Page 89

S P R ÅK

KRISTIN FRIDTUN

NORSK ETYMOLOGISK OPPKOK. DU VEIT IKKJE KVA DU SNAKKAR OM

89

Basketak med kvardagsorda Kristin Fridtun herjar med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i fred. Ho tek føre seg mellom anna kropp, natur, kjensler, folk og fe. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta, minne, dør, verd, fisk og utfordring. Boka er skriven humoristisk, lett og ledig. Dette er ei humoristisk bok som gjev språklege aha-opplevingar, det er ei bok for alle som snakkar, men òg for den språkinteresserte. Dette er boka for deg som ikkje veit kva du snakkar om!

SP RÅK | P r i s c a kr . 3 2 9 , ISB N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 2 9 6 U t g . au g us t

Kristin Fridtun (f.1987) er student og skribent. Ho er har master i norrøn filologi, er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Trondheim.

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012