Page 85

BI O G R AF I

ERLING LÆGREID

FLEIRE NÆRGÅANDE SKISSER Frå 2009 til han brått døydde i november 2011, hadde Lægreid stor suksess med «Lægreids livshistorier», ei fast spalte i Dag og Tid. Vel 60 av dei første miniportretta vart samla i boka Nærgåande skisser (2011). Lægreid var ein intellektuelt og partipolitisk uavhengig, opposisjonell og eigenrådig observatør, og med varme og sympati skildrar han delvis ukjende sider ved dei han møtte i sitt mangeårige yrkesliv.

85

Fleire nærgåande skisser inneheld 30 minneglimt og portrett av aktørar i norsk kultur- og samfunnsliv, som Lars Jacob Krogh, Kjell Erik Vindtorn, Arne Næss, Rolf Kirkvaag, Merete Lie Hoel, Tron Øgrim, Harald Sverdrup, Arne Hestenes, Wenche Foss, André Bjerke og Kenneth Sivertsen.

BI O G R A F I O G P O RT R E T T P ris k r . 2 9 9 , I SBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 7 0 8 | I s a l

Erling Lægreid (1939-2011) var forfattar og journalist og jobba i NRK frå 1970 til 2009. Han arbeidde i Barne- og Ungdomsavdelinga og var programleiar i m.a. Ungdommens Radioavis og Flimra. Han var også med på å etablere radiomagasinene Ekko og Dagsnytt 18 og var ansvarleg for ei rekkje kulturprogram i P1 og P2.

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012