Page 1


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

2

11:48

Side 2


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 3

Kristin Sørsdal

Makabre bikkjer Roman

Samlaget Oslo 2010

3


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 4

Š 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Egil Harldsen & Ellen Lindeberg | exil design førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7651-3

4


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 5

Dette er ei imaginĂŚr reise; alle stader og personar er ogsĂĽ imaginĂŚre.


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 6


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 7

Kòvdem

Jaktlaget kom i grålysinga. Leiaren, ho Johanna, meinte det var ein god dag for avreise. Eg hadde blitt sittande ute heile natta igjennom. No var eg på veg inn i reiskapsskjulet. Johanna peikte på slegga og lurte på kva type svinepelsar eg var ute etter. Eg sa at eg hadde slått i nokre gamle gjerdestolpar; dessutan var det ei lausbikkje som hadde fått slik kjærleik for meg. På veg over gardsplassen spurte eg om dei hadde tid til ein kaffi. Eg gjekk inn i skjulet og la frå meg slegga. Eg låste, og Johanna sa at kaffi, det ville me ha godt av litt lenger utpå føremiddagen. No var det på tide å kome seg av stad. Eg bar ut tinga mine og lempa alt saman opp på Suzukien. Johanna ville også vite om eg verkeleg hadde brukt slegga på lausbikkja, men det hadde eg sjølvsagt ikkje. Eg veit korleis eg skal handtere pelsdyr, sa eg. Det tvilar eg ikkje på at ho kan, sa Johanna, vendt mot resten av jaktlaget. Det var eg sjølvsagt klar over. Ho kunne ikkje tvile på det. Dette var livet mitt. Eg visste kva som skulle til. Kom det ei lausbikkje. Eg gjorde det einaste rette. Slik var det. Nokre gjekk i lære. Andre måtte ein la bli igjen. 7


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 8

Eg var av den tålmodige sorten. Men denne gongen. Det var rett og slett ikkje meir tid igjen. Og dette hadde modna litt for lenge; dette bar med seg stanken. Viskøst og seigt kom det like opp i ansiktet på meg. Eg hadde ikkje anna val. Eg gjekk opp til huset og låste utgangsdøra. Så gjekk eg igjen bort til reiskapsskjulet og hengte nøklane under mønet, litt til venstre for døra, lengst inne der eg har skrudd i ein nøkkelkrok. Eg var klar for avreise. Eg gjorde ein knute og festa portstolpen. Så sette eg meg på firehjulingen og gav gass. Brevet. Det dukka opp. Me hadde vore på veg ei god stund. Så var det denne kaffien. Johanna spurte om eg hadde litt opptenningspapir. Det hadde eg. Eg hadde stukke brevet ned i baklomma og tenkt eg skulle lese det seinare. Eg skumlas det før eg gav det til Johanna. Det var ikkje store greiene: «Sommar og landstrykarliv; eg er på veg. Står i avgangshallen og har tenkt meg oppover. Til eit restaurantarbeid. På øya, du veit. Nei, det veit du ikkje, det er ei heilt anna historie, men eg har alltid tenkt eg skulle ta turen heile vegen opp til deg. Så kjem eg meg aldri så langt. Eg veit ikkje. Faen så lenge sidan eg var der oppe. Men denne gongen. Eg er klar. Eg veit faen ikkje kvar eg skal snu meg lenger … Eg lover deg. Eg skal fokusere … Fire–fem veker, så har du meg der …»


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 9


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 10

Eg kjenner det på meg, det vil gå fordømt bra. Eg er i mitt førtiande år der eg går av ferja, og klokka er ikkje meir enn fem om morgonen. Det er ikkje verst berre det. Det er ei god tid ute på vegen. Litt av den magre tipsen har eg framleis skranglande nede i lomma, og når eg ser meg omkring, synest det meste å vere slik det var då eg såg det sist. Det er morgonen som gryr, kan hende. Eller det er andre ting. Nei. Det må vere morgonen. Eg er i Nordlanda, og lys har det vore store delar av seinsommarnatta, likevel kjenner eg det friske ved ein morgon som gryr. Eg går ut frå kaia og over på vegen, og då eg traskar forbi jernbanen, ser eg at alt står i ro, som størkna fast, inne på jernbanen. Men noko rører seg. Ein del fugl er det der ute. Og opp langs vegen bak jernbanen, der kjem det ein varebil, og der går også eg. Etter kvart kunne det kanskje vere ein tanke å kome seg ut av bysona før tinga verkeleg byrja å vakne. Før det inne i hjernen min tek til å røre på seg. Då kunne det vere bra å kome seg ut på landevegen. Eg hadde jo ein tanke. Hadde eg ikkje? Eg tenkte vel ikkje over om distansane var lange eller korte, men eg hadde ein tanke om å kome meg opp på Saltfjellet. Eg ville så gjerne overnatte på eit snaufjell. Ligge oppå jordskorpa, under open himmel, og kjenne litt etter, kva tilstand det var eg no var komen inn i. 10


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 11

Eller var det Sverige? Det var kan hende det eg dreiv med. Via Sverige og vidare retning nordaust. Kòvdem? Eg går forbi nokre hus. Det er slike tomannsbustader med trapp opp til døra, kasseforma vindfang og flettverksgjerde; og eg kjenner eit sterkt press mot brystbeinet. Det vil seie. Mot brystbeinet frå innsida og ut, ikkje frå utsida og inn, og det er som om nokon skal til å slå ut ein vegg. Eg går der midt i vegen, og det er både ei mektig og ei lett kjensle. Eg tenker samstundes at det er lite mat å hente der etter vegen, og eg ser at alle kjøpesentra som eg går forbi, og bensinstasjonane, dei er også som størkna fast. Det som rører seg bak meg, det kan eg høyre, er ein fjert av ein bil, og brått står eg der med tommelen ute, og det hadde eg vel ikkje tenkt, at det skulle gå så lett med den der haikinga. Det er ei god stund sidan sist. Ungdomen i Opelen seier ikkje eit ord verken medan me sit inne i bilen, eller då eg går ut. Men no er eg i alle fall ute på landevegen; det veks tyrihjelm og andre blomar i vegkanten; det står til og med ei løe på høgre side av vegen. Det er ikkje godt å seie; eg har ei kjensle av å vere i gang, men eg må få ta det litt langsamt, få traske litt bortetter vegen, få ei kjensle av grunnen under meg; ha tommelen ute medan eg går, men det er ikkje naudsynt at dei stoppar, ikkje så fort i alle fall. Eg meiner. Kunne ikkje ei kvinne få litt fred ute på landevegen der? Då denne doningen av ein trailer rullar inn mot haldeplassen, då er det nesten slik at eg tenker: 11


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 12

Vift han berre bort. Du må tenke deg litt om no. Men nei. Brått sit du der i det høge passasjersetet, og du blir med lenger enn langt ned i landet. Saltfjellet kunne eg berre gløyme. Det blir til slutt under ei furu på Snåsa at eg legg meg ned. Det er natt, og furua ligg like attmed riksvegen. Når det så er morgon, då går eg langs E6-en, og eg går ikkje mange kilometer før eg finn ei vegkro. Eg blir litt overraska over å finne så mykje folk inne på vegkroa, og at det er så lyst. Eg ser dessutan at det er ei slik vegkro der sjåførane bruker å gå. Det ser eg litt for seint. Langtransportsjåføren ser meg først. Han står ved disken og bestiller kjøtkaker med ertestuing sjølv om klokka ikkje er meir enn elleve på føremiddagen. Ja. Skulle tru ein vakna tidleg ute i villmarka. I staden ligg ein der og purkar og søv til langt utpå morgonen. Då langtransportsjåføren tok andre kjøtkakebiten i munnen, spurte han om eg likså godt skulle følgje med til Trondheim. Det hadde eg ikkje tenkt på, sa eg, men skulle han den vegen, så passa vel det bra. Ja. Eg lét meg sjølv flyte med litt. Eg lét som eg var. Ei i solskinet. Herregud, eg hadde vore på veg …; så var alt dette andre dukka opp. Kva Ellen Helene hadde der å gjere? Gudane må vite. Ho sette seg verkeleg i nervane mine. Eg hadde hatt våte støvlar og ein ròten stank i naseborene. Men ho hadde late meg inn i huset sitt utan å nøle. Eg stod der i den vesle gangen hennar, og ho peikte opp mot den tronge trappa; ho lét meg få bruke badet 12


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 13

sitt med ein gong. Ho tenkte vel at eg såg ut som ein slags fotturist. Og eg kunne ikkje anna enn å tenke at ho Ellen Helene jammen var eit dumt kvinnfolk. Eg såg på meg sjølv i badespegelen hennar. Det var. Eg veit ikkje. Kan hende såg ho dårleg. Men badet hennar var slett ikkje ille: Ellen Helene hadde hekla trekk til toalettlokket og hekla toalettpapirhaldar. Eg skjønte ikkje heilt dette. At ei overmoden kvinne som henne hadde dokker på badet. Eg studerte heklekjolen til dokka medan eg sat og fylte opp doen til Ellen Helene, og kjolen var i pastell: grøn og rosa, og lyseblå og kvit. Eg såg også at ho hadde talkum i skapet over vasken. Eg veit ikkje; ho var kan hende. Nei. Det var ikkje mi sak. Så brukte eg sterilansåpa hennar til å vaske hendene og føtene og låra. Eg plasserte ein og ein fot opp i vasken. Så tørka eg beina med handkledet til Ellen Helene. Eg tok det som hang der. Etterpå hadde eg lukta av den framande kvinna oppetter leggane. Det var underleg å sjå gjennom det vesle badevindauget ut på vegtarmen der eg hadde støytt på henne. Eg var på god veg inn i Mara. Eg likte det til og med. Og der hadde den vesle tøtta stått midt i krysset, og det var ikkje slik at ho vinka til meg. Det var eg som ropte etter henne. To gonger ropte eg, og ho var jo ganske lita borti der, men då eg ropte for andre gongen, såg ho i mi retning. Så såg ho bort igjen og heldt fram over vegen. Eg gjekk litt raskare: Unnskyld! ropte eg. Unnskyld! Og då stoppa ho, blei ståande på sykkelstien for å vente på meg, og eg spurte henne om det var ein kafé i nærleiken. Jo visst, det hadde vore ein kafé der. Kafeen til Robert, sa ho, og så fekk eg heile historia om korleis Robert hadde drive kafeen, no i det siste berre for gamlingane her i 13


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 14

Straumen, fordi alle dei andre sjølvsagt drog over til Senteret, no då det var kome ei bru her, og då var det berre dei med rullator og stokk som drog til Robert, og no i fjor, ja, det var vel i fjor, så la Robert ned den kafeen. Ja, det er den like der borte, sa ho og peikte mot ei kioskliknande brakke nede i skråninga, men no er den stengt, no har me ikkje lenger kafeen her i Straumen: Alle dreg på Senteret no, veit du … Synd, sa eg, for eg skulle gjerne ha vore innom ein stad for å vente på bussen: Eg skal med ferja, skjøner du. Og då sa Ellen Helene at ho skulle opp til svigerdottera si, som vel eigentleg ikkje var svigerdottera hennar, men ho kalla henne det, for sjølv hadde ho ingen barn, men bror hennar hadde ein son som hadde vore gift med denne svigerdottera, og no då broren hadde flytta til Halden, og sonen også hadde flytta, var det berre svigerdottera igjen, og sidan det ikkje var så mange andre som budde her i Straumen, så meinte Ellen Helene at det var heilt greitt at ho kalla henne for svigerdottera si, og, ja, no skulle ho ein liten tur opp dit; ho måtte skunde seg med desse bollane som ho hadde steikt den føremiddagen. No var dei ikkje eigentleg til svigerdottera, ho bakte jo sjølv, men til dottera til svigerdottera, som var aleine heime. Ho Marilene, sa Ellen Helene til meg der ute på sykkelstien, og var så lita, den dama, at eg kjende meg stor som ein tømmerhoggar der eg stod med sekken på ryggen og vatn i skorne. Men vent berre litt, sa Ellen Helene. Bussen kjem ikkje på ein dryg time. Du skal få bli med meg heim. Då ho kom tilbake, var ho smil og gjensynsglede, og ho sa det var så sjeldan ho fekk besøk: Men så kom du berre! 14


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 15

Inne i stova til Ellen Helene var allting så smått, ja, til og med vaflane var små og kaffikoppane var små, og stolane me sat i, var små, liksom alle dei hekla borddukane ho hadde, og rundt omkring var det bilde overalt i små rammer. Ellen Helene hadde til og med hekla ramme til nokre av bilda, og elles var det mange hekla kosedyr rundt omkring, og nokre dokker med hekla dokkeklede. Det var jo også tidleg på dagen, var det ikkje? Det spurte eg Ellen Helene om, men det var så visst ikkje tidleg på dagen, klokka var snart fire på ettermiddagen; å du, å du, som eg måtte ha sove, inne under steinhelleren, der eg hadde funne meg litt ly for natta saman med all saueskiten, og sauene som var blitt ståande utanfor i regnet og glo på meg. Eg må ha vore veldig trøytt som kunne sove innunder den fuktige steinhelleren til så langt utpå dagen, men no hadde eg fått vaska meg på badet til Ellen Helene, og nede i stova hos Ellen Helene, der var det jo så koseleg. Ellen Helene prata og svinsa omkring og undra seg ikkje det minste, og eg tenkte vel då at jo mindre eg sa, desto betre. Ellen Helene hadde, som ho sjølv sa, så sjeldan besøk, så ho prata i veg, ho, og eg fekk vite alt om slekta, ja, om far hennar og om bror hennar. Mest om dei to. Ho gav seg ikkje til å spørje kvar eg kom ifrå. Kvar eg hadde vore, og kva eg dreiv med, og det var jo like bra, for kva skulle eg vel ha svart henne? Ho kunne vel ikkje vite noko som helst om livet, denne Ellen Helene, som hadde budd der i Straumen heile sitt liv, og som bakte bollar og tenkte på når bror hennar endeleg skulle kome heim igjen, om ikkje anna for å fikse litt på gjerdet. Eg hadde nok vore og rota litt rundt ute i skogen, men det var ikkje slik at eg hadde for vane å gå meg vill. Det sa 15


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 16

eg også til meg sjølv då eg gjekk der ute på stien. Du går deg ikkje vill. Stien gjekk langsmed vatnet, og då var det vel inga sak; det som låg der nede, kunne vere ein straum eller ein fjord, ein eller annan stad måtte det likevel dukke opp ein hovudveg der eg kunne stille meg opp for å ta bussen. Etter kvart hadde det sjølvsagt byrja å fossregne, og då var det bra at eg hadde teke med meg dei svarte søppelsekkane frå restauranten, og eit par plastposar som eg kunne ha nedi skorne. Regntøy hadde eg, men det var lånt og litt kort både på erma og nede ved beina, så plastposane gjorde stor nytte, dei. Eg hadde nok ikkje trudd at denne litt uframkomelege stien skulle vere så lang, så då det tok til å mørkne, vågde eg ikkje å gå lenger; eg var redd eg skulle stupe nedi ei steinur, eller ende på botnen av straumen. Så eg fann den helleren, der eg gjekk inn og tok plassen til sauene som stod på utsida og stirde på meg. Søkkvåte. Det var ikkje måte på kor mykje regn. Eg måtte tørke opp på badet til Ellen Helene etter meg. Det var eit så fint og reint bad, med denne dorullhaldaren som var hekla og hadde ei dokke på toppen, og dolokket som var hekla, og då kunne eg vel ikkje. Nei. Ellen Helene var ikkje ei slik ei, sjølv om ho nok kunne vere irriterande, ganske sikkert for bror sin, og for henne der oppe på andre sida av vegen som ho stadig var innom; ho var jo så pratesjuk, den Ellen Helene. Lat henne berre prate, tenkte eg. Sjølv skal du snart av garde med bussen. Dessutan var vaflane hennar ganske ok med det heimelaga bringebærsyltetøyet. Men det metta ikkje særleg i magen, så eg åt nok ein heil del, men så tenkte eg at no som eg dreiv med dette villmarkslivet, då kunne det vere bra å bli litt meir senete, ja, halde ut med mindre mat, og då var eg på god veg der eg sat 16


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 17

med desse tørre vaflane til Ellen Helene. Ho spurte om eg ville ha ei brødskive, men då tenkte eg at her i garden blir det nokre tørre kneippskiver med torskerogn på, så eg sa nei takk. Eg er ikkje svolten, sa eg. Eg hadde då hatt såpass vett at eg hadde rota litt i skapa der borte i huset hans før eg stakk, og der blant alt det feittete serviset og koppane som framleis var brune i kantane etter kaffi, der låg det nokre knekkebrød, slike med sesamfrø på, ei halvtom flaske billig whisky og dessutan litt gras å røyke på, og det kom godt med, tenkte eg og slengde det heile ned i sekken. Ja, eg fekk også med meg eit stykke saueost i same slengen, og det var ikkje verst, kva? Å finne slike ting i eit skap langt her oppe, kor det var meir rogn, lever og tran det gjekk i. Det hadde vore merkeleg, etterpå, å sitte under helleren, pimpe litt whisky, ete seg halvmett på knekkebrød og røyke heimedyrka gras: Eg kunne berre ta bitte små porsjonar, ettersom dette med å røyke narkotika ikkje heilt er mi greie; eg blir så jævla paranoid av nokre få trekk. Men eg rulla meg no ein røyk, med eit fint, mildt drag av narkotika, og då blir alt så mykje betre. Eg var svært nøgd med meg sjølv då. Ikkje fraus eg heller; eg la meg ned, røykte ut i lufta og prata så vennleg med sauene at dei etter kvart kom inn og la seg heilt inntil meg, og der låg eg i all den kvite ulla. Det var i alle fall det eg innbilte meg. Kan hende stod dei utanfor heile natta, og så var det røyken som gjorde meg så ullen. Då eg sat inne hos Ellen Helene og såg alle hekletinga og åt dei tørre vaflane, då måtte eg halde det alt saman inni meg, då var det betre at ho stod for praten. Utanfor kjøkkenvindauget til Ellen Helene låg det 17


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 18

nokre fiskeskøyter og duppa, og Ellen Helene fortalde meg kven som eigde båtane, og ho klarte også å fortelje meg heile historia om den gongen då det hadde blåse slik utpå der og far hennar ikkje var komen heim, og ho var så redd, og det var i den tida då bror hennar hadde flytta sørpå, og då var det berre henne igjen der, i lag med faren, som ikkje var komen tilbake fordi Gud Faderen kor det bles utpå der …; men då han ringte seinare, synte det seg at han heller hadde hamna på fest, ja, like borti her du veit, der som Senteret ligg no, sa Ellen Helene, der ho stod attmed kjøkkenvindauget og fortalde om far sin og om festen. Og då var det på ein måte som ho trudde at ho hadde fått seg ei ny venninne. Etter det bad ho meg igjen sitte ned i stova, for no skulle ho vise meg alle fotografia som ho hadde i eit album. Men då kjende eg at eg byrja å få nok av far hennar og bror hennar og kven det no var sin konfirmasjon, så eg sa: No, Ellen Helene, no må eg nok gå om eg skal rekke bussen; eg må ikkje miste ferja. Men då sa Ellen Helene at eg skulle ta det heilt med ro, for ho visste nøyaktig kva tid bussen gjekk frå Senteret, og den tida var ikkje komen enno, men visst skulle ho vel passe på så eg ikkje kom for seint til bussen: Me skulle berre reise oss og gå opp på vegen på same tidspunkt som bussen gjekk frå Senteret, og det var det i alle fall femten minutt til. Så eg åt ein ny vaffel og drakk kaffigruten som var igjen på botnen av den vesle koppen. Eg kjende ei viss glede over snart å kunne kome meg derifrå; eg hadde framleis ein klunk whisky igjen på flaska, og den skulle eg helle i meg medan eg sat på bussen og såg ut på landskapet som drog forbi. Det er ei enorm glede i det, særleg når ein kan ta ein slurk whisky samstundes og 18


Makabre bikkjer ferdig.qxd:A

03-08-10

11:48

Side 19

har oppgjorte ting bak seg. Herregud! Ja. Han bad om det! Etterpå gjekk eg berre. Eg fann stien; eg sov under helleren, så sat eg brått der hos Ellen Helene, og såg jammen meg slik ut at ho trudde me snart skulle bli bestevenninner. Vêret var heller ikkje så mykje å skryte av. Yr, og lite vind.

Profile for Det Norske Samlaget

Makabre bikkjer  

2 Roman Kristin Sørsdal Samlaget Oslo 2010 3 4 isbn 978-82-521-7651-3 Dette er ei imaginær reise; alle stader og personar er også imaginære....

Makabre bikkjer  

2 Roman Kristin Sørsdal Samlaget Oslo 2010 3 4 isbn 978-82-521-7651-3 Dette er ei imaginær reise; alle stader og personar er også imaginære....

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded