Klipp deg!

Page 1




–2–


KLIPP DEG! IRENE STANA

TRINN-FOR-TRINN-GUIDE MED FOTO

Samlaget Oslo 2022

–3–


© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Foto og illustrasjonar Geir Dokken: side 6, 9, 41, 42, 48, 51-126, 133 og 136. Shutterstock: side 1, 10-39, 44-45, 129, 134 og 135. Trine + Kim designstudio: side 33, 34 og 37. Bokdesign: Trine + Kim designstudio Skrift: Kiperman Papir: 130 g Arctic Volume White Trykkeri: Specialtrykkeriet Arco, Viborg Printed in Denmark ISBN 978-82-340-0811-5 Forfattaren har fått tilskot frå Det faglitterære fond.

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


Innhald HALLO, HEIMEFRISØR!.................7 HÅRFINE FAKTA.................................11

KLIPPE, KLIPPE................................. 49 Gardinlugg................................................... 50 Brynslugg..................................................... 56

100 000 små liv........................................... 12

Stuss av langt hår.................................... 62

Syklusane:

Kort skjegg.................................................. 70

Vekse, kvile, sleppe............................. 13 Influenserane:

Bob...................................................................76 Oppklipt bob.............................................. 82

Arv, miljø – og varme........................ 14

Skulderlangt............................................... 90

Kva passar deg?....................................... 20

Shag............................................................... 98

Ansiktsformene..........................................22

Kort med saks og maskin................... 106

Hårtype og struktur................................ 26

Kort med maskin..................................... 112

PROFFPRAT........................................... 31

Pixie............................................................... 118

Dei fire grunnformene.............................32

VIKTIG VEDLIKEHALD..............127

Klassikarane............................................... 35

Vask og pleie.............................................128

Uttrykk du bør kjenne............................ 36

Stell av skjegg...........................................130

Skap tekstur................................................ 37

Trøbbel i tårnet..........................................131

Klipp av skjegg.......................................... 38

Mat for manken.......................................136

Å klippe krøllar........................................... 40 Å klippe barn.............................................. 43

Talas tale.....................................................136

Invester i godt utstyr.............................. 44

Takk...............................................................137

Gjer deg klar............................................... 47

–5–


–6–


Hallo, heimefrisør!

Er du den som klipper eige eller andre sitt hår, utan at du nokon gong har lært det?

Denne boka er til deg!

–7–


KLIPP DEG!

«Me kan ikkje leve av å klippe håret på kvarandre», blir det gjerne sagt. Som frisør i 35 travle år veit eg at det ikkje er sant. Men eg veit også at uansett kor utbreitt og godt utbygd tilbodet er, så finst det mange nordmenn som aldri klipper seg hjå frisøren. I ei marknadsundersøking eg fekk ut­ ført om folk sine klippevanar kom det fram at nær éin av fire av dei spurde aldri går til frisøren. Dei klipper i staden håret sitt sjølv, eller blir klipte av folk dei kjenner. Mange av dei klipper også håret til familie og vener. Ein av ti fortel at dei går til frisøren om lag ein gong i året. Resten av tida held dei håret ved like sjølv, eller får hjelp av kjente. Dei fleste seier dei droppar frisørbesøket for å spare pengar, men mange er også opptekne av å spare tid. Somme av heime­klipparane likar tanken på å halde i hevd den gamle byte- og dele­ økonomien, medan andre tenkjer grønt og vel bort frisørsalongar fordi dei brukar miljøskadelege produkt. Andre kjem seg rett og slett ikkje til frisøren – fordi dei er sjuke, slit med frisørangst eller bur for langt unna.

Uansett kva som er årsaka til at du klipper deg heime: Med denne boka blir du betre! På dei neste sidene har eg som mål å lære deg det viktigaste du treng å kunne om hår og hårpleie. Med stegfor-steg-guidar skal eg vise korleis du med riktig teknikk og litt trening både kan stusse luggen, bruke maskin og klippe korte og lange frisyrar med saks. Eg har prøvd å lage forklaringane så lettfattelege som råd, og medvite unngått frisørterminologi og fagspråk der det er mogleg. Berre så det er sagt: Eg er utruleg stolt av yrket mitt og har brukt heile mitt vaksne liv på å utvikle både tilsette og meg sjølv som fagpersonar. Sidan 2006 har eg også jobba målretta for å bidra til ei meir berekraftig utvikling i bransjen. Eg er difor umåteleg stolt over at Floke no er Noregs første og einaste sertifiserte «Grøn salong»-kjede. Parallelt har eg utvikla den grøne produktserien «Lyng», og no sist «Flokes Nettklipp», som er den einaste digitale klippetenesta i landet. Nettklippen er meir enn eit utvida tilbod til kundane mine som ønsker rettleiing når dei klipper seg heime.

–8–


HALLO HEIMEFRISØR!

Han skal også vere ein sunn og trygg arbeidsplass for nokre av dei mange flinke frisørane som av helsemessige årsaker ikkje lenger kan utføre faget sitt i salong. Eg er difor svært takksam for samarbeidet eg har hatt og har med både Innovasjon Noreg, Nav, bedriftshelsetenesta og Pivot Point Skandinavia. Ein er alltid avhengig av støtte og at nokon heiar, om ein skal tenke nytt i eit fag med lange tradisjonar.

sjølv. Eg vil ikkje minst vise deg gleda og nytta du kan ha av å lære deg nokre av metodane i eit praktisk handverk. Å forme og klippe eit hår er jo mest av alt kreativt og gøy!

Og frisøryrket, det er definitivt eit hand­­verk med djupe røter. Den prakt­ iske metodikken og estetikken er blitt utvikla og raffinert gjennom fleire hun­ dre år, og mange frisørar har nærast gjort klipping til ei kunstform. Å bli ein god frisør tek tid og krev både talent og årevis med fagkunnskap og erfaring. Ingenting av dette står likevel i vegen for at eg kan lære deg dei viktigaste grunnprinsippa me som frisørar jobbar etter. Eg meiner alle bør ha moglegheit til å kjenne seg fine på håret. Målet mitt med denne boka er difor å gi deg dei verktøya du treng, når du av ulike grunnar vel å – eller må – klippe deg –9–



Hårfine fakta

Mange drøymer om ein hårklipp dei har sett på andre, og blir skuffa når resultatet ser annleis ut på dei sjølv.

Her er ting som er verde å vite før du vel frisyre! – 11 –


KLIPP DEG!

100 000 små liv Hår er identitet. Korleis me ser ut på håret, påverkar måten me oppfattar både oss sjølv og andre på. Det er sikkert difor du har kjøpt denne boka, for å lære deg korleis du kan få biletet du ser i spegelen, til å samsvare best mogleg med det biletet du har av deg sjølv i hovudet ditt. Men visste du at håret frå naturen si side først og fremst har ein praktisk funksjon? Håret beskyttar oss mot skadelege UV-strålar, støv og rusk og hjelper til med å halde oss varme. Ettersom menneskehår ikkje veks særleg tett samanlikna med hjå andre dyr, kan me også fordampe kroppsvarme ut mellom hårstråa og på den måten regulere kroppstemperaturen. Det kan jo vere verdt å hugse på om du skulle ha ein dårleg hårdag. På hovudet til eit gjennomsnitts­men­ neske veks det mellom 100 000 og 150 000 hårstrå. Det er mykje og tett i tett, det! Kvart av hårstråa liknar litt på ei kongle, med ei fast stamme i midten og eit skjelliknande lag utanpå. Skjellaget består av breie flak som er stabla

oppå kvarandre. Flaka er laga av eit protein som heiter keratin, som er det same stoffet som neglene våre er laga av. Kvart einaste vesle hårstrå har sin eigen hårsekk som ligg som ei fordjuping i huda. I den øvre delen av hårsekken har talgkjertlane opninga si, og talgen dei produserer, smør håret i det håret kjem opp av huda. Nedi hårsekken jobbar andre celler på spreng for å lage nytt hår. Desse cellene kallast ofte for vekstlaget. Nokre av oss har rett og slett større og betre vekstlag enn andre, og det er difor somme har tjukt og grovt hår. Den delen av hårstrået som sit lengst nede i hårsekken, er mjuk, men det blir stivare etter kvart som det veks opp av hårsekken. Det er difor håret blir smurt av talg på vegen ut. Talgen inneheld feittstoff og feittsyrer og har ein pH-verdi på mellom fem og seks. Det betyr også at håret vårt er naturleg surt. Når håret er tørt eller skadd, er det fordi skjela i skjellaget rundt hår-

– 12 –


stamma spriker. Då ser håret livlaust og tørt ut. Balsam, som me behandlar håret med etter vask, er ofte komponert for å ha den same surleiksgraden som håret. Ein sur balsam bidreg til at skjellaga i håret legg seg tett saman og får håret til å sjå friskt og blankt ut att. – 13 –

Augebryn og augevipper blir bytte ut kvar fjerde til femte månad.


KLIPP DEG!

Syklusane Vekse, kvile, sleppe

Hårstrået i kvar hårsekk har tre ulike fasar: ein vekstperiode, ein kvileperiode og ein avfallsperiode. Vekstperioden kan faktisk vare frå to til åtte år, og ofte er mellom 85 og 90 prosent av alle håra dine i vekstfase samstundes. Då veks håret gjerne i overkant av ein centimeter i månaden, men dette kan variere veldig frå person til person. Når håret nærmar seg slutten av den lange vekstperioden, byrjar hårrota å skrumpe inn. Då tek det om lag ein månad frå prosessen startar, til håret dett av. Deretter går hårsekken inn i ein kvileperiode. Den kan vare i tre–fire månader, før det byrjar å gro nytt hår frå hårsekken.

Sjølve hårveksten er ein fascinerande affære. Håret ditt veks ved at cellene nedst i hårsekken deler seg og dyttar dei eldre cellene oppover. Jo raskare cellene deler seg, jo fortare veks håret. Men det stoppar ikkje der: Medan dei nye cellene deler seg, blir dei gamle cellene fylte opp av keratin og døyr. Poff! På fagspråket kallar me det ein forhorningsprosess. Det er altså dei heilt daude cellene som til slutt trenger seg gjennom hårbotnen og stikk opp av huda. Det er difor heilt bokstaveleg meint når me seier at håret er daudt – og det er difor du kan klippe i det utan at det gjer vondt. Heldigvis!

Håret vårt veks i snitt 1,25 cm i månaden.

– 14 –


H Å R F I N E F A K TA

Influenserane Arv, miljø og varme

Arv er den faktoren som har mest å seie for kva slags hår me har, og korleis det oppfører seg. Gena våre bestemmer mellom anna kor hårlinja går, vekstmønstera, kor tett håret veks, teksturen på håret, elastisiteten og kva for farge me har. Håret blir også prega av fleire ytre faktorar. Om det regnar eller er fuktig i lufta, absorberer håret fukta. Fukta påverkar bindingane som gir håret form, og kan, avhengig av hårtype, gjere håret slapt eller krusete. Vind kan på si side tørke ut håret, på same måten som sola, som i tillegg kan bleike og skade håret. I tillegg påverkar alle vaskeprodukt, varmeverktøy og hårfarging struk­turen og kvaliteten på håret. Alle hårstrå er porøse, og hardt behandla hår er naturleg nok endå meir sårbart. Alt hår blir likevel slite, uansett kor varsamt du behandlar det. Langt hår er mest utsett for slitasje.

Om me tek utgangspunkt i at håret veks 12 cm i året, betyr det at eit 24 cm langt hår er (minst!) to år gamalt. Om dette håret er blitt vaska to gonger i veka – og kanskje føna og glatta også – har hårtuppane gjennomgått 200 rundar med vask, to somrar med solbleiking og kanskje mange rundar med farge og styling, medan dei nye røtene ikkje har vore gjennom noko i nærleiken av den same slitasjen. Eitt og same hårstrå kan difor ha heilt ulike eigenskapar, avhengig av kva for del av hårstrået ein ser på.

VÅTT VERSUS TØRT Når håret kjem i vatn, svell hår­skaftet, og vekta på eit fullvått hår aukar med rundt 15 prosent. Etter­som vått hår er vanskelegare å greie gjennom enn tørt hår, er det difor større fare for å brekke det om du børstar deg når håret er vått. Når håret er vått, kan det strekkast 30 prosent av originallengda utan å ta skade. Håret tek derimot permanent skade om du strekker det mellom 30 and 70

– 15 –


KLIPP DEG!

prosent. Blir det strekt over 80 prosent av originallengda, brekker det. Det viktigaste du tek med deg frå dette, er at du bør vente med å børste håret til det er halvtørt.

GLATT ELLER FALL? Vekstmønsteret er retninga håret ditt veks i opp og ut frå hovudbotnen. Det avgjer mellom anna om du har naturleg fall, glatt hår eller krøllar. Dette er det forma og posisjonen til hårrota som avgjer. I glatt hår er hårsekken vanlegvis rund eller oval og ligg vinkelrett under overflata av hovudbotnen. Hårstrået veks opp og ut litt på sida i hårsekken. Ved bølgete hår er hårsekken oval, og hårstrået veks i ein boge ut frå hovudbotnen. Om ein har tette krøllar, betyr det at hårsekken har ei flat, elliptisk form og ligg like under overflata av hovudbotnen. Når strået veks ut, gror det i ei form som liknar halve silhuetten på ei peanøtt med skal.

RAUDT ELLER BRUNT? I utgangspunktet er alt hår kvitt. Håret får fargen sin frå ein type pigment som heiter melanin. Danninga av melanin tek til alt før fødselen. Melanin finst i ei mørk (eumelanin) og ei lys (pheomelanin) utgåve, og det er ulike blandingar av desse to som utgjer det store spekteret av hårfargar som finst. Mykje pheomelanin gir raudt hår, med­an svært lite eumelanin gir blondt hår. Ei overvekt av eumelanin gir svart eller brunt hår. Rundt 90 prosent av befolkninga i verda har desse to hår­fargane.


H Å R F I N E F A K TA

Uansett hårtype vil dei fleste få grått (også kalla «spetta») hår når dei blir eldre. Grått hår er også arveleg, og kan i tillegg bli påverka av fysisk og psykisk sjukdom og stress. Håret er grått i det det veks opp frå rota, fordi hårsekken har slutta å produsere melanin.

TJUKT ELLER TYNT? Kor tett håret veks, og med det kor mange hår du har per kvadrat­centi­ meter på hovudet, avgjer om du har det me kallar tynt, medium eller tjukt hår. Gjennomsnittet er kring 170 hårstrå per kvadratcentimeter. Tjukna på hårstrået blir bestemt av kor tett skjellaget rundt hårstrået er, og blir gjerne delt inn grovt, middels eller fint. Jo fleire skjel som veks utanpå hårstamma, jo sterkare og tjukkare hår har du. Diameteren på grovt hår er altså mykje større enn på fint hår.

NORDISK ELLER ASIATISK? Dei fleste med skandinaviske røter har det me kallar ein nordisk hårtype. Den er kjenneteikna av tynne hårstrå som flokar seg lett, og med tuppar som har lett for å dele seg. Fordi håret gjennom

generasjonar har utvikla seg i eit kaldt klima er det også vanleg at folk med nordisk hår har mykje talgproduksjon og feit hovudbotn. Nordisk hår trekker til seg mykje fukt og har lett for å brekke. Det er difor vanleg å pleie håret med proteinrike produkt for å skape nye bindingar i håret og slik gjere det sterkare. Stylingprodukt sit dårleg på nordisk hår, og ofte må ein bruke mykje eller kraftige produkt for å få stylinga til å halde. Her er det viktig å bruke stylingprodukt som er anbefalte for denne hårtypen, og prøve seg fram for å sjå kor mykje produkt ein treng for å få nok hald. Hugs at for mykje produkt kan gjere håret tungt og føre til at det klappar saman. I Asia og Afrika er den såkalla sør­ tropiske hårtypen mest utbreidd. Denne hårtypen har hårstrå med mange skjellag. Det gjer håret grovare og meir porøst, og det er vanleg med tørr hovud­botn. Sjølve håret treng også mykje fukt. Sørtropiske hår­typar kan vere vanskelege å forme, men til gjen­gjeld sit stylinga svært godt.

– 17 –


KLIPP DEG!

HÅRAVFALL Slapp heilt av: Alle røyter litt kvar dag, og det er faktisk heilt vanleg å miste mellom 30 og 100 hovudhår i døgnet. Dei som utset håret for stor slitasje, kan også miste meir, men fordi ein har så utruleg mange hårstrå i utgangspunktet, er ikkje det daglege hårtapet noko ein legg merke til. Somme opplever likevel eit større og meir synleg hårtap. Ein del menn kan få store viker, og etter kvart også ein meir tydeleg «måne» på toppen av issen. Somme mister til slutt nær alt håret og endar med ein mindre krans av hår på bakhovudet. Denne typen håravfall kallast androgen alopeci og kjem av at hårsekkene blir påverka av mannlege kjønnshormon.

Det finst også sjukdomstilstandar og påkjenningar som kan føre til auka hårtap. Dette kallast telogent håravfall og kan skje om kroppen kjem ut av likevekt. Då kan fleire hårsekker gå inn i kvilefase og deretter vekstfase samstundes. Eit slikt auka håravfall kan oppstå i samband med graviditet og etter store påkjenningar som skadar, operasjonar eller sjukdom. Hårtapet er som regel tydelegast ti–tolv veker etter hendinga eller sjukdomen som utløyste det.

Det er ein myte at håret veks etter at ein er død.


H Å R F I N E F A K TA

Me veit også at stoffskiftesjukdom kan føre til tynt hår og håravfall. Somme medisinar, og spesielt høge dosar av cellegift mot kreft, kan føre til at celle­ delinga i hårsekken stoppar så brått at håret knekk og fell av. Det veks ut att når behandlinga blir avslutta. Sjukdom i hovudbotnen, slik som soppinfeksjon, kan også føre til håravfall, på same måten som underernæring eller feil­ ernæring kan føre til tynt hår og hår­­ avfall. Det er særleg mangel på protein, B-vitamin, sink og jern som kan på­ verke hårveksten. Alopecia areata er ein er ein auto­ immun sjukdom der kroppen går til åtak på sine eigne celler og vev. Reaksjonen artar seg som ein infeksjon i dei

djupaste hudlaga, som fører til at håra mister festet og dett av. Sjukdomen er arveleg, men ein veit ikkje kvifor han slår ut på nokre og ikkje på andre. Meir enn halvparten av dei som blir ramma, får håret tilbake innan eit halvt år. Det finst i dag eit utal produsentar som reklamerer med middel som skal stimulere hårveksten. Ikkje over­rask­ande er produkta særleg retta mot menn. Dei fleste av pre­parata manglar vitskapeleg doku­mentasjon på at dei har den påståtte effekten. Det finst likevel somme legemiddel som ein påfører i hovud­ botnen, som kan ha ein viss stimu­ lerande effekt ved hårtap. Effekten varar berre medan ein brukar pre­paratet.

Det veks aldri hår på fotsolane, i handflatene, på leppene eller på augelokka.

– 19 –


KLIPP DEG!

Kva passar deg? Kanskje ønsker du deg same frisyre som kollegaen din har, eller ei du har sett på tv. Samstundes veit du truleg lite om kva for hårtype personen med draumefrisyren har, og heller ikkje kor mykje tid og pengar vedkomande brukar på styling og frisørbesøk. Kanskje har du også ei helt annleis ansiktsform og vil kle ein annan frisyre betre. Det er likevel ingen grunn til å fortvile. Det finst gode og fine frisyrar til alle hårtypar og ansiktsfasongar, og på dei neste sidene skal eg gi deg nokre av tommelfingerreglane eg som frisør jobbar etter. Du står sjølvsagt heilt fritt til å ignorere dei og

velje ein diametralt motsett klipp. Du er i så fall ikkje aleine om å berre gå for det du sjølv synest er finast, eller å leike deg med heilt ulike uttrykk, i staden for å safe med det me tradisjonelt oppfattar som «kledeleg» og «fint». Hår er identitet. Det er difor så mange har ei oppfatning om korleis det skal vere. Det du likevel bør tenke grundig over, er kor mykje tid du er budd på å bruke på å style håret ditt kvar dag – og om du er villig til å investere i utstyret, produkta og kunnskapen du treng for å gjere det.

– 20 –


– 21 –


KLIPP DEG!

Ansiktsformene OVALT Å bli kjent med særtrekka ved sitt eige ansikt kan vere eit godt utgangspunkt for å velje frisyre. Når ulike frisyrar blir løfta fram som spesielt fine til ulike ansiktsformer, tek dei utgangspunkt i det såkalla gylne snittet. Det er eit omgrep som blir nytta både mate­matisk, for korleis ein kan dele eit linje­stykke mest mogleg harmonisk, og for å skildre korleis element i kunstverk kan plasserast mest mogleg estetisk. Men smaken er som baken. Ved å bli medviten om di eiga form kan du både dempe og framheve akkurat det du sjølv likar best.

Rundt, avlangt og smalt utan andre sær­merkte trekk. Tips: Denne forma kler det meste, både kort, halvlangt og langt – og glatt og krøllar. Om du vil nøy­tralisere dei runde trekka, kan du velje ein frisyre som har mest fylde på sidene der ansiktet er smalast, og unngå frisyrar med for mykje høgde. Fine forslag: Her er det berre å velje ut frå hårtypen din og kva du likar best. Pixie, bob, lob og shag er ofte veldig kle­deleg. Menn kan gjerne velje rek­ t­angulære former for å skape eit meir maskulint uttrykk og style håret opp­ over eller bakover for å gi volum og gjere frisyren meir «edgy». Skjegg kan gjerne vere kantete med rette og vinklar, eller eit tydeleg fokuspunkt.

– 22 –


H Å R F I N E F A K TA

FIRKANTA

RUNDT

Kort og breitt, med markerte kinn­bein og rette vinklar.

Kort og breitt. Ofte lågt og rundt hår­ feste og ei kort og rund kjevelinje.

Tips: Firkanta ansikt kler frisyrar som forlenger, ved å vere smale på sidene og høgare på toppen. Krøllar, bølger og tynnare spissar rundt ansiktet og hår som heng ned mot ansiktet mjukar også opp dei rette linjene. Legg gjerne håret bak øyra og skap volum ved tinningen. Somme vil gjerne unngå altfor rett lugg, likeså skarpe linjer ved kragebeinet og høgde utan breidde.

Tips: Både midtskil med heile leng­der, asymmetriske frisyrar med side­skil og stramme linjer er fint til den runde forma. Om du vil bryte den runde forma, kan du velje litt høgde på krona, meir volum eller breidde ved kjeven eller over tinningen og ein klipp med skarpe kantar. Hår med kutta spissar som ligg framover, gjer at kinna ser smalare ut. Krøllar kan framheve eit rundt ansikt meir, og nokre vel difor å klippe håret i ei meir firkanta form.

Fine forslag: Lady Di-frisyre og mel­ lom­lengder. Midtskil og sideskil. Menn kan godt velje høgde på toppen og smalt hår på sidene.

Fine forslag: Kvinner er fine med pixie. Menn kan gjerne ha ein kant­ete sideskil og volum på toppen.

– 23 –


KLIPP DEG!

AVLANGT

HJARTE

Langt, smalt og kantete, med brei og nesten horisontal kjevelinje og lite markerte kinnbein. Svakt runda hårfeste.

Triangelforma, med brei panne og lengre og spissare hake.

Tips: Gå for mjuke linjer, like mykje volum på toppen som rundt øyra og volum på sidene. Bruk gjerne sideskil med lang lugg og halvlang lengde. Mange unngår også å ta håret heilt vekk frå ansiktet og å ha for mykje høgde på håret. Kort og halvkort lugg kan også få eit avlangt ansikt til å verke kortare, likeså kort skjegg og bart hjå menn. Dei bør også unngå geiteskjegg av same grunn. Fine forslag: Shag-frisyre på kvinner og James Dean-frisyre til menn.

Tips: Vil du balansere forma, vel du frisyrar som gir breidde eller volum ved kjevepartiet, volum på bak­ hovudet og hår bak som er synleg framanfrå rundt halsen. Skrå lugg er fint. Unngå breidde ved panna og kinnbeina, linjer som skrår fram­ over, og kort nakke. Fine forslag: Ein lob, altså ein lang bob, er fint. Hjå menn er ein lengre lugg som delvis dekker hår­ feste­ kanten, fint, likeså firkanta eller rundt skjegg med breidde ved kjeven og haka.

– 24 –


H Å R F I N E F A K TA

DIAMANT

PÆRE

Avlangt og kantete. Breiast ved kinn­ beina, medan panna og haka er smalare.

Langt, med smal panne og brei kjeve.

Tips: Denne forma ser mjukare ut når håret er smalare på sidene, har volum rundt hakepartiet og om ein framanfrå kan sjå håret bak. Mjuke krøllar, oppklipte lengder, sideskil, pannelugg og skrå lugg er kledeleg. Mange unngår frisyrar som har breidde ved kinnbeina, høgde på toppen og kort nakke. Fine forslag: Pasjeklipp med skrå lugg og klassisk heil form. Menn kan med fordel ha lang lugg og/eller fleire lag i frisyren og volum på toppen. Kraftig skjegg bør ha breidde ved kjeven anten det er firkanta eller rundt.

Tips: Om du vil balansere forma, går du for volum over kjevelinja, lite volum ved kjevepartiet og høgde på krona. Korte og halvlange fri­syrar bør vere breie i pannehøgda, medan langt hår bør vere lengre enn kjevepartiet. Tung gardinlugg, skrå lugg som går forbi kjeven eller høg lugg er fint, likeså graderte former med volum på toppen og over kjevepartiet. Slicing inn mot ansiktet kan gjere kinna og kjeven smalare. Unngå ekstremt kort hår og frisyrar som er skulderlange og rett avklipte. Fine forslag: Konkav bob. Menn kan godt ha frisyrar utan hår ned i panna og skape volum som beveger seg oppover og over kjevelinja. Har ein skjegg, kan ein redusere det breie inn­trykket ved kjeven ved å klippe skjegget kort.

– 25 –


KLIPP DEG!

Hårtype og struktur TYNT Nokre har veldig tynt hår med synleg hovudbotn, og mange har tynt hår øvst på hovudet og både tjukkare hår og fleire hårstrå i bakhovudet. Trikset er då å framheve området der flest mogleg hår endar på same plass, i dette tilfellet ned mot nakken. Ein skulderlang eller ein kort bob som går til under øyra, og gjerne er lengre framme enn bak, er veldig fint. Ønsker du ein kortare frisyre, kan du klippe håret i like lengder over heile hovudet for å bevare mest mogleg fylde og volum.

SVÆRT TJUKT Slikt hår kan vere vanskeleg å hand­tere og forme. Tett hår kan også lage trøbbel i hovudbotnen fordi han får for lite luft. Ei av løysingane er å tynne håret med effileringssaks inne ved hovudbotnen og/

eller eit stykke ut i lengdene. Utfordringa med tyn­ning er at håret veks fort ut att, og at om ein då tynnar det endå meir, kan ein ende opp med mange ulike lengder i håret. Frisyrar med mykje hår som har heile lengder, får også håret til å sjå blankare ut. Unngå også å tynne i hårfestet. Gjer du det, vil dei korte håra synast viss du tek vekk luggen eller brukar hestehale. Vel du likevel å tynne det, er det lurt å sette vekk alt håret oppå og berre tynne underhåret. Ein bob med ein «usynleg» undercut er ei av dei beste løysingane om ein ønsker å redusere hårmengda. Klippen er todelt: Ein klipper først alt underhåret heilt kort og formar deretter overhåret. Lengdene oppå bør vere minst 20 cm lange og ha ei oppklipt og mjuk linje heilt nedst (klipt med pointing-tek-

– 26 –


nikk). Om håret går langt ned for skuldrene, kan det bli tungt og belastande for nakken, og tyngda gjer også at hovudbotnen får mindre luft. Om du likevel vil ha langt hår, er det lurt å gå for den oppklipte varianten, eller «aukande lengder», som det heiter på fagspråket.

GROVT OG STIVT Grovt og stivt hår manglar fukt, og tørt hår kan oppføre seg gjenstridig. For mange kan det vere ei løysing å klippe det i ulike lengder. Håret kan med fordel skjerast med kniv eller slicast med saks. Då blir end­ane mjukare og tynnare utover i frisyren. Særleg halvlange frisyrar kan fungere godt. Om håret blir for kort og oppklipt, kan det fort stå ut i alle retningar. På same måten bør du unngå å tynne håret nær hovudbotnen. Den beste kuren for grovt og stivt hår

er mykje fukt og protein. Regelmessig hårkur, og styling med glans og litt hald, gir deg ein litt lettare hårkvardag.

GLATT OG TUNGT Det kan vere vanskeleg å skape volum og å få styling til å sitte i glatt og tungt hår. Slikt hår fungerer ofte best med heile lengder, som til dømes ein bob i skulderlengde. Langt hår med ei skrå linje inn mot ansiktet kan også fungere bra. Vil du helst ha kort hår, er pixiefrisyre eit godt alternativ. Regelen er å unngå for mykje opp­klipp og ulike lengder. Om glatt hår blir klipt rett av i enden, kan det fort sjå skamklipt ut. Når du stylar håret, er det lurt å føne det opp ned eller tupere det i hovudbotnen, for å bygge volum. Bruk stylingprodukt med godt hald.

– 27 –