Page 1


KveldsvĂŚvd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 1


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 3

Jon Fosse

Kveldsvævd Forteljing

Samlaget Oslo 2014


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 5

A

les tek ullteppet tettare inntil seg, for noko kaldt det er det, tenkjer ho, der ho sit i stolen sin og ser mot vindaugo nesten heilt tildekte av kvite tynne gardiner, berre som ein liten glytt nedst nede lèt dei lys koma inn, ho ser utan å sjå, liksom, og så ser ho einkvan gå forbi utanfor vindaugo, og kven det er, det kan ho ikkje sjå, men forbi gjekk einkvan, det såg ho, og det var no her ho vart buande, tenkjer ho, i eit lite hus så tett i vegen det vel går an, i slikt eit hus vart det til at ho skulle leva sitt liv, tenkjer ho, og var det ikkje for gardinene kunne alle sjå henne der ho no sit, tenkjer ho, dei kan vel også no sjå henne sitja der, men ikkje tydeleg, berre at einkvan vel sit der kan dei vel sjå, tenkjer ho, men gjer det vel noko om einkvan ser henne sitja der? nei slett ikkje, tenkjer ho, det gjer vel ingen verdsens ting, tenkjer ho, nei gjer det vel det, tenkjer ho og ho freistar å få ullteppet endå tettare inntil kroppen og så tenkjer ho at du er Ales, du er gamle Ales du ja, tenkjer ho, for no er du gammal vorten du Ales òg, tenkjer ho og no sit du der i stolen din og prøver å 5


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 6

halda varmen, tenkjer ho og så tenkjer ho at ho får prøva å reisa seg og få lagt meir ved i omnen og ho kjem seg på beina og ho går mot omnen og ho opnar omnsdøra og legg litt ved inn i omnen før ho går attende til stolen sin, set seg, breier ullteppet ikring seg, dreg det inntil seg og så sit ho der og ser rett framføre seg, mot vindaugo, ho ser mot vindaugo i stova si utan å sjå, liksom, og så ser ho Alida, mor si, der ho sit i si stove der i Vika nett slik Ales no sit i si stove og så ser ho at Alida reiser seg, langsamt og stivt, og går langsamt, med stutte steg, bortover golvet, men kvar går ho? kvar skal ho? skal ho gå ut? bort til omnen der i kroken? og Ales reiser seg òg opp og går med stutte stive steg bortover golvet og så ser Ales at Alida opnar døra til kjøkenet sitt og så opnar Ales døra til sitt kjøken og Alida går inn på kjøkenet sitt og Ales går inn på sitt Eg vart gammal eg òg, seier Ales Åra dei har gått så fort, seier ho Og aldri såg eg vel Alida som gammal, ikkje i live, men no ser eg henne så ofte, seier ho Det er ikkje til å skjøna, seier ho No er eg gammal vorten, seier ho Gammal ja, seier ho Må ikkje snakka, seier ho Og eg går her og tuslar åleine oftast, men dei ser no innom no og då, ein av ungane, eit av barnebarna, kanskje, seier ho 6


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 7

Men elles, elles går eg her og stig, med stutte steg, går her og snakkar med meg sjølv ja, seier ho og Ales ser Alida setja seg på stolen der ved kjøkenbordet sitt og Ales går og set seg på sin stol ved sitt kjøkenbord, det gode kjøkenet hennar, tenkjer Ales, det er koselegast her på kjøkenet, tenkjer ho, alltid tenkjer ho det, ho tenkjer det for ofte, alltid, alltid tenkjer ho at kjøkenet er det koselegaste rommet i huset, tenkjer Ales, ikkje så stort er det vel på kjøkenet hennar, men koseleg det har ho det på kjøkenet sitt, tenkjer ho, og bord og stolar, skåp og omn det har ho, nett slik mora hadde det, i eine kråa hjå henne stod den svarte omnen ho fyrde i, for varme, og når mat skulle lagast, og ho har ein omn ganske så lik den mora hadde, og så bordet der midt på golvet, benken langsmed veggen, og så var det stova og lemmen inst i stova, lemmen ho så godt kan minnast, der sov dei, ho og Veslesystera, men det, det er så lenge sidan, det er noko som ikkje finst til, noko som liksom aldri har funnest til sjølv om det jo har gjort det og Veslesystera ligg der bleik og borte og aldri skal vel det bleike andletet hennar, den opne munnen, dei halvopne augo, bli borte for henne, alltid kan ho sjå det, for Veslesystera vart sjuk og døydde, og alt gjekk så fort, ho var levande og glad og så vart ho sjuk og døydde, og så den store broren, han Sigvald, halvbror eigentleg, som drog bort då ho enno lita jente var og aldri kom att, og 7


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 8

ingen visste kvar han hadde vorte av, men fele det spela han, og aldri har vel ho høyrt nokon spela fele betre enn det halvbror Sigvald gjorde, han kunne spela han, og det er vel om lag det einaste ho minnest av han, og far hans spela også fele, han dei fortalde om, han, Asle heitte han og han vart visst hengd i Bjørgvin, nei at dei hengde folk i dei dagar, før i tida, at dei det kunne gjera, at dei var slik, tenkjer ho og mora som vart oppattgift med far hennar, han Åsleik, ja, ja slik var det, slik vart det sagt og fortalt, og faren, som heitte Åsleik og som dei kalla for Viken, for det var han som åtte plassen der i Vika, stova, løa, naustet, bryggja, båten, alt åtte han, alt hadde han skaffa seg, driftig kar han var, og så kom Alida dit som taus, og med seg hadde ho sonen Sigvald, som ho hadde fått med Asle, han spelemannen som vart hengd, slik var det, ho kom dit etter at Asle var hengd, slik vart det i alle fall sagt, men aldri hadde mora sjølv sagt noko om det, aldri ville ho vel seia noko om Asle og det som ein gong skjedde, tenkjer Ales, ho ymta vel nokre gonger frampå, ho spurde ikkje, men ymta liksom og då vart mora aldeles taus og gjekk bort frå henne, ikkje ein einaste gong, det ho minnest, vart namnet Asle nemnt av mora, det var anna folk som fortalde henne om han, og det gjorde dei så ofte dei det kunne, det var som om alle så gjerne ville fortelja kva kar mor hennar hadde halde seg med, og kva 8


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 9

som var sant og ikkje sant av det ho fekk høyra, det var vanskeleg å vita, sjølvsagt, for Asle vart det snakka og fortalt om på Dylgja, at han hadde vore spelemann, som far hans også hadde vore, og at han hadde teke mor hennar med vald og sett barn på henne, endå ho berre jentunge var, og at han så hadde teke henne med seg etter fyrst å ha teke mor hennar, altså hennar eiga bestemor, av dage, slikt vart det sagt, men om det var sant, nei det visste ingen, og slik kunne det no ikkje vera, det var nok berre slikt folk innbilte seg og snakka om, tenkjer Ales, og så kverka han, sa dei, slik gjekk folkesnakket, ein jamaldring for å stela båten hans, det skulle ha skjedd ved naustet der faren hadde budd, på Dylgja, og så, i Bjørgvin, kverka han visst opptil fleire andre før han vart fakka og så hengd, slikt vart sagt, men sant det kunne det ikkje vera, mor hennar Alida kunne aldri ha halde seg med slikt eit menneske, slikt eit umenneske, aldri i live, det var ikkje mogeleg, så godt lærde ho mora Alida å kjenna, aldri kunne vel ho ha halde seg med ein slik mordar, tenkjer Ales, og fanst slikt folk til, slike mordarar, så var det jammen rett at det fanst galgar til, sa folk, og galgar skulle der framleis ha vore, minst ein i kvar grend, vart det sagt og kva som sant var og ikkje sant var om kva Asle hadde gjort og ikkje gjort, nei ikkje visste ho, men nokon mordar kan han ikkje ha vore, han var då far til eldste bror hennar, halvbroren, han 9


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 10

Sigvald, tenkjer Ales, han kan aldri ha teke livet av bestemor hennar, for det vart òg sagt at ho vart funnen død i senga om morgonen og godt kunne ha døydd slik folk til vanleg døyr, ho kan godt berre ha sovna inn, stille og roleg, og ha hatt ein god og heilt vanleg død, sjølvsagt, slik må det ha vore, tenkjer Ales og ho tenkjer at ho kan no vel ikkje berre sitja her, tenkjer ho, det er då vel alltids noko som skal gjerast, eit eller anna, tenkjer ho og ho ser mot vindauga der på kjøkenet og der ser ho Alida stå, midt på golvet, framføre vindauga, så tydeleg står ho der som om ho kunne leggja hand på skuldra hennar, og skal ho prøva å det gjera, tenkjer Ales, nei, nei det kan ho ikkje gjera vel, ho kan ikkje leggja hand på si eiga longe avdøde mor, tenkjer Ales, nei ho er visst ei gammal sulle vorten, tenkjer ho, ikkje lenger tilrekneleg, knapt nok tilsnakkande, men står der det gjer gamle Alida like forbaska, like så forbanna, tenkjer Ales, og skal ho våga seg til å seia noko til henne, ho har så ofte tenkt på å spørja mora om det er sant som dei seier, at ho gjekk på sjøen, ho trur ikkje på det, men sagt det blir det, at ho det gjorde, og ho vart funnen i fjøra, blir det sagt, men kan vel ho sitja her og snakka til ei som longe er død, nei så galen er ho då ikkje vorten nei, same kva dei måtte meina og seia om henne, og kva meiner og seier ikkje desse ungane hennar om henne, ho veit nok kva dei seier om henne til kvar10


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 11

andre, og kanskje til andre òg, at ho er for gammal vorten til å bu åleine, det seier dei, men så er det vel ingen av dei som vil ha henne buande heime hjå seg heller, i alle fall har ingen av dei sagt til henne at dei det vil, og dei har då nok kvar med sitt, men står ho ikkje der enno, Alida, tenkjer ho, visst har dei vel det, dei har nok med sitt, om dei ikkje også skal plagast med henne, og kvifor i all verda skal mora, Alida, stå der framføre vindauga, der framføre vindauga på kjøkenet hennar, tenkjer Ales, og skal mora vera på kjøkenet hennar, så får ho beinast gå inn att i stova, tenkjer Ales, for ho kan då ikkje bli verande i same rom som den longe døde mor si, tenkjer Ales og ho ser Alida snu seg og sjå beint mot henne og Alida tenkjer at no er småjenta hennar, godjenta hennar, det kjære kjære jentebarnet hennar gammal vorten ho òg, nei at åra også for henne skulle fara så fort, så skremmande fort, tenkjer ho, men born det har ho fått, ho Ales, seks stykke, og alle har dei vakse opp og skikka seg vel det har dei, kvar og ein, jentene og gutane, så med dotter hennar Ales gjekk det godt, tenkjer Alida og ho ser vesle Ales kliva opp stigen til lemmen i stova der i Vika og så stoggar ho på øvste trinnet og ho ser beint mot henne og så seier ho du må sova godt mor og Alida seier sova godt du òg godjenta, du den beste jente i verda vide, seier Alida og så kliv Ales opp og blir borte der ein stad i mørkret inne på lemmen, under åklet sitt, der 11


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 12

inne i kråa si. Og så står Alida der. Og så går Alida ut or stova og ho går og stiller seg i døra, og der nede ved båten ser ho Åsleik stå, så stor det er han ikkje, og kraftig det er han ikkje, men håret er stort, og skjegget er stort, og svart det er skjegget enno, sjølv om både hår og skjegg er grått vorte hist og her, som også hennar eige svarte hår har vorte, tenkjer Alida og ho ser han står der, Åsleik, og sjå mot båten sin, han står nok der og grundar på noko, tenkjer Alida, han har vore henne god, Åsleik, tenkjer ho, korleis skulle det vel ha gått med henne og vesle Sigvald om dei ikkje hadde treft Åsleik, der dei sat, forkomne og elendige på Bryggja der i Bjørgvin, ho med ryggen mot ei sjøbu, så svoltne og forkomne som det vel går an å bli sat dei der, men då var Åsleik der, brått stod han der berre, han stod der ovanfor henne og såg ned på henne Nei er det deg Alida, sa Åsleik og Alida såg opp Hugsar du meg ikkje att, sa han og Alida prøvde å koma på kven det vel kunne vera Åsleik, sa han Eg er Åsleik, han som bur i Vika, sa han I Vika på Dylgja, sa ho Ja då, sa han og så vart han berre ståande der utan å seia noko Nei, vi har ikkje trefst så ofte, eg er så mykje 12


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 13

eldre enn deg, men eg minnest deg frå du jentunge var, seier han Eg vaksen, du jentunge, seier han Hugsar du meg ikkje att, seier han Jau, jau då, seier Alida og visst minnest ho vel Åsleik, men ikkje som anna enn ein av dei vaksne karane som stod der og prata saman, og ho minnest at han budde i Vika, han og mora, men så mykje meir er det ikkje, tenkjer ho, for han var eldre enn henne, kanskje tjuefem år eldre, noko slikt, kanskje meir, så han var til dei vaksne å rekna han, tenkjer ho Men kvifor sit du her, seier Åsleik Ein stad må ein då sitja, seier Alida Har du ingen stad å bu, seier han Nei, seier ho Du bur ute, seier han Eg må vel det, når eg ikkje har hus, seier Alida Du og ungen din, seier han Ja vi må vel det, seier ho Og du er så tynn, har du ikkje mat å eta heller, seier han Nei, seier ho I dag har eg ikkje ete, seier ho Men reis deg, kom, bli med meg, seier han og Åsleik tek under eine armen hennar og han hjelper henne opp på beina og så står Alida der med vesle Sigvald på armen og nede ved føtene hennar 13


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 14

ligg dei to byltane ho drassar med seg og Åsleik spør om det er hennar saker og ho seier ja og han lyfter dei opp og så seier han kom og så går dei bortover Bryggja i Bjørgvin, han Åsleik i Vika og ho Alida med vesle Sigvald på armen går attmed kvarandre bortover Bryggja i Bjørgvin og ingen av dei seier noko og så går Åsleik inn i eit smau og Alida blir gåande etter han og ho ser dei stutte beina hans gjera lange steg, og ho ser slaga på den svarte jakka hans stå ut frå låra hans og ho ser den svarte skyggeluva hans trekt langt ned i nakken og i hendene ber han dei to byltane hennar og så stoggar Åsleik og han ser mot henne og så nikkar han med hovudet inn i eit smau og så byrjar han å gå inn i smauet og Alida går etter og mot brystet held ho han vesle Sigvald og han søv sin trygge og søtaste svevn og så opnar Åsleik ei dør og held henne open og Alida går inn og ho ser ned og så ser ho opp og ho ser eit avlangt rom med mange bord og så kjenner ho lukta av røykt kjøt og steikt flesk og så godt luktar det at ho i eitt no kjenner beina svikta under seg, men ho pressar vesle Sigvald mot brystet og samlar seg, samlar seg ja, og så står ho der støtt, men så god ei lukt av mat det har ho vel aldri før kjent, tenkjer Alida, og kvifor dreg no han Åsleik henne med inn hit, som om ho pengar hadde til å kjøpa seg mat for, ikkje ein einaste slant det har ho vel, tenkjer Alida og ho ser at folk sit og et, og så god ei lukt av røykt 14


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 15

kjøt og steikt flesk og erter har ho aldri før kjent og aldri før har vel Alida kjent seg så svolten og hatt så lyst på mat, aldri før, det ho kan hugsa, men ho, har ho vel noko å kjøpa for, nei ingenting, ikkje ein einaste slant det har ho, og tårer kjem i augo hennar og ho byrjar å gråta der ho står med det lange svarte håret sitt, og med han vesle Sigvald mot brystet Men kvifor græt du, seier Åsleik og ho svarar ikkje Ikkje for noko, seier han Kom no og så set vi oss ned, seier Åsleik og han lyfter handa og peikar mot benken ved det næraste bordet og Alida kjem seg bort dit og ho set seg ned og ho kjenner at det er varmt òg her inne, varmt og godt, og så denne unders gode lukt av røykt kjøt og steikt flesk og av erter, jau for det er lukt av kokte erter òg, og hadde ho no berre hatt noko å kjøpa for, så skulle ho ha kjøpt og ete og ete, tenkjer Alida og ho ser Åsleik gå bort til ein disk og ho ser i ryggen hans, den svarte lange jakka, den svarte skyggeluva trykt ned langt bak i nakken, og ho minnest han frå Dylgja, ho gjer det, når ho tenkjer seg om, men berre så vidt det er minnest ho han, han er så mykje eldre enn henne, vaksen mann, men ho kan minnast han og nokre karar stå der saman, med hendene i bukselomma, det er det ho kan minnast, han står der og pratar med nokre andre karar, alle med like skyggeluver og med hendene i bukse15


Kveldsvævd ferdig_A 12.12.13 10.23 Side 16

lomma, alle slik, tenkjer Alida og ho ser Åsleik snu seg og så kjem han gåande mot henne med to tallerkar fylte av røykt kjøt og steikt flesk og erter og poteter og kålrot og raspeballar, for der er jammen raspeballar òg på tallerken, nei skulle du ha sett, tenkjer Alida, nei kven kunne tru at ho det skulle få sjå ein dag som denne, og ho ser at både munnen og dei store blåe augo til Åsleik gliser, ein stor glis er heile han, heile mannen, og det glinsar og det dampar av tallerkane og heile andletet til Åsleik er som gylt då han set ein tallerk ned framføre Alida og han legg kniv og gaffel ned attmed tallerken og så seier han at no skal det nok smaka med mat for dei begge, han er i alle fall svolten, og ho ser då beinast reint utsvolten ut, seier Åsleik og han set den andre tallerken ned på hi sida av bordet og legg frå seg kniv og gaffel attmed tallerken og Alida legg vesle Sigvald frå seg i fanget Ja no skal det smaka med kjøt og flesk, seier Åsleik Jammen skal det det ja, seier han Og med raspeballar, seier han Det er lenge sidan eg sist fekk smaka det, seier han Den beste mat i verda den får du her i Matstova, seier han Men noko å drikka til må ein vel ha, seier han Det duger ikkje med maten åleine, seier han 16

Profile for Det Norske Samlaget

Kveldsvævd  

Siste band i Andvake-trilogien til Jon Fosse.

Kveldsvævd  

Siste band i Andvake-trilogien til Jon Fosse.

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded