Kvar ein fugl

Page 1


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 1


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 3

Hilde Myklebust

Kvar ein fugl Dikt

Samlaget Oslo 


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 4

Til Magne og Ingrid


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 5

I grålysninga teiknar steingardane mjuke linjer kring dei bleike markene Tippoldefar fann desse steinane Kvar ein stein festa han auga på og såg etter former og kantar søkk og kvelvingar som kunne høve saman Stundom stødde han seg mot den nylødde muren Han drog handa over panna Ei stripe jord smelta inn i sveitten og la seg som ein skugge i andletet Mose og lav grør over der dei seige nevane hans tok tak og lyfta Stein på stein kransar garden Eit lysande omriss av tid


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 6

Denne klåre vårkvelden kryssar rugda over tunet markene elva vatnet skogen fram og attende i trekket sitt Det taktfaste lætet glir over tretoppane slik eit slite hjarte slår i grøne bluss over skjermen Han trudde han var indianar i sitt førre liv Det var denne draumen som alltid kom attende: Han sat på huk og såg inn i elden som ein sjaman eller ein noaidi Ein som ser og tek bustad i eit anna dyr sin kropp Dei blanke rugdeauga med den sørgmodige streken attover kjaken Ser han gjennom desse auga Kryssar han over dalen i trekket sitt Over skogen vatnet elva markene tunet Ser han seg sjølv og dei tre syskena sine i leik på storesteinen Røystene deira så tydelege i vindstilla 


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 7

Det er han som ser fuglen fyrst Dei reiser seg pĂĽ likt og vender andleta oppover

ďœˇ


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 8

Natta føder dagslys nedetter fjellsidene Det siv inn i fjøset der tunge dyr reiser seg med vommene fulle av ferdig avkom Dei ventar på ei rørsle i døra Eg hektar kroken av og går inn Frå dei varme kroppane veltar det fram ein svolt som dagen kviler på


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 9

Dei lange tynne skuggane seinhaustes når sola sig Ein hær av forfedrar i vandring mot meg over dei frosne markene Dei samlar seg kring den gamle bjørka Tause med nevane stramme kring skjefta høgg dei etter tur og breier ein vid puls Økseslaga rullar langs dalsidene Dei høgg til bjørka står tåspiss på sin eigen stamme Treet fell over tunet pusten frå den vide krona blæs glør i ein ulmande lengt Skuggane minkar til små bedande barn som fylgjer meg kvar eg går


Kvar ein fugl ferdig.qxp_Layout 1 02.05.2018 14:21 Side 10

Epla svell fram på greinene Eg plukkar dei som ein tjuv Smetter dei inn under trøya Det glatte skalet kjøler den varme huda Fuglar lettar når frukta fell og hesten kjem luntande Den mjuke mulen knitrar i det tørre lauvet




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.