Page 1

Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

1

Side 1


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 2

ingvild holvik Attila Bartis: Stillheten. Omsetjing 2009

2


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Ingvild Holvik

Lykkefeltet Roman

Samlaget Oslo 2010

Side 3


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 4

Š 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Jens K. Styve førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7550-9


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 5

1


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 6


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 7

Eg skrur på pc-en i stova, hentar meg ein kopp kaffi mens eg ventar på at skaberakket skal starte. Eg opnar Word og får opp eit blankt dokument, lagar ei overskrift: Agenda til Familieråd Er usikker på ordet Familieråd. Mamma og pappa brukte det helst som eit instrument for å trumfe igjennom ting dei ville ha meg og Gry til å gjere. Eg og Gry skreiv referat annankvar gong, i ein eigen protokoll. Eg slettar Familieråd og skriv Husmøte i staden. Så skriv eg nokre punkt etter idémyldringsprinsippet. Eg reiser meg så Magda får komme til med moppen under databordet. Lagar nokre fleire underpunkt, slettar dei igjen. Arbeider konsentrert. Så står Magda bak meg igjen. Ho har tatt på seg boblekåpa, men har framleis arbeidstøflane på. No kjem eg ikkje fleire gonger, før jul, seier Magda. Neste veke har eg fri. Å ja, seier eg, du kjem veka etter, då? Første juledag? seier Magda. Nei, så klart, seier eg. Vi får vel prøve å handtere skiten vår sjølv, til du kjem tilbake, seier eg. Høyrer straks kor feil det kom ut. Eg ville berre seie god jul, seier Magda. 7


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 8

Du får ha god jul, du òg, seier eg. Eg smiler. Kunne sagt noko meir, spurt henne kva ho skal gjere i jula. Men ho bør få sleppe å fortelje at ho skal sitte einsam på ein liten hybel, og eg bør få sleppe å ha dårleg samvit over at vi ikkje inviterer henne heim til oss, så ho får ta del i tradisjonell norsk julefeiring. I prinsippet burde vi ha gjort det. Gjort noko godt for andre i jula. Eg har berre ikkje tenkt på det før no. Og no er det for seint. Eller, eg må i alle fall lufte det for pappa først. Men kanskje er det best for alle partar, særleg for Magda, at vi droppar heile greia. Er ikkje muleg å forklare kor trykkande det vil bli, i praksis. Eg snur meg mot skjermen igjen. Men Magda blir ståande. Det kan vere ho vil ha pengar, kontant oppgjer. Pappa har ikkje sagt noko om det, men han kan ha gløymt det. Eg snur meg mot henne igjen, spørjande, men framleis smilande. Du må helse til faren din og Gry, seier Magda, og ønskje dei god jul. Takk, seier eg, det skal eg gjere. Skal de vere heime i jula, seier Magda. Jo då, seier eg, vi er alltid det. God jul, då, seier eg og rekker henne handa. Magda bøyer seg fram og kyssar meg på begge kinn. Pass godt på kvarandre, seier ho.

8


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 9

Vi går oppover i eit jamt, lågt tempo. Eg ser ikkje vegen framfor meg, berre dei mørkeblå gummistøvlane, den falma, ein gong svarte joggebuksa og den gule regnjakka. Det regnar, eit fint, tett yr som berre kjennest som eit kaldt slør i andletet, men som allereie har trengt igjennom Fjällräven-jakka. Eg har ikkje impregnert den sidan eg kjøpte settet for tre år sidan, då Gry snakka om at vi skulle gå frå hytte til hytte på Hardangervidda. Eg har i alle fall turklede eg føler meg vel i, mens Gry ser ut som ein slags misbrukar i dei avlagte kleda frå kottet. Oppe på platået tar vinden tak i oss, vi seglar dei siste femti metrane bort til varden, der vi hukar oss ned og drikk av vassflaskene. Ein ser både Senteret, Askøybrua og Rundemannen herfrå, men utsikta er ikkje svimlande. Kva tid var du her sist, seier Gry. I sommar, kanskje, seier eg, og du? Må vere to år sidan, seier Gry. Likevel er det som om eg nettopp har vore her. Eg veit kva du meiner, seier eg, alltid den same utsikta. Nei, seier Gry, det er ikkje det. Det er eg som ikkje har forandra meg. Har du vore på nokon bra turar i Tromsø, då, seier eg. Har ikkje gått noko særleg på tur endå, seier Gry. Det 9


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 10

er vanskeleg når ein ikkje er kjend. Kan jo melde meg inn i turlaget der, men eg hatar å gå i flokk. Kanskje du burde gjere det, seier eg. Skal vi ikkje gå ned igjen, seier Gry og reiser seg, tar inn på den same stien som vi kom. Endå ho burde vite at eg hatar å gå same veg opp og ned. Etter ei stund bråstoppar Gry og seier noko. Ho peikar på noko ved sida av stien. Eg kjem opp på sida av henne. Eg høyrde ikkje kva du sa, seier eg, du må snakke høgare. Det er eit spor, seier ho, eit hundespor. Ho peikar på eit tydeleg avtrykk i den blaute gjørma av ein temmeleg stor labb. Med klør. Det var ikkje her då vi gjekk oppover, seier Gry. Er du sikker, seier eg, kanskje du ikkje såg det? Hysj, seier Gry. Ho ser seg rundt. Landskapet rundt oss er ope, det veks ikkje anna enn spreidde einebærbuskar på denne årstida. Er ikkje teikn til liv.

10


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 11

Då eg besøkte Gry i Tromsø, hadde det også regna heile tida. November var endå mørkare der enn heime. Eg hadde blitt så overraska over at byen låg på ei øy. Vi gjekk over brua til fastlandet, skulle ta fjellheisen. Då vi kom fram, viste det seg at han var stengd for sesongen. Dette er meir enn nok naturoppleving for meg, sa eg då vi kryssa brua på veg tilbake. Då vi hadde gått over første gong, hadde eg fokusert på fjellet vi nærma oss. No gjorde det førti meters fallet på utsida seg gjeldande. Eg heldt meg inntil det inste gjerdet, som skilde det smale fortauet frå dei brølande bilane. Berre så dumt med det stygge gitteret dei har sett opp, sa Gry. Oppå det vanlege rekkverket trona ei tannrad av krumme metallstenger, med spilane peikande innover. Det er ikkje vakkert, sa eg, men det er i alle fall sikkert. Alle byar med respekt for seg sjølv har ei bru med høg sjølvmordsfrekvens, sa Gry. Taxisjåførane fortel historier om det. Det er liksom ein del av bruas sjel. Denne brua er berre eit stygt monster. Ei bru som tar liv, er vel heller eit monster, sa eg. Det er ikkje brua som drep folk, sa Gry. Eg er sjuk av at ein heile tida skal beskyttast mot alt, og særleg mot seg sjølv. Men tenk på alle stakkarane som hoppar i fylla, sa eg. 11


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 12

På veg heim etter ein mislykka kveld. Når alt ser mørkare ut enn det er. Det finst då mindre drastiske løysingar, sa Gry, enn å bure inn brua. Dei kunne ha montert ein promillelås. Ho snufsa, og eg gav henne eit papirlommetørkle. Eg har forresten høyrt at ganske mange psykologistudentar gjer sjølvmord, sa Gry. Det er fleire hundre på faget, sa eg, så ein må rekne med litt svinn. Ha, ha, sa Gry, Stine då. Det er ein gjeng med strevarar, sa eg. Ein må vere strevar sjølv for å halde ut. Det er deprimerande. Og du då, sa Gry. Er du ein strevar? Eg synest i alle fall det er for tidleg å gi opp enno, sa eg. Men det var ein på faget som tok livet av seg. Rett etter semesterstart. Kjende du han, sa Gry. Eigentleg ikkje, sa eg. Vi var på eit vorspiel i lag. Eg har blitt kjend med kjærasten hans, ho studerer faktisk gresk. Kjenner eg henne, sa Gry. Nei, ho begynte no i haust, sa eg. Veit du korfor han gjorde det, sa Gry. Han hadde visst angst og depresjon, sa eg. Men han hadde vel sine personlege grunnar, sa Gry. Som sagt, sa eg, eg kjende han ikkje så godt. Korfor slutta du eigentleg på gresken? Det er eit daudt språk, sa Gry. Det visste du vel då du begynte, sa eg. Jo, sa Gry. Så korfor gav du opp, sa eg. 12


Lykkefeltet ferdig.qxd:A

01-06-10

10:59

Side 13

Eg gav ikkje opp, sa Gry. Eg valde noko anna. Det var ikkje berre på grunn av faget. Korfor då, sa eg. Av og til må ein prøve noko nytt, sa Gry. Har du tenkt å bli buande i Bergen resten av livet? Eg hadde ikkje tenkt så langt. Hadde meir enn nok med det nye livet mitt som nett hadde tatt til. Foreløpig var eg nøgd med å ha flytta frå psykologilesesalen til klassisk.

13

Profile for Det Norske Samlaget

Lykkefeltet  

1 2 Attila Bartis: Stillheten. Omsetjing 2009 Roman Ingvild Holvik Samlaget Oslo 2010 © 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Jen...

Lykkefeltet  

1 2 Attila Bartis: Stillheten. Omsetjing 2009 Roman Ingvild Holvik Samlaget Oslo 2010 © 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Jen...

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded