__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Livet er ĂŚve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 1


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 3

Helene Urdland Karlsen, Lars S. Vikør og Åse Wetås (red.):

Livet er æve, og evig er ordet Norsk Ordbok 1930–2016

Samlaget Oslo 2016


Livet er ĂŚve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 2


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 5

Innhald 9

Føreord

15

Lars S. Vikør og Åse Wetås: Norsk Ordbok: om folket – av folket – for folket. Historia om ordboksverket fram til i dag

40

Sigmund Skard: Norsk Ordbok. Historie – plan – arbeidsskipnad (1932)

68

Alf Hellevik: På skattegraving i vårt eige mål (1956)

86

Kristin Bakken: Relevans, legitimitet og resultatkrav – eit komparativt blikk på utfordringane for dei store nasjonale ordboksverka i Norden i dag (2006)

105

Lars S. Vikør: Språkdokumentasjon og språkforsking. To sider av same sak, eller to saker?

132

Oddrun Grønvik og Christian-Emil Smith Ore: Nyskapinga i elektroniske ordbøker og språksamlingar

142

Innleiing til forfattarfesttalane

143

Jon Fosse: Prolog ved lanseringa av band 6 av Norsk Ordbok

145

Edvard Hoem: Orda eg ikkje visste om. Ordboksongen for band sju

149

Einar Økland: Prolog: Referat frå pressekonferansen i samband med lanseringa av Norsk Ordbok, band 8 (Utkast)

157

Aina Basso: Prolog ved lanseringa av band 11 av Norsk Ordbok 5


Livet er ĂŚve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 6

162

Marit Eikemo: Eg har ikkje ord

168

Dei som gjorde jobben: Minibiografiar over medarbeidarane bak verket

205

Helsingsliste


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 7

Ordet Kva hjelp det å syngje som elv i det aude? Kva hjelp det å kyngje med klokker for daude? Kva hjelp det å skapa all venleik i verda, når Ordet lyt tapa for svolten og sverda? Slik undrast og spør vi i modlause stunder. Men hugse det bør vi: Eit ord er eit under. Dei gløymest dei gjæve, og alt det dei gjorde. Men livet er æve. Og evig er Ordet. Tor Jonsson (1916–51)


Livet er ĂŚve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 8


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 9

Føreord Prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 og Det Norske Samlaget har i samband med publiseringa av det tolvte og siste trykte bandet i Norsk Ordboks fyrsteutgåve ønskt å gje ut eit festskrift for å heidra verket og dei mange medarbeidarane som står bak. Festskriftet inneheld både kanoniske fagartiklar frå Norsk Ordboks historie, nye artiklar om den aktuelle stoda og framtidsperspektiva, biografiar over bidragsytarane til verket og bilete frå historia til ordboka. Fyrst kjem eit innleiande historisk oversyn over arbeidet med ordboksverket, frå starten kring 1930 (med ei forhistorie tilbake til 1911) og fram til fullføringa av verket i tolv band i 2016. Det kan berre bli ein kortversjon som framfor alt skal gje ein kontekst for dei følgjande artiklane. På lengre sikt må det skrivast ei meir utførleg historie om tiltaket Norsk Ordbok og den betydninga det har hatt både for den nynorske målrørsla, norsk språkvitskap og norsk kulturhistorie, basert på grundigare dokumentasjon enn vi har hatt tid og høve til å skaffa oss tilgang til, særleg for den eldste tida. I denne boka legg vi fram nokre byggjesteinar for eit slikt større framtidig historieverk. Etter innleiinga følgjer tre artiklar som belyser viktige aspekt ved dette store prosjektet i ulike fasar: Sigmund Skards grunnskrift frå oppstartfasen i 1932: «Norsk Ordbok – historie – plan – arbeidsskipnad» skildrar den historiske bakgrunnen for at eit slikt ærgjerrig prosjekt vart påtenkt, både internasjonalt og i Noreg, og beskriv kva slags kjeldemateriale ordboka var meint å byggja på. Dette materialet måtte etablerast gjennom innsamling og systematisering, og eit opplegg for det vart skissert slik ein i 1932 kunne sjå det føre seg. Den fyrste hovudredaktøren for den trykte ordboka, Alf Hellevik, 9


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 10

gav i 1956 ut ei rettleiing til ordsamlarar, «På skattegraving i vårt eige mål», på eit tidspunkt då både innsamlings- og redigeringsarbeidet var i full gang. Han konsentrerer seg om dialektane som skattkister for norsk ordtilfang, og gjev konkrete rettleiingar i korleis dei lokale medarbeidarane for ordboka burde gå fram i produksjonen av setlar til det veksande ordbokskartoteket. Den fyrste prosjektdirektøren for prosjektet Norsk Ordbok 2014, Kristin Bakken, gjev eit utblikk over situasjonen og problema for Norsk Ordbok og dei andre vitskaplege nasjonalordbøkene i Skandinavia, slik dei fortonte seg kring 2005, og ho diskuterer korleis desse prosjekta kan forsterka relevansen og legitimiteten sin i ei digital framtid som blir krevjande på ein heilt ny måte. Dei to neste artiklane er nyskrivne for dette festskriftet. Lars S. Vikør går inn i ein debatt som i 2014 flamma opp i nordist- og lingvistmiljøet på Universitetet i Oslo, om kva slags posisjon og funksjon den vitskaplege leksikografien skulle ha innanfor språkvitskapen. Utgangspunktet var eit vedtak i styret for Institutt for lingvistiske og nordiske studium om å seia frå seg ansvaret for dei store samlingane av språkmateriale som låg og ligg til grunn for Norsk Ordbok og andre leksikografiske prosjekt. I skrivande stund verkar det klart at desse samlingane blir overførte til Universitetet i Bergen Oddrun Grønvik og Christian-Emil S. Ore skriv om den nyskapinga som digitalisering av språksamlingar og ordbøker og oppbygginga av ei elektronisk redigeringsplattform for Norsk Ordbok har innebore, og kjem inn på både tilpassingsproblem og dei nye moglegheitene som denne utviklinga har gjeve. Utan desse nyutvikla ressursane hadde realiseringa av Norsk Ordbok innan 2016 ikkje vore mogleg. (Kvifor det vart 2016 og ikkje 2014, slik planen var, blir forklart i den historiske innleiingsartikkelen.) Frå 2002 av, då prosjektet Norsk Ordbok 2014 vart sett i gang, kom det nye band av ordboka med korte mellomrom, etter kvart med eit drygt år imellom. Når vi lanserte eit nytt band, vart det etter kvart ein tradisjon å invitera ein nynorsk kulturpersonlegdom til å halda ein fest10


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 11

tale på lanseringa. Vi trykkjer ein del av desse talane i dette skriftet, av Jon Fosse, Edvard Hoem, Einar Økland, Aina Basso og Marit Eikemo. Festskriftet inneheld også ein presentasjon av mennene og kvinnene bak Norsk Ordbok. 85 medarbeidarar frå 1930 og fram til i dag er presenterte med kvar sin «minibiografi», og til saman utgjer desse tekstene eit vitnemål om omfanget arbeidet har hatt. Det er mange som skal takkast for viktige bidrag til verket som no er ferdig. Det Norske Samlaget, som utvikla ideen om eit stort ordboksverk og som organiserte arbeidet i perioden 1930–72, står øvst på denne lista. Universitetet i Oslo har hatt ansvaret sidan 1972, og har saman med Kulturdepartementet bidrege med store midlar til arbeidet. Det er vi svært takksame for, og universitetets innsats skal ikkje gløymast sjølv om sluttfasen vart meir konfliktfylt enn vi hadde ønskt. NTNU, Trondheim, skal takkast for å ha husa Norsk Ordbok 2014 si redaksjonsgruppe der i perioden 2002–15 og stilt til rådvelde naudsynt infrastruktur. Alle dei tilsette opp gjennom åra skal takkast – både redaktørar, assistentar, administrativt tilsette og innleigde konsulentar. Det same skal medarbeidarane ved Eining for digital dokumentasjon, som alltid har stilt opp for Norsk Ordbok. Vidare skal medlemer i ordboksnemnda og seinare i prosjektstyret for Norsk Ordbok takkast for innsatsen dei har gjort. Den største og varmaste takka sender vi likevel til alle dei informantane og innsamlarane som opp gjennom åra har samla inn dei enorme mengdene med språkinformasjon redaksjonen har hatt tilgjengeleg i arbeidet med ordboksverket. Utan dei hadde det ikkje late seg gjera å laga eit ordboksverk over det norske folkemålet! Vi har ein straum av diktarjubileum for tida, og i 2016 ville Tor Jonsson ha fylt hundre år. Det er høveleg, meiner vi, at diktet «Ordet» får stå som eit motto for dette festskriftet og gje det namn. Dei som les det med ettertanke, vil, trur vi, kome til at det ikkje er mindre sant i dag enn det var i den turbulente tida då det vart skrive. Oslo, desember 2015 Helene Urdland Karlsen

Lars S. Vikør

Åse Wetås


Livet er ĂŚve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 12


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 13

Hvad Ordformerne især vedkommer, da er de dertil hørende Enkeltheder saa mange, at de ikke let kunne afhandles andensteds end i en Ordbog. Ivar Aasen: Norsk Grammatik (1864), § 394 Anm. Skal det mona med ordboksarbeid må ein få sitja i fred og bruka lenger arbeidsdag enn vanleg. Redaktør Leiv Heggstad til Nynorsk Vekeblad (12.9.1942)


Livet er ĂŚve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 14


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 15

Lars S. Vikør og Åse Wetås

Norsk Ordbok: om folket – av folket – for folket Historia om ordboksverket fram til i dag Hovudtittelen på denne innleiinga er eit slagord som Abraham Lincoln hadde gjeve inspirasjon til i den vidkjende Gettysburg-talen frå 1863: «A government of the people, by the people and for the people shall never perish from the earth.» Ei liknande von kan ha lege føre då Det Norske Samlaget i 1950 gav ut det første heftet av ordboka, og ein reklamebrosjyre brukte nettopp dette slagordet: Norsk Ordbok – om folket – av folket – for folket som blikkfang. Vi kjem tilbake til dette, men Norsk Ordbok hadde alt ei tjue års historie bak seg då dette heftet vart sendt ut til abonnentane. Det var på 1920-talet at ideen om ei stor ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet manifesterte seg. Startåret kan setjast til 1929 – då det materielle grunnlaget vart lagt med ei første løyving frå Stortinget – eller til 1930, då det konkrete arbeidet kom i gang med dei første grunnleggjande tiltaka. Men eigentleg går røtene enda lenger tilbake. Dei første nynorske ordbøkene var tospråklege, med oppslagsord på (ny)norsk, og forklaringar m.m. på dansk, seinare dansk-norsk eller norsk riksmål. Det gjaldt Aasens ordbøker (1850 og 1873), Ross si ordbok (1895), og Schjøtts ordbok (1914) (Vikør 2011a: 2-5). Schjøtts viktigaste ordbok var elles «dansk-norsk», med oppslagsord på dansk-norsk og ekvivalentar på nynorsk (1909) (Vikør 2011b). Men vår historie tek til i 1911. Det var ei tid då samarbeid mellom 15


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 16

riksmål og landsmål stod i sentrum; Det Norske Samlaget var delt i to avdelingar frå 1902: Landsmålslaget og Bymålslaget (Lundeby 2002) – som m.a. gav ut kvart sitt tidsskrift: Maal og Minne og Syn og Segn. I 1911 møttest nokre framståande menn frå desse laga for å arbeida ut ein søknad til Kyrkjedepartementet om støtte til eit nytt prosjekt: «En videnskabelig fuldstændig ordbok til det nynorske bokrike» (Refsdal 1914). «Det nynorske bokrike» omfatta heile den norske skriftkulturen, som vi ville ha sagt i dag, både den på riksmål og den på landsmål. Ein skulle byrja med «felleslitteraturen» (dansketida) og dekkja alt fram til samtida. Det vart sett ned ein komité til å utarbeida planar og ein søknad, som vart send inn i 1913. Alf Torp, som då arbeidde med ei nynorsk etymologisk ordbok, vart formann i komiteen og var tiltenkt rolla som hovudredaktør for det nye ordboksverket. Av åtte komitemedlemer var det to målmenn: Marius Hægstad og Halvdan Koht. Om val av målform (metaspråk) i verket var komiteen open for at det kunne vera både riksmål og landsmål, kanskje i form av to parallellutgåver (!), eller i ei eittspråkleg utgåve der Stortinget, som løyvingsgjevar, kunne bestemma kva for ei som skulle brukast: riksmål eller landsmål (Refsdal 1914: 12, eit framlegg signert Marius Hægstad, Alf Torp og Hjalmar Falk). Men det vart presisert at om landsmål vart valt, måtte løyvinga bli noko større (Refsdal 1914: 9). Uansett skulle oppslagsord og sitat hentast frå begge målformer og skrivast nøyaktig av etter originalversjonen. Den første verdskrigen stod for døra, og Stortinget fann ikkje økonomisk rom for ei løyving til eit slikt tiltak, som ville krevja mykje støtte over mange år. Men det vart uttrykt stor interesse for å få i gang tiltaket på lengre sikt. Komiteen søkte eit par gonger til, fåfengt, og så døydde Alf Torp i 1916. Arbeidet vart stilt i bero. Men frå 1920 vart det teke opp att. Ein noko redusert komité, med Didrik Arup Seip som leiar (og framleis Koht som medlem), fekk i første omgang støtte frå Statens Forskningsfond av 1919, slik at ein kunne koma i gang med praktisk arbeid. Det vart då sett i gang ekserpering av nokre klassiske verk, der sitata vart utskrivne på setlar. Ein 16


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 17

tok til med Petter Dass og Henrik Ibsen på bokmålssida, og Aasen og Ross sine ordbøker pluss eit band av Johannes Skars Gamalt or Setesdal på nynorsksida. Bokmåls- og nynorsksetlane vart plasserte i kvart sitt kartotek heilt frå starten. I 1924 vart det igjen søkt om løyving frå Stortinget (Seip 1924), men igjen vart det ikkje gjeve pengar, heller ikkje etter nye søknader utover på 1920-talet (fleire søknader og rapportar er trykte i Maal og Minne dette tiåret). Men prosjektet fekk ei fast støtte frå Statens forskningsfond, og frå Aschehoug forlag, som var påtenkt som forlag for den komande ordboka. Prosjektet heitte no Det norske litterære ordboksverk – og var framleis tenkt å omfatta både bokmål (riksmål) og nynorsk (Knudsen 1948), men det vart ikkje sagt meir om redigeringsspråket; truleg var det no semje om at det måtte bli bokmål. Men utgangspunktet og framgangsmåtane måtte bli svært ulike for dei to målformene: ei nynorsk ordbok som også skulle dekkja dialektane, ville krevja andre metodar enn ei reint litterær riksmålsordbok. Det vart dermed etter kvart opplevd som mest naturleg å halda fram med to skilde prosjekt. Ola Raknes tok til orde for «ei heilsleg norsk synonym- og idiomordbok» på årsmøtet i Samlaget i 1927, og seinare same året vedtok styret i Samlaget å senda søknad til departementet om stønad til ei «stor norsk-norsk ordbok» (Hellevik 1968: 208). Det vart ingen pengar då, men prosessen var i gang. Samlaget hadde teke på seg ansvaret for å driva fram det nynorske ordboksprosjektet. Det vart sendt inn ein plan vedlagd ein ny søknad til departementet i 1929, og denne gongen var reaksjonen positiv: I 1930 kom den første løyvinga frå departementet. Det norske litterære ordboksverk fekk den første løyvinga si frå Stortinget i 1935. Frå dette punktet konsentrerer vi framstillinga heilt om Norsk Ordbok – som dei første par åra gjekk under namnet Nynorsk ordbok. Grunnen var truleg at Samlaget eit par år før hadde gjeve ut ei sterkt auka andreutgåve av M. Hægstads og L. Heggstads Gamalnorsk ordbok. Men frå 1932 er det berre namnet Norsk Ordbok som blir brukt. 17


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 18

Målet for arbeidet med Norsk Ordbok (NO) var å laga ei ordbok som viste fram utviklinga av det norske folkemålet til litteratur- og kulturspråk til bruk på alle samfunnsområde. Tanken var å byggja vidare på det arbeidet Ivar Aasen hadde gjort med å dokumentera folkemålet i verka Ordbog over det norske Folkesprog (1850) og Norsk Ordbog med dansk Forklaring (1873, oftast kalla berre Norsk Ordbog). Etter planen skulle det nye, store dokumentasjonsverket over nynorsk og dialektane ha med tilfang frå eldre norske ordbøker og ordlister og fylla ut med nytt tilfang frå målføra og den skriftlege nynorsken. Oppgåva var tenkt løyst på den måten at redaksjonen først laga eit grunnmanuskript som tok opp i seg og støypte saman dei eldre ordbokskjeldene, og at dette så vart supplert med nytt tilfang. Men ganske raskt såg redaksjonen at dei i tillegg måtte behandla kjeldematerialet meir direkte, og sjå eldre og nyare kjelder meir under eitt. I fortalen sin til Norsk Ordbog (1873: VIII) skreiv Aasen: «Nyttigt maatte det ialfald være, om den samme Ordbog, som behandlede Skolesproget, ogsaa optog alt det bedste og mærkeligste af Landskabssprogene.» Aasen meinte at dette generelt var eit godt prinsipp for «Ordbøgerne over et Litteratursprog». Det var i samsvar med det grunnleggjande språksynet hans, at eit litteraturspråk skulle byggjast på eit breitt talemålsgrunnlag, ikkje avgrensast til talemålet og skriftpraksisen til ein utvald elite. Det var dette prinsippet mennene (som det i praksis var i denne tidlege fasen) bak Norsk Ordbok tok mål av seg til å realisera, noko den første hovudredaktøren, Alf Hellevik, gav uttrykk for ved å sitera denne setninga etter Aasen i innleiinga til det første heftet av Norsk Ordbok (1950: VI, òg trykt i Grønvik o.a. 1994: 9). Denne doble innretninga til verket er eksplisitt kommentert i stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008: «Det at Norsk Ordbok framstiller skriftspråket og talemålet som éi eining, gjer også dette til eit sjeldan verk i europeisk samanheng.» (St.meld. 35 (2007–08), s. 166). På den tida då tanken om å laga eit stort dokumenterande ordboksverk for nynorsken og dialektane materialiserte seg, var nynorsken framleis eit ungt skriftspråk. Alf Hellevik (sst.) lyfter òg fram dette 18


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 19

som ein grunn til at ordboka ikkje kunne operera med eit skarpt skilje mellom målføre og skriftspråk i ordutvalet.

1929–50: planlegging og oppstart I 1929 løyvde Stortinget for første gong midlar til Det Norske Samlaget til å starta opp arbeidet med Norsk Ordbok. I første fase vart det sett i gang eit omfattande innsamlingsarbeid, og meir enn 600 friviljuge medarbeidarar over heile landet melde seg til å samla og senda inn tilfang på kartoteksetlar. Samstundes vart det sett i gang eit arbeid med å støypa saman kanoniske ordbøker over nynorsk språk (Aasen 1850 og 1873, Ross 1895, Schjøtt 1914, Torp 1919) i tillegg til eldre ordsamlingar frå perioden 1600–1850 til eit grunnmanuskript for det nye ordboksverket. Hovuddelen av dette arbeidet vart gjort av Olav T. Beito og Nils Halland. Delar av manuskriptet er skrivne av andre personar som vi i dag ikkje kan identifisera. Dette grunnmanuskriptet vart aldri publisert (sjå nedanfor), men er gjort tilgjengeleg digitalt i nyare tid som del av underlagsmaterialet for Norsk Ordbok. Arbeidet med grunnmanuskriptet var eit viktig steg framover, ikkje minst på grunn av at ordtydingane frå dei ulike kjeldene vart overførte til nynorsk, medan dei tidlegare hadde vore på dansk eller dansk-norsk. I tillegg til nyinnsamlinga av materiale og arbeidet med grunnmanuskriptet vart det sett i gang arbeid for å ekserpera ord frå den nynorske skriftkulturen. Ekserperinga skulle omfatta både sakprosa (vitskapleg litteratur og faglitteratur, tidsskrift og blad) og skjønnlitteratur. Det var vesentleg at skjønnlitteraturen skulle omfatta «alle greiner og stilslag, og mest mogeleg fraa alle landsluter», som Sigmund Skard skreiv i artikkelen «Norsk Ordbok: historie, plan, arbeidsskipnad» (side 40–67 i dette festskriftet). Ein del av dette arbeidet var elles alt sett i gang av Det norske litterære ordboksverk og munna ut i eit separat nynorsk setelarkiv som var tilgjengeleg for begge ordboksverka (sjå ovanfor); det omfatta startfasen av den nynorske skriftkulturen (Knudsen 1948: 11). Leiinga av arbeidet låg hos professor Sigurd Kolsrud etter ein kort 19


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 20

startfase med Leiv Heggstad som hovudredaktør (1930–32). Eit fagleg tilsyn med arbeidet vart lagt til Norsk Måldyrkingslag, som nemnde opp ei tilsynsnemnd med Olav Midttun som formann. Mot slutten av trettitalet hadde dei 6–700 lokale heimelsmennene, ifølgje Alf Hellevik (1968: 208), sendt inn ein million setlar til det store setelkartoteket ordboka bygde opp (rett nok med store individuelle skilnader både i kvalitet og mengd): Av dei var 80 % litteraturbelegg, 20 % målføreopplysningar. Når grunnmanuskriptet var ferdig, er uvisst; ein reportasje i Norsk Tidend 8.4.1937 opplyste at dei hadde kome til slutten av V (Venås 2005: 148). Truleg var førsteutkastet på skrivemaskin fullført før krigen. Det vart på 13500 maskinskrivne sider. Under okkupasjonen vart det arbeidd vidare med utviding og bearbeiding av materialet og av sjølve ordboksverket. Ifølgje Aarnes (1942) hadde Leiv Heggstad og Olav T. Beito delt grunnmanuskriptet mellom seg, og gjekk gjennom det og supplerte med nytt materiale. Meininga var å trykkja den endelege ordboka ut frå dette manuset. I 1943 overtok Kulturdepartementet i NS-regjeringa heile prosjektet frå Samlaget. Men dette var år med kraftige indre konfliktar i ordboka, særleg mellom Kolsrud og formannen i tilsynsnemnda, Olav Midttun. Venås (2005: 148–168) greier grundig ut om dette. Det var tre hovudpunkt i striden: 1) Departementet ønskte snarleg framdrift og fullføring av eit ordboksverk i tre band på fire år, noko dei som arbeidde i prosjektet, rekna som umogleg. 2) Kolsrud ønskte å overta prosjektet som hovudredaktør, mens Midttun og andre impliserte såg det som ei lite berekraftig løysing og i staden ønskte å gi Beito og Heggstad hovudansvaret. 3) Kolsrud ønskte å dele opp setelkartoteket etter emne og fag og gje ut eit sett fagordbøker, mens Midttun og dei andre ville ha eitt samla ordboksverk. Det enda med at Kolsrud drog seg ut av heile prosjektet. Venås siterer ein del korrespondanse som syner uvanleg sterk bitterheit på alle sider. Etter krigen vart ordboka ført tilbake til Samlaget, og tilsynsnemnda vart reorganisert att, stadig med Midttun som formann. Oppnemningsinstans var no Samlaget, ikkje lenger Måldyrkingslaget. Ei ny 20


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 21

kraft, Alf Hellevik, vart tilsett som redaktør (først med tittelen redaksjonssekretær) i 1945, og fekk ein medarbeidar i Gunnar Pedersen i 1947. Frå 1948 hadde Hellevik tittelen hovudredaktør (i generell omtale vart han elles mest titulert som «ordboksredaktør»). Hellevik og Pedersen byrja no å redigera heilt på nytt. Som eit pilotprosjekt prøveredigerte Hellevik heile bokstaven J, og på det grunnlaget vart det utvikla ein redigeringsmetodikk og eit regelsystem som kom til å fungera som ei «beingrind» for det omfattande regelsettet som etter kvart vart nødvendig. Grunnmanuskriptet hadde vore redigert etter 1917-rettskrivinga i ein ganske konservativ variant, men det endelege manuset skulle redigerast etter 1938-normalen. Hellevik gjekk så i gang med bokstaven A frå starten, mens Pedersen, ved sida av den gamle ringreven Nils Halland, som var med på laget i 1947, begynte lenger ute på A og snart kom i gang med B.

1950–66: første bandet Første heftet av Norsk Ordbok (a – anger(s)odd) kom ut i november 1950. Utgjevinga skulle markera hundreårsminnet for Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog. 21. november 1950 skreiv avisa Hardanger Folkeblad om den store hundreårsmarkeringa i Universitetets aula i Oslo: «Det var både ein minnefest for språkgranskaren, målmeisteren og diktaren Ivar Aasen og ein fagningsfest for den nye Norsk Ordbok.» I aulaen tala både professorane Knut Liestøl og Halvdan Koht og kyrkje- og undervisningsminister Lars Moen. Hardanger Folkeblad oppsummerte om Norsk Ordbok: «Ein kan tenkja seg kva arbeid som ligg attom Norsk Ordbok når ein høyrer at ho har 700 medarbeidarar og einskilde av desse har sendt inn over 50 000 ordsetlar.» Det vart eit opphald att etter dette krafttaket, men frå 1955 av kom det ut nye hefte. Med det sjette heftet var første bandet fullført. Då hadde ein kome til doktrinær, og 800 sider var redigerte. Det skjedde i 1966. I innleiinga til bandet skriv Alf Hellevik at arbeidet hadde teke lang tid. Ein hovudgrunn til dette var at «sjølve ordboksarkivet med 21


Livet er æve og evig er ordet ferdig_A 27.01.16 14:20 Side 22

det nye materialet har komi til å spela ei alt viktigare rolle både for ordboka og som sjølvstendig kjelde for norsk mål» (NO bd. 1, XV). Det var lagt ned eit omfattande arbeid i å byggja opp dette arkivet, og Hellevik lyfter særleg fram etableringa av Norsk språknemnd i 1952 som avgjerande forklaring på dette. Den institusjonaliseringa av offentleg språkrettleiing som kom med opprettinga av språknemnda, førte med seg tydelegare krav til gode, objektive data om språkbruk i skrift og tale. I dette biletet vart Norsk Ordbok-arkiva dermed så tidleg som på 1950-talet ei viktig kjelde til kunnskap også for språknemndas arbeid. Alt frå denne tida kom samlingane dermed til å spela ei nøkkelrolle for offentleg norsk språknormering og språkrøkt. Rettskrivingsspørsmålet vart akutt då det kom ein ny læreboknormal og rettskriving i 1959 (med Hellevik som ein sentral aktør). Det var venta at tilnærmingspolitikken ville halda fram med nye normalar i framtida, og at det kunne skje mens NO enno var i arbeid. Av omsyn til einskapen i ordboksverket vart det vedteke å halda fast på 1938-normalen både i band 1 og i framtidige band. Arbeidet med å etablera eit setelarkiv omfatta ikkje berre tilrettelegging av nyinnsamla tilfang frå informantar over heile landet (sjå Helleviks artikkel i dette festskriftet). I samarbeid med Universitetet i Bergen og dåverande Noregs lærarhøgskole i Trondheim fekk NOredaksjonen støtte frå Forskingsrådet til å kopiera materiale frå Norsk Målførearkiv til bruk i utforminga av ordboksverket. Det vart lagt ned eit stort arbeid i å få samla inn nytt tilfang både frå talemål og skriftspråk. Målet var at grunnlagsmaterialet til ordboksverket skulle bli meir representativt, slik at det òg skulle vera mogleg å dokumentera utviklinga i ordtilfanget etter 1945 på ein mest mogleg dekkjande måte. I produksjonsperioden for band 1 såg redaksjonen raskt at oppgåva med å laga eit dokumenterande ordboksverk over nynorsk skriftspråk og norsk folkemål ville krevja mykje meir plass og arbeid enn det først var lagt opp til. Planen om eit verk på 2–3 band vart raskt forlaten, og Hellevik (op.cit.) skriv at redaksjonen ved utgjevinga av band 1 vurderte at omfanget av verket måtte bli på 8–9 band. 22

Profile for Det Norske Samlaget

Livet er æve, og evig er ordet  

Festskrift til Norsk Ordbok 1930-2016. Av Helene Urdland Karlsen, Lars S. Vikør og Åse Wetås (red.).

Livet er æve, og evig er ordet  

Festskrift til Norsk Ordbok 1930-2016. Av Helene Urdland Karlsen, Lars S. Vikør og Åse Wetås (red.).

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded