__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 1


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 3

Elena Ferrante

Natt på stranda Illustrert av

Mara Cerri Frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Samlaget Oslo 2017


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 5


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 7

Mati er ei jente som snakkar veldig mykje, særleg med meg. Eg er dokka hennar. Far til Mati har nettopp komme, han kjem hit til stranda kvar helg. Han har med seg ein svart og kvit katt i gåve til henne. For fem minutt sidan leikte Mati heile tida med meg, no leiker ho med katten, som ho kallar Minù. Eg sit aleine i sanden, i sola, og eg veit ikkje kva eg skal finne på. Bror til Mati har begynt å grave eit hòl. Han liker ikkje meg. For han er eg ikkje verd meir enn ein lort, og all sanden som han grev opp, kastar han over meg. Det er veldig varmt.

7


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 8

Eg tenker på den siste leiken Mati leikte med meg. Ho fekk meg til å hoppe og springe, til å bli redd, til å snakke og rope, til å le og endåtil gråte. Når vi to leiker, snakkar eg veldig mykje, og alle tinga rundt oss svarer. Men no sit eg aleine, nesten nedgraven i sand, og eg kjedar meg. Ein tordivel kjem forbi, så opptatt med å grave seg ein sti at han ikkje eingong seier hei.

Mor til Mati gjekk frå stranda for ein time sidan, ho gjekk heim. Også far hennar har no tenkt å gå; han er nedlest av alle strandtinga. «Mati, no går vi, skund deg.» Mati forlèt strandparasollen saman med broren og kattungen. Og eg? Eg ser dei ikkje lenger. Eg roper: «Mati.» Men Mati høyrer meg ikkje. Ho snakkar med katten Minù og høyrer berre han, og han svarer henne.

8


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 9


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 10

Sola har gått ned, lyset er rosa. Det kjem ei strandvakt. Det er noko ved auga hans som eg ikkje liker. Han ryddar saman parasollane og solstolane. Eg ser på barten hans som rører seg på leppa som halen til ei firfisle. Då kjenner eg han igjen. Det er Den Slemme Strandmannen av Solnedgangen. Mati er alltid redd når ho snakkar om han. Han kjem til stranda når det er mørkt, og stel leikene til barna. Den Slemme Strandmannen er kjempehøg. Han roper på vennen sin, Den Store Raka, som er endå høgare, og saman begynner dei å kjemme sanden. Den Slemme Strandmannen av Solnedgangen syng ein song som lyder slik: Opne munnen Et bæsjen Drikk tisset Det glatte klisset Ingen ord Berre skarpe tenner Høyr så mildt Når alt er stilt.

10


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 11

Den Store Raka har grufulle tenner av skinande jern. Ho set kjeften i sanden og kjem nærmare. Eg er redd, ho vil skade meg, øydelegge meg. Sjå, no er ho her. Eg hamnar mellom tennene saman med pimpstein, sniglehus, kjernar av plomme og fersken. Eg kjenner meg litt mørbanka, men eg er heilt heil. Den Slemme Strandmannen syng vidare med ei stemme som gjer vondt i hjartet mitt: Av med nasen Ned på potta Tøm strupen Svelgd av natta. Alt han har raka saman, endar i ein haug med rusk og rask, papirserviettar, posar og plastflasker. Eg har hamna ikkje så langt frå ein liten plasthest, ein metallkork, ein kulepenn og Tordivelen som gjekk forbi for litt sidan, og som no ligg på ryggen og spreller med beina i vêret.

11


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 12

Lyset er ikkje lenger rosa, men fiolett. Sanden er blitt kaldare. Eg er veldig trist, men også sint. Eg liker ikkje denne katten Minù, eg hatar han faktisk. Han har til og med eit stygt namn. Eg håpar at han får diaré, at han kastar opp, og at han stinkar så fælt at Mati blir kvalm og kvittar seg med han. På denne tida burde eg ha bada i badekaret saman med henne, eg burde ha vore ved middagsbordet med heile familien, fått mat frå skeia hennar, ein munnfull til Mati, ein munnfull til meg. I staden ligg eg her på rygg som Tordivelen og må høyre den fæle songen til Den Slemme Strandmannen av Solnedgangen. Det mørknar. Det er ingen stjerner og heller ingen måne. Lyden frå havet er blitt sterkare. Det er fuktig, eg kjem til å bli forkjølt. Mati seier alltid: «Viss du blir kald, får du feber.» Ho seier det på nøyaktig same måten som mor hennar seier det til henne. Det gjer ho fordi Mati og eg også er mor og dotter. Derfor kan ho ikkje ha gløymt meg. Straks ho legg merke til at eg er blitt igjen her på stranda, kjem ho garantert til å komme

12


notte spiaggia def_N.qxd:notte spiaggia def.qxd

02-06-17

16:01

Side 13

Profile for Det Norske Samlaget

Natt på stranda  

Barnebok av Elena Ferrante. Illustrert av Mara Cerri. Omsett av Kristin Sørsdal.

Natt på stranda  

Barnebok av Elena Ferrante. Illustrert av Mara Cerri. Omsett av Kristin Sørsdal.

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded