Krigens skugge

Page 6

Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 8

vidare – same folka, same ruta kvar einaste gong, dei fleste av dei kjem ein gong i månaden. Lina flytter litt på den store geraniumen som står i vindauga. Dreg kluten over blomsterbrettet. Plukkar av eit par dovne blad, kjenner etter med fingeren om blomen treng vatn. Det byrjar å samle seg ein del folk ute på perrongen. Stasjonsbetjenten har kome ut, og vegbommen er senka. Der kjem Dagny Vik. Ho som er forlova med Andreas, bonden på Sjo. Dagny blir ståande på perrongen. Det er toget frå Oslo som er ventande inn om nokre minutt. Så er det vel i dag tyskartøsa skal koma. Uff, det er nå ikkje berre berre å få ei slik ei i hus, tenkjer Lina. Ho sjølv hadde aldri teke imot henne, om det var søster hennar aldri så mykje. Det blir sagt at ho skal bu på Sjo. Kva seier Andreas om det, tru? Han tok over Sjo i fjor, rett etter at krigen var over. Kom som ein kvervel og sette i gang. Lina såg han koma. I soldatuniform, rett frå ei eller anna teneste. Da hadde han vore borte sidan første krigsåret. Han var kjekk og livat, litt annleis enn mange av dei andre bøndene. Lettare liksom, med meir smil i seg. Lina hadde servert han mat på kafeen ein gong iblant gjennom vinteren. Elles hender det aldri at folk frå gardane kjem hit og kjøper seg middag. Han hadde unnskyldt seg med at det var kvinnfolklaust på Sjo. Eg må skaffe meg ei, elles blir eg raka fant snart, hadde han spøkt og sett skjelmsk på Lina medan han betalte for maten. Ho tykte ho hadde vorte litt kjent med han. Lika han. Hadde drøymt litt. Heilt til Dagny kom, nå i vår. Andreas hadde teke Trondheims-toget, vore borte eit par dagar og kome att saman med henne. Det spurdest snart 8


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.