Ikkje tenk på det

Page 1



Ikkje tenk pĂĽ det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 1


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 2

Olaug Nilssen på Samlaget Innestengt i udyr. Roman.  Vi har så korte armar. Tilstandsrapportar. , ,  Hybrideleg sjølvgransking. Essay.  Få meg på, for faen. Roman. , , ,  Nesten frelst av Sigvart Dagsland.  Kjøkenbenkrealisme. Ærlege historier om tidsklemma.  Stort og stygt. Drama.  Tung tids tale. Roman. , 


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 3

Olaug Nilssen

Ikkje tenk på det Drama

Samlaget Oslo 


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 4

© Det Norske Samlaget  www.samlaget.no : Knut Løvås : Magnus Osnes : Samlaget : Minion : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden  ----

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 5

    Michel Sørbrøt (fødd Mikkel Braut) – kjent norsk forfattar i sekstiåra som gjer litterært comeback etter ti års tausheit. Petra Pauline – kjent norsk biletkunstnar i femtiåra og Michel Sørbrøts ekskone. Ine Wang – kulturjournalist og bokmeldar i Gnorposten, seint i trettiåra. Siss og Unn – tilsette i marknadsavdelinga i Påfuglen forlag, begge tidleg i femtiåra. Gertrud – Michel Sørbrøts redaktør i Påfuglen forlag. Tidleg i sekstiåra. Henry Wergeland – kjent norsk forfattar i eksil i Berlin. Gammal venn av Michel Sørbrøt, også han i sekstiåra. Oddlaug Nilstun – norsk forfattar som prøver å få karrieren sin på fote. Nytilsett vikar i marknadsavdelinga i Påfuglen forlag. Fyller snart . 


Ikkje tenk pĂĽ det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 6


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 7

. scene Lansering av Michel Sørbrøts første roman på ti år – Alene igjen – på provisorisk scene i foajeen i forlaget. Ine Wang sit klar i stolen sin på scenen og gjer notat på Macen sin, mens Oddlaug, Siss og Unn står klare bak scenen med snacks og vin. Bokstablar og store plakatar med bilete av Michel. Oddlaug: Kor blir det av han? Siss: Ta det med ro, han kjem. Oddlaug: Klokka er no altså fem OVER. Siss: Han er aldri presis, ikkje tenk på det. Oddlaug: Men no stressar Ine også.


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 8

Ine ser vekselvis på klokka og på kvinnene bak scenen. Oddlaug gir tommel opp, dei to andre ignorerer. Siss: Ho får sjølv ta ansvar for at ho gjekk og sette seg på scenen for å vente i staden for bak her med oss. Unn: Eg tippar han har fortapt seg i Facebook-kontoen eg laga til han i går. Siss: Hæ-hæ-hæ. Oddlaug: Hadde han ikkje Facebook? Unn: Nei, men no måtte han til pers. Det er på sosiale medium all marknadsføring går føre seg. Oddlaug: Ja, det veit eg, altså. Snapchat er størst på marknadsføring. Siss: For ein mann på ?


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 9

Oddlaug: … Men no må han kome, altså! Publikum murrar. Siss: Det der er ikkje murring! Det er triveleg koseprat. Michel kjem inn. Michel: Beklagar, beklagar, beklagar! Siss: Ikkje tenk på det, heng av deg og spurt inn til Ine, ho sit klar der borte. Michel: Ine? Kor er Gertrud? Unn: Eg sa det jo til deg i går! Ho er innlagd på sjukehuset. Michel: Kva!? Er Gertrud innlagd på sjukehuset? Kvifor det? Siss: Ikkje tenk på det! Vi tar det etterpå.


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 10

Michel: Men kven er ho der, då? Har ho førebudd seg? Unn: Michel, eg GAV DEG køyreplanen i går. No må du gi deg. Michel: Er det ho i Gnor-Posten? Ine … Ine … Oddlaug: Ine Wang. Ei god venninne av meg. Ho er fast på kultur. Michel: til Siss, om Oddlaug Kven er det, då? Oddlaug: rekker fram handa Oddlaug Nilstun. Eg er ein kollega av deg. Eg er forfattaren av Få meg fram, for helvete. Eg skriv på ei ny bok, den handlar om ei nedbroten kvinne som møter ein mann, og som lurer på … Siss: Oddlaug! Ikkje no!




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 11

Michel: til Oddlaug For satan! Men kvifor er du her? Oddlaug: Eg jobbar i forlaget ditt. Men boka handlar også om eit møte mellom to … Siss: Vi tar det etterpå! Inn på scenen med deg. Michel: Ine Wang. Jaha. Aha. Siss: Gå og set deg! Unn: Det er altså no det skjer, Michel. Vi lanserer boka di. Følg lite grann med, ver så snill. Michel: Men … ho stiller ikkje spørsmål om … Petra og alt det der?




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 12

Siss: Nei, avtalen er klar! Dette er ein  minutts lanseringssamtale, her er det altså ingenting å vere redd for. Ta det med ro. Gå og set deg. Michel: Heilt sikkert at ho ikkje spør om det? Siss: Heilt sikkert! Michel: Ok, ok, ok. strammar seg opp, går smilande inn på scenen Ine: Og då er han endeleg på plass! Endeleg tilbake, etter ti års tausheit! Boka heiter Alene igjen. Ta varmt imot Michel Sørbrøt! Stor applaus, Michel går på scenen med takking og bukking. Tar Ine i handa. Ine: Takk for sist, ja. Velkomen. Ver så god. Set deg ned.




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 13

Michel: Set meg ned? Det kan eg jo gjere, men eg vil gjerne lese frå boka først. Ine: … Ver så god. Michel Sørbrøt les for første gong frå romanen Alene igjen. Michel: «Det var en av de virkelig våte kveldene. Gnors brosteiner glødet i lyset fra gatelykter og billys, og du hadde pensko i veska, store slagstøvler på beina. Du hadde heist den lange kjolen opp under regnkåpen med sikkerhetsnåler, visste godt hvilken effekt det hadde å slippe kjolen ned igjen når du hadde fått hengt fra deg. Først kjolen, så håret. Du var en brusende kraft, en foss av en éntre.» Backstage Oddlaug: Er det Petra Pauline han skriv om? Siss: Sjølvsagt er det det.




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 14

Unn: Nei, det er ein litterær figur. Siss knekk saman av latter. På scenen Michel: «Jeg visste det, denne dagen, at du ikke bruste for meg. Du fosset unna.» Backstage Siss: Oh my fucking god! Unn: Hysj! Michel: «Vi satte oss ved stambordet, bestilte en flaske rødvin. Du ville ikke ha mat, jeg insisterte. Vi spiste biff i taushet, du skjøv tallerkenen fra deg før maten var halvspist. Hissigheten min var brå og uventet, også for meg, da jeg freste fram at du kunne vel for faen spise opp, måtte du demonstrere også i dette, et enkelt måltid? Du henvendte avvisingen både til meg og til eventuelle tilhørere ved nabobordene. Du fortsatte tausheten i en stiv, ugjennomtrengelig maske.»




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 15

Backstage Unn: Det er noko med den setninga som ikkje stemmer heilt, sånn reint grammatisk. Du kan ikkje fortsetje ei tausheit i ei maske. Siss: Jo då. Her seier han at ho ikkje berre er taus, men også uttrykkslaus, og at dette er ei maske. Ho har andre kjensler på innsida. Han får sagt mykje på ei lita flate. Unn: Tullar du med meg no? Siss: Det er det han prøver å få sagt, i alle fall. På scenen Michel: «Og det var da jeg visste det. Det er dette som er det siste måltidet. Dette er vår avskjed.» Backstage Oddlaug: Åh! Siss og Unn gjer grimasar. 


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 16

På scenen Michel: «Det er nå det er over. Og du sa det også, samtidig som du sakte løftet fatet på skakke og skjøv maten ned på bordet med gaffelen. – Jeg flytter ut. Det brå sinnet over den pinlige demonstrasjonen din ilte gjennom meg og fikk meg opp i stående. Du visste det, selvsagt, at du kunne oppnå dette, og i sorgen over å leve opp til din planlagte exit rev jeg duken av bordet og slengte den som et prosjektil gjennom rommet. Brølet tilkalte personalet, som geleidet meg ut av lokalet. Gjennom vinduet så jeg deg lene deg tilbake, bestille en ny flaske.» Smeller boka saman. Kunstpause. Publikum ser på kvarandre, enkelte klappar, andre er avventande. Bak scenen Unn: kviskrar halvhøgt Kan du slenge ein duk som eit prosjektil gjennom rommet, er det i det heile fysisk mogleg? Siss: Hysssj! 


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 17

Unn: kviskrar Vil han ikkje miste farten og falle ned halvvegs? Oddlaug: kviskrar Har du ikkje lese boka i manusversjon? De skulle jo tatt det då. Siss: Hysj!! Ingen som bryr seg om det. Unn: Nei, presisjonsnivået finn du først og fremst på marknad.

På scenen Michel: Og dette, mine damer og herrar, var altså begynnelsen på boka. Herifrå kan det berre bli betre – eller verre. Varm applaus frå publikum. Enkelte kvinner reiser seg frå klappstolane i begeistring. Alle seta i foajeen er tatt, nokre gjester står ved døra.




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 18

Ine: Takk, Michel, du kan kome og setje deg igjen. Michel bukkar seg baklengs tilbake til stolen sin. Blir ståande og bla i boka, liksom for å leite fram eit nytt lesestykke. Ine: Velkomen, Michel Sørbrøt. Michel les, blar, held ein finger opp i lufta for å signalisere at ho skal vente. Ine: Takk skal du ha for denne vakre opplesinga. Michel les, blar, held ein finger opp i lufta for å signalisere at ho skal vente. Ine: No er det på tide å setje seg igjen. Bak scenen Siss: høgt Set deg, Michel!




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 19

På scenen Michel set seg. Michel: Takk, takk. Ine: Du har altså skrive ein roman om ein mann og ei kvinne som går frå kvarandre etter tjue års ekteskap. Ein skilsmisseroman. Michel: Ja. Hovudpersonen Freddy Richardson er ein mann knust av kjærleikssorg, og han oppfører seg deretter. Romanen er sett saman av minne frå ekteskapet og Richardsons sorgarbeid på notidsplanet. Ine: Det er ein roman med mange modige skildringar. gjer gåseaugeteikn med fingrane «Sorgarbeidet» er rått og brutalt, Richardson tyr til rus og kvinner for å døyve sorga. Ekskona, Anna Hortensia, virvlar derimot vidare som om ingenting har hendt. Tilsynelatande. Michel: Det stemmer. Richardson analyserer gjennom (gjer ein understrekande gest) sorgarbeidet korleis forholdet 


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 20

mellom ektemakane har vore ujamt gjennom heile ekteskapet. Han har ikkje klart å sjå kona som det barnet ho er, inst inne. Ine: … barnet!? … ujamt, ja … Det er interessant. Kven tenkjer du har overtaket av dei to ektemakane? Michel: Det må vere opp til lesaren å avgjere! Ine: Men du har vel ei meining om det? Michel: … Det er opp til lesaren å svare på. Ine: Det er eit kunstnarektepar du skildrar. Kona i boka – Anna Hortensia – er bilet- og performancekunstnar med stor suksess. Freddy Richardson er dramatikar. Han har ikkje eigentleg fått til noko dei siste åra, slik det blir framstilt i romanen. Blir han skremt av suksessen til kona? Michel: Ikkje fått til noko … he-he-he, det kjem vel an på auga som ser. Kva er det å få til noko? 


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 21

Ine: Eg meiner jo i yrkeslivet hans. Du skriv om at han søker ulike jobbar, men til slutt blir avvist på Rema  fordi han er overkvalifisert. Michel: Ja, det er ein sterk metafor. Eg prøvde å sjå for meg det mest audmjukande, ein seksti år gammal mann i kassen på Rema, med gamle kollegaer som kjem for å kjøpe kondom og murar-øl … Det møtet i kassen der har stort dramatisk potensial. Men eg innsåg i skriveprosessen at det var urealistisk, han ville ha blitt avvist, noko som var endå meir audmjukande. Men høyr på dette – eg prøver å få fram at han har andre kvalitetar, at han har andre ting å by på. Ine: Ja, han har eit sterkt behov for å vere god mot kvinner, særleg på soverommet, ikkje heilt ulikt korleis Trudy Mars skildrar same tema så glitrande i romanen Hjemme hos hverandre … er det dette du tenkjer på? Michel: Trudy …? Eg vil ikkje røpe for mykje her i dag. Eg vil heller at dette skal vere ein slags teaser for lesarane. Kanskje eg skal lese litt til?




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 22

Ine: Nei, vent. Michel: Jo, eg synest det kjem betre fram gjennom tekst enn gjennom samtale … he-he-he, mogleg eg er litt gammaldags slik, men eg har erfaring med at tekst funkar. Ine: He-he-he, det er klart du skal få lese, kjære deg, men vi har fleire tema på agendaen her no. La oss først snakke litt om dette store arrangementet som forlaget har planlagt å stelle stand for deg i haust – det er ikkje meir enn to månader til. Det er jo ein liten festival dei har planlagt, med deg i sentrum. Har dei tatt feiringa av gjennombrotet ditt på forskot her? Michel: Gjennombrot … ja, det kan du seie … he-he-he … eller comeback, kanskje? Ine: På forskot? Michel: … Det blir fest. Det gler eg meg til. Litterær festaftan med meg og min gamle venn Henry Wergeland på scenen. 


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 23

Publikum gispar, og enkelte slepper frå seg jubel. Michel: til publikum Ja, kan de tenkje dykk? Det er berre å gle seg. til Ine Wang Vi kjenner kvarandre frå då vi begge slo gjennom på slutten av syttitalet, vi debuterte same året. Han vann Tarjei Vesaas’ debutantpris, noko som resulterte i eit evig vennskapeleg konkurranseforhold mellom oss, he-he-he. Ine: uinteressert Seier du det, du. Michel: Ja, he-he-he … Han er jo ein stor forfattar, svært anerkjent både heime og ute. Omsett til femti språk, trur eg. Men eg har ei større samla prissamling enn han, om eg får lov til å nemne det, he-he-he … Ine: Vi veit alle kven Henry Wergeland er. Så vi kan ta cven ein annan gong.




Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 24

Michel: … Ok, greitt. Når eg besøker han, så er det jo i leilegheitene hans i Berlin og på Gran Canaria. Det skal bli godt å få han til Noreg. Ine: Ja, vi veit at de kjenner kvarandre. Vi les bøkene dykkar. Michel: … Ok, eg skal kome til poenget. Han har hatt stor suksess med romantrilogien sin Hest i jerngryte … ja, den er jo kjent for dei fleste. Påfuglen forlag gir ut alle tre bøkene i ny utgåve, både Byen i mitt hjerte, Utvandringa og Eksilet, alle tre Hest-bøkene i ein stor lesefest av ei innbunden bok. Og det blir første gongen i Noreg sidan … ja, eg hugsar ikkje sidan kva. Han har halde seg unna media og offentlegheita, han kommuniserer berre med omverda gjennom litteraturen. Nøgd nikking på bakrommet. Ine: Men la oss snakke om deg. Tretti år sidan debuten. Det er modig av forlaget å gi deg ei slik ære, for det er 


Ikkje tenk på det ferdig.qxp_Layout 1 27.03.2019 11:19 Side 25

jo trass alt ti år sidan siste bok, og Påfuglen forlag har ikkje hatt så mange oppturar dei siste åra. Michel: … Kanskje det, det får du nesten spørje dei om. Ine: Det var vel Gull i busken som var den siste store suksessen til forlaget, eller … Det er jo ti år sidan, det har gått trått med dei andre forfattarane på forlaget … Wergeland har heller ikkje gitt ut noko dei siste åra. Føler du ansvar? Er du nervøs? Michel: … Eg er sjølvsagt spent på mottakinga. Ein mann i min alder, som gir ut bok etter ti års tausheit, det er ikkje gitt at publikum strøymer til bokhandelen då. til publikum Men eg håpar sjølvsagt at de vil lese boka mi … Men no, Ine. No må eg få lov til å lese litt til, søte deg. Ine: Ein liten augneblink, berre …

