Nærast er du når du er borte. Dikt i samling

Page 1



N


TOR JONSSON

Næras t   Nærast er  du når du er borte dikt i samling

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 1987 www.samlaget.no Om s l ags - o g b okd e s ig n: Øystein Vidnes Skr i f t : Financier Text av Kris Sowersby ILLU STRASJON PÅ SIDE 10: Andreas Brunes både fotograferte og teikna Tor Jonsson i 1950. Pa pi r : Munken Premium Cream 100 g Try kker i : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden isbn 978-82-340-0493-3 5. utgåva Boka er gitt ut med støtte frå Tor Jonsson-laget. Takk til Håvard Teigen, Bjarne Tormodsgard Rita Mundal og Torstein Bruøygard for arbeidet med å finne fram dikt frå aviser og privatarkiv.

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Innh al d

Nærast er du når du er borte

11

Mogning i mørkret Ordet Grågås Vårsorg Ei vårnattvise Arbeidarvår Fagerhaug Stuslegstugu Torso In memoriam Vill-Guri Nordved Sjong Bjørka og hausten Gjenta Svart minne Drøymaren Kvil i økta Kong Husmannsgut Vås-Pervisa

19 20 20 21 22 23 23 24 25 26 26 28 28 29 30 30 31 33

Kveldvart i huset Haustvise Skogen og bekken Blod i snø Klagar du – Du ber ein eld Skrikarberg Templet og trua Haustbøn Einsemda Vona Mogning Sol Varulv Kverna Ved Wergelandsgrava Heimkjenning

34 35 35 36 38 38 39 40 41 42 43 43 44 44 45 46 47

51 52 53 53 54 55 55

Til grågrenda Ungkar og spelmann Grått og blått Festtale i eit julelag Balderbrå Klokker ved kveld Tvilen

56 57 58 59 61 61 62

Berg ved blått vatn Lengsla bygde katedralar Sorga Fager skog Døde blomar Gråekra Ved fattigdomsglaset I Sorgli


Haust på torget Under Kristusbiletet Lyre i logen Ferdafugl Daudmannhaugen Bygdabøygen Song om livet Bunden til bålet Tre dikt om tyngdekrafta Rekyl Ved ein brend gard Ved ein telegrafstolpe Draum om dans Til Arnulf Øverland Etter midnatt Fem år Den 7. mai Mjuke liner Dette landet

63 64 65 66 67 69 75 76 77 79 80 80 81 82 83 83 84 85 86

På heimveg Mennesket Syndflod Frøauknatta Song om liv og død Svaret Framtids julenatt Skriftemål Til leitaren Til asketen Profeten og livet Verbrun vegg ved tjørna Frø Ufødd gud Sinai Credo Kor Klokkene Ved fossen Norsk kjærleikssong

87 89 90 90 91 92 92 93 94 95 96 97 98 98 99 101 103 104 104 106

Bygdabilete Svartdalskjerringa Fjellbygdvåren Ungdomsvegen Barndomsheimen I bjørkeskog Ved døra til den vide verd Brev Til dei fredsæle Dyret Du eig ikkje lykka Rekviem Vond draum

119 120 121 123 124 125

Jarnnetter Døra 109 110 Vårmotiv 111 Junisong til jorda 112 Kjærleikssong 113 I kornstaursusen 113 Fuglane 114 Kvit sorg 114 Ved avdagsleite 115 På draumegras 116 Død spelmann Bygda syng ei gamal vise – 116 117 Kattmånadsvise 118 Gudskjelovkvelden 118 Frostkorngrenda

6

125 127 130 130 131 131 132


Verda spør Nasjonane syng Vaktmannen drøymer Protest Morgonbøn Altartavle Dagbokblad I frostlendet Jarnnetter Augustkveld Blind by Sanatorium

133 134 135 136 137 138 139 142 143 143 144 145

Skuggen Kvardagssalme Grå kunst Slite golv Voggesong i sorghuset Vår eiga røynd Fattig gud Vandringsmann Tunnel Sendebod Faneberaren Fossen

146 147 147 148 149 149 150 151 153 154 154 155

158

Dyresjela Skaldars glade syrgjebod Hjartesorga Vardøger Ved krossvegen Krigsgenerasjon Pyrrhos Maredraum Plukke dei beiske frukter Far etter Gud Fattig ynskje Dagen Hausttanke Berg Oppi tindom Han som er

171

Ei dagbok for mitt hjarte Ei dagbok for mitt hjarte Døde dagars ord Grenda Einseto Vandringa Sigeren Fargane To salmar synna kyrkja Biletet I seinhaustkyrkja Folkevise på kyrkjegarden Lauv i vind Diktarliv Religion Kultur Sanningsleitaren Eg er sorg og glede

164 164 165 165 166 166 167 168 168 169 169 170 170 171 171

172 172 173 173 174 174 175 175 176 177 177 177 178 178 179

7


Lause dikt Trollheim Ljos i mørkret På ein gamal gard Framtid Kjærleikssong ved tjørna Å dikte Kven kviskrar Bøn med knytte hender Vår draum om Gud No vil eg vera alle! To vandrarsongar Dei tusen kvinners kveld Vonde tider, angesttider Byggje tårn Pompeij Andakt i einsemda Rømdene drøymer Den dagen eg døyr – Riddarspranget Vegvill (I) Vegvill (II) Kjærleikskjelda Natt Kjærleiksbrev Haustkveld Når du er borte Du tende eld Til ein namnlaus Sanninga lyser ikkje Å, kor eg kjenner – Svevn under stjernene I blåbjøllbakken Eg er liv av ei kvinnes død To kvinner Den ukjende

8

183 184 184 185 186 186 186 187 187 188 189 190 191 191 192 194 195 196 197 198 199 199 200 202 203 204 204 205 206 206 207 207 208 209 209

Eg lånte plog – Song til ein orm Draum Vegen gjekk eg til ende Ved grensa Siste skimt av sol Kvite fuglar Kom susande, seinhaustnatt – Så stig da i meg, einsemd

210 210 211 212 212 213 213 213 214

Dikt frå aviser og blad 215 Orsak 215 Landsgymnaset 216 Vår i redaksjonen Songstemnestemning i Ål 217 218 Bladmannssorg 218 Jægerfall 219 Skatteklage 221 Bygda 223 Gøymde hjarto Dikt frå Baksibragd Utan tittel Sommarkveld Proletarvise Lassbilvise Draum og dagning Draum og dikt Mat og sjel Vakne!

224 224 225 225 226 227 227 228

Dikt frå Ord i einsemd Utan tittel Regnbogelia

229 230


Når borken går 230 231 Kvit synd 232 Sveinkallspringar Fattigmannssong 233 (Bestefarsongen) 234 Skyer på guds himmel 234 Død soldat 235 Framtid 235 Ved Svarthølen 236 Profeten 237 Lyset Dikt frå Mot ytste grensa Eg åtte ikkje kjærleik Kvinna Landet græt Før oss lengsle I heimlausgrenda Utan tittel

239 240 240 241 241 242

Etterord

259

Venetape Av Jan-Magnus Bruheim

262

Dikta i alfabetisk rekkjefølgje

265

Litteraturliste

271

Dansar-Jan (Ei vise frå gamle dagar) I gata Utan tittel Utan tittel Attisa brunn Veggen Frelsaren Dei brotne voners bøn Kvit grav Einsleg kvinne Ny draum (Sorga og døden) Nekrolog Steinut veg Svart glede Utan tittel Utan tittel Grenseland

243 244 244 245 246 247 248 250 251 251 252 253 253 254 255 256 256



NÆ RAS T E R DU NÅ R DU ER B ORTE

Tor Jonsson vart fødd 14. mai 1916 i Lom. Dei fyrste åra av livet budde han i Prestkroken, ein husmannsplass under prestegarden. Der oppunder Lomseggen vart kornet sådd fyrst om våren og vart fyrst moge om hausten. Da Tor var åtte år gammal, kom faren opp i ein lang og bitter strid om frikjøp av husmannsplassen. Striden hamna i avisspaltene og vart ein verkebyll som kløyvde bygda i to. Faren tapte saka. Familien måtte flytte frå plassen og jorda som dei hadde dyrka, og inn i Stuslegstugu litt lenger ned i lia. I dag kan vi knapt førestille oss kor viktig det var å eige og dyrke jord for Johannes Johnsen og andre i hans situasjon, og flyttinga innebar eit dramatisk sosialt fall. Den stridige og sterkt politisk engasjerte faren døydde i 1929. Diktet «Trollheim», som er med i denne samlinga, er ei av få tekster som skildrar han. 13 år gammal var Tor farlaus. Han bar på ei djup sorg og eit stort sinne og opprørstrongen var kveikt i han. I diktet «Grågrenda» skriv han: Ei gåve gav du meg, grend av det gråe: Viljen til strid, striden for meg og dei andre småe. På skulen gjorde Tor det særs godt. Han var gløgg, las alt han kom over av aviser, blad og bøker som han lånte på boksamlinga, og hadde store kunnskapar som han auste av i timane. Stilane hans vart lesne høgt for klassa. Iblant vart han kalla «Vetl-Aukrusten», «Snorre» eller «Vinje-guten» av dei andre elevane. Lærarinna hans på framhaldsskulen, Randi Bojer, og faren hennar, forfattaren Johan Bojer, ville hjelpe Tor med

11


støtte til å ta meir utdanning. Den stolte guten ville ikkje stå i gjeld til nokon og takka nei. Men diktardraumen hadde vakna i han. I 1932 debuterte han 16 år gammal i Arbeidermagasinet med forteljinga «Eit Illmenne». – Brend og borte, sa Tor Jonsson sjølv om Baksibragd, det fyrste manuset han sende inn. Det vart sendt til fleire forlag i hovudstaden i 1937 og i omarbeidd form i 1938. Dikta vart skrivne på matpakke-papir og brukte konvoluttar og det han elles hadde for handa, og alt i hop vart borte i krigsåra, ifølgje han sjølv. Det stemmer ikkje heilt. Kulturjournalist Torodd Kvaale (1927–1995) frå Lom samla i hop dikt, kladdar og manuskriptsider som låg att etter Tor Jonsson. I 1965 fekk han trykt tre hefte i avgrensa opplag, Baksibragd, Ord i einsemd og Mot ytste grensa. I heftet Baksibragd er det samla brotstykke av diktsamlingane som han sende inn, inkludert konsulentuttalen til Olav Dalgard i Noregs Boklag. Diktsamlinga gjev bod om eit ungt talent som har mykje å fara med, men som også har mykje att å lære, skriv Dalgard i uttalen. Han trekkjer fram dei kvasse og humoristiske glyttane forfattaren gjev av livet i bygda som noko av det beste. Påverknaden frå Olav Aukrust blir også trekt fram. Manuset Baksibragd vart refusert båe gongene, men ein del av dikta kom truleg med i debuten. Det gjekk fleire år før han prøvde seg på ny. Denne gongen fekk han ja frå Noregs Boklag, og debut­samlinga Mogning i mørkret kom ut i 1943. Debutboka fekk lite merksemd og vart mest ikkje omtala i aviser og blad, men husmannssonen hadde realisert diktardraumen, og ho selde godt. Opningsdiktet «Ordet» har blitt ståande som eitt av dei mest kjende dikta hans. Tor Jonsson fekk gjeve ut tre diktsamlingar mens han levde. Berg ved blått vatn kom ut i 1946 og Jarnnetter i 1948. Ei dagbok for mitt hjarte kom ut posthumt i 1951. I heftet Ord i einsemd finn ein dikt og utkast til dikt som han skreiv i tida mellom Berg ved blått vatn og Jarnnetter. Jarnnetter hadde arbeidstittelen Ord i einsemd. I det siste heftet frå Kvaale, Mot ytste grensa, finn ein manuskript og kladdar til dikt som Tor skreiv frå vinteren 1948 og fram til han døydde.

12


14. januar 1951 døydde Tor Jonsson, berre 34 år gammal. Ein av dei siste som hadde kontakt med han, var Tarjei Vesaas. Dei to venene treftest i Oslo og skulle dele rom på Bondeheimen. Men Tor dukka ikkje opp att i løpet av natta. Han hadde lagt att ein lapp til Tarjei der det stod at han brått måtte reise. Tarjei tala med folk som kunne fortelja at Tor hadde vore deprimert den siste tida. Tarjei ville invitere Tor med til Halldis og ungane i Vinje, og han utsette heimreisa. Men morgonen etter ringjer han Halldis på ny. I memoarboka Båten om dagen. Minne frå eit samliv 1946–1970 skriv Halldis om samtalen: Eg hørte på han at noko stod på, spurde kva det var. Pause i telefonen. Så sa han: «Det er Tor Jonsson.» «Kva er det med han?» Ny pause og så: «Det er – Karin Boye.» Så visste ein. Tor Jonsson hadde gjort det ho gjorde. I Nærast er du når du er borte er dikta frå dei tidlegare samlingane tekne med saman med eit nytt tillegg på om lag 50 dikt. Dette er dikt som har vore trykte i aviser, blad og bøker og dikt som ikkje har vore publiserte. Dei fleste nye dikt som er tekne med i denne boka, er henta frå dei tre hefta som Torodd Kvaale fekk i stand. Med den nye, utvida utgåva ynskjer vi å syne ei større breidde hjå lyrikaren Tor Jonsson. Nokre av dikta er frå tida hans som bladmann. I 1945 og 1946 var han journalist i Dølenes blad/Dølabladet på Otta og redaktør i Hallingdølen i Ål. Her skreiv han dikt og små notisar under pseudonym som Mikro, Kjatrik og Brumbas. I desse dikta syner skjemtegauken Tor Jonsson seg fram. Påverknad frå sambygdingen, diktarhovdingen Olav Aukrust, er nemnd. Særleg godt kjem dette til syne i naturdikta og i folkelivsskildringane i Baksibragd og Mogning i mørkret. I «Lassbilvise» skriv han om livet til lausarbeidaren: «Eg sit og sleng på ein lassbilkarm». «Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde», heiter det i Aukrust-diktet «Vårblå himil i mars». Dikta «Proletarvise», «Sveinkallspringar» og «Dansar-Jan» skildrar fest, fyll og laussleppt livsførsel blant småkårsfolk.


Språket er munnleg og «sprita opp» med bannskap og kallenamn på folk slik som ein finn det i Aukrusts «Aksión på Tande». Tor Jonsson blir etter kvart den rake motsetninga til sambygdingen. Han vil ikkje vera ein «Vetl-Aukrust» og mindremann og skil seg frå Olav Aukrust i form, tone og innhald. I skrivinga kan nemleg ein «fattig husmannsgut med bøter bak i broka» vera ein jamning. Olav Aukrust skriv høgstemt, himmelvendt og utbroderande frå sin himmelvarde. Tor Jonsson skriv kvast og korthogd om «hat i heilag einsemd» nede i grågrenda og trongdalslendet. Sosial indignasjon går som ein raud tråd gjennom diktinga hans. Sinne og forakt overfor det tradisjonsbundne, ættedyrkande og klassedelte bygdesamfunnet er òg essensen i fleire av dei nye dikta som er tekne med her, til dømes «Skatteklage», som stod på trykk i Hallingdølen. Som Alf Prøysen blir Tor Jonsson ein forfattar for småkårsfolket, men dei to grip det an på ulikt vis. «Det kjennes som å ha vært barbeint gjennom blåklokkeeng og så komme bort i bare brennesle når en kommer fra Alf Prøysen til Tor Jonsson», er Nils Johan Rud si treffande skildring. Skrivinga blir Tor Jonsson sin måte å takle tilværet på og kompensere for eit fattig liv. «Eg ynskjer kje meir av lukke enn å skapa liv av ord», skriv han i diktet «Draum og dagning». Dikt om å dikte, å skapa, vera som ein gud med ord, er ein tematikk ein finn att i nokre av dei mest kjende dikta hans som «Ordet», «Å dikte» og «Fattig ynskje». Også i diktet «Draum og dikt» blir dette tematisert. Arthur Arntzen hevdar at Tor Jonsson er fattigfolkets diktar framfor nokon. Utanforskap følgjer Tor Jonsson gjennom livet. Han følte også på dette som forfattar. «Det er vondt å vera blome blant tunge våronnhestar, men verre vera diktar blant fattigfolk og prestar», skriv han i diktet «Diktarliv». Men Tor var ikkje den einaste diktaren i dei karrige fjellbygdene. Etter Olav Aukrust kom lyrikarane på laupande band. I Skjåk heldt diktarvenene Tore Ørjasæter og Jan-Magnus Bruheim til. Lyrikaren og litteraturkritikaren Ragnvald Skrede kom frå

14


Vågå. Det litterære miljøet i Nord-Gudbrandsdalen stod sterkt og vart lagt merke til. «Kanskje det er turr luft og høg himmel som har gjort dei har dikta so godt i Nord-Gudbrandsdalen», undra Olav H. Hauge. «Eg åtte ikkje kjærleik», skriv Tor Jonsson i eitt av sine siste dikt. Han har likevel skrive seg inn i norsk litteraturhistorie med eit par av våre mest kjende kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte», som denne nye utgåva har henta tittelen frå. Kjærleik, lengt og kvinner er tema i fleire av dikta vi har teke med i utvalet. I «Kvinna» og «Brotne voners bøn» forbannar han kvinner i krasse ordelag, før han endar opp med å velsigne dei, eller den eine, «ho eg har evig kjær». Tor Jonsson debuterte midt under andre verdskrigen. Han var pasifist, og hadde eit vanskeleg forhold til båe dei krigførande partane. Han kjende seg ikkje heime i nokon av flokkane, skriv han. Krigen er lite til stades i dikta hans, men «Død soldat», «Framtid» og «Ljos i mørkret» er tekne med i utvalet. Det han skriv meir og meir oppelda om enn krigen, er Gud, prestar og kristenfolket som han låg i strid med. «Skyer på Guds himmel», «Kvit synd», «Profeten» og «Frelsaren» er dikt som tek opp denne tematikken. I det siste heftet, Mot ytste grensa, er seinhaust og sorg gjennomgangstonen. Dikta dreiar seg stadig meir om einsemd, sjølvhat, sorg og død. Han går mot ytste grensa i livet, og ein del av dikta ber også preg av å vera grenseoverskridande. Utanforskapen han alltid har kjent på, skriv han om i diktet «Veggen»: «Finst det kje andre enn døden som maktar å rive veggen ned?». Sjølvmordstanken har teke form, og han skriv nekrolog. Diktet «Grenseland» endar slik: Mi lengsle etter freden vart ein urobrann. Først skar eg seljefløye, sidan vandringsstav og villa om i grenseland i mellom fosterfred og fred i grav. 70 år etter at han la pennen ned for godt, er Tor Jonsson framleis ein av våre mest lesne og verdsette lyrikarar. Nye og gamle

15


lesarar finn meining, trøyst og glede i orda hans. Vi tyr til dei både til kjærleik og til død. Tor Jonsson etterlet seg nokre av våre mest kjende og kjære dikt. Om mannen er borte, lever orda hans. Best sa han det sjølv: Dei gløymest dei gjæve, og alt det dei gjorde. Men livet er æve. Og evig er Ordet. Lom, hausten 2020 Rita Mundal Tor Jonsson-laget


MO G NING I MØ R KR ET (1943)



I Ord et Kva hjelp det å syngje som elv i det aude? Kva hjelp det å kyngje med klokker for daude? Kva hjelp det å skapa all venleik i verda når Ordet lyt tapa for svolten og sverda? Slik undrast og spør vi i modlause stunder. Men hugse det bør vi: Eit ord er eit under. Dei gløymest dei gjæve, og alt det dei gjorde. Men livet er æve. Og evig er Ordet.

19


G r ågå s Når grågåsa vender plogen mot nord, da livnar kvart frø i skogen, kvar blome gror. Da gror det i unge hugar ei ri – Da peikar det grågåsplogar mot ufødd tid –

Vå r s o r g Å, under, under når våren vaknar og vert til medvit i mannahug. På nytt ligg jorda her ung og naken og gjer meg bljug – Det dryp og klunkar i løynde årar, det sildrar sylv i dei svarte sva. Kvar natt kjem dvergar og hamrar sylvet på alle bergom til blanke blad. Da vert det strev i den gråe grenda. Det eimar mold og det angar brom. Og så ein morgon kan jorda te fram sin heilagdom: Ei kvitkledd symre i silkekåpe ber bod til hjarta, at enn ein gong er våren komen med veldig vilje og fyller verda med sol og song.

20