Page 7

7

strikk. Om du ikkje får tak i boka vil du høyre klirringa frå strikkepinnane landet over. Sit du fast i tidsklemma? Olaug Nilsen forklarer i Kjøkenbenkrealisme korleis du kjem deg laus. Ho snakkar med småbarnsfamiliar som får døgnet til å henge i saman og samtidig heng i saman som familie. Ein prestasjon med andre ord. Samlaget held opp satsinga på litterære debutantar. I år kjem sju nye stemmar til orde. Ei av desse er lyrikaren Siw-Anita Kirketeig. Boka hennar kan kanskje beskrivast som språkleg og poetisk meditasjon over tapet av ei bestemor. Juliane Rui kom som eit friskt pust inn i lyrikk-Noreg i fjor. Naiv tilnærming og ein særeigen musikalitet skapte eit unikt poetisk uttrykk. I år kjem nye dikt frå Rui. Frå 1. august gjeld den nye rettskrivingsnorma. Du er på trygg grunn med den nye nynorsk ordboka vår. God bokhaust!

Edmund Austigard, adm. direktør

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012