Page 50

ELIN GRIMSTAD

MÅNEN SOM VILLE LYSE SOM ei SOL Unik og vakker bildebok! «Kvifor er ikkje eg meir som Sola?» undrar Månen. Når Sola lyser er alle glade, mens leiken stilnar når månen kjem fram … I denne boka må sola og månen finne ut kor viktige dei eigentleg er for kvarandre. Vi får ein høyre om både solsystemet, solformørking og flo og fjøre, men mest av alt handlar det om å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike. Elin Grimstads illustrasjonar er baserte på teknikkar frå animasjonsfilm og gir boka eit poetisk og tredimensjonalt uttrykk. Kvart bilde er eit detaljrikt kunstverk, ei eiga verd med mykje å utforske både for barn og vaksne. Elin Grimstad er debutant. «Strålende barnebokdebut. Hun lykkes på første forsøk, bildebokskaperen Elin Grimstad.» Anne Cathtrine Straume, NRK

Debutant

BI LE T BOK | P r i s k r . 2 4 9 , I SBN: 9788252 1 7 5 9 5 0 | I s al

Elin Grimstad (f 1976) er frå Giske i Møre og Romsdal, bur i Oslo. Utdanning i animasjonsfilm og skriving for barn ifrå Bath Spa University (BA) og frå Norsk barnebokinstitutt. Ho har til no jobba mest med animasjon og illustrasjon i møte med figurteater. Månen som ville lyse som ei sol er den fyrste boka hennar.

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012