Mi briljante venninne

Page 1


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 1


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 3

Elena Ferrante

MI BRILJANTE VENNINNE Bok I Barndom, tidleg ungdom Roman Frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Samlaget Oslo 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 2


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 5

: Du har den fridom du forfektar. Eg hata aldri deg og det du er. Av alle ånder som fornektar, er skjelmen inga plageånd især. For mannsens verksemd kan så lett bli sløva ned, som regel vil han helst ha ro og fred. Så difor gjev eg han den følgjesveinen som gjer sitt djevleverk og kunne terge steinen … J. W. Goethe: Faust. Del I. Gjendikta av Åse-Marie Nesse


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 6


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 7

INNHALD Liste over personar Prolog Barndom Tidleg ungdom

 Slette alle spor  Historia om don Achille  Historia om skoa 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 8


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 9

LISTE OVER PERSONAR Familien Cerullo (familien til skomakaren): Fernando Cerullo, skomakar Nunzia Cerullo, mor til Lila Raffaella Cerullo, av alle kalla Lina. Lila berre for Elena Rino Cerullo, eldste bror til Lila, også han skomakar Rino blir også namnet til eit av barna til Lila Andre barn Familien Greco (familien til portnaren): Elena Greco, kalla Veslelena eller Lenù. Den førstefødde. Etter henne kjem Peppe, Gianni og Elisa Faren, som er portnar i rådhuset Mora, husmor Familien Carracci (familien til don Achille): Don Achille Carracci, uhyret frå eventyra Maria Carracci, kona til don Achille Stefano Carracci, son til don Achille og kjøpmann i kjøtt- og feitevarehandelen til familien Pinuccia og Alfonso Carracci, dei andre to barna til don Achille


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 10

Familien Peluso (familien til snikkaren): Alfredo Peluso, snikkar Giuseppina Peluso, kona til Alfredo Pasquale Peluso, eldste son til Alfredo og Giuseppina, murar Carmela Peluso, som også blir kalla Carmen, søster til Pasquale og seljar av sysaker Andre barn Familien Cappuccio (familien til den galne enka): Melina, ein slektning av mor til Lila, galen enke Mannen til Melina, som lempa fruktkasser på marknaden Ada Cappuccio, dotter til Melina Antonio Cappuccio, sonen til Melina og mekanikar Andre barn Familien Sarratore (familien til jernbanetilsett og poet): Donato Sarratore, konduktør Lidia Sarratore, kona til Donato Nino Sarratore, den eldste av dei fem barna til Lidia og Donato Marisa Sarratore, dotter til Lidia og Donato Pino, Clelia og Ciro Sarratore, dei yngste barna til Lidia og Donato Familien Scanno (familien til frukt- og grønsakhandlaren): Nicola Scanno, frukt- og grønsakhandlar Assunta Scanno, kona til Nicola Enzo Scanno, son til Nicola og Assunta, også han frukt- og grønsakhandlar Andre barn




Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 11

Familien Solara (familien til eigaren av Bar og konditori Solara): Silvio Solara, eigar av bar og konditori Manuela Solara, kona til Silvio Marcello og Michele Solara, sønene til Manuela og Silvio Familien Spagnuolo (familien til konditoren): Signor Spagnuolo, konditor i Bar og konditori Solara Rosa Spagnuolo, kona til konditoren Gigliola Spagnuolo, dotter til konditoren Andre barn Gino, son til apotekaren Lærarane: Ferraro, lærar og bibliotekar Frøken Oliviero, lærar i den -årige folkeskolen Gerace, lærar i det -årige gymnaset Galiani, lærar i det -årige gymnaset Nella Incardo, frå Ischia og kusine til Oliviero

 Italia  la scuola elementare,  år la scuola media,  år / la scuola di avviamento, – år ginnasio + liceo,  år

Norge folkeskolen,  år realskolen,  år / framhaldsskolen, – år gymnas,  år


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 12


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 13

PROLOG Slette alle spor


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 14


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 15

 dag tidleg ringde Rino. Eg tenkte at han ville ha pengar igjen, og skulle til å seie nei. Grunnen til oppringinga var derimot ein annan: Mor hans var borte. «Kor lenge?» «To veker.» «Og du ringer meg først no?» Stemma mi må ha verka fiendtleg, endå eg verken var sint eller forarga, berre ein smule sarkastisk. Han prøvde å forklare, halvt på dialekt, halvt på italiensk, tydeleg forvirra og skamfull. Han sa han var overtydd om at mor hans vandra omkring i Napolis gater som vanleg. «Også om natta?» «Du veit korleis ho er.» «Eg veit det, men to veker. Du kan ikkje meine at det er normalt?» «Du har ikkje sett henne på lenge, ho er blitt verre. Aldri trøytt, kjem og går og gjer som ho sjølv vil.» Til slutt hadde han altså blitt uroleg. Han hadde spurt alle, tatt runden på alle sjukehusa, han hadde til og med gått til politiet. Ingenting, mor hans var ingen stad. For ein god son: ein svær mann på rundt førti, aldri hatt eit skikkeleg arbeid, ikkje anna enn snuskhandel og sløseri. Eg såg for meg kor mykje energi han

I




Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 16

hadde lagt i leitinga. Ingen. Han var utan hjerne, og i hjartet hadde han berre seg sjølv. «Ho er vel ikkje hos deg?» sa han med eitt. Mor hans? Her i Torino? Han kjende godt til situasjonen, han sa det berre for å prate. Han sjølv hadde vore mange gonger ute og reist. I alle fall ti gonger hadde han vore på besøk utan å vere invitert. Mor hans, som eg meir enn gjerne skulle ha tatt imot, hadde aldri vore utanfor Napoli i heile sitt liv. «Nei, ho er ikkje hos meg.» «Sikker?» «Rino, ver så snill, eg har sagt at ho ikkje er her.» «Men kvar kan ho då ha dratt?» Han begynte å gråte, og eg lét han få lage ei scene med kunstige hulk som gjekk over i verkelege tårer. Då han var ferdig, sa eg: «Ver så snill, kan du for ein gongs skuld oppføre deg slik ho vil: Ikkje leit etter henne.» «Kva er det du seier?» «Eg seier det eg seier. Det tener ikkje til noko. Lær deg å leve aleine og oppsøk heller ikkje meg.» Eg la på.

 Mor til Rino heiter Raffaella Cerullo, men alle har alltid kalla henne Lina. Ikkje eg, eg har aldri brukt verken det første namnet eller det andre. I meir enn seksti år har ho vore Lila for meg. Viss eg hadde kalla henne Lina eller Raffaella slik utan vidare, ville ho trudd at vennskapen vår var over. 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 17

I minst tre tiår har ho snakka om dette med å forsvinne utan å etterlate seg spor, berre eg veit kva det betyr. Ho har aldri hatt tankar om å flykte eller byte identitet, aldri drøymt om å skape seg eit liv ein annan stad. Og ho har aldri tenkt på sjølvmord, ho blir kvalm ved tanken på at Rino skulle ta seg av kroppen hennar eller ha noko med den å gjere. Intensjonen hennar har alltid vore ein annan: Ho ville fordufte, kvar einaste celle skulle slutte å eksistere, av henne skulle det ikkje finnast noko tilbake. Og ettersom eg kjenner henne godt, eller i alle fall trur at eg kjenner henne, tar eg det for gitt at ho har funne ein måte som ikkje lar det vere igjen i denne verda eit einaste hårstrå nokon stad.  Dagane gjekk. Eg sjekka e-posten og den vanlege posten, men utan mykje håp. Eg har skrive til henne svært ofte, men ho har nesten aldri svart. Slik har det alltid vore. Ho likte best telefonen eller dei lange nattlege samtalene når eg var i Napoli. Eg opna skuffane mine, metallboksane der eg tar vare på ulike ting. Lite. Eg har kasta mykje, særleg det som har med henne å gjere, noko ho veit. Eg oppdaga at eg ikkje har noko som er hennar, ikkje eit bilde, ikkje ein lapp, ikkje ei lita gåve. Det overraska sjølv meg. Var det mogleg at ho ikkje hadde etterlate noko av seg sjølv etter alle desse åra, eller verre: at eg ikkje har hatt ønske om å ta vare på noko? Mogleg. Denne gongen var det eg som ringde til Rino, eg gjorde det med tungt hjarte. Han svarte verken på den i huset eller på mobilen. Han ringde meg opp seinare 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 18

på kvelden, tok seg god tid. Han hadde den tonen som han bruker for å vekke medynk. «Eg såg at du hadde ringt. Har du høyrt noko nytt?» «Nei, og du?» «Ingenting.» Han sa ting utan samanheng. Han ville på tv, i det programmet som hadde med sakna personar å gjere, få kontakt med henne, spørje mor si om tilgiving for alt, bønnfalle henne om å komme tilbake. Eg lytta tolmodig, så spurde eg: «Har du sett etter i skapet hennar?» «For å gjere kva?» Det hadde naturlegvis ikkje falle han inn å gjere det mest opplagde. «Gå og sjå.» Han gjorde det, og det gjekk opp for han at det var tomt, ikkje eingong ein kjole etter mor hans, verken for sommar eller vinter, berre gamle kleshengarar. Eg fekk han til å leite nøye gjennom huset. Alt var vekk. Skoa. Dei få bøkene. Fotografia og filmane. Datamaskinen, også dei gamle diskettane, alt frå livet hennar som trollkvinne i elektronisk databehandling allereie i holkortperioden på slutten av sekstitalet. Rino var mållaus. Eg sa: «Ta den tida du treng, men så må du ringe og fortelje meg det om det så berre er ein knapp du har funne etter henne.» Han ringde dagen etter, svært opphissa. «Eg finn ingenting.» «Ikkje ein einaste ting?» «Nei. På alle fotoa der vi er saman, har ho rive av 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 19

den delen som er av henne, også frå den gongen eg var liten.» «Har du sett nøye etter?» «Overalt.» «Også nede i kjellaren?» «Overalt, har eg sagt. Til og med eska med alle papira er borte: Kva veit eg, gamle fødselsattestar, telefonkontraktar, kvitteringar. Kva betyr det? Har nokon stole det? Kva leiter dei etter? Kva vil dei med mor mi og meg?» Eg sa at han skulle roe seg ned. Det var lite sannsynleg at nokon var ute etter noko, spesielt frå ein som han. «Kan eg komme og bu litt hos deg?» «Nei.» «Ver så snill, eg klarer ikkje å sove.» «Du må klare deg, Rino, eg kan ikkje gjere noko.» Eg la på, og då han ringde igjen, svarte eg ikkje. Eg sette meg ved skrivebordet. Lila har det som vanleg med å overdrive, tenkte eg. Grenselaus, også når det gjeld å forsvinne utan eit spor. Ikkje berre ville ho forsvinne, no i ein alder av sekstiseks år, ho ville også viske ut alt av livet som låg bak henne. Eg var svært sint. La oss sjå kven som vinn denne gongen, sa eg til meg sjølv. Eg slo på datamaskinen og begynte å skrive – alle detaljane i historia vår, alt som var igjen i minnet.


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 20


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 21

BARNDOM Historia om don Achille


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 22


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 23

 en dagen Lila og eg bestemte oss for å gå dei mørke trappene, trinn for trinn, avsats etter avsats, heile vegen opp til døra i leilegheita til don Achille, begynte vennskapen vår. Eg hugsar det fiolette lyset nede i garden, duftene av ein mild kveld om våren. Mammaene var i gang med å lage middag, det var på tide å komme seg heim, men vi trekte ut tida med å utfordre kvarandre, heilt utan ord, til ulike styrkeprøver. Ei stund gjorde vi ikkje anna enn det, verken på skolen eller ute. Lila stakk handa og heile armen inn i det svarte munnholet på ein rennesteinskum, og eg gjorde det same straks etter, med bankande hjarte og håp om at kakerlakkane ikkje ville springe over huda mi eller at rottene ville bite meg. Lila klatra opp til vindauget til signora Spagnuolo i første etasje, hengde seg etter jernstonga der ståltrådane til klesvasken gjekk, gynga att og fram, sleppte seg ned på fortauet igjen, og eg gjorde det same rett etter, livredd for å falle og slå meg. Lila stakk ei rusten sikkerheitsnål innunder huda – eg veit ikkje når ho hadde funne den, men ho hadde den alltid i lomma som om den var ei gåve frå ein fe –, og eg observerte metallspissen idet den laga ein kvit tunnel i handflata hennar; då ho

D




Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 24

trekte den ut og gav den til meg, gjorde eg det same. På eit tidspunkt sende ho meg eit av blikka sine, urørleg og med smale auge, og gjekk mot bygarden der don Achille Carracci budde. Eg stivna av redsel. Don Achille var uhyret frå eventyra, eg hadde absolutt forbod mot å nærme meg, snakke med han, sjå på han, spionere på han. Ein skulle late som dei ikkje eksisterte, både han og resten av familien. Overfor han var det, heime hos meg, men ikkje berre der, ei frykt og eit hat som eg ikkje visste kvar kom frå. Når far min snakka om han, såg eg for meg ein svær mann, full av lilla blemmer, rasande trass namnet «don», som for meg heller hadde klang av ein slags verdig autoritet. Han var eit vesen som kunne ha vore laga av jern, glas, brennesle, men levande, levande med heit pust som kom ut av nase og munn. Eg trudde at det var nok å sjå han på lang avstand, så ville han sende ut noko som brann og svei i auga mine. Viss eg hadde vore så galen at eg nærma meg døra hans, ville han ha drepe meg. Eg venta litt for å sjå om Lila tenkte seg om og kom tilbake. Eg visste kva ho ville gjere, eg hadde håpa at ho skulle gløyme det, men nei. Gatelyktene var enno ikkje tende og heller ikkje lysa i oppgangen. Det kom lyd av hissige stemmer frå leilegheitene. For å følgje henne måtte eg forlate det blåfiolette der ute og gå inn i mørket i trappeoppgangen. Då eg endeleg bestemte meg, såg eg først ingenting, men kjende berre lukta av gammalt skrot og DDT. Så vende eg meg til tussmørket og såg Lila sitte på det første trinnet på den første avsatsen. Ho reiste seg, og vi begynte å gå oppover. Vi heldt oss inntil muren, ho to trinn føre, eg to 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 25

trinn bak; eg var usikker på om eg skulle minske eller auke avstanden. Eg kan framleis kjenne skuldra mi som stryk mot den krumme muren, og trappetrinn som er veldig høge, mykje høgare enn trinna i bygarden der eg budde. Eg skalv. Kvar einaste lyd av fottrinn, kvar einaste stemme, var don Achille, som dukka opp bak ryggen vår eller kom mot oss med ein lang kniv, av den typen som er til å snitte opp brystet på hønene med. Det var ei lukt av frityrsteikt kvitløk. Maria, kona til don Achille, ville putte meg i gryta med kokande olje, ungane hans ville ete meg, han ville suge ut hjernen min slik far min gjorde med rekene. Vi stoppa ofte, og kvar gong håpa eg at Lila hadde bestemt seg for å gå tilbake. Eg var veldig sveitt, med Lila veit eg ikkje. No og då såg ho oppover, men eg skjønte ikkje etter kva, ein kunne berre skimte dei skittengrå vindauga på kvar avsats. Lysa tende seg brått, dei var matte og støvete og etterlét store område i skugge, fulle av farar. Vi venta for å sjå om det var don Achille som hadde vridd på brytaren, men høyrde ingenting, verken skritt eller dører som blei opna eller lukka. Lila gjekk vidare, og eg etter. Ho meinte at det ho gjorde, var rett og nødvendig, eg hugsa ikkje lenger nokon god grunn og var der ganske sikkert berre fordi ho var der. Vi nærma oss langsamt det som den gongen var vår største skrekk, vi ville utsette oss for redselen og utfordre den. På den fjerde avsatsen gjorde Lila noko uventa. Ho stansa for å vente på meg, og då eg kom opp til henne, gav ho meg handa si. Den gesten endra alt mellom oss for alltid. 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 26

 Det var hennar skuld. Ikkje så lenge før – ti dagar, ein månad, kven veit, vi tenkte ikkje på tida den gongen – hadde ho svike meg og kasta dokka mi ned i botnen av ein kjellar. No klatra vi oppover mot redselen vår, den gongen hadde vi kjent oss tvinga ned i det ukjende, og det raskt. Oppe eller nede, det kjendest alltid som vi var på veg mot noko skrekkeleg, som nok hadde eksistert der før oss, men det var oss, alltid oss, det venta på. Når ein har vore kort tid i verda, er det vanskeleg å skjøne kva slags fryktelege hendingar det er som ligg bak kjensla vår av fare, kan hende har ein ikkje eingong bruk for å skjøne det. Dei store, alltid på veg mot i morgon, rører seg i ei notid som har bak seg i går, dagen før det, høgst førre veke: Resten vil dei ikkje tenke på. Dei små kjenner ikkje betydninga av i går, dagen før det, og heller ikkje av i morgon, alt er her og no: Dette er gata, dette er portrommet, dette er trappene, dette er mamma, dette er pappa, dette er dagen, dette er natta. Eg var lita, og alt i alt visste dokka mi meir enn meg. Eg snakka til henne, ho snakka til meg. Ho hadde ansikt av celluloid, hår av celluloid, auge av celluloid. Ho var kledd i ein liten, blå kjole som mor mi hadde sydd i ein sjeldan augeblink av glede, og ho var veldig pen. Dokka til Lila var laga av eit gulaktig stoff og full av stoppemerke, eg syntest ho var skitten og stygg. Dei to spionerte på kvarandre, vurderte kvarandre, var klare til å rømme ut av armane våre viss det begynte å styrtregne, viss det kom torevêr, viss nokon større og sterkare og med skarpe tenner kom for å sluke dei. 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 27

Vi leikte på gardsplassen, men alltid som om vi ikkje leikte saman. Lila sat på bakken på eine sida av det vesle kjellarvindauget, eg på andre sida. Vi likte den staden, særleg fordi det var netting bak gitterstengene, og mot nettingen på sementkanten kunne vi legge ut både tinga til Tina, dokka mi, og tinga til Nu, dokka til Lila. Vi la ut småstein, flaskekorkar, små blomstrar, spikar, glasskår. Det Lila sa til Nu, snappa eg opp og sa vidare med låg stemme til Tina, med nokre små endringar. Viss ho tok opp ein kork og sette den på hovudet til dokka si som ein hatt, sa eg til mi, på dialekt: Tina, ta på deg dronningkrona di, viss ikkje kjem du til å fryse. Viss Nu leikte gyngeleiken i armane til Lila, lét eg Tina få prøve det same litt etter. Men det hende framleis ikkje at vi blei einige om ein leik for så å starte eit samarbeid. Til og med den spesielle staden valde vi utan noka avtale. Lila sette seg der, eg vandra litt omkring som om eg var på veg ein annan stad, så, liksom tilfeldig, sette også eg meg ved vindauget, men på motsett side. Det som tiltrekte oss mest, var den kjølige lufta frå kjellaren, ein forfriskande pust om våren og om sommaren. Dessutan likte vi spindelveven i gitteret, mørket og den tette nettingen, oransje av rust, som krølla seg opp både på mi side og på Lila si; gjennom hola kunne vi sleppe stein ned i mørket og høyre lyden når steinen trefte botnen. Alt var moro og farleg den gongen. Gjennom opningane i nettingen kunne det svarte der nede brått ta frå oss dokkene. Nokre gonger var dei trygge i armane våre, men som oftast låg dei, ikkje tilfeldig, like ved nettingholet, utsette for den 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 28

kalde pusten frå kjellaren, for dei truande lydane som kom derifrå, for raslinga, knirkinga og skrapinga. Nu og Tina var ikkje lykkelege. Alle farane som vi snuste inn kvar dag, var i dei. Vi hadde ikkje tiltru til lyset som skein på steinane, på bygardane, på markene, på folk som var inne i eller utanfor husa. Vi sansa dei mørke utkantane, dei innestengde kjenslene som alltid var nær ved å eksplodere. Alt som skremde oss ute i den lyse dagen, låg der inne, i dei mørke hola, nede i dei svarte grottene som i forlenginga av hola opna seg under husa i bydelen vår. Don Achille, for eksempel, var ikkje berre der oppe i leilegheita si i øvste etasje, men også der nede, edderkopp blant edderkoppar, rotte blant rotter, ei form som kunne ta alle slags former. Eg såg han for meg med munnen på vidt gap på grunn av dei lange rovdyrtennene, med ein kropp av glasaktige steinar og giftige planter, alltid klar med ei enorm svart veske til å samle opp alt vi lét falle gjennom holet i nettingen. Den veska var det som kjenneteikna don Achille meir enn noko anna, den hadde han alltid med seg, også inne i huset, i den putta han både det døde og det levande. Lila visste at eg hadde denne redselen, dokka mi prata om den med høg stemme. Det var derfor ho gjorde det, og nett den dagen då vi – utan å ha avtalt det, berre med blikk og handrørsler – bytte dokker for første gong: Straks ho fekk Tina i armane, dytta ho henne forbi nettingen, inn i holet og lét henne falle ned i mørket.




Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 29

 Lila dukka opp i livet mitt i første klasse og gjorde straks inntrykk på meg fordi ho var så slem. Vi var alle litt slemme i den klassen, men berre når frøken Oliviero ikkje kunne sjå oss. Lila var alltid slem. Ein gong plukka ho dopapir i småbitar. Først dyppa ho småbitane i blekk ein etter ein, så fiska ho dei opp med pennen og gav seg til å kasta dei mot oss. Eg blei treft to gonger i håret og ein gong på den kvite kragen. Frøken hylte slik berre ho kunne, med ei stemme spiss og lang som ei nål, som alltid sette skrekken i oss, og kommanderte henne til straks å gå i skammekroken bak tavla. Lila lydde ikkje, og det verka heller ikkje som ho var redd, ho heldt i staden fram med å kaste småbitar våte av blekk. Frøken Oliviero – ei tung kvinne som vi syntest verka veldig gammal, men som truleg ikkje var meir enn like over førti – kom då ned frå kateteret mens ho trua henne. Ho snubla i uvisst kva, klarte ikkje å halde balansen og smelte ansiktet rett i kanten på ein pult. Ho låg på golvet som om ho var død. Kva som hende straks etter, hugsar eg ikkje, eg hugsar berre den urørlege kroppen til frøken Oliviero, ein mørk bylt, og Lila som såg på henne med alvorleg ansikt. Eg hugsar mange hendingar av den typen. Vi levde i ei verd der barn og vaksne ofte fekk skadar, frå såra kom det blod, det kom verk, og nokre gonger døydde folk. Ei av døtrene til signora Assunta, frukthandlardama, hadde skada seg på ein spikar og døydde av stivkrampe. Yngste sonen til signora Spagnuolo hadde døydd av krupp. Eit av søskenbarna mine var berre tjue 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 30

då han ein morgon gjekk for å skuffe i ruinhaugane og om kvelden døydde knust under sementmassane, med blod som kom ut av øyre og munn. Far til mor mi blei drepen fordi han var på arbeid på eit nybygg og fall ned. Far til signor Peluso mangla ein arm, den var blitt kutta av i dreiebenken. Søstera til Giuseppina, kona til signor Peluso, hadde døydd av tuberkulose tjueto år gammal. Eldste sonen til don Achille – eg hadde aldri sett han, men hadde likevel kjensla av å hugse han – hadde dratt i krigen, og han døydde to gonger. Først drukna han i Stillehavet, så blei han eten opp av haiane. Heile Melchiorre-familien døydde i armane på kvarandre, mens dei skreik av redsel, under bombinga. Gamle frøken Clorinda hadde døydd fordi ho pusta inn gass i staden for luft. Giannino, som gjekk i fjerde då vi gjekk i første, døydde ein dag fordi han hadde funne ei bombe og rørt ved den. Luigina, som vi kanskje hadde leikt med nede i garden eller kanskje ikkje, ho var berre eit namn og drepen av flekktyfus. Verda vår var slik, full av ord som kunne drepe: krupp, stivkrampe, flekktyfus, gass, krigen, dreiebenk, ruinhaug, arbeid, bombinga, bombe, tuberkulose, verk. Opphavet til all uro som har følgt meg gjennom åra, finn eg i dei orda og i dei åra. Du kunne også døy av heilt vanlege ting. Du kunne for eksempel døy viss du var sveitt og drakk kaldt vatn frå springen før du fukta pulsårene. Då kunne du bli dekt av små, raude prikkar, du begynte å hoste og fekk ikkje puste lenger. Du kunne døy viss du åt svarte kirsebær utan å spytte ut steinen. Du kunne døy viss du togg amerikansk tyggegummi og svelgde den i vanvare. Særleg kunne du døy viss du fekk eit slag i tin


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 31

ningen. Tinningen var ein skjør stad, og vi var alle veldig varsame. Det var nok med eit steinkast, og steinkasting var det mykje av. Ved utgangen til skolen stod ein gjeng frå markene med ein som heitte Enzo eller Enzuccio i front. Han var sonen til Assunta, frukthandlardama, og det var han som begynte å kaste stein på oss. Dei kjende seg krenkte fordi vi var flinkare på skolen. Når steinane kom susande, flykta alle, men ikkje Lila, ho heldt fram med å spasere bortover på vanleg måte, og nokre gonger stoppa ho til og med. Ho var veldig flink til å skjøne kva retning steinane hadde og til å dukke unna med ei smidig rørsle, i dag ville eg ha sagt elegant. Ho hadde ein eldre bror og kanskje hadde ho lært det av han, eg veit ikkje, også eg hadde brør, men alle mindre enn meg, og av dei hadde eg ikkje lært noko som helst. Likevel, då eg skjønte at ho var blitt igjen lenger bak, stansa eg og venta på henne, sjølv om eg var livredd. Det var allereie då noko som hindra meg i å forlate henne. Eg kjende henne nesten ikkje, vi hadde aldri veksla ord, men var alltid i konkurranse med kvarandre, i klassen og utanfor. Eg hadde ei slags forvirra kjensle av å etterlate hos henne noko ho aldri ville gitt meg tilbake, viss eg flykta i lag med dei andre jentene. Først heldt eg meg gøymd bak eit hjørne og kikka fram for å sjå om Lila kom. Så, ettersom ho ikkje rørte på seg, tvinga eg meg til å gå bort til henne; eg rekte henne steinar, eg kasta til og med sjølv. Men eg gjorde det utan overtyding. Eg har gjort mange ting i livet mitt, men aldri med overtyding, eg har alltid kjent meg litt avkledd av mine eigne handlingar. I dag kan eg 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 32

ikkje seie for sikkert om det var i seks–sjuårsalderen, eller om det var då vi gjekk saman opp trappene til don Achille i åtte–niårsalderen, men Lila hadde allereie frå ho var lita, ein eigenskap som gjorde at ho var fullstendig overtydd i alt ho gjorde. Enten ho festa grepet om penneskaftet i trikolorfargar eller rundt ein stein eller rundt rekkverket i dei mørke trappene, så signaliserte ho at same kva som følgde – at pennen med ein presis støyt blei ståande i treverket på pulten, at blekkdrypande papirballar blei slengde utover, at ein av gutane blei treft av ein stein, eller at døra til don Achille opna seg – ville ho gjere det utan å nøle. Gjengen var på veg frå vollen ved jernbanen, der dei hadde samla stein mellom togskjenene. Enzo, leiaren, var ein veldig farleg unge, i alle fall tre år eldre enn oss, han hadde dumpa på skolen, hadde snauklipt, blondt hår og lyse auge. Han kasta med stor presisjon små steinar med spisse kantar. Lila venta på kasta hans for å vise korleis ho klarte å unngå dei, slik fekk ho han endå meir sint og kunne svare med kast som var like farlege som hans. Ein gong trefte vi han i det høgre beinet, og eg seier vi fordi det var eg som hadde rekt henne den flate steinen med takkete kantar. Steinen strauk over huda til Enzo som eit barberblad og etterlét eit kutt som det straks rann blod ut av. Gutungen kikka ned på den skada foten, eg har det klart for meg: Mellom tommelen og peikefingeren hadde han steinen klar, armen var allereie løfta til kast, så bråstoppa han forbløffa. Også gutungane som var under leiinga hans, såg med vantru på blodet. Lila, derimot, viste ikkje den minste glede over effekten av kastet, ho bøygde seg ned for å 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 33

plukke opp ein ny stein. Eg greip tak i armen hennar, det var vår første kontakt, brå og skremd. Eg kjende på meg at gjengen ville bli endå meir rasande, vi måtte trekke oss tilbake. Men det var ikkje tid. Trass i den blødande foten fekk Enzo summa seg og sende av stad steinen han hadde i handa. Eg stod framleis med eit fast tak i Lila då steinen trefte henne i panna og drog henne vekk frå meg. Ein augeblink etter låg ho på fortauet med eit djupt kutt i panna.

 Blod. Vanlegvis kom det ut frå såra først etter at bannskap og kvalmande vulgaritetar var blitt utveksla. Det var den vanlege gangen i det. Far min, trass i at han på meg verka som ein bra mann, slyngde stadig ut krenkingar og truslar viss nokon, som han sa, ikkje var verdige til å sette foten på denne jorda. Særleg mot don Achille. Det var alltid noko han ville seie den mannen, og nokre gonger stakk eg fingrane i øyra for ikkje å høyre dei stygge orda hans. Når han snakka med mor mi om don Achille, sa han alltid «søskenbarnet ditt», men mor mi nekta straks for det blodsbandet, han var slekt, men det var langt uti, og ho sende tilbake dobbel dose med krenkingar. Raseriet deira skremde meg, og særleg skremde det meg å tenke at don Achille kanskje hadde så gode øyre at han kunne fange opp alt saman på lang avstand. Eg var redd han skulle komme og drepe dei. Don Achilles svorne fiende var likevel ikkje far min, men signor Peluso, ein svært dyktig snikkar og likevel alltid utan pengar fordi han spelte bort alt han tente, i 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 34

bakrommet til Bar Solara. Peluso var far til Carmela, ei klassevenninne, til Pasquale, som var eldre, og til to andre ungar meir stakkarslege enn oss, som eg og Lila ein sjeldan gong leikte med, men på skolen og elles prøvde dei å stele tinga våre, pennen, tyggegummien, fruktkaramellane, og slik kom dei heim igjen fulle av blåmerke etter slaga vi hadde gitt dei. Dei gongene vi såg signor Peluso, var det som å sjå desperasjonen sjølv. Han tapte alt han hadde på spel, og måtte tole å bli skjelt ut i påhøyr av alle fordi han ikkje klarte å brødfø familien. Av uklare grunnar skulda han don Achille for si eiga misere. Han skulda don Achille for å ha svindla til seg all reiskapen hans, som om den mørke kroppen til don Achille var laga av magnet, noko som i sin tur hadde gjort verkstaden til Peluso ubrukeleg. Han klandra don Achille for deretter å ha stole også verkstaden og gjort den om til kjøtt- og feitevarehandel. I årevis såg eg for meg knipetonga, saga, brekkjernet, høvelen, hammaren og tusenvis av spikar som blei sogne som ein sverm av metall inn i den materien som don Achille var laga av. I årevis såg eg for meg at ut av den store kroppen, tung og fylt med allslags gjenstandar, kom det salamipølser, provoloneost, servelatrullar, svinefeitt og skinke, alltid i form av ein sverm. Hendingar frå ei tid som låg i mørke. Don Achille må ha vist seg i heile sin monstrøse natur før vi var fødde. Før. Det var eit omgrep Lila brukte ofte, både på skolen og utanfor. Men det var ikkje eigentleg det som hadde hendt før oss, som interesserte henne – stort sett skuggelagde hendingar som dei store enten tagde om 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 35

eller uttalte berre halvveges – men meir det faktum at det verkeleg hadde vore eit før. I den tida gjorde særleg dette henne forvirra, ja, til og med irritert. Då vi blei venner, prata ho så mykje om kor absurd det var – før oss – at ho enda med å overføre irritasjonen også til meg. Før var den lange, lange tida der vi aldri hadde eksistert, tida då don Achille hadde vist seg for alle som han verkeleg var: eit vondskapsfullt vesen, med uklar mineralsk-animalsk fysiognomi som tappa andre for blod, men frå han kom det ingenting, det var kanskje ikkje mogleg å klore han eingong. Vi gjekk vel i andre klasse, og hadde enno ikkje prata med kvarandre, då det gjekk rykte om at rett utanfor Den heilage familien-kyrkja, ved utgangen etter messe, hadde Peluso begynt å slenge skjellsord mot don Achille, og don Achille hadde gått etter aleine, mens kona blei ståande igjen saman med eldste sonen Stefano, dottera Pinuccia og Alfonso, som var jamgammal med oss. I ein kort augeblink hadde don Achille vist seg frå si mest gyselege side, kasta seg over Peluso, løfta han opp og slengt han mot eit tre ved den vesle parken, og der hadde han latt Peluso ligge svimeslått med blod som rann frå sår i hovudet og overalt, utan at stakkaren eingong klarte å seie: Hjelp meg.

 Eg kjenner ingen nostalgi for barndommen vår, den var full av vald. Vi opplevde alt mogleg, heime og i gatene, kvar dag, men eg hugsar ikkje at eg tenkte på livet vårt som spesielt dårleg. Slik var det, vi vaks opp 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 36

forplikta til å gjere det vanskeleg for andre før dei gjorde det vanskeleg for oss. Dei vennlege veremåtane som presten og lærarinna fortalde oss om, kunne eg ganske sikkert ha tenkt meg, men eg kjende at den måten å vere på ikkje passa til bydelen vår, sjølv om du var jente. Kvinnene slost seg imellom meir enn mennene, dei drog kvarandre i håret, dei gjorde kvarandre vondt. Det var som ein sjukdom. Frå eg var lita jente, har eg sett for meg bitte små, nesten usynlege dyr som kom inn i bydelen om natta; dei kom ut frå vassdammane, frå dei uverksame togvognene på andre sida av vollen, frå illeluktande ugras kalla stankplanter, frå froskane, frå firfislene, frå flugene, frå steinane, frå støvet; dei kom inn i drikkevatnet og i maten og i lufta og fekk slik mammaene og bestemødrene våre til å bli rasande som tørstande tisper. Dei var meir forureina enn mennene, fordi mennene stadig hissa seg opp for så å roe seg ned, kvinnene, tilsynelatande rolege og imøtekommande, klarte ikkje å stoppe og var grenselause i raseriet sitt. Lila blei veldig prega av det som hende med Melina Cappuccio, ein slektning av mor hennar. Eg også. Melina budde i same bygard som oss, vi i andre etasje, ho i tredje. Ho var litt over tretti med seks ungar, men på oss verka ho gammal. Mannen var om lag på same alder og lempa kasser på frukt- og grønsakmarknaden. Eg minnest han som tettbygd og låg, men pen, med eit stolt ansikt. Ei natt drog han på arbeid som vanleg og døydde, kanskje myrda, kanskje av slit. Ei gravlegging full av bitre kjensler følgde. Heile bydelen var til stades, også foreldra mine og foreldra til Lila. Så gjekk det litt 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 37

tid, og kven veit kva som gjekk for seg i Melina. På utsida var ho den same: uttørka med ein lang nase og allereie grått hår. Ho kalla inn ungane med skingrande stemme om kvelden, ein etter ein frå vindauget; ho trekte ut kvar staving i namna deira med ein nervøs desperasjon i stemma: Aaa-daaa, Miii-chè. Til å begynne med fekk ho mykje hjelp frå Donato Sarratore, som budde rett over henne, i fjerde og øvste etasje. Han var ein uthaldande kyrkjegjengar i Den heilage familien-kyrkja, og som god kristen la han mykje i det å kunne hjelpe Melina ved å samle inn pengar, klede og brukte sko og ordne arbeid til eldstesonen Antonio på verkstaden til Gorresio, ein kjenning. Takksemda som Melina kjende, omdanna seg etter kvart i brystet hennar til kjærleik og lidenskap. Ein visste ikkje om Sarratore nokon gong la merke til nett det. Han var ein svært gemyttleg mann, men pliktoppfyllande: Det var heimen, kyrkja og arbeidet, og med ei stilling i det statlege jernbaneverket hadde han ei fast inntekt og kunne på ein verdig måte ta seg av kona Lidia og dei fem ungane; den eldste heitte Nino. Når han ikkje var på reise på strekninga Napoli–Paola–Napoli, vigde han seg til arbeid i huset, til å handle, eller han gjekk tur med den yngste i barnevogna. Det var heilt unormalt i bydelen. Det var ingen som tenkte at Donato var så hjelpsam for å lette byrdene til kona. Nei. Alle mennene i bygardane, med far min i front, meinte at han var ein mann som likte å leike kvinne, dessutan skreiv han dikt og las dei meir enn gjerne høgt for kven som helst. Heller ikkje Melina hadde den tanken i hovudet. Enka valde i staden å tenke at han på grunn av si vennlege 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 38

sjel blei utnytta av kona, og sette seg derfor føre å kjempe med nebb og klør mot Lidia Sarratore for å sette fri mannen slik at han kunne vere i lag med henne for alltid. Krigen som følgde, var festleg til å begynne med, syntest eg. Folk prata og flirte av det, heime og utanfor. Lidia hengde opp dei nyvaska lakena i etasjen over, og Melina klatra opp på vindaugskarmen for å skitne dei til med ein stråbunt som ho hadde tent på tuppen av. Lidia spaserte under vindauga til Melina, og Melina spytta henne i hovudet eller kvelva bøtter med skittent vaskevatn over henne. Lidia laga mykje støy om dagen saman med dei etter kvart demoniske ungane ved å trampe over hovudet til Melina, og Melina la seg i selen for heile natta gjennom å dunke langkosten i taket. Sarratore prøvde på alle tenkelege måtar å skape fred, men han var ein altfor kjenslevar mann, altfor vennleg. Slik, frå den eine vondskapen til den neste, begynte dei to kvinnene å slenge ord til kvarandre straks dei støytte på kvarandre i trappa eller ute i gata. Det var harde ord fulle av villskap, og frå då av begynte dei to kvinnene å gjere meg redd. Ei av dei mange og fæle hendingane eg såg som barn, startar med brøla til Melina og Lidia, med skjellsord som blir slyngde ut av vindauga og så i trappeoppgangen, der den held fram med at mor mi går mot utgangsdøra, opnar den og kikkar ut i trappa med oss ungane like bak. Hendinga endar i eit bilde som framleis ikkje er til å halde ut, av dei to samanfiltra naboane som rullar nedover trappene, der hovudet til Melina smell mot golvet i trappeavsatsen, berre nokre centimeter frå skotuppane mine, som om det var ein gul melon du hadde mista ut av hendene. 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 39

Det er vanskeleg å seie kvifor vi jentungane tok parti for Lidia Sarratore den gongen. Kanskje fordi ho hadde velforma ansikt og lyst hår. Eller fordi Donato var hennar og vi hadde skjønt at Melina ville stele han frå henne. Eller fordi ungane til Melina var fillete og skitne, mens dei til Lidia var reine og nykjemde, og den førstefødde, Nino, som var litt eldre enn oss, var pen, vi likte han. Lila var den einaste som heldt med Melina, men ho forklarte aldri kvifor. Ho sa berre etter ein eller annan episode at viss Lidia blei drepen, var det greitt for henne. Eg tenkte at Lila sa det litt fordi ho var vondskapsfull i sjela, litt fordi ho og Melina var i fjern slekt. Ein dag var vi på veg heim frå skolen, vi var fire–fem jentungar. Saman med oss var Marisa Sarratore, som vanlegvis fekk gå i lag med oss, ikkje fordi vi likte henne, men fordi vi håpa å komme i kontakt med storebroren hennar, det vil seie Nino. Det var ho som først fekk auge på Melina. Kvinna spaserte på andre sida av storvegen med langsame skritt, i eine handa hadde ho noko som var pakka inn i papir, med den andre tok ho opp bitar og åt. Marisa peikte på henne og kalla henne eit ludder, utan forakt, det var eit ord ho hadde høyrt mor si bruke heime. Lila, trass i at ho var lågare enn Marisa og svært tynn, gav henne straks ein øyrefik så hard at den sende jentungen i bakken, og var like kjølig som vanleg i slike situasjonar, utan eit ord før det hende, utan eit ord etterpå, heilt utan forvarsel, iskald. Først gjekk eg bort til Marisa som låg og gret, og hjelpte henne opp, så vende eg meg for å sjå kva Lila gjorde. Ho hadde gått ned frå fortauet og var no på veg over storvegen i retning Melina utan å ta notis av laste


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 40

bilane som passerte. Eg såg i haldninga hennar, meir enn i ansiktet, noko som uroa meg, og som stadig er vanskeleg å definere. Eg vil derfor nøye meg med å seie dette: Sjølv om ho rørte på seg då ho kryssa storvegen, liten, svart, ilter, og sjølv om ho gjekk med den vanlege faste overtydinga si, stod ho fast. Størkna fast i det slektningen til mor hennar gjorde, størkna fast i skulda, størkna som ei saltstøtte. Ei som følgde og blei eitt med kvinna som i handflata hadde det svarte, mjuke såpestykket som ho hadde kjøpt nede hos don Carlo, som ho no tok opp med den andre handa og åt bitar av.

 Den dagen frøken Oliviero fall frå kateteret og smelte kinnbeinet ned i pulten, trudde eg som sagt at ho var død, død på arbeid liksom bestefar min eller mannen til Melina, og med den tanken i hovudet tenkte eg at også Lila hadde døydd etter at steinen trefte henne i panna. I staden kom det ein periode, eg veit ikkje sikkert om den var lang eller kort, då ingenting hende. Begge to, lærarinne og elev, forsvann for ei tid frå tankane og dagane våre. Men alt var overraskande den gongen. Frøken Oliviero kom tilbake til skolen levande og begynte å interessere seg for Lila, ikkje for å straffe henne, slik vi alle hadde trudd, men for å rose henne. Denne nye perioden starta med at mor til Lila, signora Cerullo, blei kalla inn på skolen. Ein morgon banka vaskedama på døra og kunngjorde at mor til Lila var der. Straks etter kom Nunzia Cerullo inn i klasserommet. Ho 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 41

var ikkje til å kjenne igjen. Lik alle andre kvinner i nabolaget tøfla også ho vanlegvis rundt i kippesandalar, vikla inn i gamle, slitne klede. Her dukka ho opp i finkleda (dåp, bryllaup, gravferder), alt i svart, med ei skinande svart veske, tronge sko, med ein liten hæl, som plaga dei oppsvulma føtene hennar, og gav lærarinna to papirposar, ein med sukker og ein med kaffi. Lærarinna tok imot gåva, og mens ho såg på Lila, som på si side stira ned i pulten, sa ho ting til signora Cerullo og til resten av klassen som i mine øyre hadde ei forvirrande meining. Vi gjekk i første klasse. Hadde akkurat begynt med alfabetet og tala frå ein til ti. Eg var den flinkaste i klassen. Eg kunne alle bokstavane, eg kunne seie ein, to, tre, fire og så vidare, eg fekk stadig ros for skrifta mi, eg vann ofte trikolorsløyfene som frøken sydde. Likevel, og trass i at Lila hadde fått henne til å falle og sendt henne på sjukehuset, fortalde Oliviero oss no, til vår store overrasking, at den beste av oss var henne. Det var heilt rett at Lila var den slemmaste av oss. Heilt rett at ho hadde vore frykteleg mot oss og kasta blekkdrypande papirbitar. Heilt rett at viss jentungen ikkje hadde vore ulydig, ville heller ikkje ho, lærarinna vår, ha skada kinnbeinet. Heilt rett at ho stadig var nøydd til å straffe henne med kjeppen eller få henne til å knele på dei harde kveitekorna bak tavla. Men no hadde det skjedd noko, noko som fylte henne både som lærar og som person med stor glede, noko herleg som ho hadde oppdaga eit par dagar tidlegare ganske tilfeldig. Her tok ho ein pause, som om orda ikkje strekte til, eller fordi ho ville la mor til Lila og oss andre få sjå sjølve, at meir enn orda så er det handlingane som tel. 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 42

Ho tok opp eit kritstykke og skreiv på tavla (no hugsar eg ikkje kva det var, og den gongen kunne eg ikkje lese, så ordet finn eg på) sol. Så spurde ho Lila: «Cerullo, kva står skrive her?» I rommet breidde det seg ei nyfiken tausheit. Lila opna munnen i eit slags smil, nesten eit flir, kasta seg til sida og dulta borti ho som sat der, som blei tydeleg irritert. Så las ho grettent: «Sol.» Nunzia Cerullo såg på lærarinna, og blikket var usikkert, nesten skremt. Der og då verka det som Oliviero ikkje klarte å skjøne kvifor ho ikkje fann den same entusiasmen i auga til mora. Men så må ho ha forstått at Nunzia ikkje kunne lese, eller at ho i alle fall var uviss på om det som var skrive på tavla, verkeleg var sol, og ho rynka panna. Så, delvis for å oppklare for mamma Cerullo, delvis for å rose klassekameraten vår, sa ho: «Så flink. Du har lese sol heilt rett.» Så sa ho med bestemt stemme: «Kom, Cerullo, kom opp til tavla.» Lila slentra opp til tavla, og lærarinna gav henne kritet i handa. «Skriv pennal,» sa ho. Lila løfta kritet, og med stor konsentrasjon og litt hakkete skrift, der nokre bokstavar hang oppe, andre nede, skreiv ho: penal. Frøken Oliviero la til ein n, og signora Cerullo, som la merke til rettinga, såg skuffa på dottera og sa: «Du gjorde feil.» Men lærarinna sa straks i ein forsikrande tone: 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 43

«Nei, nei, nei. Lila må øve, og det er viktig, men ho kan allereie lese, ho kan skrive. Kven har lært henne det?» Signora Cerullo såg ned og sa: «Ikkje eg.» «Men heime hos deg eller i resten av huset, kan det vere nokon der som har lært henne det?» Nunzia rista kraftig på hovudet. Då snudde lærarinna seg mot Lila, og med oppriktig beundring spurde ho henne framfor alle oss andre: «Kven har lært deg å lese og skrive, Cerullo?» Vesle Cerullo, mørk i håret og i auga, mørkt skoleforkle med rosa sløyfeband i kragen og ikkje meir enn seks år, svarte: «Eg.»

 Ifølgje Rino, storebroren til Lila, hadde jentungen lært seg å lese då ho var rundt tre år, ved å kikke på bokstavane og bilda i leseboka hans. Ho sette seg ved sida av han ved kjøkkenbordet når han gjorde lekser, og ho forstod meir enn kva han klarte å forstå. Rino var nesten seks år eldre enn Lila, ein modig gutunge som briljerte i alle typar spel både nede i garden og ute i gata, særleg å spinne snurrebass med hyssing. Men å lese og skrive, løyse reknestykke, lære dikt utanåt, det var ikkje noko for han. Han var oppunder ti år då faren, Fernando, begynte å ta han med seg kvar dag til den tronge skomakarverkstaden som låg i eit smau på andre sida av storvegen, for å lære han kunsten 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 44

å sette sole på sko. Når vi jentungane møtte han, kunne vi kjenne dunsta av skitne føter, av gammalt lêr og lim, og vi gjorde narr av han og kalla han tøffelsole. Kan hende var det derfor han smykka seg med å vere kjelda til søstera sitt talent. I realiteten hadde han aldri hatt ei lesebok og aldri brukt eit einaste minutt på leksene. Det var altså umogleg at Lila hadde lært noko som helst gjennom hans skoleslit. Meir sannsynleg var det at ho i så ung alder hadde lært seg korleis alfabetet fungerte, takka vere det avispapiret som kundane rulla dei gamle skoa inn i, og som far hennar no og då tok med seg heim for slik å lese høgt dei mest interessante notisane. Om det no var skjedd på den eine eller den andre måten, var det ganske tydeleg for oss alle: Lila kunne lese og skrive, og frå den grå morgonen då lærarinna lét oss få sjå det med eigne auge, er det særleg ein ting som har festa seg i minnet, nemleg kjensla av kraftløyse som nyheita kasta over meg. Heilt frå min første dag på skolen hadde eg kjensla av at skolen var ein mykje finare stad enn heime. Det var den staden i bydelen der eg kjende meg mest trygg, og eg gjekk dit med stor iver. I timane var eg svært merksam, og eg utførte på beste måte alt dei bad meg om å gjere. Eg lærte. Men mest av alt likte eg å bli likt av lærarinna, å bli likt av alle. Heime var eg yndlingsbarnet til far min, og også søskena mine var glade i meg. Problemet var mor mi, med henne gjekk det alltid feil. Det kjendest som ho allereie den gong då eg så vidt var over seks år, gjorde alt for at eg skulle kjenne meg overflødig i livet hennar. Ho likte meg ikkje noko særleg, og heller ikkje eg henne. Kroppen hennar baud meg imot, noko ho ganske sikkert 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 45

kjende på seg. Ho var lys i håret, blå pupillar, fyldig. Men det var noko med det høgre auget, og ein visste aldri kva veg ho kikka. Dessutan hadde ho det høgre beinet som ikkje fungerte, det vonde beinet, som ho kalla det. Ho halta, og måten ho gjekk på, gjorde meg uroleg, særleg om natta, når ho ikkje fekk sove og rørte seg att og fram gjennom gangen, til og frå kjøkkenet. No og då høyrde eg korleis skohælen hennar small i golvet når ho skvisa kakerlakkane som kom frå inngangsdøra, og eg såg for meg dei same rasande auga som når ho skjelte meg ut. Ho var ganske sikkert ikkje lykkeleg, husarbeidet sleit på henne, og pengane strekte aldri til. Ho var ofte sint på far min, portnar i rådhuset, og brølte at han måtte ordne seg eit eller anna, at slik kunne ein ikkje halde fram. Mykje krangling, men ettersom far min aldri heva stemma, heller ikkje når han mista tolmodet, heldt eg med han og var mot henne, endå han no og då slo henne og også kunne vere truande mot meg. Det var han som hadde sagt den første dagen på skolen: «Veslelena, ver flink og gjer som lærarinna di seier, så lar vi deg studere. Men viss du ikkje er flink, viss du ikkje er best, har far din bruk for hjelp, og du begynner i arbeid.» Dei orda skremde meg, og sjølv om det var han som sa dei, høyrde eg stemma til mor mi bak orda. Eg lova begge at eg skulle vere flink. Og ting gjekk så bra på skolen at lærarinna ofte sa til meg: «Greco, kom hit og set deg hos meg.» Det var eit stort privilegium. Frøken Oliviero hadde alltid ein tom stol ståande attmed sin. Opp dit kalla ho dei flinkaste som premie. I den første tida sat eg der 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 46

ved sida av henne stadig vekk. Ho kom med mange oppmuntrande ord, roste dei lyse hårlokkane mine og forsterka slik lysta mi til å vere flink. Det var heilt annleis med mor mi. Heime auste ho over meg så mykje klaging og skjelling at av og til var mitt einaste ønske å krype så langt inn i eit mørkt hjørne at ho aldri fann meg igjen. Så kom den dagen då signora Cerullo kom inn i klassen, den dagen då Oliviero gjorde det kjent at Lila var langt framfor oss. Og ikkje berre det: Ho kalla fram Lila for å sitte på stolen mykje oftare enn meg. Kva den degraderinga skapte inne i meg, veit eg ikkje, eg finn det vanskeleg i dag å seie noko tydeleg og ærleg om det eg kjende. Der og då kanskje ingenting, berre litt sjalusi, som dei andre. Men ganske sikkert var det i den perioden eg begynte å engste meg. Beina mine fungerte bra, men det var alltid ein risiko for å bli halt, tenkte eg. Ofte vakna eg med den tanken i hovudet og måtte straks stå opp for å sjå om beina mine framleis var i orden. Kanskje var det grunnen til at eg blei så opptatt av Lila. Beina hennar var tynne og rette, og dei var alltid i rørsle, dei sparka att og fram også oppe på stolen til Oliviero, men då blei Oliviero irritert og bad henne om å gå tilbake til plassen sin. Så greip ein tanke fatt i meg. Eg tenkte at viss eg alltid heldt meg bak Lila, bak hennar måte å gå på, ville haltemåten til mor mi, som hadde sett seg fast i hjernen min, endeleg slutte å true meg. Frå no av skulle eg altså alltid halde meg i nærleiken av Lila, gjere som henne, og sjølv om ho ikkje likte det og prøvde å jage meg vekk, skulle eg aldri tape henne av syne.




Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 47

 Det er mogleg at eg gjorde dette for å strupe sjalusien min og hatet. Eller kanskje kamuflerte eg på den måten kjensla av underkasting og fascinasjon. Heilt sikkert er det at eg lærte meg å godta at Lila stod over meg i alle ting, også når ho var på sitt mest plagsame. For det meste var lærarinna svært kløktig i veremåten sin. Det er sant at ho ofte kalla Lila opp til seg for å sitte, men det verka som ho gjorde det meir for å halde henne roleg enn for å premiere henne. Ho heldt fram med å rose Marisa Sarratore, Carmela Peluso og særleg meg. Ho lét meg få stå og skine, ho oppmuntra meg til å bli stadig meir disiplinert, til å vere flittig og bli endå skarpare. Når Lila, etter endeleg å ha falle til ro, overgjekk meg utan det minste strev, roste Oliviero først meg før ho gav seg til å lovprise den dyktige Lila. Eg kjende meg mykje meir krenkt når det var Peluso eller Sarratore som var betre. Når eg kom på andreplass etter Lila, samtykte eg med ei velvillig mine. I dei åra trur eg det berre var ein ting eg frykta: at eg ikkje lenger skulle vere knytt til Lila i det hierarkiet som Oliviero skapte, at eg ikkje lenger skulle høyre lærarinna vår seie stolt: Cerullo og Greco er dei beste. Viss ho ein dag skulle seie: Dei beste er Cerullo og Sarratore, eller Cerullo og Peluso, ville eg ha døydd på flekken. Derfor brukte eg alle mine barnekrefter, ikkje på å vere først i klassen – noko som syntest umogleg – men på ikkje å skli ned til tredje, fjerde eller sisteplass. Eg vigde meg til skolearbeidet og til mange andre vanskelege ting som var fjerne for meg, berre for å halde meg nær den umoglege, pirrande jentungen. 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 48

Pirrande for meg. For dei andre på skolen var Lila berre frykteleg. Frå første til femte klasse var ho den mest hata på skolen og i bydelen, noko rektor var skuld i og litt frøken Oliviero. Minst to gonger i året fekk rektor klassane til å konkurrere med kvarandre, for slik å kunne skilje ut dei skarpaste elevane og dei mest kompetente lærarane. Det var ein konkurranse som frøken Oliviero likte. Ettersom ho alltid var i konflikt med kollegaene sine – nokre gonger var det like før ho kom opp i basketak med dei – brukte ho Lila og meg som lysande prov på kor flink ho var, den beste læraren i bydelen. Derfor hende det ofte at ho tok oss med til dei andre klassane, også utanom dei gongene rektor ville det, for å konkurrere med andre ungar, jenter og gutar. Eg blei vanlegvis send ut først for å sondere terrenget og teste ut kva nivå fienden var på. Vanlegvis vann eg, men utan å overdrive, utan å audmjuke verken lærarar eller elevar. Eg var ein søt jentunge med lyse lokkar, lykkeleg for å kunne vise meg fram, men ikkje overlegen; eg hadde ei mild framtoning som dei andre likte. Viss det altså viste seg at eg var best til å framseie dikt, til å seie gangetabellen, til å dele og multiplisere, til å liste opp at Alpane var delte inn i dei maritime, dei grajiske, dei cottiske, dei pennine og så vidare, fekk eg likevel ros av dei andre lærarane, og elevane fekk kjensla av det slitet eg hadde vore gjennom for å hugse alle dei tinga, og derfor hata dei meg ikkje. Med Lila var det annleis. Allereie i første klasse var ho langt utanfor nokon si rekkevidde. Lærarinna sa at ho faktisk, med litt ekstra innsats, kunne vere klar for andreklasseeksamen og 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 49

allereie som sjuåring vere i tredje klasse. Slik auka berre avstanden. Lila løyste dei mest kompliserte reknestykke, ved diktat hadde ho ikkje ein einaste feil, ho prata alltid dialekt som oss andre, men i klassen strøymde det ut eit italiensk som var som henta frå bøker; ho brukte til og med ord som sedvanleg, blømande, med glede. Derfor, når ho blei send ut i felten enten for å seie kva modus og tempus verba hadde, eller for å løyse eit problem, gjekk kvart eit forsøk på å gjere gode miner til slett spel opp i røyk; barnesinna omkring tørka ut og hardna. Lila var rett og slett for mykje for alle. Ho opna heller ikkje for velvilje. For oss ungane ville det å verdsette innsatsen hennar vere det same som å innrømme at vi aldri nokosinne kom til å overgå henne, at det ikkje var nokon vits i å prøve, at vi var middelmåtige framfor lærarane våre. Mentalt var ho skarp, kjapp, klar til å sette inn dødstøyten. Ingenting ved utsjånaden hennar tilsa at det skulle vere slik. Ho var rufsete og skitten, og på kne og olbogar hadde ho alltid skorper over skrubbsår som ikkje fekk tid til å gro. Dei store, livlege auga kunne omdanne seg til smale gliper, og for kvar gong ho briljerte med rett svar, kunne ein skimte noko der inne som var langt frå barnleg, noko nesten umenneskeleg. Med kvar einaste rørsle signaliserte ho at det var fånyttes å prøve seg mot henne, for same kva som hende, ville ho finne ein måte å ta igjen på og det grundig. Hatet mot henne var til å ta og kjenne på, eg kunne merke det. Både jenter og gutar hadde noko imot henne, men mest synleg var det hos gutane. Eit eller anna skjult motiv gjorde at frøken Oliviero likte betre 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 50

å ta oss med til klassar der det ikkje var om å gjere å audmjuke andre jenter og kvinnelege lærarar, men dei mannlege lærarane og gutane. Av andre skjulte årsaker var denne typen konkurranse noko rektor også oppmuntra til. Etterpå har eg tenkt at desse konkurransane var gjenstand for veddemål blant lærarane, med pengar, mange pengar. Men så har eg tenkt nei, du overdriv. Kan hende var det berre ein måte å løyse opp i gammal rust på eller å gi rektor moglegheita til å halde nede dei lærarane som var mindre dyktige og mindre lydige. I alle fall, ein morgon blei Lila og eg, som då gjekk i andre klasse, henta og tatt med til ein annan klasse, ingen ringare enn fjerdeklassen til lærar Ferraro. I den klassen gjekk både Enzo Scanno, den slue ungen til frukthandlardama, og broren til Marisa, Nino Sarratore, som eg elska. Alle kjende til Enzo. Han var ein som dumpa, og var ganske mange gonger blitt trekt gjennom korridorane og inn i dei andre klassane med eit skilt rundt halsen. Lærar Ferraro, ein lang, mager mann med grått pigghår, lite og svært markert ansikt og urolege auge, hadde skrive esel på det skiltet. Nino, derimot, var snill, så sky, så mild, og godt likt, særleg av meg. Så klart var Enzo verd mindre enn eit null når det kom til skolen; vi heldt eit auge med han berre fordi han var ein bråkete villstyring. Våre verkelege motstandarar i ting som hadde med intelligens å gjere, var Nino og ein som vi oppdaga der og då, Alfonso Carracci, det yngste barnet til don Achille, ein velstelt og velpleidd unge, frå andre klasse, slik som oss, sjølv om han såg mindre ut enn sine sju år. Vi skjønte at lærar Ferraro hadde kalla han 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 51

dit til fjerdeklassen fordi Ferraro hadde større tru på han enn på Nino, som var nesten to år eldre. Det blei litt diskusjon mellom Oliviero og Ferraro på grunn av det brå innfallet med å få Carracci dit, men så starta konkurransen framfor alle elevane som var samla i det eine klasserommet. Dei spurde oss om verba, om gangetabellen, om dei fire reknemåtane, først på tavla, så munnleg. Frå denne spesielle gongen er det tre ting som har sett seg i minnet. For det første at eg blei overrumpla av Alfonso Carracci. Han sa roleg og presist fram svara, men heldigvis var han ikkje slik at han likte å knuse deg. For det andre at Nino Sarratore til vår overrasking nesten aldri svarte på spørsmåla, men stod der mållaus og fjern som om han ikkje skjønte kva lærarane spurde om. For det tredje at Lila nølte då ho konkurrerte med sonen til don Achille, som om ho ikkje brydde seg om at han kunne slå henne. Det blei meir livleg då vi gjekk over til reknestykke i hovudet, pluss, minus, gange og dele. Trass i Lilas giddeløyse og trass i at ho nokre gonger tagde heilt stilt som om ho ikkje hadde høyrt spørsmålet, var Alfonso brått i ferd med å miste grepet; han gjorde særleg feil i gange- og delestykke. Likevel var det slik at viss sonen til don Achille måtte gi seg, var heller ikkje Lila i stand til å løyse oppgåva, og dei to var meir eller mindre jamne. Men på eit visst tidspunkt hende det noko uventa. I alle fall to gonger, når Lila ikkje svarte og Alfonso gjorde feil, høyrde ein frå dei bakarste pultane den fnysande stemma til Enzo Scanno, som sa dei rette svara. Dette overraska klassen, lærarane, rektor, meg og 


Mi briljante venninne ferdig.qxd_A 22.01.15 14:50 Side 52

Lila. Korleis var det mogleg at ein som Enzo, giddelaus, dum og bråkete, kunne løyse kompliserte reknestykke betre enn eg, Alfonso Carracci og Nino Sarratore? Brått var det som Lila vakna. Alfonso var raskt ute av leiken, og med frydefullt samtykke frå lærar Ferraro starta duellen mellom Lila og Enzo. Dei to var jamne ganske lenge. Heilt til rektor, over hovudet på lærar Ferraro, bad sonen til frukthandlardama komme ned til kateteret der Lila stod. Enzo kom flirande ned frå bakarste rekke følgd av den same nervøse smålatteren frå kameratane, men vel nede ved kateteret, ansikt til ansikt med Lila, sokk han litt saman. Duellen heldt fram med reknestykke som blei stadig vanskelegare. Gutungen kom med resultatet på dialekt, som om han stod ute i gata og ikkje i klasserommet, og lærar Ferraro korrigerte uttala hans, men talet var alltid rett. Enzo verka svært stolt over den augeblinken av ære, han hadde overraska seg sjølv med kor flink han var. Så begynte han å gi etter fordi Lila endeleg hadde vakna på ordentleg. No hadde ho auge som smale gliper, ho var svært målretta og kom alltid med heilt presise svar. Til slutt tapte Enzo, men ikkje utan protest. Han gav seg til å banne; han brølte dei skitnaste skjellsord. Læraren kommanderte han bak tavla og ned på kne, men han nekta. Då fekk han kjeppeslag over knokane og blei dratt etter øyra bort til skammekroken. Slik slutta den skoledagen. Men frå då av begynte gutegjengen å kaste stein etter oss.

