__MAIN_TEXT__

Page 1


Nokon kjem til ĂĽ kome_Nokon kjem til ĂĽ kome 12.03.18 08.55 Side 1


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 5

Jon Fosse

Nokon kjem til å kome Skodespel

Samlaget Oslo 2018


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 6

Med åra har eg byrja skriva ein meir tradisjonell og radikal nynorsk, der eg mellom anna nyttar a-infinitiv. I si tid gjekk eg frå å skriva nærast ein samnorsk nynorsk og til å skriva ein såkalla midlinjenynorsk. Ei form som komme har for meg no for mykje av det samnorske i seg, så eg har difor endra tittel frå Nokon kjem til å komme til Nokon kjem til å kome. Av prinsipp likar eg ikkje å endra i alt utgjevne bøker, men denne endringa får vera unnataket som stadfester regelen. «Grotten», i januar 2018 Jon Fosse


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 7

PERSONAR Han Ho Mannen

Nokon kjem til å komme hadde urpremiere på Det Norske Teatret 26. april 1996. Regi: Otto Homlung Scenografi: Kari Gravklev Han: Jan Grønli Ho: Unn Vibeke Hol Mannen: Lasse Kolsrud


Nokon kjem til ĂĽ kome_Nokon kjem til ĂĽ kome 12.03.18 08.55 Side 8


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 9

I

I tunet framfor eit gammalt ganske forfalle hus, det er målingsslite, nokre vindaugsruter er sprokne, likevel har huset, som ligg audt til, på ei flate i eit brot, med utsikt mot havet, sin vêrbitne materielle venleik. Ein mann og ei kvinne kjem inn i tunet, rundt det høgre hushjørnet. Han er i femtiårsalderen, fyldig, med grått litt langt hår, flakkande auge og langsame rørsler. Ho er rundt tretti år, ganske høg, noko kraftig, med halvlangt hår, store auge og litt barnslege gestar. Mannen og kvinna går langsmed huset, leier kvarandre i hendene, ser og ser mot huset HO

muntert No er vi snart i huset vårt HAN

Huset vårt HO

Eit gammalt vakkert hus Langt borte frå andre hus og frå andre folk HAN

Du og eg åleine

9


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 10

HO

Ikkje berre åleine men åleine saman Ho ser han opp i ansiktet Huset vårt I dette huset skal vi vere saman du og eg åleine saman HAN

Og så skal ingen kome Dei stiller seg opp, står og ser mot huset HO

No er vi komne til huset vårt HAN

Og huset er jo fint HO

No er vi komne til huset vårt Til huset vårt der vi skal vere saman Du og eg åleine til huset der du og eg skal vere åleine saman Langt borte frå dei andre Huset der vi skal vere saman åleine i kvarandre 10


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 11

HAN

Huset vårt HO

Huset som er vårt HAN

Huset som er vårt Huset der ingen skal kome No er vi komne til huset vårt Huset der vi skal vere saman åleine i kvarandre Dei går vidare langsmed huset HO

litt bekymra Men det er litt annleis eg hadde vel ikkje tenkt at det skulle vere slik Brått redd For nokon kjem til å kome det er så audt her at nokon kjem til å kome Han held berre fram med å sjå mot huset, liksom i eigne tankar Den lange vegen hit ikkje eit menneske var jo å sjå langt har vi reist og ikkje eit menneske har vi sett berre vegen 11


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 12

og så står vi framfor dette huset og intensare tenk når det blir mørkt Og tenk når det er uvêr når vinden går gjennom veggane når du høyrer havet slå når bølgjene går harde når havet er kvitt og svart og tenk kor kaldt det blir i huset når vinden går gjennom veggane og tenk kor langt det er til folk kor mørkt det er kor stille det kjem til å vere og tenk korleis vinden går korleis bølgjene slår tenk korleis det blir om hausten i mørkret med regnet og mørkret Eit hav som går kvitt og svart og berre deg og meg her i dette huset Og så langt frå folk HAN

Ja så langt frå folk Pause No er vi endeleg åleine

12


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 13

HO

litt bekymra Men det er jo ikkje alle vi reiser bort ifrå Det var jo ikkje alle folk Berre nokre folk var det jo Han stiller seg opp og ser mot henne HAN

Vi reiser bort frå dei alle saman bort frå alle andre Ho stiller seg opp og ser mot han HO

spørjande Alle andre Reiser vi bort frå alle andre HAN

Ja frå alle andre HO

Men kan ein det Vil ikkje dei andre uansett vere der Kan ein reise bort frå alle andre Er det ikkje farleg

13


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 14

HAN

Men vi vil jo vere for oss sjølve Det er jo dei andre alle dei andre som drar oss bort ifrå kvarandre Alle dei andre Sterkare Vi vil jo berre vere saman med kvarandre åleine ein stad vi vil jo berre vere åleine ein stad der vi kan bu Der du og eg kan vere åleine saman Åleine i kvarandre Det var der vi ville vere Vi ville jo berre vere åleine med kvarandre Åleine i kvarandre HO

Men får vi vere åleine Det er jo liksom nokon her Fortvila Nokon er her Nokon kjem til å kome

14


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 15

HAN

roleg Det er berre vi som er her Han snur seg bort frå henne, går gjennom tunet, bort forbi det venstre hushjørnet, stiller seg opp og ser nedover mot havet Det er jo ingen her Og der peikar er havet Ingen kjem til å kome Ho kjem bort til han, stiller seg opp attmed han. Ho òg ser mot havet. Litt opprømt Og sjå kor vakkert havet er Huset er gammalt og havet er vakkert Vi er åleine Og ingen kjem til å kome Ingen kjem Og der nede er havet så vakkert sjå bølgjene sjå korleis bølgjene veltar seg mot alle dei runde steinane der nede i fjøra bølgje etter bølgje og så havet der ute Så langt som auga rekk er berre havet å sjå Og så nokre holmar langt der ute nokre svarte holmar mot det blåe og kvite havet 15


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 16

Og der Pause Jo Han ser mot henne. Ho ser ned, ser lita og redd ut. Stussande Ja Litt bekymra Det kjem ikkje nokon HO

Eg kjenner vel på meg at nokon kjem til å kome HAN

Nei vi er åleine vi kjenner ingen Det er berre dette huset Og så havet HO

Det er jo alt nokon som er her Sterkare Ja nokon er her Nokon kjem til å kome Eg veit at nokon kjem til å kome HAN

Nei vi er åleine her Pause 16


Nokon kjem til å kome_Nokon kjem til å kome 12.03.18 08.55 Side 17

Endeleg er vi åleine No er vi åleine saman med kvarandre Bestemt Og vi kunne jo ikkje vere der vi var Vi måtte jo reise vi ville jo reise bort ein stad Og så blei det hit til dette huset Og no er huset vårt Litt gladare Og no skal vi bu i dette huset Han ser igjen mot huset Vi bestemte oss for å reise hit Mykje gladare Vi bestemte oss for det Og så gjorde vi det Og no er vi her Det er vi som skal bu i huset no vi bestemte jo oss for at vi skulle reise hit I dette huset skal vi bu Det sa vi No er vi her No skal vi bu i huset Han ser igjen mot havet Og der peikar er havet Stort og fint 17

Profile for Det Norske Samlaget

Nokon kjem til å kome  

Teaterstykke av Jon Fosse.

Nokon kjem til å kome  

Teaterstykke av Jon Fosse.