Page 86

SOLVEIG AARESKJOLD

VALKYRJESONG. VIKINGTIDA I SPENN FRÅ BYSANTS TIL ISLAND Aareskjold avslører i denne boka ein del av mytene om det norrøne. Ho meiner det er eit stort tap for kulturforståinga at den norrøne litteraturen er så lite kjend. Av den grunn har den heidenske fortida vore overlaten til fri gjetting, som anten eit harmonisk paradis eller eit kaotisk blodbad. Skal ein tru det som blir fortalt i eddadikt og saga, hadde ikkje dei norrøne heidningane dårlegare styring med impulsane sine enn me som lever no, og om det nok hende at dei slo kvarandre i hel. I følgje forfattaren sette dei like mykje pris på lov og orden som oss. Ho viser og at styrke og ærekjensle var like attraktivt hos kvinner som hos menn. Aller gjævast var valkyrjene, dei fantastiske jentekrigarane som kunne flyge gjennom lufta.

H I S T OR I E | P ris k r . 3 4 9 , I SBN: 9788 2 5 2 1 8 0 9 3 0 | I s al

Solveig Aareskjold (f. 1949) er cand. philol. med norsk hovudfag og historie mellomfag. Ho debuterte med romanen Det indre tempel (1987). Sidan har ho skrive ei rekkje bøker som Odyssevs reiser stadig heimover (roman 1993), Kyss meg i diskursen (essay 1996) og Tyrefekting (essay 2004), i tillegg til radiokåseri og føredrag.

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012