landet og lært å elske det eineståande i fargane og skuggane i det høge lyset til den nattlause sommaren, kan vi nemne ein som har det store Narvik-landskapet buande i bilda sine: Franz Trenk.» (8)

15

02/02/2017 17:31


16

↑ Døme på frivole postkort, påtrykt «Feldpost» på baksida. Kunstnar ukjend.

Norwegen_Materie_210x277_V7.indd 16

02/02/2017 17:31